Olav Rovde SOGA OM HØGSKULEN I BØ Telemark distriktshøgskole og Høgskolen i Telemark 1970 - 2016 1 Soga om høgskulen i Bø Utgjevar: Universitetet i Søraust-Noreg, Bø Grafisk formgjeving: Kristin Ødegård Vestgarden, Hustrykkeriet Bø 2018 ISBN 978-82-7206-498-2 Olav Rovde Trykk ETN Grafisk Innbinding Bokbinderiet Johnsen AS Papir Arctic Matt 130 gr 2 Forord Våren 2016 fekk eg spørsmål frå dåverande adminstrasjonssjef ved høgskuleavdelinga i Bø, Erik Årnes, om eg kunne tenkje meg å skrive historia om høgskulen i bygda. Den skulle omfatte både distriktshøgskulen (i tida 1970 til 1994), og perioden frå 1994 då Bø-høgskulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HiT), fram til den nye fusjonen i 2016 til Høgskolen i Søraust- Noreg (oppgradert til Universitetet i Søraust-Noreg frå 2018). Utover denne tidsplasseringa, og at det berre skulle omhandle høgskulen i Bø, vart det ikkje lagt andre føringar for arbeidet. Tilbodet var freistande. Eg måtte svare ja, sjølv om eg såg problem knytt til eit slikt arbeid. I mest heile denne perioden var utviklinga av høgskulen ein sentral del av mi eiga historie. Eg vart tilsett som historikar ved distriktshøgskulen i Bø i 1973, og med unntak av nokre periodar då eg var permittert med ulike skrive- og forskingsoppdrag, sat eg i fast stilling fram til eg gjekk av med pensjon frå 2012. Eg kjenner slik høgskulehistoria frå innsida. Kjennskapen og kunnskapane eg med den bakgrunnen fekk, gjer det sjølvsagt lettare å identifisere dei viktige trekka ved utviklinga av høgskulen. Men det at eg sjølv har vore med på denne utviklinga, og har vore med på å påverke den, kan på den andre sida lett skape bindingar og oppfatningar som kan gå ut over evna til kritisk distanse og til «balansert» og objektiv framstilling av historia. Dette er problemstillingar som er velkjende for dei som skriv om moderne historie. Til mitt forsvar nemner eg at eg sjølv har arbeidd mykje innanfor feltet kalla «samtidshistorie», der kravet til kritisk distanse er særleg aktuelt. Denne historia, og tolkingane i den, kviler på eit stort kjeldemateriale. Det skriftlege materialet som framstillinga i det vesentlege byggjer på, er samla i tre ulike arkiv. Materialet om distriktshøgskulen er arkivert på Statsarkivet i Kongsberg. Arkivet for perioden 1994 til 2016 ligg for det meste ved sentraladministrasjonen i Porsgrunn, men også ved avdelinga i Bø. Arkivet i 3 Bø omfattar berre saker knytt til utviklinga i Bø, medan materialet i Porsgrunn er felles for alle avdelingane i Høgskolen i Telemark, dvs både Lærarhøgskolen i Notodden og høgskulane i grenlandsområdet – som vart samla i Porsgrunn i 2000. Mi oppgåve var å skilje ut det materialet som i første rekkje vedkom Bø, som er hovudtema i boka. Men det at Bø-høgskulen frå 1994 vart ein del av den felles Høgskolen i Telemark, gjorde det nødvendig å trekkje inn eit breiare utval av kjelder. Gode arkivkatalogar og hjelp frå dyktige og tenestevillige arkivarar, har gjort vanskar med kjeldeutvalet langt mindre. Eg takkar særleg Tove Merete Kristoffersen i Bø, og Bente Arnestø og Atle Johansen i Porsgrunn for arbeidet med å finne fram relevant kjeldemateriale. Eg har også hatt hjelp av andre undervegs. Det gjeld i første rekkje kollegaene mine ved høgskulen. Her har eg fått opplysningar både gjennom kommentarar til artikkelutkast, svar på spørsmål, og gjennom samtalar. Med det har eg kunna utfylle kjeldematerialet. Ei særleg takk vil eg rette til Øyvind T. Gulliksen og Nils Ivar Agøy som har lese og kommentert utkast til heile manuset. Det har minska problemet med at eg ikkje har hatt noka fast lese- eller styringsggruppe som kunne følgje framdrifta av boka. Boka er ikkje «sanninga» om fortida til høgskulen, kva no enn det måtte vere. Ho er min versjon. Ansvaret for denne versjonen er min. Eg trøystar meg elles med at feil og manglar som nokon sikkert vil finne, nok ikkje er til å unngå i ein tekst med så mange tema og detaljar. Eg avgjorde på eit tidleg tidspunkt å byggje historia, særleg den faglege delen, rundt innsatsen til personar. Det har gjort at mange er nemnde. Men det ville vere uråd å nemne alle som har delteke i denne utviklinga. Det er mine val av perspektiv og emne som er avgjerande for kven som «er med» i boka. Dette er inga undervurdering av dei som ikkje er nemnde. Mange av dei har gjort ein stor innsats – mellom anna i undervisninga. Æra og ansvaret for utviklinga av høgskulen må derfor delast av mange. Eg har elles valt å forme historia i ei brei framstilling av høgskulemiljøet i Bø med fokus på fleire emne og tema. Desse er ordna kronologisk i fem kapittel. Det første tek for seg den intense debatten som førte til at den nye distriktshøgskulen vart lagt til bygda Bø. Det var eit vedtak avgjerande ikkje berre for Bø-samfunnet, men det la også grunnlaget for den faglege oppbygginga. Det siste er emne for det andre kapittelet som då også utgjer innføringsdelen av historia. Dei tre neste tek for seg utviklinga av høgskulen fram til fusjonen i 2016 – delt i tre fasar, den første fram til samanslåinga av alle høgskulane i fylket til HiT i 1994. Mellom dei to neste har eg sett 4 eit skilje rundt 2003, då det vart sett i gang eit omfattande omstillingsarbeid som ikkje berre påverka den faglege utviklinga, men også styringssystemet ved høgskulen. Skiljet mellom fasane hadde utgangspunkt i dei politiske og faglege rammevilkåra som vart lagde for høgskulen, og som er eitt av emna som blir drøfta i boka. Men det var nokså sjølvsagt at ei høgskulehistorie også måtte ta opp andre emne. Studentmiljøet er eitt av dei, og forholdet mellom høgskulen og bygda eit anna. Bø var ei skulebygd før høgskulen vart etablert, men studentane var ei ny gruppe som sette preg på lokalsamfunnet på mange måtar. Høgskulen vart raskt ein av dei største arbeidsplassane i Bø, og ein av dei mest stabile. Når Bø i perioden 2000-2016 fekk den sterkaste prosentmessige folketalsveksten av alle kommunane i Telemark, var høgskulen ein sentral faktor. Soga stoppar ved fusjonen i 2016. Eg kunne likevel ikkje dy meg. Eg har kasta nokre få korte blikk inn i den nye tida – då høgskulane i Søraust-Norge vart slegne saman, og blei universitet frå mai 2018. Eg har sett desse blikka i samanheng med eldre utviklingstrekk der vi kan finne både kontinuitet og brot. For den gamle høgskulen i Bø er kanskje brota størst. Den vart ført inn i eit nytt regime. Men korleis det vil utvikle seg, må nok vere tema i framtidige framstillingar. Heilt til slutt: Ei stor takk til Kristin Ødegård Vestgarden som har hatt ansvaret for redigeringa og sluttarbeidet som har gjort at dette er blitt ei bok. Arbeidet omfattar mellom anna utval og plassering av illustrasjonane. I dette arbeidet har vi også hatt god hjelp av Per M. Holtung, som hadde ansvaret for informasjonsarbeidet ved HiT (HiT- nytt). Bø i Telemark november 2018 Olav Rovde 5 Innhald Kampen om plasseringa av Telemark distriktshøgskole 9 Vedtaket 9 Vidareutdanningskomiteen – og planane som munna ut i dei nye distriktshøgskulane 10 Lokaliseringsstriden 11 Kvifor sigra Bø? 19 Kulturell kapital? 23 Å byggje høgskule frå grunnen av 27 Planar og bygningar på rekordtid 28 Fagprofilen 33 Grunnstrukturen i prøveperioden 1970-74 40 Telemark distriktshøgskole 1970 - 1994 42 Den faglege utviklinga 43 Økonomi-utdanning i bygdemiljø 43 Natur- og miljøvern: Det nye faget 48 Dei universitetslike faga – og forholdet til regionen 54 Nytt studium i kulturfag 61 Idrettsstudium – «rørsleaktivitetar i naturmiljø» 64 Kan ein lære å bli forfattar? 67 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlanlandske studentar 70 Allmennfag og examen philosophicum 72 Alternativ yrkesretta høgre utdanning (AYHU) 72 Forsking og utviklingsarbeid 73 Vekst 78 Leigelokale, eige hus – og sambruksanlegg 82 Høgskulen, studentane og bygda 87 6 Organisering, styring og demokrati 96 Rektorar ved Telemark distriktshøgskole: 100 Fusjonen til Høgskolen i Telemark (HiT), med fellestenester i Porsgrunn 101 Telemark distriktshøgskole – ved vegs ende 108 Korleis høgskulen i Bø vart innordna i Høgskolen i Telemark 111 Leiinga ved HiT etter 1994 111 Nye rammevilkår 112 Organiseringa av HiT 115 Nye utspel – og ferd i tyngre terreng 121 Fagutvikling under vekslande forhold 122 Fagleg opprusting 124 Striden om det nye kulturhovudfaget 126 Svakare studenttilgang – konsekvensar for fagutviklinga 130 Norwegian Nature and Culture – som vart stoppa 138 Forfattarstudiet – i konflikt og utvikling 139 Det store omstillingsarbeidet 144 Kvalitetsreforma 146 Universitet? 151 Den store gjennomgangen 153 Studia i økonomi og informatikk (IØI) 157 Studia i idrett, kroppsøving og friluftsfag (IFIF) 160 Studia i natur-, helse- og miljøvernfag (INHM) 164 Det nye doktorgradsstudiet (PhD) i økologi 166 Studia i kultur- og humanistiske fag (IKH) 168 Doktorgradsprogrammet (PhD) i kulturstudiar 175 Eit fjerde doktorgradsstudium? Planen som stranda 178 Senter for kultur- og idrettsstudier (SKI) – og «Kulturrikets tilstand» 180 Ibsen-senter? 180 Forfattarstudiet – i stabil drift 183 7 FoU-aktivitet i HiT-tida 184 Fagutviklinga fram til fusjonen i 2016 202 Studentsamfunnet – og høgskulens forhold til bygda og regionen 209 Den krunglete vegen fram til den nye fusjonen: Høgskolen i Søraust-Noreg 217 Dei lange linjene 222 Litteratur 234 Kjelder 238 Forkortingsliste 240 8 Kampen om plasseringa av Telemark distriktshøgskole Vedtaket Kvelden 29. mai 1970 hadde ekstra mange telemarkingar teke sete på publikumsgalleriet i Stortinget. Bø stilte med heile formannsskapet leidd av varaordførar Hellek Myrjord. Hallvard Eika var ordførar frå 1968, men fekk permisjon frå vervet då han året etter vart valt inn på Stortinget. Frå Skien møtte ein stor delegasjon med ordførar Sigurd Namløs i spissen. Det var dagen då vedtaket om plassering av distriktshøgskule i Telemark skulle avgjerast. Valet stod mellom to klare alternativ. I innstillinga frå Kyrkje- og undervisningskomiteen gjekk fleirtalet inn for ei funksjonsdeling mellom Skien og Bø, men med hovudsenter i Skien, medan mindretalet ville ha full utbygging i Bø – slik også regjeringa hadde gått inn for tidlegare på våren.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages245 Page
-
File Size-