Kartlegging av naturtypar i Nesset kommune Rapport J. B. Jordal nr. 6-2005 Utførande konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarleg: ISBN-nummer: Biolog John Bjarne Jordal John Bjarne Jordal 6610 Øksendal epost:
[email protected] 82-92647-06-7 Oppdragsgjevar: Kontaktperson hos oppdragsgjevar: År: Nesset kommune 6460 Eidsvåg i R. Hogne Frydenlund 2005 Referanse: Jordal, J. B. 2005: Kartlegging av naturtypar i Nesset kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 6-2005. 162 s. Referat: Det er utført kartlegging av prioriterte naturtypar og raudlisteartar i Nesset kommune etter ein fastsett, nasjonal metodikk. Det er avgrensa og skildra 135 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog, berg/rasmark og fjell. Fleirtalet av desse er nye basert på feltarbeid, rundt 25 var i den tidlegare Naturbasen til fylket, og ein del fleire fanst i litteraturen. Det er gjort 284 funn av 91 nasjonale raudlisteartar av biller, sommarfuglar, lav, mosar, planter og sopp. Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database. Nesset sitt særpreg er særleg innanfor naturtypane kulturlandskap med naturbeitemarker og hagemarker med hassel og styva alm, skog med edellauvskog, gammal lauv- og furuskog, berg og rasmark med sørvendte berg og rasmarker og kalkrike fjellområde med rik, basekrevande flora. Det er og utført litt viltkartlegging. Nesset kommune har fleire verneområde i skog og fjell. Dei er oppretta for å ta vare på planteliv og/eller fugle- og dyrelivet. I tillegg er Visavassdraget omfatta av Verneplan IV. Emneord: Biologisk mangfald Prioriterte naturtypar Planter Kulturlandskap Sopp Myr Mose Skog Lav Rasmark Insekt Fjell Fugl Pattedyr Framsidebilete: Øvst t.v.: Utsikt frå Eidshaugen mot Sunndalsfjorden med Meløya.