Soga Om Høgskulen I Bø

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Soga Om Høgskulen I Bø Olav Rovde SOGA OM HØGSKULEN I BØ Telemark distriktshøgskole og Høgskolen i Telemark 1970 - 2016 1 Soga om høgskulen i Bø Utgjevar: Universitetet i Søraust-Noreg, Bø Grafisk formgjeving: Kristin Ødegård Vestgarden, Hustrykkeriet Bø 2018 ISBN 978-82-7206-498-2 Olav Rovde Trykk ETN Grafisk Innbinding Bokbinderiet Johnsen AS Papir Arctic Matt 130 gr 2 Forord Våren 2016 fekk eg spørsmål frå dåverande adminstrasjonssjef ved høgskuleavdelinga i Bø, Erik Årnes, om eg kunne tenkje meg å skrive historia om høgskulen i bygda. Den skulle omfatte både distriktshøgskulen (i tida 1970 til 1994), og perioden frå 1994 då Bø-høgskulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HiT), fram til den nye fusjonen i 2016 til Høgskolen i Søraust- Noreg (oppgradert til Universitetet i Søraust-Noreg frå 2018). Utover denne tidsplasseringa, og at det berre skulle omhandle høgskulen i Bø, vart det ikkje lagt andre føringar for arbeidet. Tilbodet var freistande. Eg måtte svare ja, sjølv om eg såg problem knytt til eit slikt arbeid. I mest heile denne perioden var utviklinga av høgskulen ein sentral del av mi eiga historie. Eg vart tilsett som historikar ved distriktshøgskulen i Bø i 1973, og med unntak av nokre periodar då eg var permittert med ulike skrive- og forskingsoppdrag, sat eg i fast stilling fram til eg gjekk av med pensjon frå 2012. Eg kjenner slik høgskulehistoria frå innsida. Kjennskapen og kunnskapane eg med den bakgrunnen fekk, gjer det sjølvsagt lettare å identifisere dei viktige trekka ved utviklinga av høgskulen. Men det at eg sjølv har vore med på denne utviklinga, og har vore med på å påverke den, kan på den andre sida lett skape bindingar og oppfatningar som kan gå ut over evna til kritisk distanse og til «balansert» og objektiv framstilling av historia. Dette er problemstillingar som er velkjende for dei som skriv om moderne historie. Til mitt forsvar nemner eg at eg sjølv har arbeidd mykje innanfor feltet kalla «samtidshistorie», der kravet til kritisk distanse er særleg aktuelt. Denne historia, og tolkingane i den, kviler på eit stort kjeldemateriale. Det skriftlege materialet som framstillinga i det vesentlege byggjer på, er samla i tre ulike arkiv. Materialet om distriktshøgskulen er arkivert på Statsarkivet i Kongsberg. Arkivet for perioden 1994 til 2016 ligg for det meste ved sentraladministrasjonen i Porsgrunn, men også ved avdelinga i Bø. Arkivet i 3 Bø omfattar berre saker knytt til utviklinga i Bø, medan materialet i Porsgrunn er felles for alle avdelingane i Høgskolen i Telemark, dvs både Lærarhøgskolen i Notodden og høgskulane i grenlandsområdet – som vart samla i Porsgrunn i 2000. Mi oppgåve var å skilje ut det materialet som i første rekkje vedkom Bø, som er hovudtema i boka. Men det at Bø-høgskulen frå 1994 vart ein del av den felles Høgskolen i Telemark, gjorde det nødvendig å trekkje inn eit breiare utval av kjelder. Gode arkivkatalogar og hjelp frå dyktige og tenestevillige arkivarar, har gjort vanskar med kjeldeutvalet langt mindre. Eg takkar særleg Tove Merete Kristoffersen i Bø, og Bente Arnestø og Atle Johansen i Porsgrunn for arbeidet med å finne fram relevant kjeldemateriale. Eg har også hatt hjelp av andre undervegs. Det gjeld i første rekkje kollegaene mine ved høgskulen. Her har eg fått opplysningar både gjennom kommentarar til artikkelutkast, svar på spørsmål, og gjennom samtalar. Med det har eg kunna utfylle kjeldematerialet. Ei særleg takk vil eg rette til Øyvind T. Gulliksen og Nils Ivar Agøy som har lese og kommentert utkast til heile manuset. Det har minska problemet med at eg ikkje har hatt noka fast lese- eller styringsggruppe som kunne følgje framdrifta av boka. Boka er ikkje «sanninga» om fortida til høgskulen, kva no enn det måtte vere. Ho er min versjon. Ansvaret for denne versjonen er min. Eg trøystar meg elles med at feil og manglar som nokon sikkert vil finne, nok ikkje er til å unngå i ein tekst med så mange tema og detaljar. Eg avgjorde på eit tidleg tidspunkt å byggje historia, særleg den faglege delen, rundt innsatsen til personar. Det har gjort at mange er nemnde. Men det ville vere uråd å nemne alle som har delteke i denne utviklinga. Det er mine val av perspektiv og emne som er avgjerande for kven som «er med» i boka. Dette er inga undervurdering av dei som ikkje er nemnde. Mange av dei har gjort ein stor innsats – mellom anna i undervisninga. Æra og ansvaret for utviklinga av høgskulen må derfor delast av mange. Eg har elles valt å forme historia i ei brei framstilling av høgskulemiljøet i Bø med fokus på fleire emne og tema. Desse er ordna kronologisk i fem kapittel. Det første tek for seg den intense debatten som førte til at den nye distriktshøgskulen vart lagt til bygda Bø. Det var eit vedtak avgjerande ikkje berre for Bø-samfunnet, men det la også grunnlaget for den faglege oppbygginga. Det siste er emne for det andre kapittelet som då også utgjer innføringsdelen av historia. Dei tre neste tek for seg utviklinga av høgskulen fram til fusjonen i 2016 – delt i tre fasar, den første fram til samanslåinga av alle høgskulane i fylket til HiT i 1994. Mellom dei to neste har eg sett 4 eit skilje rundt 2003, då det vart sett i gang eit omfattande omstillingsarbeid som ikkje berre påverka den faglege utviklinga, men også styringssystemet ved høgskulen. Skiljet mellom fasane hadde utgangspunkt i dei politiske og faglege rammevilkåra som vart lagde for høgskulen, og som er eitt av emna som blir drøfta i boka. Men det var nokså sjølvsagt at ei høgskulehistorie også måtte ta opp andre emne. Studentmiljøet er eitt av dei, og forholdet mellom høgskulen og bygda eit anna. Bø var ei skulebygd før høgskulen vart etablert, men studentane var ei ny gruppe som sette preg på lokalsamfunnet på mange måtar. Høgskulen vart raskt ein av dei største arbeidsplassane i Bø, og ein av dei mest stabile. Når Bø i perioden 2000-2016 fekk den sterkaste prosentmessige folketalsveksten av alle kommunane i Telemark, var høgskulen ein sentral faktor. Soga stoppar ved fusjonen i 2016. Eg kunne likevel ikkje dy meg. Eg har kasta nokre få korte blikk inn i den nye tida – då høgskulane i Søraust-Norge vart slegne saman, og blei universitet frå mai 2018. Eg har sett desse blikka i samanheng med eldre utviklingstrekk der vi kan finne både kontinuitet og brot. For den gamle høgskulen i Bø er kanskje brota størst. Den vart ført inn i eit nytt regime. Men korleis det vil utvikle seg, må nok vere tema i framtidige framstillingar. Heilt til slutt: Ei stor takk til Kristin Ødegård Vestgarden som har hatt ansvaret for redigeringa og sluttarbeidet som har gjort at dette er blitt ei bok. Arbeidet omfattar mellom anna utval og plassering av illustrasjonane. I dette arbeidet har vi også hatt god hjelp av Per M. Holtung, som hadde ansvaret for informasjonsarbeidet ved HiT (HiT- nytt). Bø i Telemark november 2018 Olav Rovde 5 Innhald Kampen om plasseringa av Telemark distriktshøgskole 9 Vedtaket 9 Vidareutdanningskomiteen – og planane som munna ut i dei nye distriktshøgskulane 10 Lokaliseringsstriden 11 Kvifor sigra Bø? 19 Kulturell kapital? 23 Å byggje høgskule frå grunnen av 27 Planar og bygningar på rekordtid 28 Fagprofilen 33 Grunnstrukturen i prøveperioden 1970-74 40 Telemark distriktshøgskole 1970 - 1994 42 Den faglege utviklinga 43 Økonomi-utdanning i bygdemiljø 43 Natur- og miljøvern: Det nye faget 48 Dei universitetslike faga – og forholdet til regionen 54 Nytt studium i kulturfag 61 Idrettsstudium – «rørsleaktivitetar i naturmiljø» 64 Kan ein lære å bli forfattar? 67 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlanlandske studentar 70 Allmennfag og examen philosophicum 72 Alternativ yrkesretta høgre utdanning (AYHU) 72 Forsking og utviklingsarbeid 73 Vekst 78 Leigelokale, eige hus – og sambruksanlegg 82 Høgskulen, studentane og bygda 87 6 Organisering, styring og demokrati 96 Rektorar ved Telemark distriktshøgskole: 100 Fusjonen til Høgskolen i Telemark (HiT), med fellestenester i Porsgrunn 101 Telemark distriktshøgskole – ved vegs ende 108 Korleis høgskulen i Bø vart innordna i Høgskolen i Telemark 111 Leiinga ved HiT etter 1994 111 Nye rammevilkår 112 Organiseringa av HiT 115 Nye utspel – og ferd i tyngre terreng 121 Fagutvikling under vekslande forhold 122 Fagleg opprusting 124 Striden om det nye kulturhovudfaget 126 Svakare studenttilgang – konsekvensar for fagutviklinga 130 Norwegian Nature and Culture – som vart stoppa 138 Forfattarstudiet – i konflikt og utvikling 139 Det store omstillingsarbeidet 144 Kvalitetsreforma 146 Universitet? 151 Den store gjennomgangen 153 Studia i økonomi og informatikk (IØI) 157 Studia i idrett, kroppsøving og friluftsfag (IFIF) 160 Studia i natur-, helse- og miljøvernfag (INHM) 164 Det nye doktorgradsstudiet (PhD) i økologi 166 Studia i kultur- og humanistiske fag (IKH) 168 Doktorgradsprogrammet (PhD) i kulturstudiar 175 Eit fjerde doktorgradsstudium? Planen som stranda 178 Senter for kultur- og idrettsstudier (SKI) – og «Kulturrikets tilstand» 180 Ibsen-senter? 180 Forfattarstudiet – i stabil drift 183 7 FoU-aktivitet i HiT-tida 184 Fagutviklinga fram til fusjonen i 2016 202 Studentsamfunnet – og høgskulens forhold til bygda og regionen 209 Den krunglete vegen fram til den nye fusjonen: Høgskolen i Søraust-Noreg 217 Dei lange linjene 222 Litteratur 234 Kjelder 238 Forkortingsliste 240 8 Kampen om plasseringa av Telemark distriktshøgskole Vedtaket Kvelden 29. mai 1970 hadde ekstra mange telemarkingar teke sete på publikumsgalleriet i Stortinget. Bø stilte med heile formannsskapet leidd av varaordførar Hellek Myrjord. Hallvard Eika var ordførar frå 1968, men fekk permisjon frå vervet då han året etter vart valt inn på Stortinget. Frå Skien møtte ein stor delegasjon med ordførar Sigurd Namløs i spissen. Det var dagen då vedtaket om plassering av distriktshøgskule i Telemark skulle avgjerast. Valet stod mellom to klare alternativ. I innstillinga frå Kyrkje- og undervisningskomiteen gjekk fleirtalet inn for ei funksjonsdeling mellom Skien og Bø, men med hovudsenter i Skien, medan mindretalet ville ha full utbygging i Bø – slik også regjeringa hadde gått inn for tidlegare på våren.
Recommended publications
  • – Dagfinn Zwilgmeyer
    – Dagfinn Zwilgmeyer NS-biskopen som meldte seg ut av NS og søkte avskjed fra sitt embete Einar Aksel Urnes Fagerheim Veileder Førsteamanuensis Kristin Norseth Masteroppgaven er gjennomført som ledd i utdanningen ved Det teologiske Menighetsfakultet og er godkjent som del av denne utdanningen Det teologiske menighetsfakultet, høsten 2012 AVH504: Spesialavhandling (30 ECTS) Profesjonsstudiet i teologi Innholdsfortegnelse 1. Innledning ............................................................................................................................... 4 1.1 Presentasjon ...................................................................................................................... 4 1.2 Problemstilling og metode ............................................................................................... 4 1. 3 Begrepsavklaring ............................................................................................................. 6 1.4 Litteratur og kilder ........................................................................................................... 6 1.4.1 Primærkilder .............................................................................................................. 6 1.4.2. Sekundærlitteratur .................................................................................................... 8 2. Biografisk skisse .................................................................................................................. 10 2.1 Røttene ..........................................................................................................................
    [Show full text]
  • Stortingsvalget 1965. Hefte II Oversikt
    OGES OISIEE SAISIKK II 199 SOIGSAGE 6 EE II OESIK SOIG EECIOS 6 l II Gnrl Srv SAISISK SEAYÅ CEA UEAU O SAISICS O OWAY OSO 66 Tidligere utkommet. Statistik vedkommende Valgmandsvalgene og Stortingsvalgene 1815-1885: NOS III 219, 1888: Medd. fra det Statist. Centralbureau 7, 1889, suppl. 2, 1891: Medd. fra det Statist. Centralbureau 10, 1891, suppl. 2, 1894 III 245, 1897 III 306, 1900 IV 25, 1903 IV 109. Stortingsvalget 1906 NOS V 49, 1909 V 128, 1912 V 189, 1915 VI 65, 1918 VI 150, 1921 VII 66, 1924 VII 176, 1927 VIII 69, 1930 VIII 157, 1933 IX 26, 1936 IX 107, 1945 X 132, 1949 XI 13, 1953 XI 180, 1957 XI 299, 1961 XII 68, 1961 A 126. Stortingsvalget 1965 I NOS A 134. MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S, GJØVIK Forord I denne publikasjonen er det foretatt en analyse av resultatene fra stortings- valget 1965. Opplegget til analysen er stort sett det samme som for stortings- valget 1961 og bygger på et samarbeid med Chr. Michelsens Institutt og Institutt for Samfunnsforskning. Som tillegg til oversikten er tatt inn de offisielle valglister ved stortingsvalget i 1965. Detaljerte talloppgaver fra stortingsvalget er offentliggjort i Stortingsvalget 1965, hefte I (NOS A 134). Statistisk Sentralbyrå, Oslo, 1. juni 1966. Petter Jakob Bjerve Gerd Skoe Lettenstrom Preface This publication contains a survey of the results of the Storting elections 1965. The survey appears in approximately the same form as the survey of the 1961 elections and has been prepared in co-operation with Chr. Michelsen's Institute and the Institute for Social Research.
    [Show full text]
  • Switching Relations: the Rise and Fall of the Norwegian Telecom Industry
    View metadata, citation and similar papers at core.ac.uk brought to you by CORE provided by NORA - Norwegian Open Research Archives Switching Relations The rise and fall of the Norwegian telecom industry by Sverre A. Christensen A dissertation submitted to BI Norwegian School of Management for the Degree of Dr.Oecon Series of Dissertations 2/2006 BI Norwegian School of Management Department of Innovation and Economic Organization Sverre A. Christensen: Switching Relations: The rise and fall of the Norwegian telecom industry © Sverre A. Christensen 2006 Series of Dissertations 2/2006 ISBN: 82 7042 746 2 ISSN: 1502-2099 BI Norwegian School of Management N-0442 Oslo Phone: +47 4641 0000 www.bi.no Printing: Nordberg The dissertation may be ordered from our website www.bi.no (Research - Research Publications) ii Acknowledgements I would like to thank my supervisor Knut Sogner, who has played a crucial role throughout the entire process. Thanks for having confidence and patience with me. A special thanks also to Mats Fridlund, who has been so gracious as to let me use one of his titles for this dissertation, Switching relations. My thanks go also to the staff at the Centre of Business History at the Norwegian School of Management, most particularly Gunhild Ecklund and Dag Ove Skjold who have been of great support during turbulent years. Also in need of mentioning are Harald Rinde, Harald Espeli and Lars Thue for inspiring discussion and com- ments on earlier drafts. The rest at the centre: no one mentioned, no one forgotten. My thanks also go to the Department of Innovation and Economic Organization at the Norwegian School of Management, and Per Ingvar Olsen.
    [Show full text]
  • ÅRSRAPPORT Trygg Trafikk Telemark
    ÅRSRAPPORT 2019 1 TRYGG TRAFIKK TELEMARK ÅRSRAPPORT 20 Trygg Trafikk Telemark 19 ÅRSRAPPORT 2019 2 TRYGG TRAFIKK TELEMARK Distriktsleder: Brita Straume Postboks 2844, Fylkeshuset Prosjektmedarbeider: 3702 SKIEN Tor Egil Syvertsen Telefon: 909 55 330 Telefon: 906 71 171 E-post: [email protected] E-post: [email protected] TRYGG TRAFIKK I TELEMARK Trygg Trafikks arbeid i Telemark bygger på Trygg Trafikks Distriktslederen er lønnet av Trygg Trafikk, mens strategi for 2018–2025 og handlingsplan for 2018–2019, i aktivitetsmidler, kontorhold og reiseutgifter dekkes av tillegg til Handlingsplan for trafikksikkerhet i Telemark. Telemark fylkeskommune. Fylkessekretariatet i Telemark ble opprettet i 1979. Fra 2020 blir det opprettet fylker i tråd med det nye Distriktslederen har kontorplass i Skien, på Fylkeshuset i fylkeskartet. Telemark vil inngå i fylket Vestfold og Telemark, og leder Trygg Trafikks arbeid i fylket. Telemark. SAMARBEIDSPARTNERE MEDLEMMER • Telemark fylkeskommune Trygg Trafikk er en medlemsorganisasjon. Det forventes at alle • Statens vegvesen kommuner i fylket og fylkeskommunen støtter Trygg Trafikks • Ineos arbeid nasjonalt og lokalt ved å betale medlemskap i Trygg • Utrykningspolitiet (UP) Trafikk. I 2019 var 16 av 18 kommuner i Telemark medlemmer av • Sør-Øst politidistrikt Telemark Trygg Trafikk. I tillegg er Fylkestrafikksikkerhetsutvalget i • Universitetet i Sørøst-Norge (USN) Telemark (FTU) medlem. Til sammen hadde vi 17 medlemmer • Fossum I.L. i 2019. Disse er Bamble, Bø, Drangedal, Hjartdal, Kragerø, •
    [Show full text]
  • [email protected] Jostein Kjemperud Miljodir
    INOVYN Norge AS Rafnes NO-3966 Stathelle Norway Tel: +47 35 00 60 00 Fax: +47 35 00 62 98 [email protected] www.inovyn.com Jostein Kjemperud Miljodir. Vår Dato: 02.02.2021 Utarbeidet av: Thore Simonsen/ Oddbjørn Dahl Viser til «Varsel om endring av tillatelse til virksomhet etter forurensingsloven og varsel om gebyr for Inovyn Norge AS avdeling Rafnes ( Mdir referanse 2019/142)» mottatt 07.12.2020, samt e-post fra Mdir samme dato. Innledning Mdir har i brev av 07.12.2020 varslet at de vil oppdatere Klor/VCM-fabrikkens tillatelse med hjemmel i forurensingsloven. Oppdateringen skal sikre at bedriftens tillatelse er i tråd med BAT- konklusjoner for CWW for produksjon ved virksomheten. Inovyn Norge AS har 07.11.2017 gitt Mdir tilbakemelding på redegjørelse for BAT-konklusjoner i BREF CWW, samt ytterligere tilbakemelding til Mdir 15.08.2019 ( begge Mdir ref.2016/1956). Samt e-post korrespondanse i 2019 og 2020. Mdir har i e-post av 07.12.2020 bedt Inovyn Norge AS utarbeide et notat som skal inneholde følgende: 1. Oppgi relevante høringspartnere ved endret tillatelse. 2. Tillatelsens ramme fra år 2000. 3. BAT-AEL CWW- grenseverdier 4. Natriumklorat 5. Oppstart HTDC-reaktor Endring av tillatelse til Klor-VCM i forbindelse med implementering av CWW- Side 1 (13) Innhold: 1. Høringspartnere ved endring av tillatelse s. 2 2. Tillatelsens ramme fra år 2000 s. 3 2.1 Klor-fabrikkene s. 3 2.2 VCM-fabrikken s. 3 3. BAT-AEL CWW- grenseverdier s. 4 3.1 Utslipp til sjø fra det biologiske renseanlegget ( VCM-fabrikken) s.
    [Show full text]
  • Bibelspråk Og Nasjonalspråk
    Bibelspråk og nasjonalspråk Bibelspråk og nasjonalspråk Redigert av Helge Omdal Emneord: Skriftserien nr. 140e 1. Bibelspråk 2. Nasjonalspråk 124 s. 3. Skriftspråk Pris: 140,- NOK 4. Skriftspråksetablering ISSN: 1504-9299 (elektronisk) ISBN: 978-82-7117-624-2 (elektronisk) Høgskolen i Agder, 2007 Serviceboks 422, N-4604 Kristiansand S. Design: Høgskolen i Agder Innhold: Forord .................................................................................................................. 7 Barbara Franz: Bibelen på tysk før og etter Martin Luther ................................. 11 Arne Torp: Et norsk bibelspråk på 1500-tallet? Et kontrafaktisk tankeeksperiment med to praktiske demonstrasjoner .............................. 27 Anne Karin Ro: Fra martyr til feminist: Viktige perioder i engelsk bibeloversettelse ca. 600–ca. 2000 ........................................................... 47 Jarle Bondevik: Framvoksteren av det nynorske bibelspråket og seinare utviklingstendensar ................................................................. 75 Tor Vegge: Retorikk og stil i det greske nytestamentet og i nyare norske bibelomsetjingar ................................................................ 89 Helge Omdal: En «flytende» språktilstand. Om framveksten av moderne norsk – uten feste i bibelspråket ................................................ 103 Forord Bibelspråket har spilt en avgjørende rolle for etableringa av eget nasjonalspråk i mange land. Etter reformasjonen oppstod et behov for å formidle Bibelens ord på folkets eget
    [Show full text]
  • Flood Forecasting and Reservoir Operation in the East-Telemark Hydropower System
    Flood forecasting and reservoir operation in the East-Telemark hydropower system Ånund Professor KillingtveitÅnund Killingtveit Emeritus Professor Norwegian University of Science and Technology, NTNU 1 Telemark – major river basins Tinn (4119 km2) 2 Professor KillingtveitÅnund Hjartdal-Tuddal (1000 km ) Bø-Seljord (1056 km2) Tokke-Vinje (3640 km2) Norsjø (999 km2) Catchment area 10777 km2 2 Average flow 263 m3/s Telemark - Hydropower system Professor KillingtveitÅnund Vemork 1911 Såheim 1916 Some summary data: 33 Large HPPs 2179 MW 9932 GWh/year on average 7.5% of HP-generation in Norway 3 Svelgfoss 1907 Telemark- Main hydropower reservoir areas (1) Mår (2) Møsvatn (3) Tokke Professor KillingtveitÅnund 4 Telemark – most flood prone areas Professor KillingtveitÅnund Notodden Norsjø Skien Hjellevatn 5 Lake Møsvatn – The largest reservoir Professor KillingtveitÅnund Catchment area: 1510 km2 Lake/Reservoir area: 78.4 km2 Storage volume: 1066 Mm3 Regulation range: 900-918.5 m.a.s.l. First regulation in 1903 Increasing dam heights later 6 Rjukan - Flood and landslides in 1927 Professor KillingtveitÅnund 7 Tinnelva - Flood in 1927 Professor KillingtveitÅnund 8 Hjartdøla (close to Notodden) – Flood in 2015 Professor KillingtveitÅnund 9 Skien – Flood in 2015 Professor KillingtveitÅnund 10 Source: Varden Upstream – Downstream conflicts Action Flood Damage (Reservoir operation) Professor KillingtveitÅnund but also on > Environment > Energy > Economy > Social Response (Flood impacts) 11 Focus area for the flood model Professor KillingtveitÅnund 12
    [Show full text]
  • Fossing Storsmolt AS Kjølbrøndsveien 1034 3766 SANNIDAL Tillatelse
    Saksbeh.: Guri Ravn, 35 58 61 71 Vår dato Vår ref. 27.04.2018 2017/3887 Deres dato Deres ref. 15.09.2017 Fossing Storsmolt AS Kjølbrøndsveien 1034 3766 SANNIDAL Tillatelse etter forurensningsloven til utfylling i sjø ved gnr./bnr. 19/2 i Fossingfjorden i Kragerø for Fossing Storsmolt AS Viser til søknad om tillatelse til utfylling i sjø ved gnr./bnr. 19/2 i Fossingfjorden i Kragerø kommune datert 15.09.17 og tilleggsopplysninger mottatt i e-post av 05.10.17 og 20.10.17 og i brev av 15.12.17 samt til annen korrespondanse i saken. Fylkesmannen har behandlet søknaden om utfylling etter lov om vern mot forurensning og om avfall (forurensningsloven) og har lagt til grunn prinsippene i naturmangfoldloven §§ 8-12. Fylkesmannen har fattet følgende vedtak: Fylkesmannen har ferdigbehandlet søknad fra Fossing Storsmolt AS og har besluttet å gi tillatelse etter lov om vern mot forurensning og om avfall (forurensningsloven) § 11 jf. § 16 til utfylling i sjøen ved gnr. /bnr. 19/2 i Fossingfjorden i Kragerø. Tillatelsen med tilhørende vilkår følger vedlagt. Fylkesmannen gir med dette tillatelse på visse vilkår. Tillatelsen med tilhørende vilkår følger vedlagt dette brevet. Tillatelsen er gitt med hjemmel i forurensningsloven § 11 jf. § 16. Fylkesmannen har ved avgjørelsen av om tillatelse skal gis og ved fastsettingen av vilkårene lagt vekt på de forurensningsmessige ulemper ved tiltaket, sammenholdt med de fordeler og ulemper som tiltaket forøvrig vil medføre. Ved fastsettingen av vilkårene har Fylkesmannen videre lagt til grunn hva som kan oppnås med beste tilgjengelige teknikker. De utslippskomponenter fra tiltaket som er antatt å ha størst miljømessig betydning, har vi uttrykkelig regulert gjennom spesifikke vilkår i tillatelsen.
    [Show full text]
  • Internt Notat
    WikborgRein v/ØyvindAndersen Postboks5013- Vika 0117Oslo Deres ref.: Vår ref.: 2011/0925 Dato: 28.06.2012 MAB BMBE Vedtak V2012-11 – A-pressenAS – Mecom Europe AS (Edda Media AS) – konkurranseloven § 16jf. § 20 – inngrep mot foretakssammenslutning 1 Innledning (1) Konkurransetilsynetviser til varsel om inngrep mot foretakssammenslutning25. april 2012, partenesmerknadertil varselet16. mai 2012og forslagtil avhjelpendetiltak fremsatti møte5. juni 2012.Viderevisestil øvrig kontaktog korrespondanseisaken. (2) Konkurransetilsynethar kommet til at foretakssammenslutningenmellom A-pressenAS og Mecom Holding CooperatiefW.A. vil føre til en vesentlig begrensningav konkurranseni markedetfor nyhetsformidlingi Telemark,samt markedetfor reklameannonseriTelemarkog Fredrikstad. (3) Partenefremlai brev5. juni 2012forslagtil avhjelpendetiltak.R evidert forslag til avhjelpende tiltak ble lagt ut påhøringpåKonkurransetilsynetshjemmeside6.juni 2012.I møte12.juni 2012 og etterfølgendee-post 15. juni 2012 fremla parteneforslag til egnetkjøper til Demokrateni Fredrikstad. Konkurransetilsynethar på denne bakgrunn fattet vedtak om å godkjenne foretakssammenslutningenmellompartenepå vilkår, jf. konkurranseloven1 § 16, jf. § 20 første ledd. 1.1 Sakensbakgrunn (4) SakengjelderA-pressenAS(A-pressen)sittoppkjøpav 100prosentavaksjenei MecomEurope AS (MecomEurope)fra MecomHolding CooperatiefW.A. EddaMedia AS (EddaMedia) er et datterselskapunderMecom Europe.Mecom Europesøvrige datterselskapskaloverførestil en annenenheti Mecom-gruppenfør gjennomføringav oppkjøpet.EddaMedia
    [Show full text]
  • Masteroppgave
    UNIVERSITETET I NORDLAND HANDELSHØGSKOLEN I BODØ • HHB MASTEROPPGAVE Flere lesere - mindre opplag. En analyse av opplagsfallet i norske dagsaviser 2002-2010. Håkon Q,.kkenhaug BE324E MBA næringslivsjournalistikk Sammendrag Denne masteroppgaven handler om hva som er årsakene til opplagsfall i en gruppe mellomstore norske dagsaviser. Faktorer som rammebetingelser, konkurranseforhold og ressurser som denne gruppen aviser har å forholde seg til er diskutert og vurdert. I oppgaven er geografi og avstand til hver enkelt avis sitt utgiversted en viktig premiss for vurderingene som er gjort. Årsaken til det er at distribusjon blir en stadig mer kritisk faktor når opplaget faller. Avisbransjen er i kraftig endring fordi forretningsrnodellen som har fungert i 150 år er truet av et økende antall nye digitale medier. På veien gjennom dette industrielle vendepunktet skal avisene produsere både for papiravisa og for digitale utgaver. Samtidig kompenserer mange papiraviser synkende opplag med høyere priser. De digitale utgavene gir så langt liten inntjening. Opplaget til de 16 avisene i utvalget er mellom 15.000 og 25.000 daglig solgte kopier. I tillegg er det gjort kvalitative intervjuer med seks personer med ansvar for opplagsarbeid. De kommer fra konsernledelsen i Edda og A-pressen og avisene Varden, Telemarksavisa, Gudbrandsdølen Dagningen og Sunnmørsposten. I Norge rapporterer avisene hvert år hvor mange eksemplarer de selger i hver kommune. Disse tallene skal godkjennes av ekstern revisor. Denne oversikten danner grunnlag for annonsørenes plassering av annonser, men er også et godt tallgrunnlag for forskning. Målet med opplagsundersøkelsen var å Emne ut hvor i avisas geografiske nedslagsområde avisene har mistet opplag i perioden 2002 ti12010. Resultatene er at de mister størst volum sentralt i dekningsområdet, men prosentvis mest i utkantene.
    [Show full text]
  • NAS,JONAL SAMLING L PORSGRUNN OG SKIEN
    Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie / NAS,JONAL SAMLING l PORSGRUNN OG SKIEN 1933 - 40. SNO Stiftelsen norsk Okkupasjonshistorie NS OG BYGDEFOLKETS KRISEHJELP 1933. Den 17. mai 1933 blE partiet Nasjonal Saml.illq stHtet i Oslo, og i dagene og månedene etterpå ble det stiftet lokale partilag rundt om i hele landet. I mai 1933 mottok NS sekretariatet i Oslo flere henvendelser ifra Porsgrunn om medlemskap og materiell,1 En av dem var boktrykker Thorvald Nilsen, som satt i hovedstyret for Bygdefolkets Krisehjelp (B.K) og var ansvarlig for utgivelsen av " Bygdefolket ". Den l. august skriver han til Quisling, og ber ham komme til Pon;qrunn for å starte et lokal t NS-Iag2• Andre uka i august ( 13.8.33.) er Quisling i Kvitseid for ~ få Olav Lien, lederen av Bygdefolkets Krisehjelp, til å akseptere at orqanisasjonen skulle gå sammen med NS. MØtet begynte den 13.8.193] kl. 12.00 oq det var møtt frem ca. 100 utsendinger3• Av disse var 28 nemelig formennene i bygdelagene, som hadde stemmerett4• Det ble drØftet omkring samarbeidet med NS, noe som fØrte til en lang debatt. Bland de som talte for samarbeidet: var Olav Lien, Øverland, Fjalestad og Stridskiev fra Eidaugel", llåtveit fra Lunde, A. Lund fra Bamble og Glesne fra KrØdsherad. De som talte imot samling var, Haukvik fra HjuksebØ, Nils HØljesen fra Hovin, Rue fra Gjerpen, og Grindrud og Stavshol t fra Lunde. 5 Hot slutten av møtet ble dc,t holdt en avstemning, hvor det ble besluttet av 19 mot 8 stemmer ,1 gå Ul samarbeide med NS 6. Det ble vedtatt at formen for samarbeid skulle avgjøres av et styre på 7 medlemmer, 4 oppnevnt av B.K og ] ifra NS.
    [Show full text]
  • PROTOKOLL Ordinært Representantskapsmøte 7 .Juni 1984 LANDSORGANISASJONEN I NORGE
    o PS o z uiz : o;z: i/j C/3 NN ;z: o oPS C/3 Q ;z: < PROTOKOLL Ordinært representantskapsmøte 7 .juni 1984 LANDSORGANISASJONEN I NORGE PROTOKOLL Ordinært representantskapsmøte 7 .juni 1984 AKTIETRYKKERIET - OSLO 1984 INNHOLDSFORTEGNELSE Side T alerliste.............................................................................................................. 4 Åpning og konstituering................................................................................... 5 Beretning for 1983.............................................................................................. 6 Regnskap for 1983.............................................................................................. 6 Suppleringsvalg til Sekretariatet.....................................................................12 Ansettelse av distriktssekretær for Nord-Trøndelag........................ fylke 12 Den faglige situasjon........................................................................................... 12 D ebatten................................................................................................................ 24 Votering................................................................................................................. 62 Avslutning............................................................................................................. 63 N avneliste..............................................................................................................65 TALERLISTE Landsorganisasjonen I Norge holdt ordinært representantskapsmøtetorsdag
    [Show full text]