En Utenrikspolitisk Amatør?» Einar Gerhardsen Som Statsmann 1955–58
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
HALLVARD TJELMELAND «en utenrikspolitisk amatør?» einar Gerhardsen som statsmann 1955–58 Diskusjonen om norsk tryggings- og utanrikspolitikk blant norske histo- rikarar, som i politikken, har vore stillferdig og konsensussøkande. Det vil ikkje seia at det ikkje har vore nyansar i oppfatningane, men meinings- divergens har som regel vore implisitt, dei ulike oppfatningane har levd sine parallelle liv. Det inneber også at spørsmål av ganske stor rekke- vidde, fagleg og politisk, i liten grad har blitt diskutert på eit fagleg grunnlag. Slikt har vore overlatt til lettvinte presentasjonar i media. Det hender likevel at historikarar på dette feltet fleskar til med friske oppfat- ningar, men då har dei ofte karakter av truismar – tonen har kunna vera skarp og ironiserande fordi det har lege ein hegemonisk tradisjon i botn, som få har utfordra. Eg har i ein artikkel kalla den for «ristetradisjonen», etter nestoren på feltet, Olav Riste.1 Noko av kritikken eg rettar mot riste- tradisjonen, gjeld at den etter mi meining føreset implisitte normer om kva som må liggja til grunn for småstatspolitikk: nemleg realismens føre- setnader om at makttilhøva avgjer den internasjonale politikken og at småstatane tilpassar seg denne. Avvik frå dette må då forklarast ut frå særeigne forhold utanfor maktpolitikken, som til dømes ein tradisjon for «nasjonal internasjonalisme» eller andre tilhøve som blir tillagt norsk politisk mentalitet.2 Eg vil argumentera for at slike truismar om kva som ligg til grunn for handlingane til norske tryggingspolitiske aktørar, kan koma i eit anna lys dersom ein hevar blikket utover det nasjonalstatlege nivået og ser norsk politikk i eit vidare perspektiv. Tesen om einar Gerhardsen som utanrikspolitisk amatør I denne artikkelen ønskjer eg å diskutera eit døme på ein slik truisme, ei haldning som har festa seg i delar av litteraturen om norsk tryggings— 7 Arbeiderhistorie 2009 politikk. Det dreiar seg om Einar Gerhardsen si tryggingspolitiske nyori- entering frå han tok over igjen som statsminister etter Oscar Torp i 1955. Det var då skismaet mellom han og partisekretær Haakon Lie for alvor byrja å utvikla seg. Det er tre handlingar som særleg har vore omtalt. Det gjeld Einar Gerhardsen si reise til Moskva i oktober 1955. Det gjeld «Gerhardsens store tale» på NATO sitt rådsmøte i Paris i desember 1957, og det gjeld freistnadene på å leggja til rette for eit toppmøte mellom USA og Sovjetunionen våren 1958. I det første tilfelle gjeld det påstanden om at Gerhardsen var svak overfor Sovjetunionen, dels på grunn av manglande utanrikspolitisk dugleik, dels om ei naiv oppfatning av sovje- tiske haldningar og motiv. Gerhardsens tale i Paris blir sett på som eit tryggingspolitisk overspel, kroneksemplet på hans amatørisme. Det etterfølgjande initiativet for å bidra til eit toppmøte blir gjerne nytta som døme på «misjonærimpulsen» i norsk utanrikspolitisk tradisjon, den moralistiske småstaten som gjer seg større enn det er grunnlag for.3 Eg vil i det følgjande diskutera desse oppfatningane nærare, ved å finna opphavet til dei og konfrontera dei med alternative tolkingar, både når det gjeld det empiriske underlaget og i forhold til kva tolkingsrammer som gir seg når ein set desse sakene inn i ein større kontekst. Gerhardsens reise til Moskva i 1955 Einar Gerhardsen si reise til Moskva i november 1955 vekte stor oppsikt i samtida og har også blitt tillagt stor betydning i ettertid. I verket Norsk utenrikspolitikks historie blir reisa omtalt som «et vendepunkt».4 Ikkje bare var Gerhardsen den første vestlege statsmannen som fekk invita- sjon til å besøka dei sovjetiske statsleiarane etter Stalin sin død, det innleia også eit norsksovjetisk samarbeid på ein del område, Einar Gerhardsen si som ifølgje Knut Einar Eriksen og Helge Øystein Pharo «trolig reise til Moskva i var mer omfattende enn det Sovjetunionen hadde med noe november 1955 vekte annet land i vestblokken».5 stor oppsikt i samtida Det var altså ei relativt dristig handling frå Gerhardsen si og har også blitt side i dåtidas kaldkrigsklima. Det var allmenn semje i partiet sitt tillagt stor betydning i sentralstyre, i regjeringa og i Stortingets utanriks- og konstitu- sjonskomité om at invitasjonen til Gerhardsen ikkje kunne ettertid. avslåast. Reisa vart då også grundig førebudd, både praktisk og politisk. Gerhardsen hadde med seg handelsminister Arne Skaug for å understreka betydninga av dei sivile relasjonane, mens utanriksminister Halvard Lange valte å ikkje bli med, for ikkje å aksentuera dei utanrikspo- litiske relasjonane for sterkt. Det var små motforestillingar mot å ta opp slike ting som kraftutbygging i Pasvik, samarbeid om tryggingsteneste i Barentshavet og sjølvsagt også frigiving av nordmenn i sovjetisk fangen- 8 skap, slike som Osvald Harjo. Det skal ha vore noko murring om utveksling Arbeiderhistorie 2009 av pressedelegasjonar i ettertid, eit tema som kom opp i samtalane i Moskva, men det var ikkje her slaga skulle koma til å stå etter heimkomst – og i historiske tilbakeblikk. Det gjaldt først og fremst to forhold: At det i sluttkommunikeet kom med ei formulering om norsk basepolitikk og at Gerhardsen tok imot ein invitasjon om partisamarbeid mellom Det norske Arbeidarpartiet og det sovjetiske kommunistpartiet. Dette var ikkje spørsmål som vart gjenstand for offentleg diskusjon i samtida, men vi veit at det var strid om det i partiet. Dette veit ein blant anna frå eit notat i Einar Gerhardsens eige arkiv, der ein anonym rapportør refererte frå ein samtale etter ein middag der blant anna Lange og Skaug var tilstades. Her kom Lange med kritikk mot opplegget for reisa til Moskva. Han var misnøgd med å ikkje ha vore involvert i planlegginga. Han uttrykte dessutan misnøye med at sluttkommunikeet gjentok formuleringa i baseerklæringa. Det burde heller vera ei formu- lering om uendra basepolitikk. Elles var han mest oppøst over at Gerhardsen hadde med seg forslag om partisamarbeid. Gerhardsen hadde først avvist dette, men likevel tatt på seg å leggja fram eit slikt forslag for sentralstyret. Han hadde dessutan nemnd dette på ein regje- ringskonferanse like etter at han kom tilbake til Oslo. Det siste var eit særleg ankepunkt, og Mons Lid – som også var på møtet – forsvarte Gerhardsen med at han var trøtt.6 På sentralstyremøtet vart det samrøystes vedteke å avvisa forslaget. I svarbrevet vart utspelet «hilset med glede» som uttrykk for ønske om større gjensidig forståing, men avstanden mellom dei to partia var for stor til at kontakten kunne vera på partinivå. Derimot vart det takka ja til tilbodet om å senda ein delega- sjon frå norsk arbeidarpresse.7 Det er også andre kjelder til at Gerhardsen sine haldningar til denne reisa var omstridt i delar av partiet. I Haakon Lie sitt grunnleggjande oppgjer med Gerhardsen og gerhard- senfløya i Arbeidarpartiet i den første memoarboka han ga ut, ...slik jeg ser det, blir reisa til Moskva gjort til eit viktig vendepunkt. Den viste at noko hadde skjedd med Gerhardsen sitt syn på Sovjetunionen. Lie hadde ei kjensle av at «noe hang igjen» etter avvisinga av forslaget om parti- kontakt mellom SUKP og DNA, underforstått at Gerhardsen kunne vera open for det.8 Journalisten Per Øyvind Heradstveit følgde opp dette i si bok Einar Gerhardsen og hans menn frå 1981, basert på anonyme kjelder, men heile tida med slagside i retning av å referera Lie-fløya sine hald- ningar. Om opphaldet i Moskva heiter det at det var eit møte med Gerhardsen sine ungdomsidealer og «ubevisst måtte det vekke til live noen av de drømmene han som ung revolusjonær hadde hatt». Og her kjem ein ny referanse til anonyme kjelder, utan nokon form for kritisk atterhald: «Og det var her det irrasjonelle steg fram i hans tankeverden, hevdet folk i den indre krets av partiet. En del av hans ungdoms roman- tikk var aktivisert, ungdomsminnene ble levende, og han handlet politisk, 9 Arbeiderhistorie 2009 preget av dette.»9 Nå var det jo mange i arbeidarpartieliten i 1950-åra som hadde ein slik bakgrunn, så Heradstveit kombinerar dette med ein annan tese, nemleg at Gerhardsen var «litt av en Middelhavsfarer» (hermeteikna er Heradstveits eigne, endå ei anonym kjelde) når det gjaldt utanrikspolitikk. Det oppstod eit skisma mellom Gerhardsen som ville spela «en brobyggerrolle» internasjonalt på denne tida, og «den kjølig vurderende» utanriksminister Halvard Lange som ikkje tok dette alvorleg og – med Heradstveit sine ord – «var fortvilt over at noen kunne legge en slik naivitet for dagen».10 Det er også spor av slik analyse i faghistorikarane sine arbeid om dette spørsmålet. Ein medverkande årsak til dette kan nok vera den aukande interessa i samfunnstudia, også innanfor historiefaget, i å leita etter kultu- relle variablar i analysar av politisk handling. Den fyldigaste omtalen av Gerhardsen si nyorientering gir Finn Olstad i Gerhardsen-biografien frå 1999. Var reisa til Moskva uttrykk for realisme eller romantikk, spør han.11 Han gir ikkje eit heilt klart svar på sitt eige spørsmål, men tendensen i framstillinga heller klart i retning av at det i alle høve var eit viktig innslag av «romantikk», altså ein kontinuitet tilbake til hans ungdoms revolusjons- begeistring. Det blir hevda at Gerhardsen «var villig til å gå mye lenger enn sine medarbeidere i regjeringen og partiledelsen for å komme Sovjetuni- onen i møte». Olstad skaper eit inntrykk av at Gerhardsen var klar til å støtta forslaget om partisamarbeid og var aleine om det.12 I fleire saman- hengar understrekar Olstad at det allment var ein slik samanheng, eit ideo- logisk element i Gerhardsen sin tryggingspolitikk.13 Også i andre framstillingar blir det vist til forklaringar på Gerhardsen si reise som gjeld ideologi og haldningar til Sovjetunionen, i tillegg til politiske Rykta gjekk vidare moment som han sjølv la til grunn. I Eriksen og Pharo sitt bind enn bare til at Werna av utanrikspolitikkens historie blir det referert til samtidige Gerhardsen var naiv oppfatningar i og utanfor Noreg sine grenser om Gerhardsen og lot seg sjarmera.