Master Thesis Aina Thomassen.Pdf (594.7Kb)
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
“Vår oppgave er å gi råd” Ei undersøking av Det norske Arbeidarparti sitt interne fiskeriutval si rolle i partiet si fiskeripolitiske utforming 1945- 65 Masteroppgåve i historie Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap Universitetet i Bergen Våren 2013 Aina Thomassen Føreord Arbeidarpartiet har hatt ei viktig stilling i den norske politiske historia og det har vore interessant å arbeida med dette temaet. Det har likevel vore tider der motivasjonen ikkje har vore på topp og då har det vore godt å kunne ringa heim til mor og far for litt moralsk støtte, sjølv om eg er rimeleg sikker på at dei ikkje heilt veit kva oppgåva mi dreiar seg om. Ei stor takk til dykk for at de alltid har trua på meg. Mine to sambuarar i kollektivet må også takkast då dei har høyrt på mine utgreiingar om oppgåva, og takla mitt vekslande humør i innspurten. Vidare må det rettast ei særleg takk til dei tilsette ved Arbeidarpartiets arkiv og bibliotek i Oslo som har vore til stor hjelp når eg skulle orientera meg i kjeldematerialet. Eg må også retta ei takk til deltakarane på masterseminaret På tvers av grenser, særskilt til seminarleiar Harm Schröter som alltid evna å sjå det positive i ei kvar oppgåve. Sist, men ikkje minst så hadde ikkje denne oppgåva vorte til om det ikkje hadde vore for min rettleiar Nils Kolle, takk. Ei stor takk til mine hjelparar i innspurten på lesesal 315! Bergen, 15. mai 2013 2 Abstract The purpose of this Master thesis is to study the Norwegian Labour Party's Internal Fishery committee`s role in the shaping of the party's fishery policy in the period 1945-1965. The Fishery comittee was established in 1937 with the purpose of working with current political issues related to fishery. At it`s inception the committee was composed of five members, but at the time I end my studies of the committee in 1965, the number of members had increased by a fourfold. The impact of this committee has up to this point not received any scholarly attention. In order to give an answer to my thesis question I have studied documents from the Fishery committee's archives which are located at the Labour Party's archive and library in Oslo. The findings have been both interesting and exciting. The Internal Fishery Comittee has without a doubt played a significant part as a consultative organ for the Labour Party, who have to a large extent followed the committee's advices and protocols. The role of the committee changes throughout 1950s in several ways. As already mentioned, the numbers of members increased and more fishery organizations were allowed to participate in the committee. The committe also shifts from being a purely advisory organ to partly becoming a decision-maker in Norwegian fishery politics. 3 Innhaldsliste Føreord Abstract Kapittel 1: Innleiing 1.1 Tema 7 1.2 Problemstilling og avgrensing 8 1.3 Strukturering av oppgåva 9 1.4 Arbeidarpartiet sin fiskeripolitikk i litteraturen 10 1.5 Kjeldene 11 Kapittel 2: Historisk bakgrunn og kontekst 2.1 Eit overblikk over fiskerinæringa før 1945 13 2.2 Næringspolitikken til Arbeidarpartiet etter 1945 i korte trekk 18 2.3 Hovudtrekk i fiskerinæringa mellom 1945 og 1965 22 Kapittel 3: Fiskeripolitikken i perioden 1945- 65 slik den kjem til uttrykk i Arbeidarpartiet sine partiprogram 3.1 Innleiing 29 3.2 Parti- og fellesprogram for perioden 1945- 49 31 3.3 Prinsipp- og arbeidsprogram for perioden 1949- 53 34 3.4 Arbeidsprogrammet for perioden 1953- 57 35 3.5 Valprogram for perioden 1958- 61 35 3.6 Valprogram for perioden 1962- 65 36 3.7 Oppsummering 37 4 Kapittel 4: Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval – samansetjing og mandat 4.1 Innleiing 37 4.2 Fiskeriutvalet før 1945 38 4.3 Fiskeriutvalet etter 1945 39 4.3.1 Fiskeriutvalet sitt mandat 40 4.3.2 Utvikling i utvalet si samansetjing 1945- 65 42 4.3.3 Framtredande medlemmar i utvalet 45 4.4 Norges fiskeriministarar mellom 1946 og 1965 50 4.5 Oppsummering 52 Kapittel 5: Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval 1945- 1965 5.1 Innleiing 52 5.2 Frå debatt til praktisk politikk 53 5.3 Indre konfliktar og truslar utanfrå 58 5.4 Fiskeriutvalet si rolle i utforminga av Arbeidarpartiet 62 sine partiprogram 5.5 Fiskeriutvalet sine fiskerikonferansar 66 5.5.1 Fiskerikonferansen i 1950 67 5.5.2 Fiskerikonferansen i 1954 68 5.5.3 Fiskerikonferansen i 1960 71 5.5.4 Fiskerikonferansen i 1961 72 5.5.5 Fiskerikonferansen i 1963 74 5.5.6 Fiskerikonferansen i 1964 77 5.6 Oppsummering 79 5 Kapittel 6: Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag 6.1 Organisering av fiskarane 80 6.2 Forholdet mellom Norges Fiskarlag og Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval 82 6.3 Hovudavtalen mellom fiskarane og staten i 1964 87 6.4 Oppsummering 90 Kapittel 7: Avslutning og konklusjon 90 Litteraturliste Kjelder Vedlegg 6 Kapittel 1: Innleiing 1.1 Tema Norge er eit land med lange tradisjonar for fiske. Nesten ingen andre land i Europa som driv med fiske har eit like gunstig utgangspunkt som Norge i høve til nærleiken til naturressursane. Denne oppgåva skal omhandla Det norske Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval i perioden 1945 til 1965.1 Tittelen på oppgåva ”Vår oppgave er å gi råd” er eit sitat av den dåverande formannen i fiskeriutvalet Trygve Hoem, si avsluttande helsing på fiskeriutvalet sitt møte i august 1962.2 Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval hadde heilt sidan det vart utnemnt i 1937, fungert som eit rådgjevande organ for partiet i fiskerispørsmål. I byrjinga bestod utvalet av fem representantar frå mellom anna Landsorganisasjonen (LO), Norges Fiskarlag og direktøren i Fiskeridirektoratet. Når denne oppgåva avsluttar i 1965 har utvalet heile 22 medlemmar i alt, fordelt på ni i arbeidsutvalet og 13 øvrige medlemmar. Etterkrigstida er eit spanande felt i norsk historie og det var mykje som skjedde i det norske samfunnet. I tråd med den rådande næringspolitikken vart fiskerinæringa også innlemma i tankane om modernisering og rasjonalisering.3 Med dette ønskja ein å få ned talet på fiskarar og heller legga til rette for båt- og bruksmetodar som var meir effektive og som trengte færre fiskarar om bord. For å hindra arbeidsløyse vart fiskeriindustrien på land bygd ut for å sysselsetja fleire langs kysten. Fiskeripolitikk var ikkje berre politikk om fisk, men i aller høgaste grad handlar den om sosial- og distriktspolitikk, og eit statleg ønskje om å bygga ut velferdsstaten og å få heile landet sine innbyggarar inn i betre kår. Fiskerinæringa etter 1945 har vore i stadig endring og det skil seg ut fleire klare konfliktlinjer. Den mest djuptgåande var nok dei motstridande interessene mellom dei tradisjonelle kystfiskarane og dei som var for modernisering, og dermed for ei utbygging av større trålarar for å kunna driva med hav- og bankfiske. 1 I oppgåva vil ”Arbeidarpartiet sitt fiskeriutval” og ”fiskeriutval” også verta nytta som namn på Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval. 2 Referat fra fiskeriutvalgsmøte i Oslo 6. og 7. august 1962 Det norske Arbeiderparti D. Saksarkiv Da. Alfabetisk saksarkiv (1940- 71) 1962 (F) Boks 262 3 Desse begrepa skal eg koma nærmare tilbake til i kapittel 3. 7 Temaet for oppgåva er den fiskeripolitiske utviklinga til Arbeidarpartiet dei 20 første åra etter krigen, eit tema det er skrive mykje om. Det som er spanande og nytt med denne oppgåva er at fokuset ligg på partiet sitt interne fiskeriutval si rolle oppi det heile. Det er skrive svært lite om Det Norske Arbeidarparti sitt interne fiskeriutval som vart nedsett for første gong i 1937. Det er difor absolutt ein plass for denne oppgåva i forskingslitteraturen om fiskerihistoria. 1.2 Problemstilling og avgrensing Denne oppgåva er via til Arbeidarpartiet si utforming av fiskeripolitikken mellom 1945 og 1965 og Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval si rolle i det arbeidet. Det er hensiktsmessig å sjå på Arbeidarpartiet si utforming av fiskeripolitikken i denne perioden, då dei sit i fleirtalsposisjon politisk. For å kunne sei noko om det vil eg mellom anna ta føre meg Arbeidarpartiet sine partiprogram. Arbeidarpartiet har alltid hatt eit ønskje om å framstå samla utad, men internt har det ofte vore til dels oppheta debattar og personstridar. Med bakgrunn i det vil det vera interessant å sjå korleis medlemmane i utvalet stilte seg i forhold til nokre av dei politiske konfliktane som omhandla fiskerinæringa i perioden. Her siktar eg mellom anna til striden kring trålbruk som kulminerte på 1950-talet. Problemstillinga for denne oppgåva er; Kva rolle spela Arbeidarpartiet sitt interne fiskeriutval for utforminga av partiet sin fiskeripolitikk? Kjeldematerialet som har vore tilgjengeleg for arbeidet med denne oppgåva har vore omfattande, det har difor heilt naudsynt å gjera avgrensingar. Desse avgrensingane er gjort dels av omsyn til omfanget av oppgåva og dels grunna relevansen til det arkivmaterialet eg har hatt til rådigheit om fiskeriutvalet. Måten eg har forsøkt å løysa dette problemet på er å nytta utvalde delar av kjeldematerialet og gje gode døme på korleis fiskeriutvalet arbeidde med fiskeripolitiske spørsmål mellom 1945 og 1965, og kva rolle og innflyting dei hadde på partiet si fiskeripolitiske utforming. Det finst fleire gode masteroppgåver og annan forskingslitteratur som omhandlar mellom anna trål- og notstriden i perioden. Det vil difor ikkje vera naudsynt for meg i denne oppgåva å inn i detalj i alle fiskeripolitiske saker mellom 8 1945 og 1965. Føremålet med denne oppgåva er å sjå på kva saker og spørsmål fiskeriutvalet arbeidde med, og korleis det påverka partiet sin fiskeripolitikk. Utvalet som er gjort i kva saker som vert tekne opp i denne oppgåva er basert på saksarkivet og kor mykje plass sakene har vorte via der. Oppgåva si avgrensing i tid er gjort av fleire grunnar.