Kartlegging Av Naturtypar I Nesset Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Kartlegging av naturtypar i Nesset kommune Rapport J. B. Jordal nr. 6-2005 Utførande konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarleg: ISBN-nummer: Biolog John Bjarne Jordal John Bjarne Jordal 6610 Øksendal epost: [email protected] 82-92647-06-7 Oppdragsgjevar: Kontaktperson hos oppdragsgjevar: År: Nesset kommune 6460 Eidsvåg i R. Hogne Frydenlund 2005 Referanse: Jordal, J. B. 2005: Kartlegging av naturtypar i Nesset kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 6-2005. 162 s. Referat: Det er utført kartlegging av prioriterte naturtypar og raudlisteartar i Nesset kommune etter ein fastsett, nasjonal metodikk. Det er avgrensa og skildra 135 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog, berg/rasmark og fjell. Fleirtalet av desse er nye basert på feltarbeid, rundt 25 var i den tidlegare Naturbasen til fylket, og ein del fleire fanst i litteraturen. Det er gjort 284 funn av 91 nasjonale raudlisteartar av biller, sommarfuglar, lav, mosar, planter og sopp. Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database. Nesset sitt særpreg er særleg innanfor naturtypane kulturlandskap med naturbeitemarker og hagemarker med hassel og styva alm, skog med edellauvskog, gammal lauv- og furuskog, berg og rasmark med sørvendte berg og rasmarker og kalkrike fjellområde med rik, basekrevande flora. Det er og utført litt viltkartlegging. Nesset kommune har fleire verneområde i skog og fjell. Dei er oppretta for å ta vare på planteliv og/eller fugle- og dyrelivet. I tillegg er Visavassdraget omfatta av Verneplan IV. Emneord: Biologisk mangfald Prioriterte naturtypar Planter Kulturlandskap Sopp Myr Mose Skog Lav Rasmark Insekt Fjell Fugl Pattedyr Framsidebilete: Øvst t.v.: Utsikt frå Eidshaugen mot Sunndalsfjorden med Meløya. Eidshaugen har einskilde parti med god berggrunn og kalkkrevande planter. Øvst t.h.: Utsikt frå Gauprørfjellet mot Tjellefonna. Her gjekk eit enormt ras i 1756 som utløyste ei stor flodbølgje og gjorde stor skade. I dag er her m.a. edellauvskog og eldre lauvskog med osp. Klimaet på nordsida av Langfjorden er både varmt, fuktig og vintermildt med mange kystbundne artar. Midten t.v.: Biltetet viser Øvregardssetra i Vistdalen (Gauprørfjellet). Her vert det framleis beita, og i tillegg finst parti med rikare berggrunn og kalkkrevande plantesamfunn. Midten t.h.: Utsikt frå edellauvskogen under Goksøyra mot Øverås og Eikesdalsvatnet. Mellom Boggestranda og Eikesdalen finst omtrent samanhengande edellauvskogsområde på solsida, eit av dei største områda i fylket med denne naturtypen. Nedst t.v.: Gammal kulturskapt hasselskog ved skytebanen i Eikesdalen. Innfelt styva alm. Styving tyder at ein henta vinterfor til husdyra ved å hausta greiner med nokre års mellomrom. Dei gamle kulturskogane i Eikesdalen er særmerkte i landssamanheng og bakgrunnen for at området i 1994 vart utplukka som eitt av 104 særleg verdifulle kulturlandskap i landet. Nedst t.h.: Utsikt frå Finnsetlia nedover Eikesdalen. Den tronge dalen har eit særleg varmt sommarklima, og mange sjeldne insekt og soppar har nordgrensene sine her. Alle foto: John Bjarne Jordal ©. 1 FØREORD Forvaltning av natur har tidlegare i særleg grad vore eit statleg ansvar, men kommunane vil no gradvis få ein større del av dette ansvaret. Etter at Noreg slutta seg til Konvensjonen om biologisk mangfald i 1993 har Stortinget bestemt at alle norske kommunar skal gjennomføra ei kartlegging av viktige naturtypar for å styrka vedtaksgrunnlaget i det lokale planarbeidet, jf. St. meld. nr. 58 (1996-97) og St. meld. nr. 42 (2000-2001). Dette arbeidet går no mot slutten både i Møre og Romsdal og resten av landet. Nesset kommune har motteke statleg tilskot til dette arbeidet og også løyvd eigne midlar. Denne rapporten er laga på oppdrag av Nesset kommune av biolog John Bjarne Jordal. Arbeidet er finansiert av Nesset kommune og Møre og Romsdal fylke. Rapporten er basert dels på samanstilling av kjent kunnskap og dels på innsamling av ny kunnskap gjennom feltarbeid og kontakt med folk. Materialet er systematisert etter ein fast metodikk som gjeld for heile landet. Det er meininga at rapporten skal kunne brukast som eit kunnskapsgrunnlag i både offentleg og privat planlegging. Møre og Romsdal Fylke har digitalisert karta. Informasjonen er generelt ajour pr. januar 2005, men funn av raudlisteartar er oppdatert i november 2005 før rapporten gjekk i trykken. Forfattaren ønskjer å takka alle som har bidratt med opplysningar, både lokalt og elles. Jordalsgrenda 15.12.2005 John Bjarne Jordal prosjektansvarleg 2 INNHALD SAMANDRAG.................................................................................................................................................... 7 INNLEIING....................................................................................................................................................... 13 BAKGRUNN ................................................................................................................................................... 13 KVA ER BIOLOGISK MANGFALD? ............................................................................................................... 13 VERDIEN AV BIOLOGISK MANGFALD ........................................................................................................ 13 TRUGSMÅL MOT DET BIOLOGISKE MANGFALDET ................................................................................... 14 FORVALTNING AV BIOLOGISK MANGFALD I KOMMUNANE.................................................................... 15 FORMÅLET MED RAPPORTEN...................................................................................................................... 16 NOKRE BEGREP ............................................................................................................................................ 16 METODAR OG MATERIALE....................................................................................................................... 18 INNSAMLING AV INFORMASJON ................................................................................................................. 18 VERDSETTING OG PRIORITERING ............................................................................................................... 20 PRESENTASJON............................................................................................................................................. 22 NATURGRUNNLAG....................................................................................................................................... 23 HISTORIKK OMKRING UTFORSKINGA AV NESSET-NATUREN ................................................................. 23 LANDSKAP M.M. ........................................................................................................................................... 25 KLIMA............................................................................................................................................................ 25 GEOLOGI ....................................................................................................................................................... 26 LAUSMASSAR ............................................................................................................................................... 26 NATUR- OG BIOGEOGRAFISK PLASSERING ............................................................................................... 26 HOVUDNATURTYPAR.................................................................................................................................. 28 HAVSTRAND/KYST....................................................................................................................................... 28 KULTURLANDSKAP...................................................................................................................................... 28 SKOG.............................................................................................................................................................. 29 MYR ............................................................................................................................................................... 30 FERSKVATN .................................................................................................................................................. 30 BERG, RASMARK OG KANTKRATT ............................................................................................................. 31 FJELL ............................................................................................................................................................. 31 LOKALITETAR............................................................................................................................................... 32 OVERSIKT...................................................................................................................................................... 32 1 FRESSVIKLIA: SKRØBUKTA (GAMMAL LAUVSKOG) ............................................................................. 32 2 MEISAL: LIASETRA (NATURBEITEMARK)............................................................................................... 32 3 MEISAL: VEST FOR FINNSET (RIKMYR) .................................................................................................. 33 4 MEISAL: EIDSHAUGEN, AUST-HELLINGA (RIKMYR) ............................................................................