Frisvoll, A.A. & Blom, H.H. 1997. Trua Mosar I Noreg Med Svalbard
Frisvoll, A.A. & Blom, H.H. 1997. Trua mosar i Noreg med Svalbard. Førebelse faktaark. Norges teknisk-naturvitenskapslige universitet Vitenskapsmuseet Botanisk Notat 1997 3: 1-170. Samandrag 313 moseartar er klassifiserte og omtala som trua mosar (raudliste-mosar) for Noreg med Svalbard. Fastland-Noreg og Svarbard er behandla kvar for seg. 162 bladmosar og 54 levermosar er med frå fastlandet og 72 bladmosar og 41 levermosar frå Svalbard. Elleve bladmosar og fem levermosar er med både frå fastlandet og Svalbard. Kvar av raudlisteartane er kort omtala i åtte (eller færre) punkt med omsyn til klassifisering i IUCN-kategori, norsk utbreiing, verdsutbreiing, habitat, truslar, status i Noreg, tilrådingar og kommentarar. Kategoriane nytta for klassifiseringa av dei trua moseartane er slik som i det nye IUCN-reglementet: extinct (EX: det modifiserte symbolet EV, vanished, er nytta), critically endangered (CR), endangered (EN), vulnerable (VU), lower risk - near threatened (LR-nt), og data deficient (DD). Lista byggjer i all hovudsak på registreringar av belegg i moseherbaria ved dei norske universitetsmusea i Bergen (BG), Oslo (O), Trondheim (TRH) og Tromsø (TROM). Størsteparten av herbariebelegga er ikkje kontrollsjekka med omsym til riktig artsbestemming. Det kan derfor vera mange feil i lista. Feltarbeid er heller ikkje gjennomført for å finna kva for status artane har i dag. Artsutvalet og plasseringa av dei trua mosane i IUCN-kategori må derfor sjåast på som førebelse. Arne A. Frisvoll, Norsk institutt for naturforskning (NINA), Tungasletta 2, 7005 Trondheim. Hans H. Blom, Botanisk institutt, Fakultet for kjemi og biologi, NTNU, 7034 Trondheim Forord Foreliggende rapport er et resultat av prosjektet «Faktaark for trua moser» med Direktoratet for naturforvaltning som oppdragsgiver og Institutt for naturhistorie, Vitenskapsmuseet som ansvarlig prosjektutfører.
[Show full text]