Vår dato Vår ref. 26.08.2016 2015/3217/GEMO/432.4 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Rådgivar Geir Moen, 71 25 84 71 08.01.2016 Nesset kommune Kråkholmvegen 2 6460 EIDSVÅG I ROMSDAL Prestaksla naturreservat – Avslag på søknad om løyve til oppføring av gapahuk på Bjørnsonstien Vi viser til søknad datert 8. januar 2016, der Nesset kommune i samarbeid med Bjørn Ølander, pedell på Nesset prestegard, søkjer om løyve til oppføring av gapahuk på ca. 30 m2 ved Bjørnsonstien i Prestaksla naturreservat. Søknaden Bjørnsonstien, som er den gamle ferdselsvegen frå Nesset prestegard mot Bugge har blitt ein svært populær tursti og vert brukt heile året, opplyser kommunen. Stien går i nedre kant av Prestaksla naturreservat og ligg på eigedomen til Opplysningsvesenets fond, gnr. 59/1 . Det har kome forslag frå mange som brukar stien om å lage ein gapahuk ved enden av stien. Gapahuken er tenkt bygd av stadlege materiale (vindfall) og noko royalimpregnerte bord i tak og vegger. Størrelse er foreslått til 5 x 6 meter i grunnflate og 2 meter høgde i framkant (under svilla). Den vil bli lagt litt tilbaketrekt (ovanfor) frå stien og vende med opninga mot Eresfjorden og fjellet Skjorta. Nesset kommune/pedellen på Nesset prestegard vil ta ansvaret for oppsetting og tilsyn. Verneforskrifta Formålet med naturreservatet er å bevare eit område som representerer skog med naturleg skogdynamikk på Vestlandet, med gamle tre, stormfellingsdynamikk og påfølgande lauvtreoppslag. Høgdegradienten gir stort artsmangfald og spesielle kvalitetar. Nedst er det artsrik lågurtskog, rikt hasselkratt og annen edellauvskog med innslag av alm og ask. Lenger oppe er det til dels urskogprega furuskog. Etter § 3 i verneforskrifta er det forbode med oppføring av bygningar, anlegg og andre varige eller midlertidige innretningar. Det er ikkje heimel i verneforskrifta til å gje dispensasjon til denne type bygningstiltak. I tillegg er vegetasjonen, herunder døde busker og trær, verna mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (inkludert lav) eller delar av desse frå naturreservatet. Dyrelivet, herunder reirplasser og hiområde, er verna mot skade, øydelegging og unødig forstyrring. Verneføresegnene er ikkje til hinder for bålbrenning med tørrkvist eller medbrakt ved. Fylkesmannen i Møre og Romsdal – Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - [email protected] – Organisasjonsnr: 974 764 067 side 2 av 3 Vurdering Forvaltningsstyresmakta har ikkje heimel til å gje dispensasjon til bygging av gapahuk etter verneforskrifta. Søknaden må derfor vurderast etter den generelle heimelen om dispensasjon i naturmangfaldlova (§ 48). I § 48 er det opna for at det kan gjevast dispensasjon dersom det ikkje er i strid med verneformålet og ikkje kan verke inn på verneverdiane i nemneverdig grad, eller for sikkerheit eller når omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig. I denne saka er det påverknad på verneformål og verneverdiar søknaden må vurderast opp mot. At «tiltaket ikke skal påvirke verneverdiene nevneverdig» betyr ifølge Miljødirektoratet sitt rundskriv «at dispensasjonsadgangen er snever. Det kan bare dispenseres i de tilfeller tiltaket vil ha begrenset virkning for verneverdiene. Det er m.a.o. i første rekke bagatellmessige inngrep eller forbigående forstyrrelser som er av stor betydning for søker sammenholdt med verneinteressene, som omfattes av bestemmelsen. Siktemålet er at verneforskriften ikke uthules gjennom omfattende dispensasjonspraksis. Bestemmelsen gir også klar anvisning på at hensynet til verneverdiene skal være overordnet f.eks. næringsinteresser. Dersom det er usikkerhet knyttet til virkningene et tiltak kan ha for naturmiljøet, bør blant annet føre-var-prinsippet tillegges stor vekt.» Alle dispensasjonar skal vurderast etter prinsipp for offentleg avgjerd i §§ 8-12 i naturmangfaldlova. I Naturbase er det registrert ein varmekjær edellauvskogslokalitet med eit godt artsutval langs Bjørnsonstien, der gapahuken er tenkt plassert. Edellauvskogen er i mosaikk med furuskog. Under naturbaseregistreringa vart det også observert m.a. spettmeis, toppmeis, stjertmeis og truleg gråspett. Kunnskapsgrunnlaget (§ 8) blir vurdert til å vere godt med omsyn til kunnskap om naturtypen i området, men det er knytt meir uvisse til kunnskap på artsnivå om planter, hekkefuglar og anna vilt i området. «Føre-var-prinsippet» (§ 9) bør difor tilleggast noko vekt. Tiltaket må også vurderast etter § 10 «økosystemtilnærming og samla belastning». Vi kjenner ikkje til at det er andre bygningar i reservatet, men det går ei kraftlinje gjennom ein del av området. Gapahuken er ønska plassert i skogen litt ovanfor Bjørnsonstien i nedre kant av reservatet. Nøyaktig plassering er ikkje opplyst, men er som nemnt innanfor naturbaselokaliteten med artsrik lågurtskog. Plassering av gapahuk med bålplass i skogen ovanfor stien vil føre til ein del trakk i dette området og skade på bakkevegetasjonen, som truleg er artsrik. Dette blir vurdert til påverke verneverdiane negativt lokalt, sjølv om det er ein liten del av verneområdet. Truleg går nokre få tusen personar stien kvart år. Det kan også bli behov for å rydde nokre tre og hasselkratt for å få god utsikt. Etter vår vurdering vil gapahuken i mindre grad vere i strid med verneføremålet om den blir plassert heilt inntil stien, men ei plassering lengre unna vil vere meir uheldig sidan eit større område blir utsett for forstyrring. Vi ser fare for at ein dispensasjon i denne saka vil kunne få uheldige prinsipielle konsekvensar som på sikt kan svekke verneformålet i dette og andre verneområde. Gapahukar vil kunne vere aktuelt å sette opp i mange naturreservat, og normalt vil det ikkje bli gitt løyve til slike bygningstiltak i naturreservat, som er den strengaste verneforma. Det side 3 av 3 at kommunen er søkar og at gapahuken ligg ved ein etablert sti reduserer presedensfaren noko. Det er tydelig at tiltaket er for ålmenta og at mange kan nytte seg av det. Kostnadene ved miljøforringing skal dekkast av tiltakshaver, jf. nml § 11, noko vi ikkje reknar som ei veldig aktuell problemstilling i dette tilfellet. Dersom plassering av gapahuken krev terrenginngrep og fører til større skader på vegetasjonen i området kan det likevel bli aktuelt. Etter § 12 skal miljøforsvarlige teknikker og driftsmetoder samt alternativ lokalisering vurderast. Om mogleg bør gapahuken plasserast utanom verneområdet. I dette tilfellet vil dette måtte bli ved starten av stien nær prestegarden eller lengre mot Eresfjord. Vi ser at det er mindre aktuelt med gapahuk ved startpunktet (parkeringsplassen), og mot Eresfjord er det planlagt utviding av reservatet. Her er stien i dårleg forfatning. Den beste lokaliseringa for verneverdiane i reservatet er heilt inntil stien, men då må truleg bygget endrast ein del. Sidan den omsøkte plasseringa av gapahuken er i eit område av reservatet der det er registrert spesielle verdiar (naturbaselokalitet med rik edellauvskog/artsrik lågurtskog), meiner vi at verneverdiane i området rundt gapahuken vil bli redusert på grunn av trakkskader og forstyrring. Det kan ikkje gjevast dispensasjon etter § 48 i naturmangfaldlova dersom verneverdiane i reservatet i nemneverdig grad blir påverka av tiltaket. Vi har også lagt noko vekt på føre-var-prinsippet (§ 9) og faren for presedens (§ 10). Søknaden blir difor avslått. Vedtak Nesset kommune og Bjørn Ølander får avslag på søknad om oppføring av gapahuk ovanfor Bjørnsonstien i Prestaksla naturreservat i medhald av verneforskrifta § 3. Klagerett Dette vedtaket kan i samsvar med § 28 i forvaltningslova påklagast til Miljødirektoratet. Ei eventuell klage skal stilast til Miljødirektoratet, og vere sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker etter at dette brevet er mottatt. Ei klage bør grunngjevast. Vi vil opplyse at det kan vere andre enn søker som har rettslig klageinteresse. Alle vedtak som mellom anna gjeld verneområde blir i løpet av kort tid etter vedtak lagt inn i det nasjonale Miljøvedtaksregisteret,- www.miljovedtak.no Med helsing Ola Betten (e.f.) Geir Moen fagansvarleg Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM Statens naturoppsyn Postboks 5672 Sluppen 7485 TRONDHEIM .
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages3 Page
-
File Size-