Oppdrettslokalitet Eikebærånæ I Lindås Kommune, Februar 2019
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Oppdrettslokalitet Eikebærånæ R i Lindås kommune, februar 2019 A P P O R T Miljøovervaking av anleggssona – B-gransking Rådgivende Biologer AS 2814 Rådgivende Biologer AS RAPPORT TITTEL: Oppdrettslokalitet Eikebærånæ i Lindås kommune, februar 2019. Miljøovervaking av anleggssona – B-gransking. FORFATTARAR: Ingeborg E. Økland & Bernt R. Olsen OPPDRAGSGIVAR: Eide Fjordbruk AS OPPDRAGET GITT: FELTARBEIDET UTFØRT: RAPPORT DATO: 1. februar 2019 22. februar 2019 28. februar 2019 RAPPORT NR: TAL PÅ SIDER: ISBN NR: 2814 17 - EMNEORD: - Oppdrettslokalitet i sjø - Organisk belasting - Lokalitetstilstand - Fôrbruk KONTROLL: Godkjenning/kontrollert av Dato Stilling Signatur Joar Tverberg 28. februar 2019 Forskar RÅDGIVENDE BIOLOGER AS Edvard Griegs vei 3, N-5059 Bergen Foretaksnummer 843667082-mva www.radgivende-biologer.no Telefon: 55 31 02 78 E-post: [email protected] Rapporten må ikkje kopierast ufullstendig utan godkjenning frå Rådgivende Biologer AS. Framsidebilete: Lokaliteten ved ei tidlegare gransking Foto: Joar Tverberg FØREORD Rådgivende Biologer AS har på oppdrag frå Eide Fjordbruk AS utført ei miljøgransking av anleggssona på lokalitet nr. 13870, Eikebærånæ i Lindås kommune. Lokaliteten er godkjent for ein maksimal tillaten biomasse (MTB) på 1 560 tonn. Lokaliteten nytter følgjande konsesjonar: H/K 0063, H/L 0003, 0024, 0025, 0026, 0027 H/O 0005. NS 9410:2016 seier at tidspunktet for prøvetaking skal bestemmast ut frå driftssyklus. Ved alle anlegg skal det utførast B-gransking ved maksimal organisk belasting på lokaliteten (definert som ca 75–90 % av total utfôring for produksjonssyklusen). Avhengig av tilstanden på lokaliteten skal det eventuelt også utførast gransking i brakkleggingsperioden, altså før neste utsett, eller ved halv maksimal belasting. Denne rapporten presenterer resultata frå miljøovervakinga i anleggssona med innsamling av botnprøvar av sediment og botndyr på lokaliteten. Feltarbeidet vart utført av Bernt Rydland Olsen den 22. februar 2019, ved maksimal belasting på lokaliteten. Rådgivende Biologer AS takkar Eide Fjordbruk AS ved Erik Sørheim for oppdraget. Bergen, 27. februar 2019 INNHALD Føreord .................................................................................................................................................... 2 Samandrag ............................................................................................................................................... 3 Områdeskildring ...................................................................................................................................... 4 Anlegget .................................................................................................................................................. 6 Metode ..................................................................................................................................................... 7 Resultat .................................................................................................................................................... 9 Diskusjon ............................................................................................................................................... 16 Referansar .............................................................................................................................................. 17 Rådgivende Biologer AS 2 Rapport 2814 SAMANDRAG Økland, I.E. & B.R. Olsen. 2019. Oppdrettslokalitet Eikebærånæ i Lindås kommune, februar 2019. Miljøovervaking av anleggssona – B-gransking. Rådgivende Biologer AS, rapport 2814, 17 sider. Det er utført ei B-gransking av oppdrettslokaliteten Eikebærånæ ved Mundal i Osterfjorden i Lindås kommune den 22. februar 2019. Anlegget består av seks bur á 25x25 m fordelt på to rekkjer, ligg ca 150 m frå land, og er orientert i retning nord-sør. Lokaliteten er godt verna frå vêr- og vindeksponering i retningsområdet vest–nord, men er noko meir eksponert for vindretningar i frå aust–sørvest. Anlegget ligg over botn som skrånar bratt mot sør med djupner mellom ca. 150 og 290 m. Lokalitet Lokalitetsnamn: Eikebærånæ Type resipient: Fjord Lokalitetsnummer: 13870 Dominerande botntype: Fjell Kartkoordinatar: N60°33,806'/Ø5°21,181' Djup (min/maks/snitt): 150 300 231 Kommune: Lindås Anleggstype: Stål Eigar av lokalitet: Eide Fjordbruk AS Totalt merdareal: 3750 m2 Produksjonsdata Fiskegruppe: V-18 Utfôra mengde: 1 696 tonn MTB-tillating: 1 560 tonn Årleg snitt siste 24 mnd: 903 tonn Biomasse ved gransking: 222 tonn Produsert mengde: 1 288 tonn Fôr/m2/år: 0,241 tonn Årleg snitt siste 24 mnd: 628 tonn Gransking Resultat Stad i produksjonssyklus: Maksimal belasting Indeks: 0,44 Granskingsdato: 22. februar 2019 Tilstand: 1= "meget god" Rapportnummer: 2814 B-granskinga viser at lokaliteten på prøvetidspunktet hamna i tilstand 1 = "meget god". Ni enkeltstasjonar hamna i tilstand 1 = "meget god", og ein i tilstand 3 = dårlig. Denne granskinga vart utført om lag ved maksimal belasting på lokaliteten. Granskinga synte relativt låg belasting under anlegget. Botnen bestod av bratt fjell, med eit tynt dekke av sediment som hovudsakeleg bestod av blåskjel, som truleg stamma frå oppdrettsanlegget. Sedimentet hadde og spor av organisk materiale og sand. Det vart funne spor av fekalier på seks av ti stasjonar. Ein stasjon var tydeleg påverka av organiske tilførslar frå oppdrettsverksemda, med gassbobling og sterk lukt av H2S, medan ein annan hadde noko lukt av H2S. Det vart funne dyr i form av børstemakk på fem av ti stasjonar. Lokaliteten har hamna i tilstand 1 = "meget god" ved dei føregåande FLÅTE 5 granskingane på lokaliteten. Også ved tidlegare granskingar bar preg av 4 at botn under anlegget stort sett består av bratt fjellbotn med lite akkumulering av sediment og tilførslar frå oppdrettsverksemda under anlegget. 6 3 Neste B-gransking skal utførast ved maksimal belasting ved lokaliteten. 7 2 Figur 1. Oversyn over tilstand for dei grabbhogga som vart tekne i anleggssona på lokaliteten Eikebærånæ ved granskinga 22. februar 2019. 8 1 9 10 Rådgivende Biologer AS 3 Rapport 2814 OMRÅDESKILDRING B-granskinga er utført på lokaliteten Eikebærånæ, også kalla Mundal, i Lindås kommune. Lokaliteten ligg ved Munndal på nordsida av Osterfjorden (figur 2). Lokaliteten er ein fjordlokalitet og ligg godt verna frå vêr og vindeksponering i retningsområdet vest til nord, men er noko meir eksponert for vindretningar frå aust til sørvest. Fjordsystemet innanfor Salhusfjorden er spesielt, ved at det går rundt Osterøy. Det finnast fleire djupe område i fjordane med til dels meir enn 500 m djup. Overgangen frå Salhusfjorden til Herdlafjorden i sørvest er jamn, og djupna avtek frå ca 500 m djup ved Salhus til ca 200 m djup i ytre Herdlafjorden. Sambandet vidare til Hjeltefjorden er avgrensa av terskelen ved Herdla, der djupna er ca 15 m. Nordover gjennom sunda på begge sider av Flatøy står Salhusfjorden i samband med Mangersfjorden gjennom Kvernafjorden og Radfjorden. Opninga er tronge og med djup på ca 50 m som det maksimale. Mot Radøysundet er det samband gjennom den tronge og grunne Alværstraumen. Sørover går Salhusfjorden over i Byfjorden, og her er det ope og god sambinding. Terskeldjupet ut mot Hjeltefjorden er på ca 120 m djup. 300 645 17 5 HOLSNØY 590 13870 EIKEBÆRÅNÆ 45 626 FLATØY OSTERØY ASKØY 261 ÅSANE 180 BERGEN Figur 2. Oversynskart over fjordsystemet rundt lokaliteten. Omkringliggjande anlegg er markert. Kartgrunnlag er henta frå Fiskeridirektoratet si kartteneste: http://kart.fiskeridir.no. Anlegget ligg oppankra om lag i retning frå nord til sør. Avstanden frå strandkanten og ut til anlegget er ca 150 m (figur 3). Botn ved anlegget skrånar bratt i anlegget si lengderetning til over 500 m djup i Osterfjorden ca 300 m sør for anlegget. Det er ingen tersklar mellom lokaliteten og djupområdet i fjorden utanfor. Dominerande straumretning ved 93 og 145 m djup ved lokaliteten er mot aust og vest (figur 3) (Brekke 2018) Djupna under anlegget er mellom ca 150–290 m. Rådgivende Biologer AS 4 Rapport 2814 N EIKEBÆRÅNÆ 100 400 570 626 491 557 400 569 100 578 Figur 3. Utsnitt av nærområdet rundt lokaliteten, med plassering av anlegget slik det låg ved prøvetakinga, Straumrose med relativ vassfluks ved 93 ( blå) og 145 m (blå) djup er vist ved posisjon for straummåling (Brekke 2018). Djupnekoter er markert. Kartgrunnlag og fortøyingsliner er henta frå http://kart.fiskeridir.no. 100 150 FLÅTE 5 4 200 6 3 250 7 2 8 9 10 1 400 Figur 4. Oversyn over anlegget ved lokaliteten med plassering av sondeprofil (raud stjerne) og grabbhogg (nummererte sirklar). Tidlegare anleggsplasserting er markert med raudt. Kartgrunnlag og fortøyingsliner er henta frå http://kart.fiskeridir.no. Rådgivende Biologer AS 5 Rapport 2814 ANLEGGET Lokaliteten Eikebærånæ er godkjent for ein MTB på 1560 tonn. Anlegget på lokaliteten bestod på prøvetidspunktet av seks bur á 25x25 m plassert i to rekkjer kvar med tre bur. Det ligg ei fôrflåte i nord. Anlegget er endra sidan førre utsett, då anlegget bestod av to bur som bestod av to samanslåtte 35x35 m bur. Det vart sett ut 194 796 fisk med ei snittvekt på 288 g 23. mars 2018 og 108 700 fisk med ei snittvekt på 209 g 3. april 2018 etter eit knapt års brakklegging. På prøvetakingsdagen var det 45 686 fisk med ei snittvekt på 4 856 g, dette utgjorde ein ståande biomasse på 222 tonn. Før prøvetakingsdagen var det slakta 899 tonn fisk. Anlegget sin driftshistorikk er summert opp i tabell 1. Tabell 1. Anlegget sin driftshistorikk dei siste åra. 2012- 2014 2015 2016 2017