Osmund Faremo : Om Arbeidarrørsla I Setesdal
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Osmund Faremo Om arbeidarrørsla i Setesdal Dalen og folket Setesdal og setesdølen er på mange vis blitt stempla som eit avsides strøk av landet vårt med heller primitive forhold og eit folkeferd som knapt har vore utanfor heimbygda si. Dette er heldigvis heilt feilaktig. Det var med setesdøler i slaget ved Hafrsfjord i 872 - og vidare til Island og i viking- ferd. Og det var setesdølar med i spanskekrigane i Europa m.a. Det har så vore stor utvandring til Amerika både i dette og i førre hundraåret og mange har markert seg sterkt også der. Stemplet om avsides strøk og primitive forhold kjem nok meir av heller overfladiske vurderingar på bakgrunn av at gjennomgangsvegen til Telemark og Vestlandet først kom i 1938 - og på bakgrunn av dei mange litterære omtalar dalen fekk. Spesielt gjennom det ganske eineståande bokverket «Gamalt or Setesdal» som forskaren Johannes Skar har gjeve ut, men og gjennom mange andre bøker av forfattarar som Hans E. Kinck og Hans Henrik Holm m. fl. Gamal tradisjon, motvilje mot presteskap og embetsverk har også vore utgangspunkt for mange harmdirrande og per sonlege rapportar til overordna myndigheit. I sum har dette gjeve eit for einsidig og farga bilete av dalen og dølen. Setesdal er som andre delar av landet vårt, ei samling av både godt og mindre godt. Men med ein rik og nyttig tradisjon - og med eit folkeferd med god menneskeleg utrusting som nok vil både overleve i dagens sentraliseringshysteri og mar kere seg sterkt også i tida som kjem. Thranittrørsla i Agder Marcus Thrane starta eit aktivt og radikalt politisk nybrotsarbeid i 1848 - og Thranittrørsla spreidde seg som eld i turt gras rundt om i landet. 11849 var Thrane på turné i Agder og det blei stifta mange foreningar - i hovudsak i byane langs med kysten. Thranittrørsla fekk ikkje så spontan og sterk oppslutning i dei indre bygdene her på Agder som i byane ved kysten. Men formannen i Kristiansand Arbeiderforening, tømmermann 194 Osmund Faremo (f. 1921) var stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet fra Aust-Agder i 20 år, fra 1965 til 1985. Han arbeidet i NSB under krigen før han i 1943 ble arrestert, døds dømt for illegalt arbeid og sendt til tysk NN-fangen- skap. Han satt i dødslei rene Natzweiler, Dachau, Mauthauser og Melk og ble reddet av «De hvite bus sene» våren 1945. Han gikk telegrafistlinja på jernba ne skolen i 1945/46 og ble stasjonert som telegrafist i Byglandsfjord. I flere år etterkrigen hadde han store plager etter mishandlingene i de tyske leirene, men fikk etterhvert kreftene tilbake og engasjerte seg i politisk arbeid. Han har vært med lem av Bygland kommune styre fra 1951-1975 med to perioder som ordfører. Fritz Jensen, fekk stifte lag i Iveland og Herefoss og i Vennesla og Hægebostad. Thranittforeninga i Iveland er på mange måtar eit merkeleg innslag i samfunnsutviklinga i bygda. Fleirtalet av medlem ene var større gardbrukarar. Det var også med ein del husmenn under desse gardane, men det var altså ressurssterke personar i Iveland som stod bak foreninga og det er grunn til å tru at det difor også måtte ligge andre politiske grunnar bak - og at dette var misnøgje og opposisjon mot embetsverket. Det er og all grunn til å tru at denne innstillinga var nokolunde lik i dei andre bygdene i Setesdal, ikkje minst på bakgrunn av spenningane omkring gruvedrifta i Flatebygd og nikkelraffineriet på Evje i desse tidene - og likeeins omkring gruvedrift og jern-og koparutvinning nær sagt over heile Setesdal. I Byglandssoga er desse ti stadene nemnt: Amalie gruve (aust for Straumsfjorden), Gamle gruve (3 km. sørvest for Amalie gruve), Kong Oscars gruve, Kvæven skjerp, Bratte- brokfjell skjerp, Rysstad skjerp, Fossvassosen skjerp, Flotkjem skjerp, Syvråbukten skjerp og Bø gruve i Valle. Malmen frå gruvene blei køyrt med hest og på vinterføre til Åraksbø i Bygland der det blei bygt smelteverk - Setesdalen Kobberverk - i slutten av 1840-åra. Omlag 100 mann hadde arbeid på smelteverket og i tillegg kom sa transportane til og frå, og mykje kolbrenning m.a. Denne «gullalderen» i Bygland varde berre ca. ti år og avviklinga skapte både mange og ganske store problem. Desse forholda i tillegg til strevet på dei mange husmanns plassane i Setesdal og dei lange og harde arbeidsdagane i jordbruket og i skogen, skapte nok både vonløyse og bitter- heit. Husmennene var arbeidssame, trugne og smånøgde folk som sleit og kava utan å kny. Men då Amerika-feberen greip om seg, kutta mange alle heimlege band og for over «blå myra». Lokalorganisasjonar av Det norske Arbeidarparti På bakgrunn av aktiviteten og den politiske kampen i samband med organiseringa av Thranittforeninga i Iveland, er det vel ikkje så overraskande at Iveland også blei først i Setesdal med å få i gang organisert partiarbeid. I eit svært interessant jubileumsskrift som Iveland arbeidarparti fekk laga til 80-års jubileet i 1986, er det grunngjeve med at det var mange radikale og dyktige menn i bygda på den tida - og at ein av desse, sjersjant Olaf Eieland, var spesielt sentral i samband med førearbeidet og stiftinga av Iveland arbeidarparti. Eieland var fødd i 1855 og voks opp på husmannsplassen Myra under gården Skaiå. Han var heldig og kom inn på underoffiserskulen i Kristiansand. Det var i stor grad den sjansen ein husmannsson eller ein fattig bygdeungdom hadde for å få seg ei utdanning - ja, heilt fram til andre verdenskrigen. Han var kjend som ein dyktig underoffiser, var radikal ven stremann i ungdomen og hadde prøva seg i Amerika i ara 1891-1899.1 jubileumsskriftet står vidare dette: «Det må ha vore uvanlege dimensjonar over Olaf Eieland, både som politisk teoretikar og som politisk organisator og agitator. I Amerika må han ha fått det kapitalistiske system i «vrangstrupen», og etter å ha førebudd seg nokre år, kastar han seg med stor tyngde inn i politikken. I 1906 stiftar han Iveland arbeidarparti som det første i regionen. Men Eieland såg langt utover kommunepolitikken og kommune grenser. Skulle den politiske arbeiderbevegelse få framgang, måtte sameinte lokalpartifå innverknad parikspolitikken gjennom Stortingsval. ... Over alt var han på ferde som foredragshaldar og agitator. Ikkje minst var han ein meister til å bruke pressa i sitt politiske arbeid.» 196 Det er vidare opplyst at han hadde med seg skolerte folk som lærar Knsten Løland og Hans Mykland jr. og at desse tri saman med anleggsarbeidar Amt Larsen i Hornnes var dei som grunnla den organiserte arbeidarrørsla i heile Setesdals- regionen. Ved stortingsvalet i 1906 tok Olaf Eieland og Amt Larsen initiativet med å stille liste for «Sætersdalen kreds». Lista fekk rimeleg god oppslutning (54 av 189 godkjende røyster). Den 31. januar 1909 blei «Sætersdalen kreds arbeiderparti» stifta på Evje med representantar frå Iveland, Hornnes og Evje. Året før hadde Iveland søkt og blitt med i Nedenes amts arbeider parti (no: Aust-Agder arbeiderparti) som blei stifta i Arendal 20. januar 1907. Foreningane bak var i første rekke frå Arendal og Grimstad-området og bygdene langs med Nidelva. Men frå 1909 fekk altså Setesdal godkjent å ha sitt eige kretsparti. Som det går fram av opplysningane frammanfor blei Ive land arbeidarparti stifta i juli 1906. Homnes arbeidarparti kom så etter frå 1. januar 1909 og Evje arbeidarparti seinare ut i 1909. Når det gjeld Bygland må partiorganiseringa ha skjedd nokolunde i same tida. Bygland var ein kommune med fire kyrkjesokn - og kvar sokn hadde sitt eige partilag. Det inneber at kommunen hadde desse laga: Årdal arbeidarparti, Bygland arbeidarparti, Sandnes arbeidarparti og Austad arbeidarparti. Årdal AP og Bygland AP er omtala i referat både frå 1910 og 1911 utan at nokon stiftingsdato er oppgjeve. Når det gjeld Austad AP står fylgjande i eit referat frå 1912: «Partiets (d.v.s. kretsens) organiserte medlemsantal er omtrent det same som i foregående aar. En ny partiforening på 16 medlemmer blev dog i midten av december maaned stiftet på Austad - noksaa langt oppe i selve Sætersdalen. Denne forening er nu den yderste forpost mot nord i dalen.» Det tilseier då at både Hylestad og Bykle er stifta etter 1912. I historieskriftet om Aust-Agder arbeiderparti 1907-1987 skrivar Jens Kvale at Bygland og Hylestad i 1915 blei repre sentert i styret for kretspartiet og at det då var11 partiavdelingar i kretspartiet for Setesdal. Med så mange som11 partiforeningar, er det rimeleg å tru at også andre lag i dalen er komne med. I referat for kretspartiet i 1914 heiter det m.a. slik: «Arbeiderpartiet har hat et godt aar i 1914, idet der er indmeldt 2 nye foreninger, nemlig Aaraksbø med 37 medl. og Evje socialdemo- 197 kratiske ungdomslag med 30 medl., begge disse er stiftet efter foredrag av red.sekretær Øisang. Ingen forening er utmeldt og medlemstallet er gaat opp fra 122 ved aarets begyndelse til 249 (derav 9 kvinder) den l.jan. 1915.» Kretspartiet heldt fram som fellesorganisasjon for Setesdal til 1927. Den store jernbaneutbygginga Som ei vidareføring av tankjerekka eg har vore inne på frammanfor, så var Setesdalen korkje avstengt eller inne stengt frå omverda. Ei omfattande gruvedrift med sine mange arta tilleggsaktivitetar på fleire område og med innslag av utanlandske fagfolk og ekspertise, gav mange og viktige impulsar. Liberale og svært aktive menneskje som Lars Lie- støl i Bygland og Jørgen Løvland i Evje betydde svært mykje for distriktet, Liestøl som lensmann og ordførar i Bygland, og båe som stortingsmenn og statsrådar i desse viktige og avgjer ande åri i dalen si utvikling. Liestøl var medlem av den store jembanekommisjonen, og Løvland var svært aktiv i Stortinget for å få gjennom både bygginga av Setesdalsbanen og Åmli- banen før og etter århundreskiftet. Jernbaneutbygginga hadde enormt mykje å seie både for sysselsetting og næringsliv. Endestasjonen for Setesdalsbanen blei Salbergmoen ved utløpet av Byglandsfjorden - og der blei stasjonsbyen Byglandsfjord planlagt og starta på i 1893, slik at ein del alt var bygt da banen blei offisielt opna - med pomp og prakt og med statsrådsbesøk - den 25.