<<

Orkanger, 11.03.2018

Til: Adresseliste

Handlingsplan mot plastsøppel i , , , og kommunar

Felles plan mot plastforsøpling Vi ber kommunane å gå saman om å etablere ein felles og forpliktande plan for å redusere utslepp av plastsøppel til havet. Ein plan må også omfatte aktivitetar langs og andre bekkar/ vassdrag, som fungerer som transportvegar til havet for mikroplast og større plastgjenstandar.

Situasjonen er kritisk Livet i havet er sterkt negativt påverka av plastsøppel, og innan 2050 kan det vera meir plast enn fisk i havet. Vi hugsar alle kvalen som døydde etter å ha fylt magen med plastsøppel. Dette er dramatisk, og krev at vi alle er med på tiltak for å stanse plastsøppelet i å nå havet, og i tillegg går saman om å plukke strendene fri for plast. Plastsøppelet vil med tida bli delt opp/ slitt til smådelar, sokalla mikroplast, som er like skadeleg som synleg plast. Det er difor også viktig å fjerne plast som ligg langs strendene, langs vegane og elles i naturen, for den vil med tida løysast opp i småbitar som finn vegen til havet.

Mange kjelder til plastforsøpling å ta tak i Nokre av dei større kjelder til plastsøppel i havet er slitasjepartiklar frå bildekk, kunstgrasbanar, vasking/ sliping av småbåtar, landbruksplast, oppdrettsanlegg, forsøpling langs vegane, plast frå bygg og anlegg, partiklar frå vasking av klær med syntetiske fibrar etc.

Viktig med lokale tiltak Det er viktig at alle lokalsamfunna tek ansvar, og vi utfordrar kommunane i regionen til å etablere ein felles og forpliktande plan med tiltak for å redusere/ stanse utslepp av plast til havet frå vår region.

______

Adresse: v/ Mads Løkeland, Emmavegen 34, 7300 Epost: [email protected], tlf: 95056726

Engasjere kommunar, næringsliv, organisasjonar og befolkninga For å få god verknad er det viktig med brei innsats. Kommunal styring gjennom pålegg og reguleringsplanar er ei side, men i tillegg er det vitig å engasjere næringslivet, organisasjonar og befolkninga breitt. Næringslivets engasjement gjennom sirkulær økonomi på Orkanger kan bli eit spanande og verknadsfullt bidrag i denne samanhengen. Naturvernforbundet har engasjert seg sterkt på nasjonalt plan, og har utvikla forslag til nasjonal tiltakspakke mot marin forsøpling, og Naturvernforbundet i Orklaregionen bidrar gjerne etter evne i utviklinga av tilsvarande tiltaksplan mot mikroplast i vår region.

Med helsing

Mads Løkeland Terje Staveli Leiar i Naturvernforbundet i Orklaregionen Styremedlem

Vedlegg:

Adresseliste

Adresseliste:

Meldal kommune [email protected]

Orkdal kommune [email protected]

Snillfjord kommune [email protected]

Agdenes kommune [email protected]

Skaun kommune [email protected]

Kopimottak, til info

Hamos forvaltning IKS [email protected]

Fylkesmannen i Trøndelag [email protected]