Masteravhandling Og Vedlegg (12.99Mb)
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
2 SAMANDRAG Falske nyhende har vore eit omdiskutert tema etter Brexit, presidentvalkampen i USA i 2016 og dei etterfølgjande vala i andre land. Denne studien forsøker å sjå på førekomsten av falske nyhende under stortingsvalet i 2017. Føremålet har vore å kaste lys over det digitale økosystemet av alternative medium, som forsøkte å påverke veljarane sine meiningar og førestillingar med hjelp av politisk propaganda, falske nyhende, forvrengt og einsidig framstilling av saker, medviten desinformasjon og løgner. Dei fleste nettstadene i vårt utval publiserer saker med ein politisk agenda og eit innhald som består av ekstremt skeivt vinkla saker og konspirasjonsteoriar. Dei fleste ser ut til å ha kopling til parti og aktørar på høgre fløy av politikken. Dei alternative nettstadene lenker til kvarandre, dei krysspubliserer likelydande saker, dei likar kvarandre sine Facebook-sider. Vi har kartlagt eit nettverk med hundrevis av Facebook- sider som distribuerer politisk propaganda i den norske ålmenta. Analysen viser at denne praksisen er ein effektiv måte alternative medium kan skape såkalla filterbobler. Dette er kjent fenomen frå korleis algoritmar legg til rette for at den einskilde skal konsumere informasjon som er i tråd med eksisterande oppfatningar. Så langt denne studien har vist, var ikkje problemet med falske nyhende like omfattande i Norge som det har vore i andre demokrati. Det ser ut til å vere relativt liten førekomst av fabrikkerte nyhende, som er laga med sikte på økonomisk vinning. Generelt har den norske ålmenta relativt få nettstader som publiserer løgner, oppspinn og konspirasjonsteoriar. Samanlikna med utlandet blir slike sider relativt lite delt i sosiale medium, men i norsk målestokk er omfanget likevel nokså omfattande, med tusenvis av delingar. 3 FØREORD Eg vil takka alle som på ulike måtar har bidrege i arbeidet med denne oppgåva. Mest av alt gjeld det min rettleiar Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, som er eit orakel av kunnskap og har gjeve framifrå faglege råd. Ved Universitetet i Stavanger (UiS) er det og ei rekkje andre fagfolk som har skapt interesse for fagområdet lesevitskap. Nora Simonhjell, Inge Særheim, Finn Tveito, Greta Brodahl, Magne Drangeid og Anne Håland var med på å gjere Master i nordisk og lesevitskap til eit interessant og lærerikt studium, som eg kan tilrå andre. Mange studiekameratar har bidrege til at studiet har vore ei god oppleving. Ikkje minst min tidlegare kollega Ingeborg Marie Jensen, som styrer Studieverkstedet på UiS og har gitt kompetent rettleiing i akademisk skriving. Min arbeidsgjevar har lagt til rette for at eg kunne fullføra eit studium som eg starta på allereie i 1987. Både med rause stipend til litteratur og fri i samband med eksamen. Det same gjeld STUP – studiepermisjonsordninga til Norsk Journalistlag og Mediebedriftene, som gav støtte til 8 veker permisjon hausten 2017. I denne perioden deltok eg på eit fagsymposium om “Fake News and Alternative Facts” i regi av Det Norske Videnskaps- Akademi, med framifrå innleiarar frå akademia og presse i USA og Norge. Utanom fire månader med permisjon har eg jobba fulltid som journalist. Planen var i utgangspunktet å ta Master-studiet på deltid over fire år. Men det gjekk på to år takka vere den nemnde støtta. Kapittel 1 Innleiing, 2 Metode og 3 Resultat og analyse av data blei skrive før jul 2017, medan kapittel 4 Diskusjon og perspektivering blei skrive i mars og april 2018. Til slutt er det all grunn til å takke min ektefelle Siri og resten av familien for tålmod og oppbakking undervegs. 4 INNHALD Samandrag ................................................................................................................. 3 Føreord ....................................................................................................................... 4 Innhald ........................................................................................................................ 5 1. INNLEIING .............................................................................................................. 8 Bakgrunn for studien ........................................................................................................ 8 Problemstilling ................................................................................................................ 11 Føremålet med oppgåva ................................................................................................ 11 Betydinga av studien ...................................................................................................... 12 Definisjonar ..................................................................................................................... 12 Fake news / falske nyhende ........................................................................................... 12 Rykte .............................................................................................................................. 13 Offentlegheit ................................................................................................................... 13 Sosiale medium .............................................................................................................. 14 Teoretisk rammeverk ...................................................................................................... 14 Habermas ....................................................................................................................... 14 Den digitale reformasjonen ............................................................................................. 16 Forskingsspørsmål / Hypotese ....................................................................................... 21 Avgrensingar .................................................................................................................. 22 Syntese og forskingsspørsmål ....................................................................................... 22 Organisering av oppgåva ............................................................................................... 23 2. METODE ............................................................................................................... 25 Forfattarens forforståing ................................................................................................. 25 Etiske vurderingar ........................................................................................................... 25 Strategi for utval ............................................................................................................. 26 Datainnsamlinga ............................................................................................................. 27 Alexa.com ....................................................................................................................... 27 Storyboard.mx ................................................................................................................ 28 Distribusjon av falske nyhende via Facebook ................................................................ 29 Facebook graph .............................................................................................................. 31 Netvizz ............................................................................................................................ 33 Avgrensing ...................................................................................................................... 35 3. Resultat og analyse av data ............................................................................... 37 5 Var den norske ålmenta prega av falske nyhende i samband med stortingsvalet 2017? ........................................................................................................................................ 37 Virale nettstader ............................................................................................................. 38 Oppsummering ............................................................................................................... 39 Alternative medium ......................................................................................................... 40 247.avisen.com og 24avisen.com .................................................................................. 41 “Frie Nasjonalister - Politisk ukorrekt info” ...................................................................... 44 Frie ord ........................................................................................................................... 47 Frihetskamp.net .............................................................................................................. 49 Konspiritualitet: Nyhetsspeilet ........................................................................................ 51 Nyttnorge.com, nattnytt.com og Christian Paaske ......................................................... 52 Nattnytt.com ................................................................................................................... 54 Kilden.info ....................................................................................................................... 56 Riksavisen.no ................................................................................................................. 57 Ektenyheter.no ............................................................................................................... 58 Dinavis.no ......................................................................................................................