<<

Postadresse Besøksadresse Kontakt Postboks 788 Stoa Setesdalsmuseet Rysstad, Sentralbord: +47 37 01 75 00 4809 Setesdalsvegen 3273, 4748 Direkte: +47 Rysstad [email protected] www.svr.no

Miljødirektoratet Postboks 5672 Torgarden 7485 TRONDHEIM

Saksbehandler Jørn Trygve Haug Vår ref. 2017/8752-0 433.53 Deres ref. Dato 21.01.2020

Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell. Rapportering for 2019

Verdiskapingsprosjektet i Ryfylke er nå inne i sitt fjerde driftsår. Sender med dette over ei oppdatering av stoda i prosjektet. Dette som vedlegg til rapportering i elektronisk søknadssenter.

Gjennomførte aktivitetar i 2019 og planar for 2020

Delprosjekt 1 Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell til barn og unge

Gjennomført i 2019:  Arrangert feltdagar for seks ungdomskuleklassar frå , , Åseral. I tillegg undervisning i klasserom for ungdomstsrinnet Kvinlog skule i . Tema: villreinen som art og kulturberar, høgfjellsøkologi, fjellfriluftsliv og villreinrelaterte kultruminne.  Arrangert opplæringsjakt for ungdom i alderen 16-20 år. Åtte deltakarar.  Dialogmøte med lerarar på Gullingen leirskule i med siktemål å gjere villrein til eit fast tema i undervisniga.

For 2020 vert aktivitetane vidareført med enkelte mindre justeringer. I tillegg vert det jobba med å få satt opp villrein som tema i undervisninga på Knaben leirskule i Kvinesdal.

Delprosjekt 2 Møteplass villreinfjellet

Gjennomført i 2019:  Temamøte om villrein og ferdsel i Vågslid,  Stand på Røldalsmarknaden. Presentering av Villreinsertifikatet  Medarrangør på Heiplansamlinga 2019 på Nesflaten i Suldal  Temamøte om villrein og sau under Sirdalsdagane.

For 2020 er følgjande aktivitetar lagt inn i årshjulet:  Vidare utvikling av villreinsertifikatet, utarbeiding av digital versjon  Medarrangør av sluttseminar for GPS-merkeprosjektet i Setesdal Ryfylke 22.1.  Temamøte om villrein og ferdsel – påskemøte i Bykle der hyttefolk er målgruppa  Medarrangør på Heiplansamlinga 2020  Temamøte villrein og sau i samband med sausesjå i Valle

Landskapsvernområde Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane

 Stand og temamøte under arrangementet Frukt og laks i  Temamøte om sjukdom hjå villrein. Suldal

Delprosjekt 3 Villreinen og kulturarven

Gjennomført i 2019:

 Arrangert til saman fire naturlosturar til villreinrelaterte kulturminne i Åseral, Bygland, Valle og Suldal. Til saman 65 deltakarar. Arkeolog og lokalhistorikarar med som ressurspersonar.  Arrangert to temakveldar med eksterne føredragshaldarar (Tamreindrifta i Bykle og Dei første reinsjegerane)  Utarbeiding av skrift om den lokale villreinhistoria. Ferdig med Hjelmeland og . Skriftet «Villreinjakta i Hjelmeland» vart presentert i eiget temamøte lokalt.  Førebuande arbeid med istandsetting av utvalde kulturminne (hidlar og steinbu).  Gjennomført guidekurs/vertskapskurs for lokale reiselivsbedrifter. Fagleg grunnlag og praktisk formidling. Tolv deltakarar frå 9 bedrifter.  Lyst ut idekonkurranse, sjå: http://www.nasjonalparkstyre.no/svr/Nytt/Verdiskapingsprosjektet-lyser-ut- idekonkurrasnse/

Planar i 2020  Fire naturlosturar i Vinje, Bykle og Suldal.  Utarbeiding av skrift om den lokale villreinhistoria i Åseral, Bygland og Kvinesdal. Lokale føredrag når desse er ferdig.  Tilrettelegging og informasjon på utvalde villreinrelaterte kultruminne.  Utstilling på Sirdal fjellmuseum. Samarbeid med Sirdal kommune og fylkeskommune  Informasjon på fjellhytter (turisthytter mv)  Digital informsjon om villreinrelaterte kulturminne via appen hidden

Delprosjekt 4 Sti- og løypeplan. Adaptiv løypeforvaltning

Gjennomført i 2019:  Seminar om utarbeiding av komunale sti- og løypeplanar på Haukeliseter mars 2019. Femti deltakarar frå kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn, turistforeininga og konsulentfirma. Utarbeida seminarrapport frå seminaret (sjå: https://www.villrein.no/aktuelt/rapport-om-stier-og-lyper).  Årleg evalueringsmøte vedk. adaptiv løypeforvaltning i Bykle austhei.  Fire kommunar har fått innvilga støtte til utarbeiding av komunal sti og løypeplan (Kvinesdal, Hjelmeland, Åseral og Bygland)

Planar i 2020:  Oppfølging av seminar om sti og løypeplanar ut i frå attendemelding frå kommunane  Evalueringsmøte om adaptiv løypeforvaltning i Bykle.

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 2 av 3

Rekneskap 2019

Ligg som vedlegg 1. Alle inn/ut-betalinger i prosjektet går via økonomikontoret i Valle kommune. I rekneskapen ligg det også med oversyn på eigeninnsatsen i prosjektet.

Som det går fram av rekneskapen er det monaleg inneståande midlar for bruk i 2020, som også er siste prosjektåret. I fall ikkje alle midla vert nytta innan utgongen av 2020 ber vi om å kunne nytte dei gjennom 2021. Styringsgruppe vil blir førelagt budsjett der plan for bruk av midla i 2020 og evt. i 2021 er med.

Med helsing

Jørn Trygve Haug Verneområdeforvaltar SVR/prosjektleiar

Etter våre rutiner er dette brevet godkjent og sendt uten underskrift

Vedlegg: 1 Rekneskap 2019

www.svr.no Saksbehandler Jørn Trygve Haug Side 3 av 3