<<

Postadresse Besøksadresse Kontakt Postboks 788 Stoa Setesdalsmuseet Rysstad, Sentralbord: +47 37 01 75 00 4809 Setesdalsvegen 3273, 4748 Rysstad Direkte: +47 [email protected] www.svr.no

Delegert vedtak

Agder politidistrikt Pb. 514 4605 S

Arkivsaksnr: 2019/9101-0 Saksbehandler: Jørn Trygve Haug Dato: 06.12.2019

Utvalg Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR - delegert utvalg 7/20 Verneområdestyret for SVR

Innvilga søknad om bruk av snøscooter i samband med øvingsverksemd i SVR. Politidistrikt/ driftseining. Fjellredningsgrupper i , Valle og Åseral.

Syner til søknad datert 28.2.2019 og øvingsplan sendt over på mail datert 9.12.2019. Vedtak og saksframstilling ligg ved. Dokumentet må takast med under transporten.

Klage Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet. Klaga skal sendast til verneområdestyret for vidare handsaming. Klagefristen er 3 veker frå mottak av vedtaket. Alle partar med klagerett har rett til innsyn i saksdokumenta. Skrifteleg klage skal sendast til Verneområdestyret for SVR Pb. 788 Stoa, 4809 ARENDAL. Oppgi kva for eit vedtak det vert klaga på, dei endringane klagar ynskjer og grunngjeving for klaga. Dersom det vert klaga så seint at det kan vere tvil om det er klaga i rett tid, må det opplysast når brevet kom fram.

Med helsing

Jørn Trygve Haug Verneområdeforvaltar SVR

Kopi: Åseral kommune Gardsvegen 68 4540 ÅSERAL Bykle kommune Sarvsvegen 14 4754 BYKLE Valle kommune Postboks 4 4747 VALLE Fylkesmannen i Agder Postboks 788 Stoa 4809 ARENDAL

Landskapsvernområde Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

Vedtak Med heimel i Forskrift om vern av Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde kap. 5.3.a får fjellredningsgruppene i Åseral, Valle og Bykle/Hovden løyve til å bruke snøscooter for inntil to årlege kjentmannsturar kvar i verneområdet.

Løyvet gjeld for dei områda dei einskilde fjellredningsgruppene soknar til ref. dei einskilde kartutsnitta i saka. Kjentmannsturane skal gå føre seg langs dei etablerte turistløypene med avstikkarar til private hytter.

Løyvet gjeld personell frå fjellredningsgruppene, SNO og politiet. Løyvet gjeld for inntil 19 snøscootere for fjellredningsgruppa i Åseral, 12 snøscootere for fjellredningsgruppa i Valle og 14 snøscootere for fjellredningsgruppa i Bykle/Hovden.

Kjentmannsturane må gjennomførast seinast 30.4 kvart år og løyvet gjeld fram til 30.4.2023. I kalvingsområda må turane gjennomførast seinast 24. april kvart år. I trekksonar må dei gjennomførast seinast 14. april kvart år.

Øvrige vilkår:

 Under kjentmannsturane skal snøscooterane køyre samla i eller større grupper.  Om transporten går over andre sin eigedom må innehavar av løyvet sjølv hente inn samtykke frå grunneigar.  Løyvet skal alltid vera med under transporten.  Løyvet kan trekkast tilbake på kort varsel i periodar om omsynet til viltet tilseier det.  Vert det observert reinsdyr langs køyreruta skal turen utsettast til det ikkje lenger er fare for å uroe dyra  SNO skal ha melding i forkant av gjennomføringa av kjentmannsturane. Her må det også vera ein dialog i høve til om der er observasjonar av villrein i aktuelle område.

Saksopplysninger I søknad datert 28.2.2019 har Agder Politidistrikt – Setesdal driftseining v/Dag Hovden på vegne av dei lokale fjellredningsgruppene i Åseral, Valle, Bykle/Hovden søkt om bruk av snøscooter i samband med øvingsverksemd i verneområdet Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde (SVR). Til søknaden er det lagt ved øvingsplan for øvingar i verneområdet, Setesdal Vesthei sendt over på mail dater 9.12.2019.

Det vert søkt om inntil 2 kjentmannsturar pr. år for kvar av dei tre fjellredningsgruppene. Så langt det passar skal også representantar frå politiet og SNO vera med på kjentmannsturane. For Åseral vert det søkt om løyve til bruk av inntil 19 snøscootere pr. kjentmannstur, for Valle/Hylestadheia inntil 12 snøscootere og for Bykle/Hovden inntil 14 snøscootere. Dette er maksimalt tal snøscootere, i praksis får ein neppe med seg alle mannskap på kvar øving.

Det vert søkt om løyve for fire år, dvs. til 30.4.2023. Øvingane vil i hovudsak finne stad i tilknyting til turistforeininga sitt løypenett men med avstikkarar til private hytter i nærleiken av

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 2 av 8

løypene. Sjå kart nedanfor for dei ulike øvingsområda. Nøyaktig trase er ikkje teikna inn då litt av poenget med kjentmannsturane er at mannskapa skal finne egna farbare ruter. Under kjentmannsturane køyrer gruppa samla eller delt opp i fleire større grupper for å avgrense området som vert påverka av øvinga. Det legg og vekt på å syne «spordisiplin» ved at alle i gruppa køyrer i same spor.

Kart over øvingsområdet nord, for Bykle og Hovden fjellredningsgruppe:

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 3 av 8

Kart over øvingsområdet sør, for Bykle og Hovden fjellredningsgruppe:

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 4 av 8

Kart over øvingsområdet for Valle fjellredningsgruppe:

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 5 av 8

Kart over øvingsområdet for Åseral fjellredningsgruppe

Optimal tidspunkt for gjennomføring av kjentmannsturane er før vinterferien og før påskeferien, då dette gjerne er dei periodane redningstenesta vert nytta.

I søknaden vert det synt til Agder Politidistrikt sin plan for beredskap og øvingsverksemd frå 14.12.2011 som framleis er gjeldande.

Dei lokale fjellredningsgruppene har ei sentral rolle i beredskapen i desse heiområda. Ein sentral del av opplæringa er gjennomføring av kjentmannsturar i områda det er aktuelt med redningsoppdrag. Fjellredningsgruppene vil også dekke areal i kommunane , Hægebostad og der det ikkje er etablert lokale fjellredningsgrupper. Føremålet med øvingane er å gjere seg kjend i dei aktuelle aksjonsområda med tanke på topografi, ferdselsruter, tilkomst til aktuelle hytter, alternative ruter, snøtilhøve mv. Undervegs vert det gjort tryggleiksvurderingar mtp. snøskred, istilhøve samt kartlagt sambandsdekning mv.

Det vart gjeven tilsvarande løyve til fjellredningsgruppene i 2015.

Formell bakgrunn for vurdering og vedtak

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 6 av 8

 Forskrift om vern av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde av 28.04.2000  Forv.plan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane frå 2015  Naturmangfaldlova.

Heimelsgrunnlag Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde vart verna ved Kronprinsregentens resolusjon av 28. april 2000. Føremålet med vernet er etter kapittel III i Føreskrift om vern av Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane landskapsvernområde:

 Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.  Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa

Motorisert ferdsel i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde vert regulert av verneforskrifta kapittel 5.1.a kor det heiter at motorisert ferdsel på land er forbode. Av kap. 5.3.a går det fram at forbodet ikkje gjeld Motorisert ferdsel i samband med militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-,oppsyns-,skjøtsel,- og forvaltningsverksemd. Øvingskøyring i samband med desse føremåla krev særskild løyve.

Saka må ut i frå dette handsamast som ein dispensasjon etter verneforskrifta kap. 5.3.a siste ledd.

Vurdering Dei lokale fjellredningsgruppene har ei sentral rolle i beredskapen i heiområda. Personane er godt kjende i sine områda og er godt trena til redningsoppdrag. Kjentmannsturane må naturleg nok også omfatte areal i verneområdet der det kan bli naudsynt å gjennomføre redningsoperasjonar. Inntil to årlege kjentmannsturar i verneområdet er naudsynt for å kunne ha ein forsvarleg beredskap.

Vurdering etter naturmangfoldlova §§ 8 - 12 Etter § 7 i Naturmangfaldlova skal dei miljørettslege prinsippa i §§ 8 til 12 leggast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg myndigheit. Forvaltingsmyndigheita må ved alle tiltak som vedkjem naturmangfaldet, vurdere søknadane etter desse paragrafane.

Kunnskapsgrunnlaget (§8) Kunnskapen om naturmangfaldet i området er henta frå lokalkunnskap, Miljødirektoratet sin naturbase (www.naturbase.no), samt frå GPS-merkeprosjektet i regi av NINA. Ein har og nytta kartlegging gjennomført av Norsk Villreinsenter (NVS-rapport 6/210).

Frå Åseral og nordover til Bykle og Hovden er ein inne i sentrale villreinområde, og kjentmannsturane vil gå føre seg i eit tid på året der dyra er særleg sårbare for forstyrring. Rutene vil også måtte krysse kalvingsområde og trekkområde der det jamfør verneforskrifta kap. 4.2 er ferdselsforbod i perioden 25.4 – 31.5 (kalvingsområde) og 15.4 – 20.5 (trekksone).

I verneområdet er det fleire hekkelokalitetar for raudslista rovfugl. I etableringsfasen på seinvinteren kan desse vera særleg sårbare for aktivitet nær reirområdet.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 7 av 8

Ut frå kjend kunnskap er det ikkje andre særleg sårbare artar i områda som vert råka av transporten.

Ut frå omtalen ovanfor vurderer ein kunnskapsgrunnlaget som tilstrekkeleg til å fatte vedtak i saka. § 9 («Føre var prinsippet») vert difor tillagt mindre vekt i dei følgjande vurderingane.

Økosystemtilnærming og samla belastning (§ 10 i NML). Landskapsvernområdet SVR er prega av tekniske inngrep knytt til vassdragsreguleringa, samt vegar og straumnett. Frå dei større hytteområda i Åseral, Valle og Bykle (Hovden) er det også mykje ferdsel innover i verneområdet. Vinterstid går det meste av denne på etablerte merka/preparerte løyper. Drift og tilsyn av reguleringsanlegga genererer ein del motorisert ferdsel gjennom vinteren. I tillegg transport inn til turisthytter og driftshytter i heiområda.

Det er søkt om bruk av eit stort tal snøscootere, men samstundes er bruken avgrensa til ein kort periode og inntil to turar pr. år for dei ulike fjellredningsgruppene. Det er likevel viktig at en ikkje berre ser på den aktuelle transporten isolert sett, men har eit langsiktig og heilskapleg perspektiv på ferdsla i områda.

Kostnadane ved miljøforringing skal berast av tiltakshavar (§ 11 i NML) og Miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar (§ 12 i NML) Å ha ein beredskap krev naturleg nok at mannskap er kjend i områda dei skal ut å leite. Andre transportmetodar synast lite realistisk. Søknaden gjeld for eit stort tal snøscootere men innafor tidlegare praksis.

Konklusjon Transportane vil berre i liten grad ha negativ innverknad på verneverdiane i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde og transportane kjem ikkje i konflikt med verneformålet. Transportane vil heller ikkje vere eit trugsmål mot naturmangfaldet. Det kan difor gjevast løyve på vilkår.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 8 av 8