Haustlista 2013 Frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR for VAKSNE ROMANAR: JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN Vakkert Om Det Mørke Og Farle

Haustlista 2013 Frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR for VAKSNE ROMANAR: JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN Vakkert Om Det Mørke Og Farle

Haustlista 2013 frå Samlaget SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE ROMANAR: JAN ROAR LEIKVOLL: SONGFUGLEN Vakkert om det mørke og farlege Sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det blir stadig vanskelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes, på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå mennene. Songfuglen handlar om einsemda som oppstår når verda ein trudde var trygg og meint å vare for alltid, viser seg å vere både farleg og umuleg. Nok ein gong skaper Leikvoll eit univers der heilt eigne reglar og livsvilkår rår for menneska. Songfuglen skildrar brutale og rå eksistensar, men er samstundes ført i eit omsorgsfullt og kjenslevart språk. Resultatet er skakande og vakkert på same tid. Jan Roar Leikvoll (f. 1974) skriv originale romanar der yttergrensene av menneskeleg erfaring blir skildra med nådelaus realisme. Han debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008, deretter kom Fiolinane (2010) og Bovara (2012). Romanane har fått strålande kritikkar, og Leikvoll blir hylla som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i norsk litteratur. ROMAN | ISBN: 9788252182729| Pris kr 349,- | Utg. september 1 ERICA LÖFSTRÖM (DEBUTANT): SEX, MUSIKK OG VOLD Ei ung kvinnes ferd gjennom helvete ”Eg prøvde å skriva dagbok. Men det fanst inga sanning i forteljinga. Berre ei parallell verd. Historia om Beatrice er ei slik verd. Ho har blitt til mellom løgn og sanning. Men det er ikkje ho som lyg. Det er eg.” Sex, musikk og vold er ei skildring av ei ung, sårbar kvinne si omsynslause ferd gjennom helvete. Skildringa er sterk og overtydande og gir innblikk i eit ungt sinn som er vikla inn i destruktive og nedbrytande handlingsmønster. Beatrice er rotlaus, einsam, seksuell utprøvande og eteforstyrra. Og ho hatar. Mest av alt hatar ho seg sjølv. Dette unge mennesket ber på ei destruktiv kraft. Til no har svart humor og eit skarpt og avslørande blikk på både seg sjølv og verda redda ho frå undergang. Beatrice flyg inn i ein tilstand der grenser blir stadig meir perifere. Ei verd ho kan halde ut. Ei verd der ho kan flyga frå skulda, frå seg sjølv. Ei verd av sex, musikk og vold. Erica Löfström (f. 1978) er frå Sverige, men bur og arbeider i Trondheim. ROMAN | ISBN: 9788252181586 | Pris kr 369,- | I sal 2 ØYSTEIN ORTEN: RASMUS REBELLEN Eit sunnmørsk nasjonalepos Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta. Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie. Øystein Orten (f. 1962) er lektor og forfattar frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med Havflammen i 1995 og har seinare skrive både lyrikk, romanar og ei dokumentarbok. Han er etterkommar av hovudpersonen i denne romanen, Stor-Rasmus. ROMAN | ISBN: 9788252183382 | Pris kr 359,- | Utg. september 3 AGNES RAVATN: FUGLETRIBUNALET Fengslande roman om skam, skuld og soning TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny? Agnes Ravatn (f. 1983) er forfattar og spaltist frå Ølen i Vindafjord. Sidan romandebuten i 2007 har Ravatn gitt ut fleire kritikarrosa og prislønte essaysamlingar, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit. ROMAN | ISBN: 9788252183238 | Pris kr 369,- | Utg. september 4 ERLEND F. SKARET: LUCIDA Desperat kjærleikssorg I desperasjon forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare kjærasten sin, Maya Mesic. Han tar inn på eit hotell og oppdagar snart at han er i ferd med å fortelje heile kjærleikshistoria si til ei gruppe aldrande tyske turistar. Og medan han førebur den store framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane gradvis opp for han: Ho er nok allereie tapt. Robert har trudd han ikkje har noko å tape på gjenerobringsforsøket sitt, men står no på terskelen til fortapinga sjølv. Flornes Skaret skildrar kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene. Erlend Flornes Skaret (f. 1976) kjem frå Bømlo og er utdanna sivilingeniør. Han debuterte i 2011 med romanen Wrocław. ROMAN | ISBN: 9788252184235| Pris kr 359,- | Utg. september 5 SIGRUN SLAPGARD: ENGLESTIEN Vakkert og sårt om bror og søster Julie Dalgård har alltid hatt eit nært forhold til veslebroren. I alle år har Julie og Lasse dratt ut på ekspedisjonar, eit fellesskap med fantasifull leik og røff humor. Lasse var to år då dei mista mora, Julie var tretten og uvillig til å ta morsrolla. Ho ber på ei skuldkjensle for at ho valde sitt eige ungdomsliv og reiste frå veslebroren. Og når Lasse får ein alvorleg kreftdiagnose, blir Julie fanga av tanken om å ta han med tilbake til barndomstraktene for å vekke kamplysta. Englestien er ein roman om ei søster og ein bror som trassar ein dødsdom og legg ut på ei vandring i landskapet frå barndommen. For ein gongs skuld skal ho ikkje reise frå han. Lasse, derimot, prøver å få Julie til å gi slepp, for denne gongen er det han som må reise frå henne. Dette er ein frittståande oppfølgjar til Paradishagen. Sigrun Slapgard (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007). Paradishagen i 2011 var den første romanen hennar. ROMAN | ISBN: 9788252181920 | Pris kr 359,- | Utg. oktober 6 RAKEL SOLSTAD (DEBUTANT): MEN KVA VEIT VI OM BARNA Om barn i utsette posisjonar Men kva veit vi om barna er ei samling forteljingar frå tre barns liv. Sigge bur på internatet i kvardagane. Kvar sundag prøver han å få sleppe å reise tilbake. I Ro under vatnet blir leiken mellom to gutar skjebnesvanger. I forteljingane om Ida møter vi ei einsam jente og ein fosterheimsplassert gut som saman og kvar for seg prøver ut grenser. Rakel Solstad skriv om barn i utsette posisjonar. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgivar i skolen har gitt ho innsikt i strukturar som kan få negative verknader for utviklinga til eit barn, og grunnlag for å stille spørsmålet: Kva veit vi om barna? Rakel Solstad (f. 1945). Fødd og oppvaksen i Kiberg, Finnmark, bur i Trondheim. Har arbeidd som lærar og i mange år vore pedagogisk- psykologisk rådgivar. NOVELLER | ISBN: 9788252183276 | Pris kr 329,- | Utg. september 7 JENS K. STYVE: FRIEDLAND Odd Friedland er som Snåsamannen – berre utan dei gode intensjonane Odd Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med healing, krekebærsaft, heimebrenning og eit utal andre prosjekt, nokre mindre lovlege enn andre. Sonen hans, Kristoffer, er skulelei, men drivande god til å røyka, drikka og spela dataspel. Han er langt mindre driftig enn faren, men har og sine lysskye aktiviteter. Det er først når Kristoffer vert innblanda i lokal narkotrafikk at Odd Friedlands allereie vaklande imperium verkeleg blir sett på prøve. Styve fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si "Eg, Ove Kvamme", no tek han forfattarskapet vidare i ei dramatisk og fengande historie frå nordnoreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme. Jens K. Styve (f. 1972) kjem frå Hjelmås i Nordhordland. Han arbeider i Tromsø, mellom anna som forfattar av bøker, teikneseriar, film- og fjernsynsmanus. ROMAN | ISBN: 9788252182774 | Pris kr 359,- | Utg. oktober 8 KRISTIN SØRSDAL: GUDS HUND Mystisk og fascinerande roman Ein nylærar set seg fast i lundegarna til ordføraren, og nykommarskamma avlar paranoide tankar. På ferja sit Fred Helmer. Han kjem heim i berre skjorta og utan sokkar i skorne, men i den mentale bagasjen har han fargerike kolibriar. Jenta i den gule jakka vender heim med lite anna enn smerte. Sansane opnar seg på vidt gap når ho går i land. Ei rift i verda gir endeleg næring til dei som drøymer om undergangen. Kven sa at det var lett å leve i opne landskap? Dette er ein fleirstemd roman. Tidslaga flyt over i kvarandre, men det er framleis den same fredagen.

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    57 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us