Steinar Lorås Sæter Master.Pdf (3.608Mb)
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Steinar Lorås Sæter Språk og stil i det folkelege arbeidarpartiet Ei undersøking av tenkemåtar om forholdet mellom arbeidsfolk og akademikarar i Sosialistisk Venstreparti 1975-1977 Masteroppgåve Masteroppgåve i historie - lektorutdanninga Veileder: Ingar Kaldal Trondheim, mai 2017 NTNU Det humanistiske fakultet Det humanistiske Institutt for historiske studier historiske for Institutt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet teknisk-naturvitskaplege Noregs Steinar Lorås Sæter Språk og stil i det folkelege arbeidarpartiet Ei undersøking av tenkemåtar om forholdet mellom arbeidsfolk og akademikarar i Sosialistisk Venstreparti 1975-1977 Masteroppgåve i historie - lektorutdanninga Veileder: Ingar Kaldal Trondheim, mai 2017 Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet Det humanistiske fakultet Institutt for historiske studier Forord Ingar Kaldal har rettleia meg i arbeidet med denne undersøkinga, og eg takkar han for interessante samtalar, kritiske kommentarar og hjelpa han elles har gitt meg i arbeidet. Jostein Lorås har kommentert seine utkast til undersøkinga frå eit fagleg hald, og Astrid Sæter har kommentert språket og stilen. Takk til dokker båe to, og alle feil og manglar ved undersøkinga, faglege så vel som tekstlege, er sjølvsagt mine eigne. Sist, men ikkje minst, vil eg rette merksemda mot studiekameratane mine. Takk for fem lærerike og trivelege år. Steinar Lorås Sæter Trondheim, mai 2017 i ii Innhald 1. Innleiing .............................................................................................................................................. 1 Problemstilling ............................................................................................................................... 2 Motivasjon og aktualitet ............................................................................................................... 4 Relevant forsking og litteratur ..................................................................................................... 4 Teoretiske perspektiv .................................................................................................................... 5 Ny Tid ............................................................................................................................................. 6 Metodiske refleksjonar ................................................................................................................. 8 Oppgåvestruktur ......................................................................................................................... 11 2. Historisk bakgrunn og samfunnskontekst .................................................................................... 13 Ml-bevegelsen ............................................................................................................................... 13 Spenningane i SV ......................................................................................................................... 15 Klasseanalysen ............................................................................................................................. 17 3. Språk og teori................................................................................................................................... 23 Finn Gustavsen og Dagfinn Jacobsen ........................................................................................ 24 Kontrast-miljøet .......................................................................................................................... 26 Den redaksjonelle linja ............................................................................................................... 27 Ytringar frå arbeidsfolk.............................................................................................................. 30 Leiarskapen og det arbeidarnære språket ................................................................................ 32 Arbeidarromantikken i SV ......................................................................................................... 33 Kritikk og sjølvkritikk blant studentar og akademikarar ....................................................... 36 Oppsummering ............................................................................................................................ 37 4. Handlingsfellesskapet ...................................................................................................................... 39 Uro i SV sin faglege leiarskap..................................................................................................... 39 Ragnar Kalheim .......................................................................................................................... 41 Nylandsarbeidarar og sosialistiske studentar ........................................................................... 44 Studentaksjonar og «ville» streikar ........................................................................................... 47 Dei fattigslege studentane ........................................................................................................... 50 SV-studentane om seg sjølve....................................................................................................... 51 Perspektiv på sjølvproletariseringa ........................................................................................... 54 5. Avslutning ........................................................................................................................................ 57 Hovudfunn ................................................................................................................................... 57 Fleirtydige tolkingar .................................................................................................................... 62 Historiske linjer ........................................................................................................................... 63 40 år seinare ................................................................................................................................. 64 6. Kjelder og litteratur ........................................................................................................................ 67 iii iv 1. Innleiing Denne oppgåva er ei undersøking av tenkemåtar i Sosialistisk Venstreparti (SV) om forholdet mellom arbeidarar og studentar, akademikarar og intellektuelle i tidsrommet 1975-1977.1 SV vart skipa i mars 1975 som den andre partisamlinga på norsk venstreside.2 Partiet sitt ideologiske fundament var marxismen, og av dette følger det at arbeidarklassen var eit kollektivsubjekt av avgjerande betyding for det overordna politiske prosjektet til SV – etableringa av eit sosialistisk samfunn. På denne premissen var mange studentar, akademikarar og intellektuelle nettopp nokon «andre», men i varierande meining av omgrepet. I ei meir nøytral meining var dei, i motsetning til arbeidarklassen, ikkje haldne for å vere ei samfunnsskakande kraft i seg sjølve. Like fullt var dei tiltenkt ei rolle i den alliansen som måtte til for å endre samfunnet, dei var «hjelparar» som somtid trødde fram som særlege «ekspertar» gjennom viktige teoretiske bidragsytingar, til dømes. Endeleg kunne dei bli forstått som tydelege negative «andre», og da som aktørar som utførte handlingar og hadde haldningar som hemma eller var unyttig i forhold til den sosialistiske kampen SV førte. Mange akademikarar, intellektuelle og studentar hadde radikale politiske haldningar på 1970-talet. Særleg blant studentar, som var eit raskt veksande samfunnssjikt i dette tiåret, var mange venstreradikale. Ved valet til generalforsamlinga i Det Norske Studentersamfund i Oslo hausten 1976 fekk til dømes kommunistiske eller sosialistiske lister som stilte til val over 2700 av 3200 avlagte røyster.3 Mange intellektuelle, studentar og akademikarar sympatiserte med og slutta opp om SV gjennom røystesetelen eller som medlemmar. Det akademiske elementet var òg sterkt til stades i eit breiare venstreopposisjonelt perspektiv, eit omgrep som i denne samanheng viser til partidanningar til venstre for Arbeidarpartiet (Ap). Studentmiljøet var det sosiale grunnlaget for Arbeidernes kommunistparti (m-l), eit marxist- leninistisk parti på ytste venstrefløya. Partiet såg på SV som den politiske hovudfienden sin i 1 Med undersøking av tenkemåtar meiner eg ikkje ein intensjon om å avdekke korleis aktørane faktisk tenkte, men ei undersøking av korleis tankane deira kom til uttrykk som tekstlege manifesteringa og mønstera i desse. Sjå Kaldal 2002, s. 46. 2 Den første partisamlinga fann stad i 1927. Da gjekk Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti inn i Arbeidarpartiet. 3 Delgado 2012, s. 82. 1 tidsrommet for denne undersøkinga, og i 1975 vart den organisatoriske og aktivistiske stordomstida til ml-bevegelsen innleidd.4 Problemstilling På eit overordna nivå er undersøkinga eit forsøk på å fange inn tenkemåtar om arbeidarar, studentar, intellektuelle og akademikarar i SV medan dei partipolitiske uttrykka for venstreradikale haldningar stod i senit på 1970-talet. Problemstillinga er formulert slik: Korleis kom forholdet mellom arbeidarar og dei akademiske «andre» til uttrykk i SV mellom 1975-1977? Eg er på leiting etter korleis aktørar i SV forstod forholdet mellom desse gruppene. Dei akademiske «andre» er operasjonalisert som eit sekkeomgrep der intellektuelle, studentar og akademikarar er sentrale representasjonar. Ei generell årsak til dette valet er at det i det heile er vanskeleg