<<

Nesset Fjellstyre

Styremøte tirsdag 20. november 2018 kl. 20 hjå Knut Arne Bugge

Innkalla: Nikolai Finset, Knut Arne Bugge, Else Janne Sæter, Stein Ivar Bjerkeli, Toril Melheim Strand, Dag Ringstad (sekr.)

Sakliste: 26/18 Godkjenning av innkalling 27/18 Godkjenning av sakliste 28/18 Godkjenning av møtebok for styremøte 4.juli 2018 29/18 Kvilebrakka ved Tippen, flytting til Aursjøområdet (tidl. sak 24/18) 30/18 Reinsjakta 2018. Evaluering. Endringar for 2019 31/18 Ny heimeside, Fjellstyre 32/18 Hjertestarter, Aursjøen 33/18 Ny fjellov, uttale 34/18 Kulturminneplan for Nesset 2019-2022, høyring 35/18 Leie av hytte i Sandgrovbotnen, avtale

Til orientering - Jegerprøvekurs - instruktør - Endring av namn Nesset Fjellstyre

Eresfjord, 30.10.2018

Nesset Fjellstyre

Dag Ringstad Nikolai Finset Sekr. Leiar

Nesset Fjellstyre

Sak 29/18 Kvilebrakka ved Tippen, flytting til Aursjøområdet.

Saka vart diskutert på styremøte 4. juli som sak 24/18 med fylgjande vedtak:

«Saka vert utsett til neste styremøte, og etter synfaring.»

Det har ikkje vore halde styremøte etter denne dato, og p.g.a. vinteren er det ikkje mogleg å gjennomføre synfaring i år. Sender vedlagd ein del bilete av brakka.

Som eit ledd i saksførebuinga spurte sekretær Statkraft om dei ville bidra med flytting av brakka til Aursjøen. Dette sa Statkraft ja til, og dagen etter vart brakka flytta. Den står no ved den gamle verkstadhallen. Dette er førebels plassering.

Brakka er omlag 2 x 3 m. Den står på to plankar 6 x 6 tommar. Desse må skiftast. Den eine lang- veggen må ha ny papp og bordkledning. Vindauge må skiftast

. Nye hengsler på døra, delvis ny tro på taket, og ny takpapp. Nye vindskier, vannbord og hjørnebord. Innvendig må det kjøpast ny vedomn og omnsrør. Målet er eventuelt å restaurere brakka til den tilstanden ho var i under anleggsperioden.

Dersom ein vil nytte brakka til informasjonsføremål må ein legge til utgifter til foto/tekstplakatar m.m.

Det er ein føresetnad for eventuell restaurering at Nesset Fjellstyre kan finansiere det meste gjennom tilskot.

Forslag til vedtak:

Saka vert lagt fram utan forslag til vedtak.

Nesset Fjellstyre

Sak 24/18 Kvilebrakke ved Tippen, flytting til Aursjøområdet Syner til sak 23/18. Det har kome fram tankar om at denne kvilebrakka kan inngå som ein del av eit museumsområde ved Aursjøen. Denne brakka vart nytta under anleggstida for Aurautbygginga, og vart flytta frå anleggsstad til anleggstad ved at den vart dradd på snøen. Brakka kan nyttast til å utvide fotoutstillinga, og til å gjenskape miljøet i brakka med omn og interiør.

Brakka treng restaurering.

Statkraft v/Knut Røst har uttalt at ved eventuell flytting, kan denne brakka inngå som ein del av festenummeret til Nesset Fjellstyre si hytte. Det forutset at Nesset Fjellstyre står som eigar. Nesset Fjellstyre er fritatt for festeavgift og eigedomsskatt. Eigar, Kristen Arne Sæter, er positiv til at Nesset Fjellstyre tek over brakka, og at den vert flytta til Aursjøen.

Nesset Fjellstyre har ikkje økonomiske midlar til finansiering av dette prosjektet. Dette må eventuelt finansierast eksternt.

Forslag til vedtak:

Nesset Fjellstyre er positiv til at kvilebrakka ved Tippen vert flytta til Aursjøområdet dersom restaurering og flytting kan finansierast eksternt.

Nesset Fjellstyre

Sak 30/18 Reinsjakta 2018, evaluering. Endringar 2019.

Vedlagd oppsynsrapport for reinsjakta 2018. Resultatet av jakta syner ei felling i Snøhetta vest på 170 dyr, 42,5 %. I Nesset Villreinfelt vart det felt 62 dyr, 44,9 %. I og Vistdal Statsallmenning vart det felt 25 dyr, 39,7 %. Det er den lågaste fellinga på svært lang tid. Årsaka til den låge fellinga kan vere at vi har hatt svært låge kvoter dei siste 13 åra og det har minka med reinsjegerar. Dei eldre erfarne jegerane har slutta. Vi treng tid til å opparbeide ei ny «jegerstamme».

Søknadar på reinskort. Alle som søkte på reinskort i 2018 fikk tildelt kort før jakta, eller i løpet av jakta. Fjellstyret gjekk og ut med, via SMS, spørsmål til alle som hadde kort i 2017 om dei var interessert i å stå på reserveliste i år. Tolv personar svarte ja, og alle desse fikk tilbod om kort i løpet av jakta. Likedan vart enkelte av dei som vart tildelt kort i år, og som hadde fylt korta sine, spurt om dei var interessert i fleire kort. Trass i dette hadde vi ledige kort på slutten av jakta.

Forslag til vedtak:

Alle som er søknadsberettiga til reinskort i gamle kommune kan søkje om reinskort i 2019. Dei som ikkje hadde kort i 2018 skal trekkast ut fyrst.

Reinskort Snøhetta aust. Det har tradisjonelt vore vanskelig å få solgt jaktkorta vi får tidelt i Snøhetta aust. I år var det 6 kort. Mange kvier seg for å jakte på dette området av di dei er lite kjende og fellingsprosenten er normalt svært lav på desse korta. Etter at vi no har fått større kvoter på vestområdet er det endå færre som ynskjer å ta imot desse austkorta.

Fjellstyret vert beden om å vurdere om Eresfjord og Vistdal statsallmenning sine jaktkort på rein i Snøhetta aust kan seljast til utanbygdes jegerar. Dette kan bidra til å dempe presset vi har for å opne reinsjakta for utanbygdes jegerar. Fjellstyret står fritt til å bestemme om jakt kan opnast for utanbygdes, men Miljødirektoratet skriv at det skal vere en rimelig fordeling mellom innan- og utanbygdes ved tilgang til storviltjakt. En rimelig fordeling vert definert til å vere 60/40 %.

Forslag til vedtak:

Utanbygdes jegerar kan søkje om å få tildelt jaktkort på rein i Eresfjord og Vistdal statsallmenning sitt austområde i Snøhetta. Eigen pris for utanbygdsbuande jegerar.

Jakttid og opne grenser. Jakttida har dei siste par åra vore om lag 4 veker frå 20. august. På grunn av låg felling vart jakttida i år utvida med ei veke med opne grenser. Denne veka vart det felt eit dyr i Nesset Villreinfelt. Det kan sjå ut som om dei fleste er fornøgd med fire veker med reinsjakt. Reinsjakt må planleggast, og det må setjast av tid. Det er ikkje alle som kan setje av meir tid enn det dei alt har gjort. Mange har og hjortejakt som skal nyttast. For fjellstyret vert det ein auka kostnad til oppsyn ved utvida reinsjakt. Det vert stilt spørsmål ved om ei utvida jakttid fører til meir uro for reinen, seinare paringstid og dermed mindre vekt på kalvane året etter.

For dei fleste jegerane er jakt med opne grenser positivt. Ein bør vurdere om opne grenser under den ordinære jakta kan vere eit effektivt tiltak for auka felling. Det kan til dømes vere opne grenser siste veka, eller nokre kvardager dei to siste vekene.

Forslag til vedtak: Saka vert lagt fram utan forslag til vedtak

Oppsynsrapport reinsjakta 2018

Nesset villreinfelt

Tragisk slutt på maktkamp mellom to bukkar i Piksteinsbotnen

Oppsynsrapport reinsjakta 2018

Oppsyn Oppsynstenesta vart utført i Snøhetta vest i perioden 20. august til 23. september. Jaktoppsynet i Snøhetta hadde ei samling på Hjerkinn 14. august for å samordne oppsynet under reinsjakta, og for oppdatering av nye reglar. Det vart og gitt opplæring i korleis ein skal ta hjerne- og lymfeprøver for kontroll av eventuell CWD. På grunn av låg felling under den ordinære jakta vart jaktperioden utvida med ei veke, frå17. til 23. september, med opne grenser.

Utgangspunktet for oppsynet var Nesset Fjellstyre si hytte ved Aursjøen. Oppsynsarbeidet har vore utført av Dag Ringstad, Oddvar Mittet og Harry Brude. Dag har i all hovudsak gått oppsyn i Nesset, men har og vore innom deler av , og Rauma. Oddvar har stort sett gått oppsyn i området til Eikesdal sameige medan Harry Brude har vore engasjert til å gå oppsyn i Sandgrovbotnen og Mardalsbotnen. Han sender eigen rapport.

Oppdragsgivar har vore Nesset Fjellstyre, Eikesdal Sameige, Vike og Hoem Heimraster og Øverås og Nerås Grunneigarlag. Innsatsen vart konsentrert om dei områda som jegerar med kort utstedt i Nesset brukar, og som dei har tilgang til gjennom overgangsavtalar.

Nesset Fjellstyre har oppsynsavtale med Rovviltutvalet i Nesset og Statens Naturoppsyn. Rapporten baserer seg på observasjonar gjort under utøving av alle desse oppsynstenestene. Den veka reinsjakta vart utvida var det og småviltjakt.

Kvoten i Snøhetta vest var i 2018 på 400 dyr. Av kvoten i Snøhetta vest vart tre dyr selde som brøkdyr til inntekt for Snøhetta Villreinutval. Nesset hadde ein kvote på 138 dyr (Nesset Fjellstyre 63 dyr, Eikesdal Sameige 54 dyr, Vike og Hoem Heimraster 16 dyr og Øverås og Nerås Grunneigarlag 5 dyr). Kvoten vart sett med 15 % fritt dyr, 20 % kluftbukk, 32,5 % simle/ungdyr og 32,5 % kalv.

Kvoten i Snøhetta aust vart sett til 950 dyr. Av dette hadde Nesset Fjellstyre 6 dyr. Her var 10 % fritt dyr, 25 % kluftbukk, 32,5 % simle/ungdyr og 32,5 % kalv. På aust vart 6 brøkdyr selde til inntekt for Snøhetta Villreinutval.

Snøhetta Villreinutval sin informasjonstelefon er nedlagd, men i staden er det oppretta ein facebook- konto. Oppsynet har etter beste evne prøvd å legge inn opplysningar om reinen i vest, men har likevel fått mange telefonar kvar dag med spørsmål om kvar reinen står. Arne Granlund, Dombås har vore oppsynsleiar for heile Snøhetta.

Miljødirektoratet ynskte at alle simlene som har gått med halsband skulle takast ut. Det var uvisst kor mange dyr det gjaldt, men i Nesset vart to simler skotne (gult halsband nr. 06 og 07). Dei jegerane som skaut desse fikk kjøtet gratis utan tap av ordinært jaktkort

Har under reinsjakta sett, og fått meldingar om mange observasjonar av moskus. Mellom anna er det observert moskus i Vikebotnen, Stordalen, Aursjøen, Brønnhøbrøstet, Grovabotnen og Høvelbotnen . Det er og observert moskus i Kvidalen i Eresfjord. Det er observert både oksar, kyr og kalvar. I alt om lag 10-12 ulike dyr.

Har ikkje observert jerv under reinsjakta, men har fått ei melding om observasjon av jerv i området Middagsskaret/Simmeltind.

Den 13. sept. fikk eg melding på radio om at nokre jegerar observerte ein hund som sprang etter ein reinsflokk i Vakkerdalen. Veit ikkje utfallet av dette.

Reinen sin bruk av området Dei fyrste dagane av jakta var det nordleg vind og dyra stod i området Brønnhøa - Miutjønntelen – Storflåa og rundt Klenegga på vestsida av . Sameleis langt nord i området Kjøtåbotnen på austsida av Eikesdalen. Med unntak av den 15. sept, då det var vestleg vind, var det vind frå sør og søraust t.o.m.20. sept. Dei tre siste dagane vart det nord-vestleg vind med snø og vanskelige jakttilhøve. Dyra trekte etter kvart sørover mot Lesja og det vart igjen lite dyr i Nesset. Det trekte nokre dyr sørover frå Kjøtåbotnen mot Odden og det vart felt nokre dyr i Stordalsområdet. Mange av desse dyra trekte over Aursjøvegen om mot Lesja. Har registrert 13 dagar med regnbyer, stort sett varmt, men mykje sterk sørleg vind.

Bukkane har som vanleg halde til i utkantane av området og spesielt i området Mardalsbotnen og områda mot Rauma. Det er og ein del bukkar langt nord på austsida av Eikesdalen og i området kring Aursjøhøa. Observerte tidleg i jakta at det var ein del fine bukkar i fostringsflokkane. Med unntak av nokre dagar kring månadsskiftet vart det sett lite dyr i Stordalsområdet/Odden. Også i år har eg fått melding om ein liten flokk med rein som har halde til på Breitælen/Ljøsåbotnen.

Overgangsavtalar/fellesjakt Nesset Fjellstyre har gode overgangsavtalar for jegerar med kort i Snøhetta aust. Det vart felt tre dyr av kvoten på 6 dyr i Snøhetta aust.

På vest har Nesset Fjellstyre gode overgangsavtalar med Rauma, Lesja og Sunndal og Vike og Hoem Heimraster. Det fungerer godt.

På Eikesdal Sameige er ein stor del av jegerane utabygdes. Desse har få overgangsavtalar, men det er ofte dei same jegerane som kjøper kort kvart år, og dei er godt kjende i terrenget. Fellingsprosenten for Eikesdal er kvart år høgare enn i resten av Nesset Villreinfelt. Desse jegerane får utdelt gode kart med grenser.

Også i år var det mange jegerar med privatkort på Lesja vest som nytta Aursjøen som utgangspunkt for jakta. Dei jegerane med kort utstedt av Lesjaskog Heimraster eg har møtt har ikkje fått utdelt tilstrekkelig med kart. Etter det eg har forstått har dei kun fått utdelt kart som syner grensa mellom Snøhetta aust og Snøhetta vest. Dei har ikkje fått informasjon om kvar dei kan jakte/ikkje jakte i Nesset. Dette må ordnast til 2019.

Øverås og Nerås grunneigarlag har ingen overgangsavtalar. Dei er avhengig av overgangsavtaler, eller opne grenser, for å få høg felling. Det vert sett stadig fleire dyr i området Ljøsåbotnen/Breitælen, slik at over tid kan dette endre seg.

På grunn av låg felling vart jakta utvida med opne grenser i ei veke i heile vestområdet. På aust var det ikkje opne grenser aust for elva Grønå.

Jaktutøvinga Jaktutøvinga er stort sett god. To dyr med skotskader er avliva av jegerar. Dessutan fann ein småviltjeger ein død bukk på Storflåa. Det er uvisst om den hadde skotskade. Ingen jeger har blitt rapportert, eller meld til politiet.

Ein stor del av jegerane nyttar lyddempar. Dette fører til at ein ikkje høyrer når dyr vert skotne. Dyra vert heller ikkje so mykje skremde. Den stille jakta fører til at enkelte jegerar observerer mindre med dyr enn før.

I Sandgrovbotnen/Mardalsbotnen er det tradisjon for observasjon av rein frå veg. Saman med god kommunikasjon fører dette lett til konsentrasjon av jegerar på dei stadane reinen normalt brukar å krysse. Spesielt har vi observert at parkering og postering langs vegen ved Grønbotnen har ført til at reinen har problem med dette trekket.

Samband Radiosambandet fungerer som vanleg dårleg i vestområdet, og det er difor vanskelig å ha kontakt med andre oppsyn gjennom denne. Dei fleste jegerane nyttar jaktradio, og lokalt kan ein fylgje med det som skjer mellom jegerane. Rundt Aursjøen og i Torbudalen er det god mobildekning. Det er og dekning enkelte områder i Vikebotnen og på Odden. Kommunikasjon med andre oppsyn og oppsynsleiar foregår difor med mobiltelefon. Nesset Fjellstyre har satellitt-telefon, det aukar tryggleiken. Både for oppsynet, og eventuelt andre som oppsynet har kontakt med.

Felling

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, vest: Felt 25 av 63 dyr 39,68 % Eikesdal Sameige Felt 32 av 54 dyr 59,26 % Vike og Hoem Heimraster Felt 3 av 16 dyr 18,75 % Øverås og Nerås Grunneigarlag Felt 0 av 5 dyr 00,00 % Dyr med klaver Felt 2 Totalt felt i Nesset villreinfelt, vest Felt 62

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning, aust Felt 3 av 6 dyr 50,00 %

Nesset Villreinfelt, vest Felt 62 av 138 dyr 44,92 %

Fyrste veka vart det felt 27 dyr, andre veka 15 dyr, tredje veka 10 dyr, fjerde veka 9 dyr. Den veka jakta vart utvida vart det felt 1 dyr.

Fellingsprosenten er lågare enn normalt. Samanliknar ein dei siste åra med utvida jakt, og opne grenser, ser ein ikkje at det har stor innverknad på fellingsprosenten. År med fellesjakt og opne grenser er utheva.

2011 - 61,7 % 2012 - 57,4 % 2013 - 85,1 % 2014 - 51,6 % 2015 - 53,2 % 2016 – 61,3 % 2017 – 55,1 % 2018 – 43,5 %

Ein bør i 2019 vurdere om det er hensiktsmessig å utvide jakta med ei veke. Truleg har det større effekt å opne grensene tidligare, kanskje med opne grenser nokre dagar midt i veka på slutten av jakta. Har inntrykk at fire veker med reinsjakt er lenge nok. Mange jegerar har gitt opp, og går heller over på hjortejakta. Ein har og mistanke om at forlenging av jakta kan ha innverknad på tidspunkt for paring. Det kan føre til seinare kalving, kortare vekstsesong og mindre kalvar.

Jaktlag Det vart danna 10 jaktlag i Eresfjord og Vistdal Statsallmenning. Av desse 9 på vest. Jaktlaga oppnådde ei felling på 43,3 %. Om lag 4 % meir enn dei som ikkje var med på jaktlag.

Organisering av oppsynet Kontakt med oppsynsleiar har vore på SMS og mobiltelefon. Oppsynsleiar har lagt inn på face-book dei opplysningane som har kome frå vestområdet.

Eresfjord, 9.10.2018

Dag Ringstad Oddvar Mittet

Vedlegg:

Dagbok for reinsjaktoppsyn 2018, Oddvar Mittet og Dag Ringstad Fellingsrapport for Nesset Villreinfelt 2018.

Rapporten vert sendt til:

Oppsynsleiar Arne Granlund, 2660 Dombås Eikesdal Sameige v/formann Olav Finset, 6472 Eikesdal Vike og Hoem Heimraster v/formann Erik Bredesen, Torskevegen 10, 6612 Grøa Øverås og Nerås Grunneigarlag, v/Henning Øverås, 6470 Eresfjord Nesset Fjellstyre v/leiar Nikolai Finset, 6472 Eikesdal Snøhetta Villreinutval, boks 57, 6601 Sunndalsøra Statens Naturoppsyn, v/Bolme, boks 134, 6659 Rindal

Nesset Fjellstyre

Sak 31/18 Ny heimeside, Nesset Fjellstyre.

Nesset Fjellstyre etablerte eiga heimeside på nett i 2012. Dette i samarbeid med Geir Rune Brandt som har eit firma som leverer datatjenester. Han har hatt vedlikehald/support av heimesida. Det har dei siste åra vore ein tekniske problem, som har blitt løyst med «nødløysingar». Mellom anna har det vore problem med søknadsskjemaet for reinsjakt, og det har vore problem med å legge inn bilete. Det har og vore problem med å gå inn og endre prisar på tenestene våre, noko som Geir Rune har måtta gjere. Få muligheiter til modernisering. Geir Rune meiner vi bør skifte publiseringsverktøy.

Norges Fjellstyresamband har avtale med eit firma frå Sogndal, Gasta. Dei leverer nettsider både til Fjellstyresambandet og til ein rekke av fjellstyra i Norge, m.a. Sunndal, Lesja og Dovre. Selskapet drifter over 300 nettsider m.a. Villrein.no. Dei nyttar publiseringsverktøyet Squarespace. Tilbakemeldingane er gode. Enkel å bruke, lett å redigere, god service og tilpassa bruk med mobiltelefon. Integrert kartfunksjon. Heile fjellstyresystemet profilerer seg likt.

Kostnader:

Noverande heimeside (Brandt): Om lag kr. 2000 m. moms pr. år (avhengig av ekstra arbeid).

Kostnad med etablering av ny heimeside med nytt publiseringsverktøy er ikkje avtalt.

Gasta: Etablering av nettside: Kr. 13930 + moms. Opplæring: 1 dag kr. 3000 + moms + reise (kan delast på fleire fjellstyre, dersom opplæring saman) Pris pr. mnd: Kr. 590 + moms. inkl. support og oppgradering.

Nesset Fjellstyre bør gjera noko med heimesida vår i løpet av vinteren. Skal vi bruke Gasta vil det føre til auka kostnader, men då er vi saman med dei andre i fjellstyresystemet og vi er sikra at vi til ein kvar tid er oppdatert.

Forslag til vedtak:

Nesset Fjellstyre tek kontakt med Norges Fjellstyresamband og Gasta for etablering av ei ny heimeside.

Nesset Fjellstyre

Sak 32/18. Hjertestartar, Aursjøen

Etter det Nesset Fjellstyre kjenner til er det ikkje hjertestarter nokon stad langs Aursjøvegen. Har fått spørsmål om Nesset Fjellstyre kan arbeide for at det vert plassert ein slik i området ved Aursjøen.

Ein hjertestarter kan monterast både ute og inne, men dersom den skal vere montert ute må den stå i eit varmeskap. Ved temperatur under 0 grader vil batteriet bli raskt tappa. Elektrodane vil ikkje feste seg sikkert til kroppen. Eit varmeskap treng tilgang til strøm. Det er hjertestartarar på marknaden som er meir robuste enn andre, men ingen som kan stå ute i minusgrader heile året.

Alternativ 1. Ein kjøper inn ein hjertestarter som vert plassert ut kring 1. juni og tatt ned om hausten. Treng ikkje varmeskap. Denne kan plasserast på veggen til fjellstyrehytta, eller turisthytta.

Alternativ 2. Ein kjøper inn ein hjertestarter med varmeskap som kan stå ute heile året med tilgang til strøm. og Nordmøre Turistforening er i utgangspunktet positiv til at ein hjertestarter vert plassert på turisthytta og kobla til straumen deira som står på heile året. Dei vil ikkje ha ansvar for vedlikehald.

Døme på prisar: Nihon Kohden Cariolife AED 3100 hjertestartar, halvautomatisk. Kan brukes i temp ned til -5 grader, kort oppbevaring ned til -20 grader. Markedets raskeste hjertestarter. (First Aid Nordic). Kr. 18625 inkl. moms.

HeartSine PAD 350 hjertestarter, helautomatisk. Kan brukes i temp ned til 0 grader. Norges mest solgte hjertestarter. Brukervennlig. (Røde Kors). Hjertestartar kr. 12488 inkl. moms. Utstyrspakke ute kr. 7375 inkl. moms. Totalt kr. 19863 inkl. moms.

Forslag til vedtak.

Nesset Fjellstyre kjøper inn ein hjertestarter som kan brukast ned til 0 grader, og som vert montert ute på Fjellstyrehytta frå 1. juni og utover hausten. Søkje andre om medfinansiering.

Nesset Fjellstyre

Sak 33/18 Ny fjellov, uttale

NOU 2018, 11- ny fjellov er sendt ut på høyring. Norges Fjellstyresamband (NFS) ber om at alle svar frå fjellstyra vert sendt til dei før 25. nov. NFS vil samordne alle uttalane og legge fram eit nytt forslag på regionsamlingane i januar. Vedlagd eit forslag til uttale frå NFS.

Forslag til vedtak:

Nesset Fjellstyre støttar forslaget til uttale som Norges Fjellstyresamband har utarbeidd.

Nesset Fjellstyre

Sak 34/18 Kulturminneplan for Nesset 2019-2022, høyring.

Kulturminneplan for Nesset 2019-2022 er sendt ut på høyring med svarfrist 23. nov. Planen har nokre punkt som vedkjem Eresfjord og Vistdal Statsallmenning og høgfjellet:

Automatisk freda kulturminne - Dyregraver og bogestøer, fangstanlegg - Arkeologiske kulturminne eldre enn år 1537

Landsvernplan - Aursjødammen, teknisk-industrielt kulturminne

Område med omsynssone - Aurstølen

Kulturminne og kulturmiljø som er foreslått verna

Nasjonal verdi - Kampen om Mardøla, naturvernhistorisk minnesmerke i Sandgrovbotnen

Regional verdi - Fjellstyrehytta, anleggsbrakka - Takrenneutbygginga - Børreinahytta, læger - Tverrberghytta, jakthytte

Lokal verdi - Skreddarbua, jakthytte (Lesja) - Trondbua, jakthytte (Lesja) - Trughammarkoia, jaktleger (Lesja) - Stein/bauta i Gravdalen - Westbua, jakthytte - Stiar og ferdselsårer (stien til Aurstølen, stien Eikesdal-Bjorli, stien Eikesdal-Lesjaverk)

Uttale frå Nesset Fjellstyre

Nesset Fjellstyre har gått gjennom kulturminneplanen for Nesset 2019-2022 og synest det er ein god plan. Spesielt vil vi støtte forslaget om at «Kampen om Mardøla» eit naturvernhistorisk minnesmerke i Sandgrovbotnen vert foreslått som eit kulturminne/kulturmiljø av nasjonal verdi. Nesset Fjellstyre meiner og at det er viktig at historia til Aurautbygginga, som var den største kraftutbygginga i Norge i si tid, bør takast vare på. Det gjeld både miljøet ved Aursjøen og foto frå anleggstida Vi vil nemne nokre kulturminne i høgfjellet som bør vurderast om dei bør takast med i planen.

Minne om kvegdrift, gjeting, seterdrift - Lesjahytta - Steinabuene i Stordalen - Kolstadstølen i Vikebotnen - Seterbu ved Stordalsåa/Hellevadet, 1800 talet - Neddemde setervoller i Aursjøen (Buvollen, Alvsetra)

Minnesmerke/krigsminne - Hammar og sigd malt på fjellet ved Reinsvatnet, 1960 talet (minne om den kalde krigen)

Gruvedrift - Anlegg ved Sølvgruvetjønna, Storflåa (glimmer)

Samferdsel - Kongsvarden, amtsvarde mot Austlandet, grensevarde mellom Norge/Danmark og Sverige

Forslag til vedtak:

Nesset Fjellstyre støttar det framlagde forslaget til uttale.

Nesset Fjellstyre

Sak 35/18 Leie av hytte i Sandgrovbotnen, avtale.

Nesset Fjellstyre har sidan 2012 hatt avtale om bruk av Rune Finnset si hytte i Sandgrovbotnen som oppsynshytte. Denne har vi brukt om lag 3 - 5 gongar i året, 6-10 overnattingar. Avtalen har vore munnleg, og Nesset Fjellstyre har brukt hytta gratis mot enklare vedlikehald.

Det er no avklart at alle som har hytte i Eikesdal Sameige kan leige ut sine hytter mot betaling, og Rune Finnset har i telefon uttrykt ynskje om at det vert utarbeidd ein skriftleg avtale. Han ynskjer og at vi kjem med eit forslag til avtale. Han presiserer at vedlikehald m.m. er viktigare enn leigesum.

Moment som bør vere med i avtale: - ansvar for enklare vedlikehald (inne-ute) - ansvar for større arbeid (inngangsparti, vindauge, golv, mm) - lengd på avtale - leigesum - vidare utleige - forsikring

Forslag til vedtak

- Nesset Fjellstyre leige Rune Finnset si hytte i Sandgrovbotnen i 10 år. Leigeavtalen er ikkje til hinder for at eigar og hans familie og kan nytte hytta. - Nesset Fjellstyre har ansvar for vedlikehald. Større arbeid/investeringar i samråd med eigar. Større arbeid/investeringar må sjåast i samanheng med lengd på avtalen. - Nesset Fjellstyre kan ikkje leige ut hytta til andre. Men den kan nyttast av folk som arbeidar for Nesset Fjellstyre, eller saman med ansatte i Nesset Fjellstyre. - Nesset Fjellstyre betaler forsikring for hytta (må avklarast med eigar). - Nesset Fjellstyre betaler årleg eit beløp på kr. ?. Fjellstyret skal justere dette beløpet etter prisindeks kvart tredje år. Beløpet skal betalast til konto:? - Fjellstyret har ansvar for gass og ved.