Soga Om Høgskulen I Bø
Olav Rovde SOGA OM HØGSKULEN I BØ Telemark distriktshøgskole og Høgskolen i Telemark 1970 - 2016 1 Soga om høgskulen i Bø Utgjevar: Universitetet i Søraust-Noreg, Bø Grafisk formgjeving: Kristin Ødegård Vestgarden, Hustrykkeriet Bø 2018 ISBN 978-82-7206-498-2 Olav Rovde Trykk ETN Grafisk Innbinding Bokbinderiet Johnsen AS Papir Arctic Matt 130 gr 2 Forord Våren 2016 fekk eg spørsmål frå dåverande adminstrasjonssjef ved høgskuleavdelinga i Bø, Erik Årnes, om eg kunne tenkje meg å skrive historia om høgskulen i bygda. Den skulle omfatte både distriktshøgskulen (i tida 1970 til 1994), og perioden frå 1994 då Bø-høgskulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HiT), fram til den nye fusjonen i 2016 til Høgskolen i Søraust- Noreg (oppgradert til Universitetet i Søraust-Noreg frå 2018). Utover denne tidsplasseringa, og at det berre skulle omhandle høgskulen i Bø, vart det ikkje lagt andre føringar for arbeidet. Tilbodet var freistande. Eg måtte svare ja, sjølv om eg såg problem knytt til eit slikt arbeid. I mest heile denne perioden var utviklinga av høgskulen ein sentral del av mi eiga historie. Eg vart tilsett som historikar ved distriktshøgskulen i Bø i 1973, og med unntak av nokre periodar då eg var permittert med ulike skrive- og forskingsoppdrag, sat eg i fast stilling fram til eg gjekk av med pensjon frå 2012. Eg kjenner slik høgskulehistoria frå innsida. Kjennskapen og kunnskapane eg med den bakgrunnen fekk, gjer det sjølvsagt lettare å identifisere dei viktige trekka ved utviklinga av høgskulen. Men det at eg sjølv har vore med på denne utviklinga, og har vore med på å påverke den, kan på den andre sida lett skape bindingar og oppfatningar som kan gå ut over evna til kritisk distanse og til «balansert» og objektiv framstilling av historia.
[Show full text]