Namn Og Nemne 28 – 2011
namn Manuskript til Namn og Nemne Redaksjonen vil helst ha manus elektronisk som vedlegg til e-post. Blir det og brukt spesialteikn, ønskjer vi også ei pdf-fil av artikkelen. nem Artiklar på skandinaviske språk skal ha eit samandrag på engelsk eller tysk. Samandraget skal kort gje innsyn i dei viktigaste momenta i artikkelen. n Sitat som er lengre enn tre maskinskrivne liner, skal skiljast frå teksten ved e 28 – 2011 innrykking. Fotnotar (merknader) bør brukast så lite som råd; dei bør oftast takast namn inn i teksten. Eventuelle fotnotar skal samlast i slutten av artikkelen. Nummertilvisingane i teksten skal ikkje ha parentes kring seg, og dei skal og nemne plasserast etter skiljeteikn. Litteraturtilvisingane skal om mogleg gjerast ved forfattarnamn og Tidsskrift for utgjevingsår. Døme: ... (Indrebø 1924: 98), eller: Gustav Indrebø (1924: 98) norsk meiner ... , eller: Som opplyst i Indrebø 1924: 98, ... Arbeid som er fotografisk oppattprenta, skal siterast etter originalutgava (av forskingshistoriske grunnar), namnegransking altså ikkje Olsen, M. 1978. Torp, A. 1963, Aasen, I. 1918 eller 1977. Allment kjende tidsskrift bør ha forkorta titlar (t.d. ANF, APhS, MM, NoB, SvLm); det same kan gjelde kjende seriar (t.d. DS [Danmarks Stednavne], NG [Norske Gaardnavne], men då med tilvising til forfattar eller utgjevar. Undertitlar og serieopplysningar trengst til vanleg ikkje. Døme: Andersson, T. 1983: Personnamn. Till begreppets avgränsning. NORNA-rapporter 23. 9–23. Hovda, P. 1966: Norske elvenamn. Oslo–Bergen. [Hovda, P.] 1978: Frå hav til hei. Oslo–Bergen–Tromsø. Indrebø, G. (red.) 1920: Sverris Saga etter Cod. AM 327 4°. Kristiania: Den Norske Historiske Kildeskriftkommission. Indrebø, G. 1921: Stadnamni i ei fjellbygd.
[Show full text]