Haustlista 2013 Frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR for VAKSNE ROMANAR: JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN Vakkert Om Det Mørke Og Farle

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Haustlista 2013 Frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR for VAKSNE ROMANAR: JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN Vakkert Om Det Mørke Og Farle Haustlista 2013 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE ROMANAR: JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN Vakkert om det mørke og farlege Sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det blir stadig vanskelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes, på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå mennene. Songfuglen handlar om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vare for alltid, viser seg å vere både farleg og umuleg. Nok ein gong skaper Leikvoll eit univers der heilt eigne reglar og livsvilkår rår for menneska. Songfuglen skildrar brutale og rå eksistensar, men er samstundes ført i eit omsorgsfullt og kjenslevart språk. Resultatet er skakande og vakkert på same tid. Jan Roar Leikvoll (f. 1974) skriv originale romanar der yttergrensene av menneskeleg erfaring blir skildra med nådelaus realisme. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, deretter kom Fiolinane (2010) og Bovara (2012). Romanane har fått strålande kritikkar, og Leikvoll blir hylla som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i norsk litteratur. ROMAN | ISBN: 9788252182729| Pris kr 349,- | Utg. september 1 ERICA LÖFSTRÖM (DEBUTANT): SEX, MUSIKK OG VOLD Ei ung kvinnes ferd gjennom helvete ”Eg prøvde å skriva dagbok. Men det fanst inga sanning i forteljinga. Berre ei parallell verd. Historia om Beatrice er ei slik verd. Ho har blitt til mellom løgn og sanning. Men det er ikkje ho som lyg. Det er eg.” Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung, sårbar kvinne si omsynslause ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i destruktive og nedbrytande handlingsmønster. Beatrice er rotlaus, einsam, seksuell utprøvande og eteforstyrra. Og ho hatar. Mest av alt hatar ho seg sjølv. Dette unge mennesket ber på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og avslørande blikk på både seg sjølv og verda redda ho frå undergang. Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan halde ut. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold. Erica Löfström (f. 1978) er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim. ROMAN | ISBN: 9788252181586 | Pris kr 369,- | I sal 2 ØYSTEIN ORTEN: RASMUS REBELLEN Eit sunnmørsk nasjonalepos Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta. Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie. Øystein Orten (f. 1962) er lektor og forfattar frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med Havflammen i 1995 og har seinare skrive både lyrikk, romanar og ei dokumentarbok. Han er etterkommar av hovudpersonen i denne romanen, Stor-Rasmus. ROMAN | ISBN: 9788252183382 | Pris kr 359,- | Utg. september 3 AGNES RAVATN: FUGLETRIBUNALET Fengslande roman om skam, skuld og soning TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny? Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. ROMAN | ISBN: 9788252183238 | Pris kr 369,- | Utg. september 4 ERLEND F. SKARET: LUCIDA Desperat kjærleikssorg I desperasjon forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare kjærasten sin, Maya Mesic. Han tar inn på eit hotell og oppdagar snart at han er i ferd med å fortelje heile kjærleikshistoria si til ei gruppe aldrande tyske turistar. Og medan han førebur den store framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane gradvis opp for han: Ho er nok allereie tapt. Robert har trudd han ikkje har noko å tape på gjenerobringsforsøket sitt, men står no på terskelen til fortapinga sjølv. Flornes Skaret skildrar kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene. Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte i 2011 med romanen Wrocław. ROMAN | ISBN: 9788252184235| Pris kr 359,- | Utg. september 5 SIGRUN SLAPGARD: ENGLESTIEN Vakkert og sårt om bror og søster Julie Dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta. Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne. Dette er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen. Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den første romanen hennar. ROMAN | ISBN: 9788252181920 | Pris kr 359,- | Utg. oktober 6 RAKEL SOLSTAD (DEBUTANT): MEN KVA VEIT VI OM BARNA Om barn i utsette posisjonar Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv. Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut grenser. Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna? Rakel Solstad (f. 1945). Fødd og oppvaksen i Kiberg, Finnmark, bur i Trondheim. Har arbeidd som lærar og i mange år vore pedagogisk- psykologisk rådgivar. NOVELLER | ISBN: 9788252183276 | Pris kr 329,- | Utg. september 7 JENS K. STYVE: FRIEDLAND Odd Friedland er som Snåsamannen – berre utan dei gode intensjonane Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med healing, krekebærsaft, heimebrenning og eit utal andre prosjekt, nokre mindre lovlege enn andre. Sonen hans, Kristoffer, er skulelei, men drivande god til å røyka, drikka og spela dataspel. Han er langt mindre driftig enn faren, men har og sine lysskye aktiviteter. Det er først når Kristoffer vert innblanda i lokal narkotrafikk at Odd Friedlands allereie vaklande imperium verkeleg blir sett på prøve. Styve fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si "Eg, Ove Kvamme", no tek han forfattarskapet vidare i ei dramatisk og fengande historie frå nordnoreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme. Jens K. Styve (f. 1972) kjem frå Hjelmås i Nordhordland. Han arbeider i Tromsø, mellom anna som forfattar av bøker, teikneseriar, film- og fjernsynsmanus. ROMAN | ISBN: 9788252182774 | Pris kr 359,- | Utg. oktober 8 KRISTIN SØRSDAL: GUDS HUND Mystisk og fascinerande roman Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap? Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det er framleis den same fredagen.
Recommended publications
  • Och De Såg Att De Var Nakna
    ariel litterär kritik kari løvaas Och de såg att de var nakna • om skam och beskydd Översatt från norskan av Lars Andersson ariel litterär kritik [4] Och de såg att de var nakna utgör nr 4 i skriftserien »Ariel Litterär kritik«, som utges i samarbete med forskarseminariet vid det Fria Seminariet i Litterär kritik, fsl. Serien utges med stöd av Statens Kulturråd och är knuten till verksam heten vid fsl:s forskar- seminarium, som äger rum på Kungliga Konsthögskolan i Stockholm och stöds av Svenska Akademien. För mer information se www.kritikerseminariet.nu . Redaktör för serien är Magnus William-Olsson. I redaktionsgruppen ingår även Kari Løvaas, Mikael Nydahl, Anna-Lena Renqvist och John Swedenmark. Denna översättning har fått stöd från norla. ariel litterär kritik [4] © 2013 Författaren, översättaren och förlaget originalets titel Og de skjønte at de var nakne. Om skam og beskyttelse översättning Lars Andersson redaktör Gunnar Wærness korrektur Erik Bergqvist omslag & grafisk form Mikael Nydahl sättning Ariel, Knopparp/Tjeboksary 2013 tryckning Jelgavas tipogrāfija, Jelgava i oktober 2013 isbn 978-91-87605-02-4 Förord »Ta fatt på det där det bränns« är ett vanligt råd på författarutbild- ningar. Och många upptäcker att det är skammen som bränns. Skam men är oberörbar och språklös. Den gör ont. Och den har, para­­­doxalt nog, blivit ett »hett« tema. De flesta som befattar sig med skamtematiken idag delar den intuition som var incitamentet för den här boken: skam är för- krympande, förminskande, nedtryckande. Alltså: bort med skam- men, bort med ressentimentet! Healing the shame that binds you är en typisk boktitel ur självhjälpslitteraturen.
    [Show full text]
  • Rapport Innhold
    RAPPORT INNHOLD 1 INNLEDNING ........................................................................................................................ 3 2 HOVEDPROGRAMMET ...................................................................................................... 4 2.1 Det generelle festivalprogrammet .................................................................................... 4 2.2 PEGASUS – for barn og unge ....................................................................................... 10 2.5 Helårsprogram ................................................................................................................ 14 3 FESTIVALEN I TALL .......................................................................................................... 14 4 MARKEDSFØRING OG INFORMASJON ........................................................................ 17 5 ØKONOMI ........................................................................................................................... 22 6 SAMARBEIDSPARTNERE ................................................................................................. 23 6.1 Samarbeidspartnere og støttespillere ............................................................................. 23 6.2 Nettverkssamarbeid ........................................................................................................ 23 6.3 Kjøpte tjenester .............................................................................................................. 24 7 ORGANISASJONEN ..........................................................................................................
    [Show full text]
  • Ref. # Lang. Section Title Author Date Loaned Keywords 6437 Cg Kristen Liv En Bro Til Alle Folk Dahl, Øyvind 1981
    Lang. Section Title Author Date Loaned Keywords Ref. # 6437 cg Kristen liv En bro til alle folk Dahl, Øyvind 1981 ><'14/11/19 D Dansk Mens England sov Churchill, Winston S. 1939 Arms and the 3725 Covenant D Dansk Gourmet fra hummer a la carte til æg med Lademann, Rigor Bagger 1978 om god vin og 4475 kaviar (oversat og bearbejdet af) festlig mad 7059 E Art Swedish Silver Andrén, Erik 1950 5221 E Art Norwegian Painting: A Survey Askeland, Jan 1971 ><'06/10/21 E Art Utvald att leva Asker, Randi 1976 7289 11211 E Art Rose-painting in Norway Asker, Randi 1965 9033 E Art Fragments The Art of LLoyd Herfindahl Aurora University 1994 E Art Carl Michael Bellman, The life and songs of Austin, Britten 1967 9318 6698 E Art Stave Church Paintings Blindheim, Martin 1965 7749 E Art Folk dances of Scand Duggan, Anne Schley et al 1948 9293 E Art Art in Sweden Engblom, Sören 1999 contemporary E Art Treasures of early Sweden Gidlunds Statens historiska klenoder ur 9281 museum äldre svensk historia 5964 E Art Another light Granath, Olle 1982 9468 E Art Joe Hills Sånger Kokk, Enn (redaktør) 1980 7290 E Art Carl Larsson's Home Larsson, Carl 1978 >'04/09/24 E Art Norwegian Rosemaling Miller, Margaret M. and 1974 >'07/12/18 7363 Sigmund Aarseth E Art Ancient Norwegian Design Museum of National 1961 ><'14/04/19 10658 Antiquities, Oslo E Art Norwegian folk art Nelson, Marion, Editor 1995 the migration of 9822 a tradition E Art Döderhultarn Qvist, Sif 1981? ><'15/07/15 9317 10181 E Art The Norwegian crown regalia risåsen, Geir Thomas 2006 9823 E Art Edvard Munck - Landscapes of the mind Sohlberg, Harald 1995 7060 E Art Swedish Glass Steenberg, Elisa 1950 E Art Folk Arts of Norway Stewart, Janice S.
    [Show full text]
  • Hele Tekster Versus Utdrag – Hvilke Tekster Velger Norsklærerne? Sigrid Skaug Og Marte Blikstad-Balas* Universitetet I Oslo
    Nordic Journal of Literacy Research Fagfellevurdert artikkel Hele tekster versus utdrag – hvilke tekster velger norsklærerne? Sigrid Skaug og Marte Blikstad-Balas* Universitetet i Oslo Sammendrag Lesing av skjønnlitteratur er en sentral del av norskfaget. Med innføringen av K06 ble listene over verk og forfatterskap fjernet fra norskplanen, og valg av tekster ble med dette opp til den enkelte lærer – et prinsipp som videreføres i fagfornyelsen 2020. Vi vet lite om hvilke tekster lærere velger å bruke i norskundervisningen, og i hvilken grad de leser hele teksten eller et eller flere utdrag fra den, noe vi med denne studien ønsker å undersøke. Datamaterialet bygger på en spørreundersøkelse med 153 norsklærere i vg3, der vi kartlegger hvilke litterære utdrag og hele verk lærerne bruker i undervisningen og deres holdninger til lesing av utdrag og hele verk. Et tydelig funn er at utdrag er en svært utbredt praksis blant lærerne i utvalget. Analysen viser også at visse enkelttekster (hovedsa- kelig fra 1800-tallet) og utvalgte deler av Henrik Ibsens forfatterskap og tekster er så hyppig brukt i undervisningen på tvers av klasser, at denne litteraturen i praksis er med på å opprettholde en form for skjult litterær kanon. Videre viser analysen at lærerne oppfatter lesing av utdrag og hele verk som to svært forskjellige aktiviteter, som tjener relativt motsetningsfylte mål i norskfaget. Norsk: Skjønnlitteratur; lesing; utdrag; kanon; norskfaget Abstract Reading of literature plays a key role in the language arts subject. In Norway, the curriculum has since 2006 given teachers’ ample room to decide themselves which authors and which literary texts they want to use in their classrooms.
    [Show full text]
  • På Tide Med Samarbeid Om Kunnskap På Internett? Foto: Sanja Gjenero/Stock.Xchng Foto: Illustrasjon: Ilker/Stock.Xchng Illustrasjon
    Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 5 – november 2009 Nesten kristen Olaug Nilssen har pressa Sigvart Dagsland opp til veggen for å fi nne ut kva han eigentleg meiner om det å vere kristen. Han svara så godt at ho nesten bikka over til å bli kristen igjen. MIDTEN Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Foto: KjartanFoto: Helleve På tide med samarbeid om kunnskap på Internett? Foto: Sanja Gjenero/Stock.Xchng Foto: Illustrasjon: ilker/stock.xchng Illustrasjon: ◆ Det nynorske nettleksikonet Allkunne er lansert. ◆ Nynorsk Wikipedia feirar fem år, har meir enn 50 000 oppslagsord og blir drive på dugnad av entusiastar. ◆ Oppslagsverket har i fyrste omgang konsentrert seg om den nynorske kulturhistoria, og inneheld artiklar ◆ Båe oppslagsverka har som mål å fylle Internett med om viktige institusjonar, aviser, kommunar, språk og nynorsk innhald. Likevel samarbeider dei ikkje. Enno. personar. Side 6-7 70 ÅR UTDANNING PRIS Skriv for alle Vil inspirere Heidra kanalvert – Det er svært vanskeleg Mange lærarar tykkjer det – Språket er verktøyet mitt, å få til tekstar for både er vanskeleg å undervise i og når nokon gjev meg ros nykomarar og dei fi losofi sk nynorsk. Norunn Askeland og for at eg nyttar verktøyet mitt skolerte. Men det kan vere Cecilie Falck-Ytter ville gjere godt, så blir eg jo veldig glad eit bra mål å strekkje seg noko med dette og har skrive for det, seier Yasmin Syed, som mot, seier Jon Hellesnes, ei idébok full av tips for å inspi- er tildelt Kringkastingsprisen som har runda 70 år. rere lærarar og studentar. 2009. Foto: Universitetet
    [Show full text]
  • Assistant Professor of Philosophy, Depaul University 2352 N
    Fanny Söderbäck Assistant Professor of Philosophy, DePaul University 2352 N. Clifton Avenue, Suite 150, Chicago IL 60614 [email protected] ACADEMIC DEGREES PhD Philosophy, The New School for Social Research, USA, May 2010 Time for Change: On Time and Difference in the Work of Kristeva and Irigaray Advisor: J. M. Bernstein, The New School for Social Research Readers: Claudia Baracchi, Università di Milano-Bicocca; Tina Chanter, Kingston University MA Comparative Literature & Aesthetics, Södertörn University, Sweden, October 2003 Paternal Word and Maternal Body: A Psycholinguistic Thematic Reading of Selma Lagerlöf’s Novel “Banished” Advisor: Birgitta Holm, Uppsala University Reader: Ebba Witt-Brattström, Södertörn University BA Comparative Literature & Gender Studies, Södertörn University, Sweden, June 2000 Beautiful Boys and Demonic Nymphets: An Analysis of the Erotic Gaze on the Child in Vladimir Nabokov and Thomas Mann Advisor: Tiina Rosenberg, Lund University Reader: Ebba Witt-Brattström, Södertörn University ACADEMIC POSITIONS Assistant Professor of Philosophy, DePaul University, 2016-Present Assistant Professor of Philosophy, Siena College, 2011-2016 (Tenured and promoted to Associate Professor in Spring 2016) Visiting Assistant Professor of Philosophy, Siena College, 2010-2011 AREAS OF SPECIALIZATION Feminist Philosophy, Twentieth Century Continental Philosophy AREAS OF COMPETENCE Ethics, Aesthetics, Ancient Philosophy LANGUAGES Fluency: English, Swedish Comprehension and Reading Knowledge: French Basic Reading Knowledge: German, Spanish Fanny Söderbäck 1 RESEARCH PUBLICATIONS Monograph Revolutionary Time: On Time and Difference in Kristeva and Irigaray (Albany: State University of New York Press, forthcoming). Edited Books and Journals philoSOPHIA: A Journal of Continental Feminism, special issue on birth, vol. 4, no. 1 (2014). Contributors: Adriana Cavarero, Sara Heinämaa, Candace Johnson, Catherine Mills, Astrida Neimanis, and Amrita Pande.
    [Show full text]
  • Examensarbete Mall
    Kandidatuppsats i litteraturvetenskap I skuggan av Augustprisets vinnare - eller den kollektiva silvermedaljen Författare: Tellervo Rajala Handledare: Alfred Sjödin Examinator: Peter Forsgren Termin: VT16 Ämne: Litteraturvetenskap Nivå: Kandidatuppsats Kurskod: 2LI10E Innehåll 1 Inledning ____________________________________________________________ 1 2 Syfte _______________________________________________________________ 1 3 Bakgrund ___________________________________________________________ 2 4 Teori _______________________________________________________________ 4 5 Metod ______________________________________________________________ 6 6 Litteraturgenomgång _________________________________________________ 8 7 Översikt av recensenternas värderingar __________________________________ 9 7.1 Värderingarna 2015 _______________________________________________ 9 7.1.1 Aris Fioreto Mary _____________________________________________ 9 7.1.2 Carola Hansson Masja ________________________________________ 10 7.1.3 Jonas Hassen Khemiri Allt jag inte minns _________________________ 10 7.1.4 John Ajvide Lindqvist Rörelsen. Den andra platsen __________________ 10 7.1.5 Agneta Pleijel Spådomen. En flickas memoarer _____________________ 11 7.1.6 Stina Stoors Bli som folk _______________________________________ 11 7.2 Värderingarna 2014 ______________________________________________ 11 7.2.1 Ida Börjel Ma _______________________________________________ 11 7.2.2 Carl-Michael Edenborg Alkemistens dotter ________________________ 12 7.2.3 Lyra Ekström Lindbäck
    [Show full text]
  • © AKL, Norsk Barnebokinstitutt Anne Kristin Lande Bibliografi Over Norsk Fag- Og Forskningslitteratur Om Barnelitteratur 2006
    Anne Kristin Lande Bibliografi over norsk fag- og forskningslitteratur om barnelitteratur 2006 Bibliografiar Almankaas, Inger Marie: Gro Dahle. En bibliografi. Høgskolen i Oslo, Avdeling for Journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag 2006. [Hovedoppgave] Eikefjord, Irene og Hege Østli: Anne-Cath. Vestly. En bibliografi. Høgskolen i Oslo, Avdeling for Journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag 2004. [Hovedoppgave] Johansen, Cathrine: Astrid Lindgren i Norge og Sverige. En bibliografi. Høgskolen i Oslo, Avdeling for Journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag 2005. [Hovedoppgave] Varnes, Ragnhild: Jostein Gaarder. En bibliografi. Høgskolen i Oslo, Avdeling for Journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag 2005. [Hovedoppgave] Bøker, rapportar og småskrift Alf Prøysen i nytt lys. Prøysenårbok 2004. Red. av Knut Imerslund. Oplandske Bokforlag 2004. Arild Nyquist - multikunstneren. Utgitt ved minneutstillingen under Høstutstillingen i Asker. Asker Bildende Kunstnere 2005. Bakken, Thorbjørn: Vidar Sandbeck. Hans liv og virke. Trysil-forlaget 2005. Bok i bruk på første til fjerde trinn. Red. av Anne Håland. Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking. Universitetet i Stavanger 2006. Fretheim, Arve: Livets kolde prosa. Maurits Hansen og hans samtid. Aschehoug 2006. Gisle, Jon: Donaldismen. 2. rev. utg. Gyldendal 2006. H.C. Andersen – eventyr, kunst og modernitet. Red. av Elisabeth Oxfeldt. Fagbokforlaget 2006. Hans Gerhard Sørensen 1923-1999. Red. av Einar Wexelsen. Labyrinth Press 2005 Havnevik, Ivar: Norske forfattere på norsk forlag [Bernt Lie, Barbra Ring, Gabriel Scott, Dikken Zwilgmeyer]. Aschehoug 2005. Imerslund, Knut: Det er så vemodig mange viser. Samtaler om Alf Prøysen. Oplandske Bokforlag 2004. Imerslund, Knut: Rau skulle kjolen vara. Artikler om Alf Prøysen og hans forfatterskap. Oplandske Bokforlag 2005. © AKL, Norsk barnebokinstitutt Jeg fant! Jeg fant! Prøysenårbok 2006. Red. av Knut Imerslund og Per Kristian Guntvedt.
    [Show full text]
  • Häv Ockupationen Av Palestina – Riv Muren” Utgår Från Folkrätten Och Har Ett Demokratiskt Perspektiv På Konflikten I Israel/Palestina
    Publicerat på DN Debatt den 17 april 2004, med ett mindre urval av de mest kända undertecknarna och bilder på två av dessa. Upprop (inklusive 202 st undertecknare) under detta missiv Nedanstående upprop ”Häv ockupationen av Palestina – riv Muren” utgår från folkrätten och har ett demokratiskt perspektiv på konflikten i Israel/Palestina. Ockupation och apartheid är oförenliga med fred och demokrati. Vi som undertecknar detta upprop vill slippa se en ny våg av etnisk rensning, denna gång av de ockuperade områdena. Det är nog nu. Vi tar inte ställning till vilken typ av lösningar som de inblandade parterna till slut måste finna för att uppnå en rättvis och hållbar fred, det är deras sak. Det är uppropet som förenar oss, för övrigt har vi vitt skilda uppfattningar i allt från religion till politik. Svara med e-post, namn och yrke till [email protected] senast den 10 april. Stockholm den 25 mars 2004 Lennart Grosin, docent Lasse Wilhelmson, lärare Per Wästberg, författare Upprop: Häv ockupationen av Palestina - riv Muren Ockupation är oförenlig med fred Israels militära ockupation av Västbanken, Gaza och Östra Jerusalem har pågått sedan 1967. Det står klart att Israel aldrig självmant kommer att lämna dessa områden. Israel kränker kontinuerligt mänskliga rättigheter och ignorerar en mängd FN-resolutioner. Därför måste nu internationell press sättas på Israel. Apartheid är oförenlig med demokrati I samband med Israels bildande 1948 fördrevs 780 000 palestinier från sina byar och städer. I strid med internationell lag förvägras de rätten att återvända till sina hem i Israel, medan judar utanför Israel omedelbart får invandra och bli fullvärdiga medborgare.
    [Show full text]
  • Dag Solstad Carl Frode Tiller
    RAPPORT 2011 TEMA BYEN “Slik bekreftes det – er det WWW.BRENNERIVEIEN.NO noen som sier – den hypotese at ethvert menneske i sitt sinn bærer på en by, som er skapt utelukkende av for- skjeller, en by uten figurer og former, som utfylles av de enkelte konkrete byer.” ITALO CALVINO – Usynlige byer. KOLBEIN FALKEID DAG SOLSTAD JAN KJÆRSTAD RAGNAR HOVLAND CARL FRODE TILLER ROY JACOBSEN KARIN FOSSUM TONE HUSE THORVALD STEEN BEATE GRIMSRUD THOMAS HYLLAND ERIKSEN HALLGRÍMUR HELGASON (IS) ANE DAHL TORP COLM TÓIBÍN (IE) (TR) HOVEDØEN SOCIAL CLUB ASLI ERDOGAN (FI) (ZA) KJELL WESTÖ ANDRÉ BRINK MONIKA FAGERHOLM (FI) (AU) TERRY EAGLETON (UK) KATE MORTON KNUT NÆRUM JAN VARDØEN JORALF GJERSTAD ARNE HJELTNES MARIA AMELIE ERLING DOKK HOLM HANS ROTMO WENDY GUERRA MATHIAS EICK K ??? ? ? ONSER ? ? ? ? ? ? # T FILM POESI INSPIRASJON DEBATT! DIALOG VELKOMMEN TIL EN STOR FESTIVAL I EN LITEN BY! MER INFO: LITTERATURFESTIVAL.NO LITTFEST_poster50x70.indd 2 FOREDRAG 25.03.11 12.51 InnhOld Innledning 3 Festivalen i tall 4 Tema og program 6 Pegasus – program for barn og unge 8 Informasjonsarbeid 10 Samarbeidspartnere 12 Organisasjonen 13 Økonomi 15 Tema 2012: Penger 16 Artister 17 INNLEDNInG Mer enn 500 tilskuere fulgte Dag Solstad på hans vandring gjennom Lillehammer og Roman 1987. Foto: Leslie Begby/LKK For 17. år på rad ble byen Lillehammer preget av forfattere, artister og engasjerte festivalgjengere i alle aldere den siste uken i mai. Det var også BYEN som preget årets festival. I vårt rikholdige program så vi på byen gjennom litterære, historiske, politiske og sosiologiske briller. I serier som Bytriangelet, Byrekka, Litterære vaganter og Byens tak, inviterte vi til forfattermøter, samtaler og debatt omkring urbanisering, byplanlegging, arkitektur, slum, kriminalitet og flanørens vandring gatelangs for å nevne noe.
    [Show full text]
  • Norsk Bokfortegnelse / Norwegian National Bibliography
    NORSK BOKFORTEGNELSE / NORWEGIAN NATIONAL BIBLIOGRAPHY NYHETSLISTE / LIST OF NEW BOOKS Utarbeidet ved Nasjonalbiblioteket Published by The National Library of Norway 2015 : 09 : 2 Alfabetisk liste / Alphabetical bibliography Registreringsdato / Date of registration: 2015.09.15-2015.09.30 [10. trinn] Maximum : matematikk for ungdomssteget. - Nynorsk[utg.]. - Oslo : Gyldendal undervisning, 2012- . - b. : ill. For Lærerens bok, se bokmålutg. Dewey: 1814 1814 : spillet om Danmark og Norge / [redaktion: Thomas Lyngby og Jan Romsaas ; tekst: Marit Berg ... [et al.]]. - Oslo : Norsk folkemuseum, 2014. - 135 s. : ill. ; 26 cm. Utgitt i samarbeid med Det Nationalhistoriske museum på Frederiksborgs slott. ISBN 978-87-87237-89-5 (h.) Dewey: 948.1034 948.9034 1st year report; the Sunniva project 1st year report; the Sunniva project : sustainable food production through quality optimized raw-material production and processing technologies for premium quality vegetable products and generated by-products / Trond Løvdal ... [et al.]. - Tromsø : Nofima, 2015. - 16 s. : ill. - (Report / Nofima ; 38/2015) Prosjektnr.: 10829. ISBN 978-82-8296-329-9 (h.) Dewey: A måling Fremstad, Kjersti, 1969- Tema : matematikk for småskolen / Kjersti Fremstad, Carl Kristian Kjølseth ; [illustrasjoner: Anette Heiberg]. - Bokmål[utg.]. - Oslo : Gan Aschehoug, 2014- . - b. : ill. - A tall. 2014. - 56 s. ; 30 cm. Katalogisert etter omslaget. ISBN 978-82-492-1655-0 (h.) : Nkr 139.00 - A måling. 2015. - 56 s. ; 30 cm. Katalogisert etter omslaget. ISBN 978-82-492-1810-3 (h.) : Nkr 139.00 Dewey: 1 A måling Fremstad, Kjersti, 1969- Tema : matematikk for småskulen / Kjersti Fremstad, Carl Kristian Kjølseth ; [illustrasjonar: Anette Heiberg ; omsett til nynorsk av Ole Jan Borgund]. - Nynorsk[utg.]. - Oslo : Gan Aschehoug, 2014- .
    [Show full text]
  • Clarinet Concertos by Post World War II Generation Norwegian Composers: Bjorn Kruse, Olav Berg, and Rolf Wallin
    Louisiana State University LSU Digital Commons LSU Historical Dissertations and Theses Graduate School 1999 Clarinet Concertos by Post World War II Generation Norwegian Composers: Bjorn Kruse, Olav Berg, and Rolf Wallin. Beverly Ann Gibson Louisiana State University and Agricultural & Mechanical College Follow this and additional works at: https://digitalcommons.lsu.edu/gradschool_disstheses Recommended Citation Gibson, Beverly Ann, "Clarinet Concertos by Post World War II Generation Norwegian Composers: Bjorn Kruse, Olav Berg, and Rolf Wallin." (1999). LSU Historical Dissertations and Theses. 6990. https://digitalcommons.lsu.edu/gradschool_disstheses/6990 This Dissertation is brought to you for free and open access by the Graduate School at LSU Digital Commons. It has been accepted for inclusion in LSU Historical Dissertations and Theses by an authorized administrator of LSU Digital Commons. For more information, please contact [email protected]. INFORMATION TO USERS This manuscript has been reproduced from the microfilm master. UMI films the text directly from the original or copy submitted. Thus, some thesis and dissertation copies are in typewriter face, while others may be from any type of computer printer. The quality of this reproduction is dependent upon the quality of the copy subm itted. Broken or indistinct print, colored or poor quality illustrations and photographs, print bleedthrough, substandard margins, and improper alignment can adversely affect reproduction. In the unlikely event that the author did not send UMI a complete manuscript and there are missing pages, these will be noted. Also, if unauthorized copyright material had to be removed, a note will indicate the deletion. Oversize materials (e.g., maps, drawings, charts) are reproduced by sectioning the original, beginning at the upper left-hand comer and continuing from left to right in equal sections with small overlaps.
    [Show full text]