INNHALD

Planomtale Føresegner Plankart ...... Blad 1/2 Blad 2/2

Illustrasjonsplan ...... O001 Planomtale

Fv 63 Hp 04 Deponi Øye i

Norddal kommune Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

FORORD Plandokumenta omfattar:

På vegne av Møre og fylkeskommune har Statens vegvesen Region midt i samarbeid med • Planomtale, (dette dokumentet) Norddal kommune utarbeidd reguleringsplan for fv. 63 masselager på Øye i Eidsdal. Planen omfattar eit • Reguleringsplankart, datert 05.04.2019, revidert 28.06.2019 areal på 128 dekar, og legg til rette for å etablere støttefylling under fv. 63 og lager for • Reguleringsføresegner, revidert etter høyring 23.08.2019 overskotsmasser frå tunnelprosjektet fv. 63 Korsmyra-Indreeide. • Illustrasjonsplan O 001, datert 02.04.2019

Reguleringsplanen skal vise tiltaket og bruk av dei areala som blir nytta. Reguleringsplan er nødvendig Vedlegg: rettsgrunnlag for gjennomføring av tiltak og utbygging, og ved eventuell ekspropriasjon av grunn. • 3D-illustrasjonar Prosjektgruppa i Statens vegvesen har utanom ein prosjektleiar bestått av personar med følgjande • Geoteknisk rapport 40027-GEOT-R3 (masselager), datert 14.09.2018 fagansvar: planfag, vegplanlegging, landskap, geoteknikk, utbygging, drift/vedlikehald og • Geoteknisk notat 40030-GEOT-N02 (støttefylling), datert 26.04.2019 grunnerverv. • Skredfarevurdering 40027-GEOT-N3 Rev A, datert 23.08.2019

• Hydrologisk notat NVE Oppdragsrapport B 10/2019 Oppstart av planarbeidet blei annonsert i 29.05.2018. Det blei samtidig sendt brev med varsel om oppstart til grunneigarar, organisasjonar og offentlege etatar. Varsel om utvida planområde vart sendt ut 11.12.2018, etter at det viste seg nødvendig å etablere ei støttefylling opp under fv. 63 nord for Høgsetelva.

Etter vedtak i Norddal kommune ved Det faste utvalet for plansaker 29.04.2019, sak 009/19, låg planforslaget ute til høyring i seks veker med frist for merknader 20.06.2019.

Offentleg ettersyn av planen vart annonsert i Storfjordnytt og Sunnmørsposten. Planen vart sendt til grunneigarar, organisasjonar og andre med interesser i området til uttale, samt til offentlege etatar som har ansvar for ulike fagområde i området.

Statens vegvesen har mottatt og vurdert merknader til planforslaget i samarbeid med Norddal kommune. Planen med eventuelle justeringar blir etter det handsama i kommunen. Kommunestyret i Norddal kommune vedtar planen. Partar eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på kommunestyret sitt vedtak innan tre veker. Fylkesmannen avgjer klagen.

Desse kan svare på spørsmål om planen: Statens vegvesen ved Bjarne Otnes e-post: [email protected] telefon: 915 96 745

Norddal kommune ved Martin Flatmo Hove e-post: [email protected] telefon: 70 25 88 45

2

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

Innhald 5.5 Naturmiljø...... 15

5.5.1 Forureining ...... 15 FORORD ...... 2 5.5.2 Naturmangfald (naturmangfaldlova §§ 8-12) ...... 15 1 BAKGRUNN ...... 4 5.6 Naturressursar ...... 16 1.1 Planområdet ...... 4 5.7 Risiko, og sårbarheit – ROS-analyse ...... 17 1.2 Målet med planen ...... 4 6 GJENNOMFØRING AV FORSLAG TIL PLAN ...... 19 1.3 Forskrift om konsekvensutgreiingar ...... 4 6.1 Framdrift og finansiering ...... 19 2 PLANPROSESS OG MEDVERKNAD ...... 5 6.2 Utbyggingsrekkefølge ...... 19 3 OMTALE AV PLANOMRÅDET, EKSISTERANDE FORHOLD ...... 5 6.3 Trafikkavvikling i anleggsperioden ...... 19 3.1 Gjeldande plansituasjon ...... 5 6.4 Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) og Ytre miljøplan (YM) for byggefasen ...... 19 3.2 Områdeskildring - generelt ...... 5 7 INNKOMNE MERKNADER ...... 19 3.3 Landskapsbilde ...... 7 7.1 Innspel ved varsel om oppstart 29.05.2018 ...... 19 3.4 Kulturmiljø ...... 7 7.2 Innspel ved varsel om utvida planområde 11.12.2018 ...... 20 3.5 Naturmangfald ...... 8 7.3 Merknader ved offentleg høyring xx.xx.2019 ...... 21 3.6 Naturressursar ...... 8

3.7 Nærmiljø/friluftsliv...... 8

3.8 Risiko og sårbarheit ...... 9 3.9 Grunnforhold ...... 10

3.10 Trafikkforhold ...... 10

3.11 Teknisk infrastruktur ...... 10

4 OMTALE AV PLANFORSLAGET ...... 10

4.1 Hovudelementa i tiltaka ...... 10

4.1.1 Masselager ...... 10

4.1.2 Støttefylling...... 11

4.1.3 Tilkomstveg ...... 11

4.1.4 Heving av landbruksareal ...... 11

4.2 Reguleringsformål ...... 11

4.3 Andre vurderte alternativ ...... 12

5 VERKNADER AV PLANFORSLAGET ...... 13

5.1 Naboar ...... 13

5.2 Landskap ...... 13

5.3 Kulturarv ...... 14

5.4 Nærmiljø/friluftsliv ...... 14

5.4.1 Friluftsliv ...... 14

5.4.2 Støy ...... 14

3

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

1.2 Målet med planen

Målet med planen er å gi eit formelt grunnlag for å etablere eit masselager for overskotsmasser frå

1 BAKGRUNN tunnelprosjektet fv. 63 Korsmyra-Indreeide. Det prosjektet skal sikre strekninga mot snøskred, og gi tryggare vinterveg til . Tunnelmassane på totalt 528 000 m3 lause massar skal fordelast 1.1 Planområdet mellom gjenbruk i anlegget, ferdig regulert deponi på Berge og det no planlagde masselageret på Øye. I tillegg kan masse bli køyrd til Norddalsstranda, der det er aktuelt å utbetre fylkesveg 91. Noko masse

kan også bli tilbydd lokale avtakarar med kommunalt godkjente tiltak. Endeleg fordeling av massane Planområdet er markert med raud sirkel på oversiktskartet i figur 1. blir avklart seinare. Steinmassane i masselageret er tenkt å vere tilgjengeleg for bruk i framtidige veg-

og byggeprosjekt i Eidsdal og Norddal. Forvaltning og drift av masselageret er tenkt lagt til kommunen.

I tillegg til masselageret er det i løpet av planarbeidet komme fram at det er behov for å legge opp ei støttefylling mot ein støttemur som er i ferd med å sige ut nord for Rønnebergjuvet/Høgsetelva. Dette tiltaket er difor tatt inn i planen.

Total kapasitet i masselageret og støttefyllinga på Øye er på 290 000 m3.

1.3 Forskrift om konsekvensutgreiingar

Forskrift om konsekvensutgreiingar av 21.06.2017 gir rammer for å avgjere om ein plan skal innehalde ei konsekvensutgreiing (KU). Massedeponi større enn 50 dekar eller 50 000 m3 masse skal vurderast opp mot eit sett med kriterium for å avgjere om det skal konsekvensutgreiast. Kriteria går fram av § 10 i forskrifta. Norddal kommune er ansvarleg myndigheit og avgjer spørsmålet. I oppstartsmeldinga går det fram at kommunen meiner masselageret ikkje utløyser krav om KU. Etter § 11 i forskrifta skulle grunngjevinga om KU-plikt gått fram av oppstartsmeldinga. Denne kom diverre ikkje med, men vurderinga følgjer nedanfor. Vi registrerer elles at ingen av høyringsinstansane har sett fram krav om at planen må konsekvensutgreiast.

I dei 8 kriteria i § 10, bokstav a) - h) vurderer vi følgjande element som relevante for å vurdere om det må stillast krav om konsekvensutgreiing:

• Konflikt med kulturminne freda etter kulturminnelova (bokstav a). Severinbrauta er ein freda husmannsplass nordvest for planområdet. Masselageret er ikkje i direkte konflikt med kulturminnet, og konfliktpotensialet som må vurderast er knytt til eventuelle verknader for opplevingsverdiane på staden, dvs. visuelle verknader og støy/forstyrring. Dette blir gjort greie for i kapittel 6, og vår vurdering er at verknader ikkje har eit omfang som utløyser krav om konsekvensutgreiing.

• Konflikt med truga artar eller naturtypar, og verdifulle landskap (bokstav b). Det er ikkje registrert førekomstar av truga artar eller naturtypar i influensområdet for planen. Sidan det kan

bli stilt spørsmål ved kvifor ikkje førekomst av laks og sjøaure i Eidsdalselva utløyser krav om Figur 1 - Oversiktskart. Figur 2 - Avgrensing av planområdet konsekvensutgreiing vil vi peike på at desse artane ikkje er oppført som truga artar på raudlista, og med det fell utanom kriterium b) i forskrifta. Verknader for laks og sjøaure er gjort greie for i Planområdet dekker eit areal på om lag 128 dekar aust for Eidsdalsevla i Norddal kommune. Avgrensing kapittel 6. av planområdet er vist i figur 2. Planområdet og tiltaket blir skildra meir utfyllande i kap. 4, 5 og 6. Når det gjeld verdifulle landskap er Eidsdalen ein viktig innfallsport til verdsarvområdet Norske fjordlandskap, men er ikkje omfatta av dette. Likevel understrekar tilknytinga til eit område med

4

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

verdsarvstatus at landskapsomsyn vil vere særleg viktige i planarbeidet. Eidsdalen er ikkje 3 OMTALE AV PLANOMRÅDET, EKSISTERANDE FORHOLD registrert i Naturbase som verdifullt eller utvalt kulturlandskap. Landskapsverknader er vurdert nærare i kapittel 6. 3.1 Gjeldande plansituasjon • Medfører vesentleg forureining (bokstav g). Masselagring av sprengt stein medfører utslepp av I gjeldande kommuneplan (figur 3 og 4) er området sett av som Landbruks-, natur- og friluftsområde partiklar, nitrogenstoff og potensielt plast. Det er sendt søknad om utsleppsløyve for (LNF). Av andre relevante element i kommuneplanen er det markert ein framtidig gang- og sykkelveg masselageret til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og søknaden dokumenterer at langs fylkesvegen (raude prikkar). På Rønneberg og Kleiva er det sett av område for spreidd forureiningseffektar er mellombels, og uansett ikkje har eit omfang som utløyser krav om bustadbygging (gule prikkar) og for fritidsbustader (oransje flater). Med unntak av Rønnebergvegen er konsekvensutgreiing. det ikkje reguleringsplanar i området.

Dei andre kriteria meiner vi ikkje blir berørt, eller blir berørt i eit omfang som ligg så langt under grensa for KU-plikt at det ikkje er nødvendig med særskilt omtale.

Ut i frå gjennomgangen ovanfor er det Norddal kommune og Statens vegvesen Region midt sin konklusjon at det ikkje ligg føre krav om konsekvensutgreiing etter forskrifta.

2 PLANPROSESS OG MEDVERKNAD

Planprosessen og opplegg for medverknad rettar seg etter reglane i plan- og bygningslova kapittel 5 og 12. Oppstart av planarbeidet blei meldt i 29.05.2018. Det kom inn totalt 6 innspel til planarbeidet. Etter varsel om utvida planområde 11.12.2018 kom det inn 4 merknader. Alle merknader er omtalt og vurdert i kapittel 8. Statens vegvesen har hatt møte med grunneigarlaget og elveeigarlaget 18.03.2019.

Offentleg ettersyn av planen blir annonsert i avisene. I tillegg blir planen sendt til grunneigarar, organisasjonar og andre med interesser i området til uttale. Planen blir også sendt på høyring til offentlege etatar som har ansvar for ulike fagtema i området.

Det blir gjennomført kontordag med grunneigarar/interessentar i løpet av høyringsperioden.

Statens vegvesen mottar og vurderer alle merknader til planforslaget i samarbeid med Norddal kommune. Planen med eventuelle justeringar blir etter det handsama i kommunen. Kommunestyret i Norddal kommune vedtar planen.

Figur 3 - Utsnitt av overordna kommuneplankart Figur 4 - Utsnitt av delplan Eidsdal

3.2 Områdeskildring - generelt Planområdet ligg mellom fylkesveg 63 og Eidsdalselva. Det er relativt flatt på elvesletta langs elva, deretter stig det bratt oppover mot fylkesvegen. Området er for det meste skogkledt , med ei stripe med myr/beite langs elva sør i planområdet. Nord i planområdet ligg eit gardstun med noko innmark. Ei høgspentlinje kryssar planområdet frå Rønneberg og over Eidsdalselva. Utanfor planområdet er det busetnad og større, samanhengande landbruksareal på Rønneberg, Kleiva og Veiberg. Sør for planområdet ligg Eidsdal kraftverk. I tillegg til Eidsdalselva kjem Rønnebergjuvet med Høgsetelva ned frå vest i sørenden av planområdet.

5

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

Figur 6 - Utsnitt av 3D-modell sett mot sør.

Figur 7 - Gardstunet på gnr 68 bnr 1. (Kjelde Google Street View)

Figur 5 - Flyfoto over området. Kjelde finn.no.

6

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

3.3 Landskapsbilde Planområdet ligg innanfor det som Norsk institutt for skog og landskap har kategorisert som landskapsregion 23 Indre bygder på vestlandet. I grove trekk representerer landskapsregionen det storslagne, ville og varierte landskapet med djupt innskårne fjordar omkransa av høge fjell. Frodig lauvskog dominerer i liene. Regionen er spreidtbygd , og kulturlandskapet ber preg av lange tradisjonar med jord- og husdyrbruk. Samspelet mellom naturgrunnlag, arealbruk, historie og kultur har skapt eit landskap av internasjonal interesse.

Planområdet ligg litt bortgøymt i eit smalt dalparti i Eidsdalen. Her renn elva i dalbotnen, med tilliggjande jordbruksareal på dei flataste partia og skogkledde lier som går bratt opp mot fjella. Fleire generasjonar av vegar kryssar seg oppetter liene frå Eidsdal sentrum og sørover til Eidsvatnet i dette nokså tronge daldraget ved Øye. Ikkje alle gardane i slike område er busette lenger, dette gjeld også for garden på Øye. Jorda blir likevel drifta.

Planområdet er avgrensa av Eidsdalselva i vest og Høgsetelva i sør, og tiltaket ligg utom det gamle vegfaret som går på skrått opp frå garden på Øye. Området er delvis nytta til slått og beite, og skogen er difor open på dei flatare partia mot elva. Fremst i dalen, mot gardstunet, er det open dyrkamark og aktivt jordbruk. På den sørlegaste delen av planområdet finn vi eit avgrensa areal som er oppdyrka, og Figur 9 Inst i planområdet er det både avgrensa areal med dyrka mark og beiteområde omkransa av lauvskog. litt halvopne beiteområde omkransa av skog. Dette dannar ein variasjon som gjer området til eit fint turområde. 3.4 Kulturmiljø Registrerte kulturminne i området er vist i figur 10.

Det viktigaste registrerte kulturminnet i området er Severinbrauta, ein vedtaksfreda husmannsplass markert med raud skravur og diverse symbol. Stiftinga Severinbrauta legg til rette for gruppebesøk, og det er ulike arrangement, t.d. årlege slåttedagar og open dag. Ei kvelvingsbru i stein kryssar Eidsdalselva nedanfor husmannsplassen (lilla med kvitt tannhjul)

Den brune skravuren markerer det regionalt viktige veganlegget Kleivavegen.

Figur 8 Garden Øye ligg langs elva nede i dalen, med dyrka mark nærast tunet. Planområdet lengst til venstre. Den raude trekanten ved hårnålssvingen i fylkesvegen på Øye markerer eit bustadhus frå tidleg 1800-tal, men dette er rive (skulle vore grå trekant). Figur 10 - Kulturminner i området. Kjelde gislink.no

7

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

Til sist av dei registrerte kulturminna Høgsetelva er i dag eit relativt bratt elveløp i grov steinur med liten verdi for fisk. Elva gjekk tidlegare i ligg forsamlingshuset Lidarheim, som er eit lenger og slakare løp med betre forhold. Av framande artar er det registrert hagelupin fleire stader registrert i regional delplan for langs fylkesvegen. kulturminner (oransje prikk). Verknader for naturmangfald blir vurdert i kapittel 5. Fylkeskommunen si kulturavdeling synfor området 13.9.2018, og peikar på ein fint oppmurt kjerreveg i sidehellinga 3.6 Naturressursar vest for Eidsdalselva. Vegen er ikkje Kartet i figur 13 viser fordelinga registrert særskilt, men har verdi både i jordbruksmark og skogsmark i seg sjølv, og i samanheng med brua og området. Planområdet er i hovudsak Figur 11 - Elveforbygging langs Eidsdalselva den gamle husmannsplassen på lauvskog av særs høg og høg bonitet. Severinbrauta. Langs Eidsdalselva ligg det ei stripe innmarksbeite. Denne er i følgje I nedre delen av planlagt masselager, og vidare nedover langsetter elva, er det ei gamal elveforbygging i grunneigar feilregistret, og skal vere form av ein 3-4 meter brei steinmur, sjå figur 11. Denne er bevaringsverdig og bør takast omsyn til. overflatedyrka. Ved gardstunet ligg det Verknader for kulturminna i området er vurdert i kapittel 5. teigar med overflatedyrka og fulldyrka jord.

3.5 Naturmangfald Svak bestand av laks og sjøaure i Det er ikkje registrert verdifulle naturtypar Eidsdalselva det siste tiåret har svekka i planområdet (grøn skravur). Nærast ligg inntektsgrunnlaget frå sal av fiskekort. slåttemark og hagemark knytt til Elveeigarlaget arbeider med tiltak for å Severinbrauta. Under Kleivahammaren er styrke bestanden. det registrert edellauvskog. I bergskjeringa ovanfor fylkesvegen i Det er ikkje registrert særskilte verdiar Rønneberggjuvet er det registrert for hjortevilt i planområdet. bergfrue (grå sirkel). I NGU sine databaser er det ikkje I Eidsdalselva går det laks og sjøaure opp registrert mineral- eller grusressursar i til Juvafossen heilt sør i kartutsnittet. På området. oppdrag frå elveeigarlaget la Rådgivende biologer AS i mai 2018 fram ei Verknader for naturressursar blir Figur 13 - Landbruksressursar i området. Kjelde gislink.no fiskeribiologisk undersøking frå vurdert i kapittel 5. feltsesongen 2017. Elva lir under mangel på gode gyteområde. Store flommar har spylt ut gytesubstrat, og inntaksdammen 3.7 Nærmiljø/friluftsliv til Eidsdal kraftverk hindrar nye tilførslar I tillegg til fiskeinteresser knytt til Eidsdalselva går det ein tursti på austsida av Eidsdalselva frå Veiberg frå den grusrike elvestrekninga lenger og ned til kraftverket like sør for Høgsetelva. Her er det bru over Eidsdalselva, og mogleg å gå nordover oppe. Strekninga frå kraftstasjonen (vist att på vestsida av elva, men kryssinga av Høgsetelva kan vere eit hinder for enkelte. Kvelvingsbrua ved med svart firkant) og ned til steinbrua Øye bitt saman runden. heilt nord i kartutsnittet blir vurdert som det best eigna området for å legge til rette Lenger frå planområdet er Kleivavegen opp Kleivahammaren ein mykje nytta turveg med utsyn til for (re-)etablering av gyteområde. masselagerområdet. På austsida av dalen går det sti frå Kleiva og nordover til Veibergsætra, Storhjellsætra og Toresætra. I sør er Høgehaugen og Laupen eit mykje nytta turmål sommar og vinter. Figur 12 - Naturverdiar i området. Kjelde gislink.no

8

Planomtale – Detaljregulering for fv. 63 masselager Øye, Eidsdal – vedtatt i Norddal kommunestyre 26.09.2019, sak 043/19

Mot vest er fjellområda opp frå Rønneberg mykje nytta, men her det ikkje mogleg å sjå ned i planområdet.

Verknader for nærmiljø og friluftsliv blir vurdert i kapittel 5. For friluftsliv vil avsnitt om landskapsverknader også vere relevant.

Figur 16 - Aktsemdsoner steinsprang. Løsneområde med mørk grå skravur, utløpsområde med lys grå. Kjelde NVE.

Figur 15 - 200-årsflaum i Eidsdalselva. Kjelde: NVE

Figur 14 - Oversiktskart. Kjelde: NVE

3.8 Risiko og sårbarheit I samband med planarbeidet har NVE laga ei hydrologisk analyse av Eidsdalselva. Vassføringa ved 200-års flaum er 100 m3/s, og vasstanden vil då stå mellom 3 og 4 meter over botnen av elva. Figur 15 viser utbreiinga av 200-årsflaumen i Eidsdalselva. Pil i nord viser kote 170 m.o.h.. Pil i sør viser kote 210.

Vidare er det henta opplysningar om aktsemdsoner for snøskred, steinsprang og jord- og flaumskred frå NVE sine karttenester. Desse er vist figur 16, 17 og 18. Figur 17 - Aktsemdsoner snøskred. Løsneområde med sterkt raud skravur, utløpsområde med lys (alt resteran