<<

KOMMUNE

MØTEBOK

SAK ORGAN MØTEDATO TS 089/15 Sektorutval for tekniske saker 10.11.2015

Avgjerd av: Sektorutval for tekniske saker Ref: 15/975 -4 Ark. L12 Sakshandsamar: Kari Lin Kyrkjeeide

Mindre endring innanfor plan for Tonningsetra hyttefelt - framlegg til godkjenning

Søkjar: Nordplan AS p.v.a. Sameige Tonning og grunneigarlag.

Presentasjon:

Formålet med endringssøknaden er å justere transportvegsystemet og fire hyttepunkt innanfor planområdet.

Lovgrunnlag, reglar, føresegner, plandokument:

- Plan- og bygningslova (pbl). - Forvaltningslova (fvl). - Naturmangfaldlova (nml). - Reguleringsplan for Tonningsetra hyttefelt, vedteken 13.11.2007.

Aktuelt sakstilfang:

Vedlagt saka: - Søknad om mindre endring, datert 12.08.15, med plankart datert 06.08.15. - Brev frå Sameiet Tonning og Vik grunneierlag, datert 08.09.15.

Saksopplysningar:

Styret i grunneigarlaget søkjer om justering av transportveg TRS1 slik at den følgjer eksisterande veg. I tillegg vert fire planlagde hyttepunkt – nr. 34, 36, 37, 38 – justerte i høve til slik dei ligg i gjeldande reguleringsplan. Vidare er det lagt inn ny transportveg mellom TRS veg 1 ogTRS veg 2. Denne vegbiten fører til at ein unngår kryssing av Fosselva med transportveg som planlagt i gjeldande plan. Som følgje av dette vert også vegendane i TRS 2 og 3 korta inn.

1

Det står i søknaden at endringane ikkje skal ha noko negative konsekvensar i høve ROS og naturmangfald. Ny vegtrasè vil medføre terrenginngrep, men dette erstattar kryssing av elva med veg i gjeldande plan, og framleggstillar ser på dette som nøytral til positiv konsekvens.

Vurdering:

Transportvegane er i følgje gjeldande planføresegner (§16) tenkt som enkle trasèar for framføring av byggjematerialar m.v. Endringane ligg innafor tidlegare regulert område, og medfører berre justering av eksisterande og tidlegare planlagde transportvegar og hyttepunkt. Grunneigarlaget skriv i brev av 08.09.15 at ingen tomteigarar/festarar/grunneigarar har kome med merknader til høyringa av søknaden. Sakshandsamar vurderer på bakgrunn av dette at søknaden kan handsamast som ei mindre endring.

Tilhøvet til ROS og naturmangfald er kort vurdert i endringssøknaden, og sakshandsamar seier seg einig i denne vurderinga.

Sidan saka omhandlar mindre endringar/justeringar, bør plankartet etter pbl 1985 kunne vidareførast.

Teknisk sjef sitt framlegg til vedtak:

I medhald av pbl §12-14, vedtek sektorutval for tekniske saker mindre endringar innafor reguleringsplan for Tonningsetra hyttefelt, som skildra i søknad datert 12.08.15 og vist på plankart datert 06.08.15, revisjon D.

Oppdragsgjevar må dekke handsamingsgebyr etter kommunalt regulativ. Gebyr for saka er fastsett til kr 5080.-

- Etter fvl kap.VI, (jfr pbl §1-9) kan dette vedtaket påklagast til fylkesmannen. Klage, som bør grunngjevast, skal sendast om Stryn kommune v/sektorutval for tekniske saker innan 3 veker etter at melding om vedtak er motteke.

Handsaming i Sektorutval for tekniske saker 10.11.2015.

TS-089/15 Vedtak:

Teknisk sjef sitt framlegg samrøystes vedteke.

Sign.

Kolbjørn Nilsen - sekr.-

Utskrift av endeleg vedtak vert sendt til: Sameiet Tonning og Vik grunneierlag v/Jan Vollset, e-post: [email protected] Nordplan AS, e-post: [email protected] Avd. byggesak og regulering, -her M.S.W.,-her

2

Nordfjordeid Ålesund Førde Vågå

Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 Stryn

v/ Avd for byggesak og regulering

Dato: Stryn, 12.08.2015 Vår ref: Dykkar ref:

Tonningsetra hyttefelt planID 2007004- søknad om mindre vesentleg reguleringsendring

På vegner av Tonning og Vik grunneigarlag blir det søkt om mindre vesentleg reguleringsendring for reguleringsplan for Tonningsetra hyttefelt, gjeldande plan vart godkjent av kommunestyret 13.11.2007 (revisjon C).

Styret i grunneigarlaget har på møte 11.08.15 vedteke å søke om mindre vesentleg reguleringsendring som vist på vedlagde plankart dagsett 06.08.15 – revisjon D.

Følgjande er endra:

- Justert transportveg TRS veg 1 slik at den følgjer eksisterande veg. I samanheng med vegjusteringa er plassering av fire nye hyttepunkt justert: - tomt 34: 7 meter mot vest - tomt 36: 7 meter mot sørvest - tomt 37: 11 meter mot sør - tomt 38: 21 meter mot sørvest

- Lagt inn ny transportveg mellom Trs.veg 1 og Trs.veg 2. Stigning maks 12%. - Ved dette unngår ein kyssing av elva med transportveg, og vegendar for trs.veg 2 og 3 er korta inn.

Oppdateringar som følgje av nytt kartverk frå 2014: - Eksisterande bygg på gbnr 46/102/27 og 46/102/28 er lagt inn.

an_infrastruktur\dokument\tonningsetra hyttefelt - - austre grov er justert

Justeringane krev ikkje endringar av gjeldande føresegner til reguleringsplanen.

Vi ser ikkje at endringane skal ha nokon negative konsekvensar i høve risiko og sårbarheit eller naturmangfald. Ny vegtrasé vil gjere eit inngrep, men dette erstattar kryssing av elv med veg og vi ser på summen av dette som nøytral til positiv konsekvens.

Vedlagt følgjer framlegg til revidert plankart på pdf-format, plankart på sosi-format (plan etter pbl 1985), samt rapport frå sosikontroll.

c:\pdoc\2014\14118 veg og va tonningsetra\8 plandata pl Nordplan AS Eidsgata 45 Telefon 57 88 55 00 NO 948 081 768 MVA Postboks 224 [email protected] Bankkonto: 3790 05 03459 6771 Nordfjordeid www.nordplan.no

■ ■ Nordplan ■ side 2 av 2

Med helsing for Nordplan AS

Steinar Nesdal Ing. arealplan/samferdsle

Kopi til: Tonning og Vik grunneigarlag v/Jan Vollset

Sameiet Tonning og Vik grunneierlag Postboks 2 7681 Stryn

Stryn kommune Avdeling for byggesak og regulering v/Karl Linn Kyrkjeeide

Stryn 8.09.2015

Vedkomande s0knad om mindre endring innanfor reguleringsplan for Tonningsetra hyttefelt, planID 2007004.

Vi viser til var s0knad datert 12.08.15 og brev av 13.08.15 (dykkar ref 15/975-2/K2-L//KLK).

Vi har sendt forslaget per mail til eigarar og festarar av eigedomar vi meiner vert direkte rika av tiltaket, samt til hyttelaget v/leiar Roger Vik. (Kopi av mail er vedlagt). Frist blei satt til 14 dagar (04.09.2015). I alt 14 av 21 tomteeigarar/festarar har svart tilbake om at dei har mottatt forslaget og • ingen har merknadar. I tillegg har styret i hytteeigarlaget meldt tilbake om at dei ikkje har fatt nokon merknadar og st0tter difor endringane.

Det ligg ikkje f0re nokon merknadar innan fristen og vi ber difor om at s0knaden om mindre endring blir behandia som oms0kt.

Helsing

Styreleiar Mail sendt 21.08.2015 til folgande mottakarar: Martin Bakke , Kire B0e , Asbj0m Gald . Odd Hool , Brite Jacobsen , Inger Johanne Jacobsen , Trond Leirgulen , Steinar Lunde , Stian Sandbakk Lunde, Steinar Lunde , Nils Are Karstad Lyso , Jon Ove . Stale Meland , Kristin Reke , Hans Sandbakk , John Rasmus Sasb0 , Lasse Borge Ssetre , Per Sffitre , Kare Tonning . Otto Vik , Roger Vik , Tomas Vik , Bjorg Jorunn Vinsrygg Steen, Leif Vinsrygg leif:vimrvgg0,gmail. com Hyttelaget v/leiar Roger Vik Av desse har 14 svart og har ikkje merknadar. I tillegg har hytteeigarlaget send same melding til samtlege hytteeigarar og bedt om tilbakemelding. Ingen har kome med merknadar.

Hei Sameiet Tonning og Vik grunneierlag har vedtatt a S0ke Stryn kommune om godkjenning av ei mindre endring innanfor reguleringsplan. Bakgrunnen for dette er eit 0nske fira hytteeigarar i austre del av hyttefeltet om a fa legge transportveg 1 meir optimalt i terrenget i forhold til dei eksisterande hyttene. Dette har f0rt til at vi ma justere noko pa plasseringa av folgende hyttetomter: 34, 36,37 og 38. For i unnga ei dyr kryssing av Fosselva, har vi valgt a legge Transportveg 2 som vist pa vedlagde reguleringskart. Vi vil i denne samanheng minne om § 16 i Reguleringsforesegnene som beskriv kva desse vegane skal nyttast til.

Vedlagt kopi av soknad til Stryn kommune. Vi ber om bekreftelse pa at du/de har mottatt denne meldinga snarast rM og seinast innan 4.09.2015. Kommentarar sendes til [email protected] eller Nordplan AS v/Steinar Nesdal, [email protected] innan same frist. Helsing Pa vegne av Sameiet Tonning og Vik grunneierlag Jan VoUset Styreleiar