Indre Hordaland Jordskifterett Rettsbok

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Indre Hordaland Jordskifterett Rettsbok Indre Hordaland jordskifterett Rettsbok Sak: 1230-2009-0024 Helgastøl sameige Gnr. 126, 127, 128 og 136 i Granvin kommune Oppstarta: 08.05.2013 Avslutta: 23.10.2015 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 m.fl Indre Hordaland jordskifterett 1 SAKSFØREBUANDE MØTE Møtedag: 08.05.2013. Stad: Melandshagen i Granvin. Sak nr.: 1230-2009-0024, Helgastøl. Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova §§ 88 og 88a. Jordskiftedommar: Hans Ruud som tilkalla dommar. Protokollførar: Eli Fraas. Saka er kravd av: Åge Elvatun, Hermann Ovrid, Nils Brekke og Martha Brekke. Til handsaming: 1. Gjennomgang av kravet. 2. Klarleggje kva saka gjeld. 3. Vidare framdrift i saka. Partar: • Helgastøl sameige: • Nils Brekke sitt bu v/Per Ivar Thorsen, Øvre Kleppevegen 77, 5300 Kleppestø, eigar av gnr. 127 bnr. 1. • Kjetil Brekke, 5736 Granvin, eigar av gnr. 127 bnr. 2 og 126/6. • Åge Elvatun, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 127 bnr. 5. Anna C. Varenius og Svein H. Ovrid, Øvre Folkedal, 5736 Granvin, eigarar av gnr. 128 bnr. 1 • Håli sameige: • Ivar Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 1. • Ingebjørg Hamre, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 2. • Gunnar Folkedal, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 3. • Signe Marie Folkedal, Folkedal, 5736 Folkedal, eigar av gnr. 126 bnr. 5. • Særeige: • Vigdis Reisæter, Kvanndal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 136 bnr. 2. • Kjellaug Gunvor Kjeka, Kvandal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 136 bnr. 4. 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 m.fl Indre Hordaland jordskifterett 2 • Anna Bystøl, 5736 Granvin, eigar av gnr. 136 bnr. 12. Eigedomane ligg i Granvin kommune. Til stades: For Nils Brekke sitt bu møtte Per Ivar Thorsen, Kjetil Brekke, for Kjetil Brekke møtte i tillegg Jostein Kolskår med fullmakt, Åge Elvatun, for Anna C. Varenius og Svein H. Ovrid møtte Herman Ovrid med fullmakt, Ivar Folkedal, Ingebjørg Hamre, Signe Marie Folkedal, Vigdis Reisæter og Kjellaug Gunnvor Kjeka, Gunnar E. Kaland, for Gunnar E. Kaland møtte i tillegg Hilde Kongsrud Kaland med fullmakt. Dessutan møtte Johannes Hamre, sambuar med Signe Folkedal, og Tore Kristoffersen, ektefelle til Vigdis Reisæter. Adv. Torgils Bryn, postboks 188, 5701 Voss, representerer Vigdis Reisæter . På spørsmål hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var samansett på. Jordskiftedommaren gjorde greie for at føremålet med saksførebuande møte er å avklare partstilhøva og å få oversyn over dei problema som ein ønskjer å få løyst. Dommaren gjorde merksam på at det ikkje blir teke realitetsavgjerder i dette møtet. Partslista vart gjennomgått. Adv. Torgils Bryn opplyste at Anna Bystøl, eigar av gnr. 136 bnr. 12, truleg er part. Ho er difor ført opp i partslista. Det var semje om at Kvanndalselvi er grense mellom eigedomane på vest- og eigedomane på austsida. Gnr. 136 bnr.1 og gnr. 136 nr. 8 går difor ut som partar. Følgjande dokument vart framlagde: 1 Krav om sak for jordskifteretten, med 7 vedlegg, datert 22.11.2009. 1.1 Kopi av Hardager og Voss sorenskriveris tingbok Ed nr. 5, 1772-1776 fol 3b, grensegang mellom Kvanndal og Folkedal. 1.2 Kopi av grensegangforretning for plassen Holstø, Halden 9. juli 1891. 1.3 Kopi av protokoll for "utskiftning" av Nedre Folkedal sin hamnegang, 1910-1911. 1.4 Kopi av skylddelingsforretning for gnr. 136 bnr. 8, halden 19. sept. 1913. 1.5 Kopi av rettsbok for Voss jordskifterett i sak nr. 16/1993. 1.6 Kopi av utdrag av møtereferat for Granvin heradstyre for møtet 12. nov. 1923 og 30. des. 1930. 1.7 Kopi av økonomisk kartverk over aktuell strekning i Kvanndalen. 2 Kopi av forkynning for partane om at jordskifteretten har motteke krav om sak, datert 22.1.2010. 3 Skriv med to vedlegg frå adv. Torgils Bryn, dagsett 12.02.2010. 3.1 Kart over hjortevald i området Kvanndal – Folkedal i Granvin herad. 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 m.fl Indre Hordaland jordskifterett 3 3.2 Kopi av kart over kommunegrensa mellom Granvin og Kinsarvik. 4. Kopi av skriv til partane om vidare handsaming av saka, dagsett 24.02.2010. 5. Kopi av innkalling til saksførebuande rettsmøte, datert 3.04.2013. 6. Mottakskvitteringar, 13 stk. 7. Fullmakt frå Kjetil Brekke til Jostein Kolskår, innlevert i møtet i dag. 8. Fullmakt frå Gunnar E. Kaland til Hilde Kongsrud, dagsett 8.5.2013. 9. Fullmakt frå Svein Helge Ovrid og Anna Caroline Varenius til Hermann Ovrid, dagsett 8.05.2013. Dokumenta blei gjennomgått i nødvendig grad. Jostein Kolskår gjorde nærare greie for kravet. Han viste til dei dokumenta han støtta seg til. Han meinte Helgastøl sameige kom ned til elva på strekninga mellom Gapheller og Kvanngjelsfossen. Adv. Torgils Bryn hevda gnr. 136 bnr. 2 var eigar av eit areal frå Gapheller og nordover på austsida av Kvanndalselva. Han støtta seg på økonomisk kartverk og bruken av området. Den vidare framdrifta av saka vart drøfta. Neste møte i saka vart avtalt til 21. og 22. august 2013. Det møtet vil omfatte synfaring og hovudforhandling i tvistespørsmålet. Det vart semje om at innkallinga kan sendast i vanleg brev med minst 14 dagars varsel, jf. jordskiftelova § 14. Dokument må vere sendt inn til retten innan 2. august 2013. Det same gjeld oppgåve over dei vitne partane ønskjer å føre. Saka vart utsett til 21. august 2013. Utskrift av rettsboka frå dette møtet blir send til partane i vanleg brev. På spørsmål hadde ingen av partane merknader til forhandlingane i dag. Retten heva. Granvin, 08.05.2013 ………………………… Hans Ruud (sign.) Domstol: Indre Hordaland jordskifterett. Møtedag: 21.08.2013. Stad: Melandshagen i Granvin. Sak nr.: 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 mfl. - utsett frå 08.05.2013. Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova §§ 88 og 88a. 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 m.fl Indre Hordaland jordskifterett 4 Rettsleiar: Jordskiftedommar Hans Ruud. Meddommarar: Stein Olav H. Kolås, 5730 ULVIK. Eva Kristin Dahl, 5730 ULVIK. Protokollførar: Hans Ruud. Saka er kravd av: Åge Elvatun, Hermann Ovrid, Nils Brekke og Martha Brekke. Til handsaming: 1 Fremming av saka. 2 Hovudførehaving i tvist om eigedomstilhøve og grenser. Partar: • Helgastøl sameige: • Nils Brekke sitt bu v/Per Ivar Thorsen, Øvre Kleppevegen 77, 5300 Kleppestø, eigar av gnr. 127 bnr. 1. • Kjetil Brekke, 5736 Granvin, eigar av gnr. 127 bnr. 2 og gnr. 126 bnr.6. • Åge Elvatun, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 127 bnr. 5. • Anna C. Varenius og Svein H. Ovrid, Øvre Folkedal, 5736 Granvin, eigarar av gnr. 128 bnr. 1 • Håli sameige: • Ivar Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 1. • Ingebjørg Hamre, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 2. • Gunnar Folkedal, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 3. • Signe Marie Folkedal, Folkedal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 126 bnr. 5. • Særeige: • Vigdis Reisæter, Kvanndal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 136 bnr. 2. • Kjellaug Gunvor Kjeka, Kvandal, 5736 Granvin, eigar av gnr. 136 bnr. 4. • Anna Bystøl, 5736 Granvin, eigar av gnr. 136 bnr. 12. Prosessfullmektigar: Adv. Torgils Bryn, Postboks 188, 5701 VOSS representerer Vigdis Reisæter Adv. Endre Grande, postboks 43 Nygårdstangen, 5838 BERGEN representerer Åge Elvatun, Anna C. Varenius og Svein H. Ovrid, Nils Brekke sitt bu v/Per Ivar Thorsen og Kjetil Brekke. Eigedomane ligg i Granvin kommune. 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 m.fl Indre Hordaland jordskifterett 5 Til stades: For Nils Brekke sitt bu møtte Per Ivar Thorsen, Kjetil Brekke, for Kjetil Brekke møtte i tillegg Jostein Kolskår med fullmakt, Åge Elvatun, for Anna C. Varenius og Svein H. Ovrid møtte Herman Ovrid med fullmakt, Ivar Folkedal, Signe Marie Folkedal, Vigdis Reisæter, Kjellaug Kjeka og Anna Bystøl Dessutan møtte Åsmund Elvatun og Tore Kristoffersen, ektefelle til Vigdis Reisæter, og prosessfullmektigane advokatane Endre Grande og Torgils Bryn Dei andre partane var lovleg innkalla, men møtte ikkje. På spørsmål frå jordskiftedommaren hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var samansett på. Ingen kjende til noko som kunne tilseie at retten er inhabil. Stein Olav H. Kolås har ikkje gjort teneste som jordskiftemeddommar før. Jordskiftedommaren gjorde han kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Han skreiv under slik Lovnad. Eg lovar at eg i denne saka og i alle framtidige jordskiftesaker vil gjere pliktene mine som jordskiftemeddommar ærleg og med truskap. ………………………………….. Stein Olav H. Kolås Framlagde dokument: 10. Oppnemning og innkalling av meddommarar og varameddommarar, dagsett 18.07.2013. 11. Innkalling til rettsmøte dagsett 18.07.2013, vedlagt adresseliste og svarslippar. 12. Merknad frå Ingebjørg Hamre, dagsett 20.07.2013, vedrørande partsstatus. 13. Prosesskriv frå adv. Endre Grande, dagsett 29.07.2013, vedlagt: 13.1 kopi av utdrag frå avisa Hordaland, av 29.07.2006, vedr. kraftutbygging av Kvanndalselva. 13.2 Kopi av ufullstendig avskrift av marsteinsforretning 1772 ved Ola H. Kvandal av 24/1-1911. 13.3 Kopi av notat av 12/4-2007 v/adv. Lunde vedr. utbygginga av Kvanndalselva, med 2 vedlegg. 13.4 Kopi av utskrift frå Ullensvang forlikskommisjon av 14. august 1815. 13.5 Kopi av Gulating lagmannsrett sin dom av 23/7-1942, vedr. stølsgrenser. 14. Brev frå adv. Endre Grande dagsett 2/8-2013, vedlagt: 14.1 Avskrift av "Husmands festeseddel" av 7. februar 1820 frå Omund Haldorsen Fylkedal til Arne Pedersen Fylkedalen. 15. Kopi av skriv til partar og meddommarar, oversending av dok. mottekne frå adv. Endre Grande, dagsett 6.8.2013. 16. Prosesskriv frå adv. Torgils Bryn, dagsett 13.08.2013, vedlagt: 16.1 Kopi av skylddeling på deling av gnr. 136 bnr. 1, halden i 1752. 16.2 Kopi av tinglyst avtale mellom Johan Reisæter og A/S Ottesen & CO Kullforretning, dagsett 9. februar 1942. Rettsleiaren gjekk gjennom påstandane frå partane, påstandsgrunnlaga og prova som føreligg i saka. 1230-2009-0024 HELGASTØL SAMEIGE GNR 127 m.fl Indre Hordaland jordskifterett 6 Advokat Endre Grande framstilte saka.
Recommended publications
  • 990 Buss Rutetabell & Linjerutekart
    990 buss rutetabell & linjekart 990 Odda-Kinsarvik-Bu-Granvin-Voss Vis I Nettsidemodus 990 buss Linjen Odda-Kinsarvik-Bu-Granvin-Voss har 8 ruter. For vanlige ukedager, er operasjonstidene deres 1 Bu 07:55 2 Bu 13:55 - 15:05 3 Granvin 20:30 4 Kinsarvik 06:30 5 Lofthus 15:25 6 Odda 09:10 - 22:35 7 Odda - Odda Vgs 07:10 8 Voss 05:50 - 17:25 Bruk Moovitappen for å ƒnne nærmeste 990 buss stasjon i nærheten av deg og ƒnn ut når neste 990 buss ankommer. Retning: Bu 990 buss Rutetabell 26 stopp Bu Rutetidtabell VIS LINJERUTETABELL mandag 07:55 tirsdag 07:55 Voss Stasjon onsdag 07:55 Voss Tinghus torsdag 07:55 Langebrua fredag 07:55 Uttrågata 45, Vossevangen lørdag 15:50 Esso Hardangervegen Hardangervegen 23, Vossevangen søndag Opererer Ikke Vetle≈aten Hardangervegen 50, Vossevangen Bryna≈aten 990 buss Info Brynavollen 15, Vossevangen Retning: Bu Stopp: 26 Palmafossen Reisevarighet: 61 min Tjukkebygdvegen 11, Vossevangen Linjeoppsummering: Voss Stasjon, Voss Tinghus, Langebrua, Esso Hardangervegen, Vetle≈aten, Lia≈aten Bryna≈aten, Palmafossen, Lia≈aten, Rene, Kinne, Brynalii 155, Norway Mønshaugen Rv.13, Stolsbrui, Bjørgum, Filipshaugen, Dalsleitet, Flatlandsmoen, Svelgane, Rene Seim Rv. 13, Hollve, Trå, Granvin Kyrkje, Hausnes, Renesvegen 4, Norway Kjerland Kryss, Granvin Terminal, Kodlanes, Bu Terminal Kinne Mønshaugen Rv.13 Stolsbrui Bjørgum Filipshaugen Istadbakken, Norway Dalsleitet Flatlandsmoen Svelgane Seim Rv. 13 Nesheimsvegen, Norway Hollve Trå Hardangervegen 2101, Norway Granvin Kyrkje Hausnes Hardangervegen 2281, Norway Kjerland Kryss
    [Show full text]
  • The Realisation of Traditional Local Dialectal Features in the Address Names of Two Western Norwegian Municipalities DOI: 10.34158/ONOMA.54/2019/4
    Onoma 54 Journal of the International Council of Onomastic Sciences ISSN: 0078-463X; e-ISSN: 1783-1644 Journal homepage: https://onomajournal.org/ The realisation of traditional local dialectal features in the address names of two Western Norwegian municipalities DOI: 10.34158/ONOMA.54/2019/4 Wen Ge University of Iceland Sæmundargata 14 102 Reykjavík Iceland [email protected] To cite this article: Wen Ge. 2019. The realisation of traditional local dialectal features in the address names of two Western Norwegian municipalities. Onoma 54, 53–75. DOI: 10.34158/ONOMA.54/2019/4 To link to this article: https://doi.org/10.34158/ONOMA.54/2019/4 © Onoma and the author. The realisation of traditional local dialectal features in the address names of two Western Norwegian municipalities Abstract: Norway is often seen as a dialect paradise: it is acceptable to use dialects in both private and public contexts. Does this high degree of dialect diversity and tolerance also apply to Norwegian place-names? In order to shed light on this question, I will examine address names in two former municipalities in Hardanger, a traditional Western Norwegian district, as for the degree of the visibility of a selection of the traditional local dialectal features. Features retained in the names will be evaluated in terms of to what extent they are permitted by the current place-name regulations, so as to see whether dialect diversity and tolerance apply to Norwegian place-names. Keywords: Place-name standardisation, rural area, traditional dialect, Norway. 54 WEN GE La réalisation de caractéristiques dialectales traditionnelles et locales dans les noms d’adresses dans deux communautés dans l’ouest de la Norvège Résumé : La Norvège est souvent perçue comme un paradis des dialectes : leur emploi est universellement accepté dans les contextes même privés comme publiques.
    [Show full text]
  • Norway's 2018 Population Projections
    Rapporter Reports 2018/22 • Astri Syse, Stefan Leknes, Sturla Løkken and Marianne Tønnessen Norway’s 2018 population projections Main results, methods and assumptions Reports 2018/22 Astri Syse, Stefan Leknes, Sturla Løkken and Marianne Tønnessen Norway’s 2018 population projections Main results, methods and assumptions Statistisk sentralbyrå • Statistics Norway Oslo–Kongsvinger In the series Reports, analyses and annotated statistical results are published from various surveys. Surveys include sample surveys, censuses and register-based surveys. © Statistics Norway When using material from this publication, Statistics Norway shall be quoted as the source. Published 26 June 2018 Print: Statistics Norway ISBN 978-82-537-9768-7 (printed) ISBN 978-82-537-9769-4 (electronic) ISSN 0806-2056 Symbols in tables Symbol Category not applicable . Data not available .. Data not yet available … Not for publication : Nil - Less than 0.5 of unit employed 0 Less than 0.05 of unit employed 0.0 Provisional or preliminary figure * Break in the homogeneity of a vertical series — Break in the homogeneity of a horizontal series | Decimal punctuation mark . Reports 2018/22 Norway’s 2018 population projections Preface This report presents the main results from the 2018 population projections and provides an overview of the underlying assumptions. It also describes how Statistics Norway produces the Norwegian population projections, using the BEFINN and BEFREG models. The population projections are usually published biennially. More information about the population projections is available at https://www.ssb.no/en/befolkning/statistikker/folkfram. Statistics Norway, June 18, 2018 Brita Bye Statistics Norway 3 Norway’s 2018 population projections Reports 2018/22 4 Statistics Norway Reports 2018/22 Norway’s 2018 population projections Abstract Lower population growth, pronounced aging in rural areas and a growing number of immigrants characterize the main results from the 2018 population projections.
    [Show full text]
  • On Some Valleys, Terraces and Moraines in the Bergen District, Norway
    33 ON SOME VALLEYS, TERRACES AND MORAINES IN THE BERGEN DISTRICT, NORWAY. By HORACE WOOLLASTON MONCKTON, TRRAS. L.S., F.G.S. (Read Tanuary 3rd, 1913.) I.-THE VALLEY OF THE FJlERLANDS FJORD 33 II.-SKJOLDEN AND THE LYSTER FJORD 37 1II.-VIK EIDFJORD 42 IV.-SIMODAL 44 V.-THE StiR FJORD AND THE SANDVEN LAKE 45 VI.-THE VALLEY OF THE GRANVIN LAKE 47 VII.-NoRHEIMSUND AND TOKAGJELET 49 I.-THE VALLEY OF THE FJLERLANDS FJORD. N my Address to the Association in 1903 I explained that the I present surface of the Bergen District may be divided into-- I. An oldest land surface, now the high plateaux. 2. The Palseic Surface, an adaptation of Dr. Reusch's term palceiske ouerfiate. 3. The Fjord Valleys, this term to include both the part of the valley now below the sea and also the part of the same valley or system of valleys which is now above the sea-level. The valley in which the Fjserlands Fjord lies, together with valleys at its head, Boiumdal and Suphelledal, belong accord­ ingly to the class Fjord-valleys. During our Excursion of 191 I (see References, 19 I 2, pp. 47-51) we spent three nights at Mundal (see the Map, Fig. 3), and visited the Boium Valley with its glacier, and the Suphelle Valley, with the first of the two glaciers which flow into it (No.3 on the Map, Fig. 3). Some of our party also mounted to the top of the Frudalsbrre, a small snow-field on the mountains to the east of the fjord.
    [Show full text]
  • Kartlegging Og Verdisetting Av Naturtypar I Granvin Herad
    Kartlegging og verdisetting av Naturtypar i Granvin Granvin herad og Fylkesmannen i Hordaland 2005 MVA-rapport 6/2005 Kartlegging og verdisetting av Naturtypar i Granvin Granvin herad og Fylkesmannen i Hordaland 2005 MVA-rapport 6/2005 Foto på framsida, frå toppen (Foto: 1, 2, 4 og 5 Rannveig Djønne, 3 Hans A. Haugse) 1) Styva ask i Folkedal, 2) Granvindeltaet naturreservat med Joberget naturreservat (edellauvskog) i bakgrunnen, 3) Reinrose, 4) Skjervefossen, 5) Raudsildre Ansvarlege institusjonar Rapport nr: Granvin herad og Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga MVA-rapport 6/2005 Tittel: ISBN: 82-8060-045-0 Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Granvin. ISSN: 0804-6387 Forfattar: Tal sider: Rannveig Djønne 49 Kommunalt prosjektansvarleg: Dato: Hilde Gunn Stenseth (jordbrukssjef/planleggjar og miljøvernansvarleg) 25.02.2005 Samandrag: Føremålet med prosjektet har vore å kartlegge og verdisette naturtypar som er viktige for biologisk mangfald i Granvin herad. Målet er at denne oversikta over viktige naturområde skal bli brukt i arealplanlegginga, slik at ein kan ta omsyn til desse områda. Informasjon er samla inn ved hjelp av litteratursøk, informasjon frå fagfolk, bruk av lokal kunnskap og feltarbeid. Metodikken følgjer DN-handbok 13-1999: ”Kartlegging av naturtyper og verdisetting av biologisk mangfold”. 15 av naturtypane skildra i DN-handboka er registrerte i Granvin. Dei er fordelte på sju av hovudtypane skildra i DN-handboka. Myr er ikkje representert, men dei største myrområda i heradet bør undersøkjast nærmare. Det er registrert til saman 47 lokalitetar som er verdisett etter ein tredelt skala. 26 område er vurdert som svært viktige (A-område), 14 som viktige (B- område) og 7 som lokalt viktige (C-område).
    [Show full text]
  • The Delius Society Journal
    Spring 1989, Number 100 The Delius Society Journal - The Delius Society Journal Spring 1989, Number 100 The Delius Society Full Membership £8.00 per year Students £6.00 USA and Canada US$17.00 per year President EricFenbyOBE,HonDMus,HonDLittHonRAM,FRCM,HonFTCL Vice Presidents Felix Aprahamiam Hon RCO Roland Gibson MSc, PhD (Founder Member) Sir Charles Groves CBE Meredith Davies CBE, MA, BMus, FRCM, Hon RAM Norman Del Mar CBE, Hon DMus Vernon Handley MA, FRCM, D Univ (Surrey) Chairman RB Meadows 5 Westbourne House, Mount Park Road, Harrow, Middlesex Treasurer Peter Lyons 160 Wishing Tree Road, St. Leonards-on-Sea, East Sussex Secretary Miss Diane Eastwood 28 Emscote Street South, Bell Hall, Halifax, Yorkshire Tel: (0422) 50537 Editor Stephen Lloyd 85a Farley Hill, Luton, Bedfordshire LUI 5EG Tel: Luton (0582) 20075 2 CONTENTS Through Norway in Delius's Footsteps - Part Two by Roger Buckley ........................... .. 3 Philadelphia Orchestra performs Eventyr by Rolf Stang 15 The 29th Annual Delius Festival in lacksonville by Thomas H Gunn 18 Dr Fenby: The War-time Years 21 Obituary: Gilbert Parfitt 22 Forthcoming Events. ............................................. .. 24 Although this is numbered the lOOth issue of the Delius Society Journal (formerly called Delius Society Newsletter), in fact the numerical sequence began, curiously, at issue number four which was preceded in the early days ofthe Society by fourteen unnumbered publications. An index to the Journals has been long overdue, and the 'IOOth' issue now seems the appropriate moment for such a volume to appear. An index is currently being compiled which, it is hoped, will also in part reflect the functions of the Society over the years ofits existence.
    [Show full text]
  • Economuseum, Guided Tours and Catering. Sale of Home-Made Farm Produce
    Economuseum, guided tours and catering. Sale of home-made farm produce. EXPERIENCE SYSE GARD (Syse farm) - ULVIK I HARDANGER SYSE GARD, Ulvik i Hardanger A typical Western Norwegian farm specializing in sheep and fruit farming. Our home-made products include apple juice, various fruit preserves and sausages as well as smoked and cured meats. FARM OUTLET HOME-MADE PRODUCE Gift packages and baskets of various sizes. Please see our selection and opening hours at sysegard.no GUIDED TOURS – Welcome to our farm! Taste home-made products from our outlet, and see how we make them. Cider and home-made beer is also served. We welcome groups for guided tours and catering. A SPECIAL COMPANY OUTING: Experience daily life on the farm. Please see sysegard.no MEETING AND CATERING We have a well equipped assembly room above our farm outlet. Combine your meeting or workshop with a tour and a meal based on the farm’s home-made products. Various fruit produce and lamb are the main ingredients. For more information and ordering please see: sysegard.no In 2013 SYSE GARD was awarded The distinction, ECONOMUSEUM An Économusée is not a traditional museum, but a living and breathing artisans workshop. In addition to production and sale of traditional craft visitors are shown craftsmanship in a historical context. THE ÉCONOMUSÉE EXPERIENCE IS… • To meet inspired craftsmen in their own environment • To learn something new about something old in a fascinating workplace • Presenting living craftsmanship and traditional knowledge • Preserving culture and tradition •
    [Show full text]
  • JOLEKVELD I KYRKJELYDEN Kyrkjenytt for Vossabygdene Nr
    JOLEKVELD I KYRKJELYDEN Kyrkjenytt for Vossabygdene Nr. 7 | 2020 | 79 årg. 1 KYRKJA I VOSS Innhald Jolekveld i kyrkjelyden Bladet vert sendt til alle 3 Joleandakt husstandar på Voss, men 4-6 Granvin kyrkje er også å få tak i i Voss 7-8 Intervju med Olav og Hildibjørg Trå Bokhandel og på kyrkje- kontoret på Holbergsplass. 9-10 Treskjerartunet – handverks- Bladet er i utgangspunktet tradisjon i Myrkdalen gratis, men me ser gjerne 11-12 Stola – kva er det? at de nyttar den innlagde giroen til å betala for bla- 13-14 Fedrelandssalmen 130 år det. 15 Nytt frå misjonsprosjektet 16 Trygg og julefeiring for alle 17-18 Eitt år med kyrkja i Voss Redaksjonsnemda vil takka annonsørane våre og alle som har kome med idear 19-21 Eitt år med Trusopplæring og ytt hjelp til stoffet og bileta i jolebladet. 22-27 Konfirmantar 2020 30 Kyrkjelege handlingar Me vil få ynskja lesarane våre ei signa 31 Gudstenestelista jolehøgtid i heim og kyrkjelyd, og eit godt år i vente. Kyrkjekontoret: Organist Frode Vik Prostiprest Arnulf Sandvik Kontortid måndag, onsdag, fredag 9-15. 952 62 084 416 75 658 Opningstidene kan verte endra på kort e-post: [email protected] e-post: [email protected] varsel grunna korona-situasjonen. Organist Vossestrand Ellen Marie Selland Geit- Sokneprest i Evanger og Bolstad Frode Uttrågt. 5, pb 49, 5701 Voss hung 980 64 594 Kvamsøe 901 96 514 Telefontid måndag-fredag 9-15. e-post: [email protected] e-post: [email protected] Telefon 56 52 38 80 Kyrkjetenar Bolstad Anny Forthun Soknerådsleiarar: www.voss.kyrkja.no, [email protected] 481 36 520 Evanger: Nora Mykkeltvedt 952 79 970 konto.nr.
    [Show full text]
  • This Itinerary Is Not Valid As a Ticket
    Last updated: 24.05.2019 This is a “Travel like the locals” tour. The tours use public transport, i.e. regular buses, ferries and boats, but we have done the planning for you so that you can concentrate on enjoying your trip. You travel on your own - there is no guide or tour leader. On most of our tours you must change several times between different buses/ferries/boats, and it is up to you to make sure you catch your connections – truly travelling like a local! (The tours are set up so that the buses, ferries and boats connect.) Visit the beautiful village of Ulvik Voss - Ulvik - Granvin - Voss Travel to Ulvik, a village at the corner of the Hardangerfjord, situated between steep and snowclad mountains. Ulvik is reachable within an hour from Voss, and you will have plenty of time to explore. In Ulvik you will find the only fruit- and ciderroute in Norway, with three independent farmers professionally producing apple cider and other tasty farmyard produce. Take a lyrical stroll in the Olav H. Hauge Centre or just enjoy the calmness of the village. During summer and autumn there are several options for hiking in the surrounding mountains. You can also do some exploring on a bike or from a kayak on the fjord. Visit the Tourist Information for additional recommendations. While you are there, remember to browse at the locally produced products which are available for purchase. 01 May - 30 September: the bus to Ulvik will pass Skjervsfossen waterfall, and goes via Espelandsdalen valley. Departure from: Voss Station This itinerary is not valid as a ticket.
    [Show full text]
  • Moglegheitsanalyse for Fire Område Ved Hardangerbrua 22
    Moglegheitsanalyse for fire område ved Hardangerbrua 22. november 2010 Moglegheitsstudie for fire område ved Hardangerbrua 2 Moglegheitsstudie for fire område ved Hardangerbrua FORORD Utgreiinga kjem som følgje av at Hardangerrådet sommaren 2010 inviterte nokre fagmiljø til å utarbeide ”Moglegheitsanalyse for fire område ved Hardangerbrua”. Hardangerbrua med tilførselsvegar er under bygging og vil stå ferdig i juni 2013. Kommunane Ullensvang, Granvin, Ulvik og Eidfjord har i samråd gjort vedtak om å gjennomføre moglegheitsanalysa for områda Bu, Vallavik, Brimnes ferjekai og Bruravik ferjekai. Kontaktperson for oppdragsgjevar har vore Harald Næss i Eidfjord kommune. Rapporten er skreve av samfunnsgeograf (cand.polit.) Pelle Engesæter. Siv.ark. Mari Rommetveit har utarbeidet arealbruksskissene, siv.ark. Pål Bjørkhaug og siv.ing. Raymond Tuv (alle Norconsult) har foretatt vurdering av investeringsbehovet for dei føreslegne tiltaka. Bergen 22.november 2010 3 Moglegheitsstudie for fire område ved Hardangerbrua 4 Moglegheitsstudie for fire område ved Hardangerbrua Innhald Forord.................................................................................................................... 3 1 Innleiing ......................................................................................................... 7 1.1 Bakgrunn ......................................................................................................... 7 1.2 Mandat ...........................................................................................................
    [Show full text]
  • Kulturminneplan Granvin Herad
    Kulturminneplan for Granvin herad Kulturminneplan Granvin herad 1 2016 «Det som kan hende er mest vanskelig, er å sette denne utviklinga i det rette tidsperspektiv. Men vi forstår at dei kulturminna vi i dag utnyttar og til dels forbrukar ikkje alltid kan erstattast. Det er derfor å vone at folket i desse bygdene også i framtida vil forstå at eit naudsynt grunnlag for ei fornuftig disponering av kulturminna er kunnskap om desse ressursane». Lett omskriving av sitat av Noralf Rye i bygdeboka om Granvin (1977: 87). 2 2016 Innhald SMIL-midlar (Spesielle Miljøtiltak I Landbruket) ________________ 17 Forord ________________________________________________ 5 Stiftinga UNI _____________________________________________ 17 Ta et tak – norsk kulturarv _________________________________ 17 Planprogrammet for kommunedelplan i Granvin herad __________ 6 Lokale stiftingar __________________________________________ 17 Kulturminne i planverk og Stortingsmeldingar _________________ 8 Andre legat og ulike sparebankfond __________________________ 17 Hordaland fylkeskommunes rolle i plan- og forvaltingsarbeidet ____ 8 Naturforholda i Granvin _________________________________ 19 Stortingsmeldingar ________________________________________ 8 Kulturhistoria til Granvin ________________________________ 23 Lovverket _____________________________________________ 10 Lov om kulturminner av 9. juni 1978 _________________________ 10 Prioritering av kulturminne i Granvin herad __________________ 26 Korleis vurdere kulturminna? _____________________________ 13 Gardar
    [Show full text]
  • VOSS HERAD Kommuneplan 2020-2031 SENTERSTRUKTUR Folkemengde Pr
    VOSS HERAD Kommuneplan 2020-2031 SENTERSTRUKTUR Folkemengde pr. Folketal og 1.1 2018 2031 2040 folketalsutvikling Folkemengde 15576 Hovudalternativet 16394 16976 (MMMM) Høg nasjonal vekst 16977 18251 (HHMH) Tabell 2: Folkemengde 2018 og fremskrevet folkemengde for Voss herad* pr. 1.1 i to alternativ. Kjelde: SSB, Befolkningsframskriving 2018. Vest: Bolstad, Evanger. Regionsenteret: Voss sentrum Nord: Vinje Aust: Skulestadmoen, Palmafossen, Bjørgum Sør: Granvin, Oksen PLANSONER I VOSS HERAD Einebustader/våningshus: 5650 Bustadanalyse: Bustadblokker: 965 Bu-einingar etter type - 2018 Tomannsbustader: 907 Rekkehus, kjedehus, andre småhus: 444 Bustadanalyse: Hushald – 2018 Antall Endring fra 2018 Husholdninger 2018 2031 2040 Par m/barn (yngste 0-17 år) 1632 24 33 Bustadanalyse: Mor/far m/barn (yngste 0-17 år) 350 7 7 Hushald- Flerfamiliehusholdninger 356 16 23 framskrivng Enfamiliehushold. m/voksne barn 746 4 21 Par u/hjemmeboende barn 2062 183 241 Aleneboende 3021 296 471 Andre husholdninger 0 0 0 Uoppgitt 0 0 0 Totalsum 8166 531 796 Tabell 5: Framskrivning av husholdninger med trendflyttemodellen. Kilde: KOMPAS/SSB. Antall Endring fra 2018 Delområde/plansone 2018 2031 2040 Vest 393 -28 -34 − Bolstad 143 -13 -17 − Evanger 250 -15 -17 Voss sentrum 3983 470 707 − Voss sentrum 3983 470 707 Bustadanalyse:Endring i Nord 769 5 12 hushaldningar per − Vinje 769 5 12 delområde/plansone Aust 2418 68 89 − Palmafossen 871 10 17 − Skulestadmoen 1070 -3 -16 − Bjørgum 476 61 89 Sør 604 17 22 − Granvin 552 25 34 − Oksen 52 -9 -12 Totalsum 8166 531 796 Voss herad sin bustadmasse er dominert av einebustader. Denne typen bustader er attraktiv for barnefamiliar som vil flytta til kommunen.
    [Show full text]