Kartlegging Av Naturtypar I Stordal Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Kartlegging av naturtypar i Stordal kommune Rapport J. B. Jordal nr. 1-2005 Utførande konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarleg: Medarbeidarar: Biolog John Bjarne Jordal John Bjarne Jordal Stein Erik Busengdal, Stordal 6610 Øksendal epost: [email protected] og Dag Holtan, Ørskog Oppdragsgjevar: ISBN-nummer: År: Stordal kommune v/Toralv Klokkehaug, Ørskog interkommunale landsbrukskontor, 6240 Ørskog, tlf. 70 27 29 00 82-92647-01-5 2005 Referanse: Jordal, J. B., Busengdal, S.E. & Holtan, D. 2005: Kartlegging av naturtypar i Stordal kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 1-2005. 111 s. Referat: Det er utført kartlegging av prioriterte naturtypar, raudlisteartar og vilt i Stordal kommune etter ein fastsett, nasjonal metodikk. Det er avgrensa og skildra 94 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog, berg/rasmark og fjell. Fleirtalet av desse er nye basert på feltarbeid, rundt 16 var i den tidlegare Naturbasen til fylket. Det er gjort 196 funn av 44 raudlisteartar av planter og sopp. I tillegg er det kjent 10 hekkefuglar og 4 pattedyr som står på raudlista. Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database. Det er laga ei oversikt over viltobservasjonar (m.a. hekkelokalitetar for meir uvanlege/interessante artar) i kommunen (berre database). Stordal sitt særpreg er særleg innanfor naturtypane kulturlandskap med gamle slåtteenger og naturbeitemark, skog med edellauvskogar og litt eldre furuskog, sørvendte berg og rasmarker og kalkrike fjellområde med rik flora. Kommunen har viktige viltområde tilknytt skog, berg/rasmark og fjell. Kommunen har 2 verneområde (Nesplassen, Seljebotsmyrene) som er oppretta i hovudsak for å ta vare på plantelivet. Emneord: Biologisk mangfald Prioriterte naturtypar Planter Kulturlandskap Sopp Myr Pattedyr Skog Fugl Fjell Framsidebilete: Øvst t.v.: Bratte og frodige fjordlier er det mykje av i Storfjorden. Her frå ei skogli med mykje hassel sør for Vidhammer. Øvst t.h.: Utsyn frå Dyrkornfjellet mot Storfjorden og Skotsgardane. I framgrunnen tidlegare beita myrer der det fanst mykje solblomrosettar. Midten t.v.: Kvitkurle er på landsbasis ein sjeldan orkidé som finst mest i gamle slåtteenger og skogsbeite. Stordal er kanskje den kommunen i landet som har mest av akkurat denne planten. Midten t.h.: Solblom har vakre blomar som og insekta vert tiltrekt av. Denne planten trivst og i gamle slåtteenger og skogsbeite, men er i tilbakegang på grunn av attgroing av kulturlandskapet. Nedst t.v.: Beitelandskap ved Langsetrane. Nedst t.h.: Seljebotsmyrene er eit av dei større myrlandskapa i kommunen, det er elles verna som naturreservat. Alle foto: John Bjarne Jordal. 2 FØREORD Forvaltning av natur har tidlegare i særleg grad vore eit statleg ansvar, men kommunane vil no gradvis få ein større del av dette ansvaret. Etter at Noreg slutta seg til Konvensjonen om biologisk mangfald i 1993 har Stortinget bestemt at alle norske kommunar skal gjennomføra ei kartlegging av viktige naturtypar for å styrka vedtaksgrunnlaget i det lokale planarbeidet, jf. St. meld. nr. 58 (1996-97) og St. meld. nr. 42 (2000-2001). Dette arbeidet går no mot slutten både i Møre og Romsdal og resten av landet. Stordal kommune har motteke statleg tilskot til dette arbeidet og også løyvd eigne midlar. Denne rapporten er laga på oppdrag av Stordal kommune av biolog John Bjarne Jordal. Stein Erik Busengdal og Dag Holtan har samanstilt eigne data og også utført feltarbeid. Rapporten er basert dels på samanstilling av kjent kunnskap og dels på innsamling av ny kunnskap gjennom feltarbeid og kontakt med folk. Materialet er systematisert etter ein fast metodikk som gjeld for heile landet. Det er meininga at rapporten skal kunne brukast som eit kunnskapsgrunnlag i både offentleg og privat planlegging. Forfattarane ønskjer å takka alle som har bidratt med opplysningar, både lokalt og elles. Jordalsgrenda 15.12.2004 John Bjarne Jordal prosjektansvarleg 3 INNHALD SAMANDRAG.................................................................................................................................................... 7 INNLEIING....................................................................................................................................................... 11 BAKGRUNN ................................................................................................................................................... 11 KVA ER BIOLOGISK MANGFALD? ............................................................................................................... 11 VERDIEN AV BIOLOGISK MANGFALD ........................................................................................................ 11 TRUGSMÅL MOT DET BIOLOGISKE MANGFALDET ................................................................................... 12 FORVALTNING AV BIOLOGISK MANGFALD I KOMMUNANE.................................................................... 13 FORMÅLET MED RAPPORTEN...................................................................................................................... 13 NOKRE ORD OG UTTRYKK........................................................................................................................... 13 METODAR OG MATERIALE....................................................................................................................... 15 INNSAMLING AV INFORMASJON ................................................................................................................. 15 VERDSETTING OG PRIORITERING ............................................................................................................... 17 PRESENTASJON............................................................................................................................................. 18 NATURGRUNNLAG....................................................................................................................................... 20 LANDSKAP M.M. ........................................................................................................................................... 20 KLIMA............................................................................................................................................................ 20 GEOLOGI ....................................................................................................................................................... 20 LAUSMASSAR ............................................................................................................................................... 21 NATUR- OG BIOGEOGRAFISK PLASSERING ............................................................................................... 21 HOVEDNATURTYPAR.................................................................................................................................. 23 HAVSTRAND/KYST....................................................................................................................................... 23 KULTURLANDSKAP...................................................................................................................................... 23 FERSKVATN .................................................................................................................................................. 23 MYR ............................................................................................................................................................... 23 SKOG.............................................................................................................................................................. 23 BERG, RASMARK OG KANTKRATT ............................................................................................................. 24 FJELL ............................................................................................................................................................. 24 LOKALITETAR............................................................................................................................................... 25 1 STORFJORDEN: SKOTET: YTSTE-SKOTET............................................................................................... 25 2 STORFJORDEN: SKOTET: MESKOTET ...................................................................................................... 26 3 STORFJORDEN: SKOTET: INSTE-SKOTET (SLÅTTEENGER) ................................................................... 26 4 STORFJORDEN: SKOTET: SKOTSHALSEN (SLÅTTEENG)........................................................................ 27 5 STORFJORDEN: LIMURHOLA (EDELLAUVSKOG).................................................................................... 27 6 STORFJORDEN: OVAFOR VIDHAMMAR................................................................................................... 28 7 STORFJORDEN: VIDHAMMARSETRA (NATURBEITEMARK) .................................................................. 28 8 STORFJORDEN: VIDHAMMER-KORSADALSNESET (EDELLAUVSKOG) ................................................ 29 9 STORFJORDEN: KORSADALSELVA-DJUPEGYLET (EDELLAUVSKOG).................................................. 29 10 STORFJORDEN: NORD FOR SKJORTNESET (EDELLAUVSKOG)............................................................ 30 11 STORFJORDEN: SKJORTNESET (SLÅTTEENGER) .................................................................................. 30 12 STORFJORDEN: HOLMEBYGDA-DJUPDALEN (FURUSKOG)................................................................