Kartlegging av naturtypar i Stordal kommune Rapport J. B. Jordal nr. 1-2005 Utførande konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarleg: Medarbeidarar: Biolog John Bjarne Jordal John Bjarne Jordal Stein Erik Busengdal, Stordal 6610 Øksendal epost:
[email protected] og Dag Holtan, Ørskog Oppdragsgjevar: ISBN-nummer: År: Stordal kommune v/Toralv Klokkehaug, Ørskog interkommunale landsbrukskontor, 6240 Ørskog, tlf. 70 27 29 00 82-92647-01-5 2005 Referanse: Jordal, J. B., Busengdal, S.E. & Holtan, D. 2005: Kartlegging av naturtypar i Stordal kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 1-2005. 111 s. Referat: Det er utført kartlegging av prioriterte naturtypar, raudlisteartar og vilt i Stordal kommune etter ein fastsett, nasjonal metodikk. Det er avgrensa og skildra 94 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog, berg/rasmark og fjell. Fleirtalet av desse er nye basert på feltarbeid, rundt 16 var i den tidlegare Naturbasen til fylket. Det er gjort 196 funn av 44 raudlisteartar av planter og sopp. I tillegg er det kjent 10 hekkefuglar og 4 pattedyr som står på raudlista. Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database. Det er laga ei oversikt over viltobservasjonar (m.a. hekkelokalitetar for meir uvanlege/interessante artar) i kommunen (berre database). Stordal sitt særpreg er særleg innanfor naturtypane kulturlandskap med gamle slåtteenger og naturbeitemark, skog med edellauvskogar og litt eldre furuskog, sørvendte berg og rasmarker og kalkrike fjellområde med rik flora. Kommunen har viktige viltområde tilknytt skog, berg/rasmark og fjell. Kommunen har 2 verneområde (Nesplassen, Seljebotsmyrene) som er oppretta i hovudsak for å ta vare på plantelivet. Emneord: Biologisk mangfald Prioriterte naturtypar Planter Kulturlandskap Sopp Myr Pattedyr Skog Fugl Fjell Framsidebilete: Øvst t.v.: Bratte og frodige fjordlier er det mykje av i Storfjorden.