saksframlegg

Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 15.01.2020 4059/2020 Johannes Devik Brekke

Saksnr Utval Møtedato Kultur-, næring- og folkehelseutvalet 04.02.2020

Vurdering av søknadar om støtte til utvikling av digital tvilling og berekraftindikatorar i og

Bakgrunn Kristiansund kommune og Molde kommune søker Møre og fylkeskommune om tilskot til utvikling av ein såkalla «digital tvilling» og til å gjennomføre ei heilskapleg kartlegging av kor berekraftige byane er per no. Ålesund kommune har tidlegare fått tilsvarande tilskot. Kartlegginga er ein sentral del av grunnlaget for arbeidet med å gjere Møre og Romsdal til «berekraftfylket».

Berekraftkartlegginga Fylket har saman med dei tre største byane, Kristiansund, Molde og Ålesund, gått inn i det internasjonale nettverket «United for Smart Sustainable Cities» (U4SSC). Som U4SSC-medlemmar skal byane kartleggast etter 92 indikatorar som samla gir eit bilete av kor byane står i dag innanfor dei tre berekraftdimensjonane (sosialt, økonomisk og miljømessig). Ei slik kartlegging gir eit godt grunnlag for samanlikning med andre byar. Den vil også vere eit viktig kunnskapsgrunnlag for å finne ut både kor byane er spesielt gode, og kor det finst eit potensial for betring. Slik kunnskap er viktig for å kunne jobbe meir målretta med å søke regionale, nasjonale eller internasjonale midlar til utviklingsprosjekt.

I tildelinga gjennom «Byen som regional motor» i 2019 vart Ålesund kommune gitt 1 mill. kroner til prosjektet «Teknologistøtta samfunnsplanlegging». Hovudformålet med det prosjektet var å gjennomføre sjølve kartlegginga, og utvikle ein såkalla «digital tvilling» av Ålesund, Sula og kommunar.

Eit anna relatert prosjekt er prosjektet «Store data som beslutningsstøtte i kommunal planlegging», som vart løyvd 2 mill. kroner i RN-utvalet 3. september 2019. Det prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund, Kristiansund og Molde, og har som hovudføremål å kartlegge, samle inn, utvikle og bruke data i samfunnsplanlegginga.

Kva er ein «digital tvilling»? Ein «digital tvilling» er ei digital, visuell framstilling av kommunen der ein kan legge inn sentrale data, til dømes om trafikk, luftkvalitet eller demografi, og deretter bruke «tvillingen» til å simulere verkelege hendingar i såkalla «sanntid». Styrken til den «digitale tvillingen» ligg i at den på ein god måte viser samanhengar mellom fleire ulike fagområder og korleis dei verker på kvarandre. Mellom anna har Ålesund brukt verktøyet til å vise korleis meir fleksible opningstider for barnehagane kan påverke trafikkflyten, og gi auka framkome for utrykningskøyretøy. «Digitale tvillingar» er teknologi med eit stort potensial til å betre arbeidet med beredskapsplanar og den kommunale planlegginga. Med sin

«tvilling» er Ålesund no blant dei fremste byane internasjonalt på dette området. Ein slik «digital tvilling» ønsker ein no også å utvikle for byane Kristiansund og Molde.

Dei to delane av dette prosjektet, kartlegginga gjennom berekraftindikatorane og utviklinga av den «digitale tvillingen», heng tett saman ved at data som vert samla inn i kartlegginga vert lagt inn i den «digitale tvillingen». Arbeidet med å utvikle den «digitale tvillingen» skjer i eit nært samarbeid mellom kommunen og bedrifta Augment City, eit dotterselskap av Offshore Simulation Centre AS ved Norsk maritimt kompetansesenter (NMK) i Ålesund. Dei direkte kostnadene for kartlegginga og utarbeidinga av den «digitale tvillingen» er berekna til om lag 1 000 000 kroner.

Prosjekta Kristiansund og Molde søker støtte til no Molde kommune søker om 500 000 kroner frå fylkeskommunen til gjennomføring av kartlegginga og utviklinga av «digital tvilling». Kommunen har tidlegare fått 125 000 kroner frå Byen som regional motor-bevillinga i 2019 til å gjennomføre sjølve kartlegginga. I tillegg har dei fått 375 000 kroner frå fylkesmannen si «prosjektskjønn»-ordning til indikatorkartlegginga og utviklinga av den «digitale tvillingen». I sum dekker dette dei berekna kostnadane til kartleggingsarbeidet og utvikling av «digital tvilling». Molde kommune reknar med å vere ferdige med indikatorkartlegging og «tvilling» innan utgangen av april 2020.

Kristiansund kommune søker om 1 mill. kroner frå fylkeskommunen til gjennomføring av kartlegginga, utviklinga av «digital tvilling» og vidareutvikling av prosjektet. Kristiansund har ikkje tidlegare fått økonomisk støtte til dette arbeidet frå fylkeskommunen, men fylkesmannen har løyva 350 000 kroner frå «prosjektskjønn»-ordninga.

Søknaden frå Kristiansund kommune omfattar meir enn søknaden frå Molde kommune. I tillegg til kartlegginga og «digital tvilling» har Kristiansund i søknaden lagt eit løp for det vidare arbeidet med å ta i bruk og vidareutvikle den digitale tvillingen. Mellom anna vil ein få gjennomført ei utredning om korleis ein skal forvalte innsamla data og gjere eit større arbeid med å kartlegge kva for nokre tenesteområder som eignar seg best til å ta inn i den «digitale tvillingen». Kristiansund legg opp til å fullføre sin del av prosjektet innan utgangen av 2020.

Resultatmål - Gjennomført kartlegging av Kristiansund og Molde kommunar med utgangspunkt i U4SSC-indikatorane. - Ferdig utvikla «digital tvilling» av Kristiansund og Molde kommunar.

I tillegg for Kristiansund: - Etablere konsept for innsamling, forvaltning og tilgjengeleggjering av store datamengder i kommunal planlegging og drift. - Hente inn og automatisere alle relevante måleindikatorar som kan knytast til ein geografisk stad eller eit område. - Måleindikatorar frå studiet "Health-Oriented Digitalization of Public Indoor Environments (HeadPie)" som Kristiansund deltek i, visast i alle offentlige bygg. - Bygningsdata frå godkjente byggesøknader leggast inn i modellen. - Person- og vegtrafikk kartleggast og visualiserast i tvillingen.

- Minst to store parkeringsplassar blir digitalisert og sanntidsdata og trenddata blir visualisert i tvillingen.

Kostnadar og finansiering

Kostnadsplan (i 1000) 2020 Innsamling og verifisering av data til berekraftkartlegginga 200 Utvikling av «digital tvilling» 800 SUM (Molde) 1000 I tillegg for Kristiansund: Vidare arbeid med utvikling av 350 datagrunnlag og «digital tvilling» SUM (Kristiansund) 1350

Finansieringsplan - Molde (i 1000) 2020 Tidlegare støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune - BRM 2019 125 Prosjektstøtte frå fylkesmannen 375 Søknadsbeløp frå Møre og Romsdal fylkeskommune – BRM 2020 500 SUM (Molde) 1000

Finansieringsplan - Kristiansund (i 1000) 2020 Prosjektstøtte frå fylkesmannen 350 Søknadsbeløp frå Møre og Romsdal fylkeskommune – BRM 2020 1000 SUM (Kristiansund) 1350

Kostnadssida av dette prosjektet vil vere tilnærma lik når det gjeld indikatorkartlegginga og den «digitale tvillingen». Den dekkjer mellom anna eit fast kontantbeløp til verifiseringa av indikatorane gjennom U4SSC, og kostnader med å kjøpe inn utviklinga av den «digital tvillingen».

Når det gjeld finansieringssida har vi halde eigeninnsats utanfor. Dette prosjektet vil krevje stor eigeninnsats frå kommunane, men det er stor uvisse om kor stor den blir. Tala frå Ålesund kommune om kor stor eigeninnsats dei har lagt ned i prosjektet, i timar, er ikkje klare. Det er også grunn til å forvente at eigeninnsatsen i Ålesund, som var først ute, vil vere større enn den vil bli for kommunane Kristiansund og Molde. Av denne grunn er eigeninnsatsen halde utanfor i kostnads- og finansieringsoversikta over.

Vurdering Dei tre byane og fylkeskommunen har over tid utvikla eit godt samarbeid gjennom prosjektet «Byen som regional motor» (BRM). Dette har lagt eit godt grunnlag for vidare samarbeid om å løyse felles utfordringar og gripe framtidige moglegheiter. U4SSC-kartlegginga er eit godt rammeverk for å finne fram til desse. Utviklinga av den «digitale tvillingen» vil vere eit godt verktøy for å samle og kople saman ulike datasett, og slik styrke arbeidet med berekraftig samfunnsplanlegging.

Styrker både byane og «Berekraftfylket» Denne satsinga gjer at Møre og Romsdal fylke tar ein leiande posisjon innan berekraftig samfunnsutvikling i Norge, og er slik eit viktig bidrag inn i satsinga på å gjere Møre og Romsdal til «Berekraftfylket».

Vidare posisjonerer det Møre og Romsdal og byane i front internasjonalt når det gjeld å ta i bruk ny teknologi i samfunnsplanlegginga. Dette gjer at fylkeskommunen og byane vil kunne stå sterkt i konkurranse om nasjonale og

internasjonale midlar for berekraftig byutvikling. Dette bør fylkeskommunen og dei tre byane prøve å utnytte.

Kunnskapsdeling mellom kommunane, og med næringslivet Dette er nybrottsarbeid, og dei tre kommunane vil kunne ha mykje å lære av kvarandre i arbeidet med indikatorane og å vidareutvikle dei «digitale tvillingane». Det må vere ein føresetnad for prosjekta at all kunnskapen opparbeida i prosjekta blir delt mellom byane og fylkeskommunen.

Indikatorkartlegginga kjem til å gi ein peikepinn om tenesteområder der kommunane kan ha eit potensial for betring. Dette vil vere nyttig kunnskap for kommunane sjølve, men også som eit utgangspunkt for å arbeide strategisk med innovative innkjøp og utviklingsarbeid i dialog med næringsliv og forskingsmiljø. Om ein kjem dårleg ut på vatn-indikatorane kan ein for eksempel sjå for seg at kommunen inviterer næringslivet til å løyse problem innan vann- og avløpssektoren som gir tap av store mengder vatn og auka helserisiko.

Likebehandling mellom dei tre byane Begge søknadane det her er snakk om kjem som ei følgje av at Ålesund har søkt og fått tilsvarande økonomisk støtte til same føremål tidlegare. For at dei tre byane skal kunne arbeide saman på tilnærma «likefot», tilrår vi at dei tre byane også får tilnærma lik grunnstøtte frå fylkeskommunen for å gjere indikatorkartlegginga og utvikle «tvilllingen». I tillegg får Kristiansund kommune ytterlegare 350 000 kroner til sitt prosjekt med å vidareutvikle datagrunnlaget og tvillingen (prosjekt ut 2020). Vi tilrår at støtta vert løyvd frå ramme 60 i økonomiplanen sett av til «Byen som regional motor».

Forslag til vedtak: 1. Møre og Romsdal fylkeskommunen løyver 500 000 kroner til Molde kommune og 1 mill. kroner til Kristiansund kommune frå ramme 60 i økonomiplanen, sett av til «Byen som regional motor», til kartlegging av kommunane etter U4SSC- indikatorane og utvikling av ein «digital tvilling» av dei to byane.

2. Prosjekta skal gjennomførast i samarbeid mellom Kristiansund, Molde og Ålesund kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ottar Brage Guttelvik fylkeskommunedirektør

Bergljot Landstad regional- og næringssjef

Vedlegg 1 Søknad frå Kristiansund kommune 2 Søknad frå Molde kommune