Formannskapet Møtestad Kommunestyresalen Dato 09.12.2020 Tid Kl
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Gloppen kommune Møtebok Utval Formannskapet Møtestad Kommunestyresalen Dato 09.12.2020 Tid Kl. 09:30 - 15:00 Følgjande medlemar møtte Frå Leidulf Gloppestad SP Per Jarle Myklebust SP Magni Aa Berge SP Solveig Lien Gusdal SP Arnar Hans Kvernevik AP Katrine Anita Heggelund SV Mariel Eikeset Koren MDG Svein-Ottar Sandal KRF Beate Dybendal Nordvik H Andre som møtte Anders Skipenes, kommunedirektør i alle saker Bjørn Aurlien, avdelingsingeniør i sakene 174/20, 176/20, 178/20, 180/20 og 181/20 Geir Liavåg Strand, organisasjonssjef i alle saker Kjell Petter Solhaug, teknisk sjef i sakene 173/20 og 182/20 Knut Roger Berge Nesdal, næringssjef i sak 183/20 Liv Jorun Andenes, kultursjef i alle sakene Per Arne Strand, oppvekstsjef i sak 186/20 Remi Lone Nilsen, økonomisjef i sakene 177/20, 179/20, 184/20, 185/20 og 186/20 Ugilde Sak Følgjande varamedl. Merknad møtte Per Jarle Myklebust 178/20 §6e 2. ledd i forvaltningslova. Beate Dybendal Nordvik 183/20 §6e, 2. ledd i forvaltningslova. Magni Aa Berge 186/20 §6e 2. ledd i forvaltningslova - i delpunktet om Holvikjekta. Møteleiar: Leidulf Gloppestad Underskrift: Side 2 Sakliste Sak nr. Sakstittel 172/20 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 173/20 Referat og orienteringssaker 174/20 Avhending av areal i Reedfjæra - ny behandling 175/20 Frådeling av tomt med bustadhus - dispensasjon frå kommuneplanen 176/20 Leilegheitsbygg Byrkjelo sentrum - dispensasjon frå reguleringsplanen 177/20 Revidering av finans og gjeldsforvaltningsreglement 178/20 Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen - næringsareal på Byrkjelo 179/20 Trivselshagen IKS - ny selskapsavtale og ny leigeavtale 180/20 Varmepumpesentral for Firda vgs. - dispensasjon frå kommuneplanen og sal av grunn 181/20 Vereide bustadfelt - søknad om mindre reguleringsendring 182/20 Leigeavtale for brannstasjon i Hyen og på Byrkjelo 183/20 Løpande tildeling næringsfond 2020 - Covid19 - 4. tildeling 184/20 Gebyr og betalingssatser for 2021 185/20 Budsjettjustering 2020 186/20 Årsbudsjett 2021 og økonomiplan for 2021 - 2024 187/20 Kommunedirektøren sine svar på spørsmål frå formannskapet 188/20 Møteplan for 2021 Side 3 Gloppen kommune Arkiv: FE-033 JournalpostID: 20/17005 Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand Saksnr. Utval Møtedato 172/20 Formannskapet 09.12.2020 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Ordføraren si tilråding: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå møtet 25. november 2020 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet 9. desember. Møteboka frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Formannskapet 09.12.2020 Behandling FOR- 172/20 Vedtak 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå møtet 25. november 2020 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til dette møtet 9. desember 2020. Vedtaket var samrøystes. Side 4 Gloppen kommune Arkiv: FE-033 JournalpostID: 20/17006 Saksbehandlar: Geir Liavåg Strand Saksnr. Utval Møtedato 173/20 Formannskapet 09.12.2020 Referat og orienteringssaker Referatsaker Tittel Avsendar/mottakar Referat oppstartsmøte for detaljregulerign for rassikring Statens vegvesen - rassikring votedalen E39 Våtedalen Orienteringssaker: Ordet fritt... Formannskapet 09.12.2020 Behandling Orientering om byggjeprosjekt ved teknisk sjef. Ordet fritt: Ordføraren: Styremøte i Firda Billag as i dag. Ut over det er det ikkje noko ny informasjon om FIrda Billag. Svein-Ottar Sandal (KrF): Det er ikkje sett av midlar i fylkeskommunen til å planlegge Sandane-Fitje. Det skal lagast ei eiga politisk sak om dette i fylkeskommunen. Ordføraren tar saka opp på neste møtet i formannskapet. Ordføraren: Stortinget løyver (mest truleg) planleggingsmidlar til Sandane - Byrkjelo. FOR- 173/20 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 5 Gloppen kommune Arkiv: FE-611, TI-&55 JournalpostID: 20/16409 Saksbehandlar: Bjørn Aurlien Saksnr. Utval Møtedato 174/20 Formannskapet 09.12.2020 Avhending av areal i Reedfjæra - ny behandling Vedlegg i saka: 20.11.2020 Signert avtale om kjøp/overtaking av areal i Reedfjæra 18.11.2020 Utkast til nye grenser i Reedfjæra(183639) Kommunedirektøren si tilråding Gloppen formannskap godkjenner på vegne av Gloppen kommune som grunneigar avtale med Ragnhild og Klaus Egge datert 19.11.2020. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Formannsapet behandla 16.09.2020 i sak 135/20 sal av areal i Reedfjæra, og godkjende utkasta til avtaler om overtaking av grunn. I brev datert 22.09.2020 har Klaus Egge bedt om at avtala blir vurdert på nytt. Fakta i saka I nemnte brev har Egge ei lang rekkje spørsmål og merknader til godkjent avtale. Til sist ber han om at formannskapsvedtaket blir annulert og at saka blir revurdert, eller at brevet blir sett på som ei klage til kommunestyret over formannskapsvedtaket. På bakgrunn av brevet har det vore gjort eit nytt forsøk på å kome i mål med denne avtala. Spørsmål er svara på, og merknaden er imøtekomen på nokre punkt som har vore mindre vesentlege for kommunen. Nye eigedomsgrenser og prinsipp for overtaking er uendra. Det ligg nå føre ei underskriven avtale frå Ragnhild og Klaus Egge som er vedlagt. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen Kommunedirektøren si vurdering Det er ikkje formell klagerett på vedtak kommunen gjer som grunneigar, men kommunedirektøren har likevel meint at det var verd å gå ein runde til for å sjå om det var mogleg å bli samde. Kommunikasjonen med Egge er tilgjengeg på saka, men er ikkje vurdert som viktig for formannskapet og difor ikkje vedlagt. Sidan formannskapet godkjente førre avtaleutkastet, har kommunedirektøren valt å legge justert avtale fram for formannskapet igjen. Formannskapet 09.12.2020 Behandling Forslag frå Høgre, framlegg frå Beate Dybendal Nordvik, Høgre Side 6 Gloppen formannskap godkjenner på vegne av Gloppen kommune som grunneigar avtale med Ragnhild og Klaus Egge datert 19.11.2020. Formannskapet vil presisere at det skal sikres at Ragnhild og Klaus Egge i fremtiden sikres mulighet for båtopptrekk over kommunal grunn. Beate Dybendal Nordvik (H) la fram tilleggsforslag: Formannskapet vil presisere at det skal sikres at Ragnhild og Klaus Egge i fremtiden sikres mulighet for båtopptrekk over kommunal grunn. Per Jarle Myklebust (Sp) fremja kommunedirektøren sitt forslag: Gloppen formannskap godkjenner på vegne av Gloppen kommune som grunneigar avtale med Ragnhild og Klaus Egge datert 19.11.2020. Avstemming om tillegget frå Beate Dybendal Nordvik (H). Dette vart vedtatt med 6 stemmer. Dei som stemte mot var Arnar Kvernevik (Ap), Solveig Lien Gusdal (Sp) og Katrine Anita Heggelund (SV). Det vart så stemt for kommunedirektøren sitt framlegg med tillegget og dette vart vedteke mot ei røyst: Arnar Kvernevik (Ap). FOR- 174/20 Vedtak Gloppen formannskap godkjenner på vegne av Gloppen kommune som grunneigar avtale med Ragnhild og Klaus Egge datert 19.11.2020. Formannskapet vil presisere at det skal sikres at Ragnhild og Klaus Egge i fremtiden sikres mulighet for båtopptrekk over kommunal grunn. Vedtaket vart gjort mot ei stemme: Arnar Kvernevik (Ap). Side 7 Gloppen kommune Arkiv: GBNR-6/6, FA-L33 JournalpostID: 20/15528 Saksbehandlar: Bjørn Aurlien Saksnr. Utval Møtedato 175/20 Formannskapet 09.12.2020 Frådeling av tomt med bustadhus - dispensasjon frå kommuneplanen Vedlegg i saka: 01.10.2020 Følgjebrev - Søknad om oppretting av eigedom/rekvisisjon av oppmålingsforretning og søknad etter jordlova Kommunedirektøren si tilråding Gloppen formannskap avslår søknad om dispensasjon frå LNF-område i kommuneplanen for å frådele bustadeigedom frå gbnr. 6/6. Grunngjevinga for vedtaket er at plan- og bygningslova §19-2 sine dispensasjonsvilkår ikkje er oppfylt. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Gloppen kommune har motteke søknad om frådeling av tomt rundt eksisterande bustad på gbnr. 6/6. Det er også søkt om dispensasjon frå forbodet mot frådeling av bustadtomt i LNF-område i kommuneplanen. Denne saka gjeld dispensasjonshandsaminga. Fakta i saka Søknaden er vedlagt, der pkt. II gjeld sjølve dispensasjonen. Grunngjevinga kan kort oppsummerast slik: · Arealet er alt bebygd, og reell arealbruk blir ikkje endra. · Det er ikkje drift på landbrukseininga, og ut frå driftsgrunnlaget ikkje pårekneleg med drift i framtida. · Tomtearealet er avgrensa til ca. eitt dekar som er tilsvarande som andre bustadtomter. · Det er ikkje openberre ulemper med tiltaket. Søknaden er sendt til NVE, fylkesmannen og fylkeskommunen for uttale. Fylkeskommunen har berre uttalt seg som vegmynde, og har ingen merknader. NVE viser til at tomta ligg i aktsemdsområde for flaum, og at krav om tryggleik mot flaum og skred også gjeld ved deling av tomt rundt eksisterande bygning. Flaumfare må difor utgreiast. Tomta ligg også under marin grense der det er potensiale for kvikkleire. Kartlegginga som NVE har gjennomført tyder ikkje på at den aktuelle tomta ligg i aktsemdsområde for kvikkleire, men dei ber likevel kommunen vurdere dette nærare. Fylkesmannen meiner omsynet til jordvern og plasseringa av bustaden midt inne i eit viktig jordbruksområde taler imot at det blir gitt dispensasjon. Tomta vil få dyrka mark på alle kantar, og det kan bli konflikt mellom bustad- og landbruksinteressene. Området er avmerka som kjerneområde Side 8 landbruk i kommunen si kartlegging. Dispensasjon her vil svekke kommuneplanen som styringsverktøy, og dette er særleg uheldig så nær kommunesenteret der det er større press på jordbruksareala. Dei meiner at landbruksinteressene i området, som er tilgodesett ved at dette området er sett av til reine LNF- føremål, blir sett til side i vesentleg grad dersom