Del 5. Storfjorden

31.01.2021

1

5. Storfjorden

UKSNESET

Gjennom hundreåra vart nok Uksneset ved munninga av Sunnylvsfjorden sett på som ein mystisk og litt skummel plass. Her rodde dei forbi fjordfolket, og det gjekk sikkert i arv frå generasjon til generasjon at her på dette neset hadde noko grufullt skjedd.

Lokalhistorikaren Gerhard Kjølås frå Stranda fortel at far hans brukte å fortelje soga om vanlagnaden til Dorte Abrahamsdotter når dei rodde forbi Uksneset på veg til fiskeplassane i Sunnylvsfjorden, og faren sa at han hadde høyrt soga frå sin far og sikkert han frå sin far også. Sakte men sikkert har ho nok klaka på seg, men no har Astor Furseth granska alle tilgjengelege kjelder og i den framifrå boka si «Vargtid» har han presentert dei fakta i saka som lar seg rekonstruere.

Onsdag 23. mars 1729 gjekk eit følgje i land på Uksneset. Sokneprest Hans Jacob Hiorth i Ørskog støtta Dorte Abrahamsdotter opp skråninga til rettarstaden som låg der fyrlykta står i dag. Opp dit gjekk også futen på Sunnmøre, Nicolai Astrup, og tenarane hans, den mektige lensmann Peder Langlo frå Jakobgarden på Langlo, der Dorte hadde sete i arresten dei siste vekene, var der også, og truleg møtte også den nye kapellanen i Norddal, Samuel Henriksen Finde. I tillegg møtte sjølvsagt bøddelen. Futen steig fram og las opp dommen. Dorte vart lagd i kne og bøygd fram over stokken på bakken. Bøddelen hogg hovudet av henne, og ein del av dommen var at hovudet skulle setjast på ein stake. Det høyrest barbarisk ut, og var det også. I byane skjedde slike avrettingar på torget, slik at folk skulle la seg avskrekke mot å gjere liknande brotsverk. Her var fjorden ferdselsåra, og kva var då meir naturleg enn å la avrettinga skje på eit nes, godt synleg og til ettertanke for alle som reiste forbi.

Godt synleg har nok også Fyrvesenet tenkt når ein i 1921 plasserte fyrlykt på staden der avrettinga skjedde.

2

Uksneset var nok ein gammal avrettingsplass, til liks med odden på Stordalsholmen, der det også kom fyrlykt i 1921 og der Sva-Maska, Marit Bjørdal frå Sunnylven, vart først halshogd og seinare brend i 1664. Ho vart dømd som heks, og like sikkert som vi kan seie at ho var uskuldig i det ho vart dømd for, like sikkert kan det nok seiast at Dorte var skuldig i å ha fødd to born i dølgsmål og i å ha teke livet av i alle fall det eine, kanskje begge to. Straffa for noko slikt kunne ikkje i dei dagar bli noko anna enn dødsdom. Faren til dei to borna og til eit tredje som Dorte fødde i fengselet, var Peder Duken frå garden Duken i fjellsida innanfor og ovanfor Lie. Han vart dømd til livsvarig straffarbeid, men døydde i futefengselet i Bjørkavåg på Sula i 1727. Hovudet til Dorte sto på stake på Uksneset i to-tre år, men om kvelden den 8. januar 1731 gjekk det veldige steinskredet i det som då heitte Ramnefiellet, men som no heiter Skafiellet, og det er nokså sikkert at flodbølgja den gongen vaska reint alt som var på Uksneset også. Sogene både om Dorte og Sva-Maska gjekk på folkemunne i fleire hundre år, og det følgde uhygge med stadene der dei vart tekne av dage.

STRANDA

Stranda

Det neste bildet under frå Stranda tok den landskjende fotografen A.B. Wilse på ein av sine mange turar inn gjennom fjordane. Bildet er datert 1926, men det kunne godt ha vore 10-12 år tidlegare også, for dette motivet hadde vore uendra sidan kraftstolpane og kraftlinene som går midt over bildet, vart sette opp rundt 1913.

3

Dette er prestefjøra på Stranda, og den eldste landingsvören i bygda, prestevören, ser vi gå ut i sjøen i høgre billedkant.

Hit kom dei roande med posten frå Amdam i Ørskog, og herifrå henta dei posten som hadde kome sørfrå over Ljøbrekka og ned gjennom Strandadalen. Det store naustet midt på bildet er prestenaustet. Naustet til venstre er Ous-naustet. Begge nausta er sikkert yngre enn 1731, då det store raset gjekk frå Rammerfiell, seinare Skafiellet, på andre sida av fjorden. Alt vart sopt reint i dette området då, og den gamle stavkyrkja vart øydelagt. Huset i venstre billedkant vart bygd i 1890 av postopnar Petter C. Ous og Jens Opshaug. Her vart det etterkvart postopneri og i huset var også butikk, først O.A. Kjølaas, så Brit og seinare broren Andr. A. Ringdal, Stranda Handelslag og til slutt Olav Langlo. Huset sto til langt fram i 1960-åra. Også i huset heilt til høgre, som gjekk under namnet «gamlehandlarbuda», vart det butikk. Huset vart sett opp i 1890-åra av dei første handelsmennene på Stranda, P.K. Langelo og Hans R. Ringstad, og utanfor høgre billedkant sto sjøbuda deira.

Nokre år før dette bildet vart teke, i 1921, kjøpte Andreas Ringdal dette huset, og seinare var her både skomakarverkstad, her var kafe og gjennom åra budde det mange i hyblar på loftet. Også dette huset vart ståande heilt fram til 1960 åra då det huset som Stranda Bokhandel i dag er i, vart bygd. Som ein ser så er det to piper på kyrkja. Det var vedfyring i kyrkja, men etter kvart vart det elektrisk oppvarming og pipene vart fierna under restaureringa i samband med 100-årsjubileet for kyrkja i 1938. Året etter at dette bil det vart teke, vart det tilbygd sakristi mot sjøen. I bakgrunnen ser ein i prestegardshuset som heilt fram til 1937 sto på sørsida av hovudvegen, om lag der rådhuset i dag står. I høgre bildekant kan ein også sjå starten på kaia på Stranda. Opp i denne fjøra kom dei roande og seglande frå alle - og fjellgardane som sokna til Stranda kyrkjesokn, frå Fausadalen, Skotungane, Ura, Grova, Ansok, Kleberg og frå gardane i Liabygda og på Overå. Også innover bygda på Stranda nytta dei båt ut til kyrkje i godvér. Båtane vart trekte opp på land, og folk kunne nytte naust og kyrkjebuder som det sto tett i tett av langs heile fjøra på Stranda, til å kle seg om til kyrkje.

Fleire av desse budene står i dag på Sunnmøre Museum.

4

Jonbåten

«Jonbåten», eller M/B «Ytterdal» som var det offisielle namnet, var eit kjært syn i indre fjordstrok. For folket i Norddalsbygdene, i Liabygda og på Stranda var denne båten eit kommunikasjonsmiddel som batt folket saman. På bildet ligg båten ved meierikaia på Stranda og lossar mjølkespann til Sunnmøre Meieri, avdeling Stranda. Det var til denne trafikken båten vart innkjøpt i 1931. Meieriet på Stranda kom i 1921 og det vart straks enklare for bøndene i indre fjordstrok å få levert mjølka si, men då måtte det etablerast ei mjølkerute på fjorden. I førstninga var det skyssbåten «Luna» på Stranda som hadde denne jobben, men denne båten vart snart for liten, og i 1931 kjøpte så Jon Ytterdal ein større båt som heitte «Hjalmar» for å nytte han som mjølkerute. Båten vart heitande «Hjalmar» i mange, mange år framover, før eigaren og skipperen døypte han om til «Ytterdal». Det gjekk føre seg ein viss namnestrid i den bygda som i dag heiter Eidsdal, og ved å nytte sitt eige namn på båten, kunne Jon Ytterdal samstundes slå eit slag for det bygdanamnet han kjempa for. På Stranda var det nokre som på venskapeleg vis erta Jon ved konsekvent å kalle båten hans for Eidsdal.

5

I 28 år, fram til september 1959 gjekk «Ytterdal» trufast mellom meieriet på Stranda og fjordbygdene. Rundt 500 mjølkespann dagleg var ombord, og Jon sjølv rekna ut at han årleg hadde frakta rundt 2,2 millionar liter mjølk til meieriet på Stranda. Særleg på såkalla tredjedagar, til dømes tredje pinsedag, var mjølkemengda stor, og den siste hjelpesmannen Jon hadde med seg ombord, Magnar Dahl, fortel at det var ein slik dag dei leverte nesten 25.000 liter mjølk frå fjordbygdene til Stranda. Mjølkeruta var frå det som då heitte Ytterdal til Dalsbygda, vidare til Valldal, Linge, Overåneset, Liabygda og så til Stranda. I tillegg til mjølkespann var det med mange passasjerar på desse turane. Dei skulle til Stranda for å gå på apoteket eller til frisørdama eller hadde andre ærend. Jon og hjel- pesmennene hans ombord kjende etter kvart kvar einaste som kom om bord, og som regel visste dei også kva ærend dei var i. Båten vart også nytta til kyrkjebåt for eidsdalingane når dei skulle inn i Dalsbygda til kyrkje. Den tida var det ikkje veg mellom bygdene. Til sjuketransport var også «Ytterdal» mykje nytta. Då var det å gå med sjuke menneske frå ei av desse bygdene og ut til , der ein nådde tak i riksvegnettet og kunne nytte sjukebil ut til sjukehuset i Langevåg. Tre gongar vart båten påbygd, men i 1959 var det altså slutt. Meieriet ville nytte tankbilar og ferje i staden. Jon Ytterdal selde båten og fekk arbeid på ferja til han i 1963 flytta til Lillehammer. Han døydde i 1966.

Doktorbåten

I desse fiordane har dei kalla båten distriktslegen nytta for «doktorbåten» uansett kva båten eigentleg har hatt som namn. Doktorbåten var båten dokteren kom med, anten det no var for å ha sin vanlege kontordag i grenda eller det var på eit sjukebesøk det hasta med. Doktorbåten var ein kjend og kjær gjest, og både unge og gamle lærde seg å kjenne båten på lyden. Den mest legendariske av doktorbåt-førarane i indre fjordstrok var nok Skaffar-Peter, Petter Sivertsen Jelle på Stranda.

Han voks opp på skysskaffargarden på Stranda, den garden som frå gamalt av hadde plikt til å skysse folk på sjø og land. Skaffar-Peter tok over presteskyssen etter far sin i 1890-åra. Den tida var det å ro, og han rodde både prest og doktor mellom Stranda og og mellom Stranda og gardane langs fjorden, når doktoren måtte på sjuke- besøk. I 1910 fekk han seg motorbåt, og det gjorde straks distrikslegen mykje meir mobil i det store distriktet som fram til 1919 omfatta alt innanfor Skotet, inkludert Dyrkorn. I 1919 vart Norddal kommune utskilt som eige lege- distrikt.

Den lengste tenesta si hadde Skaffar-Peter saman med doktor Oddmund Torgersen. Heilt frå han kom i 1924 og fram til Skaffar-Peter slutta som båtførar i 1940, var det dei to som kryssa fjordane i lag. I alle desse åra avlyste ikkje Skaffar-Peter ein einaste tur på grunn av styggevér. I 1926 kjøpte doktor Torgersen seg eigen båt med seks hestars Hjelset-motor.

6

Med den kunne han få frakta pasientar frå Stranda til sjukehuset i Ålesund på fire timar om det sto om livet. Grunnen til båtkjøpet var at Torgersen rauk uklar med presten Fredrik Grønningsæter om fordelinga av skyssut- giftene. I eit intervju som Helge Søvik hadde med Skaffar-Peter, eller Captein Sivertsen som Torgersen kalla han, i Sunnmørsposten i 1967, fortel han om ei julehelg der han og Torgersen la ut med båt frå Stranda veslejulaftan og heldt det gåande på kryss og tvers i det store legedistriktet i samfulle åtte dagar før dei kom attende til Stranda. Då greidde ikkje Skaffar-Petter meir, men doktor Torgersen var så vidt kome heim att, før han på nytt vart kalla ut til sjuke menneske. Skaffar-Petter rekna seinare ut at dei denne julehelga hadde køyrt att og fram i fjordane tilsvarande ein avstand kysten rundt til Oslo. I 1940 kjøpte doktor Torgersen seg ny båt, «Poff», og Martin Kor- sedal var førar for denne framover til rundt 1950, då doktoren gjekk over til å bruke «Luna» som doktorbåt. Eigaren og føraren av «Luna», Olaf S. Oksvik, Engen-Olaf som han vart kalla, hadde kjøpt båten i mellomkrigsåra og dreiv skyssbåttrafikk både i fjordane og elles langs kysten. «Luna» vart også nytta som mjølkebåt. På dette bildet står Olaf Oksvik om bord i «Luna». Fram til doktor Torgersen gjekk av i 1964 hadde «Luna» og Engen-Olaf vore med på heile 2.220 turar rundt om i desse fjordane saman med doktoren. Meir om doktorbåtane og førarane deira kan du lese i boka om doktor Torgersen som Bergljot Engeset har gitt ut.

GROVA

Grova-Petter fekk oppleve det som ingen av desse slitarane på fjord- og fjellgardane fekk oppleve, nemleg at det kom bilveg like forbi garden hans. Det skjedde når vegsambandet ned til den nye ferjekaia på Gravaneset vart opna, men det skjedde lenge etter at Petter vart pensjonist, og etter at han gjennom eit langt liv hadde slite for føda på den veglause garden sin på andre sida av fjorden frå bygdesenteret Stranda. Grova-Petter var ikkje meir enn 12 år gamal då far hans døydde, og saman med mora og besteforeldra måtte han ta over gardsdrifta på ein gard der handemakt og manns styrke var einaste drivkreftene. Hest har det aldri vore i Grova. Det var langt til næraste granne, og dit gjekk det berre råser gjennom utmarka. Grova-setra var oppe på Skafjellet, og folket i Grova hadde nok ein av dei tyngste setrevegane i heile fjorden.

Til gjengjeld låg garden nær hovudferdselsåra i gamle dagar, fjorden, og folket i Grova kunne nyte godt av fisket. Særleg laksefisket gav god attåtinntekt. I tillegg dreiv dei skogen, men så lenge dei dreiv med geiter var det eit slit utan like for å skrape saman nok grasstrå til å fø buskapen gjennom vinteren. Heilt ute i Medalen, ein stupbratt elvadal utanfor Urda, reiste Grova-folket og slo.

7

Dit frakta dei også med seg grisen og hadde han på sommarbeite.

I 1930-åra vart geitedrifta gradvis kutta ut, og Grova-Petter planta heimebøen til med frukttre. Den vesle bota med dyrkamark rundt husa er svært grøderik, og ligg i solhellinga, og Grova viste seg å vere ein framifrå fruktgard. Petter dyrka både eple, plommer og moreller, og han reiste med rutebåten til Ålesund for å selje produkta sine på torget. Der vart etterkvart Grovafrukta kjent for sin gode kvalitet. I 1959 vart det ført elektrisitet fram til Grova, og det gjorde arbeidet straks lettare. I 1979 vart så det nye ferjeleiet på Gravaneset opna, og riksvegen vart gåande ikkje så mange hundre meterane forbi Grova. Ikkje så mange åra etterpå døydde Grova-Petter, den siste brukaren av Grova. I dag er garden feriebustad og har fått køyrbar skogsbilveg heilt fram.

Fruktgarden

Garden Grova ligg rett over fjorden frå Stranda, og ved sida av Ljøen-gardane er vel Grova den einaste av desse fjordgardane som har fått bilveg til gards. Eit par år etter at siste brukaren, Petter Groven, hadde flytta frå garden og busett seg på aldersheimen i Liabygda vart Gravenesvegen opna, og med ferjeleie like ved nausta til Grova og nabogarden Ansok. Grova ligg om lag 60 meter over fjorden, og Ansok eit par hundre meter høgare. I bratta dit opp gjekk gangråsa Grova-folket måtte gå når det skulle til Liabygda. Når Petter og syster hans skulle på skulen måtte dei gå heimafrå klokka sju for å rekke skulestart klokka ni. Når det var fint vér gjekk det greitt, men i snøkave og etter snøfall måtte dei starte mykje tidlegare. Eitt år det snødde tett og lenge laga snille folk i Liabygda dugnad og moka opp den lange vegen ned til Grova. Petter Groven, Grava-Petter som han vart kalla, miste far sin då han var 12 år, og då vart det Petter, mora og bestefaren som måtte ta dei tunge taka i gardsdrifta. Mora gjekk på setra som ligg oppe på Skafjellet, ein tur på eit par timar. Der var det å sanke inn kyrne, mjølke dei og så bere mjølka den lange og bratte vegen ned att til Grova. Det vart ei stor lette når dei fekk bygd seg løypestreng mellom setra og garden. Petter sjølv vart utsett for ei ulykke som gjorde det langt vanskelegare for han å drive ein så brattlendt og veglaus strandgard. Under grøftegraving sto han djupt nede i gråta, då eine sida rasa ut og knasa bekkenbeinet og eine foten hans. Etter eit langt og hardt sjukeleie kom han seg på føtene att, men han sleit med skaden resten av livet og vart langt frå den fjellmannen og jegeren han var i sine yngre år. Garden Grova var liten, men låg i solhellinga og var svært grøderik.

Bestefar til Petter, som også heitte Petter, hadde planta ut ein del frukttre, men då den unge Petter ville plante ut beste åkeren med frukttre, reiste gamlingen bust. Petter den yngre vann likevel fram, og meir og meir av Inntekta på Grova kom frå sal av moreller og frukt. I mellomkrigstida reiste Petter på torget i Ålesund. Det var eit slit. Laurdag var den beste torgdagen.

8

Fredag ettermiddag rodde Petter og mora fruktkassene inn på Liakaia og rodde så heim att. Rutebåten skulle vere i Liabygda i halv-eitt tida om natta, og Petter måtte gå den lange vegen frå Grova og inn til Liakaia. Halvannan time brukte han. Midt på natt var køyene ombord i rutebåten gjerne opptekne og det vart lite søvn. Etter ein dag på torget var det så å gå om bord i båten att, og til Liakaia kom han rundt midnatt. Derifrå var det for Petter å ta føtene fatt å gå den lange vegen til Grova. I eit intervju mange år seinare vedgjekk han at etter slike turar så var det godt å ligge litt frampå sundagsmorgonen. Grava-Petter og Magne Flem var gode venner, og dette bildet av Grova viser tunet og innmarka mens garden var i drift. Nedst i høgre bildekant er det i dag ferjeleie.

ANSOK

Med sine 250 meter over havet er Ansok på grensa til å vere ein fjellgard, men garden ligg i solsida over fjorden frå bygdesenteret Stranda, og har nok betre klima enn fjellgardar flest.

Ansok er ein svært gamal gard. Det er gjort oldfunn på garden. Fram til 1862 var det kyrkja som eigde Ansok, men frå då av har Ansok vore to sjølveigande bruk. Som på dei fleste fjord- og fjellgardane er også Ansok ein tungdreven gard, bratt og med lang veg til naboar. Noko betre vart det då garden fekk kjerreveg inn til Ringset i 1902. Det tok brukarane på Ansok 20 år å bygge denne vegen. I 1956 vart vegen utbetra slik at den såvidt vart køyrande for bil. Seinare er vegen blitt endå betre, og meir skal kome, er det lova. I dag er difor Ansok knytt til vegnettet, men er framleis tungdreven og utanfor allfarveg.

Som så mange andre gardar av dette slaget var også Ansok avhengig av utmarksslått for å ha nok för til husdyra. I eldre tid för brukarane av Ansok høgt og lågt i fjella rundt garden for å sanke det graset som fanst mellom all steinen. Noko betre vart det når garden tok over det nedlagte bruket Hammaren, som ligg lenger oppe i fiellet, ca. 400 meter over havet. Graset frå denne øydegarden vart tørka og frakta ned til Ansok på ryggen. I dei seinare år er Hammaren blitt brukt til kulturbeite. I 1950-åra vart det planta mange frukttre på Ansok, og trass i høgda over havet, viste det seg at garden var ein god fruktgard.

Då Sakarias Ansok voks opp budde det 30 skuleborn på dei tre nabogardane, to gardar på Ansok i tillegg til Kleberg, som ligg litt lenger ute i fjellsida. I hans alderdom var det berre han og kona som var att, og sjølv rekna han med at han kom til å bli den siste brukaren på Ansok. Der tok han feil. Det gledelege er at ein ny generasjon nå brukar denne garden. Magne Flem, redaktør i Sunnmørsposten, sat på ei unik bildesamling som han hadde skaffa seg gjennom besøk på alle fjord- og fjellgardane i løpet av ein periode frå 1930-åra og fram til eit stykke ut i 1950-åra. På den tida budde det framleis folk på mange av desse gardane, og bilda er difor ein unik historisk dokumentasjon.

9

Sjølv hadde ikkje Flem tid til å skrive soga om desse gardane, og han vende seg difor til Sakarias Ansok. Han vegra seg i starten, men gjekk til slutt med på å prøve. Når han først hadde kome i gang, var det som om han fekk eit kall til også å fullføre verket. Meir enn 60 artiklar vart det i Sunnmørsposten, og artiklane kom seinare ut i tre bøker. Den første artikkelen sto i 1965, og han var ikkje ferdig før 15 år seinare. Det var i siste liten. Den siste generasjonen av dei som dreiv desse fjord- og fjellgardane var i ferd med å døy ut. Ikkje minst Ansok sine artiklar og Magne Flem sine bilde vekte interessa for å ta vare på denne kulturarven, og denne interessa la grunnlaget for organisasjonen Storfjordens Venner, der både Ansok og Flem vart æresmedlemer. I 1986 døydde Sakarias Ansok.

Sakarias Ansok i arbeid med løypestrengen på Ansok

10

Sakarias Ansok

Sakarias Ansok døydde i 1986. Han vil først og fremst bli hugsa som fjordfolkets sogeskrivar.

Skrivebordet til Sakarias Ansok

11

Med sin særmerkte fortellarstil feste han på papiret historia om strand- og fjellgardane på Indre Sunnmøre. Det var historia om menneska på desse øydegardane, om deira slit, deira gleder og sorger i helg og yrke. Det aller meste av stoffgrunnlaget sitt hadde han frå samtalar med dei som sjølve hadde opplevd det, eller med borna deira. Dei artiklane Ansok laga i Sunnmørsposten, og som seinare kom ut i bokform, er difor kjeldenære og ekte. Det var fleire gardar han ikkje rakk over.

Hans eigen gard, Ansok, ville han ikkje skrive om, og heller ikkje nabogarden Klevberg. Det vart for nært, men han vedgjekk gjerne at både Ansok og Klevberg kom i den same slitarkategorien som dei andre av desse fjord- og fjellgardane.

No er også Ansok blitt fråflytt. Garden blir brukt berre om sommaren. Sakarias visste det kom til å gå slik. For slike gardar som nærast «hang» i bratta 250 meter over fiorden, var det inga botevon i vår moderne tid. I 1902 fekk dei to brukarane på Ansok i stand køyreveg frå garden og innover til Ringset i Liabygda. Før den tid hadde det vore berre ei gangrås. Dei to Ansok-brukarane hadde arbeidd på denne vegen i over 20 år. Sakarias som var fire år då vegen opna, voks difor opp med vegsamband til omverda, men det var først i 1956 at denne vegen vart køyrande med bil. I nyare tid fekk Sakarias Ansok seg motorslåmaskin som vi ser på dette bildet, men før det var det langorv og småljå han måtte bruke. Alt som 16-åring tok han til å arbeide på garden, og gardsarbeid dreiv han livet ut. Han rekna ut at han gjennomsnittleg brukte å bere 175 høybører på ryggen inn i løa eller til ein løypestreng kvart einaste år. Alt i yngre år hadde Sakarias Ansok skrivelyst. Han forfatta forteljingar som han fekk inn i ungdomsblad. Ein gong fekk han ei novelle på trykk i Nynorsk Vekeblad og kort etter kom ei posttil- vising på 25 kroner. Det var ein svimlande sum for ein ungdom og ga blod på tann. I 1928 ga han ut ein bygde- roman som heitte «Skogsetgrenda», men det var først som 66-åring at han starta den delen av forfattarskapen som blir hugsa for ettertida. Alt i mellomkrigstida hadde Magne Flem teke til å fotografere hus og folk på fjell- gardane, men framover til eit stykke etter krigen skjedde ikkje det systematisk og med tanke på at det her var om å gjere å berge ei historie som snart ville gå tapt. Flem fotograferte på veg til og frå fjelltoppar. Han likte det folket som budde på desse gardane, og dei likte han. Rundt 1950 vart det klart at det gjekk mot slutten med busettinga, og han tok til å gjeste gardane meir systematisk med tanke på å fotografere levande miljø som snart ville bli borte. Han jakta i fleire år på ein som kunne samle stoff og skrive om desse gardane, og fann til slutt fram til Sakarias Ansok. Han vegra seg lenge, men Flem masa, og i 1965 kom den første artikkelen. Noko enkelt samarbeid var det ikkje mellom redaktøren og fjellbonden. Magne Flem pirka for mykje bort i stoffet, og strauk for mykje, tykte Ansok, og redaktøren på si side hissa seg opp over både dei språklege feila og lengda på stoffet. Slik var det kvar gong. Meir enn 60 artiklar sto på trykk i Sunnmørsposten, og det er eit under at vennskapen mellom dei to heldt. Utan den kjennskapen Sakarias Ansok hadde til dette fjord- og fjellgardslivet, utan at han så og seie var ein av dei, kunne han knapt ha kome så nær innpå intervjuobjekta sine som han gjorde. Artiklane vart til tre bøker som alt er blitt klassikarar. Bilda la grunlaget, men Ansok samla inn det store tilfanget av direkte informasjon frå den siste generasjonen som levde på desse fjord- og fjellgardane.

KLEVBERG

Klevberg, eller Kliberg, som garden heiter i daglegtalen, er ein fjellgard som ligg 390 meter over fjorden eit stykke utanfor Ansok. Namnet kjem nok av ordet «kleiv». Frå 1920 kom det køyreveg frå Liabygda til Ansok, og med mykje strev bygde så Klevberg-folket ein køyrbar veg inn til Ansok.Dermed vart også denne garden knytt til vegnettet, og Klevberg kom blant dei særs få av desse fjord- og fjellgardane som har hatt lastebil til gards. Garden fekk også elektrisk kraft i 1920-åra, og det var til stor hjelp m.a. for drift av ein særs bratt løypestreng med til sjøen. Sjoavegen til Kleberg går bratt ned til Gravaneset, og vegen kryssar bøen på nabogarden Grova. Klevberg er ein gamal gard, og kunne nok gi eit brukbart levebrød så lenge det var beitetilhøva og gode tilhøve for jakt og fiske som la grunnlaget. Verre vart det i pengehushaldet si tid. Sjølv om Klevberg har stor vidde, er mesteparten hamrar og uproduktiv jord, og det å leve av jordbruk på denne garden var derfor det same som trange kår. Frå gamalt av var denne garden kyrkjegods, og endå så utruleg det høyrest ut så var garden tenkt brukt som klokkar- gard for klokkaren i Stranda-kyrkja. Dei innsåg vel galskapen i å ha klokkaren buande så vanskeleg tilgjengeleg, og ordninga vart omgjort. Gjennom dei fleire hundre åra garden var i kyrkjeleg eige, var det inga ætt som grodde fast der. Brukarane skifte med korte mellomrom, og drifta av garden vart deretter. I 1861 derimot vart garden kjøpt av Knut P. Herdal. Han flytte frå den fremste garden i Strandadalen, Herdal, og til Klevberg. Frå den eine fjell- garden til den andre, med andre ord. Som brukvisen var tok han namnet Klevberg, og denne ætta har site på garden sidan. Eldste son til Knut, Hans Klevberg, var neste brukar, og han og kona, Karen frå Fausadalen, fekk 11 born. Den yngste av desse, Gustav Klevberg, var den siste brukaren på garden.

12

Han fortel at han gjekk åleine til skulen inne på Lied i Liabygda. Særleg vinters dag, med mykje snø og mykje farleg is i fjellet, kunne det bli ein strabasiøs skuleveg. I tidlegare tider reiste Klevberg-folket til til kyrkje på Stranda. Då var det å ta seg ned den særs bratte sjoavegen og så ro over fjorden. Med kapell i Liabygda og veg dit vart kyrkjeferda lettare også for folket på Klevberg.

Produksjon av smør og kjøt var viktigaste inntektskjelda. Tidlegare dreiv Klevberg-brukaren med geiter, men dette vart det slutt med i nyare tid. Sjølv om Klevberg ligg sydvendt og er grøderik, så ligg garden likevel for høgt til å kunne drive med frukt. Garden vart fråflytta i 1961. Klevberg har seter saman med Grova. Setra ligg høgt til fjells, ovanfor Skafjellet, og som vi ser på bildet til venstre, er det ein eventyrleg utsikt mot Stranda frå denne setra. Vegen dei gjekk med buskapen opp til denne setra var svært lang og bratt, særleg frå Grova. Same vegen måtte dei gå ned att med smør og ost. På bildet ser vi selet og setrefjøsen til Klevberg. Grova-selet ligg litt utanfor venstre bildekant.

Sterke kvinner

Det har vore skrive mykje om dei sterke menn som rydda og bygde på fjord- og fjellgardane. Mindre har vore skrive om dei sterke kvinnene.

Dei var det mange av, og ei som trekte nokre av dei fram i lyset var den første kvinnelege journalisten i Sunn- mørsposten, Amanda Olsen ( Aco ). Under krigen var ho på fjellgarden Klevberg, knappe 400 meter opp frå fjorden og på andre sida i forhold til Stranda. Garden har sidan 1920 hatt køyreveg via Ansok og inn til Ringset i Liabygda. Der møtte Aco gamlekona på garden, Karen Klevberg ( 1865-1949 ). Ho vart gift med Hans Klevberg ( 1867-1940 ) i 1888, og flytte frå heimegarden i Fausadalen over fjorden til Klevberg. Huset ho kom til på Klev- berg var ei lita hytte, og med garden sto det skralt til. Dei fødde mykje av inkje, seier ho til Amanda Olsen. Karen gret ofte. Ho treivst ikkje og ville flytte frå Klevberg. Mistrivselen ga seg, og når borna kom fekk Karen anna å tenkje på. Husa på Klevberg var for gamle og for små når familien vart større. Pengar til å bygge nytt hadde dei ikkje, og låne var det ikkje snakk om.

13

Løysinga vart at mannen Hans tidleg på 1900-talet reiste til USA og arbeidde der i fire år. Då hadde han og Karen fått 9 barn som levde opp, og ingen av desse var komne i konfirmasjonsalderen når Hans reiste. På den tida var Klevberg utan veg til omverda. Einaste vegen var ein skrøpeleg sjoaveg ned gjennom bratta til garden Grova og derifrå ned til naustet. Mens Hans var borte var det Karen som dreiv garden og passa barneflokken. Ho måtte ta med seg borna både i innhaustingsarbeidet, i slåtten frå fjorden til fjells og i skogen om vinteren. Då Hans kom heim att frå Amerika med oppsparte midlar gjekk dei i gang med å bygge nye hus, bustadhus, løe, naust og seter- hus. Hans bygde også saman med sonen og neste brukaren, Gustav, veg innover til Ansok. Dei fekk elektrisk kraft i 1920-åra og var dei første i Liabygda som fekk taubane med motor.

Karen Klevberg var flink med hendene. Ho spann, vov og strikka og laga fine handarbeid. Dei dreiv mest med geiter og sauer og ho tok til å klippe sauene tre gongar om året for å få betre og meir ull. Ho klipte ved Mikkelsmess (22. september), ved juletider og om våren. Denne ulla er ikkje så lang og er betre å spinne, fortel ho til Aco. Sonen Gustav som står bak til venstre på dette bildet, og kona Olava tok over Klevberg og dreiv garden fram til tidleg i 1960-åra. I dag blir jorda nytta til beite.

Dette bildet framfor huset på Klevberg vart teke rundt 1925. Hans Klevberg og kona Karen sit med barnebarna Håkon og Margit på fanget. Dei er barna til dottera Anna som står til høgre bak. Ho vart gift Årset og budde i Liabygda. Sonen Håkon bur framleis der. Margit vart gift Relling og budde på Stranda.

URANES

Tvers over fjorden frå Stranda er det eit stort ras-sår i fjellet. Det er 250 år gamalt og har vore vesentleg større i breidd. Skog dekkjer nå såret på sidene. Raset gjekk om kvelden 8. januar 1731. Det stakk eit nes ut i fjorden her, og på det neset låg garden Ura i ei lita vik. Heile neset losna og gjekk i fjorden, og garden Ura forsvann.

14

Hans Strøm som var på Stranda 30 år etter ulukka, skriv at 17 menneske miste livet, av desse 5 born på garden Ura. I tingsvitnet står det at desse fem borna fraus i hel, då heile Ura-huslyden ( mann, kone og fem barn ) kom flytande på stovetaket. Dei var nakne og sat der natta over i januarkulden. Borna, Rasmus (9), Peder (8), Anne (6) og tvillingane Peder og Guri (3) sto det altså ikkje over. Dei andre omkomne budde truleg langs strendene på Stranda-sida, der alle hus nær sjøen var øydelagde frå Opsvik og heilt ut til Skotet. Flodbølgja øydela det meste av den gamle Stranda kyrkje. Berre åtte år tidlegare hadde bøndene på Stranda kjøpt den gamle stavkyrkja av kong Fredrik IV. I tillegg vart dei fleste naust langs stranda øydelagde. To jekter som låg for anker vart kasta opp på kyrkjegarden. Dei fleste Stranda-bøndene bygde ny kyrkje noko lenger oppe frå sjøen, men etter at denne hadde gjort teneste i hundre år, vart ho for lita og ny kyrkje - som står den dag i dag - vart bygt på tuftene til den gamle stavkyrkja. Fjellet heitte før Rammersfjellet, men er seinare blitt heitande Skafiellet, og skade gjorde det.

Eit stykke utanfor det store raset stikk eit lite nes ut, Uraneset. Der vart restane av garden Ura ført vidare. Ekteparet frå Ura som overlevde raset slo seg ned langt frå sjøen, framme i Strandadalen, og andre eigarar tok over garden på Uraneset.

Ein periode framover var det nokså skiftande eigedomstilhøve på Uranes fram til slutten av 1800-talet. Då kom ein mann frå Matvik, Ole Martinus, og kona hans, Gyrid, frå Syltevik. Dei visste begge så vel vilkåra som ville møte dei på ein slik gard, og representerer den lange rekkja av slike flyttingar og inngifte mellom strand- og fjellgardane som gjorde at dei vart haldne i hevd så lenge framover mot vår tid. Rett nok var jorda grøderik på Uranes, der ho var å finne, men det var langt mellom jordflekkane i dette «urlandskapet». Garden vart driven fram til 1922, då brukaren flytte til Stranda og busette seg der.

Livsvilkåra på Uranes var ikkje så verst før pengehushaldet si tid. Her var gode beitetilhøve, mykje skog og rikt laksefiske i fjorden. Ole Martinus skaffa seg kontantar ved å brenne tjøre som han selde. Av dette fekk han også trekol som han selde til smiene rundt om i fjordbygdene.

15

Kjend for geitosten

Husa på garden Uranes ligg på skrå over fjorden frå Stranda. Garden vart truleg etablert her rundt 1800, og eigedomstilhøva skifte fram til 1892, då Ole Martinus frå Matvik og Gjøri frå Syltavik kom hit og slo seg ned. Dei to gifte seg og starta samlivet på Åseneset nær Hellesylt. Ole Martinus hadde ikkje ein gong så mykje pengar at han kunne kjøpe seg bryllaupshatt. Pengar til det måtte han låne. Som så mange andre unge par langs fjorden starta dei i armod. Levebrød måtte dei skaffe seg gjennom det dei kunne hente frå fjorden og frå dei dyra dei kunne skaffe får til på bøter langs fjorden som andre ikkje ville ha. Det var ikkje enkelt for dei unge. Han var 27, ho var 19.

I 1892 fekk dei leige Uranes for seks kroner året, og dei flytte dit. I 1899 fekk dei kjøpe garden. Det var framskritt å kome til Uranes, sjølv om det også her var smått. I dette huset kom det sju born til verda. Tre born hadde dei med frå Åseneset. Ti born i alt, men fire av dei døydde i unge år. Eit hardt slag for foreldra. Ole Martinus Uranes var oppvaksen i fjellskorene i Matvika, og evnene til å ta seg fram i fjellet fekk han god bruk for også på Uranes. Han dreiv fram mykje furuskog frå den bratte fjellsida. Dels laga han til ved som han selde til byen, og han laga også til trevirke til ulike formål. Eitt år laga han til 3.000 props ( stok- kar til å halde oppe gruvegangane med ) til kolgruvene på Svalbard. Etter snørike vintrar innover i fjordane kom det også mykje rekved drivande forbi Uranes, og det tok Ole Martinus i land og laga ved av. Med eit veldig slit og stor dugnadsånd vart det frakta løypestreng opp gjennom fjellsida, opp på Medalsrøra. Derifrå ein ny heilt opp mot Buskaret.

Det var meir gras å slå oppe på fjellet enn i fjellsida. Den gamle furuskogen oppover fjellet var også god til å hente tjøre ut av, og tjørebrenning for sal lenger ute med kysten var ei onn på Uranes. I tillegg kunne han selje trekol til ei krone for sekken, og det var god betaling i dei dagar. Det som Uranes-folket kanskje var best kjent for i Ålesund var den fine geitosten dei laga. Uranes-osten var eit merkenamn lenge før nokon tenkte på slikt. I tillegg fekk Ole Martinus mykje laks i tre laksenøter han hadde. Også laksen var etterspurd i byen. Han dyrka også opp jorda mellom steinane frå huset og ned til sjøen, og der vart det planta frukt- og morellebærtre. Ein del av det gamle huset er nok inne i det bustadhuset vi ser på bildet, men Ole Martinus bygde på og bygde om, slik at det huset som står der i dag i stor grad er hans verk. Geitene og grisen jaga dei til fiells, der det var rikare beite enn i den stupbratte fjellsida. I 1922 var det slutt med fast busetnad på Uraneset, og i motsetnad til då Ole Martinus kom, så reiste han derifrå som ein halden mann. Han og Gjøri kjøpte seg grunn som dei kunne bryte opp til eit lite småbruk ovanfor Hagekleiva på Stranda, og staden kalla dei Utsikten. Der slo dei seg ned.

16

ESPEHJELLE ( Skotung )

I daglegtalen heiter denne garden Skotung, og området der garden ligg heiter Skotungane. Garden ligg på vestsida av Storfjorden mellom Stranda sentrum og Fausa. I skrift har garden heitt Espehjelle heilt sidan 1700-talet, og dette namnet har same tyding som Ospehjellen lenger inne i fjorden.

Namnet Skotungane meiner namnegranskaren Oluf Rygh må henge saman med Skotet lenger ute i fjorden, og det i dette området er både viker og nes som er vesentleg mindre enn Skotet, kan det vel tenkjast at Skotungane er eit passande namn.

Sjølve Espehjelle ligg oppe på ei hylle i fjellsida, men litt lenger utover langs fjorden finst det tufter etter mange små husmannsplassar som for lengst er fråflytta.

Namna er det einaste som lever att: Torsletta, Skots-Knut-Plassen, Bødolavika og Skotungneset. Bødolavika er til og med registrert på offisielle kart, og her har nok ein gong budd ein Ola som gjekk eller rodde med bød eller bod om eit eller anna. Espehjelle har opp gjennom hundreåra vore avhengig av båt. Kyrkjevegen var ein rotur til Stranda. Før 1732 sto naustet omlag rett nedanfor garden, men i den store Skafjell-ulukka det året reiste flodbølgja med Skotung-naustet også, til liks med det fleste naust på vestsida av Storfiorden. Naustet vart bygt opp att lenger ute, i Skotungvika, eller Naustvika som ho no er blitt heitande. Garden ligg omlag 150 meter over havet, sjoavegen er på rundt 1200 meter og så er det rundt 4 km å ro til Sløgstad. I slutten av førre hundreåret tok brukaren på Espehjelle, Johannes Espehjelle, til å emne på gangveg frå garden og i lia innover til garden Ødegård på Stranda. Med berre ein «interessent» var det ingen liten operasjon, men Johannes fekk hjelp. For det første fekk han 50 kroner i tilskot frå Stranda kommune til å bygge tre kilometer gangveg. Det blir 1,6 øre per meter. Langt viktigare var det at det i fleire år framover vart det halde vegarbeidsdugnad på Espehjelle, og det skifte på med mannskap både frå Stranda og frå nabogardane på begge sider av fiorden. Til og med folk frå Dyrkorn og Stordal kom for å hjelpe til etterkvart som gjetordet gjekk om den trivelege vegdugnaden på Espehjelle. Dugnaden gjekk føre seg laurdagane om hausten, etter onnene, og dugnadsgjengen overnatta til sundag då det var gjestebod heile dagen. Dette var eit reint vegaslus- klag, og det var før likestillinga hadde kome særleg langt, så det var aldri dans på dugnadsfestane på Espe- hjelle.

17

I 1910 var gangråsa til Stranda ferdig, og borna på Espehjelle kunne gå til skulen på Stranda. Dei brukte ein dryg time kvar veg. Om vinteren måtte Johannes moke snø for å halde vegen open. Kom det mykje, vart det for strevsamt. Han brukte to dagar på å moke vegen, og dersom det då snødde så var vegen like uframkomeleg når han var ferdig. Espehjelle fekk telefonsamband i 1918 og elektrisk kraft frå Fausaverket litt lenger ute i fiorden, fekk garden i 1929. På bildet over ser vi innover fjellsida mot Ødegård på Stranda, der gangvegen frå Espehjelle kjem att. Det er ikkje akkurat det beste terrenget for vegbygging. Stovehuset på Espehjelle er bygt i 1900 og løa er frå 1872. I forgrunnen ei gråkolleku, eller ei ku av rasen Vestlandsk fjordfe, som er det offisielle namnet. Denne kurasen er blitt kalla urkua i Norden. Slike er det ikkje så mange att av, rundt 400 rundt 2005, men denne lettbeinte og hardføre kua var som skapt for å livnære seg i dei bratte liene langs fjorden. I tillegg til det vanskelege terrenget som desse kuene meistra godt, hadde dei også nedervde eigens- kapar når det galdt å verne seg mot rovdyr. Kyrne søkte saman og verna seg som ein flokk. Livet på desse gardane hadde knapt vore mogeleg med dagens kurasar. Fram til siste krig var gråkolla eller gråkua omtrent einerådande i dette distriktet, men etter krigen kom det nye rasar til. Gråkolla si tid og fjord- og fjellgardane si tid hang på ein forunderleg måte saman.

Espehjelle ligg mellom Stranda og Fausadal, oppe på ei flatlendt hylle. Litt lenger ute, langs fjorden, finn ein tuftene etter mange plassar: Torsletta, Skots-Knut-Plassen, Bod-Ola-Vika, Skotungneset. Alle desse vart fråflytte for lang tid sidan. Siste brukaren på Espehjelle var Birger Petterson Korsedal. Han kjøpte garden av Johannes Espehjelle i 1939. Kjøpesummen var 5000 kroner. Krøtera fylgde med i handelen. Korsedal dreiv garden i mange år. No har han flytt til Stranda. Og Espehjelle ligg, stort sett, øyde. Det er i februar 1972. Vi går inn til 70-årige Martin Johannesson Espehjelle og kona hans, Marie. Her finn vi også systera til Martin, Inga. Ho er tre år eldre enn broren. Fleire sysken var dei ikkje. Martin fortel: Til langt fram i åra måtte ein jamt bruke båt når ein skulle reise inn til Stranda. I dei eldste tider stod naustet rett nedanfor garden. Men ved Skafjell-ulukka vart også dette naustet teke og sopt på fjorden. Etter den tid har Espehjelle hatt naustet i Skotungvika. Far tok til å arbeide på ein gangveg inn til næraste garden, Ødegård, for såleis å bli «landfast» med Stranda. Han søkte Stranda kommune om tilskot og fekk 50 kroner. Han såg det slik at skulle dette tiltaket lukkast, fanst det berre ein brukeleg måte: dugnadshjelp. Og i fleire år frametter vart det halde vegarbeids-dugnad på Espehjelle. Men det var ikkje dei same som kom kvar gong. Eitt år var det strandarar, eit anna år var det fausadalingar og holmebygdarar og karar frå andre strandgardar ute ved fjorden. Eit tredje dugnadslag kunne kome frå Dyrkorn og Stordal. Dugnaden vart jamt halden på ein laurdag, og helst om hausten. Det kan nemnast at mellom dei rettane som kom på bordet ein slik dag, var det alltid rømmegraut. Dugnadskarane reiste ikkje heim att laurdagskvelden. Alle låg over til sundag. Og då var det gjestebod - heile dagen. Ein veit at på gardar der det vart halde slåttedugnad, dansa dei natta til sundag. Men her var det reint kara-lag, og såleis ingen dans. Året 1910 vart vegen Espehjelle - Ødegård ferdig. Både eg og syster mi, Inga, kunne gå til skulehuset på Stranda. Men det var berre i den årstida når det var lite eller ingen snø. Vi gjekk heim att kvar dag, og vi trong ein dryg time på kvar veg. Der er ikkje nemnande fonnfare ved Espehjell-vegen. I dei dagane hadde vi ei skuleveke og ei friveke. Før så langt leid at vegen var ferdig, hadde far bygt nytt stovehus på Espehjelle, seier Martin. Det var i 1900. Og i 1913 bygde han om løehuset. Det er same husa som står på garden no. I gamle dagar hadde dei seter oppe på fjellet. Denne er for lenge sidan slutta. Men like til det siste har det vore drive med utmarkslått i setermarka. Der vart bygt ei lita tømmerhytte til å bu i, og vi hadde høyløe. Attved ein stor stein står ei gråsteins-grue. Der kokte og varma vi middagsmat. Høyet firde vi ned til gards på løypestreng. Der er så stor grasmark-vidd i setermarka at ein dreiv med år-byte. Det vil seie at ein slo same marka berre annakvart år. Meir enn 100 høybører firde vi ned til gards somme år. Slåtteonna der oppe varde kring 14 dagar. Bitt menneske måtte jamt vere heime for å mjølke og yste. Attåt måtte eit av oss som var med i slåtten, gå ned til gards kvar kveld for å hjelpe til med mjølkinga og for å kome opp att med middagsmat til neste dag. Ja, særleg i fint ver kunne det vere overlag triveleg der oppe. Langt vanskelegare var det nok for plassefolka, som i gamle dagar måtte fare i ulendt mark for å finne for til husdyra sine. Ofte slo dei der det ikkje var ljå-farande. Hadde eg spurt far og bestefar om kor tilværet var for mange av desse småkårsfolka, seier Martin Espehjelle, ville eg sikkert fått vite både eitt og anna. Men slikt har ein gjerne ikkje sans for når ein er ung. Eitt er likevel sikkert: Dei levde i stor nøysemd og i tronge kår. Og det kunne vere at det vart synt hjartelag som ein har godt av å stanse opp for ei lita stund. Far fortalde : «Eg var liten skulegut og kom eit ærend ned til plassefolka på Skotungneset ( kring år 1875 ). Kona der heitte Ingeborg. Ho stod og såg på meg ei stund. Og så sa ho: «Nei, dette er så leitt, eg har ikkje noko å gi deg - eg er lens for kaker.» «Å- ja, slik seier du jamt», sukka mannen hennar. Han heitte Kristian. Ikkje var det å vente heller at ho hadde kaker, for ikkje hadde dei bakaromn, ikkje hadde dei komfyr. Det dei likevel ein hende gong kunne kalle kaker, var noko som vart steikt mellom to baksteheller i grua. Men no var altså Ingeborg lens. «Du må vente litt,» bad ho.

18

Oppe i ei skåphylle hadde ho ein ball, ein som truleg var kokt av byggmjøl og poteter og vatn. Denne skar ho opp i fine skiver. På ei av skivene hadde ho på litt sirup, på den andre aldri så lite smør. Og så gav ho meg desse,» fortalde far. «Eg stod og heldt ho i handa og takka. Og det var plent som det lyste or augo hennar så lukkeleg var ho». Martin Espehjelle held fram: I 1936 ( 34 år gammal ) flytte eg til Stranda og bygde meg hus, Tryggheim. Same året vart eg gift med Marie, fødd Ringstad ( Bruaplassen ). Som før nemnt selde far garden til Birger Korsadal. Far tok seg kår på Espehjelle. Men to år seinare flytte også han til Stranda. Og han budde i huset hos oss til han døydde i 1948. Inga Espehjelle, du er tre år eldre enn bror din, Martin. Kanskje vil du fortelje om eitt eller anna frå din barndom eller ungdom? Ja, svara ho. Og skal det vere om noko som er lyst og triveleg, må det vere om ei gjestebodsreis då eg var 15 år. Bestefar på Espehjelle hadde ein bror som heitte Petter. Han vart gift med Anne Marie Groven i Liabygda. Anne Marie var jordajente, og sjølvsagt flytte då Petter der inn. Såleis vart folka på Espehjelle og i Groven slektsfolk. Som småjente hadde eg fleire gonger vore med til gjestebod i Groven, seier Inga Espehjelle, siste gongen då eg var 15 år. Eg skal ikkje nemne noko anna særskilt enn dette: Etter at vi ved middagsbordet hadde fått mange og gode rettar, og vi var så mette, så mette og gjorde teikn til at vi ville lese for maten, då slo Anne Marie ut med hendene og sa: «Å-nei, de må ikkje vere så snare.» Og så kom ho med rømmegraut. Birger Korsedal og kona hans, Inga, fødd Remme, Vatne, vart gifte i 1930. Inga flytte til Korsadal same året. Dei busette seg der. Etter at det hadde gått sju år, kjøpte Birger Espehjelle, og dei flytte dit. Dei hadde då to born, Oddbjørg og Hjørdis. Birger, som vaks opp på fjellgarden Korsedal, var den eldste i ein stor syskenflokk. Om ymse ting om liv og lagnad der oppe, fortel både han og kona hans. Vi dreiv Espehjelle i 25 og eit halvt år, fortel Birger. Vi finn Korsedal-folka på Stranda. Birger har bygt eit nytt og svært hus. Her har han rom også til born og barneborn. Mellom andre får vi helse på to små, søte tvillingsystrer. Og mens praten går, svingar snart det heile inn på den tida då dei hadde skuleborn. Vi fekk fem born etter at vi kom til Espehjelle: Signy, Petter, Åsta, Bjørg og Randi, altså sju i alt. I dei to første åra sende vi borna, Oddbjørg og Hjørdis, til Fausadal på skule. Det kom mykje av at der var det «samla klasse» med ei skuleveke og ei friveke. Så vart vi flytte over til Ringstad skule, Stranda. Og ein kan seie med ein viss dispensasjon for oss på Espehjelle, med di både storskuleborna og småskuleborna våre fekk gå på skule same dagane, og dei fekk vere heime same dagane. Det vart altså «todelt skule» på Stranda, med skule annankvar dag. Fram for mange andre strandsitjarar hadde vi på Espehjelle det godt på den måten at vi var landfast med bygda. Det vil seie: Ved å bruke den råsa som frå før var tillaga frå Espehjelle og inn til Ødegård, slapp vi å fare sjøvegen når vi skulle inn til Stranda. Men vintersdag er diverre ikkje denne råsa til å gå for kven som helst. . . Etter store snøfall måtte eg moke meg fram, frå ende til annan - det er tre kilometer. Og det trong eg to dagar til kvar gong! Skuleborna måtte gå heimafrå klokka 7.30 om morgonen. Svært ofte gjekk eg saman med dei. Eg gjekk for å trakke rås og for å bere lykta. Eg snudde først etter at vi var komne inn til Stigen. Om ettermiddagen gjekk eg dei like langt til møtes for å fylgje dei heim att. Inga høyrer på mens Birger fortel dette. Og ho held fram: Og så var eg heime. Eg kunne vel ha gjort både eitt og anna i denne dryge timen - mens Birger og borna for innetter. Men eg stod heile tida ved ein fjøsglugge og stirde etter lyset frå lykta. Eg såg kor det blinka her og der mellom skogen og fjella. Lange stunder var lyset borte for meg. Så kom det att. Og eg visste at no var dei komne dit, og no var dei komne dit. Største skrekken hadde eg for Raudgjelet. Der er det ville stupet ned i fjorden. Sommarsdag er det triveleg å gå råsa ut til Espehjelle. Ja, for mange kan det vel vere den reine idyllen. Men der kan vere onnorleis. Ein gong ei av jentene våre, ho var i 17-årsalderen, kom uventa ut til oss. Ho hadde vore ein tur i arbeid inne på Stranda. Då ho kom ut til Raudgjelet, var råsa der heilt full av fonnsnø. Ho tok til å krabbe over hadde ikkje aning om at lenger utpå ville fonnbreen bli flinthard og slett! Ho spente med skotåa, klora med fingrane for å finne aldri så lite feste. Tomme for tomme krabba ho. Og ho kom over. Det gjekk med oss som med så mange andre, seier Birger Korsedal. Borna vart vaksne og flytte ut. Vi kunne ikkje bli på Espehjelle stort lenger. Så fekk vi opp dette huset. Vi har det godt - betre enn ein kunne vente på å få det der ute. Men når ein har teke mange og tunge tak på ein gard gjennom mange, gode og lukkelege år då vert det noko som held att når ein skal flytte, noko som berre dei fullt ut vil forstå som sjølve har prøvt det. Heilt slutt er det ikkje på Espehjelle. Vi driv med litt slått, med poteter og frukt. Eg har også bygt ei lita løe på Stranda. Og vi forar nokre sauer. Og mens kveldssola leikar over fjell og dal på andre sida av fjorden kan ein så godt sjå over til Uranes, til Djupdal og til Holmebygda. Der finst ikkje eit menneske lenger. Det er så underleg….

19

Esphjelle

På bildet under til venstre står delar av huslyden Korsedal frå garden Espehjelle som ligg mellom Stranda og Fausadal. I daglegtalen blir garden kalla Skotung. Husbond Birger Korsedal har døtrene Hjørdis og Signy framfor seg, mens kona Inga held sonen Petter som i dag er brukar saman med kona Bodil.

Med på bildet er også buhunden Rita, ein framifrå gjetarhund som sytte for at det var uråd for geitene å lure seg til ein smak av graset på innmarka. Bildet tok Magne Flem i 1942. Bildet av den store furua vart sikkert teke samstundes. Mannen til venstre er Birger Korsedal. Den andre er ukjend. Denne kjempefurua står den dag i dag og er endå vesentleg større, men i dag er det tilvakse så mykje skog rundt at giganttreet er mindre synleg.

Det veks mykje furuskog i Skotungmarka, og garden har vore sjølvforsynt med bygningstilfang. Då Birger Korsedal bygde seg opp ny heim på Stranda så skaffa han materialen som skulle til frå eigen skog. Korsedal kjøpte Espehjelle frå Johannes Espehjelle i 1939. Korsedal kom frå nabogarden Korsedal lenger ute i fjell- sida. Espehjelle selde garden «på rot», slik at både dyr og reiskap følgde med på handelen. Alt i 1918 hadde Espehjelle telefonsamband med Stranda og elektrisk kraft frå Fausa-verket litt lenger ute i fiorden kom i 1929. Garden ga eit godt levebrød, rundt 40 geiter, 4-5 kyr, rundt 20 sauer, ein gris og nokre høner. Lakse- fisket var viktig og garden hadde eit par laksenøter som fiska godt. I tidlegare tider var det hest på garden, men Birger Korsedal greidde seg utan. I dag har sonen Petter til og med fått ein traktor til gards. Petter og kona Bodil har pussa opp og stelt både stovehuset, løa og stabburet, og garden er i tipp topp stand. I dag er garden først og fremst ein stad for fritid og rekreasjon, men han ligg ikkje lenger unna Stranda enn at det også kan dyrkast til dømes poteter der, og garden er til liks med mange andre av desse fråflytta gardane god å ha under hjortejakta.

Frå Espehjelle går det ein tre kilometer gangveg inn til Stranda. Denne gangvegen vart bygd på dugnad tidleg på 1900-talet. Råsa sto ferdig i 1910. Den 15. november 1961 flytte Birger Korsedal og huslyden frå Espe- hjelle til den nybygde heimen sin på Stranda. Han hadde bygd både stovehus og eit stort uthus der han kunne ha nokre sauer. Slik sett fekk han drive litt med gardsdrift sjølv om han nå budde i eit byggefelt. Han slo gras, hesja og tok inn høy ute på Espehjelle, slik at han hadde nok får til sauene sine. Høyet vart frakta inn til Stranda med skyssbåten «Luna». Mange av dei som hadde drive med gardsdrift på desse gardane heile sitt liv, hadde med seg litt av «garden» til den nye bustaden dei fekk i meir urbaniserte strøk. Dei fekk seg eit uthus eller ei lita løe slik at dei kunne pjaske med nokre dyr. På den måten vart både overgangen og saknet mindre.

20

FAUSADALEN

Den tida fjorden var hovudferdselsåra var det naturleg at gardane i Fausadalen vende seg mot fjorden og vart rekna blant andre fjord- og fjellgardar. Det er elles verdt å leggje merke til at hovudinngangen på gamle hus langs fjorden alltid hadde hovudinngangen vendt mot fjorden. Seinare er bilvegane komne mange stader og husa snur hovuddøra til bilvegen og ryggen mot fjorden. Også Fausadalen har vendt seg frå fjorden og held nå kontakten med omverda gjennom vegen ned til Fjellsæterskiftet, men framleis er dalen ein del av Stranda, og kraftverket på bildet forsyner Stranda med straum. Så lenge det har budd folk i Fausadalen og fram til nyare tid nytta folk den bratte stien frå garden Brune som ligg oppe på høgda på bildet, og ned til sjøen på høgre sida av elva. Det var ein farleg sti, særleg vinterstida, men frå støa og inn til Sløgstad var det omlag ei halv mil å ro. I 1940 vart det bygd taubane frå Brune og ned til sjøen, og det gjorde alt så mykje lettare. Det vart oppretta mjølkerute frå Furstranda til meieriet på Stranda og båten stoppa også ved Fausa-kaia. Seinare ( i 1950 ) kom rutebåten og hadde stoppestad ved kaia, og oppe på Brune fekk dei brevhus med stempel der det sto «Fausadal brevhus».

21

Klasgarden.

Frå 1919 hadde Fausadal telefonline til Stranda. I 1890-åra prøvde dei seg med vegbygging frå Brune og ned til sjøen, men det vart for dyrt. I staden starta dei i 1906 med å bygge veg slik at dei kunne knyte seg til bygdevegen mellom Ramstad og Nysæter. Først i 1918 var denne vegen ferdig, men dei fekk ikkje vegstykket godkjend som riksveg, og mange som budde i dalen selde gardane sine og flytte. Fausa-vassdraget var eigentleg eigd av Borgund kommune, men fordi Stranda hadde bruk for det til kraftforsyninga si, vart det tvangsekspropriert, og den første utbygginga starta i 1929. Huset som då vart bygd er det høge tårnet bak maskinistbustaden ( 1949 ) til høgre på bildet. Huset rett til venstre for maskinistbustaden var også ein del av stasjonen frå 1928. Huset lengst til venstre på høgresida av fossen kom då verket vart utvida i 1939. Kraftturbinen i dette huset yter 650 kW, og vart restaurert for nokre år sidan og er framleis i drift. Til venstre for fossen er kraftverket som vart sett i drift i 1952. I 1982 vart stasjonen fjernstyrt og der bur såleis ikkje maskinistar fast ved stasjonen lenger. Då Fausavassdraget i si tid vart seld, sikra gardbrukarane i Fausadal seg retten til så mykje frikraft at dei hadde rikeleg til eige behov.

22

Utsikt frå Brune.

SKJORTNES

Garden Skjortnes ligg på eit lite nes ut i Storfjorden omlag midt mellom Korsedal og Fausadal.

Garden ligg på ei skrå og bratt hylle 150 meter over fjorden. Skjortnes var ein mellomstor strandgard og kunne fø 4-5 kyr og 40-50 geiter.

23

Namnet er ikkje lett å forklare, men det kan kome av ordet skjorutt som tyder svart og kvitstripa berg, slik ein kan finne det i hammaren ovanfor garden. Skjortnes er ein bratt og tungdriven gard, men ingen av delane var noko særsyn langs desse fjordane. I høve til yrkesbrørne sine langs fjellsidene innover fjorden hadde difor Skjortnes- bonden lite å klage over. Han slapp dessutan det trugsmålet som låg i fonnfare og fare for steinsprang som mange av dei andre strandsitjarane måtte leve med.

Likevel var det på Skjortnes den siste dødsulukka skjedde på strandsitjargardane. Kårmannen på Skjortnes, den 78-årige Knut Skjortnes, skulle ein sommardag i 1957 ut i utmarka for å drive småslått. Han kjende utmarka som si eiga bukselomme og småslått hadde han drive gjennom eit langt liv. Då han ikkje kom heim til vanleg tid, gjekk dei for å sjå etter han. Oppe på hammaren ovanfor husa fann dei riva og ljåen, og skjøna straks at det hadde skjedd ei ulukke. Dei fann Knut under hammaren, ihelslegen. Truleg hadde han glidd mens han slo dei siste stråa heilt ute på stupet. Utmarksslått sto elles heilt sentralt i försankinga på desse gardane. I tidlegare tider hadde dei knapt råd til å bruke innmarka til anna enn å dyrke korn på, og det aller meste av graset måtte hentast i utmarka. Seinare tok grasproduksjonen over også på innmarka, men heilt fram til dei siste av desse gardane vart fråflytta, utnytta dei grasressursane i utmarka. I etterkrigstida vart det for få att på gardane til å rekke over den nokså arbeidskraft- intensive småslåtten i utmarka. På Skjortnes kompenserte dei det ved å skipe til slåttedugnad. Det kom ungdomar frå nabogardane og frå Stordal. Eitt år var det over 30 ungdomar med på dugnaden. Etterpå var det rjomegraut og til slutt dans. I 1957 fekk Skjortnes elektrisk kraft og det var til stor hjelp m.a. til drift av fleire løypestrenger oppover den bratte fjellsida. Før krigen dreiv dei mest med geiter, og dei ysta på setra som ligg eit stykke ovanfor garden. Siste gongen dei ysta der var i 1946. I nyare tid dreiv dei med sauer og det vart slutt på seterdrifta. I tillegg til husdyrhaldet var skogen ei viktig inntektskjelde på Skjortnes, men viktigaste attåtinntekta fekk dei likevel av laksefisket. Garden hadde ein stor og god motorbåt og 2-3 kilenøter som årvisst ga godt utbytte. I 1970 vart det slutt på busettinga på Skjortnes. Folket flytte til Ramstaddal, men i fleire år etterpå slo dei innmarka og frakta høyet i båt ut til Ramstaddal. Også i dag blir garden halden i hevd, men er i bruk berre som feriebustad.

Skjortnes ligg på sørsida av Storfjorden om lag midt mellom Fausadal og Vidhammar. Siste heilårsbrukaren, Jens Skjortnes, døydde i 1963. Enkja, Elisa, fødd Rødset, Stordal, og borna, fem gutar og to jenter, har flytt frå garden. Vi får først ein prat med 63-årige Karl Skjortnes, bror til Jens. Karl har bygt seg hus i Stordal ( 1945 ), Hagardstun. Karl er ugift. Far heitte Knut. Han var odelsgut på Skjortnes.

24

Mor heitte Jakobie, fødd Vad, Stordal. Vi var to brør. Skjortnes er ein typisk strandgard. Det vil seie at skal du reise nokon stad, må du ut med båt. Sjølve garden ligg på ei skrå og noko bratt hylle, med ein høg og lang hammar på nord-vestre kant. Tunet ligg kring 150 meter over fjorden. Ein kan seie at garden høyrer til dei mellomstore strandgardane her omkring, fire kyr og 40 til 50 smaler var vanleg fønad. Der er god gangerås til sjøen, sameleis opp til setra, som ligg rett ovanom garden. På Skjortnessetra har det vore drive med ysting til langt fram i åra. På slutten vart mjølka send til meieri. Der er dobbel taubane ned til naustet. Det kan nemnast at Skjortnes-karane har drive med laksenøter og har ofte fiska svært godt. I gammal tid var det to plasse-bruk som høyrde til på Skjortnes, Øggarden og Brentslia. Det er lenge sidan. Korkje far eller bestefar kunne fortelje noko sikkert om folka der. Det har vore nemnt ein Brentsli-Ola. Og det har vore fortalt om at plassefolka levde i svært tronge kår - såleis om ei kone som kokte suppe i fire dagar på same kje-foten! Eg var mykje heime i min ungdom, fortel Karl Skjortnes. Det var ofte vanskeleg for oss a få leige tenestejenter. Såleis måtte eg vere «seterjente »på Skjortnessetra. I to somrar gjekk eg der opp. Eg ysta ikkje. Eg bar mjølka heilt ned til sjøen det er langt. Mjølka vart send til meieri.Vi brukte i somme år å halde slåttedugnad, slik som skikken var pa mange gardar i dei dagane. Det kom av at ein med eiga hjelp ikkje kunne kome over så mykje slåttemark som ein gjerne ville. Dugnadsfolk var det lett å få, både slåttekarar og rakstadeier - dei likte å kome saman såleis det var triveleg på meir enn ein måte. Var ein heldig å få godt ver i dagane etterpå god høytørk, kunne slattedugnaden ha svært mykje å seie for brukaren. Men var ein uheldig, kanskje kom det eit «røyte-ver» i både to og tre veker, kunne det gå reint gale. Fleire gonger hadde vi slåttedugnad i Brentslia. Det er særleg eitt år eg minnest godt: Dugnadsfolk kom fra mange kantar, frå «nabo»-gardane som ligg på båe sider av fjorden, frå Fausadal og frå Stordal, meir enn 30 i alt. Fælande fort gjekk det med både slåtten og raksteren. Og ho Viken-Berte kokte rømmegraut. Ut på sein-kvelden kom det endå fleire, både gutar og jenter litt «beskjedne» kanskje det var det at det skulle dansast etterpå. Ja, heile natta. Tung lagnad måtte meir enn ein møte av dei som budde på strandgardane mellom farlege fjell. Vi på Skjortnes gjekk heller ikkje fri i så måte, seier Karl. Det var i juli 1957. Far var 78 år. Som før nemnt går det ein høg hammar på skrå opp langs Skjortnes-innmarka. Far heldt på å slå. Han var aleine. Han hadde kome for langt utpå der eit slett og glatt sva løyner seg under lyng og mose. Far kom ikkje heim att til vanleg tid. Dei gjekk for å sjå etter han. Dei fann ljåen og riva og skjønte at ei ulukke hadde hendt.. Far var død då dei fann han. Mor hadde i den siste tida vore ring til fots. Det var vanskeleg for ho å gå sjøvegen, så ho kunne kome til kyrkje. Det var vanskeleg for ho også på andre måtar. Og så hadde ho flytt hit, ho budde i huset hos meg. Jens rodde over til oss same dagen som ulukka hende. Det trengst ikkje å fortelje at det var vanskeleg for han å bere fram bodet.

I nokre år, mens vi eldste syskena var små, var det mor som setra på Skjortnessetra. Ho tok borna med seg og budde der i fleire veker mellom kvar gong ho gjekk ned til gards. Vi hadde kring 25 geiter cg 4 kyr. Det var for mor å mjølke eller yste eller koke mest heile dagen. Hadde ho ei ør-lita fristund, sat ho og sydde klede til oss. Far hadde bore opp symaskina. Vi borna hadde det svært morosamt på setra. Eg kan minnest at når det leid mot kveld, fekk vi skrape ostegryta - det var toppen av alt.

I 1946 var det slutt med å ha geiter på Skjortnessetra, dermed var det også slutt med å yste. Frå 1948 med berre kyr på setra var det eldste borna som tok over alt. Også eg, etter at det hadde gått nokre år, rakk å vere med på dette, seier Erling Skjortnes. Det var hardt mang ein gong, særleg i styggever når ein måtte gå langt for å hente heim kyrne. Men det var også fine dagar - eit eventyr eg så gjerne ville leve opp at om eg kunne. Slåttonna var lang og hard. Først gjorde vi oss ferdige på heimebøen. Setergjerdet var det neste. Der kunne det ofte vere så «hardsett» at vi måtte slå om natta mens det var dogg i graset. Høyet hadde vi inn i ei løe. Om vinteren, på skare, vart det teke ned til gards. Tredje slåtten var i Brentslia. Høyet derifrå hadde vi ned med same. Vi sende børene ned til Øggardsplassen på løypestreng. Så bar vi dei kring 200 meter til ein annan løypestreng, denne rakk like ned til husa. Til slutt var det Øggardsplassen vi slo. Vi fekk tidleg ta til med hardt slit, både ein og hin. Eg trur ikkje at nokon tok skade av det. Mykje vart lettare for oss i dei siste åra. Vi fekk motorslåmaskin, elektrisk kraft og vi hadde ein bra stor og god motorbåt. Far døydde i 1963. Eg var då 21 år, seier Erling Skjortnes. Eg hadde to brør som var yngre enn eg, Jarle 14 år, Jostein ni år. Dei syskena mine som var eldre, hadde flytt ut. Såleis var det eg som måtte ta over både eitt og anna. Eg såg snart at det ikkje nytta å halde fram på Skjortnes. Sjølv om vi hadde fått det lettare på ymse vis, så var det andre og fleire ting som jamt vart vanskelegare. Vi gav opp og flytte frå garden. Heilt slutt er det ikkje. Kvar vår reiser mor og dei to yngste gutane, Jarle og Jostein, attende til Skjortnes. Gutane driv med laksefiskje. Alle flytte utatt til Søvik når det vert haust. Det er sjølvsagt trist å tenkje på, for oss som for så mange andre kvar på sin stad, at garden skal bli lagd øyde. Men det finst ikkje veg forbi.

25

26

KORSEDAL

Korsedal ligg mellom Vidhammar og Skjortnes. Garden ligg 306 meter over havet og er vel å rekne som fjellgard. Ein bratt sjoaveg går i svingar ned til sjøen. Bak garden går eit flatare parti innover mot fjelldalen som endar i Korsedalsbotnen.

Det finst eit ypparleg terreng for jakt og fiske rundt garden, som med sine 7.000 mål vel er blant dei største langs fjorden, om ein tar med utmarka. Garden ga godt levebrød til dei som budde der. Korsedal hadde større skyld ( verdi eller skatteevne ) enn nokon annan gard i Stordal kommune. Stovehuset på garden er ei lang sunnmørsstove, og på det meste budde det tre huslydar i huset.

27

Det som meir enn noko anna gjorde at garden vart fråflytta i 1952 var den vanskelege skulevegen for borna. Den bratte sjoavegen var eit slit å halde open vinterstid. Det var å moke vegen nedover i forkant av borna om morgonen. Deretter skulle dei i båt til Stordal, og så var det retur same vegen etter skuletid. Hadde det då kome snø i løpet av dagen, var det å moke vegen opp til garden på nytt. Behovet for båt var stort, og Petter Korsedal var då også den første på Indre Sunnmøre som fekk sett motor i båten sin. Kona hans hadde ein bror i Amerika og han sende ein to-hestars bensinmotor til Petter i gåve. Han fekk det mekaniske geniet H.I. Drege på Stranda til å montere motoren inn i ein stor færing. Denne båten nytta han i førstninga også som skyssbåt. Mellom anna dreiv han preste- og doktorskyss. I februar 1943 var det flaum på Korsedal. Korsedal- elva vart flaumstor og reiv med seg ei høyløe ovanfor garden. To bruer over elva reiste også, det same gjorde kvennhuset, ein slipestein og 6-7 mål jord vart øydelagt. Nedanfor husa reiste elva med 25 mål bjørkaved under denne flaumen, men elles er Korsedal ein trygg gard for dei fleste av dei tradisjonelle farane som truga fjord- og fjellgardane.

I 1956 vart Korsedal seld til Arbeidernes Jeger- og Fiskerforening avdeling Ålesund og omegn. Foreininga kjøpte garden for 12.000 kroner. Vilkåret for handelen var at foreininga skulle halde garden i hevd mest mogeleg slik han hadde vore, og det har foreininga gjort. I dag har foreininga endra namn til Ålesund Jeger- og Sportsfiskeforening, og har drive omfattande utbetrings- og vedlikehaldsarbeid på dei gamle bygningane, som i høgste grad er verneverdige. Foreininga brukar garden som terreng for jakt og fiske, og til rekreasjon.

Barnerike familiar

På dette bildet er det to generasjonar som er fødde på garden Korsedal.

Alle bortsett frå fire er barnefødde på garden. Bildet vart teke i 1981, då Arbeidernes Jeger- og Fiskerforening markerte at det var 25 år sidan foreininga hadde teke over Korsedal, og etterkomarane frå garden vart frakta opp med helikopter. Frå venstre Harald Larsgård, representant for foreininga, Petra Korsbrekke, fødd Kor- sedal, Sofie Korsedal, Anna Korsedal, Birger Handal, helikopterflygar, Oddbjørg Navelsaker, fødd Korsedal, Gunvor Korsedal, Alma Korsedal, fødd Vidhammer, Reidun Bjørke, fødd Korsedal, Ingrid Windsnes, fødd Korsedal, Peder R. Korsedal, Hjørdis Nøringset, fødd Korsedal, Oddbjørg Grøsnes, fødd Korsedal, Karl Korsedal og ytst til høgre, Ole Johan Vidhammer, dåverande ordførar i Stordal, men også i nær slekt med dei fleste på bildet.

28

Det siste brukarekteparet på Korsedal, Elias og Alma Korsedal, var nemleg onkel og tante til Ole Johan. I tillegg til dei på bildet, var det fire personar til som skulle ha vore her for å komplettere bildet av dei to siste generasjonane som vart fødde på Korsedal. Bildet er meint å skulle illustrere kor mange etterkomarar det gjerne blir frå fjord- og fjellgardane berre på eit par generasjonar. Barneflok kane var store i gamle dagar. Etter kvart som dei voks opp vart dei viktig arbeidskraft på garden. Elias Korsedal var frå ein barneflokk på ni sysken, og det finst mange døme på at barneflokkane var både 10 og 12. På Korsedal var det ikkje så farleg med store barneflokkar. Huset var stort og garden var stor og ga eit godt levebrød. Langt verre var det på gardar som var avhengig av minst normal grøde for å få endane til å møtast i matvegen. Verst hadde dei det kanskje, plassemennene utan nemnande jord å hauste frå, men med store barneflokkar som skulle overleve. Dei var avhengig av godvilje frå Vår Herre og gåvmilde grannar langs fjorden. Det finst titals med slike små buplassar langs desse fiordane, og både dei og dei større gardane har vore ei rik kjelde for storsamfunnet til å hauste gagns menneske og solide samfunnsborgarar frå. Langt over halvparten av dei som flytta frå fjord- og fjellgardane slo seg ned i næraste bygd eller i alle fall på Sunnmøre, men mange reiste også ut i den store verda. Dei var vel kvalifiserte til begge delar. Elias og Alma Korsedal flytte frå Korsedal til Dyrkorn i 1952. Nokre år seinare selde dei garden til Arbeidernes Jeger- og Fiskerforening.

DJUPEDAL

Dette er den eldgamle stova i Djupedalen slik ho såg ut tidleg i 1940-åra.

Då hadde ho vore ubrukt som bustad heilt sidan Petter Djupedal flytte ned til Øvsteholmen i 1909. På sto- vetroppa står Kristian Dypdal og mannen med ryggsekk er lærar Martinus Støle frå Stordal. Saman med Magne Flem gjesta dei Djupedal og med hans bilde og tekst av Martinus Støle sto det ein heilsides artikkel i Sunnmørsposten i juni 1942 om denne fråflytta fjellgarden. Det skulle ikkje gå meir enn fem år før to stran- darar, Jon S. Rødseth og Johan Osvik, kjøpte Djupedal. Dei restaurerte den gamle stova. I 1956 tok dotter og svigerson til Johan Osvik, Karin og Rolf Fivelstad, over som eigarar, og dei har pussa og vølt og bygd på den gamle stova slik at ho er god som ny. Men eigentleg er mykje av stova slik ho ser ut på dette bildet minst 220 år gamal. Rundt 1780 kom Peder Pedersen Åkernes og kona Janika til Djupedal. Då hadde garden lege øyde i lange tider, og det einaste som sto att var ei lita tømmerbu. Kanskje finst det stokkar frå denne tøm- merbua også i det huset som står der i dag? Peder Åkernes ( eller Djupedals-Pe ) som han vart heitande, gjekk i gang med ein kjempeinnsats for å gjenoppbyggje garden. Han bygde seg nytt stovehus ein god del lenger nede enn der det står i dag, og han bygde seg fjøs.

29

Alle materialar tok han frå eigen furuskog. I tillegg måtte han bygge ny veg frå sjøen og opp, og det er den vegen som blir nytta den dag i dag. Sonen Hallkjell flytte tunet opp der det er i dag, og han bygde den stova vi ser på bildet. Truleg nytta han opp att material frå det gamle huset, i tillegg til at han utvida det. Faren, Djupedals-Pe, skaffa seg på slutten av 1700-talet to kvernsteinar. Korn måtte han ha for å overleve, og det å knuse korn med handemakt vart slitsamt i lengda. Han fekk kjøpt to kvernsteinar og bar dei på ryggen den stupbratte stien opp til Djupedal. Det gjekk gjetord om den bragden, og på Bergen Kunstmuseum skal det finnast eit målarstykke av ein mann som ber kvernsteinar på ryggen oppetter fjellet. Det blir sagt at kunstna- ren fekk inspirasjon etter å ha høyrt soga om Djupedals-Pe. Dei to kvernsteinane gjorde teneste i to genera- sjonar, men då sonesonen som heitte Petter, skulle ta over, ville han ha seg større kvernsteinar. Det må ha vore rundt 1880 at det skjedde. Djupedals-Petter fekk med seg fem staute karar frå Holmebygda i tillegg til Kristoffer Busengdal frå Stordal. Den siste laga ein liten slede med karmar. Deretter nagla han kvernsteinane fast, slik at det var same kva veg lasset snudde. Dei brukte talje til å drage med, og det var å flytte taljen frå furu til furu oppetter fjellsida. Busengdal vart fastbunden til sleden, og hang der med eit spett i handa for å løyse sleden kvar gong han hang seg fast i ufsene. Slik kom dei seg opp. Både dei eldste og dei yngste kvernsteinane finst på garden den dag i dag.

Mest utilgjengeleg

Djupedal er nok den mest utilgjengelege av alle fjellgardane på Indre Sunnmøre.

Garden har den farlegaste og mest slitsame av alle sjoavegar. Likevel, garden har vore i bruk heilt tilbake til 1600- talet, men i periodar har Djupedal vore øydegard. Garden ligg oppe i ein kort og bratt fielldal 375 meter over fiorden eit stykke innanfor Stordalsholmen. Det at garden har lege øyde så mange gongar fortel at til og med i sjølvbergingstida så kunne Djupedal berre såvidt gi levebrød til ein huslyd. Styrken også i Djupedal var eit framifrå jaktterreng og store beitevidder. Skogen var også viktig. Det blir fortalt at bonden i Djupedal ein gong bygde seg båt oppe på garden. Han bygde båten med ekstra bord-hud for å ta imot for kloring og støyt når båten skulle firast nedetter den høge fiellveggen. Det gjekk bra, båten kom ned og var til stor nytte for Djupedals-bonden. Det vart også laga til mykje ved i Djupedalen, og denne vart frakta den farefulle vegen ned til sjøen og så rodd med båt til kundar i Ålesund. Det var nok ein ved som i sanning kom til å varme mange gongar.

Soga seier at ingen har døydd i Djupedal. Alle har tatt seg ned stigen mens dei har hatt helse til det. Det ville vere omtrent uråd å frakte ei likkiste ned den farlege sjoavegen, i alle fall vinterstid. Denne farlege stien har tatt liv opp gjennom hundreåra. Soga fortel mellom anna om tre menneske som var på veg til kyrkja i Stordal for å gå til alters, mann, kone og son. Kona miste fotfestet i stien ned til sjøen. Dei fann ho att medvitslaus lenger nede. Mannen bar ho på ryggen ned til båten men under roturen ut til Stordal døydde ho. Det er slike tragiske hendingar opp gjennom hundreåra som har gjort at mismotet har tatt dei som budde på desse gardane, og så er dei blitt liggande øyde i nokre år, inntil nye og friske krefter har gitt seg i kast med oppgåva på nytt. I dag blir Djupedalen brukt som feriebustad, og både husa og stien blir halden i hevd. Familien Fivelstad på Stranda som eig garden i dag, har også utbetra dei farlegaste partia på vegen opp til garden, men framleis er det ein heller «luftig» fottur før ein kjem opp den bratte fjellsida. På bildet ser vi eit av dei verste partia, slik det var i slutten av 1940-åra. Sjølve Djupedalsgarden vart fråflytta som heilårsbustad i 1909. Då kjøpte brukaren Øvsteholmen og flytte dit. Han flytte altså til granne- garden. I forrige hundreåret, når det var folk på alle gardane i Holmebygda, i tillegg til i Djupedalen, vart dette ei heil lita grend for seg sjølv. Fire huslydar med til saman 23 personar budde her. Dei gjorde bytearbeid og dei kom saman i festleg lag.

30

Latøyomnen

Denne bakaromnen ligg i skogen like ved den gamle husmannsplassen Latøyna, like innanfor Holmeneset. Det er det vesle neset som stikk fram litt innanfor Stordalsholmen. Latøyna var i bruk fram til 1906. 1 1909 var det auksjon etter den siste brukaren, Latøy-Lars. På auksjonen kjøpte Øvsteholms-Peter huset på Latøyna for 150 kroner og flytte det opp til Øvsteholmen. Petter hadde flytta ned frå Djupedalen. Framfor Latøyomnen står Atle Ringseth, tidlegare styremedlem og framleis aktiv prosjektleiar i Storfjordens Venner.

Latøyomnen er nok unik i desse fjordstroka, først og fremst fordi han er så stor. Det er sannsynleg at han har vore bygt i den tida Stordalsholmen var vertshus, skyss-stad og handelshus. På annan måte er det vanskeleg å forklare at plassemennene i Holmebygda skulle ha bruk for ein så stor omn. At omnen vart bygt på Latøyna og ikkje nærare Stordalsholmen kan kome av at det var lettare å få tak i ved på Latøyna. Det er lettare å ro deig og steikte kaker enn ved. Før eit stykke ut på 1800-talet var det ikkje vanleg med gjærbakst og heller ikkje bakaromnar på lands- bygda. Nokre av dei største gardane bygde seg gjerne bakaromnar i eldhusa sine, eller etterkvart også kombinert med ei grue i kjellaren. På Latøyna bygde dei ein omn som var stor nok ikkje berre for heile Holmebygda, men også for nabogardane på begge sider av fjorden. Før brukaren i Grova lenger inne i fiorden fekk sin eigen ba- karomn, blir det fortalt at Grova-folket før jul rodde trauet med deig ut til Latøyna, der dei fekk steikt brøda og kakene sine som dei så rodde inn att. Truleg måtte dei også overnatte, for kakebakst i dei dagar og i ein så stor omn tok lang tid. For å få heving i deigen hadde dei ikkje anna enn ølgjær. Når dei brygga øl så fann dei på botnen av bryggekaret ei grå masse. Denne sanka dei opp, klinte henne ut over ein flatbrødleiv. Leiven låg til han vart tørr og stiv, og slik vart gjæra lagra. Når ho skulle nyttast til baking vart leiven oppatvbløytt i mjølk eller vatn, men heilt å lite på var ikkje denne gjæra alltid. Før bakaromnen kunne nyttast måtte han tettast utvendig med leire. Så var det å legge i ved, helst feit furuved, og fyre opp. I førstninga vart omnen svart av sot innvendig, men varmen brende etterkvart bort soten, og Sakarias Ansok har fortalt at det vart litt av ein kunst for «fyrbøtaren» å sjå på fargen på steinen for å avgjere når omnen var varm nok.

31

Deretter vart oska og glørne raka ut, og omnen vart pussa innvendig med ei grein. Så var tida komen for kakene. Det gjekk store mengder med kaker inn i Latøyomnen, så mykje at dei hadde ikkje råd til å bruke han anna enn til jul. For å tette opninga på omnen brukte dei ein halmkrans som var bløytt i vatn. Etter ein time var kakene steikte. Snart dufta det i skogen av nysteikte julekaker, og kaker i dei dagar var det same som brød i dag. Bakaromnen i Latøyna er eit kulturminne det er verdt å ta vare på.

Øvsteholmen

Då dette bildet er Peter Djupedal og drengen Karl J.J. Nygård på veg opp frå garden Øvsteholmen i Holmebygda. Dei står ved setreleet og skal opp på Holmesetra for å hente ost. Garden ligg på fjellryggen opp frå Stordalsholmen, og ein må eit stykke ut på fjorden for å sjå dette huset. Bildet tok Magne Flem i 1940-41 og då var Karl J. J. Nygård 12-13 år, ein ikkje uvanleg drengealder i dei dagar.

Karl J.J. Nygård som i dag bur på Sjøholt, fortel at han vart hyrt av Øvstholms-Peter i fleire slåttesesongar, og at han fekk tre kroner, ein grøn einkroneseddel og ein raud tokroneseddel, Quisling-pengar dei kalla, for å binde seg til Øvsteholmen i slåtten. Vegen opp til Holmesetra er svært bratt, og dei må opp i ei høgd på 650 meter før vegen går på skrå ned til setra. Gjennom hundreåra har brukarane bygd opp stien med troppeheller, slik at der er godt og trygt å gå, men sidan det ikkje var løypestreng opp til setra, måtte alt berast på ryggen opp den bratte lia. Oppe på setra venta syster til Peter, Olave, som setra på Holmesetra i over 40 år. I gamle dagar var det sju sel på denne setra og sju seterjenter. Dei sju hadde mykje besøk, og jonsok var det fest og bålbrenning på Holmesetra. Kassene som dei to på bildet ber på ryggen, skulle dei fylle med ostar på nedturen. Holme-Olave laga runde ostar og kvar ost vart stempla med eige merke. Under krigen hadde dei plikt til å levere ost på meieriet, og det var ikkje lov å selje privat, men det vart gjort både av Øvstholms-Peter og andre. Ost var dessutan eit framifrå bytemiddel i krigstida. Peter Djupedal kjøpte Øvsteholmen i 1909. Han var odelsgut i Djupedalen, men det var ikkje å tenkje på å halde fram der. Peter var då 30 år, og han hadde med seg systera, Olave til å stelle huset. Første oppgåva var å bygge nytt stovehus. Alle plankane saga han med handsag, og mykje tømmer tok han frå Djupedal og andre stader i fiellsida. I alt 12 sagestellingar sette han opp, og alt vart handsaga og til slutt vart det kalla inn til dugnad for å bere materialen opp frå sjøen til Øvsteholmen.

32

I 1911 var huset på bildet ferdig, men det er seinare bordldedd. Peter reiste også hus på Inste Øggarsplassen, ein husmannsplass under Øvsteholmen, som foreldra hans frå Djupedal kunne bu i. Dette huset flytta han frå Latøyna og opp. Peter hadde hest på Øvsteholmen, men det vart til at mykje vart bore på ryggen, fortel Karl J. J. Nygård. På dette bildet i bakkant til høgre viser ein av dei to brunnane på garden. Hjulet til venstre for Karl J. J. Nygård er ein trommel dei fekk løypestreng på. Løa på Øvsteholmen har i dag ramla ned, men huset står. I 1944 flytte Peter Djupedal og Olave på gamleheimen i Stordal, og Peter selde garden til Leif Vegsund. Han dreiv garden nokre år, men sidan den tid har garden ikkje vore brukt.

Småljåens ( «stuttørv» ) kongerike

Fjell- og strandgardane var småljåens kongerike. Dei få bøtene ein kunne nytta langorv på er knapt nemnande. Småljå og rive, ryggen og for dei heldigaste, løypestrengen, var det dei brukte for å sikre seg føda.

På dette bildet er vi på Øvsteholmen i Stordal kommune. Ein dag i slåtten er systrene Olave ( til venstre ) og Hanna Djupedal i ferd med å såte graset. Det har tydelegvis vore godt ver og dei tørkar høyet flatt, men mot kvelden rakar dei flathøyet saman i såter for at minst mogeleg av det skal bli vått av nattedoggen. Det same skjedde når det var utrygt for regn. Slik hadde det vore gjort i hundrevis av år og slik gjorde dei det på alle gardane.

Øvsteholmen, eller Inste-Øggarsplassen som han vart kalla i Holmebygda, er den eldste av gardane i denne bygda, truleg rydda i middelalderen. Holmebygda inkluderte i si tid gardane rundt Stordalsholmen. På det meste var det - inkludert plassemenn - ti-elleve bruk i Holmebygda og her budde 40-50 menneske. Det var meir enn det budde på Sløgstad på den tida, det som i dag er Stranda sentrum. Særleg var aktiviteten stor i denne grenda utover på 1700-talet, då handelshuset på Stordalsholmen var å rekne som eit senter i Storfjorden. Til Holmebygda høyrde Nedsteholmen, det som i dag blir kalla Stordalsholmen, det gamle handelshuset. Dette var den siste garden i bygda som vart fråflytt, i 1970. Latøyna er ein liten husmannsplass litt lenger inne i fjorden. Der finst i dag berre tuftene att. Stovehuset kjøpte Peter Djupedal av den siste brukaren i Latøyna, Latøy-Lars, i 1909, og flytte det til Øvsteholmen. Ein stor og kunstferdig bakaromn av gråstein står att i Lat- øyna, eit kulturminne som burde ha vore teke vare på. På Øvsteholmen, det som i gamle papir er kalla Holme- halsen, var det tre bruk; Inste og Ytste Øggarsplassen og Andersplassen. Det høyrde også plassemenn til desse gardane. I tillegg vart også fiellgarden Djupedal rekna til Holmebygda. Årsaka til at Peter Djupedal ( Holme- Peter ) flytta frå Djupedalen og ned til Øvsteholmen i 1909 var at foreldra hans var gamle og skrale. Djupedal er ikkje for gamalt folk. Med handemakt saga han seg material til nytt hus. Mykje saga han i Djupedal, firte det ned til sjøen og frakta det med robåt ut til Latøyna.

33

I tillegg til det nye tømmeret, kjøpte han også Latøy-huset. Prisen for det var 150 kroner. Alt vart frakta til Øvsteholmen, og i 1911 sto huset ferdig. Systrene til Peter, Olave og Hanna, var med og hjelpte til. Gjestefri- domen og dei gode kakene til ho HolmeOlave gjekk det gjetord om i fiorden. Om somrane var Olave på Hol- mesetra. Dette var felles seter for heile Holmebygda, også Djupedal, og Olave setra der i meir enn 40 år. I tidlegare tider var det opp til sju seterjenter på denne setra og dei kunne ha 140 geiter å mjølke i tillegg til kyrne. Seterdrifta på Holmesetra vart slutt i 1947.

STORDALSHOLMEN

Stordalsholmen var eit senter i fjorden alt på 1600-talet, og det starta truleg med den oppblomstringa som trelast- handelen med Holland førte med seg. På midten av 1600-talet voks Stordalsholmen fram som gjestehus, skyss- stasjon og etter kvart også som handelsstad. Det var gjerne kjøpmenn frå Bergen som vart sitjande som eigarar av Stordalsholmen, og i tillegg til overnatting kunne ein der få kjøpe både brennevin, tobakk og andre «byvarer», og bøndene langs fiorden kunne selje sine produkt. Desse vart seinare sende med jekter til Bergen. Stordalsholmen sin sentrale posisjon i Oorden kjem også fram gjennom det faktum at dette er staden der den siste heksebrenninga her i landet skjedde. Det var Sva-Maska, Marit Rasmusdotter Bjørdal frå Sunnylven, som på tinget på Langlo på Stranda 28. mars 1664 vart dømt til halshogging og deretter brenning for heksekunster. Avrettinga skjedde ute på neset på Stordalsholmen, like ved der det i dag står eit fyr. Ei hole i berget der heiter den dag i dag for Maskehola.

Det huset som i dag står på Stordalsholmen vart bygt av Gunder Myhre i 1835. Huset er freda. Gunder Myhre som kom frå Hardanger, var laksepioner på Sunnmøre. Han var den første som sette ut laksenot. Han hadde med seg fagfolk frå sine heimetrakter som kunne å fiske laks, og sunnmøringane var ikkje seine om å lære. Laks vart ei særs viktig attåtnæring for mange av strandgardane. Det var også Gunder Myhre som bygde ishuset like innanfor Stordalsholmen. Dette ishuset er truleg eit av dei aller eldste på Sunnmøre, og det vart for nokre år sidan restaurert av Storfjordens Venner. Om vintrane skar dei isblokker i Stordalselva og frakta desse på slede på fiordisen ut til ishuset. Der vart isen lagra til sommaren og brukt til kjøling av laks. Bønder langs heile fjorden leverte laks til mottaket på Stordalsholmen, og litt av kontantane dei fekk vart kanskje brukt til ein festkveld på vertshuset eit lite møte med den store verda?

34

Det vart også bygt jekter på Stordalsholmen, og der var i lange periodar stor trafikk. Den store stova var samlings- stad for dei som var på veg til og frå, og tidvis kunne det overnatte opp til 70 menneske i dette huset. Då låg dei på flatseng. Av og til var vinden så hard at reisande ut og inn fjorden kunne ligge vérfaste i fleire dagar på Stor- dalsholmen, og det kunne saktens ha skjedd på verre plassar. Då dampskipa og rutebåtane kom var Stordalsholmen ferdig som stoppestad. I 1873 vart Stordalsholmen nedlagt som offentleg skyss-stasjon, men garden var i drift i kombinasjon med laksefiske heilt fram til 1970.

Laks og frukt

Dette bildet av Stordalsholmen i fugleperspektiv vart teke tidleg i 1940-åra og sto på trykk i Sunnmørsposten i februar 1942.

Det er tre holmar på bildet, i tillegg til Holmeneset. Kråkå er den ytste holmen, der fyrlykta står og der Maske- hola ligg. Der vart Sva-Maska vart halshogd og brend som heks på vårparten i 1664. Så er det Smieholmen like i nærleiken av naustet. Her sto smia i gamle dagar. Det var viktig å plassere smia i god avstand frå andre hus på grunn av brannfaren. Den tredje holmen er den større Verpeholmen som ligg til venstre for hovudhuset. Her var det frå gamalt av ei lakseverpe, ein stad der dei fiska med laksenot. Nede på sjølve neset ligg hovudhuset, låven og naustet. Den store treklynga midt på bildet er eplehagen som Gunder Myhre planta etter at han kjøpte Stordals- holmen i 1834. Ivar Holmen fortel at dei siste av desse epletrea vart tekne av orkanen i 1992, men når han voks opp var det mykje eple frå denne hagen, gode, saftige Gravenstein. Gunder Myhre hadde med seg epletre frå Hardanger og det er nok mykje som tyder på at dette var den aller første eplehagen i alle fall på Indre Sunnmøre, kanskje på heile Sunnmøre.

35

Frukttre så tidleg var vanleg berre på større embetsgardar. Med så mange fiordbønder som hadde ærend til Stor- dalsholmen i dei dagar, spreidde kunnskapen om epledyrking seg i distriktet. Ovanfor eplehagen ligg innmarka til garden Holmen, og her ligg sommarfjøset. Vi ser at det er høy i hesjene og det er truleg poteter i åkeren til høgre.

Gunder Myhre lærte ikkje berre sunnmøringane å dyrke eple. Han lærte dei også å fiske laks. Etter at han hadde kjøpt Stordalsholmen, fekk han oppover bygningsfolk frå Hardanger til å sette opp det huset som står der i dag. Stilen skal vere typisk for Ytre Hardanger. Myhre hadde også med seg «Lakse-Erik» frå Hardanger, og han starta laksefiske med flakenot. Det vart eit kjempefiske. Gunder Myhre har fortalt at hotelleigar Vinje i Stordal på ein dag tok mot 98 laksar og ingen av dei var under 18 kilo. Laksen vart isa med is som var lagra i ishuset Myhre bygde i Holmebygda, og deretter vart laksen sendt til Bergen for eksport. I tillegg til gardane i Holmebygda var der mange husmannsplassar. Under Øvsteholmen låg Andersplassen og Ytste og Inste Øggardsplassen. Under Stordalsholmen låg Nedsteplassen og Latøyna. Til Nedsteplassen eller Martaplassen som han også vart kalla, knyter det seg ei spesiell historie. Der budde ein av dei siste spedalske i fiordbygdene, Olave Olsdatter, fødd i 1877. Ho døydde på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen, og huset ho budde i vart brent. Ivar Holmen fortel at det var onkel hans, Jens Holmen, som gjorde det under første verdskrigen ein gong, og løa på Nedsteplassen vart nedriven. Alle bygselplassane i Holmebygda gjekk attende til hovudgarden, slik skikken var, men tuftene vises den dag i dag.

STORDAL

Dette bildet av Stordal sentrum er teke av tidlegare departementsråd Olav Hove ein gong han kom med ferja frå Dyrkorn og skulle heim på ferie. Bildet er frå før 1950.

36

I dag er mykje endra i Stordal sentrum. Nausta til venstre er borte. Lisastova midt på bildet sto fram til 1970-åra, men er nå borte. Mellom tårna på ferjeleiet ser ein det gamle handelsaget. Det er borte. Kaihuset med Stordal på er også borte. Stordal var slik som på dette bildet i lang tid, men etter at Stordalsvegen kom i 1956 og knytte bygda til riksvegnettet, kom endringane som perler på ei snor. For folket på gardane langs strendene, både i Holmebygda, på Skjortnes, Korsedal, Vidham mer, gardane på Skotet og for dyrkornbygdarane var det utan tvil Lisastova, det vesle huset med ark midt på bildet, som var det viktigaste. Det var Ole Andreas Dybdal frå fjellgarden Djupedal som bygde denne stova. Han bygde opphaveleg i to etasjar, men etter kort tid kom sørvesten og reiv den øvste etasjen. Ole Andreas hevda då at to etasjars hus ikkje kunne stå i Stordal. Han starta med handel i den sørlege enden av huset og han vart ekspeditør for dampbåten «Nordfiord». Dotter hans, den legendariske Dybdal-Lisa som ga stova namn, arbeidde som budeie og meierske på meieriet på Langsætrane. Ho fekk seg også strikkemaskin og strikka for folk rundt om i bygda. Etter at Ole Andreas slutta med butikk, starta Stordal Handelslag i same lokala. I same rommet i Lisastova hadde også distriktslege Oddmund Torgersen sine kontordagar i Stordal. Gangen var venterom, og når der var fullt så opna Lisa stova si for dei sjuke. Når folket frå strandgardane og frå Dyrkorn kom roande til Stordal for å gå til kyrkje eller dei hadde andre ærend, så var det å gå opp i Lisastova for å henge av seg oljetrøyer og andre Idesplagg det måtte ha i robåten. Preikesundagane kunne det vere fullt av klesplagg både i gangen og i stova. Før og etter preika koka Lisa kaffe og dei tilreisande fekk ete nista si. Praten gjekk, og folk fekk frette nytt og mangt eit verdsproblem vart løyst. Når Stordal vart knytt til riksvegnettet kom Lisastova på ein måte til å stå i vegen, og det vart også slutt på den rolla Lisastova hadde spelt i stordalssamfunnet. Dybdal- Lisa døydde i 1970, 87 år gamal.

37

HOLMEBYGDA

ØVSTEHOLMEN

38

NEDSTEHOLMEN

VIDHAMMER

Saman med busettinga på Skotet er nok Vidhammer den eldste av gardane på vestsida av Storfjorden. Vidhammer har truleg vore busett sidan vikingtida. Namnet tyder anten ein vid/brei hammar eller ein vidjehammar der ein kunne hente vidjekvister. Garden er den første innanfor Skotet, og nettopp fordi fjorden her gjer ein sving og fleire dalføre munnar ut, kan fjordstykket utanfor Vidhammer vere svært lunefullt.

Mange liv har gått tapt her opp gjennom hundreåra som følgje av bråe stormkast og lumske kastevindar. I små færingar er ein prisgitt maktene, og i båt måtte dei, Vidhammer-folket, både når dei skulle til kyrkje, handelsmann og skule. Det gjekk no endå an i den tida borna gjekk på skulen annankvar veke, og dei kunne bu i Stordal skule- veka, men når det vart skule kvar dag, og borna skulle fraktast i båt dagleg i all slags Vér var det sjølvslutta. Vidhammer er ein idyll, og låg midt i leia så lenge fiorden var hovudferdselsåra, men her som elles langs fiordane utgjorde desse gardane ei buform som kolliderte kraftig med dei krav som det moderne samfunnet stilte.

I 1967 var det slutt på hovudbruket på Vidhammer, og kort tid etter reiste dei også frå nabobruket, Hjellane. I staden for slitet for føda har etterkomarane på dei to gardane fått ein ferieidyll og ein kulturhistorisk skatt som dei har teke vel vare på. I folketellinga i 1801 budde det åtte menneske på Vidhammer. Det var Jacob som då i sitt 44 år var blitt enkjemann, tre born med Nils, den yngste, berre to år, ein dreng og ei tenestejente og dei to foreldra til Jacob, Knut og Kari. Den unge Nils vaks opp til å bli ein særs gåverik person. Han fekk seg ei bot eit stykke frå hovudtunet og bygde seg heim der. Dette tunet, Hjellane, står den dag i dag.

39

Nils var sjølvlært smed og klokkemakar. Han bygde alt frå små lommeur til store stoveklokker. Han las mykje, ville bli omgangsskulelærar, og det ønskjet fekk han oppfylt då Stranda-presten baud seg til å koste læretida hos prost Birkeland i Borgund. Deretter reiste han rundt på gardane og heldt skule. Seinare kom han på kant med biskopen i synet på Paulus og vart fråteken retten til å undervise. Det gjekk slik inn på han at han tok sitt eige liv, men etterslekta etter Nils sit framleis på Hjellane og held det i hevd som feriebustad. Det er ikkje mange ti-åra sidan viktigaste samferdsla til og mellom inste fjordbygdene på Sunnmøre var med ein dampbåt, som kom inn fjorden annankvar dag, og som fér utatt den neste. Folk flest var nøgde med tilværet. Dei sa at dei hadde det godt. Måtte berre Vår Herre gi dei helse, så stod det ikkje noko på.

40

På gardane trongst det mykje arbeidshjelp. Dei får til setra med husdyra, dei dreiv med utmarkslått. Og mange måtte leige både slåttekar og seterjente. Flyttedag vart såleis sett fram til med stor spaning både av husbondsfolk og tenarar - kan hende aller mest av ein og annan av unggutane. Han var komen oppi den alder no, trudde han, at han måtte sjå seg kring etter eit menneske - etter ei som kunne verte kona hans. Og det vart så rart stundom, særleg om våren når lia tok til å lauvast, når fuglane song - og når det kom nye og vakre tenestejenter. Det var den 14. april. Rutebåten var komen innom Skotshalsen. Tre unge jenter stod på dekket. Ei kone frå Stordal, som var saman med dei, vende seg til Margrete. «Du», sa ho, «der bort om fjorden ligg ein einbølt strandgard, Vidhammar. Eg synest du ser så passande ut til å bli ungekone der» . Margrete hivde med nakken og bles ein retteleg lang «sus». «Slikt kan du få deg til å seie ! Å-nei, det vert nok det siste som kjem til å hende her på jorda !» Dei tre kom til kvar sin gard i Stordal som tenestjenter. Margrete hadde fest seg for eit år. Ho hadde fått ein god plass. Men desse fjella over Stordalen - dei var fæle, tykte ho. Det var mest så ho ikkje fekk puste. Og det kunne vere at ho lengta heimatt til Harøy, til stranda der havbåra skvalar mellom steinane. Og så kom den 17. mai. Det vart ein minnerik dag for Margrete. Særs gildt tykte ho det var å sjå så mange ungdomar, jenter og gutar. Dei gjekk i tog saman med born og eldre, og med flott janitsjarmusikk i spissen. Det var høg stemning i time etter time. Med eitt såg Margrete ein gut frå den stunda var det berre han ho såg. Og så rart som det kunne vere. Han kom og helsa på ho midt på lyse dagen. Det gjekk noko tregt med praten i første stunda. Det var liksom så vanskeleg å finne rette orda. Ho hadde aldri vore ute for noko slikt før. Det vart betre litt etter kvart. Og så fekk ho høyre at guten heitte Knut. Knut, song det inni ho ein stad. Vakkert namn. Det neste kom: Han Knut var frå strandgarden Vidhammar. Det vart sommar og haust og vinter . . . Og før tenesta hennar Margrete var slutt, var ho og Knut trulova. Margrete ville flytte til Vidhammar for å bli ungekone der. Vi går 34 år fram i tida. Vidhammar er øydegard. Knut og Margrete har saman med sonen, Ole Johan og kona hans, Sigrid, bygt bustadhus i Stordal, Elvatun. Det er der dei no bur. Vi går inn for å få ein prat. Ja, Margrete, så bar det til Vidhammar med deg likevel. Ja, slik gjekk det. Har du noko å fortelje frå strandgarden? Margrete stirer rett fram - tek seg litt tid. Då eg flytte til Vidhammar, det var i 1939, var vi fire generasjonar der. Oldemor hans Knut, Marte, budde i eine enden av huset, saman med dottera Petrine. I andre enden av huset var besteforeldra, Nils og Lovise. Far hans Knut, Ole Johan, var død, sameleis mora, Inga. Men andrekona, Laura, levde. Og ho saman med oss ungefolka hadde storestova attåt andre rom. Både Knut og eg har kalla ho Laura, mor heile tida. Når ei ungekone kjem til gards, kan det bli vanskeleg på ymse vis, har vi høyrt. Det er nye og uvante skikkar ein må leve seg inni. Kanskje skal ein omgåast ei myndig gamlekone? Eg hadde i alle fall ikkje noko problem i så måte, seier Margrete. Du kan ha rett i det at ein møter nye og uvante skikkar. Og eitt og anna som du hadde kjært heime - det er ikkje meir . . . Men alt slikt kan ein overvinne - så sant ein eig vilje til det. Margrete tenkjer seg om ei lita stund. Og ho held fram: Eg kom frå ei lita tettgrend.

Når vi der, til kvardags gjekk husimellom, var det ingen som fann på at ein måtte gå inn for a få mat og kaffi. På Vidhammar var det onnorleis. Kom der eit menneske, eitt eller fleire, same kven dei var og kvar dei kom ifrå, dei skulle inn i storestova for å få mat og kaffi. Det skulle vere gjestebod. Av det beste som fanst i huset skulle på bordet. Det var ho mor som stod for dette. Ho måtte sjå det på meg at eg tykte at skikken var rar. Og ein dag tok ho til å snakke med meg slik: «Eg skal seie deg, Margrete, det har vore slik her på Vidhammar. På ein måte så trur eg det har vore slik på andre fjell- og strandgardar og - så langt utetter som eg veit om. Det kan vel kome mykje av at folk som bur i einsemd, kjenner at det gjer godt å få sjå andre menneske - få snakke med dei. Ein vil gjerne vere god, gjere stunda triveleg. Attåt trengst det å få mat og drikke når ein har fare lang og tung veg, ofte på både sjø og land. «Margrete», sa ho, «du skal ikkje gjere noko unntak du skal halde fram med skikken. Og du skal ikkje tape noko på det». Ja, eg tok det alvorleg. Eg har prøvd så godt eg kunne. Når det galdt ho mor, var det likevel ein gong ho heldt på å gå frå si eiga formaning.

Det var litle-julekvelden 1944. Det var eit makelaust finever, mildt, og tøya mark til langt opp mot fjella. Karane hadde reist inn til Stordal for å handle. Vi kvinnfolka dreiv hardt på med å legge siste hand på julestellet. Ho mor stod ute i tunet. Med eitt såg ho ein kar kome ned setervegen. Ja, så utruleg det enn var - i denne årstida - ein tjukk og svær kar. Hestehandlar, får det som lyn i hausen på ho. Dei hadde no og då drive med litt hesteoppal på Vidhammar. Slike karar hadde ho sett før. Og no var det plent som det får ein viss harme i ho. Merkeleg med somme folk. Får dei denne «hestehandlarsykja», så er det som dei ikkje agar korkje helg eller høgtid! Kome her i ein litle-julekveld! Nei, ho kjende ikkje «fnugg» av lyst på å be han inn for å gi han mat. Derimot hadde ho lyst på å seie som så: Det er best du kjem deg herifrå så fort du kan, - endå ho ikkje kunne skjøne kor det skulle gå til . . . Du har vel «ditt folk» du og, som du må kome heimatt til i jula. Mor gav seg til å stå der ho stod. Det var vel best kanskje å ta imot framandkaren under berr himmel. Han kom heilt ned. Mor tagde med alt som ho hadde tenkt. I staden sa ho: «Dei er ikkje heime karane våre i dag.» «Å-nei, dei er vel ikkje det.» Og han la attåt, som dette skulle vere den mest naturlege ting: «Eg kan vere her til i morgon» . . . Då snudde ho beint frå han og gjekk. Om ei stund kom våre heim att. Framandkaren helsa og presenterte seg: Olav Oksvik, sa han.

41

Det er eit gamalt og godt ordtak som seier: Vert du harm, eller det er så gale at du vert sint, skal du telje til 100 før du går til handling! Den som no kjende seg lukkeleg fordi ho ikkje hadde sagt noko gale, var ho mor. Og så vart det gjestebod. Andre-juledag skyssa karane Oksvik inn til Stordal. I februar 1945 kom han att. Og han vart då på Vidhammar i fem veker. Eg vart snart kjend med den daglege rytmen, seier Margrete. Eg gjekk på setra og ysta. Kunsten å yste lærte eg i 1938. Eg setra saman med Laura Vidhammar, syster hans Knut. Det var på Hespeberget i Ramstaddal. Vi hadde kring 100 geiter å ta hand om. Både på Vidhammar og på Vidhammar-setra har det vore ysta langt attgjennom tidene. Bestemor hans Knut fortalde at ho i si tid ikkje berre ysta, men ho reiste til byen for å selje osten. Ho fylgde rutebåten. Osten hadde ho i eit skrin. Ho bar skrinet på ryggen og gjekk frå hus til hus og som oftast med ei heil «horg» smågutar etter seg. Ho måtte visst vere mykje rar å sjå på for smågutane. Så snart jentene våre vart store nok, tok dei over på setra. Det vart på mange måtar lettare for oss. Vi fekk seks born, tre gutar og tre jenter. Vi flytte til Elvatun i 1968. Kvar sommar i dei første åra etterpå har Knut og eg reist ut att for å slå. Høyet har vi selt. I 29 av mine sterkaste og lukkelegaste år har eg budd der ute, seier Margrete Vidhammar. Vi flytte inn i eit nytt og godt hus i Stordal, inn i eit som er bygt etter vår tids standard og som står i ei tettgrend. Det har hendt når Knut i eitt eller anna ærend for ut att til Vidhammar, og det høvde slik at eg ikkje kunne fylgje. Eg stod og såg etter han og kjende at det var mange kjære ting som drog på meg dit ut att. Det var nær på eg kunne gråte. No finn vi dei her, Knut og Margrete. Triveleg har dei det, så fint, så fint. Langsamt kan det heller ikkje vere. Her tumlar kring dei ein heil flokk mest jamsmå barneborn, fire kan vi i farten telje. Kva så med Vidhammar, Knut ? Ja, det er ein strandgard, ein gamal gard. Innmarka er for det meste noko brattlendt. Det er god køyreveg ( vognveg ) opp til gards. Dei to siste hundreåra har det også vore ein plass på Vidhammar, Jelleplassen. Til grannegrenda vår i vest, Skotet, seier Knut Vidhammar, kan ein gå fjell-vegs på rundt 1.5 time. Der har vore tre bruk. Frå Ytste-Skotet flytte folka i 1954: Karoline ( enkje ), sonen Olav og dottera Jenny. Frå same året tok vi til å slå der oppe. Vi heldt fram med dette i 11 år. Høyet hadde vi først inni løa. Seinare tok vi det på taubane ned til sjøen og vidare i båt til Vidhammar. Først slo vi alt på heimebøen og hesja. Deretter for vi til Ytste-Skotet. Ein av karane leidde hesten, han gjekk laus og ledig. Hestesele, vogn og elles alt som trongst, kunne vi bruke av slikt som høyrde til på garden. Dei andre av folka våre får sjøvegen. Proviant vart heist opp på taubane. Det kunne hende at vi får med hesten over fjella både to og tre gonger kvar sommar før vi fekk i hus alt høyet på desse to gardane. Olav Skotte, som hadde drive garden saman med mor si, og som hadde flytt til Ørskog, hadde som oftast ferie i den tida vi slo der oppe. Og så kom han for å hjelpe. Men betaling fekk vi han aldri til å ta imot! «Det er meir enn nok betaling», sa han, «når eg får sjå at desse markene vert slegne og raka - desse markene som eg har trakka over frå mine barndoms år.» For oss på Vidhammar, som for mange andre av dei som budde på strand - og fjellgardar, var vanskane med skuleborna først og fremst det avgjerande om å vere eller ikkje vere på garden. I 25 år har eg kryssa fjorden Vidhammar - Stordal som skule-skyssmann, seier Knut Vidhammar. Først i sju år for yngste syster mi og deretter for våre eigne born. Etter at ein tok til med dagskule, altså ingen fritur, hadde vi ikkje noko val. Antan måtte borna vere borte i heile skuleåret, eller ein måtte skysse dei både fram og attende kvar dag. I nokre år tok eg med også borna frå Skjortnes. Turen kvar veg tok ein og ein halv time. Altså det var å reise i motorbåten tre timar kvar dag ! Det finst ingen av våre born som vil halde fram med dette. Her sluttar Knut. Og vi takkar for praten. Det er ein lys vårdag. Saman med Knut Vidhammar og dei tre sønene hans legg vi frå land i Stordal med kurs for Vidhammar. Laksenota skal ut. Det er ymse ting ein må ordne på før fiskja tek til. Like ved båtstøa på Vihammar har Knut bygt eit tipp topp moderne sagbruk. Svære tømmerstokkar, som er komne ned frå fjell-marka, ligg ferdige til å drage inn. Her har Knut mellom anna saga all materialen til det store og vakre huset Elvatun. Røyrevegen oppover er noko lenger enn han ser ut til å vere frå sjøen. Han går i fleire og makelege svingar. Og så kjem vi til tuns . . . Stovehuset ( bygt i 1890 ) er stort og velstelt både ute og inne. Ein må legge merke til dei mange soveroma her er fint oppreidde senger til meir enn 20 menneske! Og i den romslege storestova er det lyst og triveleg. Attom stovehuset står ei lita, mørk ( sol- brend ) tømmerstove. Ho må vere fælt gamal. Vi lettar på kroken til kufjøset. Tylfta full av bås-rom for storfe fortel tydeleg om ei drift som ein gong har vore her. Og mens vi såleis ruslar frå det eine til det andre, mens ein lett vår-bris stryk over vidda, leikar i grønt lauv, sviv framom knaus og koll og høge hamrar - veks det grønt ut over Vidhammarsbøen. Men kva er det, det som veks? Her som på tusental andre øydegardar når menneskja har gitt opp å dyrke jorda: Det er ugras som veks. Og frå slike grøne ugrasvidder kan ein liksom høyre ein sår tone: Det er ein ur-gamal norsk bondekultur som held på å døy……

42

Limurshola

Det er berre lokalkjende folk som i dag veit kvar Limurshola er. Ikkje står ho avmerkt på kart heller, men for 200 år sidan var det annleis. Då var Limurshola den store attraksjonen i fjorden, og difor har ho ein naturleg plass i dei eldste norske geografibøkene. Limurshola ligg ca. 40 meter over fjorden eit stykke utanfor garden Vidhammar. Namnet skriv seg frå Limura, ura nedanfor hola, og «lim» er det gammalnorske ordet for kalkstein. Limurshola er såleis ei kalksteinshole. Ho er 55 meter lang og det særmerkte er at veggane i hola er av kvit marmor og golvet er av gneis. Under dette golvet er det ei mindre marmorgrotte, slik at Limurshola på ein måte er i to etasjar. Det renn ei lita elv gjennom hola og det er vatnet som har stått for utgravinga av hola. Elva gjennom fiellet har kjelda si i ei lita tjørn oppe på fiellet, og også her går den gamle segna som er vanleg for slike holer, nemleg at ein hund ein gong gjekk gjennom heile hola og kom ut att oppe på fjellet, men då var hunden hårlaus.

Kjendisstatusen oppnådde Limurshola på 1700-talet gjennom Hans Høierverdighet, biskop Erik Pontoppidan den yngre. Han var biskop i Bjørgvin, kjent vitskapsmann og forfattar av ei katekismeforklaring som skuleelevar måtte pugge eit par hundre år etterpå. Under ei gjesting på Ørskog prestegard i 1740-åra fekk Pontoppidan høyre om Limurshola, og sidan naturvitskap og naturfenomen var på rnoten blant geistlege på den tida, vart Pontoppidan i fyr og flamme. Han skulle på visitas til Norddal og då gjekk han i land nedanfor hola. Utstyrt med handlykt og lang line kravla prelaten og følgjet hans seg opp gjennom ura for å studere dette naturfenomenet. I boka si «Forsøg til Norges naturlige Historie» som kom ut i 1752/53, fekk Limurshola brei plass. Han skriv at «indenfor en smal aapning finder man ligesom en hvælvet Løngang av lutter Marmor», og han framhevar at dersom eit slikt byggverk med lysegrøn marmor med blåaktige årar i skulle ha vore gjort av menneskehand, så ville det ha blitt kostbart. Om vi ser bort frå «reiseskildringane» i Snorre er nok difor Limurshola den første attraksjonen inne i desse fjordane som er omtalt i ei norsk geografibok.

Ti år seinare kom Hans Strøm med «Søndmøres Beskrivelse», men sidan Pontoppidan hadde skrive så utførleg om Limurshola, ville ikkje Strøm bruke så mykje plass på henne. Han fann heller ingen grunn til å ta turen opp for å sjå hola, og på det han skriv verkar det nesten som om han er litt snurt fordi Pontoppidan hadde snytt han for denne «godbiten». Seinare, på 1800-talet, gjesta både ein av grunnleggjarane av Bergens Museum, biskop Neu- mann, og grunnleggjaren av Norges Geologiske Under søkelser, Hans H. Reusch, Limurshola, og skreiv om henne. I nyare tid har denne hola på ein måte gått i gløymeboka. Det har vakse tett skog rundt opninga, og ho er ikkje så lett å finne. Likevel høyrer både Limurshola og ei klebersteinshole i sjøkanten innanfor Ospahjellen, som m.a. Hans Strøm omtalar, med blant dei verneverdige kulturminna langs fjorden, og det er eit spørsmål om ikkje Limurshola på nytt kan bli ein attraksjon?

Hjellane ( Jelle – Plassen )

Hjellane er eit småbruk som frå gamalt av har vore ein del av hovudbruket Vidhammer i Stordal kommune. Heile garden låg under Stranda kyrkje, og i 1892 fekk Torstein Toresen Vidhammer løyst ut og kjøpt bruket Hjellane.

43

Etter han heitte denne buplassen for Torsteinplassen, men innmarka var så bratt at Torstein og seinare brukarar har vore nøydde til å mure opp terrassar eller hjellar som dei sa, for å få åkerjorda til å ligge. Dermed er garden blitt heitande Hjellane eller Jelle-plassen, som Sakarias Ansok skriv. Ein av dei første som budde her var den gåverike sonen frå hovudbruket på Vidhammer, Nils Jakobsen Vidhammer ( 1799 – 1871 ). Han hadde vore eitt år i lære hos presten både på Stranda og i Borgund, og var dermed kvalifisert som omgangsskulelærar. Han hadde ti års pliktteneste, men slapp til gjengjeld militærteneste. To av brørne hans unngjekk også militærtenesta ved å ta seg teneste som postroarar mellom Stranda og Amdam. Det var om Nils Jakobsen Vidhammer at biskop Claus Pavel sa at han var «måske den bedste bondekateket» han hadde høyrt. Pavel var på visitasferd til Stranda i 1820. Då var Niels 21 år og midt inne i lærargjerninga si. Han var også lyrikar og ga ut ei særmerkt bok; «Det syngende Fadervor», trykt på Egset i Volda i 1849. I tillegg til det boklege var han klokkemakar og ikkje minst var han smed. Han smidde mellom anna dei finaste låsar, og var vidkjend for det arbeidet. Niels og kona hadde fire born og etter at han slutta som lærar var det smedyrket og litt fiskeri om vintrane som skaffa det daglege brød. Den neste brukaren, Torstein Thoresen Rødal, vart i 1871 gift med Ane Petrine Vidhammer. Ho kom frå nabobruket. Han kom frå Korsedal, der han tente, og dei to naboungdomane vart glade i kvarandre, og Ane Petrine vart med barn. Dermed var det ikkje lenger plass for henne på Vidhammer. Dei måtte busette seg i den vesle stova på andre sida av elva. Torstein bygde mykje på bustadhuset ( 1890 ) og bygde løa som i dag står på Hjellane. Torstein og Ane braut opp jord og bygde ut bruket slik at det kunne fø 2-3 kyr og nokre sauer. Julekvelden i 1902 var Torstein ute i marka for å gjere revesaksene sine fangstfrie for julehelga. Han kom ikkje heim att, og 1. juledag fann dei han død under ein hammar. Han hadde fått ein stein i hovudet. Dottera deira, Thea Maria, gifte seg med Peter Martinus Melset frå Ramstaddalen. Dei fekk ni born. Ein av sønene, Tore Joakim Severin, fall i elva som går mellom Vidhammer og Hjellane og drukna, berre fire år gammal. Det skjedde i 1892. I slutten av februar i 1910 var Peter Martinus i arbeid med famnved ute i skogen. Det er eit bratt og farleg terreng rundt Vidhammer, og under arbeidet hadde Peter Martinus mist fotfestet på eit slett svaberg og ramla utfor ein hammar og slege i hel. Det var sonen Tore ( 1893-1982 ) som fann han. 17 år gammal vart han brått den eldste av fire sysken som då var heime, og det vart eit hard slit både for han og for mora inntil han sjølv kunne ta over som brukar på Hjellane i 1920. I 1968 flytte folka frå Jelle-plassen, 77-årige Tore, kona hans, Marie og sonen, Einar Torstein. Dei flytte til eit nytt hus som dei har bygt i Stordal. Marie døydde i 1970. Vi gjer innsteg hos Tore Vidhammar og spør om han vil nemne eitt og anna av slikt som han hadde høyrt og opplevt. Han tek til slik: Ein veit at det budde folk på plassen i 1790. Den første var ein skulemeister, Nils Jakob Vidhammar ( ein slektning av bestemor ). Plassen var urudd. Deretter kom bestefar, Torstein Toreson, fødd Rødal, Tafjord. Han var gift med Ane Petrine Knutsdotter Vidhammar.

I den tida var det Stranda kyrkje som åtte både hovudbruket og plassen på Vidhammar. Bestefar bygde nytt sto- vehus og ny løe. All materialen saga han med handsag. Han rudde opp plassen, der det kunne fårast to - tre kyr og kring 20 smalar. Torstein og Ane Petrine fekk to jenter. Den eldste, Thea, vart gift med Peter Martinus Olsson, fødd Melset, Ramstaddal. Desse, som altså var foreldra mine, tok over etter bestefar. Etter å ha vore brukar i nokre år kjøpte far plassen, i 1892. Prisen var 1200 kroner. Om liv og lagnad i den jamne kvardagen er det ikkje mykje å fortelje, seier Tore Vidhammar. Dei sleit hardt, slik som andre småkårsfolk. Dei var nøgde med tilværet. Dei takka for det dei hadde fått. Men så kom den eine ulukka etter den andre.

I 1892 hadde dei ein son, Tore. Han var i 4-5 års-alderen. Ein dag kom han på at han ville gå ned til grannetunet og måtte over ei bru. Han hadde falle ut i elva. Dei fann han att under ein foss noko lenger nede, død. Det var julekvelden 1902. Bestefar hadde slenter-glefser ute i fjell-marka. Men julekvelden ville han at også dyra skulle få leve i fred. Han gjekk for å gjere glefsene fangstfrie. Bestefar kom ikkje heimatt. Det vart kveld, mørkt - og eit uver så ingen kunne leite etter han. Først juledagsmorgonen, etter at det hadde teke til å lysne, kunne karane gå ut. Dei fann bestefar - død. Han var råka av ein stein i hovudet. 28. februar 1910. Eg var 17 år, fortel Tore Vidhammar. Eg rodde inn til Stordal med syster mi, Anna. Ho skulle møte til konfirmasjonsførebuing hos presten. Presten heitte Ringdal, Han vart ei tid rodd i færing mellom Stranda og Stordal ( som altså var eitt og same prestegjeld ). Seinare vart det kjøpt ein trerøring. Fast skysskar var Sivert Jelle, Stranda ( Skaffar-Sivert ). Etter han tok sonen, Petter, over. Ringdal var ein svært skynsam og i alle måtar gild mann. Han la opp lese- timane slik at borna kunne rekke å kome heim mens det var dag. Dette galdt ikkje berre dei som måtte ut sjø- vegs, men også dei som måtte gå langt til dals, og dei som måtte gå over Stavsengfjellet til Liabygda. Ja, så var det denne dagen som eg har nemnt. Anna og eg rodde heim att til Vidhammar. Etter at vi hadde fått mat, bytte eg på meg gamlekleda. Eg ville gå ut i marka for å hjelpe far. Han arbeidde med famnved. Ikkje ein einaste arbeidstime var det snakk om å gå tapt av i dei dagane. Men eg fann ikkje far. Eg høyrde han ikkje. Eg vart meir og meir ottesam for at det kunne ha hendt han noko gale. Eg leitte… Og så fann eg far død, under ein hammar. Han hadde mist fotefestet på eit slett sva-berg. Eg vil seie at der eg då stod, opplevde eg den tyngste stunda i mitt liv.

44

Eg var, som før nemnt, 17 år, seier Tore Vidhammar, den eldste av fire sysken som då var heime. I alt hadde vi vore ni sysken, tre var døde, to hadde flytt ut. Det var svært vanskeleg for oss. Vi gjorde det vi kunne. Og det vart betre litt etter kvart. Vi vart sparde for fleire ulukker.

I 1918 vart eg gift. Kona mi kom frå Erik-garden på Mo i Stordal. Eg tok over som brukar på Jelle-plassen i 1920. Første motorbåten eg rådde meg til med var i 1928 ( stort framsteg ). Vi fekk også elektrisk kraft, det var i 1958. Tore kan ikkje berre gi seg til å snakke med folk. Om ei stund kjem guten. Det er Tore som står for å ha mat ferdig. Den kunsten kan han. På kjøkenet har han alt som høyrer til, i den beste orden. Så snart det vert vår og sommar og haust - kvar ei fristund, fer desse to karane ut att til Vidhammar. Vidhammar er ein grorsam gard. Han ligg solvendt like ved sjøen. Og her vert framleis både sått og hausta. For Tore er likevel ikkje det å så og hauste på Jelle-plassen det viktigste no, men at han kan få trø på same jorda, på same steinane, få puste i frisk luft, få sjå sola renne i ein gry-tidleg morgon, få stige over same dørstokkane. Ja, at han kan få leve opp att det eine og det andre slik som han har gjort det i meir enn 70 år.

STAVNES

Garden Stavnes ligg omlag midtvegs mellom Stordal og Dyrkorn. Garden ligg ovanfor den gamle Stordalsvegen, og i dag går den nye vegen i tunnel djupt under og bak denne fråflytta fiordgarden. På moderne kart har garden fått namnet Stamnes.

Garden vart fräflytta som bustad i 1934, men jorda vart nytta i mange tiår etterpå. På bildet er det kome storfolk til gards, og det har vel ikkje tidlegare vore samla så mange på Stavnes som det var 6. september 1954. Då var mange av vegtoppane i landet samla, med samferdselsminister Jakob Pettersen og det nasjonale samferdselsrådet i spissen. Dei skulle sjå på den store utsprenginga av den nye Stordalsvegen. 5-6 tonn med dynamitt var plassert på strekninga nedanfor og innanfor Stavnes, fordel på seks ladningar innover langs fjellsida.

45

På Stavnes som ligg høgt oppe i lia, hadde dei panoramautsikt. Sprenginga var vellykka, bortsett frå at den eine salven ildcje gjekk av. Heilt til høgre på bildet står Finn Ottersen, seinare kjent lokal fotograf for NRK-Fjernsynet. Her var det nok for Filmavisen han fotograferte. Det gamle Stavnes-tunet låg truleg i gamal tid nede ved sjøen, i Stavnesbugen, men er blitt flytta lenger opp i fjellsida fordi der ikkje var like grøderikt nede ved sjøen og også fordi der var utrygt for ras. I staden vart det gamle tunet ein bygselplass. Peder Jøsvold fortel om at gamletunet nede ved sjøen vart råka av eit steinras andre pinsedag i 1875.

Ute på Dyrkorn høyrde dei han Stavnes-Ola hauke den morgonen, og haukinga ville ikkje gi seg. Ole var då brukaren oppe på Stavneset, og det var tydeleg at han hadde bruk for hjelp. Frå Dyrkorn la dei i veg innover for å sjå kva det var, og dei såg fort at det var nede ved sjøen ulukka hadde skjedd. Eit ras hadde knust det meste av husa i Stavnesbugen. Bustadhuset og løa med fiøs under var bygt i eitt. I restane av stova låg ei kvinne og ei ung jente. I fiøs-ruinane låg ei kvinne og ei lita jente. Merkeleg nok var korkje kvinnene eller borna skadde, men geita og grisen på garden vart funne daude og kua vart sopt på sjøen og var så skadd at ho måtte slaktast. Ein stein av storleik som eit hestelass hadde kome gjennom stovetaket, og i mange år etterpå kunne ein sjå denne steinen ligge midt i hustufta. Det vart aldri meir bygd hus i Stavnesbugen, men oppe på Stavnes var det meir grøderikt. Der vart det til og med dyrka kveite i krigsåra, og der var gode vilkår for ein eplehage, og som vi ser på bildet så hadde epletrea på Stavneset vakse seg store i 1954. I tillegg til bygselplassen Stavnesbugen var det også ein bygselplass, Legene, ovanfor Stavnes-tunet.

SKOTET

Dette flyfotoet av Me-Skotet og Ytste-Skotet -U tok Bjarne Skarbøvik sommaren 1954. Det året flytta dei både frå Ytste-Skotet og frå Inste-Skotet. Berre på Me-Skotet vart dei verande.

46

Først i 1981 flytte Hjalmar og Svanhild Skotte og sonen Idar over fjorden til Dyrkorn. Me-Skotet er den næraste garden på bildet. Førsteslåtten er unnagjort og graset er kome i hesjane. Her som på dei fleste gardane før i tida hadde dei namn på jordstykka. Dei lyse flatene nedanfor husa heiter Storhaugen, Mehaugen og Nedstehaugen.

47

I tillegg hadde Me-Skotet fine attlege både i retning Ytste-Skotet og det vart sjølvsagt slått også i utmarka. Inste- Skotet ligg utanfor nedste venstre bildehjørne. Avstanden mellom gardane er rundt 400 meter og det går ein gras- grodd køyreveg mellom dei tre tuna. I bakkant ligg Ytste-Skotet, garden som like etter at dette bildet vart teke, vart fråflytta. Etter at Karoline Skottet og borna Jenny og Olav flytte til Ørskog, slo Knut Vidhammer garden, og det er nok hans hesjar vi ser på bildet. Vidhammer sto for slåtten på Ytste-Skotet fram til og med 1965, då Idar Skotte tok over. Han slo også på Inste-Skotet etter at dei flytta derifrå i 1954.

På bildet ser ein mange hus på Ytste-Skotet. Det tømra stovehuset ligg til venstre for løa. I bakkant ser ein tre hus - dei to lengst til venstre er revegardar og det lengst til høgre er vinsjehuset for taubane. Alle tre gardane på Skotet dreiv med sølvrevoppdrett i mellomkrigstida. Her som på mange andre gardar på Sunnmøre var dette tenkt som ei attåtnæring. Problemet for gardane på Skotet var at sølvreven hadde så stort förbehov, i hovudsak sild, og det vart eit slit å frakte silda frå sjøen og opp til revegardane. Sildetønnene måtte berast frå enden på taubana og opp til revegardane. På Ytste-Skotet var dei i så måte heldig, for taubana gjekk nesten heilt opp til revegardane. Dei dreiv derfor mest med sølvrev og dei dreiv lengst, men under krigen, i 1943, ga dei opp. Medverkande var det nok også at marknaden for skinna svikta. Huset nedanfor løa på Ytste-Skotet er smia. Dei andre husa på garden viser ikkje, men bortsett frå revegardane er dei alle nå restaurert. Det nedste jordstykket med alle hesjane på, ned på nesa, som dei kallar området på Ytste-Skotet, var den største kornåkeren i Stordal kommune, og Ytste-Skotet var den største korngarden. Det var bygg og havre dei dyrka, men i krigsåra prøvde dei seg også på kveite. 1 1989 vart garden gitt til Storfiordens Venner, og nå er det Stiftinga Ytste-Skotet som driv garden som museum og opplevingssenter.

Skothalsen

I gamal tid var nok Skothalsen ein ideell buplass, og det er vel nokså sannsynleg at der har vore busetnad langt attende i tida. Mens dei andre gardane på Skotet ligg rundt 300 meter over fiorden, så ligg Skothalsen berre 75 meter over fjorden. Garden ligg også ute på neset, på «halsen» av Skotet, og har full kontroll med all ferdsel på fjorden. Oppe på det platået som Skothalsen ligg er der flatt og fint, og jordvidda var stor nok til ein liten åker og litt eng. Elles var det utmarksslått som var förgrunnlaget. Skothalsen var nok det ein kan kalle eit marginalbruk, all den stund at det berre var såvidt at garden kunne brødfø ein stor familie. Dei berga seg nok gjennom fiske i fjorden og jakt på fjellet. Fram til 1890-åra heitte brukaren på Skothalsen Lars Skottet. Han skøytte på inntekta frå garden med å vere skreddar. Marknaden var vel ikkje så stor på gardane på Skotet, men han låg lageleg til for alle som brukte båt, og det gjorde mange i dei dagar. Lars Skottet skal ha vore ein av dei første i Stordal som fekk seg symaskin. Han må nok likevel ha kome i tankar om at Skothalsen ikkje var den ideelle plassen for ein skreddarverkstad. I 1890-åra inngjekk han eit makebyte med Johan Gregoriussen Korsedal som eigde den vesle plassebota Fauskekamb på Fauske i Sykkyl- ven. Dei bytte rett og slett gardar. I dag er begge gardane fråflytte.

Johan Korsedal var i midten av 50-åra då han tok over på Skothalsen. Han var 23 år eldre enn kona si, Lovise, som kom frå Høgres i . Sjølv ætta han frå Korsedal. Den store aldersskilnaden kom av at Johan hadde vore gift tidlegare, men kona døydde etter sju år. Dei var barnlause. Til gjengjeld skulle det bli 11 barn med Lovise. Johan Korsedal var sersjant, ein stor og røsleg kar, og han gjorde mellom anna teneste i Kongens garde i Stockholm. Som militær var han mykje borte om somrane. Det var såleis Lovise som dreiv mykje av garden, men Johan var også flink å arbeide, og ennå står dei mange og fine forstøtningsmurane han bygde på Skothal- sen. «Halse-Johan» vart han kalla. Etter at han vart for gammal for militærlivet, dreiv han nokre år med lakse- not. Det kom vel med på ein gard der dei skulle leve av to kyr, ein kalv og 20 geiter.

Til kvinne å vere var Lovise svært sterk. Ho bar mjølsekkane frå sjøen og opp til huset. «Eg tenkjer ho Lovise tar han», brukte Johan å seie når det var snakk om tunge tak. Etter at Johan døydde i 1919 innsåg nok Lovise at tida på Skothalsen snart var forbi. Ho ville reise etter to av dei eldre borna til Amerika. 1 1926 selde ho Skothalsen til Johan Vinje, Tore Vidhammer og Joakim Skotte. Dei ga 600 kroner kvar, og dei skulle bruke garden på samsen. Dei dreiv i lag og delte avlinga på tre. Høyet frakta dei ned til sjøen med løypestreng og rodde det så kvar til sitt. I 1928 reiste Lovise til Amerika saman med to av døtrene sine. Huset på Skothalsen i dag ( bildet ) er ikkje det opphavelege huset. Det var eit større hus som vart rive av dei tre eigarane som tok over etter Lovise. Dagens hus er flytta frå ein annan stad og sett opp på Skothalsen. Løa derimot, er frå gamletida.

48

Inste-Skotet

Dette bildet tok Magne Flem på gardstunet på Inste-Skotet sommaren 1941.

På dørhella står Marte Nikoline Severine Skotte. Ho kom frå Melset i Ramstaddalen, og vart gift med Gunder Elias Skotte. Nærast henne er dottera Karoline Inga Petrine Skotte. Ho dreiv garden saman med mannen sin, Joakim Ytreberg frå Skodje. Då han gifte seg med Karoline i 1909 tok han gardsnamnet, slik brukvisen var tidleg i dette hundreåret. Kvinna med «brengetreet» og mjølkespanna er dotter til Karoline og Joakim, Ragna. Ho gifte seg og vart buande i Sykkylven med slektsnamnet Sjong. Det er borna hennar, Bjørg og Jan, som er med på bildet. Ragna miste mannen sin og dei to borna miste far sin i krigen.

Også til denne fredelege idyllen høgt over Storfjorden kom det sørgebod frå slagmarka. Jan er her fem år. Då han vart vaksen, busette han seg i Seattle i USA og har drive det godt som fiskar. Seglbåten han har i handa, fekk han i gåve av Petter Korsedal. Bjørg vart jordmor og har m.a. vore distriktsjordmor i Sykkylven. Karoline og Joakim Skotte var dei siste som budde fast på Inste-Skotet.

I 1954 flytta dei til Sykkylven. Same året flytta Olav og Karoline frå Ytste-Skotet, mens Hjalmar og Svanhild Skotte på Megarden heldt det gåande heilt til 1981. Dei vart siste huslyden på Indre Sunnmøre som flytta frå ein veglaus strandgard.

Skotet er ein svært gamal gard, nemnt m.a. både i Flateyarbok og i Snorre, men det er uklart om her har vore samanhengande busetnad heile tida. Inste-Skotet har felles veg til sjøen saman med Megarden, og det er ein særs vanskeleg veg. I 1908 vart dei vanskelegaste kneikane oppmura med troppetrinn. Til dette arbeidet ga Stordal kommune eit tilskot på 200 kroner. Det gjekk ikkje mange åra før ei steinsvor kom og øydela eit parti av vegen. Særleg på ein plass der det var glatte berget, var det livsfarleg å gå vinterstid. Her vart det sett opp eit rekkverk, og Stordal kommune ga den nette sum av 50 kroner. Sjølv med pengeverdien den tida er det vanskeleg å seie at desse strandgardane la seg tungt nedover kommunekassa. Då Skothalsen vart fråflytta og huslyden der reiste til Amerika i 1926, var Karoline og Joakim på Inste-Skotet med på å kjøpe Skothalsen saman med Johan Vinje og Tore Vidhammar. Eigarane tok slåtten der som samslått og delte høyet på tre. Folket på Inste-Skotet frakta høyet oppover frå 75 meter over havet ( Skothalsen ) til 300 meter ( Inste-Skotet ), mens dei to andre eigarane frakta høyet ned til fiorden. Karoline og Joakim hadde bygt seg dobbel taubane, slik at dei sende stein ned på eine strengen og høy opp. Det var ingen fare for at dei skulle sleppe opp for stein. Gardane på Skotet ligg slik til at folket når dei skulle til gudsteneste om sundagane kunne velje mellom fleire kyrkjer. Vanlegvis rodde dei til Stor- dal, men sommars dag kunne dei også reise til Ørskog. Då rodde dei over til Amdam og gjekk til kyrkja. Nokre sundagar kunne dei også ro til Søvika og gå til kyrkje i Sykkylven. Slik kunne dei variere den åndelege føda alt etter vérlag, huglag og kva prest dei likte best.

49

Me-Skotet

Megarden på Skotet var den siste av dei veglause fjord- og strandgardane som vart fråflytta. Det skjedde i 1981, då Hjalmar og Svanhild Skotte og sonen Idar flytte over fjorden til Dyrkorn. Då tok Hjalmar og Svanhild til å bli skrale, og Ivar såg seg ikkje syn med eit liv på fjellhylla åleine. Då dei flytte hadde dei budd åleine på Skotet i 27 år. I sju av desse åra budde også Ivar Johan, far til Hjalmar, på garden. Han døydde i 1961. Megarden er den yngste av Skotet-gardane, og det var Ivar Johan og seinare Hjalmar som i stor grad bygde opp bruket slik det sto då det vart fråflytt. I 1905 bygde såleis Ivar Johan Skotte det huset som står på garden i dag. Tømmeret kjøpte han og fekk det saga i Olsvika. Derifrå vart det frakta inn til Skotet, og det var stor dugnad for å bere det opp. I 1918 bygde han på løa. Då kjøpte han fire kjempefuruer på Vidhammer. Dei kosta 35 kroner. Desse vart saga opp med hand og frakta ut til støa på Skotet. Derifrå var det på nytt dugnad for å bere materialen opp på røra, der ein kunne nytte hest til resten av vegen. Slike «bere-dugnader» kunne samle mange på fjord- og fjellgardane. Som kompen- sasjon for slitet med å bere, var dette ein måte å kome saman på og bli kjende på. Med berre tre menneske att på Skotet vart det ikkje behov for all verdens førebuing, men i tidlegare tider, då det budde 20-30 menneske på gardane på Skotet og i tillegg minst like mange på nabogardane langs stranda innanfor Skotet, så måtte det mykje førebuing til for at det skulle bli skikkeleg jul. Det måtte bryggast og bakast nok til å ta imot storinnrykk. På Skotet var det vanleg at dei fire gardane hadde juleselskap kvar sin dag i romjula. I tillegg var det gjerne til at ein var i julegjestebod til anten Vidhammer, Skjortnes eller Korsedal. Då brukte ungdomane frå Skotet å ligge over. Det vart reidd opp flatsenger til dei. Hausten 1976 kom det straum til Megarden på Skotet. Kraftlaget i Ørskog sette opp eit aggregat som skulle gi straum nok til garden.

Ordførar Otto Berg i storkommunen Ørskog kom til gards og og innvigde vedunderet, og dei tre i Megarden kunne også sjå seg sjølve i fiernsyn den jula. Vedkomfyren til Svanhild Skotte skulle framleis gjere teneste, men ved sida av kom der ein moderne elektrisk komfyr. Fem år seinare flytte dei til Dyrkorn, men garden blir framleis halden i hevd.

50

Dei siste som flytta

Ivar Johan Skotte frå Megarden på Skotet gifte seg i 1901 med Olave Skjortnes. Skjortnes er å rekne for nabogard til gardane på Skotet, og dei nye ektefolka hadde vel stort sett kjent kvarandre heilt sidan barndomen. Dei skulle få over 40 lukkelege år saman oppe på Me-Skotet. Olave døydde i 1943 og Ivar Johan i 1961. Magne Flem tok dette bildet like før krigen.

Då Ivar Johan og Olave skulle starte samlivet vart dei fort samde om at dei måtte ha eit betre hus å bu i. I unge år arbeidde Ivar Johan som blokkarbeidar i Ålesund - han laga taljar, og han hadde nok opparbeidd seg ein viss kapital. I dei dagar var det smått med skog som høyrde til Megarden, og material til det nye huset vart kjøpt i Ålesund. Alt vart frakta opp til gards ved hjelp av dugnad. Det var måten dei tunge taka og dei store jobbane vart gjennomførte på, før løypestrengane og taubanene og motorkrafta gjorde sitt inntog. Til å bygge huset hadde Ivar Johan tilkalla dei kjende bygdesnekkarane Hans-Nils frå Stranda, Skule-Karl frå Ramstaddal og Vad-Ole frå Stor- dal. Det var vanleg i dei dagar å samle fagfolk med godt rykte frå fleire bygder. På den måten spreidde kompetan- sen og byggeskikken seg. Vintrane dreiv Ivar Johan torskefiske på Borgundfjorden, og budde då borte i lange periodar. Då var det Olave som dreiv garden heime, og som hadde alt ansvaret for seks born og ein fjøs med fem kyr og 25 - 30 sauer. I tillegg til inntekta frå torskefisket, dreiv Ivar Johan også med laksenot. Han vart jamvel lakseoppsynsmann i Storfjorden. Han var av dei første som fekk seg motorbåt, og med denne brukte han å reise innover og utover fiorden på oppsyn. Laksenøtene skulle vere stengde frå fredag klokka 18.00 til måndag klokka 18.00. Oppsynsjobben varte frå 6. mai til 9. november og lønna var bra. For året 1937 til dømes fekk han 185 kroner. For ein strandsitjar var dette kjærkomne kontantar, og sikkert rikeleg til å døyve den risikoen ein lakse- oppsynsmann alltid har for å kome på kant med folk. I så måte hadde Ivar Johan knapt noko problem. Han var kjent og populær i fjorden. Han fekk jamvel skipperen på rutebåten til å krysse frå laksenot til laksenot innover fjorden, slik at oppsynsmannen kunne få sjekka dei. Ein del av jobben var å krevje inn lakseskatt. Ivar Johan sat også i heradsstyret i Stordal i 21 år. Han representerte fjord- og fjellgardane.

Sonen Hjalmar og kona Svanhild var dei siste brukarane på Me-Skotet. Dei fekk jamvel oppleve at det kom elek- trisk straum til gards til jula 1976. Fem år seinare, 2. november 1981 flytte dei likevel over fjorden til Dyrkorn. Den siste av fjord- og fjellgardane var fråflytta. Me-Skotet blir i dag halden i aller beste stand av sonen Idar.

51

Ytste-Skotet

Ytste-Skotet ligg på vestsida av Storfjorden, i fjellsida overfor Dyrkorn. Garden høyrer til Stordal kommune. Skotet er truleg ein av dei eldste buplassane i fjorden. Garden ligg strategisk plassert i høve til hovedferdselsve- gen i eldre tid, fjorden.

Skotet er då også nemnt både i Snorre og i Flateyarbok, og har truleg vorte busett ein gong i vikingetida. Garden vart delt i tre bruk for lang tid sidan, og Ytste-Skotet er den garden som ligg lengts vest.

Garden ligg på ei hylle i fjellet, og har ein bratt og tung veg til sjøs. Alle gardane på Skotet har vore heller tungdrivne, men kombinert med eit framifrå jaktterreng og fiske i fjorden som attåtnæring, kunne dei gi eit rimeleg utkome til dei sum budde der i sjølvbergingshushaldets tid. Ytste-Skotet gjekk for å vere ein av dei beste korngardane i Stordal kommune, og garden kunne fø 5-6 kyr og ein okse, i tillegg til 10-15 sauer og 20 geiter, to grisar og ein hest. Fram til for hundre år sidan hadde garden også seter i drift, lenger oppe i fjellet, omlag 400 meter over havet. I 1954 vart Ytste-Skotet fråflytta.

I 1989 ga dei dåverande eigarane Ytste-Skotet som gåve til Storfjordens Venner. Denne organisasjonen sette i gang ei omfattande restaurering av alle bygningar på garden, og sette også opp att bygningar som hadde falle ned, slik at garden skulle bli mest mogeleg lik det han var i si velmaktstid. Det meste av restaureringsarbeidet er nå gjennomført. Garden blir administrert av ei eiga stifting, Stiftinga Ytste-Skotet, der også kommunen og fyl- keskommunen er deltakar. Målet med arbeidet i denne stiftinga er å ta vare på dette unike kulturlandskapet og å halde garden i hevd omlag på same måten som då han var i drift. Her vil ein kunne oppleve fjord- og fjellgardane slik dei var. Garden blir mykje nytta til møter og kursverksemd, og som ein opplæringsstad for nye generasjonar i korleis det var ä livberge seg på ein slik gard.

52

Ytste-Skotet

53

DYRKORN

Den første industrialiseringa i bygdene langs Storfjorden skjedde på Stranda og på Dyrkorn.

Begge stader vart det bygd kraftverk som la grunnlag for industribygging. På Dyrkorn var det eit aksjeselskap med eigarinteresser frå store delar av Sunnmøre som i 1913 starta å bygge kraftverk og etablere fiskevegnfabrikk. Det vart ein suksess frå starten av, og under første verdskrigen oppnådde selskapet eventyrlege overskot. Dyrkorn mangedobla folketalet, og på det meste arbeidde det 80 personar på bedrifta Dyrkornanleggene som ho vart heit- ande. Fiskevegnfabrikken på Dyrkorn var i drift fram til 2002, dei siste åra i regi av selskapet Mørenot. Nå har Spilka-gruppa kjøpt fabrikklokala, mens Tafjord Kraft har teke over fallrettane.

På bildet ser ein den eldste fabrikken frå 1913 ( nærast med mønetak ). Fabrikken med flatt tak vart bygd i 1918. Til venstre ser ein notheng og hus for impregnering og barking. Bak fabrikken ligg fleire bustadhus som vart reist for dei tilsette. Med industri vart Dyrkorn også ein naturleg stoppestad for fiordabåten. Hit reiste også ungane på dei fire gardane på Skotet på andre sida av fiorden for å gå på skule. For Dyrkorn vart det ei ny verd å kome på rutenettet til fiordabåten. Båten gjekk frå Meierikaia i Ålesund klokka 17 og var framme i Geiranger i 4-5 tida om morgonen dagen etter - dersom det då ikkje var noko som seinka båten, og det var det nesten alltid. Det kunne vere ein av gardane langs fiorden som skulle selje ei ku, eller som skulle sende nokre smørkilo til ein handelsmann i Ålesund. Frå Meierikaia gjekk rutebåten til Eidsneset, til Aure, til Søvika, Ramstaddal, Ørskog, Vaksvik, Dyr- korn, Stordal, Stranda, Liabygda, Valldal, Fjørå, Tafjord, Norddal, Ytterdal, Oaldsbygda, Hellesylt og Geiranger. På nokre av rutene stoppa båten også på Glomset og Langskipsøy.

På dette bildet frå 1939 er vegen frå Vaksvik til Dyrkorn nettopp opna, og turistruta på fjorden som hadde gått frå Sjøholt, vart nå korta inn og gjekk frå Dyrkorn. Etter krigen starta ferjedrifta, og Dyrkorn vart endestasjon for ei rute som gjekk til Stordal, Stranda, Geiranger og Hellesylt og tilbake. Ferja korresponderte med rutebil til og frå Dyrkorn og til Ålesund. Dyrkorn sine glansdagar som trafikkknutepunkt varte fram til vegen til Stordal vart opna i 1956. I dag er Dyrkorn eit idyllisk glimt mellom to tunnelar

54

RAMSTADDALEN

Fram til 1955 høyrde Ramstaddalen, Søvikdalen og Furstranda til Ørskog kommune.

Etter framlegg frå fylkesmann Olav Oksvik godtok kommunestyra i Ørskog og Sykkylven at Ørskog siden bygder på sørsida av fiorden skulle overførast til Sykkylven. Det var visstnok jubel på begge sider av fiorden. Ramstaddal var fast stoppestad for fiordabåten sidan den første ruta tok til å gå i 1856. Rutebåten gjekk nærast i sikksakk innover fjorden: Vegsund, Aure, Sjøholt Ramstaddal, Stordalsholmen, Sløgstad, Muri og Hellesylt. Geiranger kom ikkje med før året etter. Så lenge fjorden var hovudferdselsåra låg Ramstaddal sentralt til. Nede ved sjøen der vart det skipa til hesteutstillingar for fjordfolket. Både mange av hestane og mange av kjøparane kom med båt, og hesteutstillingar var ei storhending i dei dagar.

På dette bildet frå rundt 1915 ser vi frå venstre eit saghus og eit kvernhus. Det mørke huset midt på bildet tilhøyrde Ludvik Klokk. Frå 1888 fekk Ramstaddal postopneri og det låg i dette huset. Huset til høgre med ark var O.A.J. Løseth sitt. Han dreiv butikk i kjellaren. Kontoret hans låg i det vesle tilbygget. Heilt til høgre låg huset til Alfred Klokk.

For fleire hundre år sidan, i hollendartida, var nettopp sagbruk eit viktig livsgrunnlag i Ramstaddalen. Elva ga driftsgrunnlag for sagbruk, og hamna var god. Peder Fylling fortel om at for rundt 400 år sidan kom hollandske skuter til Langskipsøya på andre sida av fjorden for å hente tømmer. Ein dag dukka det opp ein kar som ga seg ut for å vere eigar av Ramstad sag, og han hadde mykje fint tømmer å selje. Kapteinen på ei av skutene kjøpte tømmeret usett og betalte på forskot. Men då kap- teinen segla over fjorden for å hente materialen, fann han ikkje ei fjøl på saga. Heller ikkje seljaren fann han. Då lada hollendaren skipskanonen og med eit par skot øydela han Ramstad sag. Frå denne hendinga på 1500-talet stammar det gamle uttrykket «Nei, dra på Ramstadsaga» eller «Nei, den må du dra på Ramstadsaga med». Det vart nytta når noko overraskande og lite truverdig vart fortalt. Det er uklart kvar den gamle Ramstadsaga låg. Truleg var det lenger oppe frå fjorden enn den saga vi ser på bildet.

55

RØNES

Då det meste har det budd over 50 menneske på Furstranda, fordelt på 12 husstandar. Frå 1850 og utover flytta dei frå alle plassebruka. I 1920 vart Oppsaltunet fråflytt. Dei to bruka på Jogarden ( Furstrand ) var i drift til 1955 og 1964. Larsgarden i Sandvik-tunet vart fråflytta i 1967, same året flytte dei frå Rønes, og frå det siste Sandvik- tunet og frå Bjørnevik reiste dei tidleg i 1970-åra. Manglande veg til resten av verda gjorde det meir tungvint å bu her enn det moderne menneske kan godta. For Furstrand-gardane har det vore sjøen som har vore både den store fienden, men også berginga i år avlinga på land slo feil.

Dette bildet frå rundt 1915 er frå Rønes, den inste garden på Furstranda og kanskje også den eldste. Frå venstre ser vi Elias Rønes, dernest kjem ein ukjent, så sit Peder Oppsal Rønes, Rønes-Pe, og dottera Karen Jensine Rønes står mellom han og mora, Lovise. Lengst til høgre står Anna Ingebjørg Rønes som vart kafevertinne i Alesund. Lovise Rønes gifte seg opp att med Peder Oppsal ( med far frå Åkernes, der Peder også vart fødd ) etter at første mannen, Ole Elias, og far til Lovise, Karolus, og bror hennar, Lars Petter, hadde drukna på veg til kyrkja på Sjøholt. Lovise og konene til Karolus og Lars Petter sto og såg på. Tre enkjer sat att på Rønes. Året etter kom Peder som dreng og det vart giftarmål. Rønes-Pe sette opp huset på bildet i 1890 og løa i venstre bildekant vart reist i 1894.

Midlane skaffa han ved å vere borte på fiske om vinteren. Han dreiv både på Borgundfjorden og fiske lenger til havs. I 30 vintrar var han med JoOla frå Alnes, og i eit intervju med Amanda Olsen nokre år før han døydde i 1944, fortel Rønes-Pe at på havfiske brukte dei å ligge opptil 15 netter på rad ute på havet i open båt. Det var mange sure døgn, seier han. Sommaren dreiv han med laksefiske. Garden var det Lovise som måtte passe. Rønes-Pe var ein dugande bygningsmann og dreiv mykje med husbygging rundt om i distriktet. Garden hadde lakseverpe, og der var det Lovise som måtte sitje og halde vakt. Seinare dreiv også Rønes-Pe med skyssbåt, og han sat i kommunestyret i Ørskog i 15 år og i skulestyret i 18 år. Det kunne vere vindfullt langs fiorden. Særleg var vinden frå søraust ille. Når folk kom frå byen i slikt Vér og skulle innover til Hellesylt, så var det som regel å ta inn på Rønes og vente til vinden ga seg. Ein bytur for folk frå Hellesylt kunne i slikt vérlag ta opp til tre veker, og heime sat folk og ikkje visste kva som hadde hendt.

56

Sørlandsidyll

Saman med Stordalsholmen er Rønes den strandgarden som har mest preg av sørlandsidyll. Rønes er den inste av gardane på Furstranda, og som vi ser av bildet så ligg han nær fjorden.

I gamal tid var det å ha gard langs ferdselsvegane det same som å fungere som eit slags vertshus. Den tida det meste av trafikken gjekk på fiorden var Rønes overnattingsstad både for by- og bygdefolk som var på veg til og frå byen. Stundom låg det fullt av folk både på loft og i stove, og Rønes-folket mangla så visst ikkje selskap. Dei visste det meste av det som skjedde både i byen og i fjordbygdene. Rønes-namnet kan tyde ei glenne i skogen, og garden har nok vore i drift heilt sidan mellomalderen, bortsett frå ei tid på 1600-talet då garden låg øyde.

Ei tid var også garden delt i to bruk. I april 1884 omkom både gardbrukaren på Rønes, Karolus, sonen Lars Petter, svigersonen, Ole Elias, og naboen, Ole Martinus Furstrand, mens dei var på veg over fiorden til Ørskog kyrkje. Dei kollsigla ei stund etter at dei hadde reist frå Rønes, og kona til Karolus og kona til Ole Elias sto på land og såg på. Dei fekk ut båt og rodde ut for å berge mennene, men dei fann berre ei trøye som flaut på fjorden. Kår- mannen på Furstrand hadde også tenkt å vere med, men i det han skulle gå ombord sa han: «Ej trur'kje ej vil vere me' døkke i dag.» Deretter gjekk han opp att i garden. Ungekona på Rønes gifta seg opp att to år seinare med Peder Åkernes frå Sunnylven. Han var brukar på Rønes i over 30 år, og i denne perioden bygde han opp garden. RønesPe som han vart kalla, bygde nytt stovehus i 1890, ny løe i 1894. Han la også inn vatn i både stovehuset og i fjøset. Han bygde nytt sel på setra som Rønes har saman med nabogarden Furstrand, og han braut opp og nydyrka mykje av jorda. Kontantane til alt dette skaffa han seg ved å dra på havfiske om vinteren og laksefiske om som- maren. Han sat også i heradsstyret i Ørskog i fleire periodar. Vegspørsmålet var eit stort tema for Furstrand- gardane heile førre hundreåret. Ved dugnad og ein kjempemessig eigeninnsats makta desse gardane å bygge fem kilometer kjerreveg langs heile Furstranda, frå Sandvik i vest til Rønes i aust. På det meste var det 10 bruk ( 6 gardar og 4 plassemenn ) på Furstranda og der budde 50 menneske. Kravet var å skaffe grenda vegsamband med omverda, og i 1927 vart det stukke ei vegline frå Rønes og inn til Søvika. Vegen var 2 km lang og kostnadsrekna til 54.000 kroner. Heradsstyret i Ørskog støtta planane, men så skjedde det ikkje meir. 1 1925 fekk Furstranda eigen skule, og elektrisk kraft kom til grenda i 1956, året etter at grenda vart ein del av Sykkylven kommune. Den moderne tidas krav med 9-årig skule gjorde at familiane på Furstranda måtte sende frå seg borna på skule vinter- halvåret. Det framskunda fråflyttinga. I 1967 var det slutt på Rønes, men framleis er dette ein idyllisk feriestad.

57

FURSTRAND

Garden Furstrand har gitt namnet til Furstranda, den fråflytta grenda langs Storfjorden mellom Søvika og Aursnes.

Furstrand er likevel neppe den eldste garden i denne grenda, men at grenda har fått namnet etter garden kan kanskje kome av at skulen i 1925 vart plassert i utmarka til garden Furstrand og at skulekrinsen vart heitande Furstrand. På Furstranda heiter garden Furstrand for Jogarden, og sidan bruket vart delt i to i 1866, så vart dei to bruka heitande Inste og Ytste Jogarden. Dei to Jogardsbruka ligg fint til, eit stykke utanfor Rønes, som er den inste garden på Furstranda. Det er tre store saker som har dominert hopehavet mellom furstrandingane og omverda i dette hundreåret. Den eine var bygging av eigen skule på Furstranda. Den saka vann dei då skulen kom i 1925. Skulen vart plassert midt mellom Sandvika i vest og Rønes i aust, og skulen vart dermed liggande midt i skogen, Han fekk då også det sjølvforklarande namnet «Skogglytt».

Den andre store saka var vegspørsmålet. Furstrandingane sjølve opparbeidde ein brukbar gangveg mellom gar- dane, men dei ba om hjelp frå Ørskog kommune og frå amtet til å gjere vegen betre og til å bygge bru over elva som renn ned like ved skulen. Dei ville også knyte Furstranda til resten av vegnettet gjennom ein veg frå Rønes og inn til Søvika. Den kampen tapte furstrandingane, og med veg til den store vide verda kunne kanskje desse gardane ha blitt til noko meir enn idylliske feriebustader? Derimot vart det ei løysing på den tredje store saka, elektrisk straum, då Furstranda i midten av 1950-åra vart ein del av Sykkylven kommune. Eigarane av den eine av Jogardane, brørne Oskar og Lidvar Fiksdal. Lidvar Fiksdal er pensjonert statslos og busett på Sandnes og Oskar Fiksdal er pensjonert skipsførar og busett i Sandefjord, men dei brukar Furstranda som feriestad. Lidvar kjøpte det gamle skulehuset i skogen, og har ominnreidd det til feriebustad. Den andre Jogarden blir eigd av Willy Lerfall og også dette gardsbruket er mykje brukt som feriebustad. Bildet er teke i 1981. På Jogarden budde det på midten av 1800-talet ein original som vart kalla Jogards-Bernt. «Han var ein skrue», står det i bygdeboka, og utmerka seg med at han ikkje hadde heilt styr på orda når han snakka. Han budde i ei stove på Jogarden, og det var broren som dreiv garden. Bernt hadde eit slags pliktarbeid der i onnene kvart år, men han tykte nok at broren var sparsam med maten til arbeidsfolket. Han grunnga det på følgjande måte: «Svært so ubarmhjertig mann han Nils vår ( Nils Kristian Furstrand 1802-1866 ), e va der med hånå i åtte dage, og du kan tenkje de te, e løyste ikkje brokja alt med e var der.» Denne og andre historier om Jogards-Bernt fekk premie i ein vitsekonkurranse i Sunn- mørsposten i 1932.

Lars Furstrand

Jogards-Lars ( 1844 -1935 ) kom eigentleg frå Møllsæter i Geiranger. I 1872 vart han gift med Marie Rasmus- dotter Skageflå. Syster til Lars, Lovise, gifte seg med bror til Marie, Ole Andreas Skageflå. Det vart altså to syskenpar som hamna på Skageflå, og for at begge par skulle kunne livnære seg, vart Skageflå delt i to bruk. Lars og Marie fekk det eine og Ole Andreas og Lovise det andre. Familiekjensla var sterkare den gongen enn i dag, og sjølv om han slett ikkje var ein halden mann, var det naturleg for Lars å stille som kausjonist for broren Ole som dreiv forretning i Ålesund. Då forretninga gjekk over ende, måtte Lars selje sin halvdel av Skageflå for å innfri sin del av broren si gjeld. Den vesle familien med Lars og Marie og fire barn sto nå på bar bakke. Ute på Furstranda i dåverande Ørskog kommune skjedde det ei katastrofe i 1884, då ein båt på veg til kyrkja på Sjøholt kollsigla og gardbrukaren på Rønes, Karolus, sonen Lars Petter, svigersonen Ole Elias og naboen frå Jogarden, Ole Severin Furstrand, miste alle livet. Den einaste mannen på dei to gardane som levde att, var kårmannen i Jogarden, Martinus. Han ville ikkje vere med båten. Martinus døydde seinare same året. Enkja Oline brukte sine siste slantar på å få mannen i jorda. Lukka i all ulukka var at det fanst ein familie i Geiranger som nettopp hadde vore nøydd til å gå frå gard og grunn, og som hadde slektsband til Jogardsfolket. I 1885 får Lars Mølsæter ta over den eldste delen av Jogarden. Slektningar til Lars og Marie, 5-6 bønder i Geiranger, kausjonerte for gardkjøpet. Gamle Oline skulle ha kår fram til ho døydde i 1899. Det vart tunge tak på Furstranda for Lars og Marie. Dei hadde to søner, Rasmus, fødd 1878 og Lars, fødd 1881. Begge var fødde på Skageflå. Eldste sonen Rasmus døydde av tarmslyng, 21 år gammal, og Lars døydde i 1905, 24 år gammal. Lars gjekk for å vere ein hardhaus. Mens han dreiv på Skageflå bar han ei sildetønne på ryggen opp den bratte råsa, og det gjekk gjetord om at han på sine eldre dagar drog opp ei av dei største kveitene dei hadde sett på Furstranda. Dei vog opp 118 kilo reint fiskekjøt. På sine eldre dagar kom Lars bort til naboen Amund Bjørnevik, som hadde kome frå Kjellstadlia i Sunnylven. Amund var framifrå smed, og Lars ville ha han til å trekkje 22 tenner. Amund så gjorde, og hola etter tennene reinska Lars med tollekniven sin.

58

Det blir også fortalt om ein gong han var i skogen så hogg han seg så Øksa sto gjennom fotbladet og odden stakk ut under fotsålen. Han tulla jakka si rundt såret, gjekk ned til naustet, sette ut båten og rodde over til doktor Holst på Sjøholt, der han fekk hjelp. Dette bildet av Lars Furstrand tok Magne Flem tidleg i 1930 åra. Lars Furstrand døydde i 1935.

Furstrandskulen

Det svært talande namnet Skogglytt har furstrandingane gitt skulen sin som dei bygde i 1925.

Då var det dei seks gardbrukarane på Furstranda som gjekk saman og kosta skulehuset. Dei fekk 2500 kroner i støtte frå det offentlege. Resten måtte dei koste sjølv. Skulen kom etter ein hard kamp, og Furstranda var siste krinsen i Ørskog kommune som fikk eigen skule. Plasseringa av skulen avgjorde dei ved å vedta at skulen skulle plasserast så nær midten som råd på den 5 km lange vegen mellom Sandvika i vest og Røneset i aust. Det viste seg at midt på var det eit elvegjøl, og dermed måtte tomta for skulen flyttast 50 meter lenger aust. Der står skulen også i dag, noko ombygd innvendig for å kunne tene som feriebustad, men eigaren, Lidvar Fiksdal, har teke vare på mykje av skuleinventaret. Før innbyggarane på Furstranda sjølve opparbeidde kjerreveg mellom gardane tidleg på 1900-talet, var båten den einaste måten dei kunne ha samkvem mellom gardane på. Vegen var altså føresetna- den for eigen skule. Før skulen kom, måtte elevane frå Furstranda til Søvikdal og der måtte dei bu skulevekene. I den tida båten var viktigaste måten å ta seg fram på, låg Furstranda ved hovudvegen, og låg meir sentralt til enn t.d. Aure og Velledalen i høve til kommunesenteret på Sjøholt. Når dei før rutebåtane si tid skulle ro frå Hellesylt til byen, så rekna det første dags roing ut til Uksvika på Stranda, andre dag til Bjørnevik på Furstranda og tredje dag kom dei til Ålesund. Etter kvart som vegane på land vart viktigare, tapte Furstranda posisjonen sin. Læraren for Furstrand-borna fram til 1922 var B. Blindheim, og frå 1922 og fram til 1960 var det legendariske Ingeborg Brandal. I alle år med skule på Furstranda måtte ho pendle, 12 vekers skule samla på Furstranda vinterstida og 26 veker med to-delt skule i Søvikdal. På Furstranda var det 14 dagars turar, i Søvikdalen turar på rundt ein månad. 1 1941 var det berre to skuleelevar att på Furstranda og fram til 1954 måtte furstrandborna gå i Søvikdal heile året. Året etter vart Furstranda, Søvikdal og Ramstaddal overført frå Ørskog til Sykkylven. Då fekk Fur- stranda elektrisk kraft, optimismen kom kanskje attende og barnetalet hadde blitt stort nok til at skulen kunne gjenopnast. Heile tida hadde skulehuset vorte nytta også som forsamlingslokale for grenda, og kvar jul kom dei saman frå alle gardane til julefest og basar på skuleloftet.

59

Der kunne vere samla over 50 menneske med smått og stort. Furstranda hadde også eiga l«inneforening med 3- 5 medlemer som samla inn pengar til Gamlemisjonen, og på basarar kunne dei få inn 4-500 kroner. Tidleg i 1960- åra var det slutt med skule på Furstranda og også med fast busetnad.

BJØRNEVIK

Garden Bjørnevik ligg på Furstranda i det som i dag er Sykkylven kommune, men som fram til 1955 høyrde til Ørskog kommune.

Alle gardane på Furstranda er svært gamle, truleg frå mellomalderen, og i den tida fjorden var hovudvegen kunne gardar knapt ligge meir sentralt til.

Dei fleste av gardane hadde fisket som ei viktig attåtnæring. Namnet Bjørnevik har sjølvsagt med bjørn å gjere, og bjørnen må ha vore ei plage for denne garden opp gjennom hundreåra. I terrenget rundt garden er det også fleire namn med forstavinga Bjørn, og gamle dokument fortel at garden før 1600 var fråflytta i 70 år på grunn av rovdyrplaga. Bjørn var der i Sykkylven heilt innpå dette hundreåret. Det blir t.d fortalt at ein kunne observere bjørnar som symde over fjorden frå Vaksvik til Skotet. Frå den eldste tid har Bjørnevik vore krongods, men frå 1630-åra og nokre hundre år framover var det rike kjøpmenn som eigde garden. Den siste var Jens Vinje, geir- angermannen som vart storkjøpmann i Tusvika, og det var svigerson hans, Thommesen, som selde til Martinus Amundsen Kjellstad frå Sunnylven i 1858. Han var av den kjende Kjellstad-slekta og var føre si tid. Som 18 -19 åring reiste han til Kongsberg og gjekk i lære for å bli våpensmed. Utlærd reiste han til Stockholm og gjekk i teneste som våpensmed for kong Oscar II. Det var etter at han kom heim derifrå at han fekk kjøpt Bjørnevik. Der bygde han også smie og dreiv både som smed og som børsemakar. Bjønnarifler var ein spesialitet. Det same var haglegevær, og framleis finst det våpen som Martinus har laga.

Også sonen Amund vart ein kjend smed og børsemakar. Han var også samfunnsengasjert, var med og starta samtalelag og vart innvald både i kommunestyret og formannskapet i Ørskog. Amund arbeidde mykje for at Furstranda skulle få eigen skule. Det blir fortalt at ein gong diskuterte han skulespørsmålet med ordføraren i Ørskog. Då sa ordføraren at det kunne ikkje bli skule på Furstranda, for der budde for få born. Til det svara Amund Bjørnevik følgjande: «Skaff skule døkke, so ska' øss skaffe bønj.» Sjølv ytte han og kona hans, Anne, sin rikelege skjerv i så måte gjennom å setje til verda ni born. Skule fekk Furstranda i 1925. Plasseringa av skulen på den langstrakte Furstranda vart eit problem. Dei vart samde om at skulen skulle ligge midt på stranda. Der rann det ei elv, og dermed måtte skulen flyttast 50 meter frå midten, der han vart plassert på den einaste bota i det området der det gjekk an å bygge skule. Veg bygde dei også sjølve, fem kilometer, frå Rønes i aust til Sandvik i vest, med eit kunstverk av ei kvelvingsbru over elva som sjølvaste Brunstad-Magnus bygde. Vegen var farbar med hest og vogn, men i dag er det knapt att meir enn ei gangrås. Eldste sonen til Amund, Svenn, vart neste brukaren i Bjørnevik. Også han var smed og dreiv mykje med smijarnarbeid. Han har m.a. laga altarringen i Volda kyrkje.

Bismarar var ein av hans spesialitetar. Han var også ein flink treskjerar. Mange av sønene til Amund vart meka- nikarar og smedar, men den yngste, Bjørn, vart sjef for eige teater i Oslo, Bjørneviks Teater. Det var i stor grad innføringa av den niårige skulen som tvinga fram ei avfolking av Furstranda. Den nye skuleordninga medførde at skuleborna i tilfelle måtte bu borte dei siste skuIeåra, og det gjorde at den eine huslyden etter den andre flytta til Sykkylven i åra rundt 1960. På bildet ser vi frå venstre den siste brukaren og noverande eigaren, Amund Bjørnevik, dernest bestefar hans som også heitte Amund og som her var i sitt nittiande år. Same året gjekk han til setra og henta kyrne. På føtene hadde han tresko. Den unge jenta i midten er Sigrid Gausemel frå Hornindal. Ho tente i Bjørnevik. Til høgre for henne står Elina, ei ugift dotter til Amund sr. og heilt til høgre står Svenn Bjørnevik, son til gamle-Amund og far til den yngste Amund. På bildet under og i bakgrunnen ser ein litt av løa, stabburet og smia i Bjørnevik.

60

SANDVIK

Garden Sandvik er den ytste av gardane på Furstranda og såleis også den ytste av gardane som fell innanfor det som Storfjordens Venner reknar som sitt arbeidsområde. I eldre tid var det også ein gard lenger ute, Kyrkjesteinen, men denne vart fråflytta i 1803. Den siste brukaren visste inga anna råd til livberging enn å stele. Han fekk to månader på tukthus, mens kona livberga seg ved tigging. Med Kyrkjesteinen var det seks gardar på Furstranda. Denne veglause bygda var eigen skulekrins. 1 1925 vart det også bygt skulehus i utmarka til garden Furstrand. Skulen var i drift fram til 1960, men med eit opphald frå 1941 til 1954, då det var for få elevar til å halde eigen skule. Då kommunegrensa vart flytta slik at Furstranda kom under Sykkylven i staden for Ørskog, fekk bygda også elektrisk straum ført fram ( 1955-56 ). Garden Sandvik ligg fint til på ei hylle eit stykke opp frå sjøen. Garden er svært gamal, og vart delt i to bruk alt på 1600-talet. Som heilårsbustad vart Sandvik fråflytta i 1971, men blir framleis brukt som feriebustad. Brukaren av Pegarden i Sandvik, Peder ( 1874-1970 ), var kjent vide omkring for kjempekreftene sine. Etter at han tok over garden i 1918, dyrka han opp 30 mål og køyrde vekk tusenvis av steinlass. Han bygde 400 meter av gardsvegen som går langs Furstranda, han bygde nye sel på setra, nytt bustad- hus og ny løe- og fiøsbygning i tillegg til reiskapshus. Han fekk vel bruk for kreftene sine, men året etter at han døydde var det altså slutt med gardsdrifta. Heilt sidan hundreårsskiftet hadde folket på Furstranda kjempa for å få vegsamband med omverda. Dei innsåg tidleg at veg ville verte eit livsvilkår for å halde oppe busetnaden på desse gardane, men Ørskog kommune hadde ikkje råd til å koste veg, og når desse gardane kom inn under Sykk- ylven var det eigentleg for seint. Når båtskyssen til skule forsvann i slutten av 1960-åra var busetnaden eigentleg sjølvslutta. Med mykje strev og med tida til hjelp greidde likevel gardbrukarane på Furstranda å bygge en slags kjerreveg seg imellom, frå Sandvik til Rønes.

61

KYRKJESTEINEN

Dette er den ytste fjordgarden i Storfjorden som fell innanfor området til Storfjordens Venner.

Namnet har garden henta frå den obelisk-liknande steinen som står nokre hundre meter frå der tunet låg. Hans Strøm skriv at steinen liknar på eit kyrkjetårn, og gamle segner fortel at då Heilag-Olav kom forbi på reisa si inn til Valldal, så vart han møtt av to robåtar. Folka om bord sa dei skulle til kyrkje, og då kongen ville vite kvar kyrkja deira var, så peika dei på den høge steinen inne på stranda. Kongen gjekk i land for å studere steinen nærare. Han stødde seg til steinen, og då han gjekk vidare kunne dei sjå merke i steinen etter kongens kropp. I eldre tider vart alltid knytt segner til slike naturfenomen, og Kyrkjesteinen har utan tvil vore godt kjent og mykje omsnakka av fiordfolket opp gjennom historia.

Garden Kyrkjesteinen låg på ei lita flate 250 meter innanfor den store steinen. Der har ikkje budd folk sidan tidleg på 1800-talet og i dag finst det knapt spor etter garden. I gode år kunne Kyrkjesteinen så vidt gi levebrødet til ein familie, men garden var så marginal at han store periodar låg øyde. Dette var ein typisk naudsbuplass for unge par som måtte ha ein stad og bu og eit levebrød for å få gifte seg. Den siste kjende brukaren, Anders Aleksandersen Sjøholtstrand gifte seg i 1796 med Inger Katrine Løset frå Stordal. Dei busette seg på Kyrkjesteinen same året og dei fekk same året sonen Martinus. Det at alt skjedde samtidig gir eit visst inntrykk av at dei var i ein tvangssi- tuasjon. Garden hadde ikkje vore i bruk på over 50 år, så det var sikkert ikkje enkelt for ein liten familie med eit spedbarn å slå seg ned der. Dei overlevde så vidt og fekk tre barn til mens dei budde på Kyrkjesteinen. Vinte ren 1802/03 var det så ille at nauda tvang Anders til å stele for å skaffe huslyden mat. Han hamna på tukthus i to månader, mens Inger Katrine gjekk frå gard til gard og tigga. Det unge paret vart jaga frå Kyrkjesteinen og fekk ei tid bu i eit lite hus i Jogardsvika lenger inne på Furstranda. På slike små gardar og på buplassar langs fjorden som det ikkje lenger finst spor av, var det nok på hengjande håret dei berga seg gjennom. Medkjensle frå snille grannar og/eller ei stor slekt var ofte eit livsvilkår.

62

63