Reguleringsplan for Undredal
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Aurland kommune Reguleringsplan for Undredal Planomtale Planid.: 1421-2014002 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 2019-09-18 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Oppdragsgjevar: Aurland kommune Oppdragsgjevars kontaktperson: Anja Marken Rådgjevar: Norconsult AS, Firdavegen 6, NO-6800 Førde Oppdragsleiar: Johannes-Henrik Myrmel Fagansvarleg: Johannes-Henrik Myrmel Andre nøkkelpersonar: Ingrid Høvik, Christina Sørheim J05 2019-02-12 Justert iht. e-post av 5. februar frå INHOV oppdragsgjevar og telefonsamtale den 11. februar. J04 2019-02-01 For bruk – endeleg versjon. INHOV JOHM (Oppdragsgjevar sine kommentarar til versjon J03 er ivareteke/avklart) J03 2016-09-23 For bruk – endeleg versjon. JOHM JOHM (Oppdragsgjevar sine kommentarar til versjon C02 er ivareteke/avklart) C02 2016-09-21 For gjennomgåing hjå oppdragsgjevar. JOHM TMK (Dokumentet er ferdig ihht. oppdragsavtale) A01 2016-05-10 Til intern bruk – disposisjon og innhald i JOHM dei ulike kapittel. Versjon Dato Omtale Utarbeida Fagkontrollert Godkjent Dette dokumentet er utarbeida av Norconsult AS som del av det oppdraget som dokumentet omhandlar. Opphavsretten tilhøyrar Norconsult. Dokumentet må berre nyttast til det formål som går fram av oppdragsavtalen, og må ikkje kopierast eller gjerast tilgjengeleg på annan måte eller i større utstrekning enn formålet tilseier. 2019-02-01q:\undredal\vedtak av plan\5162064_rapp_planomtale_j06.docx 2019-02-12 | Side 2 av 46 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Samandrag Arkitektkontoret 4B og Norconsult har på oppdrag frå Aurland kommune utarbeidd framlegg til reguleringsplan for Undredal. Formålet med planen er å gje føringar for vidareutvikling av Undredal som bu-, besøks- og arbeidsstad. På bakgrunn av vedtak om oppstart av planarbeidet er det utarbeidd planprogram. Formålet med planprogrammet var å leggje til rette for ein diskusjon om mål, prinsipp og konkrete arealbruksløysingar i reguleringsplanen. Basert på føringane i planprogrammet er det utarbeidd ei rekke utgreiingar samt ei stadanalyse. Gjennom medverknad i Undredal er det utarbeidd plankonsept som har vore gjenstand for politisk handsaming. Planen er utarbeidd med utgangspunkt i plankonseptet og politiske føringar. Stadanalysen som er utarbeidd av Aurland Naturverkstad har vore eit viktig grunnlag for planarbeidet. Johannes-Henrik Myrmel, Ingrid Høvik og siv. ark. Christina Sørheim har gjennomført planarbeidet. Anja Marken i Aurland kommune har vore kontaktpersonen i kommunen og bindeleddet mot styringsgruppa og prosjektgruppa for planarbeidet. 2019-02-01q:\undredal\vedtak av plan\5162064_rapp_planomtale_j06.docx 2019-02-12 | Side 3 av 46 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Innhald Innleiing 5 Planområdet 5 Endringar 6 Planprosessen 7 Faglege vurderingar 8 Rammer og retningslinjer for planarbeidet 10 Nasjonale og regionale føringar 10 Lokale føringar 11 Planframlegget 13 Fjorden 13 Vegsystema 14 Utbyggingsområda - vidare utbygging og fortetting 16 Omsynssoner 18 Verknader av planframlegget 23 Arealbruk og trafikk 23 Landskap 23 Naturmangfald 23 Naturresursar med vekt på landbruk 24 Kulturmiljø 24 Friluftsliv 26 Eigedomstilhøve 27 Økonomiske konsekvensar 27 Risiko- og sårbarheit 27 Planretningslinjer og rettslege prinsipp 28 2019-02-01q:\undredal\vedtak av plan\5162064_rapp_planomtale_j06.docx 2019-02-12 | Side 4 av 46 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Innleiing Bakgrunnen for planen er ønskje om å legge rammene for vidareutvikling av Undredal som ein bu-, besøks- og arbeidsstad samtidig som det vert teke omsyn til dei særprega kvalitetane i området. Det meste av området er tidlegare regulert. Ved oppstart av planarbeidet vart fokus definert. Det var knytt til ivaretaking av bygningsmiljø, trafikk med vekt på mjuke trafikantar, parkering og busstrafikk samt omsynet til etablering av infrastruktur, vidare vern og bustadbygging, tilgjenge til strandsona for ulike brukargrupper og etablering av kai samt tryggleik. Innanfor sentrum er det eit samansett bygningsmiljø som bør takast vare på. Det er difor lagt vekt på at søkar skal klargjere korleis konkrete tiltak er tilpassa kvalitetane i området. I forvaltninga av planen er det viktig at det offentlege og eigarane samarbeider for å få fram god tilpassingsarkitektur. Planområdet Planområdet femnar om grenda Undredal i Aurland kommune. Planområdet femnar om areal nord og sør for Undredalselvi, strandlinja med tilgrensande areal i Aurlandsfjorden, Krossanes i nord og snuplassen ved innkøyringa til Undredal i aust. Planen er sett saman av plankart 1 som femnar om arealbruk og omsynssoner (vedlegg 1) samt plankart 2 som femnar om faresoner (vedlegg 2). Figur 1.1: Ortofoto som syner lokalisering og avgrensing av planområdet. Arealbruken innanfor planområdet er knytt til landbruk, bustad og service samt kulturverdiar i form av bygningsmiljøet og stavkyrkja. Sjøareala består hovudsakleg av Nærøyfjorden landskapsvernområde. Planområdet er på 302,5 daa. Føremålet med planen er å verne om Undredal sitt særpreg i busetnad og landskapsform, samstundes som ein legg til rette for vidare utbygging av bustader og legg til rette for ny bruk av eksisterande bygningsmasse. 2019-02-01q:\undredal\vedtak av plan\5162064_rapp_planomtale_j06.docx 2019-02-12 | Side 5 av 46 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Endringar Samanstillinga i Figur 1.2 gjev oversikt over arealbruksendringane som planen opnar for. Oversikta klargjer endringane samanlikna med arealbruk avklart i vedtekne reguleringsplanar. Omfanget av endringane er skildra i Tabell 1.1. Oversikta femnar ikkje om omsynssoner og endringar i føresegner. Figur 1.2: Kart som syner endringar av arealbruk i forhold til vedtekne planar. 2019-02-01q:\undredal\vedtak av plan\5162064_rapp_planomtale_j06.docx 2019-02-12 | Side 6 av 46 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Tabell 1.1: Oversikt over endringar. Nr. Vedteken plan Endring 1 Sjø og vassdrag i Utviding av planområdet i sjø (Aurlandsfjorden). Arealbruken i kommuneplanen (k-plan) kommuneplan og Verneforskrifta for Nærøyfjorden vert vidareført 2 Landbruks- natur- og Utviding av planområdet– hovudsakleg sett av til landbruk. Noverande friluftsområde i arealbruk er vidareført. kommuneplanen 3 Bygningar/anlegg og Friluftsområde langs Undredalselvi. Føresegner med krav til trygging for friområde bygningar innanfor BA. 4 Trafikkområde Justert trafikkområde som følgje av gjennomførte flaumtiltak. 5 Bygningar/anlegg Bygg og anlegg, der noverande bruk er vidareført. Skulehuset skal ikkje byggast om til korttidsutleige. 6 Landbruksområde Landbruksområde der landbruksbygg som ikkje er i bruk kan takast i bruk til tiltak som ikkje fell innanfor definisjonen av stadbunden næring og turisme. I tillegg kan det førast opp på- og tilbygg. 7 Landbruk Bustadområde kor det kan førast opp 1 – 2 bustader. 8 Landbruk Bustad ført opp (noverande bruk). 9 Spesialområde bevaring Bygg og anlegg med naudsynte underformål og omsynssone bevaring. 10 Bustad Avgrensing av området for å trygge allmenta tilgjenge langs fjorden på gangveg. I tillegg er skredutsett område teke ut. 11 Sjø og vassdrag Utviding av kai – løyve er gitt basert på søknad. 12 Sjø og vassdrag Ferdselsområde i sjø. 13 Landbruk Utviding av bustadfelt på Hjødna i forlenging av eksisterande bustadfelt. 14 Landbruk Ungdomshuset er lagt inn som bygg og anlegg. Noverande bruk vert vidareført. 15 Køyreveg Endra til gatetun/gågate opp til Pottefot. 16 Landbruk Gatetun/gågate utvida til å innlemme ein møteplass. I tillegg til ovannemnde arealbruk er det lagt inn ei rekke omsynssoner, som femnar om: Sikringssone; område for grunnvassforsyning (H120) Faresone; ras- og skred (H310), flaum (H320), radon (H330), radon (H330) og høgspentanlegg (H370) Sone med særskilt gitte omsyn; landskap (H550), bevaring av kulturmiljø (H570) Bandleggingssone; bandlegging etter lov om naturvern (H720) og kulturminne (H730) Planprosessen Planarbeidet var ved oppstart vurdert til ikkje å falle innanfor virkeområde i forskrifta om konsekvensutgreiing. For å trygge tideleg samråd og medverknad vart det utarbeidd planprogram. Av fastsett planprogram går det fram at det var trong for utgreiingar knytt til; strandsona, bustader og bygningsmiljø og naturbasert sårbarheit. I tillegg er det utarbeidd ei stadanalyse. 2019-02-01q:\undredal\vedtak av plan\5162064_rapp_planomtale_j06.docx 2019-02-12 | Side 7 av 46 Oppdragsnr.: 5160650 Dokumentnr.: 001 Versjon: J06 Reguleringsplan for Undredal | Planomtale Desse arbeida har vore utarbeidd delvis i forkant og delvis samstundes med at planen er utarbeidd. Desse vurderingane har vore viktige bidrag som planarbeidet er basert på. 12.mai 2016 vart det gjennomført arbeidsverkstad med inviterte deltakarar. Planprogrammet saman med dei faglege vurderingane og resultatet frå arbeidsverkstaden danna grunnlaget for utviklingskonseptet for Undredal som har vore grunnlag for politiske drøftingar og utforming av planen. Faglege vurderingar Undredal strekker seg omlag 10 km frå Aurlandsfjorden og i sør/sørvestleg retning opp mot Undredalsmoen og fjella. Ved tunnelpåslaga til den nye vegen, er høgdene omlag 350 og 400 moh. Dalen er V-forma og med bratte fjellsider. Undredalselvi har stor vassføring deler av året, tidvis går ho flaumstor. Dalen utvidar seg til