<<

Vår dato: Vår ref: 21.02.2019 2019/1279

Medlemmer i Fylkesberedskapsrådet Faste observatørar - Sjå adresseliste

Innkalling til møte i Fylkesberedskapsrådet i - 10. april 2019

Vi kallar med dette inn til det årlege møtet i Fylkesberedskapsrådet i Møre og .

Stad: Thon Hotel () Kristiansund Tid: 10. april 2019, kl.10.00 – 16.00

Hovudtema for møtet er ein gjennomgang av dagens trusselbilete – med særleg fokus på digitale sårbarheiter og cyber-tryggleik. Vi ynskje å tilby kompetanseheving på temaet til våre medlem, samt ein diskusjon om kva dette betyr for oss, og kva tiltak vi bør gjere regionalt/lokalt for å redusere sårbarheit. Detaljert program kjem seinare.

Innkallinga går til dei faste medlemmane, samt faste observatørar i Fylkesberedskapsrådet. Rådet er eit strategisk leiarforum, og er Fylkesmannen sitt råd ved hendingar som krev samordning og samverke på tvers av organisasjonar i fylket. Rådet er difor sett saman av leiarar i regionale etatar og organisasjonar, og det er personleg medlemskap. Vi ynskje ei tilbakemelding på ein fast stadfortredar frå organisasjonane, som kan stille med mandat til å representere leiinga i organisasjonen om leiar vert forhindra frå å møte sjølv. I det faste årlege møtet, oppmodar vi om at leiar sjølv prioriterer å stille, slik at vi vert kjent på tvers og kan diskutere strategiske spørsmål.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 15. mars 2019. Spørsmål knytt til påmeldinga kan rettast til [email protected] eller på telefon 71 25 85 05. Lenke til påmelding finn du her: https://www.fylkesmannen.no/fylkesberedskapsradet/

Stadfesting: Du vil automatisk få ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er utført. Om du ikkje mottek ei slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Fylkesmannen kallar inn til Statsetatsmøte dagen etter, den 11. april, same stad. Det kjem eigen invitasjon til dette møtet. For dei som treng overnatting frå den 10. – 11. april, kan de registrere dette i påmeldinga til statsetatsmøtet.

Med helsing

Rigmor Brøste Stine Sætre fylkesmann Fylkesberedskapssjef

E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 71 25 84 00 [email protected] Postboks 2520 Julsundvegen 9 www.fylkesmannen.no/mr Sikker melding: 6404 www.fylkesmannen.no/melding Org.nr. 974 764 067

Side: 2/2

Dokumentet er elektronisk godkjent

Organisasjon Navn Avinor Hånde, Tor Bane NOR Jessen, Kristine Fiskeridirektoratet - Region Møre og Romsdal Hansen, Ståle Helse Møre og Romsdal HF Remme, Espen Helse Møre og Romsdal HF – Vara Ristesund, Helge Kartverket Molde Buset, Kari Aalvik Kraftforsyninga sin beredskapsorganisasjon (KBO) Eidså, Gerhard KS Møre og Romsdal Riise, Anders Kvinners frivillige beredskap Johnsen, Anne Lise Kyrkja - Møre bispedøme Midttømme, Ingeborg Synøve Kystverket Midt-Noreg Tronstad, Harald Mattilsynet Ness, Kristin Møre og Fjordane HV-distrikt 11 Svindland, John Arvid Møre og Romsdal 110-sentral KF Thorsen, Geir Møre og Romsdal fylkeskommune Aasen, Jon Møre og Romsdal fylkeskommune Fuglset, Arild Møre og Romsdal fylkeskommune Guttelvik, Ottar Brage Møre og Romsdal Røde Kors Valde, Øystein Møre og Romsdal Sivilforsvarsdistrikt Strømskag, Eva Kristin NAV Møre og Romsdal Veland, Stein Atle NHO Møre og Romsdal Ytreberg, Torill NRK Møre og Romsdal Ervik, Charlotte NVE - Region Midt Øvrelid, Kari NVE - Region Vest Samdal, Brigt Olav Politiet - Møre og Romsdal politidistrikt Bøen, Ingar Redningsselskapet Møre og Romsdal Holen, Bertil Statens Vegvesen - Møre og Romsdal Tønnesen, Ole Jan Telenor Frengen, Jørn Olav

Fylkesmannen Fylkesmannen i Møre og Romsdal Aaram, Linda Fylkesmannen i Møre og Romsdal Aure, Hilde Fylkesmannen i Møre og Romsdal Brøste, Rigmor Fylkesmannen i Møre og Romsdal Madsøy, Frank Fylkesmannen i Møre og Romsdal Mikaelsen, Karin Mueller Fylkesmannen i Møre og Romsdal Mogstad, Helge Fylkesmannen i Møre og Romsdal Sætre, Stine Fylkesmannen i Møre og Romsdal Teigland, Grete Fylkesmannen i Møre og Romsdal Walgermo, Alv

Faste Observatørar Helse Møre og Romsdal HF Ose, Hans Olav Fylkesmannen i Møre og Romsdal Dybo, Martha Fylkesmannen i Møre og Romsdal Eik, Jon Erik Fylkesmannen i Møre og Romsdal Frøyen, Renate Fylkesmannen i Møre og Romsdal Morsund, Atle Fylkesmannen i Møre og Romsdal Røshol, Elin