Hovedartikkel
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
DET HUMANISTISKE FAKULTET MASTEROPPGåVE Studieprogram: MHIMAS Vårsemesteret, 2014 Åpen Forfattar: Gunnar Dyrseth ………………………………………… (signatur forfatter) Rettleiar: Jan Bjarne Bøe Tittel: Lagnaden til politiinspektør Hans Jakob Skaar Pedersen – Ei drøfting av historiebruk under kunnskapsløftet Engelsk tittel: The fate of policeiinnspector Hans Jakob Skaar Pedersen- a discussion of the history of use under the norwegian Curriculum Emneord: Historiedidaktikk, Sidetal: ………………… historiemedvit, historiebruk, forteljing, Hans Jacob Skaar Pedersen, landssvik, + vedlegg/anna: ……… rettsoppgjer Stavanger, Ullandhaug 16.05/2014 1 Forord Å arbeide med ei masteroppgåve er som min rettleiar Jan Bjarne tidleg i studiet sa: ”å gå inn i dei mørkaste dalar og klatre dei høgaste fjell.” Det er det verkeleg. Takk til Marie Smith Solbakken og Nils Rune Langeland som fekk meg på sporet av Skaar Pedersen-saka. Den største takk til min rettleiar Jan Bjarne Bøe, som den tålmodige sjela du er, takk for gode og naudsynte kommentarar og moralsk støtte. Den eg likevel har mest å takka er Trude. Du er den akademiske og sjelelege klippa mi. Ei jente som alltid backar meg, og gir dei rette råda. Ullandhaug, mai 2014 Gunnar Dyrseth 2 Innhald Forord....................................................................................................................................................... 2 Innhald ................................................................................................................................................ 3 Del 1: Innleiing. .................................................................................................................................... 5 1.1 Presentasjon av oppgåva .................................................................................................... 5 1.2 Val av tema................................................................................................................................ 6 1.3 Arbeidet med oppgåva......................................................................................................... 7 1.4 Problemformulering:............................................................................................................ 7 1.5 Disposisjon................................................................................................................................ 8 1.6 Kvifor skal ein arbeide med historiebruk i handsamning av emne innføre den andre verdskrigen?.............................................................................................................. 9 1.7 Sentrale omgrep for oppgåva..........................................................................................12 1.7.2 Forteljing ...............................................................................................................................14 1.7.3 Historiefaget og kunnskapsløftet...................................................................................15 1.8 Historiografi og landsvikoppgjeret. .................................................................................17 Del 2. Lagnaden til politifullmektig Hans Jakob Skaar Pedersen.................................21 2.1 Kva er Hans Jakob Skaar Pedersen saka? ..................................................................22 2.2 Kva for samfunn skjer denne saka i? ...........................................................................29 2.2.1 Stavanger - Noregs München?.......................................................................................30 2.2.2 Stavanger under krigen – illegale radiosendarar, drap og sabotasjeaksjonar. 30 2.2.3 Kva er statspolitiet?.........................................................................................................32 2.3 Det juridiske grunnlaget i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv ..........36 Del 3: Ulike forteljingar om SP - Historiebruken....................................................................39 3.1 Erling Ueland (1976) – Eit forssvarskrift til inga nytte. ...........................................43 Hovudsyn. .......................................................................................................................................48 3.2 Sven Egil Omdal (2003) – Ein av dei tre stavangermennene..................................49 Hovudsyn ........................................................................................................................................54 3.3 Asbjørn Jaklin (2011) – Ein av dei 25 dødsdømde.....................................................54 3 Hovudsyn ........................................................................................................................................62 3.4 Erik Veum (2012) – Den ansvarlige(?)...........................................................................63 Hovudsyn ........................................................................................................................................68 Del 4. Historiedidaktisk drøfting. .................................................................................................69 4.1 Læreplanen, kva for mål og kvifor?.................................................................................70 4.1.2 Grunnleggjande ferdigheiter...........................................................................................71 4.1.3 Kompetansemål...................................................................................................................72 4.1.4 innhaldet i undervisning om Skaar Pedersen......................................................73 4.2 Å lese historia om Skaar Pedersen. ..............................................................................74 4.3 Å skrive historia om Skaar Pedersen som forteljing.............................................75 4.4 Forteljinga til bruk i undervisning....................................................................................76 4.5 Teoretiske omgrep og korleis kan ein lese forteljinga om Skaar Pedersen? ......77 4.5.1 Korleis kan ein lese Skaar Pedersen som forteljing? ........................................81 4.6 Den alternative forteljinga...................................................................................................83 4.7 Kjeldeforteljinga.....................................................................................................................84 4.8 Eit forslag til korleis kan ein arbeide med historiebruk i klasserommet ............86 4.8.1 Å arbeide med Skaar Pedersen som prosjektarbeid og den alternative forteljinga........................................................................................................................................88 Konklusjon og vidare perspektiv. .................................................................................................90 Litteratur................................................................................................................................................93 4 Del 1: Innleiing. 1.1 Presentasjon av oppgåva Eg skal i denne masteroppgåva sjå nærare på historia til og historiebruken om Hans Jacob Skaar Pedersen (1903-1946), politifullmektig i Statspolitiet i Stavanger (1943- 45), som etter at den andre verdskrigen tok slutt vart arrestert, dømd og avretta for tortur og landssvik. Det teoretiske ramma for oppgåva er henta frå historiedidaktikk og er sentrert om omgrepa historiebruk og historiemedvit. Den normative ramma er gjeldande læreplan kunnskapsløftet for historie VG3 studieforberedande utdanningsprogram1(heretter KL06). Saka om Skaar Pedersen er tidligare presentert i ulike historiske framstillingar. I denne masteroppgåva ønsker eg å drøfta korleis ein kan nytte denne saka, slik den er og slik den er framstilt, på ein konstruktiv måte i undervisning. Målsettinga er å vise korleis fortida er ein konstruksjon, framstilt i ei samtid, lest i ei notid. Oppgåva har tre problemfelt. 1. Gje ei framstilling av historia til Skaar Pedersen. 2. Skildre historiebruken i historiske framstillingar. 3. Skildre korleis ein praktisk kan arbeide med denne casen i undervisningssamanheng. For det er ein skilnad mellom å forstå kva det er som skapte den historiske personen Hans Jacob Skaar Pedersen og kvifor han vart dømd, og korleis han er fortolka og brukt i språklege samanhengar i dag. Eg vil i denne oppgåva vise til saka sine normative verdiar - korleis den er framstilt (historiebruk), og kan brukast som forteljing. Målet med er ikkje å gje ei juridisk reinvasking eller lage ei djup deskriptiv analyse. Ved å vise til historia og historiebruken i forteljinga(ne) om Skaar Pedersen ønsker eg å syne ulike måtar å forstå forteljingar om fortida som konstruksjonar. Ved å ta utgangspunkt den historiebruken som ligg til og i dei ulike framstillingane, vil ein kunne nytte denne historiske casen til å øve elevar i vidaregåande i å utøve ein metakunnskap om historiefaget. 1 Utdanningsdirektoratet 2014: http://www.udir.no/kl06/HIS1-02/Hele/ 5 1.2 Val av tema ”Snakk med besteforeldre om korleis dei opplevde krigen…”, stod det ein gong på ei lekse eg fekk på ungdomsskulen. Det kunne eg ikkje. To av mine besteforeldre er døde, to andre er fødd under og etter krigen og hugsa han ikkje. Det er difor ingen eg kunne freiste å spør om kva som hende under krigen. I mangel på intime fang, der eg kunne sitte å høyre om historier frå dei dramatiske åra, møtte eg den gjennom bøker og film. Interessa har vore vekslande. Frå å vere fasinert over det militære Tyskland som gutunge, til ein interesse over