Prestaksla Naturreservat – Avslag På Søknad Om Løyve Til Oppføring Av Gapahuk På Bjørnsonstien

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Prestaksla Naturreservat – Avslag På Søknad Om Løyve Til Oppføring Av Gapahuk På Bjørnsonstien Vår dato Vår ref. 26.08.2016 2015/3217/GEMO/432.4 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Rådgivar Geir Moen, 71 25 84 71 08.01.2016 Nesset kommune Kråkholmvegen 2 6460 EIDSVÅG I ROMSDAL Prestaksla naturreservat – Avslag på søknad om løyve til oppføring av gapahuk på Bjørnsonstien Vi viser til søknad datert 8. januar 2016, der Nesset kommune i samarbeid med Bjørn Ølander, pedell på Nesset prestegard, søkjer om løyve til oppføring av gapahuk på ca. 30 m2 ved Bjørnsonstien i Prestaksla naturreservat. Søknaden Bjørnsonstien, som er den gamle ferdselsvegen frå Nesset prestegard mot Bugge har blitt ein svært populær tursti og vert brukt heile året, opplyser kommunen. Stien går i nedre kant av Prestaksla naturreservat og ligg på eigedomen til Opplysningsvesenets fond, gnr. 59/1 . Det har kome forslag frå mange som brukar stien om å lage ein gapahuk ved enden av stien. Gapahuken er tenkt bygd av stadlege materiale (vindfall) og noko royalimpregnerte bord i tak og vegger. Størrelse er foreslått til 5 x 6 meter i grunnflate og 2 meter høgde i framkant (under svilla). Den vil bli lagt litt tilbaketrekt (ovanfor) frå stien og vende med opninga mot Eresfjorden og fjellet Skjorta. Nesset kommune/pedellen på Nesset prestegard vil ta ansvaret for oppsetting og tilsyn. Verneforskrifta Formålet med naturreservatet er å bevare eit område som representerer skog med naturleg skogdynamikk på Vestlandet, med gamle tre, stormfellingsdynamikk og påfølgande lauvtreoppslag. Høgdegradienten gir stort artsmangfald og spesielle kvalitetar. Nedst er det artsrik lågurtskog, rikt hasselkratt og annen edellauvskog med innslag av alm og ask. Lenger oppe er det til dels urskogprega furuskog. Etter § 3 i verneforskrifta er det forbode med oppføring av bygningar, anlegg og andre varige eller midlertidige innretningar. Det er ikkje heimel i verneforskrifta til å gje dispensasjon til denne type bygningstiltak. I tillegg er vegetasjonen, herunder døde busker og trær, verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Dyrelivet, herunder reirplasser og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Verneføresegnene er ikkje til hinder for bålbrenning med tørrkvist eller medbrakt ved. Fylkesmannen i Møre og Romsdal – Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - [email protected] – Organisasjonsnr: 974 764 067 side 2 av 3 Vurdering Forvaltningsstyresmakta har ikkje heimel til å gje dispensasjon til bygging av gapahuk etter verneforskrifta. Søknaden må derfor vurderast etter den generelle heimelen om dispensasjon i naturmangfaldlova (§ 48). I § 48 er det opna for at det kan gjevast dispensasjon dersom det ikkje er i strid med verneformålet og ikkje kan verke inn på verneverdiane i nemneverdig grad, eller for sikkerheit eller når omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig. I denne saka er det påverknad på verneformål og verneverdiar søknaden må vurderast opp mot. At «tiltaket ikke skal påvirke verneverdiene nevneverdig» betyr ifølge Miljødirektoratet sitt rundskriv «at dispensasjonsadgangen er snever. Det kan bare dispenseres i de tilfeller tiltaket vil ha begrenset virkning for verneverdiene. Det er m.a.o. i første rekke bagatellmessige inngrep eller forbigående forstyrrelser som er av stor betydning for søker sammenholdt med verneinteressene, som omfattes av bestemmelsen. Siktemålet er at verneforskriften ikke uthules gjennom omfattende dispensasjonspraksis. Bestemmelsen gir også klar anvisning på at hensynet til verneverdiene skal være overordnet f.eks. næringsinteresser. Dersom det er usikkerhet knyttet til virkningene et tiltak kan ha for naturmiljøet, bør blant annet føre-var-prinsippet tillegges stor vekt.» Alle dispensasjonar skal vurderast etter prinsipp for offentleg avgjerd i §§ 8-12 i naturmangfaldlova. I Naturbase er det registrert ein varmekjær edellauvskogslokalitet med eit godt artsutval langs Bjørnsonstien, der gapahuken er tenkt plassert. Edellauvskogen er i mosaikk med furuskog. Under naturbaseregistreringa vart det også observert m.a. spettmeis, toppmeis, stjertmeis og truleg gråspett. Kunnskapsgrunnlaget (§ 8) blir vurdert til å vere godt med omsyn til kunnskap om naturtypen i området, men det er knytt meir uvisse til kunnskap på artsnivå om planter, hekkefuglar og anna vilt i området. «Føre-var-prinsippet» (§ 9) bør difor tilleggast noko vekt. Tiltaket må også vurderast etter § 10 «økosystemtilnærming og samla belastning». Vi kjenner ikkje til at det er andre bygningar i reservatet, men det går ei kraftlinje gjennom ein del av området. Gapahuken er ønska plassert i skogen litt ovanfor Bjørnsonstien i nedre kant av reservatet. Nøyaktig plassering er ikkje opplyst, men er som nemnt innanfor naturbaselokaliteten med artsrik lågurtskog. Plassering av gapahuk med bålplass i skogen ovanfor stien vil føre til ein del trakk i dette området og skade på bakkevegetasjonen, som truleg er artsrik. Dette blir vurdert til påverke verneverdiane negativt lokalt, sjølv om det er ein liten del av verneområdet. Truleg går nokre få tusen personar stien kvart år. Det kan også bli behov for å rydde nokre tre og hasselkratt for å få god utsikt. Etter vår vurdering vil gapahuken i mindre grad vere i strid med verneføremålet om den blir plassert heilt inntil stien, men ei plassering lengre unna vil vere meir uheldig sidan eit større område blir utsett for forstyrring. Vi ser fare for at ein dispensasjon i denne saka vil kunne få uheldige prinsipielle konsekvensar som på sikt kan svekke verneformålet i dette og andre verneområde. Gapahukar vil kunne vere aktuelt å sette opp i mange naturreservat, og normalt vil det ikkje bli gitt løyve til slike bygningstiltak i naturreservat, som er den strengaste verneforma. Det side 3 av 3 at kommunen er søkar og at gapahuken ligg ved ein etablert sti reduserer presedensfaren noko. Det er tydelig at tiltaket er for ålmenta og at mange kan nytte seg av det. Kostnadene ved miljøforringing skal dekkast av tiltakshaver, jf. nml § 11, noko vi ikkje reknar som ei veldig aktuell problemstilling i dette tilfellet. Dersom plassering av gapahuken krev terrenginngrep og fører til større skader på vegetasjonen i området kan det likevel bli aktuelt. Etter § 12 skal miljøforsvarlige teknikker og driftsmetoder samt alternativ lokalisering vurderast. Om mogleg bør gapahuken plasserast utanom verneområdet. I dette tilfellet vil dette måtte bli ved starten av stien nær prestegarden eller lengre mot Eresfjord. Vi ser at det er mindre aktuelt med gapahuk ved startpunktet (parkeringsplassen), og mot Eresfjord er det planlagt utviding av reservatet. Her er stien i dårleg forfatning. Den beste lokaliseringa for verneverdiane i reservatet er heilt inntil stien, men då må truleg bygget endrast ein del. Sidan den omsøkte plasseringa av gapahuken er i eit område av reservatet der det er registrert spesielle verdiar (naturbaselokalitet med rik edellauvskog/artsrik lågurtskog), meiner vi at verneverdiane i området rundt gapahuken vil bli redusert på grunn av trakkskader og forstyrring. Det kan ikkje gjevast dispensasjon etter § 48 i naturmangfaldlova dersom verneverdiane i reservatet i nemneverdig grad blir påverka av tiltaket. Vi har også lagt noko vekt på føre-var-prinsippet (§ 9) og faren for presedens (§ 10). Søknaden blir difor avslått. Vedtak Nesset kommune og Bjørn Ølander får avslag på søknad om oppføring av gapahuk ovanfor Bjørnsonstien i Prestaksla naturreservat i medhald av verneforskrifta § 3. Klagerett Dette vedtaket kan i samsvar med § 28 i forvaltningslova påklagast til Miljødirektoratet. Ei eventuell klage skal stilast til Miljødirektoratet, og vere sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter at dette brevet er mottatt. Ei klage bør grunngjevast. Vi vil opplyse at det kan vere andre enn søker som har rettslig klageinteresse. Alle vedtak som mellom anna gjeld verneområde blir i løpet av kort tid etter vedtak lagt inn i det nasjonale Miljøvedtaksregisteret,- www.miljovedtak.no Med helsing Ola Betten (e.f.) Geir Moen fagansvarleg Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Statens naturoppsyn Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM .
Recommended publications
  • Bakgrunn for Vedtak Småkraftverk
    | Bakgrunn for vedtak Kvidalselva kraftverk Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke Tiltakshaver Clemens kraft AS Referanse 200904131-42 Dato 18.12.2015 Notatnummer KSK-notat 96/2015 Ansvarlig Øystein Grundt Saksbehandler Birgitte M W Kjelsberg Dokumentet sendes uten underskrift. Det er godkjent i henhold til interne rutiner. E-post: [email protected], Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvn. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen 7075 TILLER 8514 NARVIK Postboks 2124 Postboks 53 Postboks 4223 0301 OSLO 3103 TØNSBERG 6801 FØRDE 2307 HAMAR Side 1 NVEs oppsummering av sakene i Rauma og Nesset kommuner NVE har foretatt en samlet behandling av ti søknader om tillatelse til bygging av småkraftverk i Rauma og Nesset kommuner. De respektive bakgrunn for vedtak-notatene for søknadene er angitt i tabellen under. Åtte søknader om anleggskonsesjon for nettilknytning av småkraftverk er behandlet samtidig med søknadene om vassdragskonsesjon. NVE har valgt å vurdere Kavlifoss minikraftverk samlet med de fire sakene i Isfjorden. Vurderingene for dette prosjektet er gjengitt i KSK-notat nr. 101-104 i relevante avsnitt, samt i KI-notat nr. 31. Under behandlingen av søknadene i Rauma og Nesset kommuner har NVE vurdert hver enkelt sak for seg og vurdert sumvirkningene av eksisterende og nye utbygginger der hvor NVE har funnet dette relevant. Vi har i tillegg valgt å gi en samlet framstilling og vurdert samlet belastning av søknadene i Isfjorden i Rauma kommune, men presentert dette i hvert sitt dokument.
    [Show full text]
  • Rauma Og Nesset Kommunar - Bygging Av 12 Småkraftverk (Rauma/Nesset-Pakken) - Fråsegn Ved Høyring Av Konsesjonssøknader
    Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 200904131 09.12.2014 4805/2015/S11 Anders Røynstrand, tlf. 71 25 82 90 25.03.2015 - Rauma og Nesset kommunar - bygging av 12 småkraftverk (Rauma/Nesset-pakken) - fråsegn ved høyring av konsesjonssøknader Møre og Romsdal fylkeskommune viser til oversending 9.12.2014 om høyring av søknader etter vassressurslova og energilova for bygging og drift av 12 småkraftverk i Rauma og Nesset kommunar: Komm. Kraftverk/vassdrag Søkjar Gj.sn. årsprod. Rauma Morgådalselva NK Småkraft AS 9,2 GWh Rauma Stokkelva Blåfall AS 6,2 GWh Rauma Smøråa Blåfall AS 6,6 GWh Rauma Loftdalselva NK Småkraft AS 14,0 GWh Rauma Tverrberget kraftverk (Glutra) Tafjord Kraftproduksjon AS 16,1 GWh Rauma Saufonn (Saufonngrova) Tafjord Kraftproduksjon AS 15,2 GWh Rauma Rabbelva NK Småkraft AS 9,9/10,0 GWh Rauma Høgseterelva NK Småkraft AS 7,1 GWh Rauma Skorgeelva Småkraft AS 18,0 GWh Nesset Kvidalselva Clemens Elvekraft AS 6,4 GWh Nesset Strandelva Clemens Elvekraft AS 13,3 GWh Nesset Skorga Norges Småkraftverk AS 10,0 GWh Tafjord Kraftproduksjon AS trekte søknad om bygging av Saufonn kraftverk den 27.1.2015, og vi har ikkje vurdert denne søknaden under. Vi viser vidare til NVE sitt brev 12.2.2015 om høyring av endra søknad for Tverrberget kraftverk. Fylkeskommunen har ut frå sine ansvarsområde følgjande merknader til dei 11 søknadene som skal behandlast: Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde ● Besøksadresse: Julsundveien 9 ● Telefon: 71 25 80 00 ● Telefaks: 71 24 50 01 e-post: [email protected] ● www.mrfylke.no Side 2 GENERELT Konsekvensutgreiingane er generelt systematisk oppsett og gir oversyn over nødvendige tema på ein grei måte.
    [Show full text]
  • Kontaktutvalget for Vassdragsreguleringer
    KONTAKTUTVALGET FOR VASSDRAGSREGULERINGER, UNIVERSITETET I OSLO Odd Erling Sjulsen GEOFAGLIG BESKRIVELSE OG VURDERING AV MEISALELVAS OG GRYTNESELVAS NEDBØRFELTER OSLO 1984 RAPPORT 84/09 KONTAKTUTVALGET FOR VASSDRAGSREGULERINGER UNIVERSITETET I OSLO POSTBOKS 1037 BLINDERN OSLO 3 ODD ERLINGSJULSEN GEOFAGLIGBESKRIVELSE OG VURDERINGAV MEISALELVASOG GRYTNES- ELVAS NEDBØRFELTER OS LO 1984 RAPPORT 84/09 SAMMENDRAG OG KONKLUSJON VED ALT. 1-4 I UTBYGGINGSPLANENE ER DET INGEN INNVENDINGER. VED EN EVENTUELL OVERFØRING AV GRYTNESELVA TIL MEISALVANNET MÅ DET HER UTFØRES EN NÆRMERE UNDERSØKELSE BÅDE FØR OG ETTER INNGREPET. Meisal- og Grytnesvassdraget er to små vassdrag mellom Eres- fjorden og Sunndalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Meisal- vannet er allerede regulert. Meisalelva renner fritt ned til 270 m o.h. hvor inntaket til dagens kraftstasjon ligger. Grytneselva er uregulert. Det er skissert åtte alternativer for utbygging hvor alt. 1-4 kun går på inngrep i selve Meisal- vassdraget, mens Grytneselva planlegges overført i alt. 5-8. Grunnfjell med forskjellige gneisbergarter dominerer i feltene. Hovedstrkretningen p bergartene, vest-srvet - st-nordst, gir seg tydelige utslag i de store landformene. De fleste fjorder og daler har denne retningen eller retning vinkelrett pa. I Meisalomr&det gjenspeiles strokretningen i utstrekningen av de hyeste toppene samt retningen p elvene. Isens påvirkning i området er tydelig med bl.a. flere store botner. Men ogs? gamle, mer avrundede landformer fra fr istidene er vanlige. Området lå utenfor innlandsisen i Yngre Dryas (11 000 - 10 000 år før nåtid), men var preget av sterk lokalglasiasjon i denne perioden. Det finnes ingen markerte avsetninger av løsmateriale som skyldes stans i innlandsisens tilbaketrekking. Løsmassene består i hovedsak av et tynt bunnmorenedekke og relativt store breelv- (glasifluvial) avsetninger ned mot fjorden.
    [Show full text]
  • (Samt Nær Nasjonalparken) - Søknad Om Helikopterlandinger I Samband Med Filmopptak Av Skikjøring - Vi- Sit Nordmøre & Romsdal
    DOVREFJELL NASJONALPARK- Særutskrift – samlet STYRE saksframstilling Arkivsaksnr: 2014/7557-3 Saksbehandler: Carl Severin Bjurstedt Dato: 12.12.2014 Utvalg Utvalgssak Møtedato Dovrefjell nasjonalparkstyre 10/2015 05.01.2015 Dalsida og Eikesdalsvatnet LVO (samt nær nasjonalparken) - Søknad om helikopterlandinger i samband med filmopptak av skikjøring - Vi- sit Nordmøre & Romsdal Vedlegg: 1 Søknad om dispensasjon for filming fra helikopter i Sunndalsfjella - Visit Nordmøre & Romsdal AS 2 Kart - Landingsplasser - Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark - Bruk av helikopter til filming 3 Oversendelse av søknad om dispensasjon for filming fra helikopter i Sunndalsfjella - Visit Nordmøre & Romsdal AS 4 Eikesdalsvatnet landskapsvernområde - Tillatelse til bruk av helikopter - Filmpro- sjekt - Ryssdalsnebba, Skjorta mfl. - Destinasjon Molde & Romsdal 5 Eikesdalsvatnet landskapsvernområde - tillatelse til landing med helikopter i forb. med filmprosjekt (vedtak i NP-styret opprettholdes) 6 Eikesdalsvatnet LVO - Miljøverndepartementets klagebehandling - landing på Katt- hammeren for reklamefilm for Freia (Kvikk Lunsj) - Vedtak i NP-styret omgjøres - avslag Andre dokumenter i saken 7. Naturmangfoldloven – NML (kap. II om bærekraft og V områdevern) - http://bit.ly/NML 8. Forskrift for Dalsida LVO - http://bit.ly/Forskr-Dalsida 9. Forskrift for Eikesdalsvatnet LVO – http:// http://bit.ly/Forskr-Eikesdv 10. Forskrift for Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark - http://bit.ly/Forskr_D-S_NP 11. Forvaltningsplan for verneområdene på Dovrefjell - http://bit.ly/FVP-DF
    [Show full text]
  • Stadnamn I Molde Kommune
    Kåre Magne Holsbøvåg Stadnamn i Molde kommune Stadnamn i Molde kommune Kåre Magne Holsbøvåg Stadnamn i Molde kommune Namn og kulturhistorie Utgjeve av Romsdal sogelag Molde 2010 Omslagsbiletet er frå Flovikholmen (Kopparholmen) på Nesjestranda. Vi ser skjeret Kopparen i framgrunnen til venstre. Foto Kåre Magne Holsbøvåg 2010. Kartutsnittet på baksida av boka er frå Dvergsneset og Bolsøysundet. Boka er tilrettelagt og trykt med støtte frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening Margit og Morten Parelius’ minnefond Bolsøybokfondet Molde kommune Karta er trykt med løyve frå Molde kommune og namnsettinga er tilrettelagt av Statens kartverk, Molde Biletmaterialet er arkivert ved Romsdalsmuseets fotoarkiv Sats og trykk: EKH, Molde Innbinding: Gjøvik Bokbinderi Opplag: 700 ISBN 978-82-90169-94-2 Utgjeven av Romsdal sogelag © Føreord Boka inneheld ein omtale av stadnamn i Molde siste hundreåra. Men dei er like verdfulle for det. kommune. Her er inga inndeling av namna. Ein Diktaren Kristofer Uppdal skreiv dette om finn dei etter som ein støyter på dei på ei ferd over stadnamn i boka «Andedrag» i 1918 (s. 7): «Og ein sjø og land i kommunen. Meininga er at det då kan høyre soga i gardsnamna, kan gjenom namna er lettast å finne fram til området der ein vil vete leite seg attover til dei fyrste bustader – soleis at ein meir om namna. Ei slik framstilling vil gjerne ikkje ser ferda til dei fyrste kuftekledde bumenn gjenom stadnamngranskarar like. Men boka er meint som ei skogane. Ein kan tyde soga til den einskilde gard orientering til vanlege folk utan spesialkunnskapar. gjenom namna på aakrar og englappar, sumtid Bustadnamna har ein sentral plass, men også attover til fyrste rudningsmannen.» dei like interessante naturnamna er lagt fram med Det er ikkje brukt lydskrift ved stadnamna, men dei opplysningar som har kome fram.
    [Show full text]
  • Fiskebiologiske Undersøkelser I Auravassdraget. Årsrapport 2004
    16 Fiskebiologiske undersøkelser i Auravassdraget. Årsrapport 2004 Arne J. Jensen Bengt Finstad Nils Arne Hvidsten Jan Gunnar Jensås Bjørn Ove Johnsen Egil Lund Espen Holthe NINAs publikasjoner NINA Rapport Dette er en ny, elektronisk serie fra 2005 som erstatter de tidligere seriene NINA Fagrapport, NINA Oppdragsmelding og NINA Project Report. Normalt er dette NINAs rapportering til opp- dragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid. I tillegg vil serien favne mye av instituttets øvrige rapportering, for eksempel fra seminarer og konferanser, resul- tater av eget forsknings- og utredningsarbeid og litteraturstudier. NINA Rapport kan også utgis på annet språk når det er hensiktsmessig. NINA Temahefte Som navnet angir behandler temaheftene spesielle emner. Heftene utarbeides etter behov og serien favner svært vidt; fra systematiske bestemmelsesnøkler til informasjon om viktige prob- lemstillinger i samfunnet. NINA Temahefte gis vanligvis en populærvitenskapelig form med mer vekt på illustrasjoner enn NINA Rapport. NINA Fakta Faktaarkene har som mål å gjøre NINAs forskningsresultater raskt og enkelt tilgjengelig for et større publikum. De sendes til presse, ideelle organisasjoner, naturforvaltningen på ulike nivå, politikere og andre spesielt interesserte. Faktaarkene gir en kort framstilling av noen av våre viktigste forskningstema. Annen publisering I tillegg til rapporteringen i NINAs egne serier publiserer instituttets ansatte en stor del av sine vitenskapelige resultater i internasjonale journaler og populærfaglige bøker og tidsskrifter. Fiskebiologiske undersøkelser i Auravassdraget. Årsrapport 2004 Arne J. Jensen Bengt Finstad Nils Arne Hvidsten Jan Gunnar Jensås Bjørn Ove Johnsen Egil Lund Espen Holthe NINA Rapport 16 Jensen, A.J., Finstad, B., Hvidsten, N.A., Jensås, J.G., John- sen, B.O., Lund, E.
    [Show full text]
  • Geology of Norway
    Quaternary Geology of Norway QUATERNARY GEOLOGY OF NORWAY Geological Survey of Norway Special Publication , 13 Geological Survey of Norway Special Publication , 13 Special Publication Survey Geological of Norway Lars Olsen, Ola Fredin & Odleiv Olesen (eds.) Lars Olsen, Ola Fredin ISBN 978-82-7385-153-6 Olsen, Fredin & Olesen (eds.) 9 788273 851536 Geological Survey of Norway Special Publication , 13 The NGU Special Publication series comprises consecutively numbered volumes containing papers and proceedings from national and international symposia or meetings dealing with Norwegian and international geology, geophysics and geochemistry; excursion guides from such symposia; and in some cases papers of particular value to the international geosciences community, or collections of thematic articles. The language of the Special Publication series is English. Series Editor: Trond Slagstad ©2013 Norges geologiske undersøkelse Published by Norges geologiske undersøkelse (Geological Survey of Norway) NO–7491 Norway All Rights reserved ISSN: 0801–5961 ISBN: 978-82-7385-153-6 Design and print: Skipnes kommunikasjon 120552/0413 Cover illustration: Jostedalsbreen ASTER false colour satellite image Contents Introduction Lars Olsen, Ola Fredin and Odleiv Olesen ................................................................................................................................................... 3 Glacial landforms and Quaternary landscape development in Norway Ola Fredin, Bjørn Bergstrøm, Raymond Eilertsen, Louise Hansen, Oddvar Longva,
    [Show full text]
  • Innholdslister for Årsskriftene I Perioden 1921-1995
    kapittel 2: innholdslister for 1921-1995 Innholdslister for årsskriftene i perioden 1921-1995 De første årene kom årsskriftene hvert år. Dette varte fram til og med 1928. I 1930 kom årsskriftet for 1929-30 og i 1932 for 1931-32. Disse årsskriftene er i registeret kalt 1930 og 1932. Det ble nå stans i utgivelsene i mange år, men i 1947 kom 25-årsskriftet for tiden 1921-46, dette blir kalt 1947 i registeret. I 1948 kom så det siste dobbeltnummeret for 1947-48, dette blir kalt 1948 i registeret. Fra 1949 har årsskriftet kommet hvert år. I 1977 ble det utgitt en artikkelsamling «Blad av Romsdals historie. Utvalgte artikler fra Romsdal Sogelags årsskrift 1921-1932», dette kalles rett og slett Blad i registeret. Her er alle innholdslistene gjengitt, årsskrift for årsskrift. De gjengitte inn­ holdslistene er komplette og avviker en del fra de ufullstendige og unøyaktige innholdslistene i de første årsskriftene. Den originale skrivemåte er beholdt, men aa er erstattet med å. Åpenbare trykkfeil er rettet opp. Forfattere bare angitt med initialer i årsskriftet har fått disse erstattet med sitt fullstendige navn. 1921 Fyreord 3 Olafsen-Holm, Jørgen Av Romsdalens Historie. Oversigt over Den forhistoriske Indledning 5 Olafsen, Olaf Jordbruk og Havebruk i Romsdalen i ældre Tid 32 Skeidsvoll, Agnar Futen Eeg og bøndeme på Daugstad og Villa 49 Foss, Knut Fra vor Folkeskoles Barndom 51 Skeidsvoll, Agnar Tresfjord-segner 56 Aure, Anton Gamle vermerkje frå Fræna og Bud 59 Lov for Romsdals Sogelag 61 1922 Olafsen-Holm, Jørgen Av Romsdalens historie. Oversigt over Den forhistoriske Indledning 3 Hertzberg, N.
    [Show full text]
  • Revisjonsdokument Aurautbyggingen REVISJONSDOKUMENT AURAUTBYGGINGEN
    Naturen i arbeid Revisjonsdokument Aurautbyggingen REVISJONSDOKUMENT AURAUTBYGGINGEN 1 KONSESJONENE ........................................................................................................................................ 3 1.1 OVERSIKT OG VIRKEMÅTE FOR GITTE KONSESJONER OG TILLATELSER .................................................... 3 1.1.1 Hovedkonsesjonen fra 1953 ............................................................................................................ 3 1.1.2 Takrenneoverføringen i 1959 .......................................................................................................... 4 1.1.3 Endringer i konsesjoner i ettertid.................................................................................................... 4 2 AURAUTBYGGINGEN............................................................................................................................... 5 2.1 DE TEKNISKE ANLEGG.............................................................................................................................. 5 2.2 BERØRTE VASSDRAGSOMRÅDER .............................................................................................................. 7 3 HYDROLOGISKE FORHOLD .................................................................................................................. 8 3.1 VANNSTANDER I MAGASINER................................................................................................................... 8 3.2 VANNFØRINGER I ELVER .........................................................................................................................
    [Show full text]
  • Årsrapportgod Helse Partnarskapet 2018 Årsrapportgod Helse Partnarskapet 2018 Innhald Innleiing Møre Og Romsdal Fylkeskommune S
    Foto: Tale M.Heggset ÅrsrapportGod Helse partnarskapet 2018 ÅrsrapportGod Helse partnarskapet 2018 Innhald Innleiing Møre og Romsdal fylkeskommune s. 4 Møre og Romsdal idrettskrets s. 6 Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal (ikkje levert) Sunnmøre friluftsråd s. 8 Årsrapporten for God Helse-partnarskapet presenterer set menneska i sentrum for samfunnsutviklinga. Gode Aukra kommune s. 10 eksempel frå mangfaldet av folkehelsearbeid i Møre stader og lokalsamfunn kan gi stor folkehelsemessig Aure kommune s. 12 og Romsdal i 2018. Mykje godt arbeid blir utført i gevinst. Nærmiljøprosjektet legg difor til grunn kommunane på tvers av sektorar og fagområde, og i regi at kommunane best kjenner eigne utfordringar og Averøy kommune (ikkje levert) av friluftsråda og idrettskretsen. moglegheiter, og støttar prosessar som gjer at folk Eide kommune s. 14 flest får auka innflytelse over eigen kvardag og Fræna kommune s. 16 Grunna lita oppslutning frå kommunane si politiske og sitt eige lokalmiljø. Erfaringane frå prosjektet vil Giske kommune s. 18 administrative leiing blei partnarskapsforum for første kunne overførast til utviklings- og planprosessar i gang ikkje gjennomført i 2018. Men i same tidsrom kommunane og fylkeskommunen, samt til Program for Gjemnes kommune s. 20 blei det arrangert ei to dagars folkehelsesamling for folkehelsearbeid i kommunane. Halsa kommune s. 22 kommunane der hovudtemaet var det nye Program for Haram kommune s. 24 folkehelsearbeid i kommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune vil i 2019 søkje om Hareid kommune s. 26 deltaking i Program for folkehelsearbeid i kommunane. Kultur og folkehelseutvalet har gjort vedtak om at I 2018 har ein arbeidd med grunnlaget for søknaden Herøy kommune s. 28 God Helse-partnarskapet og gjeldande partnaravtale gjennom tett dialog med kommunar, forskingsinstitusjonar, Kristiansund kommune s.
    [Show full text]
  • Søknad Om Konsesjon for Bygging Av Kvidalselva Kraftverk
    ClemensKraft AS Dronningensgate10 0152 OSLO NVE Konsesjonog tilsynsavdelingen Postboks5091, Majorstua 0301 OSLO Oslo, 25.11.2014 Søknad om konsesjonfor bygging av Kvidalselva kraftverk ClemensKraftAS ønskersammenmed grunneierneåutnytte vannfalleti elva Kvidalselvai Nessetkommune iMøre og Romsdalfylketil kraftproduksjon,og søkerherved om følgende tillatelser: 1. Etter lov om vassdragog grunnvann, jf. § 8, om tillatelse til: - å byggeKvidalselva kraftstasjon som beskreveti vedlagtesøknad. 2. Etter energiloven om tillatelse til: - åbygge og drifte Kvidalselvakraftverkmed tilhørendekoblingsanlegg og kraftlinjer som beskreveti søknaden Nødvendigopplysninger om tiltaket fremgårav vedlagteutredning. Vi ber om en snarlig behandlingav søknaden Med hilsen ClemensKraftAS SigmundJarnang Saksbehandler T. 905 85 486 [email protected] ClemensKraft AS-Org.nr. 912511 480 Dronningensgate 10, 0152 Oslo–Tlf 23 08 14 91 epost [email protected] Sammendrag Det søkesom tillatelse til å byggeet småkraftverki Kvidalselvai Nessetkommune, Møre og Romsdal fylke. Tiltaksområdetligger ca. 3 km fra tettstedetEresfjord. Til Molde fra tiltaksområdeter ca. 50 km til Moldelufthavn, Årø. Kvidalselvahar sitt utspringinnerst i nedbørfeltet.Feltet er omgitt av størrefjelltopper, Lillefjelleti vest med1244 mohog Skjorta i sørøstmed 1711 moh. Nedbørfelteter11,8km 2 er stort. Inntaksdami Kvidalselvaplanleggespå kote 308. Inntaketbestår av en terskelca. 30 mlangog 2 m høy, samten inntakskumpå østsidenav elva. Årstilsig ved inntaket;27,9 mill.m3. Spesifikk avrenning; 75 l/s/km2. Middelvannføring;885 l/s. Alminnelig lavvannføring;65 l/s. Beregnede5-persentiler er; 165 l/s om sommerenog 65 l/s om vinteren.Volum inntaksdam/-terskel;800 m3. Neddemtareal utgjør ca. 0,5 da. Fra inntaketføres vannet i nedgravderør. Lengde:950 m. Total fallhøydeer 145 m. Rørdiameter:900 mm. Kraftverket skal ikke ha reguleringereller overføringerfra andrevassdrag. Kraftstasjonenbygges på vestsidenav Kvidalselva,på kote 163.
    [Show full text]
  • Fakta Om Nesset
    FAKTA OM NESSET Nesset kommune De største – 1048 km2 Visjon utfordringene i dag I 1964 ble Vistdal og Eresfjord kommune Kommunestyret vedtok i juni 2015 sin Vi ser at arbeidsledigheten har hatt en slått sammen med daværende Nesset nye versjon og slagord; Jeg velger meg negativ utvikling. I januar 2017 er det 63 kommune. Nesset. Vinner av slagordkonkurransen personer i kommunen som er helt uten ble Mary Lilleløkken. arbeid. Dette utgjør 4,0 % av arbeidstokken Administrasjonssenteret ligger i Eidsvåg. (3,0% i januar 2016) Gjennomsnittet i fylket Videre har vi bygdene Eikesdal, Vistdal, Juryens begrunnelse lød slik: ligger på 3,6%. Arbeidsledigheten i Nesset Eresfjord, Bugge, Eidsøra, Raudsand, «Bjørnstjerne Bjørnson valgte seg april, ligger høyere enn våre nabokommuner. Rød, Tjelle, Ranvik og Gussiås. og det kan vi forstå etter de inntrykk han fikk fra barndommen sin på Nesset Nesset kommunestyret vedtok i 2013 at Nesset sitt kommunenummer er 1543 Prestegard. Våren er en fantastisk tid kommunen skal bosette flyktninger. Det med hvite fjell, skummende fosser, er ved utgangen av 2016 bosatt 46 flykt­ Nabokommuner grønne lier og blå fjord. Bjørnson valgte ninger. Dette er hovedsakelig flyktninger Sunndal, Rauma, Lesja, Molde, Gjemnes seg Skjorta i diktet Romsdalen. Skjorta fra Eritrea, Somalia og Syria. Et viktig og Tingvoll er landemerke midt i kommunen, og et fokus er at disse skal oppleve trygghet, kjent seilingsmerke fra gammelt av.» respekt og muligheter for god integre­ Avstander ring i kommunen vår. Fra Eidsvåg til Molde: 53 km Nesset kommune tar vare på både inn­ Fra Eidsvåg til Sunndalsøra: 35 km byggere og gjester – vi håper du vil velge De største Fra Eidsvåg til Åndalsnes: 70 km deg Nesset! utfordringer mot 2020 Nærmeste flyplass er Årø lufthavn, Molde Folketallsutvikling Nesset kommunestyre vedtok i møte – 40 minutter unna Eidsvåg sentrum.
    [Show full text]