Fra: Stein Faleide Malkenes [[email protected]] Til: Monica Åsnes [[email protected]]; Noralv Distad [[email protected]] Kopi: Sendt: 29.05.2019 09:16:50 Emne: SV: Møtebok til godkjenning Vedlegg:

Tilsendt møtebok godkjennast. Helsing Stein Malkenes

Fra: Monica Åsnes Sendt: tysdag 28. mai 2019 14:38 Til: Noralv Distad ; Stein Faleide Malkenes Emne: Møtebok til godkjenning

Hei, Vedlagt finn du møtebok 28.mai til godkjenning.

Frist for tilbakemelding er fredag 31.mai.

Med helsing Monica Åsnes førstekonsulent, samferdsleavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2, 6863 Leikanger www.sfj.no | [email protected] sentralbord: +47 57638000 | mob: +47 95207751

Side 1 av 1

MØTEINNKALLING

Organ: HOVUDUTVAL FOR SAMFERDSLE Møtestad: Sygna, Fylkeshuset på Leikanger Møtedato: 28.05.2019 Tid: 09:00

Medlemene blir med dette kalla inn til møtet. Eventuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling.

PROGRAM 09:00-10:00 Orientering frå Sogndal, Leikanger og Balestrand kommune 10:00-10:20 Orientering frå kollektiv v/Øystein Hunvik 10:20-11:30 Handsaming av saker 11:30-12:15 Lunsj 12:15- Handsaming av saker fortset

SAKLISTE

Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel

14/19 18/8598 Kjøp av rutetenester med båt frå 1. mai 2022 - ekstra utgreiing

15/19 19/2130 Søknad om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod mellom Florø Smørhamn Måløy

16/19 15/8734 Ferjeavløysing Ytre Steinsund bru - stadfesting av vedtak

17/19 17/2752 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - kostnadsoverslag

18/19 18/8010 Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune

19/19 19/2134 Tertialrapport 1/2019

20/19 19/746 Skriv og meldingar - hovudutval for samferdsle 28. mai

MØTEBOK

Organ Hovudutval for samferdsle

Møtestad Sygna, Fylkeshuset på Leikanger

Møtedato 28.05.2019

Kl. 09:00-13:00

Faste medlemer til stades: Noralv Distad H Bjørn Hollevik H Gunhild Berge Stang V Arnstein Menes Sp Gunn Sande Sp Helen Hjertaas Ap Harald Bjarte Reite Ap Stein Malkenes MDG

Forfall til møtet: Sigurd Reksnes Sp

Varamedlemer til stades: Kjetil Høgseth Felde Sp

Til stades med møte- og talerett: Dina Lefdal Sekretariat for møtet: Monica Åsnes

Utvalet tek stilling til om kva saker som skal vere opne/lukka.

Hovudutval valde møteleiar og Stein Malkenes til å godkjenne møteboka på vegner av organet.

Orientering frå Sogndal, Leikanger og Balestrand kommune v/ Jarle Årvoll, Jon Håkon Odd og Stig Arne Thune.

Orientering frå kollektiv v/Øystein Hunvik .

Møtebok Hovudutval for samferdsle 28.05.2019

SAK 14/19 Kjøp av rutetenester med båt frå 1. mai 2022 - ekstra utgreiing

Frå fylkesrådsmannen låg det føre slik tilråding til vedtak:

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsel til å gjere slikt vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til gjere slikt vedtak:

1. Ved utlysing av kontraktar for nye båtruter, skal det inviterast til lågast mogleg utslepp på alle ruter. Utlysinga må organiserast slik at dei tilboda som totalt sett gjev best nytte/kostnad vinn fram. Både klima/miljø, økonomi og driftsopplegg skal vektleggast.

2. Det vert ikkje etablert nye ruter mellom Flora, Måløy og Selje.

3. Det skal leggast til rette for å kome i posisjon til statlege støtteordningar for nye klima- og miljøtiltak.

Endringsframlegg:

Hovudutval for samferdsle sette fram slikt fellesframlegg til nytt punkt 2: Rute mellom Florø-Måløy-Selje vert lyst ut i anbodet med opsjonar på utvida frekvens/pendlarrute

Avrøysting: Det vart røysta punktvis over tilrådinga til fylkesrådmannen med endringsframlegget. Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 1 vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 2 vart sett opp mot fellesframlegg til nytt punkt 2. Fellesframlegg til nytt punkt 2 vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmann si tilråding til punkt 3 vart samrøystes vedteke.

Dette gir følgjande VEDTAK:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til gjere slikt vedtak:

1. Ved utlysing av kontraktar for nye båtruter, skal det inviterast til lågast mogleg utslepp på alle ruter. Utlysinga må organiserast slik at dei tilboda som totalt sett gjev best nytte/kostnad vinn fram. Både klima/miljø, økonomi og driftsopplegg skal vektleggast.

2. Rute mellom Florø-Måløy-Selje vert lyst ut i anbodet med opsjonar på utvida frekvens/pendlarrute.

3. Det skal leggast til rette for å kome i posisjon til statlege støtteordningar for nye klima- og miljøtiltak.

------

SAK 15/19 Søknad om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod mellom Florø Smørhamn Måløy

Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak:

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsel til å gjere slikt vedtak: Hovudutval for samferdsle rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak:

Side 2 av 7 Møtebok Hovudutval for samferdsle 28.05.2019

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert avslegen.

Endringsframlegg: Hovudutval for samferdsle sette fram slikt fellesframlegg:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert støtta.

Støtta vert ytt som ein eingongssum til Nye Kinn kommune på 4,9 mill. Tilskotet vert finansiert ved å nytte av overskotet til fylkeskommunen i 2018, og utbetalt i 2019.

Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart sett opp mot endringsframlegget. Endringsframlegget vart samrøystes vedteke.

Dette gir følgjande VEDTAK:

Hovudutval for samferdsle rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert støtta.

Støtta vert ytt som ein eingongssum til Nye Kinn kommune på 4,9 mill. Tilskotet vert finansiert ved å nytte av overskotet til fylkeskommunen i 2018, og utbetalt i 2019.

------

SAK 16/19 Ferjeavløysing Ytre Steinsund bru - stadfesting av vedtak

Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak:

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget syner til vedtak i FT-sak 55/17 og stadfestar at prosjektet Ytre Steinsund bru skal realiserast som eit ferjeavløysingsprosjekt i samsvar med følgjande finansieringsplan:

Finansieringsplan i mill. 2019-kr

Prosjektkostnad 716,8 Avviksløyving (10. pst) 71,7 Sum 788,5

Mva. refusjon 146,5 Fylkeskommunalt lån 639,0 Sum 788,5

Side 3 av 7 Møtebok Hovudutval for samferdsle 28.05.2019

2. Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

3. Eventuelle justeringar i driftsbudsjettet som følgje av endeleg fastsetting av årleg ferjeavløysingsbeløp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert innarbeidd i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune.

Endringsframlegg: Framlegg frå arbeidarpartiet til nytt punkt 2: Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

Skulle svaret frå KMD være dårlegare enn skisser ber vi om at saka vert tatt opp att i fylkestinget i oktober.

Avrøysting: Det vart røysta punktvis.

Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 1 vart samrøystes vedteke.

Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 2 vart sett opp mot framlegget frå Arbeiderpartiet. Arbeidarpartiet sitt framlegg fekk 3 røyster og fall: Harald Bjarte Reite, Helen Hjertaas, begge Arbeiderpartiet og Stein Malkenes, Miljø Partiet De Grønne.

Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 3 vart samrøystes vedteke.

Dette gir følgjande VEDTAK:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget syner til vedtak i FT-sak 55/17 og stadfestar at prosjektet Ytre Steinsund bru skal realiserast som eit ferjeavløysingsprosjekt i samsvar med følgjande finansieringsplan:

Finansieringsplan i mill. 2019-kr

Prosjektkostnad 716,8 Avviksløyving (10. pst) 71,7 Sum 788,5

Mva. refusjon 146,5 Fylkeskommunalt lån 639,0 Sum 788,5

2. Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

3. Eventuelle justeringar i driftsbudsjettet som følgje av endeleg fastsetting av årleg ferjeavløysingsbeløp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert innarbeidd i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune.

Side 4 av 7 Møtebok Hovudutval for samferdsle 28.05.2019

------

SAK 17/19 Fv. 303 Seimsdalstunnelen - kostnadsoverslag

VEDTAK:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget godkjenner eit kostnadsoverslag for prosjektet fv. 303 Seimsdalstunnelen på 318,5 mill. 2019-kr.

2. Endringar i drifts- og investeringsbudsjettet som følgje av godkjent kostnadsoverslag for prosjektet vert å innarbeide i budsjett 2019, og i økonomiplan 2020-2023 for Vestland fylkeskommune.

------

SAK 18/19 Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune

VEDTAK:

Hovudutvala rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune vert teken til orientering.

------

SAK 19/19 Tertialrapport 1/2019

VEDTAK:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

A. Det vert gjort slike endringar i driftsbudsjettet for 2019

1 Rammetilskotet vert auka med 52,000 mill. kr. Avsetjing til disposisjonsfond vert auka med 29,400 mill. kr 2 Lokale inntekter vert auka med 0,075 mill. kr 3 Bruk av bundne fond vert auka med 24,826 mill. kr. 4 Sektorbudsjettet til politisk styring, plan og forvaltning vert auka med 2,350 mill. kr med slik fordeling: Teneste 4200 Administrasjon vert auka med 3,600 mill. kr Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. FK område vert redusert med 3,000 mill. kr knytt til kostnadar ved samanslåingsprosessen

Side 5 av 7 Møtebok Hovudutval for samferdsle 28.05.2019

Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. FK område vert auka med 0,250 mill. kr knytt til tilskot til Redningsselskapet. Teneste 4801 Juridisk honorar vert auka med 1,500 mill. kr 5 Sektorbudsjettet til opplæring vert redusert med 2,500 mill. kr med slik fordeling: Teneste 5100 Utgifter til lokale vert redusert med 0,910 mill. kr Teneste 5101 Vedlikehald og drift av skulebygg vert auka med 1,645 mill. kr Teneste 5151 Fellesutgifter vert redusert med 2,500 mill. kr Teneste 5590 Landsliner vert redusert med 0,735 mill. kr

6 Fagskulen i Sogn og Fjordane får ei auka løyving på 0,469 mill. kr. Løyvinga vert dekka innafor tilgjengelege midlar på teneste 5540 Fagskulen.

7 Sektorbudsjettet til samferdsle vert auka med 22,600 mill. kr med slik fordeling: Teneste 7222 Fylkesvegar – drift og vedlikehald vert auka med 15,000 mill. kr Teneste 7210 Fylkesvegferjer vert auka med 7,600 mill. kr

8 Tilbakeførte midlar frå Innovasjon Norge på 1,638 mill. kr vert inntektsført på sektoren næring og kultur. Midlane vert nytta til breibandsatsing i 2019.

9 Samla vert driftsbudsjettet saldert ved avsetjing til bufferfondet med 25,025 mill. kr

B. Det vert gjort slike endringar i kapitalbudsjettet for 2019

1 Investeringsprogrammet for bygg med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 4. 2 Investeringsprogrammet for fylkesvegar med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 5.

C. Andre områder 1 Rapportering på finansporteføljen i vedlegg 7 vert teken til vitande. 2 Rapportering på konsesjonskraftomsetjing i vedlegg 8 vert teken til vitande.

------

SAK 20/19 Skriv og meldingar - hovudutval for samferdsle 28. mai

1a Framlegg til utbetringar på fylkesveg 180 Fresvik -Vangsnes 1b Vegen Fresvik-Vangsnes

2 Endring av vegnummer som følgje av regionreforma

3a Høyringsuttale frå Eid Formannskap til Statens Vegvesen. 3b Vedtak Fylkesutvalet . 3c Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned! . 3d Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast . VEDTAK: Hovudutval for samferdsle legg til grunn at fylkesutvalet gjev fråsegn i saka.

4 Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik.

Side 6 av 7 Møtebok Hovudutval for samferdsle 28.05.2019

5a Høyring om nye læreplanar i skulen – framlegg til uttale frå FTU 5b Høring om trafikkopplæring til førerkort og unntak fra fraværsgrensen i videregående skole.

6 Studentrabatt for lærlingar og lærekandidatar på reiser med buss og båt

7a Forespørsel om høringsuttalelse 7b Høringsutkast 7c Forslag gamle Strynefjellsvegen

8 Forslag til plassering av Statens vegvesen

------

Side 7 av 7 Fra: Noralv Distad [[email protected]] Til: Monica Åsnes [[email protected]]; Stein Faleide Malkenes [[email protected]] Kopi: Sendt: 29.05.2019 16:37:50 Emne: SV: Møtebok til godkjenning Vedlegg:

Godkjent

Beste helsing Noralv

Fra: Monica Åsnes Sendt: tirsdag 28. mai 2019 14.37.44 Til: Noralv Distad; Stein Faleide Malkenes Emne: Møtebok til godkjenning

Hei, Vedlagt finn du møtebok 28.mai til godkjenning.

Frist for tilbakemelding er fredag 31.mai.

Med helsing Monica Åsnes førstekonsulent, samferdsleavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2, 6863 Leikanger www.sfj.no | [email protected] sentralbord: +47 57638000 | mob: +47 95207751

Side 1 av 6

Saksframlegg

Saksbehandlar: Inge Horstad, Øystein Hunvik, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 18/8598-46

Kjøp av rutetenester med båt frå 1. mai 2022 - ekstra utgreiing

Fylkesdirektøren rår hovudutval for samferdsel til å gjere slikt vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til gjere slikt vedtak:

1. Ved utlysing av kontraktar for nye båtruter, skal det inviterast til lågast mogleg utslepp på alle ruter. Utlysinga må organiserast slik at dei tilboda som totalt sett gjev best nytte/kostnad vinn fram. Både klima/miljø, økonomi og driftsopplegg skal vektleggast.

2. Det vert ikkje etablert nye ruter mellom Flora, Måløy og Selje.

3. Det skal leggast til rette for å kome i posisjon til statlege støtteordningar for nye klima- og miljøtiltak.

Vedlegg:

Andre relevante dokument i saka: FT-sak 10/2019

SAKSFRAMSTILLING

1. Samandrag

Fylkestinget har bede om ei sak der nullutslepp/lågutslepp samt auka frekvens på Flora-Måløy vert greidd ut. Vidare bad fylkestinget om ei utgreiing av kva som skal til for å kome i posisjon i høve statlege støtteordningar knytt til klimatiltak.

I denne saka vert det gjort greie for at det truleg er mogleg med nullutslepp/lågutslepp på dei fleste lokalbåtsamband i Sogn og Fjordane, men det kan bli behov for endringar i driftsopplegg og rutetider. Økonomien er ein faktor som vi nok må ta eit visst omsyn til.

Enova har støtteordningar for klima/miljøtiltak som fylkeskommunen kan kome i posisjon til. Det kan og vere andre aktuelle støtteordningar.

2. Bakgrunn for saka

I FT-sak 10/2019 vedtok ein at fylkesrådmannen skulle legge fram ei sak om ny miljøteknologi og auka frekvens på båtrutene mellom Florø og Måløy (Selje). Vidare vart det bede om ei utgreiing på korleis ein kan kome i posisjon til statlege støtteordningar for klima-/miljøtiltak.

Vedtaket i FT-sak 10/2019, punkt 3, lyder slik:

«Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha ned utsleppa frå hurtigbåtane i Sogn og Fjordane. Dette er ei naturleg vidareføring av satsinga på utsleppsfrie ferjer og hydrogenprosjektet fylket har arbeidd med. Ein ber fylkesrådmannen komme tilbake med ei sak i juni kor punkta under er utgreidd, tidsnok til anbodsutlysinga i haust.

Side 2 av 6

a. Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut anbodsruta Florø-Måløy- evt Selje t/r som et nullutslipps/ lågutsleppsanbod for hurtigbåtar. Er dette aktuelt for andre ruter, vert desse å lyse ut på same måte.

b. Ruta må ha ein frekvens som gjer arbeidspendling mellom Florø, ytre Bremanger og Vågsøy (ev. Selje) enklare enn i dag, både på dag- og kveldstid.

c. Fylkesrådmannen må vurdere kva som må til for å kome i posisjon til statlege støtteordninger som til dømes Enova.»

I denne saka vil vi gjere greie for dei spørsmåla som er reist.

3. Rutestrekka Flora - Måløy - Selje

I dag vert rutestrekka Måløy - Flora trafikkert av tre båtavgangar i kvar retning. Dette er hovudekspressbåten frå Selje til Bergen, spegelvendten frå Bergen til Selje og kystvegekspressen frå Måløy om morgonen til Florø, med retur om ettermiddagen.

Kystvegekspressen Hovudruta Spegelvendten Måløy – Florø Selje – Bergen Bergen - Selje Selje 06 50 15 20 Måløy 05 10 07 20 15 50 Flora 06 35 08 35 17 00

Spegelvendten Kystvegekspressen Hovudruta Bergen – Selje Måløy – Florø Selje - Bergen Flora 11 30 16 05 19 55 Måløy 12 40 17 45 21 10 Selje 13 05 21 40

Fartyet som vert nytta i Kystvegekspressen går skuleruta i nordre del av Florabassenget morgon og ettermiddag.

3.1 Auka frekvens Florø - Måløy Det er mogleg å auke frekvensen mellom Flora og Måløy på fleire måtar. Truleg er behovet størst nordover på morgonen slik at reisande med ærend i Måløy på dagtid får eit tilbod. Vidare er tilbodet mangelfult frå Måløy på kveld.

Kostnaden ved ein ekstra rundtur vil med prisane i dagens avtale med fossile båtar vere på om lag 4 mill. kr. Rutetida må då vere tilpassa slik at det kan nyttast eit ledig fartøy. Vidare må det kunne organiserast slik at det ikkje vert løyst ut ekstra mannskap pga. kviletid. Inntekter vil kome til fråtrekk.

Utfordringa er at reisebehovet er størst morgon og ettermiddag når alle båtar er opptekne med arbeids- og skuleruter. Nye avgangar Florø-Måløy som ikkje skal løyse ut fleire båtar, vil måtte gå på tider det er mindre reisebehov. Nytteverdien vil då verte redusert.

Det å løyse ut eit nytt farty vil årleg generere kostnader på fleire mill. kr, avhengig av alder, type og størrelse.

3.2 Trafikkvurdering Flora - Måløy Det er eit reisebehov på morgonen frå Flora til Måløy. Sidan reisetida er på om lag 1,5 timar, avgrensar behovet seg noko. Strekninga vil ikkje eigne seg for dagpendlarar.

Sidan båten må tilbake til Florø midt på dagen for å ta arbeidsruta oppatt til Måløy på etter- middagen vil det verte ein svak avgang frå Måløy midt på dag.

Dagens kystvegekspress har tyngda av dei reisande frå ytre Bremanger til Flora og tilbake. Reisetida med båt er 35 minutt frå Smørhamn til Florø, noko som er godt innanfor dagpendle-avstand. Alternativ reiseveg frå Smørhamn med bil er over 2 timar. Totale passasjerinntekter på Kystvegekspressen er i dag på om lag 670 000 kr. pr. år.

Ein ny avgang - spesielt tilpassa reisande til Måløy - vil ha langt lågare potensial enn dagens Kystvegekspress som er retta mot Florø.  Reisetida vert for lang til å vere aktuell for dagpendling  Måløy er ein mindre by enn Flora  Returen på ruta må gå på eit tidspunkt få reiser. Side 3 av 6

I sum vurderer fylkesrådmannen trafikkpotensialet til å vere på om lag 1/3 av dagens kystvegekspress når ruta er godt etablert etter nokre år.

3.3 Økonomi Kvar nye rundtur med tradisjonell teknologi vil koste 4 – 8 mill. kr avhengig av om den løyser ut behov for fleire farty eller reorganisering av andre ruter.

Inntektspotensiale vert vurdert til om lag 200 000 avhengig av rutetidspunkt.

3.4 Selje - Måløy Rutetilbodet med båt frå Selje til Måløy kan styrkast på fleire måtar. Dagens kystvegekspress startar for tidleg og kjem for seint tilbake til at den vil gjere noko merkbar nytte for reisebehovet mellom Selje og Måløy. Det same vil i stor grad og gjelde for ev. ekstraavgangar på kystveg-ekspressen.

I Måløy går det i dag ein båt frå Måløy til Silda. Denne går arbeidsrute morgon og ettermiddag. Dersom det er eit arbeidsreisetilbod som det er ynskjeleg å etablere, vil truleg det mest tenlege vere å forlenge denne ruta til Selje. Kostnaden ved eit slikt tiltak vil vere om lag 600 000 kr for kvar avgang med dagens teknologi.

Reisetid Selje – Silda – Måløy med båt vil vere om lag 40 min., noko som er innanfor dagpendleavstand. Tilsvarande med bil er om lag ein time. Det går i dag fleire bussavgangar mellom Selje og Måløy. Desse rutene tek om lag 1 time og 10 minutt.

Passasjergrunnlaget vert vurdert til å vere for marginalt til å kunne tilrå ei slik rute. I tillegg er det alternative ruter med både båt og buss.

4. Teknologi

Hurtigbåt er ein energikrevjande reisemåte. Det pågår no ei rivande utvikling som gjer det mogleg å redusere klima- og miljøutsleppa.

4.1 Skrog /Foil Dagens nybygg glir betre gjennom sjøen og er lettare enn tidlegare. Energibehovet knytt til framdrift går difor ned. Sist på denne fronten er ein ny generasjon foil som ytterlegare kan redusere energibruken. Ulempa med desse foilane er at dei stikk djupt, og soleis kan avgrense operasjonsområdet. Siste generasjon foil er enno uprøvd, og det er fortsatt knytt spenning til korleis desse vil fungere.

4.2 Biodrivstoff Biodrivstoff har vore omstridt fordi det bandlegg areal som elles kunne vore nytta til mat- produksjon. Det vert produsert biodrivstoff av ulike typar avfall og trevirke. Det er pr. i dag avgrensa tilgang på sertifisert berekraftig biodrivstoff. Dersom biodrivstoffet er framstilt på ein dokumentert berekraftig måte vil det kunne vere eit miljø- og klimavenleg supplement. Kostnaden for slike bioprodukt ligg på om lag det doble av diesel.

4.3 Hydrogen Produksjon og lagring av hydrogen er kjent teknologi. Drivstoffet vert brukt på bil og er under testing på ferje. Enno er ikkje teknologien teken i bruk på hurtigbåt, men båtbyggjarar og operatørar meiner at tida snart er moden. Første båten er no under bygging i USA.

Produksjon og bruk av hydrogen er energikrevjande. Mykje energi går tapt som spillvarme. Brenselscellene har og begrensa levetid. Drivstoffkostnaden knytt til hydrogen vert i dag rekna til å vere meir enn det doble av tradisjonell dieseldrift.

Kostnaden med bygging av ein båt med hydrogenframdrift er vesentleg høgare enn ein tradisjonell hurtigbåt med dieselmotorar.

Noko av utfordringa knytt til hydrogenteknologi er at den enno ikkje er tilpassa hurtigbåtdrift. Dette gjeld tekniske løysingar om bord, tilretteleggingar på land, samt driftsmessige tilpassingar knytt til bunkring og tryggleikstiltak. Regelverket som regulerer fagfeltet er under utarbeiding.

Hydrogen i komprimert gassform krev store trykktankar. Ved transport får vi relativt lite med. I tillegg er omlastingar energikrevjande. Den beste løysinga med komprimert hydrogen er om båten kan fylle nær eit produksjonsanlegg. Dersom det vert etablert eit slikt anlegg i Florø, vil båten kunne fylle der. For å tanke må truleg alle passasjerane stige i land og vente ein halvtime til båten er klar, alternativt må det leggast opp til båtbyte. Side 4 av 6

Dette dømet illustrerer at det er mange element som må på plass før hydrogen kan takast i bruk på ein hensiktsmessig måte. Ikkje minst må vi vere budde på at ruteopplegg må reorganiserast.

4.4 Batteri Batteriteknologien har utvikla seg mykje siste tida. Truleg er strekninga Måløy – Florø innanfor rekkevidde med ein batteribåt. Dersom det vert opna for at båten kan nytte ein dieselgenerator som hjelpestraum på dagar med tung sjø og mykje last, vil batterivekta kunne verte akseptabel og driftstryggleiken betre. Det må uansett vere ein generator om bord for å sikre at båten kjem seg til land om batteriet går tomt.

Batteri krev ladetid. Dagens båtrutedrift er ofte lagt opp til at båtane går arbeidsruter og skuleruter morgon og kveld utan opphald mellom. Truleg må mange av rutene justerast slik at det vert tid til å lade mellom rutene. Dette vil påverke reisetidene for mange passasjerar.

Kostnaden til batteri er i hovudsak knytt til investering i infrastruktur om bord og på land. Sjølve drifta vert rekna for å verte rimelegare enn for tradisjonelle framdriftssystem.

Batteri har ei ulempe ved at det består av metall som det er avgrensa tilgang på. Framstilling av desse metalla bidreg til miljø- og klimabelastning.

Infrastruktur på land: For å kunne lade må det vere tilgang til straum ved kai. Kapasiteten på nettet varierer mykje rundt om. På ferjesambanda som til no er elektrifiserte har det i stor grad vore naudsynt med batteribankar på land for å sikre tilstrekkeleg ladekapasitet. Slike batteribankar kostar mykje, er plasskrevjande og har ei avgrensa levetid. Som ein del av arbeidet med anbodet må både fylkeskommune og tilbydarar kartlegge status i forhold til elektrifisering på aktuelle kaiar.

4.5 Hybrid Ein dieselmotor som går på jamt turtal er meir energieffektiv enn ein tradisjonell motor med varierande belastning.

Ved å nytte batteri til å ta endringane i effektuttak vil ein kunne redusere forbruket noko.

I andre enden vil ein båt som i hovudsak brukar batteri kunne redusere batterivekta/forlenge rekkevidda ved å kunne supplere med generatordrift ved ekstraordinære behov.

4.6 Oppsummert miljø/klima

Korte samband Nye farty som brukar mindre energi er eit klima/miljøtiltak som det bør leggast til rette for der det er aktuelt med nye farty.

Når det gjeld framdrift, peikar batteri seg ut som det mest hensiktsmessige i forhold til energieffektivitet og driftskostnad på samband der batteria strekk til. Batteri har ei avgrensing i forhold til rekkevidde. Opning for delvis hybriddrift der det vert høve til å nytte generator undervegs innan gitte rammer, vil redusere behovet for batterikapasitet (lågare vekt og mindre energibehov) og auke rekkevidda til fartyet. Det vil truleg vere mogleg å krevje at slik generatordrift skal nytte biodrivstoff. Sidan straum er rimelegare enn diesel ligg det klare incentiv for operatør til å nytte minst mogleg diesel.

Flora – Måløy vil ifølge både båtbyggjar og operatør truleg vere innan rekkevidde for batteridrift. Det vil då vere behov for lading i kvar ende, og rutetidene må ta høgde for dette.

Kva samband som vil kome best ut i ei nytte/kostnadsvurdering vil vi ikkje vite før vi ser kva tilbod som kjem frå leverandørmarknaden.

Lange samband På lange samband, som til dømes Bergensbåtane, vil det truleg vere hydrogen som er det mest eigna miljøalternativet.

Hydrogen har ein lenger veg å gå før den er standard på hurtigbåt. Tilpassing av teknologi, etablering av regelverk og klassing, infrastruktur osv. er blant mange ting som no vert arbeidd med av fleire.

Til dømes er det no planar for hydrogenproduksjon både i Florø og på Høyanger sørside.

Side 5 av 6

Det er på dei lange sambanda realisering av miljøgevinst er stor. Dei fire ekspressbåtane står for om lag ¾ av det totale utsleppet på dei fylkeskommunale båt- og ferjerutene. Ei omlegging til hydrogendrift vil både vere kostnadskrevjande og krevje større omleggingar i ruteopplegg.

Korvidt det framleis er for tidleg med ei hydrogensatsing vi vi først få svar på når vi ser kva tilbod som kjem inn frå leverandørmarknaden. Oppgåva til fylkeskommunen er å legge til rette for at miljøvenleg teknologi kan bli valt.

5. «Fremtidens Hurtigbåt»

Det pågår for tida eit prosjekt i Trøndelag der alle fylkeskommunane med hurtigbåtdrift deltek som observatørar.

Prosjektet har invitert næringa til å utvikle klimavenlege hurtigbåtkonsept for korte, mellomlange og lange båtruter.

Løysingane som vert arbeidd med er kvar for seg ulike, men hydrogen, batteri og ulike skrogformer er blant det som vert arbeidd med.

Undervegs i prosjektet har det vore og vil bli samlingar med erfaringsutveksling.

Foreløpig rapport vil verte presentert i samband med eit arbeidsmøte midt i juni-19. Endeleg rapport vil ikkje vere klar før i september, etter vi har sendt vårt anbod ut på høyring.

Vi vil nytte kunnskapen som kjem fram i dette prosjektet til å legge til rette for klimavenlege løysingar i hurtigbåtdrifta. Prosjektet er og med å løfte næringa slik at dei vert betre i stand til å tilby gode klimaløysingar raskare.

6. Enova

Fylkestinget har bede om ei vurdering på kva som må til for å kome i posisjon til statlege støtteordninger som til dømes Enova

Enova skriv følgjande om seg sjølv:

«Enova arbeider for Norges omstilling til lavutslippssamfunnet. Omstillingen krever at vi kutter utslipp av klimagasser, ivaretar forsyningssikkerheten og skaper nye verdier. Derfor jobber Enova for å få de gode løsningene ut i markedet og bidra til nye energi- og klimateknologier.»

Samferdsleavdelinga har hatt fleire møte med Enova, samt med andre fylkeskommunar, for å sjekke ut kva støtteordningar som er aktuelle og korleis vi skal kome i posisjon. Eit båtanbod der fylkeskommunen kjøper rutetenester av reiarlag er komplisert i forhold til gjeldande støtte- ordningar. Det at kommunar og private eig kaiane passar heller ikkje rett inn i tilskotsmodellane.

Fylkeskommunen har etter dialog med Enova fått i oppdrag å gjere greie for følgjande:

Oversikt over kostnader som vil komme knytt til heil/hybrid elektrisk drift.

 Investering i farty  Investering på land  Diesel reduksjon

Denne oversikta må lagast for alle samband som er aktuelle for støtte.

Ordninga «Infrastruktur til kommunale- og fylkeskommunale transporttjenester» vil vere mest aktuell for oss. Denne ordninga er avgrensa til infrastruktur på land.

Fylkesrådmannen planlegg no å leige inn konsulentar til å greie ut dei spørsmåla som Enova ynskjer svar på slik at vi kan kome i posisjon til dei støtteordningane som er.

Side 6 av 6

7. Vurderingar

Ny teknologi Det vil vere mogleg med nullutslepps/lågutslepp på ruta Måløy – Flora. Batteri kan vere aktuelt på dei fleste lokalbåtsamband i Sogn og Fjordane. Kor langt dei ekstra midlane som er sett av til klimatiltak vil rekke og kva samband som vil gje best nytte/kostnadseffekt, får vi ikkje vite før vi får inn tilboda frå leverandørmarknaden.

Dersom samband med god nytte/kostnadseffekt vert fortrengt til fordel for enkeltsamband med dårlegare nytte/kostnadseffekt, vil miljøvinsten gå ned. Fylkesrådmannen rår difor frå å prioritere teknologival på enkelte samband framfor andre i utlysinga.

Ny teknologi kan skape behov for justering av rutetider og ruteopplegg. Det vil t.d. vere behov for å legge inn tid for lading og fylling. Rekkevidda på rutene kan og verte avgrensa. Dette kan gje negative konsekvensar for passasjerane, i form av t.d. lenger reisetid eller feil reisetidspunkt. Føringar for driftsopplegg må vere med i vurderingane av innkomne tilbod.

Kva samband som er mest eigna utifrå ei nytte/kostnadsvurdering vil vi ikkje få svar på før vi får inn tilboda.

Utvida rutetilbod Det er mogleg å få til fleire avgangar mellom Flora, Måløy og Selje. Det er ikkje rom i gjeldande økonomiplan til å utvide rutetilbodet i båtanbodet. For å finansiere auka rutetilbod må budsjettet aukast. Eventuelt må det gjennomførast rutekutt eller klimasatsinga må reduserast.

Fylkesrådmannen meiner passasjergrunnlaget er for svakt til å kunne rå til å etablere nye ruter på strekninga.

Støtteordningar for klima/miljøtiltak Administrasjonen har hatt og vil ha ein dialog med Enova for å kome i posisjon til statlege støtteordningar knytt til klimatiltak. Det vil verte leigd inn konsulenthjelp for å bistå dette arbeidet.

Vi må i tida framover ha dialog med kaieigarar og nettselskap for å kartlegge nosituasjonen. Det vil også vere dialog med andre fylke med hurtigbåtdrift for å hauste erfaring.

Fylkesrådmannen vil løpande vurdere alle støtteordningar som kan vere aktuelle.

8. Tilråding

Fylkesrådmannen rår til at det vert invitert til nullutslepp/lågutslepp på alle ruter. Utlysinga må organiserast slik at prosjekta med best nytte/kostnad kan vinne fram i konkurransen. I denne vurderinga må realisering av klima- og miljøvinstar vegast saman med driftsopplegg og økonomi.

Fylkesrådmannen rår frå at det vert etablert nye ruter mellom Flora, Måløy og Selje.

Fylkesrådmannen rår til at det vert arbeid vidare med å kome i posisjon til statlege støtteordningar for nye klima- og miljøtiltak.

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 18/8598-58 Internt l.nr. 28904/19

Sak: 14/19

Tittel: Kjøp av rutetenester med båt frå 1. mai 2022 - ekstra utgreiing

Behandling:

Frå fylkesrådsmannen låg det føre slik tilråding til vedtak:

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsel til å gjere slikt vedtak: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til gjere slikt vedtak:

1. Ved utlysing av kontraktar for nye båtruter, skal det inviterast til lågast mogleg utslepp på alle ruter. Utlysinga må organiserast slik at dei tilboda som totalt sett gjev best nytte/kostnad vinn fram. Både klima/miljø, økonomi og driftsopplegg skal vektleggast.

2. Det vert ikkje etablert nye ruter mellom Flora, Måløy og Selje.

3. Det skal leggast til rette for å kome i posisjon til statlege støtteordningar for nye klima- og miljøtiltak.

Endringsframlegg:

Hovudutval for samferdsle sette fram slikt fellesframlegg til nytt punkt 2: Rute mellom Florø-Måløy-Selje vert lyst ut i anbodet med opsjonar på utvida frekvens/pendlarrute

Avrøysting: Det vart røysta punktvis over tilrådinga til fylkesrådmannen med endringsframlegget. Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 1 vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 2 vart sett opp mot fellesframlegg til nytt punkt 2. Fellesframlegg til nytt punkt 2 vart samrøystes vedteke. Fylkesrådmann si tilråding til punkt 3 vart samrøystes vedteke.

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til gjere slikt vedtak:

1. Ved utlysing av kontraktar for nye båtruter, skal det inviterast til lågast mogleg utslepp på alle ruter. Utlysinga må organiserast slik at dei tilboda som totalt sett gjev best nytte/kostnad vinn fram. Både klima/miljø, økonomi og driftsopplegg skal vektleggast.

2. Rute mellom Florø-Måløy-Selje vert lyst ut i anbodet med opsjonar på utvida frekvens/pendlarrute.

3. Det skal leggast til rette for å kome i posisjon til statlege støtteordningar for nye klima- og miljøtiltak.

Side 1 av 3

Saksframlegg

Saksbehandlar: Inge Horstad, Øystein Hunvik, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 19/2130-4

Søknad om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod Florø – Smørhamn – Måløy

Fylkesdirektøren rår Hovudutval for samferdsel til å gjere slikt vedtak: Hovudutval for samferdsle rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert avslegen.

Vedlegg: Søknad frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune

SAKSFRAMSTILLING

1. Bakgrunn for saka

Fellesnemnda for Nye Kinn kommune søkjer fylkeskommunen om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod Florø – Smørhamn – Måløy.

Søknaden vart lagt fram for fylkesutvalet som skriv og melding i møte 8. april 2019. Fylkesutvalet vedtok at saka skulle sendast til hovudutval for samferdsel.

Søknaden vart lagt fram for hovudutval for samferdsel som skriv og melding i møte 30. april 2019. Hovudutval for samferdsle vedtok at det skulle leggjast fram politisk sak i høve søknaden.

Vi vil i denne saka behandle søknaden og legge den fram for politisk handsaming.

2. Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune

Det vert søkt om å utvide dagens kystvegekspress med ein ekstra avgang om morgonen kl. 08.30 til Måløy kl. 09.55. Returen er tenkt frå Måløy kl. 11.30 til Florø kl. 13.00.

Flora kommune ber om at fylkeskommunen bidreg med følgjande finansiering:

2019: kr. 650 000 2020: kr. 1 500 000 2021: kr. 2 000 000 2022: kr. 700 000

Spleiselag Nye Kinn kommune ønskjer eit spleiselag der fylkeskommunen over tre år bidreg med litt under det halve av totalkostnaden. Kommunane langs ruta vil bidra med resten. Sjå under:

Finansieringsplan 2019 2020 2021 2022 SUM Tilskot stat* 250 500 750 Flora kommune 400 400 Vågsøy kommune 200 200 Side 2 av 3

Kinn kommune 1 500 1 500 750 3 750 Bremanger kommune 100 300 300 150 850 Fylkeskommunen 650 1 500 2 000 700 4 850 Bilettinntekt 50 150 150 50 400 SUM 1 650 3 950 3 950 1 650 11 200 *Midlar som Nye Kinn har fått bevilga i samband med infrastrukturtiltak i den nye kommunen.

3. Rutetilbodet mellom Flora og Vågsøy

I dag har rutestrekka mellom Måløy og Flora tre avgangar med båt i kvar retning; Hovudekspressbåten som går frå Selje til Bergen, spegelvendten som går frå Bergen til Selje, og kystvegekspressen som går frå Måløy om morgonen til Florø, med retur om ettermiddagen.

Kystvegekspressen Hovudruta Spegelvendten Måløy – Florø Selje – Bergen Bergen - Selje Selje 06 50 15 20 Måløy 05 10 07 20 15 50 Flora 06 35 08 35 17 00

Spegelvendten Kystvegekspressen Hovudruta Bergen – Selje Måløy – Florø Selje - Bergen Flora 11 30 16 05 19 55 Måløy 12 40 17 45 21 10 Selje 13 05 21 40

Fartyet som vert nytta i Kystvegekspressen går skulerute i nordre del av Florabassenget morgon og ettermiddag. Denne skuleruta er ferdig kl. 08.15. Reint praktisk og avtalemessig vil det vere mogleg å gå ny rute ut frå Florø kl. 08.30 med retur kl. 11.30 frå Måløy slik det er søkt om.

Alternative reisevegar: Bilvegen mellom Flora og Måløy er om lag 10 mil. Inkludert ferje må det reknast om lag 2,5 time på sommarføre. Sidan ferja ikkje har så hyppige avgangar høver det ikkje alltid med reisemålet, og det vil vere klokt å legge opp litt buffer for å vere sikker på å rekke ferga.

Ei båtrute vil bruke om lag 1,5 time, rutetidene varierer noko alt etter kva båt som går og kor trafikktung ruta er.

4. Økonomi

Ein ny rundtur Florø – Måløy – Florø vil med 2019-prisar i den fylkeskommunale avtalen koste om lag 4 mill. kr, noko som er 50 000 over det fellesnemnda legg til grunn i sin søknad.

Fellesnemnda legg til grunn billettinntekter på 150 000 kr. Billettpris for ordinær reise mellom Florø og Måløy er på 270 kr. Mange reisande nyttar ulike rabattordningar. Legg vi til grunn om lag 2 reisande i snitt kvar veg fordelt på 250 dagar får vi om lag 150 000 kr i billettinntekter.

Kystvegekspressen hadde i 2018 om lag 670 000 kr i billettinntekter. Denne ruta er tilpassa arbeidstidene i Flora. Spesielt frå ytre Bremanger er det med mange faste reisande på denne ruta. I tillegg er det mange vidaregåande elevar som nyttar ruta heim til ytre Bremanger på ettermiddag.

Trafikkgrunnlaget til Måløy vert vurdert til å vere vesentleg lågare enn for dagens kystvegekspress. Dette fordi Måløy er ein mindre by, ruta går for seint til å fungere som arbeidsrute, i tillegg fell returen midt på dag utanfor attraktive reisetider.

Fylkesrådmannen er samd i inntektsanslaget til fellesnemnda for Nye Kinn kommune på 150 000 kr.

Nettokostnaden for ein ny avgang på kystvegekspressen vert etter dette vurdert til å vere på 3,85 mill. kr.

Det er ikkje økonomisk rom i budsjetta til samferdsle for å finansiere ei ny rute. Dette betyr at det må gjerast innsparingar andre stadar i budsjettet til samferdsle, alternativt må sektoren tilførast meir midlar.

5. Vurdering

Side 3 av 3

Dagens kystvegekspress er viktig for reisande til og frå Flora, spesielt for reisande frå ytre Bremanger som går på arbeid eller skule i Florø. Ruta gir saman med ekspressbåtane også eit tilbod til Måløy, men den går ikkje på optimale tidspunkt i høve pendling.

Ei ny rute frå Florø kl. 08.30 vil vere viktig for dei som har behov for å kome seg til Måløy på føremiddagen. T.d. vil kommunalt tilsette i nye Kinn kommune ha god nytte av ei slik rute for å kome rundt i den nye kommunen.

Ei rute frå Florø kl. 08.30 til Vågsøy med retur ca. kl. 12.00 har ikkje noko stort trafikkpotensial. Reisetida vil vere om lag 1,5 time, noko som er lenger enn vanleg dagpendlaravstand. Rutetidene fell i tillegg utanfor då dei fleste har eit reisebehov.

Dagens kystvegekspress vert trafikkert med ein båt som har 70 passasjerplassar. Ruta har med mange passasjerar mellom Flora og Smørhamn. Båten kan difor ikkje være særleg mindre. Vêrforholda på strekninga er såpass røffe at det heller ikkje er naturleg å nytte særleg mindre båt.

Det er ikkje midlar i budsjettet til etablering av nye ruter. Kutt andre stadar innanfor sektoren på nærare 4 mill. kr er vanskeleg å finne utan at det vil gi negative konsekvensar andre stadar.

6. Konklusjon

Det er ikkje økonomisk rom i dagens samferdslebudsjett til ei ny rute. Dersom ny rute skal etablerast, må det gjerast kutt andre stader i sektoren, eller sektoren må tilførast meir midlar.

Fylkesrådmannen meiner passasjergrunnlaget for ruta er for svakt til å kunne rå til å etablere ei ny rute til nær 4 millionar kroner årleg. Fellesnemnda for Nye Kinn kommune Kinn kommune

Sogn og Fjordane Fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER

Vår ref.: Dykkar ref.: Dato: 19/28 - 1 / ROSU1 18.03.2019

Søknad om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod mellom Florø – Smørhamn – Måløy

Det blir med dette søkt om at Fylkeskommunen deltek med følgjande finansiering.

2019 kr. 650 000 2020 kr. 1 500 000 2021 kr. 2 000 000 2022 kr 700 000

Fellesnemnda for Kinn har i ei tid arbeidd med å betre båttilbodet mellom Florø og Måløy. Det er særleg tilbodet frå Florø til Måløy om morgonen som manglar per i dag. Fellesnemnda har hatt dialog med administrasjonen i Fylkeskommunen og Fjord1. Saman med desse aktørane har vi kome fram til at det er mogleg å få til ei ekstra rute på morgonen frå Florø til Måløy, med retur frå Måløy midt på dagen, innanfor dagens avtaleverk og eksisterande materiell. Det praktiske og det formelle er difor på plass og vi står igjen med finansiering.

Vi arbeidar no med å finansiere tilbodet. Vi ser føre oss følgjande finansieringsmodell:

Finansieringsplan 2019 2020 2021 2022 Sum Tilskot stat* 250 500 750

Flora kommune 400 400

Vågsøy kommune 200 200

Kinn kommune 1 500 1 500 750 3 750

Bremanger kommune 100 300 300 150 850

Fylkeskommunen 650 1 500 2 000 700 4 850

Bilettinntekt 50 150 150 50 400

Sum 1 650 3 950 3 950 1 650 11 200

*Midlar som Nye Kinn har fått bevilga i samband med infrastrukturtiltak i den nye kommunen.

Adresse Telefon Org. nr E-post Internett Markegata 51, 6905 FLORØ 57 84 50 00 820 956 532 [email protected] www.kinn.kommune.no

For 2019 er det rekna på oppstart fyrste august.

Av administrasjonen i fylkeskommunen har vi fått opplyst at brutto kostnad frå slik rute som er omtalt i dette brevet vil kome på. Kr. 3 950 000 pr. år. Vi har tatt utgangspunkt i dette beløpet når vi har laga finansieringsplan. Vågsøy og Flora kommune har sett av sin del av finansieringsplanen for 2019, samt at det er teke høgde for at naudsynt beløp blir innarbeidd i budsjett og økonomiplan for Kinn kommune. Fellesnemnda har vedteke å nytte av statlege infrastrukturmidlar, som kommunane har fått i samband med samanslåinga, til ruta.

Intensjonen med ruta er å gjere det mogleg å dagpendle frå Florø til ytre Bremanger og Måløy. Måløy – ytre Bremanger - Florø går heilt fint per i dag. Tanken er at det tilbodet vi no får på plass skal gjelde til ny konsesjonsperiode trer i kraft 01.05.22. I vårt innspel til båtrutetilbod frå og med 2022 har vi spelt inn denne ruta for å få til eit permanent tilbod på denne viktige strekninga.

Rutetabell. DX67 DX7 DX67 DX67 7 5 6 Måløy 05:10 07:20 11:30 15:50 15:40 17:45 Leirgulen | 07:35 | | 15:55 | Smørhamn 06:00 08:05 12:30 16:30 16:25 18:35 13:40 Florø 06:32 08:35 13:00 17:00 17:00 19:15 14:20

DX67 DX67 6 DX67 7 6 DX6

Florø 08:30 11:30 13:00 16:05 16:30 17:35 19:55 Smørhamn 08:50 12:00 13:10 16:40 17:00 18:00 20:20 Leirgulen | | 17:25 17:40 18:35 20:50 Måløy 09:55 12:40 17:45 18:00 18:50 21:10 Ekspress Kystveg Ny rute

Opplegget gjev ikkje rom for eit optimalt tilbod med tanke på dagpendling, då det ikkje er mogleg å gå frå Florø før kl. 08.30 med ankomst Måløy kl. 09.55. Ei rute som hadde gått om lag kl. 07.30 frå Florø hadde i så måte vore langt betre. Men dette vil løyse ut behov for nytt materiell, og vil gje eit heilt anna kostnadsbilete. Det inneber også at det ikkje ville ha vore mogleg å gjennomføre det innanfor gjeldande avtale mellom Fylkeskommunen og operatør.

Vi håpar vi i saman kan få til ei løysing slik som den er skissert her. Dette vil bety mykje for Nord – Sør sambandet på kysten og utvikling av denne kystregionen.

Det går i dag fly frå Florø lufthamn til Oslo og Bergen mellom kl. 14.00 og 15.00. Avinor opplyser at det er stor grunn til å anta at eit betra rutetilbod som her er foreslått vil vere positivt for desse flyrutene frå Florø.

Det er tatt opp med administrasjonen i fylkeskommunen om mogleg framtidige trafikktal på den aktuelle ruta. Fylkeskommunen meiner det vil vere vanskeleg å vere konkret på dette, men viser til tal elles på denne strekninga som er relativt gode samanlikna med andre stader i fylket. Her er nokre døme på aktuelle trafikktal for heile 2017:

Båtane i Florøbassenget 106 000 pax. Kystvegekspressen 9 300 pax Måløy – Silda 7 700 pax

Side 2 av 3

Dykk er kjend med at Flora i dag deltek i arbeidet med nullutslepp/lågutslepp frå passasjertrafikk mellom anna gjennom deltaking i fylkeskommunale prosjekt. Vi jobbar sjølvsagt aktivt for at det framtidige sambandet mellom sentra i Kinn kommune skal vere basert på nullutslepp. Men for å kome i gong må vi ta utgangspunkt i eksisterande båtmateriell.

Intensjonsavtala for etablering av Kinn kommune har fleire punkt som peikar på kor viktig det er å utvikle samferdsletilbodet på kysten. Dette er eit arbeid både Fellesnemnda og Kinn kommune vil måtte arbeide aktivt med i åra framover, saman med fylkeskommunen. Fylkeskommunen har også planar som legg til grunn at å få på plass eit slikt tilbod vil vere viktig. Vi tenker fyrst og fremst på Strategisk plan for kysten og strategi for senterstruktur.

Frå og med 01.05.2022 vil det vere ein ny konsesjonsperiode. I forkant av denne vil det uansett måtte gjerast eit stort arbeid med tanke på å leggje til rette for framtidig og tidsriktig satsing på samferdsle på kysten.

Helsing

Jan Henrik Nygård Leiar Fellesnemnda for Nye Kinn kommune

Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen signatur

Kopi til Edvard Iversen 6710 RAUDEBERG Kristin Maurstad 6711 BRYGGJA Nils Myklebust 6700 MÅLØY Ola Teigen Krokavegen 32b 6908 FLORØ

Side 3 av 3

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 19/2130-5 Internt l.nr. 28905/19

Sak: 15/19

Tittel: Søknad om finansiell deltaking i nytt hurtigbåttilbod mellom Florø Smørhamn Måløy

Behandling:

Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak:

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsel til å gjere slikt vedtak: Hovudutval for samferdsle rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert avslegen.

Endringsframlegg: Hovudutval for samferdsle sette fram slikt fellesframlegg:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert støtta.

Støtta vert ytt som ein eingongssum til Nye Kinn kommune på 4,9 mill. Tilskotet vert finansiert ved å nytte av overskotet til fylkeskommunen i 2018, og utbetalt i 2019.

Avrøysting: Fylkesrådmannen si tilråding vart sett opp mot endringsframlegget. Endringsframlegget vart samrøystes vedteke.

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

Hovudutval for samferdsle rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Søknaden frå fellesnemnda for Nye Kinn kommune om medfinansiering av ny båtrute Flora – Smørhamn – Måløy vert støtta.

Støtta vert ytt som ein eingongssum til Nye Kinn kommune på 4,9 mill. Tilskotet vert finansiert ved å nytte av overskotet til fylkeskommunen i 2018, og utbetalt i 2019.

Side 1 av 4

Saksframlegg

Saksbehandlar: Lars Erik Lunde, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 15/8734-46

Ferjeavløysing Ytre Steinsund bru - stadfesting av vedtak og finansieringsplan

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget syner til vedtak i FT-sak 55/17 og stadfestar at prosjektet Ytre Steinsund bru skal realiserast som eit ferjeavløysingsprosjekt i samsvar med følgjande finansieringsplan:

Finansieringsplan i mill. 2019-kr

Prosjektkostnad 716,8 Avviksløyving (10. pst) 71,7 Sum 788,5

Mva. refusjon 146,5 Fylkeskommunalt lån 639,0 Sum 788,5

2. Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

3. Eventuelle justeringar i driftsbudsjettet som følgje av endeleg fastsetting av årleg ferjeavløysingsbeløp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert innarbeidd i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune.

Vedlegg:

SAKSFRAMSTILLING

1. Samandrag

I følgje retningslinene for ferjeavløysingsordninga skal fylkestinget stadfeste tidlegare vedtak om prosjektet etter at søknaden er behandla av departementa.

Det har teke tid å få dei nødvendige godkjenningane frå departementa og framleis er ikkje endeleg stadfesting frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) om årleg sum med ferjeavløysingsmidlar og utbetalingstid komen.

Side 2 av 4

Fylkesrådmannen meiner det er fleire forhold som gjer at vi no bør gjere eit vedtak om stadfesting av prosjekt og finansieringsplan. Dels er dette grunna i at vi no nyttar monalege ressursar til prosjektering og undersøkingar, samt av vi må sikre bemanninga i prosjektorganisasjonen.

Fylkesrådmannen legg i denne saka opp til at fylkestinget gjer vedtak om prosjektet som ferjeavløysingsprosjekt gjennom å stadfeste tidlegare vedtak om prosjektet med tilhøyrande finansieringsplan. Dette i tråd med retningslinjene for ferjeavløysingsordninga og brev frå Samferdsledepartementet (SD) datert 13.9.2018.

Fylkesrådmannen vurderer også at det endelege formelle vedtaket om prosjektet bør delegerast til fylkesutvalet slik at det ikkje vert forseinkingar grunna tidspunkt for tilbakemelding frå KMD og fylkestinget sin møteplan.

2. Bakgrunn for saka

Søknad om ferjeavløysing for Ytre Steinsund vart sendt Statens vegvesen 20.12.2017.

I brev frå SD datert 13.09.2018 vart prosjektet formelt godkjent som ferjeavløysingsprosjekt. I brevet er det m.a. sagt følgjande:

«Samferdsledepartementet konkluderer med at søknad om ferjeavløysingsmidlar til prosjektet fv. 606 Ytre Steinsund bru i Sogn og Fjordane vert godkjent, under føresetnad av at fylkestinget gjer eksplisitt vedtak om finansieringsplan i samsvar med saksframlegget for fylkestinget i desember 2017.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i eige brev til fylkeskommunen opplysa om årleg sum med ferjeavløysingsmidlar og kor lang utbetalingstid som vert lagt til grunn for prosjektet»

I følgje retningslinjene for ferjeavløysingsordninga skal fylkestinget stadfeste tidlegare vedtak om prosjektet etter at søknaden er behandla av departementa.

Det har teke tid å få dei nødvendige godkjenningane frå departementa og framleis er ikkje endeleg stadfesting frå KMD om årleg sum med ferjeavløysingsmidlar og utbetalingstid komen.

Fylkeskommunen har fleire gonger i 2018 etterspurt endeleg svar frå KMD. I ei tilbakemelding frå 22. oktober 2018 vart det sagt følgjande:

«I Prop. 1 2019 er det foreslått en utvidelse av ferjeavløsningsordningen, som vil påvirke utbetalingen av ferjeavløsningsmidler. Vi vil sende brev til fylkeskommunen med endelig beløp med årlige ferjeavløsningsmidler, samt utbetalingstid, når forslaget er behandlet av Stortinget».

Tidleg i mars 2019 tok vi på nytt kontakt med KMD. Tilbakemeldinga var at dei er kjend med at vi ventar svar, og at dei vil kome tilbake med svar så snart dei kan. KMD syner vidare til at Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2019 fatta eit nytt anmodingsvedtak om renteutgifter som no er under behandling. Anmodingsvedtaket er utforma slik:

«Stortinget ber regjeringen foreslå mulige endringer av fergeavløsningsordningen slik at kapitalkostnader i mer fleksibel grad enn i dag kan dekkes av staten for fylkesveisamband.»

Fylkesrådmannen meiner det er fleire forhold som gjer at vi no bør gjere eit vedtak om stadfesting av prosjekt og finansieringsplan. Dels er dette grunna i at vi no nyttar monalege ressursar til prosjektering og undersøkingar, samt av vi må sikre bemanning i prosjekt-organisasjonen. Det er viktig at det ikkje blir skapt unødig uvisse knytt til ambisjonen om at prosjektet skal realiserast.

Fylkesrådmannen ser ut frå dette at det vil vere viktig for prosjektgjennomføringa om fylkestinget kan gjere eit vedtak med stadfesting av prosjektet no.

Historikk - tidlegare vedtak Fylkestinget gjorde 5.12.2017 følgjande vedtak i sak 55/17 Ferjeavløysing - Ytre Steinsund i Solund kommune.

1. Fylkestinget sluttar seg til at det skal søkjast om ferjeavløysingsmidlar for prosjektet fv. 606 Ytre Steinsund bru ut frå dagens kostnadsnøkkel i inntektssystemet (2017). 2. Fylkestinget set som føresetnad at det føreligg godkjent reguleringsplan for prosjektet før søknaden vert sendt. 3. Fylkestinget set som føresetnad at det føreligg godkjent kostnadsoverslag for prosjektet med forventa kostnad under 750 mill. kr. Side 3 av 4

4. Søknaden om ferjeavløysingsmidlar for fv. 606 Ytre Steinsund bru, slik den framgår av vedlegg 1, vert sendt til Statens vegvesen innan 31.12.2017. 5. Fylkestinget har som intensjon å realisere prosjektet fv. 606 Ytre Steinsund bru som eit ferjeavløysingsprosjekt. Fylkestinget vil ta endeleg stilling til oppstart av prosjektet etter at søknaden om ferjeavløysingsmidlar er behandla i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I desember 2018 gjorde fylkestinget følgjande vedtak i FT-sak 56/18 Budsjett 2019 / økonomiplan 2019-2022:

«Fylkestinget viser til svarbrev frå Samferdsledepartementet 13. september og stadfestar at bru over Ytre Steinsund skal realiserast. Det vert starta arbeid med prosjektering i 2019 med mål om byggjestart i 2020».

3. Vurderingar og konsekvensar

Retningslinjer for ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer Retningslinene for ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer fastsett av SD og KMD syner følgjande skjematiske framstilling av søknadsprosessen:

Vi har hatt følgjande framdrift i søknadsprosessen:

 Førehandsavklaring av prosjektet vart gitt av SD 26.09.2017  Overslag på ferjeavløysingsmidlar på 19,7 mill. kr vart gitt av KMD 7.11.2018  Prinsippvedtak i fylkestinget vart gjort 5.12.2017. Søknaden vart sendt 20.12.2017  Godkjenning av prosjektet som ferjeavløysingsprosjekt vart gitt av SD 13.9.2018  Fastsetjing av ferjeavløysingsmidlar frå KMD er førebels ikkje motteke.

Fylkesrådmannen legg i denne saka opp til at fylkestinget gjer vedtak om prosjektet som ferjeavløysingsprosjekt gjennom å stadfeste tidlegare vedtak om prosjektet med tilhøyrande finansieringsplan.

Økonomi- og budsjettkonsekvensar I FT-sak 55/17 Ferjeavløysing - Ytre Steinsund i Solund kommune og i søknaden om ferjeavløysing datert 20.12.2017 vart det lagt til grunn følgjande finansieringsplan:

Finansieringsplan oppjustert til mill. 2019-kr

Prosjektkostnad 716,8 Avviksløyving (10. pst) 71,7 Sum 788,5

Mva. refusjon 146,5 Fylkeskommunalt lån 639,0 Sum 788,5

I brev frå KMD 7.11.2017 med overslag på ferjeavløysingsmidlar for Ytre Steinsund vart beløpet berekna til 19,7 mill. 2017-kr. Det vart presisert at dette var eit overslag og at endeleg utrekning kan gje eit anna resultat.

Ferjeavløysingsmidlane vil bli nytta som bidrag til å dekkje avdrag på fylkeskommunalt lån og beløpet er førebels innarbeidd i økonomiplanåret 2023.

Endeleg beløp for ferjeavløysingsmidlar vil vidare vere bestemmande for tal år med tilbakebetaling. I gjeldande retningslinjer for ferjeavløysing er det sagt at det er byggje-kostnader Side 4 av 4 med fråtrekk av meirverdiavgift som utgjer berekningsgrunnlaget. Vidare er det sagt at samla utbetalingar i nominelle kroner ikkje skal overstige dei nominelle byggjekostnadane.

Dersom det vert gjort endringar i retningslinjene for ferjeavløysingsordninga slik at deler av kapitalkostnadane skal inkluderast i berekningsgrunnlaget, jf. anmodingsvedtak i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2019, vil dette ikkje ha verknad for det årlege ferjeavløysingsbeløpet, men kunne forlenge tal år med tilbakebetaling.

I Budsjett 2019/økonomiplan 2019-2022 er det sett av 790,4 mill. kr til prosjektet. Prosjektet har eit kostnadsoverslag på 716,8 mill. 2019-kr. I tillegg er det lagt inn ei løyving på 71,7 mill. kr til å handtere ev. kostnadsoverskridingar. Refusjon til Solund kommune for arbeid med reguleringsplan er løyvd med 1,9 mill. kr i 2019.

Framdrift i prosjektet Arbeidet med prosjektering er godt i gang. Statens vegvesen gjer no også vurderingar om kontraktsstrategi, dvs. om vi skal gå for einingspriskontrakt eller totalentreprise. Dersom vi går for totalentreprise, kan vi klare å lyse ut arbeidet sommaren 2020. Dersom vi vel vanleg einingspriskontrakt, vil vi bruke noko lengre tid før utlysing. Kva kontraktform som er aktuell vil vere ei fagleg vurdering der fleire forhold spelar inn. SVV vil kunne seie noko nærare om utlysingstidspunktet sommaren 2019. Det er føresett ca. 4 års byggetid for prosjektet.

Vurdering Fylkesrådmannen meiner det er uheldig at det framleis ikkje føreligg eit endeleg svar frå KMD om ferjeavløysingsmidlane. Fram til no har ikkje dette hatt nokon konsekvens for framdrifta, i men vi nærmarar oss no eit tidspunkt der det er naudsynt å formalisere at prosjektet skal gjennomførast. Bakgrunn for dette er at det no vert nytta monalege ressursar knytt til prosjektering, undersøkingar og førebuing til utlysing av konkurransegrunnlag. Vi er no også i den situasjon der vi må gjere det vi kan for å sikre at prosjektorganisasjonen i Statens vegvesen - som arbeider med prosjektet - ønskjer å bli med over til Vestland fylkeskommune frå 1.1.2020 slik at framdrifta kan sikrast. Det er såleis viktig at det ikkje blir skapt unødig uvisse knytt til ambisjonen om at prosjektet skal realiserast.

I høve til endeleg tilbakemelding frå KMD om ferjeavløysingsbeløp syner fylkesrådmannen til at det ikkje grunn til å tru at endeleg beløp vil avvike mykje frå dei førebelse utrekningane. Dersom det vert gjort ei utviding av ferjeavløysingsordninga, jf. anmodingsvedtaket frå behandlinga statsbudsjett 2019, vil dette ha ein positiv effekt som truleg berre vil ha betydning for i kor mange år vi vil få utbetalt ferjeavløysingsmidlar. Vi er ikkje kjent med at det vert vurdert endringar som vil gjere at det årlege ferjeavløysingsbeløpet som KMD har førebels berekna vert redusert.

Fylkesrådmannen vurderer avslutningsvis at for å stette retningslinjene for ferjeavløysingsordninga bør det delegerast til fylkesutvalet å gjere det endelege formelle vedtaket om prosjektet slik at det ikkje vert forseinkingar grunna tidspunkt for tilbakemelding frå KMD og fylkestinget sin møteplan.

4. Konklusjon

Fylkesrådmannen tilrår at fylkestinget no stadfestar at prosjektet Ytre Steinsund bru skal realiserast som eit ferjeavløysingsprosjekt i samsvar med den finansieringsplanen som vart lagt til grunn i FT- sak 55/17 (oppjustert til 2019-kr). Denne stadfestinga vil sikre framdrifta i prosjektet med prosjektering, utlysing og bygging, og sikre at det ikkje vert skapt noko unødvendig uvisse knytt til gjennomføring av prosjektet.

Fylkesutvalet vert gitt fullmakt til å gjere det endelege formelle stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 15/8734-47 Internt l.nr. 28906/19

Sak: 16/19

Tittel: Ferjeavløysing Ytre Steinsund bru - stadfesting av vedtak

Behandling:

Frå fylkesrådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak:

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget syner til vedtak i FT-sak 55/17 og stadfestar at prosjektet Ytre Steinsund bru skal realiserast som eit ferjeavløysingsprosjekt i samsvar med følgjande finansieringsplan:

Finansieringsplan i mill. 2019-kr

Prosjektkostnad 716,8 Avviksløyving (10. pst) 71,7 Sum 788,5

Mva. refusjon 146,5 Fylkeskommunalt lån 639,0 Sum 788,5

2. Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

3. Eventuelle justeringar i driftsbudsjettet som følgje av endeleg fastsetting av årleg ferjeavløysingsbeløp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert innarbeidd i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune.

Endringsframlegg: Framlegg frå arbeidarpartiet til nytt punkt 2: Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

Skulle svaret frå KMD være dårlegare enn skisser ber vi om at saka vert tatt opp att i fylkestinget i oktober.

Avrøysting: Det vart røysta punktvis.

Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 1 vart samrøystes vedteke.

Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 2 vart sett opp mot framlegget frå Arbeiderpartiet. Arbeidarpartiet sitt framlegg fekk 3 røyster og fall: Harald Bjarte Reite, Helen Hjertaas, begge Arbeiderpartiet og Stein Malkenes, Miljø Partiet De Grønne.

Fylkesrådmannen si tilråding til punkt 3 vart samrøystes vedteke.

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget syner til vedtak i FT-sak 55/17 og stadfestar at prosjektet Ytre Steinsund bru skal realiserast som eit ferjeavløysingsprosjekt i samsvar med følgjande finansieringsplan:

Finansieringsplan i mill. 2019-kr

Prosjektkostnad 716,8 Avviksløyving (10. pst) 71,7 Sum 788,5

Mva. refusjon 146,5 Fylkeskommunalt lån 639,0 Sum 788,5

2. Fylkestinget gir fylkesutvalet fullmakt til å gjere det endelege stadfestingsvedtaket om investeringsprosjektet når svar på søknad om ferjeavløysingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreligg.

3. Eventuelle justeringar i driftsbudsjettet som følgje av endeleg fastsetting av årleg ferjeavløysingsbeløp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet vert innarbeidd i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune.

Side 1 av 2

Saksframlegg

Saksbehandlar: Lars Erik Lunde, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 17/2752-21

Fv. 303 Seimsdalstunnelen - kostnadsoverslag

Fylkesrådmannen rår hovudutval for samferdsle til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget godkjenner eit kostnadsoverslag for prosjektet fv. 303 Seimsdalstunnelen på 318,5 mill. 2019-kr.

2. Endringar i drifts- og investeringsbudsjettet som følgje av godkjent kostnadsoverslag for prosjektet vert å innarbeide i budsjett 2019, og i økonomiplan 2020-2023 for Vestland fylkeskommune.

Vedlegg:

Andre relevante dokument i saka: FT-sak 43/18 Årdal – Fv. 303 Seimsdalstunnelen – løysing for veg i dagen

SAKSFRAMSTILLING

1. Bakgrunn for saka

Prosjektet Fv. 303 Seimsdalstunnelen i Årdal vart prioritert for utbetring og tilrettelegging for gåande og syklande i investeringsprogrammet for 2018–2021. Det vart då lagt inn ei samla løyving på 271,3 mill. 2018-kr. Dette kostnadsoverslaget/løyvinga var basert på forprosjektet. Denne løyvinga er i investeringsprogrammet for 2019-2022 omrekna til 277,7 mill. 2019-kr.

I oktober 2018 vart det lagt fram sak til fylkestinget (FT-sak 43/18) knytt til val av løysing for veg i dagen. I denne saka vart det orientert om at Statens vegvesen (SVV) hadde berekna eit førebels kostnadsoverslag ut frå utkast til reguleringsplan med ein kostnad på 283 mill. 2018-kr.

I saka vart det vidare opplyst at det ville vil bli utført ei endeleg kvalitetssikring av kostnads- overslaget etter at reguleringsplanen er vedteken. Fylkestinget gjorde følgjande vedtak i høve løysing for veg i dagen:

«Fylkesveg 303 frå Seimsdalstunnelen til Årebru i Årdal vert tilrettelagt for gåande og syklande ved å byggje gang- og sykkelveg».

Reguleringsplan for prosjektet vart godkjent i desember 2018. SVV har i mars 2019 utarbeidd eit kostnadsoverslag for prosjektet på 318,5 mill. 2019-kr med uvisse på +/- 10 pst.

Fylkesrådmannen ber i denne saka fylkestinget godkjenne kostnadsoverslaget for prosjektet.

2. Økonomi- og budsjettkonsekvensar

Side 2 av 2

Investeringsprosjektet har ei samla løyving på 277,7 mill. 2019-kr. Kostnadsoverslag for prosjektet er no fastsett til 318,5 mill. 2019-kr. Konsekvensen av dette er at vi må auke løyvinga til prosjektet med 40,8 mill. kr samla sett. Dette er ein stor auke, og dei økonomiske konsekvensane må innarbeidast i framtidige budsjett/økonomiplanar.

SVV opplyser at det skal vurderast om løysingar m.a. knytt til handtering av massar kan føre til mindre innsparingar (inntil 5 mill. kr). Avklaringar om dette vil vi truleg ha hausten 2019.

Det vert også synt til saka om tertialrapport 1/19, som går parallelt med denne saka, der det er framlegg om å redusere løyvinga til prosjektet med 4,5 mill. kr i 2019 grunna i forseinka framdrift.

Auken i prosjektkostnad på 40,8 mill. kr må finansierast av Vestland fylkeskommune, noko som kan medføre ein auke i årlege kapitalkostnader.

3. Konklusjon

Fylkesrådmannen tilrår at fylkestinget godkjenner eit kostnadsoverslag for prosjektet fv. 303 Seimsdalstunnelen på 318,5 mill. 2019-kr.

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 17/2752-22 Internt l.nr. 28907/19

Sak: 17/19

Tittel: Fv. 303 Seimsdalstunnelen - kostnadsoverslag

Behandling:

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

1. Fylkestinget godkjenner eit kostnadsoverslag for prosjektet fv. 303 Seimsdalstunnelen på 318,5 mill. 2019-kr.

2. Endringar i drifts- og investeringsbudsjettet som følgje av godkjent kostnadsoverslag for prosjektet vert å innarbeide i budsjett 2019, og i økonomiplan 2020-2023 for Vestland fylkeskommune.

Side 1 av 2

Saksframlegg

Saksbehandlar: Nils Geir Myrkaskog, Fylkesrådmannen Sak nr.: 18/8010-4

Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesrådmannen rår hovudutvala til å gje slik tilråding: Hovudutvala rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune vert teken til orientering.

Vedlegg:  Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Andre relevante dokument i saka:  Årsrapport 2018 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne  Årsrapport 2018 Fylkesrådet for eldre  Årsrapport 2018 Vestlandsrådet

SAKSFRAMSTILLING

Kommunelova, § 48 pkt. 5, omtalar årsrapporten slik:

I årsberetningen skal det gis opplysninger om forhold som er viktige for å bedømme kommunen eller fylkeskommunens økonomiske stilling og resultat av virksomheten, som ikke fremgår av årsregnskapet, samt om andre forhold av vesentlig betydning for kommunen eller fylkeskommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt og tiltak som planlegges iverksatt for å sikre en høy etisk standard i virksomheten. Det skal redegjøres for den faktiske tilstanden når det gjelder likestilling i fylkeskommunen eller kommunen. Det skal også redegjøres for tiltak som er iverksatt, og tiltak som planlegges iverksatt for å fremme likestilling og for å hindre forskjellsbehandling i strid med likestillingsloven, samt for å fremme formålet i diskrimineringsloven og i diskriminerings- og tilgjengjelighetsloven.

Hovudutvala legg ikkje fram eigne årsmeldingar, jf. vedtak FT-sak 48/13. Det er vidare lagt til grunn at årsrapporten og tilstandsrapporten for vidaregåande opplæring no er samordna. Dette sparar oss for sakshandsamingskapasitet og bidrar til forenkling.

Hovudutvala får årsrapporten til handsaming før han går til fylkesutvalet og fylkestinget. Årsrapport for 2018 følgjer saka som vedlegg 1.

Fylkesrådmannen viser særleg til kapitlet «Slik fylkesrådmannen ser det» frå s. 4 i års rapporten. Fylkesrådmannen gjev her m.a. ei kortfatta oppsummering av året 2018.

Fylkeskommunen si økonomiske stilling er vurdert/framstilt frå s. 12 - 22. For ein meir detaljert gjennomgang av drifta på sektornivået, vert det vist til s. 25 - 98.

Etisk standard, likestilling/likeverd og mangfald, betryggande kontroll Kommunelova krev (også) at ein i årsrapporten rapporterer på kva som er gjort for å;

 Sikre ein høg etisk standard i fylkeskommunen  Fremje likestilling, likeverd og mangfald i fylkeskommunen  Sikre betryggande kontroll.

Side 2 av 2

Etisk standard Verdigrunnlaget til fylkeskommune vart revidert av fylkestinget i desember 2014. Dei grunnleggande verdiane til Sogn og Fjordane fylkeskommune er:

 Innsikt, vi skal aktivt skaffe oss innsikt i noko  Integritet, vi har vilje/evne til å halde viktige prinsipp og vere sjølvstendige  Openheit, vi har respekt for noko(n), viser respekt og tek omsyn  Respekt, vi er demokratisk forankra og vernar om demokratiet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å ha høg tillit i samfunnet, levere gode tenester, bidra til utvikling i fylket, vera demokratisk forankra og å verne om demokratiet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune legg stor vekt på at etisk haldning også må få gjennomslag i praktisk handling m.a. ved å:

 Følgje lover, føresegner og ordningar elles som gjeld for fylkeskommunen  Ta opp tilhøve som ein meiner er feil  Forvalte fylkeskommunen sine ressursar på ei best mogleg måte  Å vera lojal mot fylkeskommunen sine overordna mål  Å visa andre respekt i omtale og handling.

Verdigrunnlag og etisk haldning vert halde «levande» ved m.a. å vera fast innslag på alle samlingar med nytilsette.

Likestilling, likeverd og mangfald Likestillingsutvalet vedtok 4 juni 2014 ei justering av handlingsplanen for likestilling, likeverd og mangfald. Planperioden er 2014 - 17. Den justerte handlingsplanen byggjer vidare på handlings- planen som FT vedtok i juni 2009, men med justering av mål og delmål.

Det berande prinsipp for den justerte handlingsplanen er at mangfald er ein ressurs, og at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vera inkluderande, syne omsorg og ha respekt for alle. For meir detaljerte opplysningar om oppfølging av handlingsplanen viser vi til årsrapporten s. 107 - 112.

Betryggande kontroll Det er ikkje meldt om særlege risikoområde for utgreiing innan internkontrollsystemet frå avdelingane. For meir utfyllande opplysningar om forvaltningsrevisjon og internkontroll viser vi til årsrapporten s. 113 - 114.

Uttale revisjonen Revisjonen har i si revisjonsmelding konkludert slik om årsrapporten:

«Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen, slik den er omtalt ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrift.»

Andre årsmeldingar I tillegg til årsrapporten frå fylkesrådmannen ligg det føre årsmelding frå:

 Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne  Fylkesrådet for eldre  Vestlandsrådet.

Årsrapporten og årsmeldingane ligg alle elektronisk på fylkeskommunen si heimeside under årsmeldingar. Fylkesrådmannen viser til desse. ÅRSRAPPORT 2018

sfj.no Årsrapport for Sogn og Fjordane fylkeskommune 2018

Foto framside: Dagsturhytta Gyttakvia i Førde kommune Fotograf: Sissel Straume Svoen Sogn og Fjordane fylkeskommune Årsrapport 2018

3

Innhald

Side 4 Året 2018 - fylkesrådmannen har ordet Side 10 Fakta om Sogn og Fjordane fylkeskommune ______

Side 12 Økonomi Rekneskap Byggerekneskap Innkjøp

______

Side 25 Regional utvikling Regionreforma Planarbeid Klimaarbeid Internasjonalt arbeid ______

Side 44 Resultat og aktivitetar Næring og kultur Opplæring Samferdsle Tannhelsetenesta Bygg og eigedom ______

Side 99 Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar Likestilling, likeverd og mangfald Forvaltningsrevisjon og internkontroll Året 2018 – fylkesrådmannen har ordet

4

ÅRET 2018 – FYLKESRÅDMANNEN HAR ORDET

Medan Sogn og Fjordane i 2016 hadde ein folketalsvekst på nær 700, fekk vi ingen vekst i 2017. Utviklinga skuldast i stor grad meir negative flyttetal mot utlandet. Denne utviklinga heldt fram i 2018. På nasjonalt nivå auka folketalet med 0,6 prosent, og i fylket vårt fekk vi ein reduksjon på 0,4 prosent. Samtidig auka folketalet i fylket i berre seks kommunar.

REGIONREFORMA

Stortinget gjorde første vedtak om regionreforma i juni 2014. Vi følgde opp med forhandlingar med Hordaland og Rogaland, seinare berre Hordaland, før dei fylkes- vise godkjenningane fell på plass. Vi heldt felles fylkesting med Hordaland hausten 2017. Der gjorde vi – på historisk grunn i Gulen kommune – dei første vedtaka som peikar fram mot nye Vestland fylkeskommune.

Før godkjenninga i fylkestinget fekk vi i leiinga – gjennom ei innbyggjarhøyring – «beskjed» om at vi måtte

• hegne om det nynorske skriftspråket • ta vare på verdiane i SFE AS • vere merksame på dei store avstandane vi kunne stå overfor i eit nytt storfylke

Eg meiner desse elementa er bra utkvitterte: Nynorsken er godt sikra i det samar- beidet som no er under utvikling. I energisektoren arbeider vi med modellar som skal ta vare på verdiane som er skapte her i fylket. Når det gjeld dei «store avstandane», løyste det seg til ein viss grad då Rogaland «fall ut». I tillegg arbeider vi både her og i Hordaland mykje med å finne gode samhandlingsmåtar basert på digitale løysingar.

I 2018 brukte vi – saman med Hordaland – mykje tid og krefter på å finne ei høve- leg form på det politiske og administrative samarbeidet no i interimsperioden. Her tykkjer eg det aller meste har gått svært bra. Men det er ingen tvil om at vi står oppi eit omfattande arbeid, der ingen av oss eigentleg har full oversikt over oppgåver og kompleksitet. Kanskje er det like bra? Av og til tenkjer eg at dette er som å rydde, pakke og flytte. Det er slitsamt, og det krev god organisering og logistikk, men det gjev òg moglegheiter til å kaste og starte litt på nytt. Greier vi å sjå det slik?

Nasjonalt har oppgåvene til fylkeskommunane vore mykje diskuterte. Noko vart avklart gjennom vedtak i Stortinget alt i 2017. Då kom t.d. anmodningsvedtaket om at fylkesdelen av administrasjonen til Statens vegvesen skulle over til fylkes- kommunane. Samtidig sette regjeringa ned eit utval («Hagen-utvalet»), som skulle vurdere overføring av ytterlegare oppgåver.

Overføringa innan vegsektoren vart følgd opp av både regjering og , og inneber at ca. 1850 årsverk går over frå staten til fylkeskommunane. Dette er ei viktig reform, som inneber at fylka vil kunne handtere sitt eige vegansvar. Fylkesrådmann Tore Eriksen Foto: Oskar Andersen Året 2018 – fylkesrådmannen har ordet

5

Nokre av Hagen-utvalet sine tilrådingar er alt vedtekne, men mange er framleis «un- der utgreiing». Dette framgår både av samarbeidsavtalen mellom dåverande regjering og KrF (sept. 2018) og av oppgåvemeldinga til regjeringa (okt. 2018). Eit knippe sitat frå nemnde avtale viser at her «må» den nye fleirtalsregjeringa kome med meir, jf. eigen tekst i boks nedst på sida her.

Regjeringa har ikkje følgd godt nok opp kulturmeldinga, jf punkt 10 i boksen. Denne meldinga er meir velskriven enn konkret, og det held ikkje!

Det mest typiske for oppgåveoverføringa elles er at staten overfører statlege ansvar og kanskje nokre tilskot, men har store problem med å overføre tilsette. Det som no skjer i vegsektoren er eit skikkeleg unnatak, ros til regjering og Storting for det!

STORE KRAFTVERDIAR I SOGN OG FJORDANE

Fylkestinget (FT) gjorde i desember 2016 m.a. slikt vedtak:

«FT ber fylkesrådmannen arbeide vidare med å sikre at dei verdiar som ligg i den fylkeskommunale eigarskapen i SFE-konsernet kan bli verande i Sogn og Fjordane. Fylkesrådmannen skal løpande konsultere og orientere FU i saka.»

I ettertid har det vore arbeidd med å følgje opp dette, og i desember 2018 vidareførte og konkretiserte FT nemnde vedtak slik:

«Sogn og Fjordane fylkeskommune har til hensikt å overføre inntil 80 prosent av fylkeskommunen sine aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS til kommunane i Sogn og Fjordane, innanfor rammene av søksmålet mot BKK og innanfor rammene av ein rettskraftig dom i saka. …

FT ber fylkesrådmannen, i samråd med Sogn og Fjordane Holding AS, utarbeide utkast til aksjonæravtale og nye vedtekter for Sogn og Fjordane Holding AS for endeleg godkjenning i FT samstundes med at FT gjer vedtak om overføring av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS til kommunane. …»

SITAT FRÅ SAMARBEIDSAVTALEN MELLOM DÅVERANDE REGJERING OG KRF I SEPTEMBER 2018

1. Det utredes om fylkeskommunen bør få en større rolle i samordning av kompetansepolitikken for å bidra til økt syssel- setting og lavere arbeidsledighet. 2. Det utredes om ansvaret for arbeidsmarkedsopplæring bør ses i sammenheng med fylkeskommunens ansvar for opplæring og grunnleggende kompetanseutvikling. 3. Tilskudd til studieforbund utredes med sikte på endringer i innretningen som muliggjør at noe overføres til fylkeskom- munene (ca. 200 mill. kr). 4. I arbeidet med integreringsstrategien vurderes det om ytterligere oppgaver kan overføres til fylkeskommunene. 5. Minoritetsrådgiverordningen vurderes overført etter at ordningen er videreutviklet og styrket. 6. Det skal utredes hvordan ressurser og kompetanse overføres fra staten til fylkene, slik at fylkene kan få ansvaret for bosetting internt i regionene og annen regional samordning av integreringspolitikken. 7. Det utredes om en overføring av BUF-etats oppgaver i barnevernet til fylkeskommunene vil gi et styrket tilbud til utsatte barn og familier. 8. Det skal utredes om reiselivssatsingen bør flyttes og det skal også utredes om det er behov for endringer i organisasjons- og tilknytningsformen for de nasjonale virkemiddelaktørene, herunder SIVA og Innovasjon Norge. 9. Det skal arbeides med en nærmere konkretisering av hvilke virkemidler som vil styrke fylkeskommunenes rolle i å mobili- sere og kvalifisere virksomheter til å investere mer i FoU. 10. Hagen-utvalgets forslag vurderes i den kommende meldingen. Året 2018 – fylkesrådmannen har ordet

6

Første vedtaksavsnitt («kommunemodellen») kan resultere i at kommunane våre vert inviterte til å bli medeigarar i SF Holding AS, selskapet som sit på SFE-aksjane våre. I ein slik modell kan aksjane i holdingsselskapet bli omgjorde til A- og B-aksjar. Minst 20 prosent vert A-aksjar, og desse vert sikra bestemmande innflytelse i sel- skapet. Inntil 80 prosent vert B-aksjar, og desse vert overførte til kommunane. Alle aksjane vil få same utbyte. Ein føresetnad for ein slik modell er at dommen frå Sogn og Fjordane tingrett hausten 2018 vert rettskraftig.

Neste vedtaksavsnitt («selskapsvedtektsmodellen») inneber at vedtektene i SF Holding AS blir tilpassa (i 2019) på ein slik måte at vi sikrar at dei aktuelle kraft- verdiane blir verande i dagens Sogn og Fjordane.

Det kan òg tenkjast kombinasjonar av desse to modellane.

Vi har også arbeidd ei tid med ein rein «fondsvedtektsmodell», ein modell som i tilfelle vil vere direkte avleia av intensjonsplanen med Hordaland. Denne er framleis mogleg å gjennomføre, men ved utgangen av 2018 blir han vurdert som mindre robust enn «selskapsvedtektsmodellen» – som i tilfelle vil kvile på reglane i aksje- lova.

Sogn og Fjordane vil i val av modell ikkje opptre i strid med intensjonsplanen med Hordaland. Her er fylkestinget suverent til å vedta det ein meiner er rett – før region- samanslåinga.

I arbeidet med «kommunemodellen» kan ein merke seg at også Hordaland fylkes- kommune har hatt store kraftverdiar. Det vart tilfelle då Hordaland fekk tildelt ein medeigedomsrett i Eidfjord. I følgje st. prp. nr. 157 (1981–82) vart spørsmålet om ein slik rett «reist av Hordaland fylkeskommune i forbindelse med planene for regulering og utbygging av Eidfjordanleggene.» I nemnde preposisjon heiter det:

«Sett fra fylkeskommunenes side representerer medeiendomsrett i statens vann- kraftutbygginger bl.a. større sikkerhet for tilgang på elektrisk kraft, samt økonomiske fordeler ettersom anleggene blir nedbetalte.»

Hordaland fylkeskommune sin del av Eidfjord Nord vart den gong vurdert til ca. 890 GWh. Nye tal, frå heimesidene til Statkraft, viser at årsproduksjonen no er ca. 2,8 TWh (Eidfjord Nord). 35 prosent av dette, dvs. Hordaland fylkeskommune sin opphavelege del, utgjer ca. 1 TWh.

Hordaland fylkeskommune overdrog midt på 80-talet eigarskapen til (dei då kom- muneeigde selskapa) BKK (26,25 prosent) og SKL (8,75 prosent) – til ein symbolsk pris. Kanskje dette forklarar kvifor Hordaland fylkeskommune i dag er representerte i styret i begge desse selskapa?

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag 49,5 prosent av aksjane i SFE, tilsvarande ca. 805 GWh av samla produksjon i selskapet (1,625 TWh). Dersom fylkeskommunen i 2019 overdreg 80 prosent av eigarskapen sin til kommunane, vil dette svare til ca. 640 GWh. Altså klart mindre enn det Hordaland fylkeskommune på 80-talet overdrog til dei kommuneeigde selskapa i eige fylke.

REGIONAL PLANSTRATEGI

Arbeidet med regional planstrategi gjekk inn i ein ny fase i 2018. Dette skjedde ved at fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland gav fellesnemnda fullmakt til å starte opp det førebuande arbeidet med regional planstrategi for Vestland fylkeskommune. Året 2018 – fylkesrådmannen har ordet

7

Samtidig vedtok fylkestinget vårt i juni å rullere regional plan for verdiskaping og ein vedtok også «fyrstegenerasjons» regionale planar for både «kysten» og «klimaom- stilling». I oktober vedtok ein regional plan for kultur.

Fylkestinget gjorde samtidig vedtak om at eiga regional planføresegn om lokalisering av handel og kjøpesenter – vedteken i april -18 – skulle reviderast før 2020. Samtidig vedtok ein at ev. nye regionale planar for arealbruk og folkehelse burde kome først etter samanslåinga med Hordaland.

Det blir spanande å sjå korleis Vestland fylkeskommune vil prioritere det overordna planarbeidet med tanke på både tema, meir geografisk avgrensa område og i høve fylkeskommunen sitt eiga plan- og budsjettarbeid.

REKNESKAPEN FOR 2018 – NOK EIT GODT RESULTAT

Fylkeskommunen sin rekneskap for 2018 viser eit overskot på 56,5 mill. kr. Det er noko over gjennomsnittet dei fire siste åra.

Netto driftsresultat (NDR) fortel kor godt resultat fylkeskommunen har. Det er no tilrådd at vi bør ha eit NDR på minst 4 prosent (av samla driftsinntekter). NDR for fylkeskommunen vår i 2018 var på 195,9 mill. kr, noko som utgjer 5,9 prosent av samla driftsinntekter.

I budsjettstyringa skil vi mellom anslagsløyvingar og ordinære løyvingar. Anslags- løyvingane er kjenneteikna av at dei er lite «styrbare». Det betyr at sluttresultatet på desse postane er avhengig av faktorar som ligg utanfor fylkeskommunal kontroll. Dei ordinære løyvingane er meir styrbare, og der skal fylkeskommunen ha større kontroll på sluttresultatet.

For dei styrbare løyvingane har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjett- dekning for tenestene vi yter. Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; vi styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Det gjev mindre innsparingar på ein god del postar, og forklarar at vi kom ut med ei netto innsparing på 30,3 mill. kr på sektornivå i 2018.

Sektornivået hadde ei netto utgiftsramme på vel 2,3 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 30,3 mill. kr hadde sektorane våre – sett under eitt – ei budsjettgjennomføring på om lag 98,5 prosent.

Forvaltning stod for 5,0 mill. kr av innsparinga. Dei største postane med mindre- forbruk her var

• politisk styring/kontrollutval (1,4 mill. kr) • administrasjon og administrasjonslokale (1,2 mill. kr) • diverse tilskot og fellesutgifter (2,0 mill. kr) • lokal og regional utvikling (0,5 mill. kr)

Opplæring hadde eit samla mindreforbruk på 17,9 mill. kr. Dei største innsparingane kom på

• utgifter til lokale (3,8 mill. kr) • utdanningsprogramma (5,3 mill. kr) • tilpassa opplæring (4,1 mill. kr)

Det største meirforbruket hadde vi på opplæring i bedrift (4,4 mill. kr). Dei vidare- gåande skulane og Fagskulen i Sogn og Fjordane kom samla sett ut på nivå med budsjettet 2018. Året 2018 – fylkesrådmannen har ordet

8

Tannhelsa hadde ei innsparing på 3,1 mill. kr. Denne sektoren har resultatoverføring (til 2019), og innsparinga påverka såleis ikkje rekneskapsresultat.

Næring og kultur hadde samla eit netto mindreforbruk på 1,0 mill. kr, alt innan kulturområdet.

Samferdsle hadde eit samla netto mindreforbruk på 6,3 mill. kr. Det største mindre- forbruket var på

• fylkesvegferjer (2,8 mill. kr) • bilruter (1,7 mill. kr) • fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak (1,3 mill. kr).

Fylkesveg – drift og vedlikehald – hadde eit mindreforbruk på 36,8 mill. kr, som vert overført til bruk seinare år. Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk vi i 2018 ei netto meirinntekt/innsparing her på 26,3 mill. kr. Skatt og rammetilskot er dei største postane. Dei utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2018 og gav ei meirinntekt i høve budsjettet på om lag 10,0 mill. kr. (0,42 prosent). Vidare hadde vi meirinntekter knytt til premieavvik og pensjon på 9,5 mill. kr og på kapitalinntekter/kapitalutgifter på 6,8 mill. kr.

SLUTTORD

Den fylkeskommunale årsrapporten med tilhøyrande rekneskap er den viktigaste attendemeldinga fylkesrådmannen gir til fylkestinget. Begge delar er heimla i kom- munelova § 48.

I føreliggjande årsrapport kommenterer vi berre ev. avvik frå målekartet i budsjettet for 2018. Målekartet i sin heilskap ligg i budsjettdokumentet. Dette er ein ny fram- stillingsmåte.

Eg vil takke fylkestinget for godt samarbeid også i 2018. Eg vil òg takke medleiarar, tilsette og organisasjonane for eit godt og utviklande samarbeid.

Eg vil særleg takke for det gode samarbeidet vi har hatt – og framleis har – i sam- band med føreståande regionreform. Det gode forholdet mellom politisk side og våre mange tilsette, er viktig for at Sogn og Fjordane skal kome godt ut av denne prosessen.

Leikanger, 31. mars 2019

Tore Eriksen fylkesrådmann Året 2017 – fylkesrådmannen har ordet

9

Lauparfjell i Leikanger Foto: Une Bremer Fakta om Sogn og Fjordane

10

FAKTA OM SOGN OG FJORDANE

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane styrer fylkeskommunen gjennom å velje repre- sentantar til fylkestinget kvart fjerde år. Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen. Hovudansvarsområda til fylkestinget er vidaregåande opplæring, tannhelse, samferdsle, kultur, næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og plan- legging.

Vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne er det største tenesteområdet vårt. Vi har tolv vidaregåande skular med plass til vel 4400 elevar. Fylkeskommunen har òg ansvaret for at lærlingar og lærekandidatar får vidaregåande opplæring i bedrift. Kultursektoren arbeider med å ta vare på kulturminne av regional og nasjonal verdi. Vi forvaltar spelemiddelordninga, administrerer Den kulturelle skulesekken og driv musikkarbeid gjennom distriktsmusikarordninga. Vi støttar det frivillige kulturlivet og driv ungdomsarbeid.

Fylkeskommunen er største vegeigar i fylket med totalt 2599 km fylkesveg. Statens vegvesen har vegfagleg ansvar for fylkesvegnettet på vegne av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har også ansvar for kollektivtrafikktilbodet i fylket. Vi har fleire ordningar som er etablerte for å gje ungdom eit trygt og godt offentleg transport- tilbod. Trygt heim for ein 50-lapp og ungdomskortet er døme på slike ordningar.

Fylkeskommunen arbeider med planlegging etter plan- og bygningslova. Dette inklu- derer i stor grad eit tett samarbeid med, og rettleiing av, kommunane. Viktige omsyn her er mellom anna samordna areal- og transportplanlegging, folkehelse, tettstad- forming, prinsippet om universell utforming, omsynet til oppvekstvilkår for barn og unge og estetisk utforming. Det er ei overordna oppgåve for fylkeskommunen å leggje til rette for næringsutvikling i heile fylket. Vi er med og gjer det mogleg å skape nye arbeidsplassar og næringar. Samstundes vidareutviklar vi eksisterande næringar. Vi samarbeider med kommunane og Innovasjon Norge for at næringslivet og etablerarar skal lukkast.

Den offentlege tannhelsetenesta behandlar alle grupper klientell. Tenesta er no inne i eit organisasjonsutviklingsarbeid for å gje endå betre tenester til innbyggjarane våre. Fylkestinget har vedteke at talet på tannklinikkar skal reduserast frå 28 til 18 innan 1. januar 2019.

POLITISK ORGANISERING

Fylkestinget i Sogn og Fjordane fylkeskommune har 31 medlemer. Styringsforma er formannskapsprinsippet. Fylkestinget vedtok i sak 39/14 slik politisk organisering i fylkeskommunen for valperioden 2015–19:

• Fylkestinget skal ha 31 medlemer. • Fylkesutvalet skal ha ni medlemer. • Fylkeskommunen skal ha tre hovudutval, kvart med ni medlemer: • hovudutval for samferdsle • hovudutval for opplæring • hovudutval for næring og kultur • Kontrollutvalet skal ha fem medlemer. Fakta om Sogn og Fjordane

11

Politisk organisering

Fylkesting for ungdom Fylkestinget Kontrollutvalet

Fylkesrådet for eldre Finansutvalet Fylkesutvalet

Planutvalet Fylkesrådet for menneske med nedsett funksjonsevne

Hovudval for Hovudval for Hovudval for opplæring næring og kultur samferdsle

Samansett av representantar frå fylkestinget.

Samansett av representantar frå fylkestinget og/eller eksterne representantar.

Administrativ organisering

Fylkesrådmann

Ass. fylkesrådmann

Plansjef Økonomisjef

Personal Juss Info IKT BET Drift Innkjøp LOR

Opplæring Næring og kultur Samferdsle (fylkesdirektør) (fylkesdirektør) (fylkesdirektør)

Vidaregåande Kultur- Statens vegvesen Tannhelsetenesta opplæring institusjonane (sams vegadm.)

Linjeleiing med fagleg, brukarretta resultatansvar (linjeorganisasjon).

Stabs- og støttefunksjonar for fylkesrådmannen og linjeorganisasjonen. Økonomi

12

ØKONOMI

Aktivitetsdag ved Firda vidaregåande skule Foto: Hans Græsli Økonomi Rekneskap

13

REKNESKAP

Dei siste åra har rekneskapen vore gjort opp med overskot. Overskotet for 2018 er 56,506 mill. kr, som er litt over gjennomsnittet dei siste fire åra. 30,3 mill. kr av over- skotet skriv seg av innsparingar på sektornivå, medan 26,3 mill. kr er innsparingar på fellesinntekter/-utgifter.

DRIFTSREKNESKAPEN

Økonomisk oversikt – drift Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Budsjett 2018 (mill. kr) 2018 2017 2016 2015

Skatt på inntekt og formue 641,200 646,738 621,079 609,784 571,360

Rammetilskot 1 720,829 1 725,291 1 754,548 1 754,478 1 738,050

Andre statlege overføringar 186,905 260,495 209,308 216,558 221,268

Andre driftsinnt. ekskl. renter 487,129 687,767 611,842 568,394 501,660

Sum driftsinntekter 3 036,063 3 320,291 3 196,778 3 149,214 3 032,338

Driftsutgifter ekskl. 2 860,113 3 065,809 2 837,968 2 795,487 2 745,398 avskrivingar

Brutto driftsresultat 175,949 254,482 358,810 353,728 286,940

Renteinntekter inkl. utbyte 67,835 79,238 148,799 86,307 65,299

Renteutgifter 47,800 47,659 49,898 50,627 55,521

Avdrag på lån 90,100 90,099 123,523 174,521 134,392

Netto driftsresultat 105,884 195,962 334,187 214,886 162,326

Bruk tidl. år, mindreforbruk 44,695 44,695 14,540 57,978 43,535

Bruk av disposisjonsfond 92,911 168,165 103,814 145,605 57,352

Bruk av bundne fond 7,819 158,553 160,455 179,787 267,013

Sum bruk av avsetningar 145,425 371,414 278,809 383,370 367,901

Avsett til disposisjonsfond 241,948 352,393 391,547 355,381 244,611

Avsett til bundne fond 0,000 149,116 166,878 187,704 159,979

Overført til investeringsrekn. 9,361 9,361 9,876 40,631 67,658

Rekneskapsmessig meir-/ 0,000 56,506 44,695 14,540 57,978 mindreforbruk

Tabell 1 Økonomi Rekneskap

14

NETTO DRIFTSRESULTAT

Snitt Sogn og FJordane fylkeskommunane

Diagram 1

Vi nyttar ofte omgrepet netto driftsresultat som indikator på kor god økonomi ein kommune eller fylkeskommune har. Fylkeskommunar bør ha eit netto driftsresultat på minst fire prosent (av samla driftsinntekter). For 2018 har Sogn og Fjordane fylkes- kommune eit netto driftsresultat på 196 mill. kr, noko som utgjer 5,9 prosent mot 10,6 prosent i 2017. Det er særleg to forhold som utgjer denne endringa:

• meirutgifter på rente/utbyte med om lag 35 mill. kr • redusert brutto driftsresultat med om lag 110 mill. kr

Fylkeskommunane samla har eit netto driftsresultat på 3,8 prosent i 2018.

LOKALE INNTEKTER

Lokale inntekter er eit «samleomgrep» på inntekter Sogn og Fjordane fylkeskom- mune har på omsetjing av konsesjonskraft og utbyte. Det er inntekter som kan svinge mykje frå år til år. Vi har difor innført ein «handlingsregel» som tilseier at vi i 2018 nyttar 50 mill. kr til driftstiltak, medan overskytande vert saldert mot fond.

Lokale inntekter Budsjett Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap (i mill. kr) 2018 2018 2017 2016 2015 2014 2013 2012

Konsesjonskraft 56,000 55,294 50,598 43,643 51,818 54,973 73,488 60,680

Utbyte 37,100 37,525 112,050 58,536 37,283 49,371 58,325 32,886

Lokale inntekter 93,100 92,819 162,648 102,179 89,101 104,344 131,813 93,566

Tabell 2 Økonomi Rekneskap

15

RENTER OG AVDRAG

Snitt Sogn og FJordane fylkeskommunane Diagram 2

Nivået på rente- og avdragsbelastninga i prosent av samla driftsinntekter har blitt redusert frå 5,4 prosent til 4,1 prosent frå 2017 til 2018. Dette betyr at 4,1 prosent av alle inntektene til fylkeskommunen går til å dekke renter og avdrag. Reduksjonen frå 2017 skuldast at fylkeskommunen tidlegare har hatt ein strategi om å nytte eit ev. handlingsrom i driftsbudsjettet til å betale ekstra avdrag. Denne strategien er reversert for å auke handlingsrommet både i drifts- og investeringsbudsjettet.

Avdragsbetaling på langsiktig gjeld i driftsrekneskapen utgjorde 90,1 mill. kr i 2018. Tilsvarande tal i 2017 var 123,5 mill. kr.

Brutto renteutgifter for 2018 er på om lag 47,6 mill. kr. Det er ein liten reduksjon samanlikna med 2017.

DRIFTSUTGIFTER SPESIFISERT SEKTORVIS

Sektor (mill. kr) Rekneskap 2018 Rekneskap 2017 Prosentvis vekst

Forvaltning og 160,584 146,204 9,0 % fellesutgifter

Opplæring 844,959 848,235 -0,4 %

Tannhelse 83,355 83,253 0,1 %

Næring og kultur 152,426 171,901 -12,8 %

Samferdsle 1 063,215 932,154 12,3 %

Sum 2 304,539 2 181,747 5,3 %

Tabell 3 Økonomi Rekneskap

16

Sum netto driftsutgifter har auka med 5,3 prosent frå 2017 til 2018. Tek vi omsyn til løns- og prisveksten for kommunesektoren på 2,8 prosent, er realveksten på 2,5 prosent. Forvaltning og fellesutgifter har ein auke på 9 prosent. Auken kjem i hovud- sak frå administrasjon og diverse tilskot. Samferdsle har auke i netto driftsutgifter på 12,3 prosent i hovudsak knytt til auka drift og vedlikehald på fylkesvegar. Den store nedgangen på næring og kultur, minus 12,8 prosent, skuldast i hovudsak redusert løyving av KMD-midlar i 2018 samanlikna med året før. Opplæring og tannhelse har berre mindre endringar.

BUDSJETTAVVIK

Sektor (mill. kr) Budsjett 2018 Rekneskap 2018 Avvik

Forvaltning og 165,666 160,584 5,082 fellesutgifter Opplæring 862,825 844,959 17,866 Tannhelse 83,436 83,355 0,081 Næring og kultur 153,400 152,426 0,974 Samferdsle 1 069,534 1 063,215 6,319 Sum sektornivå 2 334,861 2 304,539 30,322 Fellesutgifter og -2 334,861 -2 361,045 26,184 -inntekter Rekneskapsresultat 0,000 -56,506 56,506

Tabell 4

Fellesinntekter og -utgifter Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk vi i 2018 ei netto meirinntekt/innsparing her på 26,2 mill. kr.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2018. På desse to inntektspostane fekk vi ei meirinntekt på om lag 10,0 mill. kr (0,42 prosent). Vidare har vi meirinntekter knytt til

• premieavvik, pensjon osv. på 9,5 mill. kr • kapitalinntekter/-utgifter på 6,8 mill. kr

Sektornivået Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto utgiftsramme på vel 2,3 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 30,3 mill. kr, har sektorane sett under eitt ei budsjettgjennomføring på om lag 98,5 prosent. Det meiner fylkesrådmannen er svært bra.

Forvaltning står for 5,1 mill. kr av innsparinga. Dei største postane med mindrefor- bruk er politisk styring/kontrollutval (1,4 mill. kr), administrasjon og administrasjon- slokale (1,2 mill. kr), diverse tilskot og fellesutgifter (2,0 mill. kr) og lokal og regional utvikling (0,5 mill. kr).

Opplæring har eit samla mindreforbruk på 17,9 mill. kr i 2018. Dei største postane med mindreforbruk er utgifter til lokale (3,8 mill. kr), utdanningsprogramma (5,3 mill. kr) og tilpassa opplæring (4,1 mill. kr). Den største posten med meirforbruk er opplæring i bedrift (4,4 mill. kr). Dei vidaregåande skulane og Fagskulen i Sogn og Fjordane har eit samla mindrefor- Økonomi Rekneskap

17

bruk på ordinær drift på om lag 0,1 mill. kr i høve budsjettet for 2018. Skulane har resultatoverføring (til 2019), og innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekne- skapsresultatet.

Tannhelse har ei innsparing på 3,1 mill. kr. Også denne sektoren har resultat- overføring (til 2019), og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.

Næring og kultur har samla eit netto mindreforbruk på 1,0 mill. kr, alt innan kulturom- rådet.

Samferdsle har eit samla netto mindreforbruk på 6,3 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er fylkesvegferjer (2,8 mill. kr), bilruter (1,7 mill. kr) og fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak (1,3 mill. kr).

Fylkesveg – drift og vedlikehald – har eit mindreforbruk på 36,8 mill. kr, som vert overført til bruk seinare år. Det påverkar ikkje rekneskapsresultatet.

INVESTERINGAR

Budsjett Rekneskap Avvik Rekneskap Rekneskap Hovudtal (mill. kr) 2018 2018 2018 2017 2016

Forvaltning 19,125 14,812 4,313 18,202 15,495 Opplæring 105,765 66,871 38,893 102,769 170,900 Tannhelse 3,783 3,638 0,145 2,717 2,486 Kultur 1,988 1,691 0,297 1,372 2,386 Samferdsle 299,050 264,963 34,087 257,796 352,081 Investering i anleggsmidlar 429,711 351,976 77,735 382,856 543,349 Avdrag, avsetjingar, aksjar 3,755 728,866 -725,111 485,141 431,499 Finansieringsbehov 433,466 1080,842 -647,376 867,997 974,848 Bruk av lånemidlar 188,287 121,322 66,965 223,587 279,720 Inntekter frå sal av anlegg 0,000 0,015 -0,015 7,341 7,367 Tilskot til investeringar 98,868 104,896 -6,028 42,576 217,844 Mva-komp. 78,564 61,449 17,115 65,720 96,497 Mottekne avdrag på utlån 0,000 354,248 -354,248 Utbyte 0,135 366,751 -366,616 291,902 282,000 Andre inntekter 19,675 18,079 1,596 16,119 19,875 Overført frå drifta 9,361 9,361 0,000 9,876 40,631 Bruk fond 38,576 44,721 -6,145 210,876 30,955 Sum finansiering 433,466 1080,842 -647,376 867,997 974,889

Tabell 5 Økonomi Rekneskap

18

Investeringar i anleggsmiddel utgjorde 352 mill. kr i 2018 mot 383 mill. kr i 2017. Investeringane fordeler seg slik på sektorane:

• 14,8 mill. kr forvaltning • 66,9 mill. kr til opplæring • 3,6 mill. kr til tannhelse • 1,7 mill. kr til kultur • 265,0 mill. kr til samferdsle.

Avvik i høve budsjett skuldast i hovudsak forseinkinga gjennomføring av investering- ar.

I tillegg har fylkeskommunen utgiftsført 728,9 mill. kr i avdrag, avsetjingar og aksje- kjøp. Det skuldast hovudsakleg avvikling av aksjeselskapet F1 Holding. Avviklinga førte til at fylkeskommunen overtok selskapet sine aktiva og passiva, blant anna eit utlån til Havilafjord AS på 367,5 mill. kr. Havilafjord AS nytta seg av retten til å framskunde innfriinga av lånet i 2018. Det samla oppgjeret frå Havilafjord AS, 354,2 mill. kr, er avsett til fond saman med restverdiar frå F1 Holding AS

Av samla finansieringsbehov på 1080,8 mill. kr, utgjer låneopptaket 121,3 mill. kr eller 11,2 prosent. Tilsvarande tal for 2017 var 25,8 prosent.

Økonomi Rekneskap

19

BALANSE

Balansen gjev eit oversyn over eigendelane, eigenkapitalen og gjelda til fylkeskommunen.

Oversikt – balanse (mill. kr) Rekneskap 2018 Rekneskap 2017 Rekneskap 2016 Rekneskap 2015

Sum anleggsmidlar 8 012,885 7 790,145 7 298,494 7 009,339

Faste eigendomar og anlegg 5 726,277 5 562,511 5 172,808 4 815,699

Utstyr, maskinar og transport- 133,293 136,502 135,577 130,737 midlar

Utlån 7,247 7,247 7,650 8,054

Aksjar og andelar 638,502 655,022 605,802 600,411

Pensjonsmidlar 1 507,565 1 428,863 1 376,657 1 454,437

Sum omløpsmidlar 2 727,922 2 136,167 1 735,879 1 234,009

Kortsiktige fordringar 153,907 144,829 127,628 114,664

Premieavvik 12,499 8,621 17,043 15,873

Obligasjonar 211,544 209,017 155,422 103,268

Kasse, postgiro, bankinnskot 2 349,972 1 773,700 1 435,786 1 000,204

Sum eigendelar 10 740,807 9 926,312 9 034,373 8 243,348

Sum eigenkapital 6 002,212 5 339,870 4 569,465 3 862,881

Disposisjonsfond 912,167 758,103 667,900 484,721

Bundne driftsfond 159,716 171,482 164,663 156,808

Ubundne investeringsfond 961,763 595,977 300,610 12,220

Bundne investeringsfond 0,384 7,392 8,501 4,318

Rekneskapsmessig mindrefor- 56,506 44,695 14,540 57,978 bruk

Kapitalkonto 3 953,464 3 804,010 3 455,040 3 188,624

Endr. RK-prinsipp – AK Drift -41,788 -41,788 -41,788 -41,788

Sum langsiktig gjeld 4 152,852 4 050,338 3 892,849 3 881,130

Pensjonsforpliktingar 1 799,150 1 757,087 1 714,470 1 665,327

Andre lån 2 353,702 2 293,251 2 178,379 2 215,802

Sum kortsiktig gjeld 585,743 536,104 572,136 499,338

Sum eigenkapital og gjeld 10 740,807 9 926,312 9 034,451 8 243,348

Tabell 6 Økonomi Rekneskap

20

Lånegjeld

Diagram 3

Lånegjelda til fylkeskommunen har, etter sterk vekst fram til 2013, vore relativt stabil på +/- 2,3 mrd. kr. Ved utgangen av 2018 var lånegjelda på 2,35 mrd. kr.

Samla driftsinntekter har auka nominelt med 124 mill. kr frå 2017 til 2018. Låne- gjelda har auka frå å utgjere om lag 50 prosent av samla driftsinntekter i 2010, til å utgjere 70,9 prosent i 2018. Det er ein svak reduksjon frå 2017, slik at gjeld i høve driftsinntektene har gått noko ned. For fylkeskommunane samla utgjer lånegjelda 75,3 prosent av netto driftsinntekter.

Brutto lånegjeld per innbyggjar kr per innbyggjar

25000

20000

15000

10000

5000

0 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

S og FJ Snitt FK Diagram 4 Økonomi Rekneskap

21

Lånegjelda til fylkeskommunen er på om lag 21 441 kr per innbyggjar, medan landssnittet (for fylkeskommunane) ligg på om lag 13 037 kr per innbyggjar. Låne- gjelda per innbyggjar syner ein auke for Sogn og Fjordane i 2018, men går ned for landet samla.

Diagram 5

Disposisjonsfond

Avsetjinga til disposisjonsfond har vore stabilt høg over fleire år. Hovudgrunnen til oppbygginga av disposisjonsfonda er strategien for bruk av lokale inntekter (utbyte og konsesjonskraft), samt streng budsjettdisiplin.

Per 31.12.18 er det samla 912,1 mill. kr på disposisjonsfonda, noko som utgjer 27,5 prosent av sum driftsinntekter. Tilsvarande tal for alle fylkeskommunane samla var 10,8 prosent.

I tillegg har ubundne investeringsfond auka med 366 mill. kr til 961,8 mill. kr i 2018, som følgje av salet av Fjord1.

KOSTRA

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd: SSB offentleggjer 15. mars ureviderte tal for 2018. Reviderte tal vil bli lagt ut 15. juni 2019. I tabellen er vist nokre nøkkeltal, for Sogn og Fjordane fylkeskommune dei fire siste åra og 2018 for Vestnorge og landet u/Oslo for samanlikning.

Sogn og Fjordane har eit netto driftsresultat vesentleg betre enn samanlikna med dei andre i perioden. For 2018 har vi eit resultat på 5,9 prosent medan landssnittet u/ Oslo har 3,8 prosent. Det er tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent.

Sogn og Fjordane har vidare vesentleg høgare inntekter og utgifter per innbyggjar enn landet i heile perioden. Vår netto lånegjeld per innbyggjar er vesentleg over landet. Økonomi Rekneskap

22

Landet Sogn og Fjordane Vestlandet Indikator - konsern u/Oslo 2015 2016 2017 2018 2018 2018

Finansielle nøkkeltal i prosent av brutto driftsutgifter Netto driftsresultat 5,4 6,8 10,5 5,9 2,5 3,8

Netto avdrag 4,4 5,5 3,9 2,7 4,7 3,5

Netto renter -0,3 -1,1 -3,1 -1,0 1,4 0,5

Netto lånegjeld 70,9 67,4 69,5 67,9 93,9 75,0

Arbeidskapital ekskl. premieavvik 23,7 36,5 49,9 64,2 18,0 17,2

Finansielle nøkkeltal i kroner per innbyggjar

Brutto driftsutgifter 26 710 27 001 27 426 29 660 17 628 17 065

Brutto driftsinntekter 27 685 28 560 29 001 30 243 17 781 14 394

Frie inntekter 21 085 21 441 21 552 21 608 12 974 13 033

Netto lånegjeld 19 637 19 238 20 156 20 524 16 690 13 051

Fordeling av brutto driftsutgifter i prosent

Adm., styring og fellesutg. 4,8 4,9 4,7 4,6 3,7 4,5

Vidaregåande opplæring 33,1 33,2 33,7 32,0 41,1 44,0

Tannhelsetenesta 3,7 3,6 3,5 3,3 4,2 4,4

Fys. planl./kult. minne osv. 2,0 1,9 2,2 2,3 2,0 2,4

Kultur 4,2 4,6 4,4 4,3 4,3 4,5

Samferdsle 34,9 38,3 38,0 40,3 36,9 31,5

Næringsutvikling 10,4 6,2 5,8 5,1 2,7 2,5

Tabell 7 Økonomi Byggerekneskap

23

BYGGEREKNESKAP

INVESTERINGSPROSJEKT FLORA VIDAREGÅANDE SKULE – BYGGESTEG 3

Prosjektbeskriving Vi hadde frå 2008 til 2013 ein kontinuerlig periode med nybygg og rehabilitering ved Flora vidaregåande skule. Det var til saman tre byggesteg. Dei to første omfatta nybygg og rehabilitering med eit budsjett på 82,5 mill. kr og vart avslutta i 2011, innafor budsjettramma.

Dette byggerekneskapet gjeld byggesteg 3 – rehabilitering av blokk 1 og 2. Blokkene omfattar administrasjonen og undervisningsdelen. Prosjektet har hatt ei budsjett- ramme på 79 mill. kr og er gjennomført innan ramma med eit mindreforbruk på 2,72 mill. 2018-kr. Det er etter byggetrinn 3 òg gjennomført ei ombygging av elektro- avdelinga.

Rekneskapsførte kostnadar i mill. 2018-kr

2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Sum

0,88 2,85 45,45 38,77 -0,02 0,14 0,22 0,19 88,48

Tabel 8

Kostnadsrammer Sluttrekneskap for fase 3 rehabilitering Flora vgs Rekneskap Avvik Opphaveleg Revidert Investeringskostnad 91,2 91,2 88,48 -2,72 Generell finansiering 88,48

Tabell 9

Forklaring på avvik INVESTERINGSPROSJEKT FLORA Prosjektet er gjennomført innan den økonomiske ramma med eit positivt avvik på ca. 3 prosent. Avviket er for det meste knytt til løns- og prisomrekning frå siste år. Desse VGS. – UTVIKLING KOSTNADSRAMME midlane er ikkje nytta.

2012: Oppstart av prosjektet med Læringssløyfe/erfaringar kostnadsramme på 79 mill. 2012-kr Rehabiliteringsprosessar er vanskelege å kalkulere i tidleg fase. Vi konsentrerte oss i denne fasen for lite på kostnadsutviklinga i prosjektet. Etter endeleg budsjettvedtak 2013: Prisomrekning: 80,7 mill. kr har prosjektet vore gjennomført i tråd med føresetnadane.

2014: Prisomrekning: 82,3 mill. kr

2015: Prisomrekning: 84,1 mill. kr

2016: Prisomrekning: 87,1 mill. kr

2017: Prisomrekning: 88,7 mill. kr

2018: Prisomrekning: 91,2 mill. kr Økonomi Innkjøp

24

INNKJØP

OVERORDNA

Innkjøpstenesta har det innkjøpsfaglege ansvaret for alle innkjøp over 500 000 kr ekskl. mva., med unntak av byggje- og anleggskontraktar og avtalar knytte til drift av kollektivtransport og fylkesveg. Innkjøpa vert gjort i tråd med den fylkeskommunale innkjøpsstrategien. Fylkestinget vedtok ny innkjøpsstrategi i 2018. SAMKØYRING HORDALAND I tillegg driftar innkjøpstenesta også Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI), ei inn- kjøpsordning for 25 kommunar og nokre statlege etatar i fylket. Innkjøpstenesta gjen- Innkjøpstenesta har i 2018 arbeidd nomfører konkurransar på vegne av samarbeidspartane, er rådgjevar for samarbeids- med å samkøyre dei to innkjøps- partane og følgjer opp felles rammeavtalar mot leverandørane. Fellesnemnda for avdelingane i Sogn og Fjordane og samanslåinga med Hordaland vedtok i desember 2018 at fylkeskommunen skal tre ut Hordaland for å best mogleg kunne av innkjøpssamarbeidet frå 01.01.2020. yte tenester i fellesskap. I løpet av året vart det etablert felles innkjøps- Våren 2018 gjennomførte innkjøpstenesta ein stikkprøvegjennomgang av protokoll- plan og malar til bruk ved felles plikten for kjøp over 100 000 i heile organisasjonen. Fylkesrådmannen ser at slike konkurransar. I hovudregel er alle tiltak fører til større bevisstgjering om innkjøpsregelverket i organisasjonen. nye avtalar lyste ut i lag. I tillegg har innkjøpstenesta saman med Innkjøpstenesta i Sogn og Fjordane har i 2018 teke i bruk same elektroniske konkur- juristane brukt mykje tid på å ransegjennomføringsverktøy som Hordaland. Det nyttar vi òg til å registrere alle vurdere endringsmoglegheiter i avtalar i heile organisasjonen. eksisterande avtalar. Innkjøpstenesta har arrangert ei to-dagars samling for SFFI og ei dagssamling for innkjøpskontaktane i fylkeskommunen.

NØKKELTAL

Fylkeskommunen gjorde netto innkjøp av varer og tenester for om lag 1,9 mrd. kr i 2018: 1,6 mrd. kr til drift og 0,3 mrd. kr til investeringar.

Innkjøpstenesta har i 2018 gjennomført 33 konkurransar. 11 av desse gjeld heile eller delar av SFFI. 15 er gjennomførte i lag med Hordaland, 10 av dei har Hordaland lyst ut. 3 konkurransar gjeld nye Vestland fylkeskommune.

Innkjøpstenesta har ansvaret for å følgje opp om lag 80 rammeavtalar. Vi har i 2018 gjennomført strukturerte leverandøroppfølgingsmøte på utvalde avtaleområde, ca. 20 møte. I tillegg er det løpande oppfølging gjennom året med fleire andre leverandørar. Fylkeskommunen handla for 85 mill. kr ekskl. mva. på rammeavtalane i 2018.

EHANDEL

Status for innføring av ehandel i fylkeskommunen per 2018:

Årstal Tal ordrar i ehandel Omsetning i kr. Tal aktive brukarar Einingar som brukar ehandel

2014 120 2015 2987 37 572 117 2016 3964 132 000 000* 2017 4586 47 000 000 130 49 2018 5370 104 000 000 140 51

* Stort tal grunna kjøp av Sogndal vidaregåande skule byggjetrinn 2 via ehandel. Tabell 10 Regional utvikling

25

REGIONAL UTVIKLING

Fjordstien i Sogndal opna i 2018 og er blant tiltaka som har fått pengar frå ordninga for stadutvikling og tettstadforming dei siste åra. Foto: Renate Sæle Regionalutvikling Regionreforma

26

REGIONREFORMA

OM REGIONREFORMA

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø, signerte intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar 17. januar 2017. Dei to fylkestinga slutta seg til den framforhandla løysinga i februar 2017, med enkelte presiseringar og atterhald.

Stortinget vedtok regionreforma 8. juni 2017 og delte då landet inn i 11 heller enn 19 fylke frå og med 1. januar 2020. Vedtaket innebar at Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland held fram som eigne fylke. Sør- og Nord-Trøndelag vart Trøn- delag frå 1. januar 2018.

EKSPERTUTVALET

Kommunal- og moderniseringsdepartementet nedsette sommaren 2017 eit eige ekspertutval, etter ønske frå Stortinget. Mandatet til utvalet var å vurdere overføring av ytterlegere ansvar, oppgåver og mynde som støttar opp under samfunnsutviklar- rolla til fylkeskommunane. Fylkesrådmann Tore Eriksen var ein av medlemmane i ekspertutvalet. Ekspertutvalet leverte rapporten sin til kommunalministeren 1. februar 2018.

NAMNET VERT VESTLAND

Regjeringa gjorde i statsråd 6. april 2018 tilråding om Vestland som namn på det nye fylket. Stortinget gjorde endringar i inndelingslova 7. juni 2018, der namnet vart slege endeleg fast.

POLITISK ORGANISERING I VESTLAND FYLKESKOMMUNE

Fellesnemnda vedtok 22. juni følgjande struktur for faste hovudutval:

• hovudutval for infrastruktur og veg • hovudutval for samferdsle og mobilitet • hovudutval for opplæring og kompetanse • hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon • hovudutval for kultur, idrett og integrering

Dei 65 medlemmane i nye fylkestinget, med unntak av fylkesordførar, fylkesvaraord- førar og medlemmane i kontrollutvalet, kan fordelast på utvala.

Fylkesutvalet er eit lovpålagt organ med ansvar for å leggje fram forslag til økonomi- plan og årsbudsjett. Fellesnemnda vedtok i same møte at utvalet også får eit overordna ansvar for fag- og politikkområde som gjeld heile den fylkeskommunale verksemda. Regionalutvikling Regionreforma

27

Fellesnemnda vedtok 21. september å opprette følgjande lovpålagte politiske organ, med verknad frå 1. januar 2020:

• kontrollutval • administrasjonsutval • råd for menneske med nedsett funksjonsevne • råd for eldre • ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom • klagenemnd • fylkesvalstyre

I same møte vedtok fellesnemnda å opprette fylgjande politiske organ, med verknad frå 1. januar 2020:

• finansutval • trafikktryggingsutval • valnemnd

16. november 2018 vedtok fellesnemnda å opprette eit planutval som politisk leiande prosessorgan for regional planlegging, med verknad frå 1. januar 2020. Planutvalet skal skape politisk forankring og sikre heilskapsomsynet for regionale planar. Planutvalet får same medlemmar som det nye fylkesutvalet. Det nye fylkes- tinget skal hauste erfaringar med å nytte fylkesutval som planutval gjennom den første valperioden 2019–2023.

I same møte vedtok fellesnemnda å legge ansvaret for likestilling, likeverd og PROSJEKTLEIAR mangfald i Vestland fylkeskommune til administrasjonsutvalet. Administrasjons- utvalet skal følgje opp krava i kommunelova om å gjere greie for den faktiske Rune Haugsdal vart tilsett som tilstanden når det gjeld likestilling i organisasjonen. prosjektleiar og komande fylkes- rådmann for det nye storfylket på OVERORDNA ADMINISTRATIV ORGANISERING Vestlandet i møtet i fellesnemnda 4. mai. I september 2018 presenterte prosjektleiaren den overordna administrative organ- iseringa. Det blir tre administrative hovudlokaliseringar i Vestland fylkeskommune – Haugsdal starta i stillinga som Leikanger, Førde og Bergen. Avdelingane har slike namn og ansvarsområde: prosjektleiar 14. juni. • Avdeling for infrastruktur og veg (Leikanger) • Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (Bergen) • Avdeling for kultur, idrett og inkludering (Førde) • Avdeling for opplæring og kompetanse (Bergen) • Avdeling for innovasjon og næringsutvikling (Bergen) • Avdeling for strategisk utvikling og digitalisering (Leikanger) • Avdeling for organisasjon og økonomi (Bergen)

Dei nye avdelingane skal leiast av fylkesdirektørar, som vart presenterte i november 2018. Det er lagt opp til at dei komande fylkesdirektørane gradvis trer inn i rolla fram mot 1. januar 2020.

OPPGÅVEMELDINGA – NYE OPPGÅVER FOR FYLKA

Kommunal- og moderniseringsdepartementet la 19. oktober fram ei oppgåvemelding til Stortinget, der regjeringa utdjupa kva dei framtidige fylka skal ha ansvaret for. Her ligg det oppgåver knytt til næringsutvikling, landbruk, samferdsel, klima og miljø, kompetanse og integrering, kultur og folkehelse. Samferdsle er eit område der det Foto: Hordaland fylkeskommune kjem fleire nye oppgåver; fylka skal no sjølve få ansvaret for å utgreie, planlegge, bygge, drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Regionalutvikling Regionreforma

28

I tillegg til dei konkrete nye oppgåvene som vart meldt ut, vert det utgreidd vidare om oppgåver knytt til kulturinstitusjonar, barnevern og regionale forskingsfond også skal overførast til fylka.

FYLKESVÅPEN

Arbeidsutvalet til fellesnemnda nedsette 29. januar 2018 ein fagkomité som skulle vurdere og tilrå alternativ til fylkesvåpen for Vestland. Det skulle skje etter ein råd- gjevande, open innspelsprosess, og ein designkonkurranse, der nokre motiv bestemt av fagkomiteen skulle teiknast ut. Fellesnemnda fekk framlagt fagkomiteen sine tilrådde forslag 19. desember 2018, men valde ingen av forslaga. Fellesnemnda bad administrasjonen arbeide vidare med saka og få fram alternativ med utgangspunkt i forslag

• knytt til • natur og landskap • vilje til demokrati • folkevald makt • med referanse til felles historie.

OMSTILLINGSAVTALEN

Fagkomiteen la fram fire forslag til Fellesnemnda vedtok 4. mai 2018 omstillingsavtalen som fylkesrådmennene i fylkesvåpen for fellesnemnda i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde forhandla fram med dei tillitsvalde. Avtalen desember 2018. skal sikre følgjande: Illustrasjon: Vestland fylkeskommune • medverknad og medråderett i prosessen i tråd med intensjonane i hovudavtalen • ein ryddig og føreseieleg omstillingsprosess ved å gje overordna føringar for gjennomføringa • tryggleik i arbeidsforholdet for den einskilde tilsette under omstillings- arbeidet Regionalutvikling Planarbeid

29

PLANARBEID

Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2016–2020 legg føringar for kva plan- arbeid vi har arbeidd med i 2018. Dei regionale planane er styringsdokument som skildrar prioriteringar og vegval for den ønska utviklinga i regionen i eit langsiktig perspektiv.

Regionale planar er den overordna reiskapen fylkeskommunen nyttar i rolla som sam- funnsutviklar. Fylkeskommunen samarbeider med kommunar, regional stats- forvaltning, organisasjonane i næringslivet, ulike kompetansemiljø og frivillige organisasjonar om utforming og gjennomføring av planane. I 2018 arbeidde vi med og vedtok desse planane:

• Regional strategisk plan for kysten • Regional plan for kultur • Strategi for senterstruktur • Regional plan for klimaomstilling

Eventuell oppstart av Regional plan for arealbruk, og Regional plan for folkehelse er utsett til nytt fylkesting er konstituert (FT-sak 29/18).

SAMLA OVERSIKT OVER PRIORITERTE PLANARBEID 2016–2020

Plan 2016 2017 2018 2019 2020

Nye planar

Regional strategisk plan for kysten

Regional plan for arealbruk

Regional plan for kultur

Strategi for senterstruktur og tettstadutvikling

Revidering/rullering av eksisterande planar

Regional transportplan

Regional plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Regional plan for vassforvaltning

Fylkesdelplan for klimaomstilling

Regional plan for folkehelse

Regional verdiskapingsplan

Planperiode Forlenging av planperiode Eventuell oppstart av planarbeid utsett til nytt fylkesting

Tabell 11 Regionalutvikling Planarbeid

30

Regional strategisk plan for kysten (2018–2029) Fylkestinget vedtok Regional strategisk plan for kysten i juni 2018 (FT-sak 28/18). Hovudmålet med planen er å skape «ein kystregion som er attraktiv, med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og fleire gjestande».

Fylkeskommunen, kommunane og representantar frå næringane på kysten meiner meir forpliktande samarbeid og meir kartlegging av ressursane i kystsona er avgjer- ande for å nå målet. Planen inneheld fire satsingsområde:

• etablere eit kystråd • ta styringa i kampen om sjøareal og strandsone • knyte saman kysten med betre infrastruktur • auke skaparkrafta og evna til nyskaping

Det er knytt ei rekke tiltak til kvart av dei fire satsingsområda. For kvart tiltak er det presisert kven som skal vere initiativtakar, støttespelar, og i kva tidsrom tiltaket skal bli gjennomført.

Fylkesdelplan for arealbruk (2000) Fylkestinget vedtok i 2016 ei planføresegn, Regional planføresegn om handel og kjøpesenter (handelsføresegna), som er knytt til fylkesdelplanen (FT-sak 54/16). Handelsføresegna skal hjelpe oss å oppnå ei god regional utvikling, som balanserer omsynet til næringslivet, stadutvikling, arealforvaltning og klima- og miljø. Ei tydelig føresegn gagnar både den regionale utviklinga, kommunane og næringslivet. Fylkes- utvalet varsla i september (FU-sak 100/18) oppstart av revisjon til planføresegna. Planprogrammet vart vedteke av fylkesutvalet i desember (FU-sak 136/18).

Regional plan for kultur (2019–2027) Fylkestinget vedtok Kultur for alle – Regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027 på fylkestinget i oktober 2018 og handlingsprogrammet for 2019–2022 i desember. Vi har definert to hovudmål for planarbeidet:

• Kulturfeltet skal bidra til å skape gode lokalsamfunn. • Fylket skal ha regionale, nasjonale og internasjonale kraftsentra/fyrtårn.

Planen omfattar også fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Han avløyser såleis den tidlegare regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Strategi for senterstruktur og tettstadsutvikling (2018–2022) Strategien skal gje Sogn og Fjordane sterkare bustads-, arbeids- og serviceregionar (BAS-regionar), med meir attraktive tettstadar som utfyller og styrkar kvarandre. Analysar av flyttemønsteret i fylket har vore eit viktig grunnlag for strategien. Strategien er tenkt som eit grunnlag, og styringsverktøy innan regional utvikling.

Målsetjinga for strategien er:

• Strategi for senterstruktur og tettstadsutvikling skal gje Sogn og Fjordane sterkare BAS-regionar, med meir attraktive tettstadar som utfyller og styrkar kvarandre.

Gjennom prosessen er det utforma retningsliner knytt til

• attraktive tettstadar • attraktive bustadar • sterkare bu-, arbeids- og serviceregionar

Fylkestinget vedtok strategien i april 2018 (FT-sak 9/2018). Regionalutvikling Planarbeid

31

Støtte til tettstadforming og stadutvikling Vi fekk inn søknader om støtte til tettstadforming og stadutvikling på til saman 12,9 mill. kr i 2018. Med årets budsjettmidlar, restmidlar frå INU-ordninga og tidlegare avsette fondsmidlar, vart det gitt støtte til elleve kommunar med til saman 7,2 mill. kr. Dei to største prosjekta var støtte til ny bru over Sogndalselva (3 mill. kr) og elvefore- bygging og sti i Førde sentrum (1,7 mill. kr).

Regional plan for klimaomstilling (2018–2021) Regional plan for klimaomstilling blei vedtatt i fylkestinget i juni 2018 (FT-sak 26/18). Planen har som overordna mål å «saman få til ei klimaomstilling av Sogn og Fjordane», der fylket vert smartare, tryggare og grønare. Planen er tredelt, med ein kunnskapsdel, plandel og eit handlingsprogram. Handlingsprogrammet gjeld for 2018- 2019, fram til Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til Vestland fylkeskom- mune.

Plantema i planen er:

• energiforsyning • energibruk i bygg • areal og transport • næringsliv og teknologi • klimavenleg landbruk • klimatilpassing • forbruk • klimakunnskap og klimakommunikasjon

Verdiskapingsplanen Regional plan for verdiskaping gjev føringar for arbeidet på næringsområdet. Nyskap- ing og kunnskap er gjennomgåande plantema i verdiskapingsplanen. Planen om- handlar også sjømatnæringar, reiseliv og energi (både fornybar energi og olje/gass), i tillegg til industri og landbruk. Planen blei rullert i 2018, og vi gjorde justeringar for perioden 2018–2021. I rulleringa av planen la vi vekt på ei drøfting av kva vi har oppnådd så langt, og kva justeringar som trengst. Framover skal vi legge endå større vekt på bransjesamarbeid og grøn omstilling.

Rettleiing og kompetanseheving i kommunane Vi gir fråsegn til alle kommunale planar – samfunnsdelar, arealdelar og regulerings- planar. Fylkeskommunen gir innspel på tema som kulturminne-, kulturmiljø- og landskapsomsyn, friluftsliv, samordna areal- og transportplanlegging, omsyna til regional plan eller planstrategi, barn og unge sine interesser, fylkesvegar, og næring. Omsyn som spesielt har innverknad på nasjonale og regionale omsyn og interesser vert veklagde.

Fylkeskommunen har ansvar for regionalt planforum. Kommunane kontaktar oss om planarbeid dei har behov for å drøfte med ulike statlege og regionale fagetatar. Vi gjennomførte tolv møte med totalt ti ulike kommunar i 2018. Kommunane fekk òg tilbod om å melde inn saker til «planforum klimaspesial», der fylkeskommunen og Vestlandsforsking bidrog med kompetanse om klimaomsyn i planlegginga. Så langt har ein kommune nytta denne moglegheita i samband med samfunnsdelen til kom- muneplanen sin.

I november arrangerte fylkeskommunen saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjord- ane ei regional plansamling i Førde. Hovudmålgruppa var kommunalt tilsette som jobbar med planlegging, men konsulentar og andre interesserte kunne òg delta. Det var i alt 90 deltakarar på samlinga, som gjekk over to dagar. Tema var:

Klimaarbeid ved Firda vidaregåande skule. Foto: Hans Græsli Regionalutvikling Planarbeid

32

• Regionreforma og nye fylkesmannsembete • Regionalt planarbeid • Bustadsosialt arbeid i plan • Parallellsesjonar: • klimaarbeid i kommunane • eigedom, plan og jordskifte • arealplanlegging – vegen til eit tryggare samfunn • tettstadutvikling • Juridiske tema: • endringar i plan- og bygningslova – §12–14 andre ledd om mindre endringar • klager på støy • planlegging i sjø

Saman med Hordaland fylkeskommune og KS deltek vi i eit mentorprogram for nye planleggjarar i kommunane. Fire kommunalt tilsette planleggjarar er med som mentorar, og kommunalt tilsette planleggjarar er med frå deltakarkommunane. Vi har arrangert to slike mentorsamlingar i 2018. Den første var i Sogndal, med tema innan planprosess, medverknad, konsekvensutgreiing, overordna ROS og krav til reguler- ingsplan. Vi tok utgangspunkt i aktuelle problemstillingar i deltakarkommunane.

Den andre mentorsamlinga var i Bergen og Vaksdal. Regionreform, regionale planar- beid, bustadsosialt arbeid i plan, klima, eigedom, plan og jordskifte, tettstadutvikling og ulike juridiske tema.

Fylkesatlas og Fylkesspegel Fylkesatlas (www.fylkesatlas.no) er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om felles webkart. Kartløysinga blir brukt både internt i sakshandsaming og av eksterne. Det var i gjennomsnitt 140 sidevisningar kvar dag i 2018.

På Fylkesspegelen (https://statistikk.fylkesatlas.no/) publiserer vi statistikk og kunnskap om utviklinga i fylket. Nettsida er eit samarbeid mellom fylkeskommun- en, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet og NAV. Den nye Fylkesspegelen har i gjennomsnitt hatt 96 daglege sidevisningar, og 191 personar abonnerer på nyhendebrevet til Fylkesspegelen.

Frå 1.1.2020 er det tilrådd at Fylkesatlas vert vidareført som innsynsløysing for web- kartet til Vestland fylkeskommune. Vi samarbeider med Fylkesmannen i Vestland om drift og vedlikehald av Fylkesatlas. Det er tilrådd å erstatte dagens statistikkløysing med ein ny løysing for Vestland fylkeskommune. Regional utvikling Klimaarbeid

33

KLIMAARBEID

Klimapanelet til FN publiserte i 2018 ein rapport der dei vurderer kva som skal til for å oppfylle målet i Paris-avtalen om å

1. halde den globale temperaturauken under 2 grader 2. prøve å avgrense auken til 1,5 grader

Rapporten gir ei klar forståing av forskjellen mellom 1,5 og 2 graders temperaturauke, og dei alvorlege konsekvensane dette kan ha. Vi må setje inn raske og omfattande endringar på alle samfunnsnivå for å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Rapporten peiker på alvoret og skisserer eit utsleppskutt på 40–50 prosent innan 2030. Vi har dei neste 10–15 åra på oss til å unngå alvorlege og irreversible endringar.

Arbeidet i 2018 har i hovudsak vore delt i to fasar:

• utarbeiding av Regional plan for klimaomstilling • oppfølging av det vedtekne handlingsprogrammet

I tillegg har vi starta arbeidet med å skissere korleis vi skal jobbe med klima- og miljøutfordringane i nytt fylke.

KLIMAGASSUTSLEPP FOR SOGN OG FJORDANE

Miljødirektoratet publiserte i 2018 ei ny statistikkløysing for klimagassutslepp i kom- munane. Tala blir presenterte i ni sektorar, fordelt på 38 utsleppskjelder, for perioden 2009–2016. Dette er eit nyttig verktøy i planlegginga, både i fylkeskommunen og kommunane.

Klimagassutsleppet for Sogn og Fjordane var 1 949 942 tonn CO2-ekvivalentar i 2016, med ein stigande trend i perioden. Det viser at utviklinga går feil veg her i fylket. Dette er totale, direkte utslepp innanfor fylkesgrensene, inkludert utslepps- kjelder som fylkeskommunen har lite direkte påverknad på.

Kjelde: www.miljostatus.no, Miljødirektoratet https://www.miljostatus.no/tema/klima/norske-klimagassutslipp/klimagassutslippkommuner/ Diagram 6 Regional utvikling Klimaarbeid

34

Vi fekk laga ei Klimakost-analyse med analyse av den fylkeskommunale verksemda hausten 2018. Klimakost bereknar det komplette fotavtrykket frå fylkeskommunal verksemd. Aktiviteten som medfører størst klimafotavtrykk er utsleppa knytt til kollektivtrafikk, både bilruter, fylkesvegferjer og båtruter. I tillegg er det store utslepp knytt til bygg- og infrastrukturtiltak på fylkesvegane. Resultata frå analysen inngår i kunnskapsgrunnlaget til felles planstrategi for Vestland fylke (Vestland – Statistikk og utviklingstrekk).

25000

20000

15000 tonn CO2e Kjøp av andre tjenester Kjøp private tjenester 10000 Bygg og infrastruktur Energi Reise og transport egne… 5000 Forbruksmateriell og utstyr Indirekte utslipp kollektivtrafikk Direkteutslipp kollektivtrafikk 0

Kjelde: Klimakost-analyse Asplan Viak Diagram 7 Regional utvikling Klimaarbeid

35

REGIONAL PLAN FOR KLIMAOMSTILLING 2018-2021

Fylkestinget vedtok Regional plan for klimaomstilling i juni 2018. Då starta arbeidet med å følgje opp planen og handlingsprogrammet. Ved årsslutt rapporterte vi på tiltak i handlingsprogrammet, og her er ei forenkla oversikt over dette.

% fullført Tiltak i handlingsplanperioden 2018–2019

Diagram 8 Regional utvikling Klimaarbeid

36

NASJONAL KLIMAOMSTILLINGSKONFERANSE I SOGNDAL, 24.–26. APRIL 2018

Samarbeid internt og eksternt står sterkt i Sogn og Fjordane, mellom anna på klima- feltet. Den nasjonale klimakonferansen vart for tredje gong arrangert i Sogndal, med kjente namn som Atle Hamar, Glen Peters og Thomas Hylland Eriksen på plakaten. Arrangementet var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høg- skulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, NVE, Statens vegvesen og fylkeskommunen.

TILSKOTSORDNING FOR KLIMA OG MILJØTILTAK

Tilskotsordninga for klima- og miljøtiltak vart styrka med to millionar kroner i 2018, og vi fekk inn mange gode søknadar. Midlane gjekk til dømes til å støtte til utfasing, eller gjennomføring av tiltak for å avgrense avrenning av gummigranulat på fotball- baner (Årdal, Vik, Fjaler og Eid).

Firda vidaregåande skule jobbar med klima- og miljøutfordringar i ulike fag, inkludert i valfaget klima- og miljøfag. Dei arrangerte i 2018 ein klimakonferanse som foku- serte på klimakommunikasjon. Det deltok 377 personar, derav 302 elevar frå seks vidaregåande skular og to ungdomsskular. Firda vidaregåande fekk i 2018 klima- prisen til Utdanningsforbundet for arbeidet dei har gjort med prosjektet Grøn skule og for utviklinga av faget klima- og miljøfag. Faget er utvikla for å gje ei heilskapleg tilnærming til klima- og miljøspørsmåla.

Oversikt over prosjekt som fekk støtte i 2018:

Søkar Prosjektnamn Tilsegn på

Firda vidare- Klimakonferansen «Den grøne tråden» 75 000 gåande skule

Nordfjordrådet Energinettverk Nordfjord 2021 420 000

SINTEF Energi Grøn energi til Stryn Sommerski – Fase 1 250 000

Sykkelbyen Florø: Reparasjonsstativ og Flora kommune 24 465 luftpumpe ved Klatreparken

NFF Sogn og Rister ved inngangsparti for avfeiing av 255 000 Fjordane gummigranulat

Profilering av interkommunal plan for Jølster kommune 75 000 klimaomstilling i Sunnfjord

Rehabilitering av kunstgrasbana ved Årdal kommune 500 000 Jotun Stadion til klimavenleg alternativ

Kartlegging av vernskog i Jølster og Jølster kommune 350 000 utarbeiding av rutine for skjøtselplan

Miljøveke 2019, for å redusere mengda Stadtlandet skule 150 000 av plast langs kysten av Stadlandet.

Kartlegging av erfaringar frå regionalt Vestlands- plan- og klimatilpassingsarbeid i nye 250 000 forsking Vestland fylke

Totalt 2 349 465

Tabell 12 Regional utvikling Klimaarbeid

37

PROSJEKTET «SAMHANDLING FOR GRØNT SKIFTE»

Styringsgruppa for regionalt klimasamarbeid har fått midlar frå Regionalt forskings- fond Vestlandet til prosjektet Samhandling for Grønt Skifte. Vi gjennomførte fire samlingar for deltakarkommunane i 2018. Siste samling i prosjektet blei gjennomført hausten 2018, og temaet var Omstilling til nullutslepp. Deltakarkommunane presen- terte då kvar dei stod i planarbeida sine, og korleis dei nytta prosjektet i arbeidet.

FORNYBAR ENERGI

Fornybar energi er eit satsingsområde i verdiskapingsplanen. Fylket har store forny- barressursar, ikkje minst vass- og vindkraft. Fylkeskommunen yter støtte, inklusiv sekretærtenester, til Forum for Grøn Energi Sogn og Fjordane. Forumet skal

• bidra til auka verdiskaping knytt til planlegging • utbygging, drift og bruk av fornybar energi i Sogn og Fjordane • legge til rette for teknologiutvikling knytt til fornybar energi og energiøkonomisering

Hydrogen Region Sogn og Fjordane Rektor Hallgeir Hansen og elev Ida Marie Dragset Hydrogensatsinga til fylkeskommunen har hatt eit høgt aktivitetsnivå i 2018, som med klimaprisen Firda vidaregåande skule fekk i var det siste året for prosjekt Hydrogen Region Sogn og Fjordane. 2018. Prisen er delt ut av Utdanningsforbundet. Foto: Utdanningsforbundet Fylkeskommunen har ved hjelp av midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane etablert og administrert ei støtteordning for utviklingsprosjekt knytt til hydrogen i næringslivet. Ordninga har mellom anna gitt støtte til

• utvikling av hydrogendriven hurtiggåande passasjerbåt • design av hydrogendriven arbeidsbåt for oppdrettsnæringa • moglegheitsstudie for hydrogenproduksjon frå bølgjekraftverk • kartlegging av lokale hydrogenverdikjeder med utgangspunkt i kraftressursar i Indre Sogn

Vi har hatt eit godt samarbeid med Maritim Forening Sogn og Fjordane. Dei og støttespelarane har arbeidd systematisk over tid med å få status som Arena-klynge, noko industriklynga Ocean HyWay Cluster lukkast med hausten 2018.

Fylkeskommunen har etablert tett samarbeid med dei tre andre fylkeskommunane på Vestlandet. Dette blir tatt vidare i ein felles hydrogenstrategi, som blir lagt fram for Vestlandsrådet i byrjinga av 2019. Fylkeskommunen har også teke initiativ til eit landsdekkande fylkesnettverk for hydrogen. Nettverket har fått støtte frå Klimasats-midlane, og Norsk Hydrogenforum har sekretariatet.

Vi har lagt vekt på å delta i ulike nasjonale og internasjonale nettverk for å auke eigen kompetanse og knyte kontaktar. Kommunikasjon og formidling har også vore sentralt i prosjektet. Fylkeskommunen har mellom anna bidrege til den årlege konferansen om hydrogen i Florø. I 2018 samla denne 177 deltakarar frå 17 nasjonar.

I tillegg er fylkeskommunen partnar i ulike FoU-prosjekt knytt til hydrogen. Det gjeld mellom anna eit forskingsprosjekt som ser på moglegheitene for innkjøp av hydrogenteknologi i hurtigbåtar. Fylkeskommunen er vidare initiativtakar og hovud- partnar eit læringsnettverk for lokale hydrogensamfunn i Noreg, Skottland, Island, Færøyane og Canada (NORA-prosjekt). Regional utvikling Klimaarbeid

38

ENERGI OG MILJØ (INNOVASJON NORGE)

Bedrifter frå Sogn og Fjordane fekk i 2018 30 mill. kr til ni prosjekt innanfor Miljø- teknologiordninga. Det er det høgaste årlege beløpet som er løyvd frå denne ord- ninga til bedrifter i fylket. Prosjekta varierer i storleik frå 0,5 mill. kr til 15 mill. kr i tilskot. Prosjekta spenner vidt og er innanfor områda solenergi, maritim, marint, avfall og olje/gass. Havlandet RAS Pilot AS fekk 15 mill. kr i tilskot til pilotprosjekt for test- ing av landbasert matfiskproduksjon av laks i RAS-anlegg. Norsun AS fekk 10 mill. kr til utviklingsprosjekt for å styrke og vidareutvikle ingot- og waferproduksjonen.

Green Innovation Network på Nordfjordeid har fått støtte til etablering av eit hovud- prosjekt for bedriftsnettverk. Målet med nettverket er å utvikle og tilby tverrfagleg kompetanse innan grøne energieffektive løysingar.

Arbeidet med å etablere hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster vart i løna med Arena-status. Klynga skal femne om bedrifter som er kopla opp mot hydrogenbruk i dei havbaserte næringane. Målet med satsinga er å arbeide for at Noreg vert leiande i verda på bruk av hydrogen som energiberar.

Det er løyvd støtte til eit prosjekt om gardsvarmeanlegg næring frå verdiskapings- programmet for fornybar energi i landbruket.

Temperaturjustert energibruk, kWh/m2 pr. år kWh/m2

200

190

179 180 177 174 174 175 172 170 171 169 170

162 161 160 158 159 156

150

141 140 140 136

130 130

120

110

100 2002 2008 2014 2020

Diagram 9 Regional utvikling Klimaarbeid

39

ENERGISPARING, ENERGIBRUK OG MILJØ

Bygge- og eigedomstenesta jobbar aktivt med å etablere effektive energiløysingar i dei fylkeskommunale bygga for å redusere den samla energibruken. Vi har teke grep for å legge om til fornybar energi, slik at oppvarming basert på fossile energikjelder fortløpande kan fasast ut. 2018 må sjåast på som eit år med planlegging for tida som kjem, og det er ikkje gjennomført nokon store energisparingsprosjekt. Det står no att berre ein oljefyr, før all oljebasert oppvarming er fjerna.

Alle eigde bygg har etablert automatisk energiovervaking. Vi kan då enkelt rette tiltak mot det som er mest fornuftig, i tillegg til at driftspersonellet enkelt kan opti- malisere drifta av tekniske anlegg.

Vi har gjennomført nokon mindre prosjekt knytt til betre energieffektivisering. Først og fremst gjeld dette betre isolering og utskifting til meir effektive tekniske anlegg. Vi har brukt året til å planlegge fleire enkle tiltak, i tillegg til nokon meir spanande satsingar på solceller, sollys-basert belysning og passivhusbygg.

Energimålet på gjennomsnittleg 130 kWh/m2 er òg framleis innan rekkevidde, og vi ventar at målet er nærare når siste års tiltak syner resultat. Vi må likevel fram- leis ha søkjelys på arbeid med energiomlegging og fleire tiltak for energieffektive løysingar i bygga våre for å nå heilt fram. I 2018 såg vi ein liten auke i energibruk for fylkeskommunal bygningsmasse. Det er mykje grunna ein lang vinter og ein varm sommar, men også delvis grunna auka areal som følgje av utbyggingsprosjekt.

Vi har oppretta berekning av CO2-utslepp for energibruken i eigne bygg, og vi ser at tiltaka våre reduserer klimagassutslepp vesentleg. Trass i auka energibruk i 2018, er CO2-utslepp vesentleg mindre enn i 2017.

Sjølv om samla energibruk over tid er på rett veg, går dessverre den samla kost- naden for energi i motsett retning. Vi ser òg at klimautfordringane medverkar til korleis straumprisen utviklar seg. Sogn og Fjordane fylkeskommune klarar med hjelp av gode kraftmeklarar å halde seg unna dei store svingingane og kostnadene, men vi ventar eit spanande prisbilete også vidare i 2019. Effektivisering er framleis viktig med omsyn til effekt og bruk av straum generelt.

Vi har etablert nye rutinar for gjennomføring av byggeprosjekt og jobbar særleg med både energi- og miljøaspektet i nye prosjekt. Vi evaluerer konkurransar for nybygg med omsyn til energi og miljø, i tillegg til pris og kvalitet.

TRANSPORTSEKTOREN

Reduksjon av klimagassar frå transportsektoren er eitt av hovudmåla i Regional planstrategi.

Ferjer, bussar og båtar i fylkeskommunale ruter slapp ut 44,4 1000 tonn C02- ekvivalentar i 2017, ein reduksjon på 1,5 1000 tonn CO2-ekvivalentar samanlikna med 2016 (45,9 1000 tonn CO2-ekvivalentar). Vi har ikkje oppdaterte tal for 2018. Regional utvikling Klimaarbeid

40

Transportmiddel Forbruk av diesel Utslepp 1000-tonn CO2-ekv.

Fylkesvegferjer 3 990 488 10,6

Hurtigbåtar (ruter til 6 584 770 17,5 Bergen)

Lokalbåtar 2 156 335 5,7

Buss 3 960 175 10,5

Totalt 16 691 768 44,4

Tabell 13: Utslepp av CO2 frå ferjer, båt og buss som er under kontrakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2017 (tala for buss i Sogn er frå 2016) 2,66 kilo CO2- ekvivalenter utslepp per liter forbruk.

Transportmiddel 2015 2016 2017

Fylkesvegferjer 3 988 133 4 299 934 3 990 488

Hurtigbåtar (ruter 6 682 484 6 853 894 6 584 770 til Bergen)

Lokalbåtar 2 396 507 2 086 693 2 156 335

Buss, Nordfjord og Sunnfjord (inkl. 2 945 478 2 591 949 2 547 175 Bremanger)

ukjent hittil, Buss Sogn 1 105 000 1 413 000 brukar 2016 tal

Totalt 17 117 602 17 245 470 16 691 768

Tabell 14

I dag går alle hurtigbåtane i Sogn og Fjordan på fossilt drivstoff. Båtane som går frå Sogn og Fjordane til Bergen, utgjer nærare 40 prosent av utsleppa frå kollektivsek- toren til fylkeskommunen.

Dagens ferjeflåte i Sogn og Fjordane er under opprusting. Vi byter ut fleire ferjer i løpet av dei neste tre åra, noko som gjer at snittalderen for ferjer på fylkessamband i 2018 vert 9,8 år. Nye ferjer har lågare utslepp av klimagassar enn dei gamle. Med dagens teknologi er det mogleg å elektrifisere ferjedrifta. Ferjesambandet Barmen–Barmsund blir det første heilelektriske fylkesvegferjesambandet i Sogn og Fjordane.

Gjeldande busskontraktar har krav om nyaste tilgjengelege motorteknologi. Nye bussar skal bruke såkalla EURO 6-motorar. Motorar som tilfredsstiller EURO 6- standard har lågare NOx-utslepp enn tidlegare motortypar.

Alle dagens anbod for kollektivtransport går ut i løpet av planperioden til Regional transportplan. Utover anbod på enkeltvise ferjeruter er det tre anbod for buss i fylket, samt anbod for høvesvis lokalbåtar og hurtigbåt med rute til Bergen. Regional utvikling Klimaarbeid

41

Anbod Utan opsjon Med opsjon

Buss Nordfjord 2022 2024

Buss Sunnfjord 2024 2026

Buss Sogn 2025 2027

Lokalbåtar 2020 2022

Hurtigbåt med rute (opsjon utløyst) 2022 til Bergen

Tabell 15

Oversikt over siste kontraktsår under gjeldande avtalar for buss og båt i Sogn og Fjordane.

Ferjekontraktane går i hovudsak til 2025 med 1+1 års opsjon. Daløy–Haldorsneset går til 2023 med 1+1 års opsjon. Hisarøy–Mjånes går til 2023 med inntil fem års opsjon.

Regional transportplan 2018–2027 skisserer ei mogleg nedtrapping av utsleppa til tilnærma nullutslepp frå kollektivtrafikken innan 2050. Her er det tenkt ein gradvis klimagass-reduksjon i takt med ordinære fylkeskommunale innkjøp av kollektiv- tenester.

Diagram 10 Regional utvikling Internasjonalt arbeid

42

INTERNASJONALT ARBEID

Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek i

• Nordsjøkommisjonen (inklusiv paraplyorganisasjonen CPMR) • Nordisk Atlanterhavssamarbeid (NORA) • fjellregionsamarbeidet Euromontana

Nordsjøkommisjonen Fylkeskommunen deltek med fylkesvaraordførar og administrativ tilsett i faggruppa Marine Resources Group. Åshild Kjelsnes var nestleiar i gruppa i 2018 og vil fungere vidare som leiar i gruppa fram til generalforsamlinga i juni 2019. Kjelsnes er vara til den norske representasjonen i Executive Committee i North Sea Commission (hovudorganisasjonen) og møter jamleg her som deltakar eller observatør. Tema for arbeidet i gruppa er mellom anna påverknadsarbeid og kompetanseoverføring innan kystsoneplanlegging, plastforsøpling i havet, rekruttering til marine næringar og fiskeripolitikk. Det er opp til medlemmane i gruppa å sette tema på dagsorden.

NORA (Nordisk Atlanterhavssamarbeid) NORA er ein mellomstatleg organisasjon under det regionalpolitiske samarbeids- programmet til Nordisk Ministerråd. Organisasjonen skal bidra til vekst i regionen, mellom anna ved å styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskings- og utviklings- organisasjonar på tvers av landegrensene.

Island, Færøyane, Grønland og Kyst-Norge (Vestlandsrådet og Nord-Norge) er med i NORA-regionen. Organisasjonen vert styrt av ein komité med tre representantar frå kvart land. Marin fagkoordinator i fylkeskommunen representerer Vestlandsrådet i komiteen. I tillegg har Nordland fylkeskommune og Kommunal- og moderniserings- departementet kvar sin representant.

Vestlandsrådet har vore den nasjonale representanten i arbeidsutvalet (AU) i NORA i 2018. AU hadde i desember møte med generalsekretær i Nordisk Ministerråd, der mellom anna vidare arbeid i NORA vart diskutert. Grønland leia komiteen i 2018, og i 2019 overtek Island.

Fylkeskommunen tok i 2018 initiativ til, og leiar prosjektet Nord Atlantisk Hydrogen- læringsnettverk. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom deltakarar frå Sogn og Fjordane, Orknøyane, Shetland, Færøyane, Island og Canada. Prosjektet varer i 2018 og 2019 og har finansiering frå NORA. Dette er måla med prosjektet:

• levere innspel til hydrogenstrategi for perifere lokalsamfunn i nordområda • lage ei verktøykasse for planlegging av lokale hydrogenprosjekt • samle dei beste forretningsmodellande i hydrogenverdikjedene i desse samfunna

Euromontana Vi var ikkje aktive i dette samarbeidet i 2018, men er framleis medlem.

Andre internasjonale engasjement Fylkeskommunen er også med i Vest-Noregs Brusselkontor og leiar eit Interreg Europe-prosjekt (P-IRIS). Vidare har Sogn og Fjordane-partnarskapen fremja eit Horisont 2020-prosjekt med tema energiøkonomisering i 2018. Regional utvikling Internasjonalt arbeid

43

EU-regionane har laga verdiskapingsplanane sine som «smart spesialisering- strategiar»1. Smart spesialisering i Europa handlar om å knyte saman regionar med felles prioriteringar, for å sjå korleis dei kan utfylle kvarandre i utviklinga av konkur- ransedyktige, internasjonale verdikjeder. Sogn og Fjordane har prøvd dette innan maritim fornybar energi. Vi deltek i Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt arbeid med å overføre europeiske røynsler innan «smart spesialisering» til norsk plantradisjon. KMD lanserte i september 2018 ein rettleiar som knyter norsk og europeisk praksis saman. Europeiske analysemetodar er utvikla for å identifisere betre kva kunnskapsgrunnlag vi har som kan gje grunnlag for fornying av nærings- livet.

Kultur og opplæring Fylkeskommunen er også med i EU-prosjektet SPARSE – Supporting & Promoting Arts in Rural Settlements of Europe. I samband med prosjektet turnerte danse- og akrobatikkensemblet Compañia D`Click frå Spania med framsyninga ISLA for alle elevane i den vidaregåande skulen i fylket hausten 2018.

Fylkesdirektøren for opplæring koordinerer eit stort mobilitetsprosjekt finansiert av ERASMUS+, der aktivitetane er retta mot fagopplæringa. Om lag 65 personar frå opplæringskontor og skular var på opphald i utlandet i samband med prosjektet i 2018. Aktivitetane var utplassering i bedrift, hospitering og planleggingsbesøk.

Skulane og opplæringskontora: Den spanske dansegruppa Compañia D’Click besøkte alle dei vidaregåande skulene i fylket med danse- • Fire skular har Nord-Sør-samarbeid (Malawi, Zambia, Uganda og Sør Afrika). førestillinga ISLA i 2018. Prosjekta vert i stor grad styrte av elevgrupper eller ungdomsbedrifter og Foto: de Pilo Gallizo eigen koordinator på skulen. Dei får noko økonomisk støtte til vidareutvikling av prosjekta, som ikkje vert støtta av eksterne finansieringskjelder. Flora vidaregåande skule var mest aktiv i 2018.

• Fleire skular vurderer no samarbeid med NOREC (tidlegare Fredskorpset).

• Fleire skular og opplæringskontor samarbeider med bedrifter og skular i Europa. Mange av prosjekta er styrte av partnarar i utlandet. Tal deltakarar varierer årleg. Prosjekta vert stort sett finansierte gjennom ERASMUS+, NORDPLUS, TROLL og Gjør Det.

• Alle skulane arrangerer Operasjon Dagsverk eller Internasjonal dag/ Solidaritetsdag. Det er i hovudsak elevstyrte aktivitetar med støtte frå lærar.

1https://www.regjeringen.no/contentassets/2a885633c4d1416282d5b17662d99006/ lansering-veileder.pdf Resultat og aktivitetar

44 RESULTAT OG AKTIVITETAR

Bretur til Snønipa for elevar ved Firda vidaregåande skule. Foto: Hans Græsli Resultat og aktivitetar Næring og kultur

45

NÆRING OG KULTUR

Nærings- og kulturavdelinga dekkjer eit breitt spekter av oppgåver innan nærings- utvikling, marin forvaltning, vassforvaltning, kultur, folkehelse og friluftsliv. I tillegg til oppfølging av vedtekne satsingar, har året vore prega av førebuingar fram mot fylkessamanslåing.

NÆRINGSOMRÅDET

Næringssatsinga til fylkeskommunen skal legge til rette for at bedriftene våre utviklar seg, at ny næring og nye bedrifter oppstår. Slik skal vi vere med og leggje grunnlaget for arbeidsplassar og folkesetnad. Vi samarbeider med Innovasjon Norge og andre om å skape eit oversiktleg og godt apparat for å hjelpe både bedrifter og etablerarar.

Regional plan for verdiskaping gjev føringar for arbeidet på næringsområdet. Nyska- ping og kunnskap er gjennomgåande tema i verdiskapingsplanen. Planen omhandlar også sjømatnæringar, reiseliv og energi (både fornybar energi og olje/gass), i tillegg til industri og landbruk. Vi rullerte planen i 2018 og gjorde justeringar for perioden 2018–2021. Framover skal vi legge endå større vekt på bransjesamarbeid og grøn omstilling.

Vi såg resultat av mange spennande og gode utviklingsprosjekt i 2018, blant anna avslutta vi prosjektet Hydrogen Region Sogn og Fjordane. Gjennom omfattande formidlingsarbeid har Sogn og Fjordane teke ein tydeleg posisjon i hydrogensaman- heng. Prosjektet har bidrege til fleire større utviklingsprosjekt.

Det var svært gledeleg at Maritim Forening oppnådde Arena-status med initiativet Ocean Hyway Cluster i det nasjonale klyngeprogrammet. Målet med satsinga er å sikre at Noreg blir leiande i verda på bruk hydrogen som energiberar.

Fylkestinget sette i desember 2018 av 15 mill. kr til Måløy Marine ressurssenter og ei ramme på 15 mill. kr til Førde Campus Verftet. SITEP i Årdal fekk til saman 7,5 mill. kr til å utvikle eit teknologisenter/øvingsfabrikk som node av Norsk Katapult på Raufoss.

På næringsområdet er det lagt ned eit omfattande arbeid for å bu seg på å bli del av eit nytt fylke frå 2020. Samfunnet endrar seg snøgt, og drivkrefter for endring og nytt fylke har stått på dagsorden når vi har samla kommunar og næringsselskap for å bu oss.

KULTUROMRÅDET

Innsatsen i 2018 var prega av arbeidet med regional plan for kultur. Planen Kultur for alle – regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027 vart vedteken i fylkes- tinget i oktober. Fylkestinget vedtok så handlingsprogram for 2019–2022. Vi mobili- serte store delar av kulturlivet i fylket i planarbeidet og har staka ut kursen vidare inn i Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen har følgt prosessen med å konkretisere ideen om eit Nynorskhus i Førde aktivt. Mediebedrifter og regionteateret vert dei viktigaste aktørane til å skape innhald i huset. Nynorsk som kulturpolitisk satsing er viktig i Sogn og Fjordane, og forumet Nynorskfylket sto for planlegging og gjennomføring av konferansen Treng vi Resultat og aktivitetar Næring og kultur

46

norsk 1. november. Konferansen samla mange deltakarar frå store delar av landet.

Vi avslutta prosjektet Lesarhistoria – ny veg til lesaren i 2018. Med bakgrunn i pros- jektet arrangerte fylkesbiblioteket saman med Nasjonalbiblioteket ein nasjonal konferanse om samarbeid mellom folkebibliotek, skular og barnehagar hausten 2018.

Fylkeskommunen har vore sentral i arbeidet med å utvikle og gjennomføre prosjek- tet Kystpilegrimsleia. Leia har fått status som Nasjonal pilegrimsveg og Europeisk Kulturveg. Det vart i 2018 markert med fylkesvise arrangement på utvalde stadar. Fylkesordføraren sto for den offisielle opninga i Sogn og Fjordane på Kinn i sam- band med Kinnspelet den 16. juni. Det er no eit godt grunnlag for auka besøk til dei historiske stadane langs kysten.

Samanslåinga med Hordaland har prega arbeidet i 2018. Vi har kartlagt kulturfeltet i dei to fylkeskommunane og arbeidd med forslag til organisering av den nye kultur- avdelinga, som skal leiast frå Sogn og Fjordane.

På kulturarvfeltet har vi vore aktivt med i drøftingar om overføring av oppgåver frå Riksantikvaren til fylkeskommunen. Oppgåvene kjem 01.01.2020, og vi har lagt eit godt grunnlag for overføringane gjennom samarbeidet som har vore.

Kulturmeldinga kom i november og skulle skissere nye oppgåver elles på kultur- feltet. Men slik meldinga er utforma, er det førebels ingen nye oppgåver til fylkes- kommunane på dette feltet. Prosessen vidare med handsaming i Stortinget og oppfølging med nye meldingar, vil avklare om det faktisk kjem nye oppgåver eller ikkje. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

47

ØKONOMI

Sektoren næring og kultur hadde eit revidert budsjett på 153,400 mill. kr i 2018. Midlane vart fordelte slik:

Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Rekneskap 2017 Rekneskap 2016

Bedriftsretta satsingar 27 600 27 600 36 020 31 000

Kommunkasjonsteknologi 3 000 3 000 8 277 1 143

Bransjeretta satsingar 9 475 9 465 9 384 9 818

Nyskaping 24 250 24 304 21 391 20 923

Kunnskap 2 818 2 818 4 593 5 825

Andre næringsområde 1 938 1 909 12 622 2 484

Tilrettelegging og støttefunksjonar 11 018 10 973 10 241 10 351 for næringslivet - Administrasjon

Klima - - - 6

Friluft, natur og kulturforvaltning 1 488 1 487 1 175 800

Friluftsliv, vassregion etc. 962 962 919 1 791 Administrasjon

Bibliotek 5 958 5 958 5 934 6 041

Kulturminnevern 13 254 13 307 12 609 14 791

Museum 16 225 16 225 15 469 17 454

Kunstformidling 10 285 10 672 9 500 9 702

Kunstproduksjon 11 639 12 162 11 952 11 605

Idrett 2 491 2 856 2 708 3 298

Andre kulturaktivitetar 10 026 9 702 9 108 11 467

Sum 152 426 153 400 171 902 158 499

I mill. kr. Tabell 16

Næringsbudsjettet består av regionale utviklingsmidlar frå Kommunal- og modernise- ringsdepartementet og eigne driftsmidlar. Sogn og Fjordane fekk også 17,240 mill. kr frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet til utbygging av breiband i fylket i 2018.

Fylkeskommunen fekk 1,120 mill. kr frå Landbruks- og matdepartementet til arbeid med rekruttering og kompetanseheving innan landbruket.

Frå Miljødirektoratet fekk vi 1,850 mill. kr til arbeidet med vassforvaltning og 1,860 mill. kr til friluftsføremål og lokale vilttiltak. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

48

Kultursektoren forvalta i tillegg ca. 83 mill. kr i statlege tilskot til kulturaktivitet i fylket. Dei var fordelte slik:

• 12,5 mill. til kulturminnevern (freda bygg, verdsarv og fartøyvern) • 9,7 mill. til kunstformidling (spelemidlar til Den kulturelle skulesekken, skule- konsertar) • 59,5 mil. til fysisk aktivitet (spelemidlar) • 1,7 mill. til kulturbygg (spelemidlar)

REGIONAL PLAN FOR VERDISKAPING

Fylkestinget rullerte Regional plan for verdiskaping 2014–2025 (verdiskapings- planen) i juni 2018.

Partnarskapsarenaen Næringsforum har vurdert kva Sogn og Fjordane har lukkast med dei siste åra og peikar på mellom anna

• breibandsatsinga • effektivisering og modernisering i landbruket • at forskingsmobilitet er blitt betre inkludert i regional utviklingsarbeid • at vi er meir medvitne på kva sterke sider næringslivet i fylket har

Partnarskapen fungerer godt på leiarnivå, men gjennomføringa er i litt for stor grad lagt til fylkeskommunen.

Partnarskapen har fremja viktige politiske problemstillingar er fremja, som

• kompetansestrategiar for Sogn og Fjordane • innspel til jordbruksforhandlingane • cruisestrategi for Vestlandet • samarbeid om akvakulturforvaltning

Vi vil framover leggje større vekt på samarbeid mellom ulike bransjar og grøn omstilling.

NYSKAPING – EVNA TIL Å FANGE OPP GODE INITIATIV

Driftig.no Nettsida Driftig.no er ein informasjonskanal for etablerarar og småbedrifter. Sida samlar tilbodet til dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle småbedrifter i Sogn og Fjordane.

Driftig samarbeidde i 2018 med Framtidsfylket og næringsapparatet om å arrangere Gründertorg på karrieremessene i Bergen og Trondheim. Gründertorget skulle formi- dle moglegheitene for å starte eiga verksemd i Sogn og Fjordane.

Etableraropplæring Fylkeskommunen arrangerer grunnleggande etablerarkurs og temakurs for folk som ønskjer å starte eiga bedrift, fleire stadar i Sogn og Fjordane. Kursa går utanom vanleg arbeidstid og blir leia av ein innleigd konsulent. Kursa er utvikla saman med Innovasjon Norge og i samråd med kommunar, næringsselskap og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Nokre av deltakarane på gründertorget på karri- eremessa Framtidsfylket hadde i Bergen i 2018. In- Totalt 40 personar deltok på etablerarkursa i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn i 2018. gvild Andersen i fylkeskommunen lengst til høgre. Tal deltakarar er på line med tidlegare år. Fylkeskommunen gjennomførte elleve Foto: Stig Hovlandsdal Øvreås temakurs, der vi valde tema etter ønske frå næringslivet. Dei mest populære kursa trakk opp mot 50 deltakarar i Sunnfjord, Nordfjord, Sogn og HAFS. Det er ein auke frå tidlegare år. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

49

Kurs og samlingar Næringsmedarbeidarar i kommunar og næringsselskap treng ulike kurs og samlingar for å vere gode rettleiarar for etablerarar og lokalt næringsliv. Dei må vere trygge på rolledelinga i verkemiddelapparatet og på regelverk og rutinar i samband med forvalt- ning av offentlege midlar.

Vi arrangerte fleire kurs og samlingar for næringsmedarbeidarar i 2018, mellom anna

• studietur til Bergen • kurs i offentlege anskaffingar • innføring i rutinar, system og tilbodet til etablerarar

Vi arrangerte også ei nettverkssamling for næringsmedarbeidarar. Der var den raude tråden å setje seg i stand til å møte eit samfunn i endring, og korleis vi kan få til god kunnskapsdeling mellom fagmiljø i det nye fylket.

Vi ønskjer å tilby kurs som støttar bedrifter i den digitale omstillinga, og som møter utfordringane deira. Vi undersøker difor behovet før vi tilbyr kurs og har fått gode til- bakemeldingar på kurs og samlingar for næringsmedarbeidarar. På samlingane har vi hatt søkjelys på regionreforma, og kva det vil bety for Sogn og Fjordane for å førebu aktørane på framtida.

Kommunale næringsfond Fylkeskommunen tildeler midlar til dei kommunale næringsfonda i fylket. Midlane skal hjelpe kommunane å vere gode støttespelarar for etablerarar og næringsliv i kommu- nane. I 2018 løyvde fylkeskommunen 9,510 mill. kr til kommunale næringsfond.

Ungt Entreprenørskap Fylkeskommunen og partnarane er opptekne av at barn og unge skal få god entre- prenørskapsopplæring i barnehage, skule og høgare utdanning. Ungt Entreprenørskap (UE) er ansvarleg for det operative arbeidet, og fylkeskommunen har samarbeids- avtale med UE som sikrar kontinuerleg innsats.

Innovasjonsnettverk Det viktigaste resultatet i 2018 var at Maritim Foreining oppnådde Arena-status i det nasjonale klyngeprogrammet med initiativet Ocean Hyway Cluster (hydrogenklynga). Hovudinntrykket frå 2018 er at Sogn og Fjordane har svært mange lovande innovas- jonsnettverk, noko som er resultat av langvarig arbeid. I tillegg til etablerte miljø, har desse fått spesiell merksemd i 2018:

• Måløy Marine Ressurssenter • Fjordane Virtuelle Campus, med initiativtakarar på Nordfjordeid • Materialteknologi-initiativ i Gloppen • Tech Yard i Førde • Akva-hub i Hyllestad • SITEP i Årdal

Det fylkeskommunale arbeidet med å utvikle innovasjonsnettverk er hovudsakleg i regi av Inteterreg Europe prosjektet P-IRIS. P-IRIS er eit internasjonalt samarbeids- prosjekt leia av fylkeskommunen i Sogn og Fjordane med partnarar i Slovenia, Kroatia, Italia, Spania og Finland. Målet til prosjektet er å profesjonalisere nettverksarbeid i distrikta. I 2018 har prosjektet reist på studietur til Finland og Slovenia. I Finland var tema IKT som verktøy for å lette utfordringar med avstand, medan vi i Slovenia såg nærare på aksjonsplanane prosjektdeltakarane skal lage i løpet av våren 2019.

Samarbeid om innovasjon Inkubatorsatsingane til Aksello og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane er ein del av det nasjonale inkubatorprogrammet til Siva og blir støtta av fylkeskommunen. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

50

Fylkeskommunen underteikna i 2018 ein samarbeidsavtale med Innovasjon Norge, Siva og Noregs Forskingsråd. Målet er mellom anna å styrkje samarbeidet mellom aktørane, og styrkje klyngjesamarbeid og kompetansemiljø i fylket.

Arbeidet med kompetansestrategiar Stortingsproposisjon 84 S (2017) definerer kompetanse som eitt av områda der fylkeskommunane har fått eit utvida samfunnsoppdrag. Målet er å styrkje den strate- giske rolla til regionalt folkevalt nivå i utviklinga av den regionale kompetanse- politikken. I følgje vurderingane til NAV vil Sogn og Fjordane ha store utfordringar når det gjeld å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft i åra framover. Vi har definert fire innsatsområde som grunnlag for arbeidet:

• verdiskaping • kompetansebehov • utdanningsstrategiar • bustadattraktivitet/generelle rekrutteringsstrategiar

Campus Førde Verftet Dei teknisk retta høgskuleutdanningane er hovudsakleg knytte til ingeniørutdannin- gane til Høgskulen på Vestlandet ved Campus Førde. Teknologicampusprosjektet er eit viktig utviklingsprosjekt for å identifisere moglege synergiar mellom høgskulen, fagskulen og dei vidaregåande skulane, fortrinnsvis innan tekniske utdanningar. Utdanningane har potensial for vidare samarbeid både innan kompetanseutvikling, investeringar og effektivisering av areal.

KUNNSKAP, FORSKING OG UTVIKLING

VRI4 Sogn og Fjordane Vi vil oppnå auka berekraftig verdiskaping i bedrifter og fleire arbeidsplassar i fylket ved å mobilisere til meir forskingsbasert innovasjon. Det skal i neste omgang føre til fleire innbyggjarar, som er det overordna politiske målet. Satsinga er finansiert av Forskingsrådet sitt program FORREGION.

I VRI4 prioriterer vi informasjon, rådgjeving, hjelp og økonomisk støtte til vekst- bedrifter med FoU-potensial i Sogn og Fjordane, innanfor fylgjande bransjar/næringar og tema:

• fornybar energi • landbruk • reiseliv • sjømatnæringar • kunnskapsnæringar – indirekte som prosessleiarar i FoU-startpakken

Alle bedrifter som er med i ei verdikjede innanfor prioriterte bransjar/næringar og tema, er omfatta av ordninga. Verdikjeda går frå leverandørar, via produsentar, foredling, distribusjon, detalj og til sluttmarknad. Målgruppa vart i 2018 utvida til også å gjelde eksterne teknologileverandørar, som kan utvikle innovative løysingar for verdikjedebedriftene ved hjelp av FoU. Det blei òg laga nye og meir presise retningslinjer for målgruppene for verkemidlane.

VRI4 har mobilisert til forsking i Sogn og Fjordane ved å delta på fellesmøte med bedrifter og organisasjonar, og i møte med einskildbedrifter. Det har også vore ein del møte med andre verkemiddelorganisasjonar, for å samordne og utvikle mobiliseringa. VRI4 har hatt som intensjon å mobilisere til eigne verkemiddel, RFF Vestlandet, Forskingsrådet og Horisont 2020. Det har vore 36 deltakarar på nettverksmøta. Kompetansemeklarane har hjelpt tolv bedrifter fram til prosjektsøknadar. Høgskulen (HVL) har støtta ni prosjekt med VRI4-midlar, inkludert fire bacheloroppgåver. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

51

VRI4 har gitt støtte til åtte prosjekt i FoU-startpakken og fem FoU-prosjekt (for- prosjekt) i 2018.

Regionalt forskingsfond Regionalt forskingsfond Vestlandet lyste ut støtte til hovudprosjekt i februar 2018. Prioriterte tema var

• innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringane • innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi • regionale offentlege prosjekt – innovasjon i kommunal sektor

Samla var det seks søknadar om støtte til forprosjekt. To av desse fekk støtte. Det var fem søknadar om støtte til hovudprosjekt, men her fekk ingen støtte.

Søknadar som ikkje får støtte, har for dårleg totalkvalitet. I Sogn og Fjordane har vi prioritert hjelp til søknadar som ikkje har fått støtte. Dette er eit arbeid som må halde fram, saman med mobilisering til fleire søknadar.

Tal søknadar Tal tilsegner Søknadstypar Mål 2018 Mål 2018

RFFV forprosjekt – bedrift 15 4 15 2

RFFV forprosjekt – offentleg 10 2 100

RFFV hovudprosjekt – bedrift 10 3 5 0

RFFV hovudprosjekt – offentleg 10 2 50

Tabell 17

OMSTILLING

Lærdal kommune var den einaste kommunen med formell omstillingsstatus i 2018 og fekk 2,8 mill. kr frå fylkeskommunen.

Omstillingsprogrammet der har to satsingar:

• Vekst i Lærdal • Attraktive Lærdal

2018 var det siste omstillingsåret for Lærdal. Ein viktig suksessfaktor er at omstil- lingsstyret maktar å realisere planane knytt til Håbakken.

REISELIV

Verdiskapingsplanen definerer overordna og langsiktige effektmål for reiselivs- satsinga i fylket. Dei tre overordna måla er

• auke verdiskapinga • auke tal gjestedøgn • få eit meir berekraftig reiseliv Resultat og aktivitetar Næring og kultur

52

Det operative arbeidet i planen er fordelt mellom fylkeskommunen, landbruksavde- linga til Fylkesmannen og Innovasjon Norge Vestland. Samarbeidet fungerer godt.

Fylkestinget vedtok i samband med rullering av verdiskapingsplanen å legge ned programstyret for berekraft. Ansvaret for oppfølging av berekraft vart lagt til prog- ramstyret for infrastruktur og aktørprogrammet. Landbruksavdelinga til Fylkesman- nen har fått i oppdrag frå fylkeskommunen å etablere eit programstyre for lokalmat og reiseliv. Programmet skal leiast av landbruksavdelinga og må utarbeidast i dialog med Innovasjon Norge, som også har satsingar på dette området.

Fylkeskommunen løyvde 6,56 mill. kr til reiseliv i 2018. Løyvingane gjekk til

• Fjord Norge AS • NCE Tourism Fjord Norway • destinasjonsselskapa • infrastrukturprosjekt

Midlane til prosjekt innan infrastrukturutvikling vart lyste ut, og ni prosjekt fekk tilskot. Blant anna fekk Briksdalsbre Fjellstove AS tilskot til tilrettelegging av sti på sørsida av Briksdalen for å spreie trafikk og hindre slitasje. Det styrkar satsinga på vandring, noko som er i tråd med reiselivssatsinga i verdiskapingsplanen.

Dei fire fylkeskommunane på Vestlandet utarbeidde eit framlegg til handlingsplan for cruise, som ei oppfølging av cruisestrategien for Vestlandet. Vestlandsrådet vedtok handlingsplanen i juni 2018, og arbeidsgruppa er i gang med iverksetjinga Foto: Frode Hovland saman med ein innleigd konsulent.

SJØMATNÆRINGANE

Botnkarta for kommunane Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora vart ferdige i mars 2018, og kommunane og næringslivet har teke dei i bruk. Kart over botnsediment og temakart er lagt ut på www.fylkesatlas.no. Fylkeskommunen starta hausten 2017 eit multikriterieanalyse-prosjekt for heile fylket, der målet er å syne eigna område for akvakultur. Dette arbeidet held fram.

Fylkestinget har sett av 15 mill. kr til Måløy Marine Ressurssenter, og vi følgjer opp arbeidet vidare.

Fondet MAREKO (Marint rekrutterings- og kompetansehevingsfond) lyste ut midlar for første gong i 2018. Fondet er etablert på grunnlag av leigeinntekter frå under- visningskonsesjonen for laks og aure ved Måløy vidaregåande skule.

Vi tilsette i 2018 ein medarbeidar i eit treårig engasjement for å styrke arbeidet med å utvikle eit meir attraktivt undervisningsopplegg for akvakultur ved Måløy vidaregåande skule. Tverrfaglege arbeidsgrupper har vitja fleire vidaregåande skuler og lært om studietilbod og fasilitetar hjå desse. Prosjektet blei finansiert frå MAREKO-fondet.

Marint verdiskapingsfond Sogn og Fjordane skal bidra til ei meir berekraftig akva- kulturnæring i fylket og er basert på midlar frå konsesjonstildelinga i 2007. Det kom inn berre ein søknad i 2018, og det vart løyvd 400 000 kr til delfinansiering av eit forprosjekt på lukka anlegg i sjø.

Vestlandsamarbeidet - Marin sektor (VestMarin) Samarbeidet innan marin næringsutvikling mellom Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane starta i 2007 og er delvis knytt opp til strukturen i Vestlandsrådet. Hovudmålet er å bidra til å oppretthalde og styrke posisjonen Vest- landet har som leiande region innan marin sektor. Vi har mellom anna Resultat og aktivitetar Næring og kultur

53

• starta planlegginga av ein vestlandsstand (utan Møre og Romsdal) for det marine næringslivet under Aqua Nor-messa i Trondheim i august 2019 • bidrege til gjennomføring av Sats Marint konferansen i Bergen • følgt opp tidlegare kartleggingsprosjekt innan kompetansebehov og utdan- ningstilbod for marin leverandørindustri til Vestlandsrådet • finansiert prosjektet Kompetanseløft vidaregåande- og fagskole på Vest- landet innan ny og miljøvenleg teknologi, akvakultur med midlar frå fleire av fylkeskommunane og restmidlar i VestMarin.

Miljøseminar for oppdrettsnæringa Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte det årlege miljøseminaret for opp- drettsnæringa for sjuande gong. Seminaret er eit samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet region Vest, Mattilsynet og Sjømat Norge. Hovudtema var knytt til overvaking av miljø, ny oppdrettsteknologi og forsking og utvikling i næringa. Vi fekk også eit engasjerande foredrag knytt til plastureininga i havet. Over 100 personar frå næring, forvalting og forsking deltok.

Akvakulturforvalting Vi fekk inn 34 søknadar innan akvakultur i 2018, om lag like mange som førre år. Søknadane gjeld i hovudsak laks og regnbogeaure i sjø, men også innan landbasert oppdrett har vi fått fleire nye søknader baserte på resirkulering av vatn. Det har vidare vore ein stor auke i tal søknadar om dyrking av makroalgar. Det ligg no føre ei ny forskrift med forslag om at fylkeskommunen skal få større ansvar for tildeling av løyve innan akvakultur.

Oppdrettsanlegget Langeråa Vi har også i 2018 gjeve hjelp til Telemark fylkeskommune (tre saker) innan akvakul- Foto: Nils Tore Karstensen turforvalting.

LANDBRUK

Landbruk blei del av verdiskapingsplanen i 2016, og Fylkesmannen har ansvar for å følgje opp temaområdet.

Fylkeskommunen fordeler tilskot til prosjekt og kurs som rettar seg mot kompetanse- heving og rekruttering i landbruket. I 2018 fordelte vi 1,120 mill. kr til slike føremål. Vidare er fylkeskommunen høyringsinstans for nasjonale prosessar og løftar fram dei viktigaste produksjonane i fylket i fråsegna til jordbruksoppgjeret.

BREIBAND

Målet i breibandstrategien for Sogn og Fjordane er at alle i fylket skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Vi er avhen- gige av av statleg støtte for å realisere strategien.

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for breiband. Ordninga skal sikre eit tilstrek- keleg godt breibandtilbod til område der det ikkje løner seg å byggje ut på kommer- sielle vilkår. Kommunane i Sogn og Fjordane har i perioden 2014–2018 fått over 129 mill. kr frå staten gjennom denne ordninga.

Ordninga med statleg støtte til breiband vart lagt om i 2018. Frå å vere ein open konkurranse mellom prosjektsøknadar frå heile landet, vart det frå 2018 lagt om til ei fordeling i form av fylkeskommunale rammer.

Det var sett av 149,7 mill. kr til breibandordninga i statsbudsjettet for 2018. Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk vel 17,24 mill. kr (11,5 prosent) av løyvinga, basert på ein fordelingsnøkkel ut frå dagens dekning i fylka. I tillegg løyvde Sogn og Fjordane Resultat og aktivitetar Næring og kultur

54

fylkeskommune nesten 6,73, mill. kr til breibandprosjekt i 2018. Det kom inn søknadar frå elleve kommunar, og ni av desse fekk tilskot til nye breibandprosjekt for 1717 husstandar.

Tilrettelegging for auka olje- og gassverksemd Fjord Base har ein sentral plass i petroleumsnæringa i Sogn og Fjordane. Equinor er den største kunden på basen. Selskapet er mellom anna operatør for Snorrefeltet. Pla- nen for utbygging og drift av Snorre Expansion Project, som inneber investeringar på nær 20 mrd. kr, vart godkjende av Olje- og energidepartementet i juli 2018. Neptune (tidlegare GdF Suez/Engie) driv logistikk- og støttefunksjonar til Gjøafeltet. Også der er ny utbygging under planlegging. Norske Shell (som har kjøpt BG) er operatør for Knarrfeltet og har base- og driftsavdeling for feltet på Fjord Base.

Petroleumsverksemda er viktig også i Gulen kommune. Det er omfattande aktivitet og arealutvikling i både Sløvåg og Skipavika, der riggar for tida ligg tett i opplag medan dei ventar på nye oppdrag.

Maritim Forening Sogn og Fjordane har i verdiskapingsplanen hatt hovudansvar for å utvikle leverandørverksemdene. Arbeidet har vore organisert gjennom utviklingspro- grammet Supply Chain Network Sogn og Fjordane med mål om å doble den petrole- umsrelaterte omsetnaden i løpet av ein femårsperiode (frå 2013). Nokre år med laber marknad har gjort det vanskeleg å innfri dette målet. På den positive sida ser vi at verksemdene nyttiggjer kompetanse og ressursar i andre bransjar.

Sogn og Fjordane fylkeskommune stod saman med Hordaland fylkeskommune i spis- sen for ein felles regional paviljong på offshoremessa ONS i Stavanger i august. Om lag 20 utstillarar deltok under denne fellesparaplyen.

ARBEID MED VASSFORVALTNING

Aktivitetar i 2018 kan delast i to:

1. Oppfølging av Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vass- region 2016–2021 a. Gjennomføring av tiltak er rapportert til ESA, status per 2018

2. Førebuing av oppdatering av planen for 2022–2027 a. Førebuing av planprogram b. Førebuing av dokument om hovudutfordringar i vassregionen og vassområda

Vassområda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn har lagt vekt på oppfølging av tiltaksprogrammet for den regionale planen i 2018. Mange av tiltaka for kommu- nane er problemkartlegging med mål om å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag. Prosjektleiarane for vassområda har koordinert innsatsen og lagt til rette for arbeidet til kommunane. Alle vassområdeutvala har gjennomført to møte i 2018.

Sogn og Fjordane vassregion vart i 2018 føreslege slått saman med Hordaland vass- regionutval til ny vassregion Vestland frå 2020. Oppdatering av vassforvaltningspla- nen for 2022–2027 vil vere for vassregion Vestland.

Fylkeskommunen fekk i 2018 overført 1,85 mill. kr frå Miljødirektoratet til plan- arbeidet og gjekk inn med 0,3 mill. kr sjølv. Store delar av midlane er fordelte vidare til arbeidet i vassområda.

Klima- og miljødepartementet og Olje- og energidepartementet sende forslag til Årøyvassdraget Langedalen Sogn og endringar i vassforskrifta og naturmangfaldslova ut på høyring hausten 2017. Ny Fjordane vassregion vassforskrift vart gjort gjeldande frå 1. januar 2019. Organisasjonsmodellen for vass- Foto: Merete Farstad Resultat og aktivitetar Næring og kultur

55

forvaltning vart ikkje endra. Det betyr at vassforvaltningsplanen framleis skal vere ein regional plan etter plan- og bygningslova, og fylkeskommunen er framleis vassregion- styresmakt

BEDRIFTSRETTA STØTTE GJENNOM INNOVASJON NORGE

Fylkeskommunen nyttar Innovasjon Norge som operatør for dei bedriftsretta verke- midla. Innovasjon Norge hadde desse hovudmåla i 2018:

• fleire gode gründerar • fleire vekstkraftige bedrifter • fleire innovative næringsmiljø

Det følgande er eit utdrag frå Innovasjon Norge si rapportering til fylkeskommunen for 2018.

Fleire gode gründerar Innovasjon Norge (IN) Sogn og Fjordane gjennomførte seminaret Frå idé til marknad fem gonger i 2018 – i kommunane Førde, Flora, Stryn, Måløy og Sogndal. Totalt deltok om lag 80 personar (dei fleste gründerar) på arrangementa, noko som er ei dobling frå i fjor. Seminaret er Innovasjon Norge sitt tilbod til tidleg-fase-gründerar.

IN løyvde til saman 7,3 mill. kr i etablerartilskot i 2018, noko mindre enn i 2017.

Fleire vekstkraftige bedrifter IN prioriterer bedrifter med evne og vilje til vekst, spesielt bedrifter med internas- jonale vekstambisjonar. Vi gjennomførte også i 2018 ein internasjonaliseringsdag, der målgruppa var bedrifter som jobbar internasjonalt, eller som har ambisjonar om å satse internasjonalt. IN arrangerte også ein kapitaldag for denne målgruppa i 2018. IN har i 2018 starta eit nytt FRAM-program, for å effektivisere heile verdikjeda/ prosessar i byggenæringa.

KIFT (kunnskapsintensiv forretningsmessig tenesteyting) er eit av satsingsområda i verdiskapingsplanen. IN prioriterer bedrifter innanfor kunnskapsintensive næringar og løyvde totalt 18,2 mill. kr i tilskot til denne sektoren i 2018. IN fokuserer i dag på seks moglegheitsområde:

• reiseliv • energi/miljø • havrommet • helse og velferd • bioøkonomi • smarte samfunn

Vi finn KIFT-bedrifter innanfor mange av desse områda.

Fleire innovative næringsmiljø Bedriftsnettverksverkemiddelet i Innovasjon Norge er viktig i arbeidet med å utvikle innovative næringsmiljø. Dette er ei ordning som skal bidra til etablering av strateg- iske og kommersielle samarbeid mellom bedrifter. Verkemiddelet er tradisjonelt mykje nytta i reiselivsbransjen, men der vart det ikkje sett i gang nye bedriftsnettverk i 2018.

Arbeidet med bedriftsnettverk og klyngeprogram nådde ein milepåle i 2018, då hydrogenprosjektet Ocean Hyway Cluster med base i Florø fekk Arena-klynge status. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

56

Bransjeretta satsingar Innovasjon Norge Vestland har i året som gjekk hatt god aktivitet i Sogn og Fjordane, både når det gjeld arrangement og finansiering. Reiseliv, energi og miljø, sjømat- næringa og kulturnæringane er nokon døme på bransjar der vi har hatt god aktivitet i 2018. Av spesielt positive trekk i 2018 vil vi trekke fram at bedrifter frå Sogn og Fjordane fekk 30 mill. kr i støtte frå Miljøteknologiordninga til Innovasjon Norge. Her skil prosjekta Havlandet RAS Pilot AS og Norsun AS seg ut med løyvingar på høvesvis 15 og 10 mill. kr.

KULTUR FOR BARN OG UNGE

UKM (Ung kultur møtest) UKM-festivalen Sogn og Fjordane vart for andre gong arrangert i Høyanger. 230 ungdomar deltok på fylkesfestivalen, medan dei lokale mønstringane hadde totalt 776 deltakarar. Vi vidareførte satsinga på unge konferansierar, UKM Media og unge arrangørar, i tillegg til sceneframsyningar, biscener, kunstutstilling og workshops. Fem sceneinnslag, fire utstillingsarbeid, ein ung arrangør, ein konferansier, fire delta- karar i UKM Media og ein ung ressurs representerte fylket på den nasjonale UKM- festivalen i Trondheim i juni.

Ungdommens ressursgruppe Ungdommens ressursgruppe er sett saman av ungdommar frå ulike delar av fylket. UPU v/ Kamilla F. Rivedal, Lisa Horpen, Dei skal tilføre UKM-nettverket auka kunnskap om kva ungdom mellom 13 og 20 år Thor Albrektsen, Mari Dale Salbu, er opptekne av. Gruppa var med å planlegge og gjennomføre UKM-festivalen Sogn og Andreas Ytredal Akse. Fjordane. Tiltaket fekk stimuleringsmidlar frå UKM Norge i 2018. Foto: Ungdomspolitisk utval FYLKESTING FOR UNGDOM (FFU) OG UNGDOMSPOLITISK UTVAL (UPU)

Vi gjennomførte fylkesting for ungdom 6.–8. april 2018. Der deltok 50 delegatar og ein observatør frå 16 kommunar, to organisasjonar og tre politiske parti. I tillegg deltok gjestar frå ungdommens fylkesutval Hordaland, ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar og Sogn og Fjordane fylkeskommune. FFU vedtok 20 fråsegner som ungdomspolitisk utval skal arbeide etter fram til ungdomstinget i 2019.

Ungdomspolitisk utval og fylkeskommunen arrangerte i november den årlege samlinga for ungdomsråda i fylket. Hovudtema i år var opplæring av medlemmane i ungdomsråda. 36 ungdomar frå sytten kommunar deltok.

Vi arrangerte også ei fagsamling for kommunetilsette som jobbar med ungdoms- demokrati, UKM og Dans utan grenser i oktober 2018. Det var 25 deltakarar frå 18 kommunar på samlinga, som var oppfølging av ei fråsegn frå fylkesting for ungdom i 2016.

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN

Den kulturelle skulesekken (DKS) gjennomførte 42 turnear fordelte på kunstområda scenekunst, musikk, film, litteratur, kulturarv og visuell kunst i 2018. Alle elevane på 1.–7. steg fekk fire ulike tilbod, medan elevar på ungdomstrinnet fekk tre framsynin- gar. DKS gjennomførte seks turnear for dei vidaregåande skulane. Det var totalt 900 DKS-framsyningar på skulane i Sogn og Fjordane i 2018.

Tilboda vart gjennomførte i samarbeid med Kulturtanken og nasjonale aktørar på dei ulike kunstfelta. Fleire av produksjonane var i samarbeid med kunstnarar og institus- jonar innan film, litteratur, teater og musikk i Sogn og Fjordane. Våren 2018 vart fes- tivalen SPETAKKEL arrangert for 1.–7.steg. 1140 elevar deltok på Westcon-skipsverft Resultat og aktivitetar Næring og kultur

57

i Flora og 2200 elevar i Førdehuset i Førde.

DKS arrangerte også ein fagdag for alle dei vidaregåande skulane med informasjon om DKS-tilbodet skuleåret 2017–18.

DKS, UKM og kulturskulerådet arrangerte i 2018 konferansen Felles barn, felles ansvar. Konferansen var ei nettverkssamling for UKM-kontaktar, Norsk kulturskule- råd i fylket og kulturkontaktane for DKS på skulane og i kommunane.

DISTRIKTSMUSIKARORDNINGA OG FYLKESMUSIKARORDNINGA

Distriktsmusikarordninga omfattar fire vertskommunar (Førde, Gloppen, Leikanger og Lærdal) og 20 profesjonelle musikarstillingar. Fem av desse er øyremerka folkemusikk, etter at fylkesmusikarordninga vart vedteken omorganisert.

Desse nytta distriktsmusikarane i 2018:

• Opera Nordfjord (tre prosjekt) • Sogn og Fjordane symfoniorkester • Førde kammerkor • Sogn og Fjordane Teater • Gloppen Musikkfest • UKM-festivalen

I tillegg turnerte dei i skulekonsertordninga og Den kulturelle skulesekken. Distriktsmusikarane driv også omfattande opplæring i kulturskulane og i det frivillige musikklivet.

Omorganiseringa av fylkesmusikarordninga til distriktsmusikarstillingar med folkemusikk som arbeidsfelt er no fullført. Leikanger og Lærdal starta opp to stillingar hausten 2018, og Gloppen og Førde vedtok før årsskiftet oppretting av tre stillingar med oppstart hausten 2019. Fylkeskommunen gjev tilskot til utøvar- delen i stillingane.

Vi samarbeider elles med Bergen Filharmoniske Orkester om gjennomføring av konsertar gjennom samarbeidsavtalen med kommunane Førde, Gloppen, Florø og Sogndal.

SAMHANDLING MED FRIVILLIG SEKTOR

Frivillig sektor er ein stor og viktig berebjelke i kulturlivet i fylket vårt. Fylkeskom- munen samhandlar med frivillig sektor på mange område, gjennom rettleiingsarbeid, utviklingsavtalar og tilskot til drift og aktivitet.

Fylkeskommunane har per i dag utviklingsavtalar med desse organisasjonane:

• Forum for natur og friluftsliv • Sogn og Fjordane idrettskrins • Sogn og Fjordane ungdomslag gjennom prosjektet «Huset i bygda» • Gloppen musikkfest

Tilskotsordninga kulturmidlar vart endra i 2017, og vi har no to ordningar:

Sara Sandvik Arnestad var ein av ungdomane som 1. Tilskot til drift representerte Sogn og Fjordane på den nasjonale 2. Tilskot til prosjekt og tiltak UKM-festivalen i Trondheim i juni 2018. Foto: Steffen Heggen Starheim/UKM Media Resultat og aktivitetar Næring og kultur

58

Sum løyvingar 2018

19 %

41 %

13 %

4 %

1 % 2 %

20 %

Fylkesdekkande kulturorganisasjonar Festivalar Spel Arrangørar Prosjekt og tiltak Utviklingstiltak Utviklingsavtalar Diagram 11

Løyvingar frivillig sektor

2500 000

2000 000

1500 000

1000 000

500 000

-

2018 Sum løyvingar

Diagram 12 Resultat og aktivitetar Næring og kultur

59

Tilskot vart fordelt til følgjande føremål: Prosjekt og tiltak som er nyskapande og som utviklar og utfyller kulturtilbodet i Sogn og Fjordane, vert prioriterte gjennom særlege midlar til utviklingstiltak. Midlar til utviklingstiltak vart i 2018 prioritert til fire utviklingsavtalar, utvikling av nye scene- produksjonar, kunst og litteraturtiltak.

DIGITAL KULTURFORMIDLING

Det er viktig med digital formidling av kulturhistorisk innhald og andre kulturoppgåver fylkeskommunen er involvert i for å gjere kultur i fylket mest mogleg tilgjengeleg for folk flest. Vi kommuniserer via eigne kanalar, som heimesider og sosiale medium, men også via etablerte nasjonale og regionale nettressursar og tenester. Døme på dette er Wikipedia, Lokalhistoriewiki, Kulturminnesøk, Fylkesatlas, ut.no med meir.

Vi bidreg med digitalt skapt og digitalisert innhald, og vi jobbar for meir utstrakt bruk av fribrukslisensar på det digitale kulturfeltet. Vi jobbar også mykje med opplæring av, støtte til og rettleiing av eigne tilsette, andre som jobbar med kultur i fylket og frivil- lige. Tema som går igjen er opphavsrett og personvern, spesielt knytt til bruk av foto. Vi held også kurs for frivillige som ønskjer å bidra inn i ulike formidlingsprosjekt, som til dømes skulenmin.no. Dei digitale kanalane og verktøya har stort potensial for kontakt med publikum, medverknad og nettdugnad (også kalla crowdsourcing).

Eit viktig satsingsområde i 2018 var skulenmin.no, ein digital portal for skulehistorie i Sogn og Fjordane. Datakjeldene som ligg til grunn er dels våre eigne og dels nasjonale kulturdata. Her kan frivillige bidra med innhald.

LEVEKÅR OG LIVSKVALITET – FOLKEHELSE

I 2018 har deltaking i delprosjekt om folkehelse i Vestland fylkeskommune og folke- helseoversikt og analyse for det nye fylket teke mest tid.

Prosjektgruppa for samarbeid om folkehelsedata og analyse starta formelt opp i 2017. Det er eit samarbeidsprosjektet mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Helse Førde, Fylkesmannen og kommunane. Grunna samanslåinga til Vestland, er det oppretta ei ny prosjektgruppe med representantar frå Hordaland fylkeskommune og frå to kommunar i Hordaland. Intensjonen er samarbeid om innsamling, publisering og analyse av folke- helsedata.

I Sogn og Fjordane starta vi i 2018 opp eit læringsnettverk i regi av KS, Folkehelseplan- legging i kommunane. Nettverket hadde to samlingar i 2018, og det er gode tilbake- meldingar frå dei åtte kommunane som deltek.

Forum for Helse, omsorg og folkehelse (HOF) vart lagt ned i 2018. Årsaka var at andre organ tek seg av saker som har vore til drøfting i HOF.

I 2018 vart det blese liv i den interne folkehelsegruppa i fylkeskommunen. Eit sentralt tema har vore gjennomgang og evaluering av Handlingsprogram 2015–2018 i Regional plan for folkehelse (2015–2025).

Vi bestemde i 2018 at vi skal gjennomføre ei folkehelseundersøking i Sogn og Fjor- dane. Undersøkinga gjeld vaksne og er i regi av Folkehelseinstituttet. Ho følgjer same mal som undersøkinga som vart utført i Hordaland tidlegare i 2018.

Fylkeskommunen og fylkesarkivet arrangerte Vi søkte i 2018 på nytt om å bli programfylke for barn og unges livskvalitet og psykiske i 2018 fotokonkurransen #skulenmin. Hanne helse. Søknaden vart ikkje innvilga. Stedje stakk av med sigeren, og vinnarbiletet er frå Tangen skule i Årdal. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

60

Dans utan grenser er eit konsept med danseverkstadar med ung-til-ung-formidling. I 2018 vart dette tatt vidare til Hordaland, med etablering i Bergen.

Fylkeskommunen har vidareført den økonomiske støtta til SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep). Senteret driv eit omfattande arbeid for å fremje god livskval- itet og tidleg intervensjon blant 6. klasseelevar i heile fylket. Prosjektet involverer helsesøster og lærarar. Vi gir også tilskot til ulike folkehelsetiltak innan idrett og friluftsliv.

KULTUR OG HELSE

Målet er å gjere kultur tilgjengeleg for alle, bruke kultur for å meistre kvardagen og sjå samanhengen mellom kulturaktivitet og (god) helse.

Kultur og eldre Gjennom løyvingar til Den kulturelle spaserstokken er det fordelt ca. 0,9 mill. kr til 22 kommunar til gode kunst- og kulturopplevingar for eldre. Vi rettleiar kommunar og har mellom anna gjennomført to konferansar med mål om å auke kompetanse og motivere til god profesjonell kunst- og kulturformidling til eldre. Samarbeid mellom kultur og omsorg er også viktig.

Prosjektet LEV VEL – kultur og eldre (2015–2020) i Flora kommune er ei tverrfagleg satsing for å betre innhald og kvardagar for eldre. Kultur, fritid og helse samarbeider tett for å gi eit heilskapleg og breitt tilbod til eldre. Prosjektet er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester.

Polyfon Fylkeskommunen deltek i POLYFON – ei kunnskapsklynge for musikkterapi. Denne skal informere, formidle og stimulere til kunnskaps-, kompetanse-, og teneste- utvikling.

Klynga er satt saman av tolv deltakarar frå Vestlandet. Fire aktørar er i Sogn og Fjordane: • Høgskulen på Vestlandet • Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester • Helse Førde • Sogn og Fjordane fylkeskommune er gått inn i klynga som part Griegakademiet ved Universitet i Bergen koordinerer arbeidet. Prioriterte arbeidsfelt innan POLYFON er:

• oppvekst • psykisk helse • rusbehandling • eldrehelse • lindrande behandling • omsorg

Kultur for særlege grupper Visjonen om «kultur for alle» styrer innsatsen. Vi var i 2018 medarrangør av Kulturfestivalen for utviklingshemma, som vart arrangert for 30. gong. Med vel 270 deltakarar og hjelparar, er dette ein svært viktig festival for deltakarane i Sogn og Fjordane. Tilrettelegging er grunnleggjande. Absence Crew på kulturfestivalen for funksjonshemma I 2018 har TV BRA, ein TV-kanal på nett for og med utviklingshemma, arbeidd for å Foto: Marie Nicolaisen/Sogn og Fjordane etablere seg med reporterar og innslag frå kommunar i Sogn og Fjordane. No er det fylkeskommune oppretta lokalkontor i Flora. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

61

Fylkeskommunen har studentar i praksis kvart år. Bachelorutdanninga i sjukepleie har eit emne i helsefremjande og førebyggjande arbeid, der studentane er i fylkeskom- munen og ser på prosjekt ute i kommunane.

FYSISK AKTIVITET, IDRETT OG ANLEGG

Frivillige lag og organisasjonar, kommunane og fylkeskommunen har samarbeidd godt for å utvikle aktivitet og tilpassa anlegg. Vi samarbeider om både kompetanse- heving og tiltak for å fremje meir fysisk aktivitet for innbyggjarane i fylket.

Anleggsutvikling og samarbeid med kommunane Fylkeskommunen, Sogn og Fjordane idrettskrins og Forum for natur og friluftsliv, heldt i 2018 fram med å følgje opp kommunar som skal revidere kommunedelplanar for fysisk aktivitet. Tre kommunar har hatt slike oppfølgingssamlingar.

Den årlege samlinga med kommunane og Kulturdepartementet vart lagt til Vågsøy kommune i juni. Anleggskonferansen vart avlyst, men vi følgde opp tema i eit møte i oktober, med god oppslutnad.

Spelemidlar 2018 Det er framleis stor interesse og behov for å etablere og rehabilitere anlegg med finansiering frå spelemiddelordninga. Sogn og Fjordane er i landstoppen til å søkje om midlar til anlegg i høve innbyggjartalet.

2018 Samanlikna med 2017

Litt lågare enn 2017, men nytt er å Tal søknadar 294 slå saman søknadar

Tal innvilga søknadar 105 110 i 2017

Søknadssum 237 mill. Auke på 27 mill. frå 2017

Tildelingssum 60 mill. Auke på 6 mill. frå 2017

Ventetid stabilt, har sidan 2012 gått Ventetid 3,9 år ned frå 5 år

Investeringsverdi 900 mill. Auke på 100 mill. frå 2017

Tabell 18 Resultat og aktivitetar Næring og kultur

62

Tal år ventetid

6

5

4

3

2

1

0 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Digram 13

Spelemidlar 2018

40 000 000

35 000 000

30 000 000

25 000 000

20 000 000

15 000 000

10 000 000

5 000 000

0

Godkjend søknadssum Samla tildeling

Digram 14 Resultat og aktivitetar Næring og kultur

63

Teikn ditt skuleområde Prosjektet Teikn ditt skuleområde! har som mål å skape variert uteaktivitet, som kan auke trivselen og moglegheitene for å vere fysisk aktiv på skulen. Prosjektet har vore på besøk i 13 kommunar dei siste åra, av desse fire i 2018.

Dagsturhytta I løpet av 2018 var 18 av dei 26 planlagde dagsturhyttene monterte og gjort til- gjengeleg for publikum. Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har blitt ein stor suksess. Barnehagar, skular og lokalbefolkning nyttar hyttene til ulike tider, og vi får mange positive tilbakemeldingar på sosiale medium. Prosjektet er realisert i eit samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunen, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og lokale eldsjeler.

Dagsturhytta i Gloppen opna i 2017, og desse kommunane fekk på plass hytte i 2018: Førde, Gaular, Naustdal, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Selje, Vågsøy, Hornindal, Eid, Leikanger, Stryn, Flora, Jølster, Luster, Høyanger.

Gummigranulat på kunstgrasbaner Det har vore auka merksemd på svinn av gummigranulat frå kunstgrasbaner. Fylkes- kommunen har hatt ei koordinerande rolle. Saman med kommunane i fylket, NFF Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har vi løyvd midlar til å avgrense spreiing. Fylkeskommunen finansierer tiltak gjennom klimaplanen.

Universell utforming av sentrumsnære turvegar Vi kartla turvegar i elleve kommunar i 2018. Prosjektet er ei oppfølging frå i 2013, då 15 kommunar kartla 17 sentrumsnære turvegar med midlar frå Kartverket. Med dette har fylkeskommunen ei god oversikt over status og potensial for universell utforming på sentrumsnære turvegar i alle kommunane i fylket.

FRILUFTSLIV

Fylkeskommunen forvalta i 2018 vel 2 mill. kr frå Miljødirektoratet til ulike aktivitets- og forvaltingstiltak innan friluftsliv, jakt og fiske. Midlane vart fordelte til lokale frivillige lag og organisasjonar etter søknad.

Turskiltprosjektet, som var eit samarbeid med Gjensidigesstiftelsen, vart avslutta i 2018. Det var berre nokre få prosjekt som ikkje kom heilt i mål som planlagt. Midlar frå Gjensidigestiftelesen som ikkje vart nytta, fekk fylkeskommunen behalda mot at dei vart nytta til same føremål.

Trivselskogen SA på Sandane, i samarbeid med Midtre Nordfjord Turlag, fekk prisen for beste turløype i Sogn og Fjordane i 2018. Prisen var på 25 000 kr pluss eit diplom.

Ordning Tal søknadar Tal tilsegn Samla tilskot i kr

Tilskot til friluftsliv- 31 21 1 135 000 aktivitetar

Tilskot til tiltak i statleg 4 4 430 000 sikra friluftslivområde

Tilskot til vilttiltak 12 11 450 000

Sum 2 015 000

Tabell 19 Resultat og aktivitetar Næring og kultur

64

Arbeidet med kartlegging og verdisetjing av friluftsområde i kommunane heldt fram. Ved utgangen av året var fire kommunar ferdige (Jølster, Stryn, Solund, Vik).

Fjordkysten AS er framleis det einaste friluftsrådet i fylket. I 2018 vart Bremanger og Vågsøy med, i tillegg til Solund, Flora og Askvoll, som var medlemmar frå før.

KULTURBYGG

7 av 20 søknadar fekk i 2018 til saman 1,7 mill. kr frå den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg. Midlane går i hovudsak til opprusting og fornying av kultur- bygg. Hovudutvalet prioriterte søknadar for lokale arenaer som inneheldt kultur- aktivitet.

Arbeidet med å få inn fleire søknadar til lokale kulturbygg heldt fram i 2018. Her samarbeider vi med Sogn og Fjordane ungdomslag v/Huset i bygda og Sparebank- stiftinga i Sogn og Fjordane. Tildelingar i tilskotsordninga Sparebankstiftinga har for kulturbygg vart, i den grad det var mogleg, samordna med tildelingar i den desentrali- serte ordninga.

Kulturbygg, løyving og godkjend søknadssum i Sogn og Fjordane

kr 9000 000

kr 8000 000

kr 7000 000

kr 6000 000

kr 5000 000

kr 4000 000

kr 3000 000

kr 2000 000

kr 1000 000

kr - 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Løyving frå Kulturdepartementet Godkjend søknadssum Diagram 15

Tal søknadar vs. tildelte søknadar

25

20

15

10

5

0 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Tal søknadar Tal tildelte søknadar

Diagram 16 Resultat og aktivitetar Næring og kultur

65

KULTURARV

Fylkeskommunen har eit mål om at kulturminna skal vere ein ressurs for identitet og utvikling av Sogn og Fjordane. Vi arbeider både forvaltnings- og utviklingsretta for å nå målet.

Planarbeid Vi avslutta prosjektet Lokale kulturminneplanar i 2017, men har følgt opp komun- ane med råd og rettleiing etter behov. Tolv kommunar er så langt ferdige med planane. Vi ventar at 25 kommunar i fylket vil ha på plass ein lokal kulturminneplan innan 2020.

Fylkeskommunen handsama i 2018

• 15 kommuneplanar og kommunedelplanar • 4 områdereguleringsplanar • 100 detaljreguleringsplanar • 166 dispensasjonssøknadar

Vi handsama til saman 494 saker der vi vurderte omsynet til kulturminne og kultur- miljø, inkludert landbruks-, vassdrags- og energisakene. Fylkeskommunen gjennom- førte 51 kulturminneregistreringar.

Registrering av kulturminne Fylkeskommunen registrerte fleire spennande funn av førhistoriske kulturminne i 2018. Funna omfattar førhistoriske spor etter eldre gardsdrift i form av dyrking, kokegroper, eldstader, stolpehòl og produksjonsanlegg. Privatpersonar leverte også Trivselsskogen på Sandane vart kåra til beste inn spennande metalldetektorfunn i kommunane Bremanger, Gaular og Lærdal. turløype i Sogn og Fjordane i 2018. Foto: Trivselsskogen Freda bygg og fartøy Fylkeskommunen fordelte 10,5 mill. statlege kroner til freda bygg i privat eige og 2 mill. statlege kroner til verdsarv i 2018. Fartøy med tilknyting til Sogn og Fjordane, fekk 0,825 mill. kr i statlege tilskot og 300 000 kr i fylkeskommunalt tilskot.

Verdsarv Staten har eit mål om at alle verdsarvstadane i landet skal ha eit autorisert verd- sarvsenter. Fylkeskommunen har delteke i arbeidet med eit forprosjekt for etablering av eit verdsarvsenter for Urnes stavkyrkje. Dei andre deltakarane i prosjektet er Luster kommune, Fortidsminneforeningen, Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje med tilhøyrande område og samarbeidsgruppa for Sørsida.

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) Riksantikvaren skal lage eit register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Vi starta i 2018 arbeidet med å velje ut og dokumentere aktuelle landskap i Sogn og Fjordane. Arbeidet held fram i 2019, og dei aktuelle kommunane blir involverte.

Regionalt viktige kulturminne Vi har starta arbeidet med utarbeiding av ei liste over regionalt viktige kulturminne. Lista skal vere til hjelp i råd og rettleiing overfor kommunane og fungere som eit grunnlag for kulturminnefaglege vurderingar i ulike samanhengar.

Opningsmarkering Kystpilegrimsleia Kystpilegrimsleia fekk i desember 2017 status som Nasjonal pilegrimsveg og Europeisk Kulturveg. Dette vart markert sommaren 2018 med ein opningsseglas med seglskøyta «Risør II» og fylkesvise arrangement på utvalde stadar langs leia. I Sogn og Fjordane stod fylkesordførar Jenny Følling for den offisielle opninga på Kinn Resultat og aktivitetar Næring og kultur

66

i samband med Kinnspelet 16. juni. Det skal arbeidast vidare for å etablere eitt eller fleire regionale senter langs leia.

Fellesmagasin/«Kløften» Søknaden for fellesmagasin/«Kløften» vart fornya i 2018, men det vart ikkje gitt statleg løyving.

Gulatinget Vi har arbeidd mykje med eit forprosjekt for besøkssenteret på Gulatinget i 2018. Prosjektet kom inn i økonomiplanen på slutten av året i 2017. Målet med arbeidet i 2018 har vore å verte klar med eit ferdig konsept til søknadsfristen om statsmidlar til 1. mars 2019.

Arbeidet har elles vore å følgje Årsplan for Gulatinget 2018 og Strategiplan for utvikling av Gulatinget 2016–2020.

Gulatinget inngår i Nasjonalt Tingstadnettverk, som vart formalisert i 2018. Det har vore fire nettverksmøte i 2018. Nettverket sikrar fagleg utveksling mellom forvalt- ninga av dei eldre regionale tingstadane Frostating, Gulating, Borgarting og Eidsiva- ting.

Gulatingsparken har i 2018 hatt over 14 000 registrerte besøk. Arrangement har vore marknadsført via nettside, presseoppslag, Facebook og Instagram.

FYLKESARKIVET

Fylkesarkivet tek vare på og formidlar historisk arkiv- og kjeldemateriale frå og i Sogn og Fjordane. Arbeidet er delt inn i desse fagområda:

• kommunearkivordninga • privatarkiv • musikk • foto • stadnamn • bibliotek

Fylkesarkivet ordnar, registrerer og digitaliserer private og offentlege arkiv. Ei viktig oppgåve er å syte for tilgjenge og drive formidling av kjeldene. Vi har i 2018 fornya tidsskriftet Kjelda med design og redaksjonelle grep.

Fylkesarkivet starta i 2018 arbeidet med å formalisere samarbeidet i Kommune- arkivordninga. Fylkeskommunen og alle kommunane i Sogn og Fjordane har slutta seg til vedtekter som gjer at Kommunearkivordninga frå og med 01.01.2019 er organisert som eit interkommunalt samarbeid. Namnet er no Kommunearkivordninga i Sogn og Fjordane.

Bevarings- og formidlingsprosjekt I 2018 jobba vi aktivt med å sikre ekstern finansiering til nye bevarings- og formidlingsprosjekt. Følgjande prosjekt vart utarbeidde og fekk eksterne prosjekt- midlar dette året: • Old Shit, New Wrapping. Formidling av tradisjonsmusikk, samarbeidsprosjekt med Førdefestivalen. Prosjektstøtte frå Kulturrådet (110 000 kr). • Då alle var gamle, songane rare og verda i svart kvitt. Formidling av tradisjonsmusikk. Prosjektstøtte frå Kulturrådet (110 000 kr). • Nettartiklar om opphavet til stadnamn. Formidling av lokale stadnamn. Prosjektstøtte frå Kulturrådet (90 000 kr). Gulatinget. Foto: David Zadig Resultat og aktivitetar Næring og kultur

67

• Fotoarkivet etter Elen Loftesnes. Fotobevaring- og formidling. Prosjektstøtte frå Kulturrådet (260 000 kr) og Riksarkivet (200 000 kr). • Vestlandet på film: Videoarkivet etter Vest Vision. Bevaring og tilgjengeleg- gjering av levande film. Prosjektstøtte frå Kulturrådet (260 000 kr).

Totalt sikra vi slik 1 030 000 kr til arbeidet med å bevare og/eller formidle materiale frå private arkivskaparar. Prosjekta skal etter planen starte i 2019.

Digitalisering Vi har digitalisert store mengder kommunale arkiv. Møtebøker for kommunestyra og formannskapa i alle kommunane i fylket er skanna og publiserte fram til 1957. I tillegg har vi gjort store ordnings- og digitaliseringsjobbar for fleire kommunar. Publisering på arkivportalen har vore eit satsingsområde. Rådgjeving i samband med kommunereforma og regionreforma, har vore ressurskrevjande. Vi har hatt ein stor auke i mottak av både elektroniske- og papirarkiv til depotet i 2018.

FYLKESBIBLIOTEKET

Fylkesbiblioteket organiserer og delfinansierer fellestenester som e-bokordning, klassesett-tilbod, digital avis- og tidsskriftteneste, katalogsøk og transportordning i fylket. Prosjektutvikling, oppfølging av dei regionale biblioteksamarbeida, rådgjeving, kompetanseheving og statistikkhandsaming er sentrale oppgåver. Kjerneområde er litteraturformidling, med særleg vekt på nynorsk og for målgruppa barn og unge, og digital formidling. Fylkesarkivet jobbar med å digitalisere materiale og gjere det tilgjengeleg på ulike digitale platformer. Formidling til barn og unge Foto: Sigrun Espe/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane I prosjektet Lesarhistoria – ny veg til lesaren har målet vore å vidareutvikle formidlin- ga til barn og unge. Bibliotek, skular og barnehagar i fem kommunar deltok i prosjek- tet, og OsloMet har dokumentert arbeidet. Lesarhistorieprosjektet var bakgrunn for ein nasjonal konferanse om samarbeid mellom folkebibliotek, skular og barnehagar hausten 2018. Fylkesbiblioteket arrangerte konferansen saman med Nasjonalbiblio- teket.

Klart vi les! Fylkesbiblioteket tilbydde saman med Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum elevar og lærarar i utvalde kommunar forfattarbesøk og innføring i den nynorske barnelitteraturen i prosjektet Klart vi les! Fylkesbiblioteka i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane arrangerte felles kurs for bibliotekarar i vidaregåande opplæring. Fylkesbiblioteket samarbeider med DKS Sogn og Fjordane ved t.d. å bidra i planleg- ging, syte for aktuell litteratur og stimulere til samarbeid mellom folkebiblioteka og skulane.

Nynorske turbibliotek Det er planlagt nynorske turbibliotek i dagsturhyttene som kjem i alle kommunane i fylket. Fylkesbiblioteket står for planlegging og oppstart av biblioteka i samarbeid med kommunane. Vidare tilbyr fylkesbiblioteket arrangementsrekkjer til dagsturhyt- tene med støtte frå Nasjonalbiblioteket.

Nettressursar Nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane (www.forfattarar.sfj.no) presenterer ca. 600 forfattarar med tilknyting til fylket. Om lag 23 000 artiklar er registrerte i data- basen Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane. Fylkesbiblioteket samarbeider med Nasjonalbiblioteket om digitalisering og tilgjengeleggjering av lokalhistoriske artiklar i den nasjonale fulltekstbasen www.bokhylla.no.

Folkebiblioteka på nett Fylkesbiblioteket starta i 2018 opp eit arbeid med å styrkje satsinga på nettsider Resultat og aktivitetar Næring og kultur

68

i folkebiblioteka. Det vart arrangert regionvise samlingar om temaet og ytt konkret bistand til å ta i bruk nye løysingar.

Faglege bidrag Tilsette på fylkesbiblioteket bidreg i fagleg arbeid nasjonalt gjennom arbeid i prosjekt, fagsamlingar og konferansar.

Fylkeskulturprisen Teaterfestivalen i Fjaler fekk fylkeskulturprisen i 2018. Prisen vart delt ut på fylkes- tinget i desember 2018.

SÆRSKILDE POLITISKE SAKER

Hovudutval for næring og kultur handsama 65 saker i 2018. Vi har ikkje registrert avvik i oppfølginga av dei politiske sakene.

Fylkestingssaker handsama i 2018:

FT-sak 3/18: Forvaltningsrevisjon – Musea i Sogn og Fjordane - rapport Fylkeskulturprisen 2018 gjekk til Teaterfestivalen i FT-sak 20/18: Justert eigaravtale Innovasjon Norge 2018 Fjaler. Ingrid Hansen og Miriam Prestøy Lie tok imot FT-sak 25/18: Rullering av Regional plan for verdiskaping prisen under fylkestinget i desember. FT-sak 32/18: Eigarstrategi for felles eigarskap mellom Nærings- og Foto: Runar Bjørkvik Mæland fiskeridepartementet og fylkeskommunane FT-sak 40/18: Regional plan for kultur 2019–2027, Kultur for alle FT-sak 50/18: Kommunearkivordninga – tilslutning til interkommunalt samarbeid om arkivtenester. FT-sak 51/18: Handlingsprogram 2019–2022 til Kultur for alle, Regional plan for kultur 2019–2027 FT-sak 53/18: Etablering av “Nynorskhus” i Sogn og Fjordane – søknad om auka driftsstønad frå Sogn og Fjordane teater

MÅLEKART - AVVIK

Vi har ikkje tal for 2018 enno, men tal frå 2017 viser at vi ikkje når målet om arbeids- plassvekst i Regional plan for verdiskaping fullt ut. Det er fordi vi ikkje har god nok utvikling i bransjar med god utvikling i tal arbeidsplassar samanlikna med landet. Eit punkt i målekartet for næring er å undersøkje kor nøgde partnarskapen er. Vi har ikkje gjort ei slik undersøking i 2018.

Det er ein ambisjon at alle marine saker skal vere handsama i tråd med forskrifta. Gjennomsnittleg vert komplette søknader handsama innan 22 veker, som er kravet i forskrifta. Lenger tid skuldast som regel behovet for å hente inn meir opplysingar og/eller sein uttale frå andre etatar. Vi syter i samsvar med forvaltningslova for at søknaden vert handsama utan ugrunna opphald. Resultat og aktivitetar Næring og kultur

69

KOSTRA NØKKELTAL - KULTUR

Vest-Norge Landet u/ Indikator - konsern SFJ 2015 SFJ 2016 SFJ 2017 SFJ 2018 2018 Oslo 2018

Netto driftsutgifter i alt til kultur- 601 647 537 569 389 363 sektoren per innbyggjar

Brutto driftsutgifter kultursektoren 1 114 1 232 1 195 1 273 750 760 per innbyggjar

Brutto investeringsutgifter kultur- 0 22 12 12 1 1 sektoren per innbyggjar

Netto driftsutgifter til kultursektoren 2,9 3,1 2,6 2,6 3 2,8 i prosent av samla netto driftsutgifter

Netto driftsutgifter bibliotek per 55 51 47 61 20 32 innbyggjar

Netto driftsutgifter museer per 148 157 180 154 106 98 innbyggjar

Netto driftsutgifter kunstproduksjon 105 105 108 108 56 46

Netto driftsutgifter kunstformidling 94 91 83 128 71 88

Netto driftsutgifter idrett per 80 141 35 30 72 30 innbyggjar

Netto driftsutgifter andre kultur- 119 102 83 90 63 70 aktivitetar per innbyggjar

Tabell 20 Resultat og aktivitetar Opplæring

70

OPPLÆRING

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 2001 hausta gode erfaringar med å arbeide systematisk og målretta frå mål og strategiar til handling.

Mål- og strategidokumentet for 2018–2021, Mot nye høgder!, har som hovudmål at elevar og lærlingar i Sogn og Fjordane skal ha den kvalitativt beste opplæringa. Dokumentet vidarefører kvalitetsmåla trivsel, meistring og gjennomføring, med særskilde strategiar for leiing, opplæring og fag- og yrkesopplæring. Tilhøyrande handlingsprogram syner tiltak og prosessar for perioden. Handlingsprogrammet er grunnlaget for prioriteringar i budsjett- og økonomiplanen, og det skal rullerast kvart andre år.

I målekartet for 2018 vedtok fylkestinget konkrete ambisjonsnivå for

• trivsel • meistring (eksamens- og karakterresultat) • gjennomføring • samsvar mellom tilgjengelege læreplassar og søkjarar til desse

Gjennomføringstala for Sogn og Fjordane syner ein nedgang på 0,9 prosentpoeng samanlikna med tala frå året før. Resultata i 2018 syner likevel at Sogn og Fjordane er i landstoppen når det gjeld eksamensresultat, gjennomføring, og i kva grad elevane trivst.

Utviklingsarbeidet for å nå målet om den kvalitativt beste opplæringa må halde fram. Fylkeskommunen arbeider kontinuerleg for å sikre eit godt psykososialt læringsmiljø for elevar og lærlingar. Den psykiske helsa til ungdom var eit viktig tema i 2018.

Tilbodet om grunnskuleopplæring for minoritetsspråkleg ungdom (GMU) syner svært gode resultat. 93 prosent av ungdom som har gått GMU og framleis er busette i Sogn og Fjordane, held fram i kvalifiserande opplæringsløp.

3D-printing ved Måløy vidaregåande skule. Foto: Andreas Rune Rundereim Resultat og aktivitetar Opplæring

71

Teneste Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Rekneskap 2017 Rekneskap 2016

Utgifter til lokale 57,704 60,220 58,974 61,827

Vedlikehald og drift av skulebygg 43,435 44,297 39,223 39,532

Forvaltning og fellesutgifter 46,538 45,561 41,297 44,922

Fellesutgifter 14,058 13,633 14,808 12,766

Eleveksamen 2,164 2,843 2,213 1,667

Elev- og lærlingombod 1,150 1,191 0,999 0,944

Pedagogisk leiing mv. 71,030 80,313 71,918 69,861

Pedagogiske fellesutgifter 12,980 13,808 14,936 11,204

Gjesteelevar 7,426 7,209 6,550 5,815

PC-ordninga 2,551 2,634 2,471 2,621

Utdanningsprogramma 345,242 340,033 340,746 337,991

Gratis læremiddel 0,081 0,519 0,015 0,010

Jordbruksskulegardar 3,498 2,727 3,337 2,967

Fagskuleutdanning 8,158 9,367 25,153 25,033

Landslinjer 4,609 5,771 6,106 6,610

PP-tenesta 11,744 12,286 11,954 11,761

Oppfølgingstenesta 5,613 7,014 5,751 6,273

Tilpassa opplæring 59,902 66,604 60,521 64,339

Fagopplæringsnemnda 0,125 0,229 0,104 0,139

Opplæring i bedrift 110,868 106,457 102,287 93,698

Fagprøvar 14,112 15,495 14,912 12,792

Vaksenopplæring 10,633 13,795 9,142 5,937

Opplæring i sos-/med. institusjonar 8,049 8,740 5,097 8,069

Privatisteksamen 1,447 2,093 1,661 2,801

Tilskot til elevorganisasjonar 0,020 0,041 0,020 0,017

Karriererettleiing 0,030 - 0,054 0,059 0,064

Opplæring – andre område 1,699 - 0,746 0,418

Resultatoverføring skulane 0,093 - 7,236 5,498

Totalt opplæring 844,959 862,826 848,236 835,576

I mill. kr Tabell 21 Resultat og aktivitetar Opplæring

72

Driftsresultat for sektoren samla Opplæringssektoren hadde i 2018 eit nettobudsjett på om lag 863 mill. kr. Rekne- skapen viser eit samla netto mindreforbruk i høve budsjettet på 17,9 mill. kr (etter resultatoverføring på skulane). Dette utgjer om lag 2,0 prosent av budsjettet.

Dei største postane med mindreforbruk er

• utgifter til lokale: 3,8 mill. kr • utdanningsprogramma: 5,3 mill. kr • tilpassa opplæring: 4,1 mill. kr

Den største posten med meirforbruk er

• opplæring i bedrift: 4,4 mill. kr

Mindreforbruket på utgifter til lokale er i hovudsak knytt til husleige (2,0 mill. kr) og innsparing på ufordelt løyving til dei vidaregåande skulane.

Mindreforbruket på utdanningsprogramma er i hovudsak knytt til

• avsett løyving til opplæringstilbod for dei med rett til påbygging etter fag- brev (1,9 mill. kr) • unytta grupperessurs i samband med opplæringstilbodet (1,4 mill. kr) Havskaren gjer klart for fiske. • avsett buffer for anslagsløyvingar i sektoren (0,9 mill. kr) Foto Bjarne Husevåg Mindreforbruket på tilpassa opplæring skuldast innsparing på ufordelt løyving til dei vidaregåande skulane (3,0 mill. kr) og mindre kjøp av eksterne tenester enn føresett (1,3 mill. kr). Tilpassa opplæring er ei anslagsløyving, der bruken av midlar er vanske- leg føreseieleg.

Meirforbruket på opplæring i bedrift er i hovudsak knytt til tilskot til lærebedrifter (4,8 mill. kr).

Dei vidaregåande skulane (utanom landslinene) hadde eit samla meirforbruk på ordinær drift på om lag 1,0 mill. kr i høve budsjett 2018. Skulane har resultat- overføring til året etter, og innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekneskaps- resultatet.

Fagskulen i Sogn og Fjordane hadde i 2018 om lag i balanse i drifta. Akkumulert meirforbruk i 2018 var på om lag 0,6 mill. kr. Skulen har resultatoverføring og hadde i 2018 eit meirforbruk på investeringar på om lag 1,7 mill. kr.

Landslinetilboda hadde i 2018 eit samla mindreforbruk på 1,5 mill. kr.

• Sogn jord- og hagebruksskule hadde i 2018 eit mindreforbruk på om lag 1,7 mill. kr. Akkumulert gjekk skulen om lag i balanse. • Landslinetilbodet i yrkessjåfør ved Sogndal vidaregåande skule hadde i 2018 eit meirforbruk på om lag 0,2 mill. kr. Akkumulert hadde skulen eit mindrefor- bruk på landslinetilbodet om lag 0,7 mill. kr. • Landslinetilbodet i skiskyting på Stryn vidaregåande skule hadde i 2018 ei drift om lag i balanse. Akkumulert hadde skulen eit meirforbruk på om lag 0,2 mill. kr på landslinetilbodet.

Resultata på yrkessjåfør og skiskyting må sjåast i samanheng med rekneskaps- resultatet for høvesvis Sogndal og Stryn vidaregåande skule. Sprangridning på hestelina ved Mo og Øyrane vidaregåande skule. Nærare om rekneskapsresultatet på dei vidaregåande skulane (utan landslinene) Foto: Åse Hogrenning Seks skular hadde meirforbruk på den ordinære drifta i 2018, medan fem skular Resultat og aktivitetar Opplæring

73

hadde mindreforbruk. Storleiken på meirforbruket varierer frå om lag 0,1 mill. kr til om lag 3,0 mill. kr, medan mindreforbruket varierer frå om lag 0,7 mill. kr til om lag 3,3 mill. kr. Akkumulert hadde skulane eit mindreforbruk på om lag 11,7 mill. kr knytt til ordinær skuledrift.

På anna verksemd hadde skulane i 2018 eit samla meirforbruk på 1,9 mill. kr. Akkumulert hadde skulane eit samla mindreforbruk på 7,6 mill. kr knytt til anna verk- semd. Fylkeskommunen har resultatoverføring, der eit eventuelt meir- og mindrefor- bruk ved dei vidaregåande skulane vert overført til året etter. Ordninga gir skulane større handlingsrom, eit meir langsiktig perspektiv og høve til å styre mot planlagde over-/underskot einskilde år.

Fylkesdirektøren vil også i 2019 følgje opp skular med avvik.

AKTIVITETSTAL

Søkjartal Det var tolv færre søkjarar til vidaregåande opplæring i 2018 enn i 2017. Av totalt 5268, søkte 627 opplæring i bedrift. 4856 av søkjarane til vidaregåande opplæring hadde ungdomsrett, og 534 av desse søkte opplæring i bedrift.

Elevar i vidaregåande skule 4064 søkjarar vart tekne inn til dei fylkeskommunale vidaregåande skulane skuleåret 2018–2019, mot 4044 året før.

Sogn og Fjordane fylkeskommune betalar for desse elevgruppene i andre fylke:

• 27 elevar etter Hordalandsavtalen • 9 elevar på programområde vi ikkje tilbyr • 14 elevar etter lov om friare skuleval mellom fylka

I tillegg er det 60 elevar frå fylket på landslinjer og andre tilbod i andre fylke.

103 elevar frå Sogn og Fjordane går på privatskule i eige fylke.

Lære- og opplæringskontraktar 83,8 prosent av søkjarane med ungdomsrett har fått godkjent lære- og opplærings- kontrakt i 2018, mot 73,7 prosent i 2017. Gjennomsnittet for landet er 74 prosent i 2018. Sogn og Fjordane peikar seg positivt ut.

Ved utgangen av 2018 var det registrert 1283 «løpande» lærekontraktar og 80 opplæringskontraktar. I 2018 var det 534 primærsøkjarar med ungdomsrett som søkte læreplass.

Søkjarar utan tilbod om læreplass Elleve søkjarar med ungdomsrett var utan tilbod om læreplass eller vg3 i skule i 2018. Fylkesdirektøren har gjennomført ulike tiltak for å redusere tal søkjarar utan tilbod om læreplass. Til dømes vart alle som stod utan læreplass, inviterte til eit møte der dei mellom anna fekk informasjon om vg3 i skule. I etterkant hadde vi oppfølging på individnivå.

Av dei 20 elevane som starta i vg3 i skule som alternativ til læreplass i 2018, var dei fleste innan elektrikarfaget og IKT-servicefaget.

GMU – grunnskuleopplæring for minoritetsspråkleg ungdom GMU er eit likeverdig samarbeid mellom kommunane i Sogn og Fjordane og fylkes- Klar for servering på Måløy vidaregåande skule. kommunen. Opplæringstilbodet er for minoritetsspråkleg ungdom mellom 16 og 24 Foto: Bente Iren Vonheim Resultat og aktivitetar Opplæring

74

år. Det skal kvalifisere elevane med vitnemål frå grunnskulen, samt styrke nærleik til eit ungdomsmiljø. Samarbeidet gjev felles eigarskap og ansvar for elevgruppa, og gjev eit heilskapleg syn på kva behov ungdomane har for opplæring. Alle partar ser på GMU som ein nøkkel til kvalifisering.

Skuleåret 2018–2019 har 114 minoritetsspråklege elevar delteke i dette opplær- ingstilbodet. Det er tilbod om GMU ved åtte vidaregåande skular. Trass i svært ulik skulebakgrunn og føresetnader ligg elevane som gjekk ut av GMU våren 2018, i snitt berre eitt grunnskulepoeng under gjennomsnittet for fylket.

Erfaringane syner at elevar i GMU kjem seg vidare i ønska opplæringsløp ved at dei gjennom GMU har fått grunnlag for å konkurrere om skuleplassar. 93 prosent av ungdom som har gått GMU og framleis er busette i Sogn og Fjordane, held fram i kvalifiserande opplæringsløp. Av dei som startar i ordinær vidaregåande opplæring, får omlag 70 prosent første- eller andreønsket sitt.

GJENNOMFØRING I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

2012-kullet i Sogn og Fjordane har totalt ein nedgang på 0,9 prosentpoeng på gjen- nomføring samanlikna med 2011-kullet. Yrkesfaglege utdanningsprogram har hatt nedgang på 3,4 prosentpoeng, medan studieførebuande utdanningsprogram hadde ein framgang på 0,3 prosentpoeng. Resultatet samla sett er over landssnittet både for studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram (sjå tabell under).

Studie- Yrkesfag Samla førebuande

2011-kullet 91,3 66,8 78,6 Sogn og Fjordane 2012-kullet 91,6 63,4 77,7

Nasjonalt 2012-kullet 87,8 61,14 75,2

Tabell 22

Tabellen under syner oversikt over elevar som har slutta i løpet av fem år etter at dei starta i vidaregåande opplæring. Fylkesdirektøren har hatt kontakt med kommunar og vidaregåande skular for å kartlegge resultatet på individnivå for 2012-kullet.

Del elevar som slutta i Kull Kull Kull Kull vidaregåande opplæring 2009 2010 2011 2012 innan fem år

Noreg 16 15,3 14,9 14,5

Sogn og Fjordane 13,6 13,4 10,3 13,5

Tabell 23

Fylkesdirektøren ser at arbeidet med tett oppfølging av skular og bedrifter gir resultat. Fylkeskommunen arbeider aktivt for å styrke opplæringa i bedrift, mellom anna gjennom god formidlingsprosess og tett oppfølging i læretida. Å auke gjennom- føringa føreset samhandling, god koordinering og gode rutinar mellom alle aktørane i utdanningsløpet.

I Sogn og Fjordane vel over 50 prosent av søkjarane til vidaregåande opplæring yrkesfaglege utdanningsprogram. Resultat og aktivitetar Opplæring

75

Gjennomføring yrkesfagleg utdanningsprogram Gjennomføring studieførebuande utdanningsprogrom Kull 2012 Kull 2012 Prosent fullført innan 5 år Prosent fullført innan 5 år

Sogn og Fjordane 91,6 % Rogaland 65,6 % Akershus 90,8 % Vest-Agder 65,3 % Nord-Trøndelag 90,6 % Akershus 64,4 % Møre og Romsdal 90,1 % Møre og Romsdal 63,4 % Oppland 89,8 % Sogn og Fjordane 63,4 % Vest-Agder 89,8 % Nord-Trøndelag 63,1 % Hedmark 89,1 % Buskerud 63,0 % Rogaland 88,9 % Aust-Agder 62,6 % Vestfold 88,6 % Telemark 62,6 % Telemark 88,4 % Sør-Trøndelag 61,9 % Østfold 88,0 % Oslo 61,2 % Noreg 87,8 % Noreg 61,1 % Hordaland 87,8 % Hordaland 60,9 % Sør-Trøndelag 85,8 % Oppland 59,7 % Aust-Agder 85,6 % Hedmark 57,9 % Oslo 85,4 % Vestfold 57,7 % Troms 85,1 % Østfold 57,2 % Buskerud 84,2 % Nordland 54,9 % Nordland 84,1 % Troms 53,0 % Finnmark 77,4 % Finnmark 50,7 %

Diagram 18 Diagram 17 Kjelde: SSB-tabell 10994 Kjelde: SSB-tabell 10994 Resultat og aktivitetar Opplæring

76

Overgang frå vg2 til opplæring i bedrift/vg3 i skule dei fem siste åra

Repetisjon på Ute av vidare- Ordinær År lågare eller same gåande opplæring Kull 2012 progresjon trinn eitt år

2013 70,9 9,6 19,5 14,5

2014 70,6 7 22,4 13,5

2015 73,6 8,1 18

2016 75,1 5,9 18,9

2017 72,6 5,6 21,8

Tabell 24

Tabellen over syner utviklinga dei siste fem åra. Vi ser ein nedgang frå 2016 til 2017 på 2,5 prosentpoeng for elevar som har ordinær progresjon, og ein nedgang på elevar som gjer omval (repetisjon på lågare eller same trinn). Samtidig er det ein auke på 2,9 prosentpoeng i tal elevar som er ute eitt år. Dette er elevar som har gjort val utanfor vidaregåande opplæring eitt år.

Dei vidaregåande skulane har over tid arbeidd godt med å kvalifisere elevane til opplæring i bedrift. Fylkesdirektøren for opplæring har hatt særleg merksemd på at kvalifisering til opplæring i bedrift også handlar om

• gode haldningar • lågt fråvær • god ordenskarakter • å vere aktiv gjennom utplassering i programfaget yrkesfagleg fordjuping (YFF) • god søknad og CV • å øve på intervjusituasjonar

Skulane har hatt møte med alle søkjarane til opplæring i bedrift. Fylkesdirektøren har hatt jamleg dialog med opplæringskontor, politikarar, fagopplæringsnemnd, rektorar og elevrepresentantar om overgangen frå vg2 til opplæring i bedrift/vg3 i skule. Utplassering i YFF er ein viktig faktor i å skape kontakt mellom søkjar til læreplass og potensiell lærebedrift. Målet er at YFF-faget skal introdusere elevane for arbeidslivet. Vi må leggje til rette for at alle elevar får prøve ut lærefag i praksis i YFF-faget, både i vg1 og vg2.

Dei vidaregåande skulane har dei siste åra fått større ansvar for formidlingsproses- sen. Alle skulane med yrkesfaglege utdanningsprogram har tilsett arbeidslivskontakt, som har gjennomføring og overgang frå skule til bedrift som hovudarbeidsområde. Fylkeskommunen har frå hausten 2018 tilsett ein person i ei treårig prosjektstilling. Arbeidsoppgåvene til denne prosjektstillinga er å

• få fleire i lære • få til nettverksarbeid mellom skule og næringsliv • få systematisert partnarskapsavtalane mellom skule og bedrift i portalen Bilete frå utdeling av fag-, sveine-, kompetanse- og www.utdanning.no (Utdanningsdirektoratet) meisterbrevet i Førdehuset 6. april 2018. Fylkes- ordførar Jenny Følling og leiar i fagopplærings- nemnda, Tom Knudsen, står for utdelinga. Foto: Ole Johnny Devik Resultat og aktivitetar Opplæring

77

Tabellen under viser utviklinga på talet på nye lærlingar dei fem siste åra.

Indikator og nøkkeltal 2014 2015 2016 2017 2018

Tal lærlingar 1022 1070 1137 1179 1309

Tal elevar i fagopplæring i skule 5 13 7 2 20

Tal lærekandidatar 78 93 95 84 83

Tabell 25

Tabellen under syner talet på lærlingar som har oppnådd fagbrev dei siste fem åra.

Indikator og 2013- 2014- 2015- 2016- 2017- nøkkeltal 2014 2015 2016 2017 2018

Tal fag- og sveinebrev 421 481 429 501 530 – lærlingar

Tal fag- og sveinebrev 185 202 250 273 232 – praksiskandidatar

Kunst, design og arkitektur på Hafstad vgs. Tal fag- og sveinebrev 1 6 14 11 3 Foto: Mona Fossdal – elevar

Tal kompetansebevis 15 9 12 12 14 – lærekandidatar

Tabell 26

Tabellen under syner prosentdel av 2012-kullet som har oppnådd fagbrev i dei ulike utdanningsprogramma. Lærlingar innan fagområda elektro, helse- og oppvekst og teknikk og industriell produksjon har oppnådd flest fagbrev.

Indikator og nøkkeltal 2017

Bygg og anlegg 82

Design og handverk 66,7

Elektro 88,7

Helse- og oppvekst 88,5

Naturbruk 77,8

Restaurant- og matfag 72,2

Service- og samferdsle 83,7

Teknikk- og industriell produksjon 88,8

Tabell 27

Læringsmiljø Kjerneaktiviteten til både skule og lærebedrift er å fremje læring. Føremålet med all Kunst, design og arkitektur på Hafstad vgs. opplæring er å sikre at alle elevar og lærlingar har eit læringsutbytte som er maksi- Foto: Mona Fossdal malt utifrå føresetnadane deira. Resultat og aktivitetar Opplæring

78

Fire vidaregåande skular i fylket deltek i forskingsprosjektet Complete, der målet er å betre det psykososiale læringsmiljøet og medverke til å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Resultatet av prosjektet blir klart i desember 2019.

Både elev- og lærlingundersøkinga viser høg grad av trivsel og resultat over lands- gjennomsnittet. Likevel syner undersøkingane at vi har eit utviklingspotensial når det gjeld medverknad i eige læringsarbeid. Elevar og lærlingar seier at dei ønskjer større medverknad i korleis opplæringa blir gjennomført. I tillegg seier elevane at dei vil ha meir variasjon i undervisninga.

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING FOR VAKSNE

I 2018 søkte ca. 400 vaksne om vidaregåande opplæring, ein auke på ca. 100 søkjarar frå året før. Delen minoritetsspråklege søkjarar ligg framleis i overkant av 60 prosent. Det var ein auke i tal søkjarar med etnisk norsk bakgrunn. Det kan forklar- ast mellom anna med eit satsingsprosjekt i regi av Fylkesmannen for å kvalifisere ufaglærte assistentar i barnehage/SFO. 52 deltakarar gjennomførte teorieksamen og er etter kvart klare for fagprøve i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Fylkeskommunen hadde ansvaret for opplæringa.

Ein veksande tendens er at ein stor del av søkjarane med minoritetsbakgrunn søkjer opplæring innan helse- og oppvekst, og spesielt helsearbeidarfaget. Det er ei utfordring, då det kan bli mangel på utplasserings- og læreplassar i kommunane. Det er difor viktig at dei som får tilbod om opplæring, er fagleg og språkleg kvalifi- serte og motiverte. Alle søkjarar får frå hausten 2018 ein rettleiingstime før dei får NYTT I 2018 opplæringstilbod. Vi gjer dette for å sikre at søkjarane er kvalifiserte og klare for vidaregåande opplæring. Nytt av året i 2018 var at fylkeskom- munen starta opplæring etter «Sogn og Opplæringstilbod Fjordane-modellen» i faga Til saman deltok ca. 450 personar i opplæring i 2018. Om lag 250 heldt fram i løp frå tidlegare, medan 200 av dei 400 nye søkjarane var kvalifiserte og takka ja til • betong opplæring. Majoriteten av søkjarane innan yrkesfaga treng heile opplæringsløp. Dei • polymerkompositt fleste får tilbod innan helsearbeidarfaget. Her har fylkeskommunen samarbeidsavta- • kjemi og prosess lar med kommunar og NAV om opplæringsløp tilrettelagt for minoritetsspråklege • industriteknologi («Sogn og Fjordane-modellen») ved fleire skular.

Vi gjorde dette i nært samarbeid med Det starta også opp «ordinære» vaksengrupper i helse- og oppvekst, service og opplæringskontor og bedrifter. Modellen samferdsle og byggfag i 2018. Majoriteten av dei etnisk norske deltakarane fekk har synt gode resultat innan helsefag- opplæring i studiekompetansefaga og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Opplæringa opplæring, og det blir spennande å sjå i studiekompetansefaga er utfordrande, og for mange sluttar. Framover må vi sjå på om han kan tilpassast industri og privat organisering og metodar for å auke gjennomføringa i denne delen av vaksenopplær- næringsliv i same grad. inga.

EFFEKTIVISERINGSTILTAK

Oppfylling i grupper Dei vidaregåande skulane har for skuleåret 2018–2019 ei oppfylling på om lag 93 prosent, som året før.

Oppfylling per nivå:

• vg1: 92 prosent (95 prosent året før) • vg2: 93 prosent (91 prosent året før) • vg3: 95 prosent (91 prosent året før)

Redusert oppfylling på vg1 har samanheng med lågare oppfylling i utdannings- Resultat og aktivitetar Opplæring

79

programma medium og kommunikasjon (ME) og kunst, design og arkitektur (KD). Også fleire av tilboda på vg1 yrkes- og studiekompetanse (YSK) og musikk, dans og drama med dans (MD) hadde vesentleg lågare oppfylling enn året før.

Nye reinhaldsplanar ved dei vidaregåande skulane Vi har i løpet av 2017 og 2018 laga nye reinhaldsplanar ved dei vidaregåande skulane. Målet med arbeidet har vore å sikre god kvalitet på reinhaldet. Gjennom faglege vurderingar og analysar har vi kome fram til felles kriterium, som sikrar ein så lik ressursprofil/ressurstildeling som mogleg. Eit anna mål med prosjektet har vore å definere standardar for

• gode reinhaldsrutinar • internt samarbeid • innkjøpsrutinar • bruk av miljø- og helsefremjande utstyr og reingjeringsprodukt

Arbeidet syner blant anna eit redusert ressursbehov på om lag sju årsverk.

POLITISKE SAKER – AVVIKSRAPPORTERING

Hovudutval for opplæring handsama 35 saker i 2018. Vi har ikkje registrert avvik i oppfølginga av dei politiske sakene i 2018. Danseframsyning av elevar på danselinja ved Firda vidaregåande skule. SÆRSKILDE POLITISKE SAKER Fotograf Hans Græsli Fylkestinget Sak 04/2018: Fylkesvise mobbeombod Sak 15/2018: Forskrift om fleksibilitet i fag- og timefordeling innan utdanningsprogram for bygg- og anleggsteknikk ved Stryn vidaregåande skule. Sak 36/2018: Oppseiing av avtalane om kjøp av PP-tenester Sak 41/2018: Kjøp av Florø idrettssenter Sak 45/2018: Forvaltningsrevisjon. Utdanning og yrkesrådgiving i vidaregåande skule-rapport Sak 48/2018: Ny selskapsavtale for Vigo IKS Sak 55/2018: Nytt opplæringsfartøy

Fylkesutvalet Sak 93/2018: Mandat for nye nasjonale fagråd i fagskulesektoren

Hovudutval for opplæring Sak 02/2018 Handlingsprogram for mål- og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2018–2019, «Mot nye høgder» Sak 03/2018 Fagskuleutdanning i Sogn og Fjordane fylkeskommune - dei vidaregåande skulane si rolle Sak 05/2018 Praksisbrevordninga Sak 07/2018 Stimuleringstilskot for fag- og yrkesopplæringa Sak 08/2018 Automatiserings- og dataelektronikarfaget Sak 09/2018 Plan for kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring 2018/19 Sak 10/2018 Etablering av kvalitetsutviklingsgrupper ved dei vidaregåande skulane Sak 11/2018 Justering av opplæringstilbodet skuleåret 2018/19 Draumeskulen aktivitetsdag Firda Sak 12/2018 Budsjett 2019 og økonomiplanen 2019–2022-sektorbudsjett vidaregåande skule. for opplæring Foto: Hans Græsli Resultat og aktivitetar Opplæring

80

Sak 13/2018 Lærlingsituasjonen i helsearbeidarfaget Sak 17/2018 Uttale-søknad frå Sygna vidaregåande skule om å opprette Vg2 helsearbeidar Sak 22/2018 Overordna plan for rekruttering og kompetanseutvikling for pedagogisk personale i vidaregåande opplæring 2018–2022 Sak 28/2018 Budsjett 2019 og økonomiplanen 2019–2022-sektorbudsjett for opplæring Sak 30/2018 Opplæringstilbod for vaksne Sak 34/2018 Opplæringstilbodet for skuleåret 2019–2020

MÅLEKART - AVVIK

Opplæringssektoren har gode resultat på dei fleste områda i vedteke målekart. I 2018 syner målingane resultat under vedteke ambisjonsnivå på følgjande punkt:

• Trivsel: På ein skala frå 1til 5 oppnår elevane i Sogn og Fjordane ein skår på 4,3. Dette er 0,1 under vedteke ambisjonsnivå. • Gjennomføring: I 2017 hadde 77,7 prosent av dei som byrja i vidaregåande opplæring i 2012 gjennomført opplæringa. Dette er 3,3 prosent under ved- teke ambisjonsnivå. • Samsvar mellom tilgang til læreplass og tal søkjarar til læreplass: I 2018 fekk 83,8 prosent av alle med ungdoms- eller vaksenrett som søkte læreplass som første ønske, tilbod om plass. Det er 6,2 prosent under vedteke ambis- jonsnivå.

KOSTRA

Vest-Norge Landet u/ Indikator - konsern SFJ 2015 SFJ 2016 SFJ 2017 SFJ 2018 2018 Oslo 2018

Netto driftsutgifter til vidare- gåande opplæring, per 184 314 182 664 190 272 195 404 165 535 176 049 innbyggar 16-18 år

Økonomisk belastning 510-562 vidaregåande opplæring i skule 171 923 173 976 175 128 180 510 154 447 159 841 per elev

Tabell 28

Landet Landet SFJ SFJ SFJ SFJ Indikator - konsern u/Oslo u/Oslo 2015 2016 2017 2018 2017 2018

Del elevar og lærlingar som har bestått vgo i løpet av 77,2 78,6 77,6 74,8 fem år*

Del elevar som har slutta i løpet av året - alle årssteg 2,5 2,3 2,4 2,6 4,1 4,1

Del elevar med direkte overgang fra vidaregående 46,1 47,6 45 42,8 opplæring til høyere utdanning*

Del beståtte fag- og svenneprøvar 93,8 95,3 95,5 96 93,5 93,5

Del elevar vg2 yrkesfaglege utd. program i fjor, i lære i år 52 51,9 52 55 44,9 47,4

*Tala for 2018 er ikkje klare før i juni 2019. Tabell 29 Resultat og aktivitetar Samferdsle

81

SAMFERDSLE

INNLEIING

Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018–2027 med handlingsprogram er det viktigaste styringsdokumentet vårt. Transportplanen legg opp til invester- ingar på fylkesvegområdet på omlag 3,5 mrd. kr. Han inneheld òg ambisiøse mål for reduksjon i klimagassutslepp på mellom 30 og 40 prosent innan 2030, samanlikna med utsleppa i 2015.

Handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021 gir, saman med trafikktryggings- tiltak føreslege i Regional transportplan 2018–2027, føringar for prioriteringar innan trafikktrygging. Planen legg særleg vekt på tiltak som er retta mot å endre haldning- ar til aktørar i trafikken.

Samferdslesektoren har i 2018 i hovudsak konsentrert seg om å følgje opp mål- setjingane i desse planane og starte opp vedtekne prosjekt.

Dei siste åra har vi opplevd fleire hendingar med skadar på fylkesvegane som følgje av ras og flaum. I oktober 2018 vart det omfattande flaumskadar på fylkesvegnettet på grunn av nedbørsmengder og temperaturstigning. Dei største skadane fekk vi i Luster kommune.

I samarbeid med Rogaland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen har vi gjennomført ei godsundersøking. Undersøkinga syner at det er avgrensa potensial for overføring av gods frå veg til sjø.

Vi opna to store nye fylkesvegprosjekt i 2018. Fv. 60 Ugla–Skarstein i Stryn kom- mune opna 1. mars, og skredsikringsprosjektet fv. 633 Kleiva i Selje kommune opna 18. desember.

Samferdsleavdelinga har i 2018 jobba mykje med prosessen for samanslåing og organisering av nye Vestland fylkeskommune. Vi har òg jobba mykje med avvikling av sams vegadministrasjon og lagt grunnlaget for overføring av oppgåver og personell frå Statens vegvesen til fylkeskommunen. Dette arbeidet vil også krevje mykje ressursar i 2019.

Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk Kollektivprisen 2018 for tilbodet Lokaltran- sport for ungdom (LTU).

I 2018 er det oppretta nye serviceskyssruter i Bremanger, Fjaler, Hornindal, Høyanger, Lærdal, Stryn, Vik og Årdal. Det er no serviceskysstilbod i 25 av 26 kommunar i fylket.

Vi starta hausten 2018 arbeidet med å førebu utlysing av anbod på ekspress- og lokalbåtrutene i fylket og mellom Sogn og Fjordane og Bergen med oppstart 1. mai 2022.

Heile fv. 60 mellom Olden og Innvik stod ferdig i 2018. Den siste strekninga med ny veg, mellom Ugla og Skarstein, vart opna i mars. Foto: Silje Drevdal/Statens vegvesen Resultat og aktivitetar Samferdsle

82

SAMFERDSLEBUDSJETT

Fylkeskommunen har ansvaret for

• kollektivtrafikktilbodet inkludert skuleskyss • løyvetildeling • drift og vedlikehald av 2 599 km fylkesveg • ferjedrift • investeringar på fylkesvegnettet

Samla nytta samferdslesektoren 1,3 mrd. kroner til drift og investeringar i 2018.

Område Rekneskap 2018 Budsjett 2018

Fylkesvegar, miljø og 573,6 574,9 trafikktryggingstiltak

Bilruter 246,1 247,9

Fylkesvegferjer 123,2 126,0

Båtruter 111,4 111,8

Tilrettelagt transport1 8,9 9,1

Investeringar på fylkesvegnettet 265,0 299,1 (brutto)

Totalt 1 328,2 1 368,6

1I tillegg har vi fått 11 mill. kr frå Samferdselsdepartementet til utvida TT-ordning. Tabell 30

Tala på driftsløyvingane som kjem fram i tabellen over, er nettokostnad etter at inntekter og meirverdiavgift er trekt frå.

Fordeling av midlar i samferdslesektoren

Investeringar 20 %

Fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak 43 % Tilrettelagt transport 1 %

Båtruter 8 %

Fylkesvegferjer 9 %

Bilruter 19 %

Diagram 19 Resultat og aktivitetar Samferdsle

83

FYLKESVEG

Sams vegadministrasjon Statens vegvesen har det operative ansvaret for oppfølging av fylkesvegnettet og fylkesvegferjene på vegne av fylkeskommunen. Samarbeidet med vegvesenet er godt og tett, og det vert styrt gjennom ein rammeavtale og årlege leveranseavtalar. Vi har også månadlege styringsmøte med vegvesenet, samt eigarstyringsmøte for store investeringsprosjekt og tunnelrehabiliteringsprosjektet.

Tunneltryggingsforskrift for fylkesvegtunnelar Fylkestinget har lagt til grunn ei ramme på 1,4 mrd. 2015-kr til tunnelvedlikehald og oppgradering av fylkesvegtunnelar etter tunneltryggingsforskrifta i perioden 2016- –2024. Tunnelar som er omfatta av krava i tunneltryggingsforskrifta, skal vere ferdig utbetra før 2025.

I 2018 har det vore arbeid knytt til tunneltryggingsforskrifta i følgjande tunnelar:

• fv. 55 Høyangertunnelen • fv. 55 Kvernhaugtunnelen • fv. 55 Råumtunnlen • fv. 55 Ottatunnelen • fv. 55 Røneidstunnlen • fv. 55 Hovdetunnelen

I 2018 vart det samla nytta 133,5 mill. kr til tunnelrehabilitering. Av dette var omlag 52,7 mill. kr kostnader knytt til tunneltryggingsforskrifta.

Flaum på Vestlandet i oktober Store nedbørsmengder og temperaturstigning på Vestlandet 14.–15. oktober gjorde svært store flaumskadar på fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane. Dei største skadane fekk vi i Luster kommune.

Skadane var hovudsakleg knytte til utvasking og utgraving av vegane og skade på bruer. Kostnaden med å reparere skadane er berekna til om lag 100 mill. kr.

Ressursbruk Fylkeskommunen nytta 563,6 mill. kr til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i 2018. Det er ein auke på 101,7 mill. kr frå året før. Til investeringar på fylkesveg- nettet vart det samla nytta 265 mill. kr.

Skadar på veg i Luster kommune som følgje av flaumen i oktober 2018. Foto: Statens vegvesen. Resultat og aktivitetar Samferdsle

84

Driftsutgifter til fylkesvegføremål Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Rekneskap 2017 Rekneskap 2016

Renter for vegforskoteringar 1,750

Driftsmidlar overført til investering 2,500 11,845

Fylkesvegar – drift og vedlikehald 563,5792 563,579 461,8793 434,8434

Fylkesvegar – uføresette hendingar 15,000

FTU – adm. og tiltaksmidlar 0,981 1,200 0,957 1,116

FTU – trafikktryggingstiltak i kommunane 3,891 5,000 4,280 4,530

Fylkesveg, miljø og trafikktryggingstiltak – 5,140 5,079 4,673 4,423 Administrasjon

Fylkesveg, miljø og trafikktryggingstiltak 573,591 574,858 474,289 473,506

I mill. kr 2Rekneskapsresultatet er inkludert ei avsetjing på 36,8 mill. kr til disposisjonsfond. 3Rekneskapsresultatet er inkludert ei avsetjing på 2,8 mill. kr til disposisjonsfond. 4Rekneskapsresultatet er inkludert ei avsetjing på 9,5 mill. kr til disposisjonsfond. Tabell 31

Drift og vedlikehald Vi hadde sett av 563,6 mill. kr netto til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i budsjettet for 2018.

Vi nytta i 2018 om lag 16 mill. kr mindre til vedlikehald enn føresett i budsjettet. I tillegg fekk vi omlag 3 mill. kr meir i refusjon av meirverdiavgift enn føresett. Vidare var det i budsjettet sett av 18 mill. kr til oppbygginga etter flaumen på fv. 60 i Utvik som ikkje vart nytta fordi arbeidet først vil bli utført i 2019.

Rekneskapen er såleis inkludert eit overført overskot på 36,8 mill. kr (mindreforbruk). Midlane vil bli lagt til i tildelinga til Statens vegvesen i 2019.

Dekkelegging og rekkverk

200

180

160

140

120

100

80

60

40

20

0 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Nytt dekke Oppsett rekkverk

Diagram 20 Det vart lagt 174 km nytt dekke og sett opp 48 km rekkverk på fylkesvegnettet i 2018. Tala for 2017 var 118 km nytt dekke og 28 km rekkverk. Resultat og aktivitetar Samferdsle

85

Spordjupne på dekke mm (jamnheit på tvers)

25

20

15

10

5

0 2012 2013 2014 2015 2016 2018

Diagram 21 Spordjupne seier noko om kvaliteten på vegdekket. Det er i 2016 ikkje utført målingar på heile veg- nettet, slik at talet ikkje gir ein korrekt middelverdi. Grunna feil i måleutstyret har vi ikkje data for 2017.

Fylkestrafikktryggingsutvalet og trafikktryggingstiltak Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) hadde 6,2 mill. kr til disposisjon i 2018. Det er brukt 4,9 mill. kr av den disponible ramma. Midlane er brukte slik:

• Trafikktryggingstiltak i kommunane: 3,9 mill. kr med eit mindreforbruk på 1,1 mill. kr • Ulike aktivitetar knytt til trafikktrygging: 0,9 mill. kr med eit mindreforbruk TRAFIKKTRYGGINGSPRISEN på 0,2 mill. kr

Norges Lastebileigarforbund fekk 13 kommunar fekk utbetalt midlar til trafikktryggingstiltak. Trafikktryggingsprisen for 2018. Dei fekk prisen for å ha jobba målretta Mindreforbruket skuldast at tiltaka ikkje er gjennomførte, eller at tiltaka hadde lågare med trafikktrygging gjennom fleire år, pris enn venta. mellom anna med kampanjen «Venner på vegen». Prisen var på 25 000 kr. Trafikkulukker i Sogn og Fjordane 160 140 120 100 80 60 40 20 0 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Jan-Ove Halsøy og Martin Bjørkhaug frå Trafikkulukker med personskader totalt i fylket Trafikkulukker med personskader på fylkesveg Norges Lastebileigarforbund tek imot sjekk, blomebukett og diplom frå fylkes- ordførar Jenny Følling og leiar i trafikk- Diagram 22 tryggingsutvalet Noralv Distad. Det er førebels rapportert inn 41 ulukker med personskade på fylkesvegane i 2018. Då det erfaringsvis Foto: Runar B. Mæland/Sogn og Fjordane er eit etterslep i rapporteringa av trafikkulukker, kan endeleg tal ulukker blir høgare. Ulukkestala har fylkeskommune auka dei siste åra, etter nokre år med nedgang frå 2012 til 2016. Dei fleste ulukkene med personskade i fylket er utforkøyringsulukker og møteulukker. Resultat og aktivitetar Samferdsle

86

Tal drepne i trafikken i Sogn og Fjordane 14

12

10

8

6

4

2

0 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Drepne i trafikken totalt Drepne på fylkesveg

Diagram 23 Tal drepne i trafikken i Sogn og Fjordane har lege stabilt i perioden 2015–2018. Vi har ei positiv ut- vikling på fylkesveg, medan utviklinga på riksveg har vore negativ.

Veginvesteringar og skredsikring

Fylkesvegføremål Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Rekneskap 2017 Rekneskap 2016

Investeringar 126,9 168,8 207,2 232,2

Skredsikring 138,1 130,3 48,5 233,7

Totalt 265,0 299,1 255,2 465,9

Tabell 32

Samla ramme til investeringar var 299,1 mill. kr i 2018. Det vart nytta 265 mill. kr fordelt med 126,9 mill. kr til ordinære investeringar og 138,1 mill. kr til skredsikring. Samla mindreforbruk på veginvesteringane er 25,1 mill. kr. Mindreforbruket på ordinære investeringar var 32,9 mill. kr, medan vi hadde eit meirforbruk på 7,8 mill. kr knytt til skredsikring.

Store prosjekt Vi nytta 39,9 mill. kr til dei store fylkesvegprosjekta i 2018. Det vart nytta 36,7 mill. kr i prosjektet fv. 60 Ugla–Skarstein i 2018, noko som er omlag 1,7 mill. kr over bud- sjett. Veganlegget opna for trafikk 1. mars i 2018.

Prosjektet fv. 698 Blaksettunnelen nytta 3,2 mill. kr og fekk eit mindreforbruk på 9,6 mill. kr.

Førdepakken Vi nytta 32 mill. kr til fylkesvegprosjekta i Førdepakken i 2018.

Mindre utbetringar Vi nytta 30,1 mill. kr til mindre utbetringar med eit samla mindreforbruk på om lag 15,7 mill. kr. Mindreforbruket skuldast i hovudsak forseinkingar knytt til prosjekta fv. 577 Øvrebotn bru I og II og fv. 619 Barmen–Barmsund ferjekai. Resultat og aktivitetar Samferdsle

87

Gang og sykkelvegar Vi nytta 2 mill. kr til gang- og sykkelvegar.

Trafikktryggingstiltak Vi nytta 12,9 mill. kr til trafikktryggingstiltak i 2018. Midlane gjekk i hovudsak til rekkverk med eit samla forbruk på 11,1 mill. kr.

Planlegging Til planlegging nytta vi 9 mill. kr i 2018. Planarbeidet på Atløysambandet kom ikkje i gang som føresett i 2018, men er starta opp i januar 2019. Dette arbeidet blir høgt prioritert i 2019.

Skredsikring Vi nytta 138 mill. kr til skredsikring i 2018. Det er om lag 7,8 mill. kr meir enn føresett i budsjettet. Det største avviket er på prosjektet fv. 663 Kleiva, som har eit meirforbruk 11,7 mill. kr og eit samla forbruk på 79,3 mill. kr. På prosjektet fv. 722 Flovegen nytta vi 13,5 mill. kr. Vi nytta 45 mill. kr på mindre skredsikringstiltak, noko som er om lag 3,7 mill. kr lågare enn budsjettert.

Fylkesvegferjer

Skiltet med teksten «Norges verste veg» er no Fylkesveg- Rekneskap Budsjett Rekneskap Rekneskap historie i Stryn. F.v. ordførar i Stryn, Sven Flo, fylkesordførar Jenny Følling og fylkesdirektør for ferjer 2018 2018 2017 2016 samferdsle, Dina Lefdal. Fylkesveg- Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane 123,165 125,970 127,974 114,4095 ferjer fylkeskommune

Tabell 33

Vi nytta 123,2 mill. kr til ferjedrifta i 2018. Det er 2,8 mill. kr lågare enn budsjettert.

Sogn og Fjordane fylkeskommune driv i dag seks fylkesvegferjesamband.

Vi inngjekk i desember 2016 kontrakt med Sundquist Investment Oy Ab om drift av fylkesvegferjesambandet Daløy–Haldorsneset for perioden 01.01.2019–31.12.2023 (+ opsjon). Kontrakten med Sundquist vart heva i desember 2018, og dagens kon- trakt med Fjord1 vart forlenga med eitt år til 31.12.2019.

Ferjesambandet skal etter planen bli avløyst av bru over Ytre Steinsund når kontakt- perioden går ut.

I 2018 har vi arbeidd med å førebu oppstart av elektrisk ferjedrift på sambandet Barmen–Barmsund. Det skal opne som fylkesvegferjesamband 1. juni 2019.

Opning av fv. 633 Kleiva i Selje kommune. 5Rekneskapsresultatet er inkludert ei avsetjing på 4,5 mill. kr knytt til kompensasjon mot Foto: Statens vegvesen riksregulativet og nye kvalifiseringskrav for mannskap. Resultat og aktivitetar Samferdsle

88

Trafikktal i dei største ferjesambanda

Personbileiningar 2012–2018

250000

200000

150000

100000

50000

0 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Isane–Stårheim Oldeide–Måløy Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet Krakhella–Rysjedalsvika–Rutledal–Losna Haldorsneset–Daløy

Diagram 24

Samla trafikktal personbileiingar

550000

500000

450000

400000

350000

300000 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Samla trafikktal personbileiingar Diagram 25

Plangrunnlag Grunnlaget for prioriteringane på samferdsleområdet er Regional transportplan 2018–2027 og fylkeskommunal handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021. Plandokumenta er baserte på eit felles kunnskapsgrunnlag.

Regional transportplan 2018–2027 Fylkestinget har ambisjonar om å styrke vedlikehaldet av fylkesvegane for å stoppe forfallet og tilpasse veginfrastrukturen til eit endra klima med meir nedbør. Fylkes- vegtunnelane skal tilfredsstille krava til tunnelsikkerheitsforskrifta innan utgangen av 2024, etter vedteken plan for tunnelrehabilitering.

Fylkestinget har eit mål om å legge til rette for raskast mogleg overgang frå bruk av fossile drivstoff til nullutsleppskøyretøy på vegnettet og å auke talet på gåande og syklande i fylket. Resultat og aktivitetar Samferdsle

89

Når det gjeld kollektivtrafikken, har vi eit mål at fylket skal ha eit heilskapleg rutesystem som heng saman med høvelege korrespondansar og enkel omstiging. Transportplanen legg opp til gradvis reduksjon av klimagassutslepp i samband med framtidige anbod for å nå målet om tilnærma nullutslepp i kollektivtrafikken innan 2050.

Planen har også eit mål om å sikre vegnettet mot alvorlege utforkøyringsulukker ved auka satsing på utbygging og utskifting av rekkverk og sikring av sideterreng. Vi skal ha eit effektivt transportsystem som syter for raskast mogleg framkome for næringstransporten. Klimagassutsleppa frå godstransporten skal reduserast m.a. ved godsoverføring frå veg til sjø.

Handlingsplan for trafikktrygging 2018–2021 Fylkeskommunen har ansvaret for å koordinere trafikktryggingsarbeidet i fylket. Det skjer gjennom handlingsplan for trafikktrygging, som tek føre seg det haldnings- skapande trafikktryggingsarbeidet. Handlingsplanen har følgjande satsingsområde i perioden 2018–2021: • sikringsutstyr • rusførebygging • trafikksikker kommune • trafikkåtferd

Kollektivtrafikk Rammevilkår/økonomi Budsjettet til kollektivtransport var på 368,7 mill. kr, og rekneskapen er på 366,5 mill. kr. Dette gir eit mindreforbruk innan kollektivområdet i 2018 på 2,2 mill. kr.

Driftsutgifter til kollektivtransport Rekneskap 2018 Budsjett 2018 Rekneskap 2017 Rekneskap 2016

Bilruter 246 143 247 858 234 275 256 220

Båtruter 111 448 111 770 87 356 100 322

Tilrettelagt transport6 8 868 9 078 8 261 10 087

Sum kollektivtrafikk 366 459 368 706 329 892 366 629

Tabell 34

Mindreforbruket på bilruter er i hovudsak knytt til drift bussanbod, marknadstiltak og administrasjon. Mindreforbruket på båt skuldast høgare billettinntekter enn budsjettert. Mindreforbruk på tilrettelagt transport er knytt til oppretting av nye serviceskyssruter.

Tal reisande og skuleskyss Bussrutene i det fylkeskommunale tenestekjøpet hadde 1,36 mill. passasjerar utanom skuleelevar i 2018, mot 1,46 mill. passasjerar i 2017. Rutetilbodet har vore på om lag same nivå desse åra..

Reisande med kommersielle bussruter er ikkje med i tala over. Dei kommersielle bussrutene er likevel ein viktig del av rutetilbodet i fylket, og busselskapa har for- plikta seg til å bruke fylkeskommunale takstar og rabattar, samt tilby plassgaranti på fylkesinterne reiser.

Det var om lag 4700 grunnskuleelevar med skuleskyss i 2018. Det er litt færre enn året før. I vidaregåande skule hadde om lag 1450 elevar skuleskyss, noko som er på same nivå som i 2017.

6I tillegg kjem tilskot på 11,0 mill. kr frå Samferdselsdepartementet øyremerka til blinde/svaksynte og rullestolbrukarar. Resultat og aktivitetar Samferdsle

90

Båtruter Båtruter omfattar

• skuleskyss • ruter til veglause grender • bygderuter • lokalruter • godsruter • ekspressrutene som går mellom Sogn og Fjordane og Bergen

Rutetilbodet har vore tilnærma uendra i 2018 samanlikna med 2017. Ekspress-, lokal- båt- og godsruter er anbodsutsette.

Arbeidet med å førebu utlysing av anbod på ekspress- og lokalbåtrutene i fylket og mellom Sogn og Fjordane og Bergen med oppstart 1. mai 2022 starta hausten 2018.

Tal reisande med ekspress- og lokalbåt

340000

300000

260000

220000 Ekspress Lokal 180000

140000

100000 2014 2015 2016 2017 2018

Diagram 26 Frå 2017 til 2018 er det ein auke i tal passasjerar på både ekspress- og lokalbåt.

Takstharmonisering ekspressbåt Fylkestinget vedtok i 2017 å harmonisere billett-takstane på ekspressbåtrutene mel- lom Sogn/Nordfjord og Bergen. Vi valde å leggje den nye, fellestaksten om lag midt mellom nordfjord- og sognetakst, for å unngå for stort passasjerbortfall på sognerutene på grunn av takstauke. Det betyr at det vert noko dyrare for Sogn og noko rimelegare for Nordfjord. Takstauken er innført over to år, 2018 og 2019. Inntektsgrunnlaget som ligg i berekning av godtgjersle til Norled er justert ned med 1,0 mill. kr per år i 2018 og 2019 for å kompensere for estimert inntektsbortfall.

Etter at første trinn i takstharmoniseringa er gjennomført i 2018, har passasjertalet auka på alle rutene:

• 3,8 prosent auke på Bergen–Selje • 1,1 prosent auke på Bergen–Sogndal • 2,3 prosent auke på sommarruta Bergen–Flåm.

Ungdomstilbod Ungdomskort Eit ungdomskort har kosta 365 kr per månad i 2018. Kortet gjev ungdom mellom 16 og 19 år rett til å reise fritt med kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane. Etter mange år med nedgang i ungdomskortbruken, ser vi i 2018 auke i både tal selde periodar og tal reiser med ungdomskort. Resultat og aktivitetar Samferdsle

91

Trygt heim for ein 50-lapp KOLLEKTIVTILBOD TIL UNGDOM Trygt heim for ein 50-lapp-ordninga er eit tiltak for å betre trafikktryggleiken for ungdom over 18 år. Ungdomskort på kollektivreiser for ungdom mellom 16 og 19 år. I 2018 kosta ordninga om lag 1,5 mill. kr inkludert sommarruter.

Trygt heim for ein 50-lapp gjev Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) trygg transport natt til søndag for Vi brukte 0,6 mill. kr til fleksible skyssløysingar for ungdommar til og frå fritids- ungdom over 18 år aktivitetar på ettermiddags- og kveldstid i 2018.

LTU – Midlar til fleksible Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk 1. november 2018 Kollektivprisen 2018 for skyssløysingar for ungdom mellom tilbodet Lokaltransport for ungdom (LTU). 13 og 19 år. LTU er eit tilbod som gjer det mogleg for ungdomar i fylket å reise kollektivt til og frå fritidsaktivitetar, også når det vanlege kollektivtilbodet ikkje finst. I eit fylke med store avstandar der det er umogleg å ha eit ordinært rutetilbod som passar alle, har tilbodet vist seg å vere viktig for mange unge.

Ungdomane søkjer gjennom kommunen sin om midlar til å setje opp transport til og frå aktivitetar som til dømes ungdomsklubbar, kino, trening og konsertar.

Kollektivprisen blir delt ut av Kollektivtrafikkforeningen, og går til aktørar innan mob- ilitet og kollektiv for tiltak som bidreg til å forenkle folk sine liv. Juryen la vekt på at Lokaltransport for ungdom rettar seg mot framtidas kollektivkundar, at det er genialt enkelt, og at brukarane vert involverte.

Drosje Det er no 158 drosjeløyve i Sogn og Fjordane, inkludert 33 reserveløyve. 54 av løyva er tilrettelagde for rullestolbrukarar.

Vi har hatt ein nedgang i tal drosjeløyve i Sogn og Fjordane dei siste åra, og det har vist seg å vere utfordrande å få søkjarar til utlyste løyve i distriktskommunar.

Tilrettelagt transport (TT-ordninga) Tilrettelagt transport er eit viktig tilbod for brukarar som av ulike grunnar ikkje kan nytte ordinært kollektivtilbod.

Det er utbetalt 6,2 mill. kr til ordninga med tilrettelagt transport i 2018. Det er eit tilbod om drosjetransport til personar med varig nedsett funksjonsevne. Fylkeskom- munen samarbeider med alle kommunane i fylket, og kommunane får tildelt midlar etter folketal. I tillegg er Sogn og Fjordane fylkeskommune omfatta av ei statleg ordning med øyremerka midlar til blinde/svaksynte og rullestolbrukarar. Fylkeskom- munen har gjennom denne ordninga fått 11,0 mill. kr frå Samferdsledepartementet. Det er fordelt på dei om lag 450 brukarane ordninga gjeld for.

Fem drosjeeigarar har fått tilskot til tilrettelegging av drosjer for rullestol, med totalt 0,2 mill. kr.

Serviceskyss Serviceskyss er ei utvida form for tingingsruter som er open for alle, sjølv om hovud- målet er å finne løysingar som aukar mobiliteten til eldre og funksjonshemma. I 2018 er det etablert nye serviceskyssruter i Bremanger, Fjaler, Hornindal, Høyanger, Lærdal, Stryn, Vik og Årdal. Det er no serviceskysstilbod i 25 av 26 kommunar i fylket. Eva Hamre og Eva Synnøve Fosshagen viser fram Kollektivprisen 2018. Det vart brukt 2,5 mill. kroner til serviceskyss i 2018. Foto: Siw Heidi Bäckström/Sogn og Fjordane fylkeskommune Resultat og aktivitetar Samferdsle

92

SÆRSKILDE POLITISKE SAKER

Sak 7/18: Søknad om tilskot til utbygging av hangar på Sogndal lufthamn Sak 8/18: Planleggingsprogram for fylkesvegprosjekt 2019–2021 Sak 23/18: Flytting av endestopp for Sognebåten. Eventuelt styrka rutetilbod mellom Flåm og nordsida av Sognefjorden Sak 24/18 Fv. 60 Storelva bru i Utvik - val av løysing Sak 42/18 Søknad om midlar til ferjelem på Skorpa i Flora kommune Sak 43/18 Årdal – Fv. 303 Seimsdalstunnelen – løysing for veg i dagen Sak 54/18 Gang- og sykkelveg langs fv. 607 Heggebø–Leirvik i Hyllestad kommune

OPPFØLGING AV POLITISKE VEDTAK OG AVVIKSRAPPORTERING

Hovudutval for samferdsle Hovudutval for samferdsle handsama 52 saker i 2018. Det er ikkje registrert avvik i viktige politiske vedtak gjort av hovudutvalet.

Trafikktryggingsutvalet (FTU) Trafikktryggingsutvalet handsama seks saker i 2018. Det er ikkje registrert avvik i viktige politiske vedtak gjort av trafikktryggingsutvalet.

MÅLEKART – AVVIK

Målekart for samferdsle har eit ambisjonsnivå på fleire enn 1,7 mill. reisande med buss og fleire enn 560 000 reisande med båt. I tillegg har vi hatt ein ambisjon om auke i tal passasjerkilometer med buss og båt (ekskl. skuleskyss). Vi har ikkje klart å nå ambisjonsnivået for tal reisande med buss. Det har også vore ein nedgang i passasjertala frå 2017 til 2018. Det er fleire årsaker til dette, m.a. kommersialisering av ruter. Vi låg også under ambisjonsnivået på tal reisande med båt, men her har de vore ei positiv utvikling i tal passasjerar dei siste åra. Samla for buss og båt har vi ein nedgang i tal passasjerkilometer. Dette er naturleg sidan det har vore færre reisande.

Vest-Norge Landet u/ Indikator - konsern SFJ 2015 SFJ 2016 SFJ 2017 SFJ 2018 2018 Oslo 2018

Netto driftsutgifter i kr per innbyggjar, 8 979 9 808 9 567 10 712 5 093 4 399 samferdsle i alt.

Netto driftsutgifter i kr per innb., fylkesvegar 4 480 5 439 5 380 6 221 2 017 1 880

Netto driftsutgifter i kr per innb., bilruter 2 403 2 323 2 134 2 244 1 706 1 606

Netto driftutgifter i kr per innb., fylkesveg- 964 1038 1161 1122 682 502 ferger, konsern

Netto driftutgifter i kr per innb., båtruter 1 050 918 817 1 045 383 296

Netto driftutgifter i kr per innb., transport for 82 91 75 81 74 57 funksjonshemma

Brutto inv.utg. i kr per innb., fylkesvegar 1 396 3 111 2 305 2 414 2 372 2 164

Brutto investeringsutgifter i kr per 1 396 3 193 2 339 2 414 3 197 2 467 innbygger, samferdsle i alt.

Brutto driftsutgifter i kr per km. fylkesveg 189 000 230 677 228 978 272 386 287 555 202 388

Tabell 35 Resultat og aktivitetar Tannhelsetenesta

93

TANNHELSETENESTA

AKTIVITET I TENESTA I 2018

Vi har i 2018 hatt søkjelys på kulturbygging på tannklinikkane, etter at fleire klinik- kar er slått saman.

Arbeidet med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane kom i gang på våren 2018. Tannhelsetenesta har hatt fem delprosjekt:

• faglege rutinar • organisering • økonomi og rekneskap • IKT • løn- og arbeidsvilkår

Prosjekt for faglege rutinar og prosjekt for organisering hadde grenseflater mot kvarandre når det gjaldt framtidig organisering av tannhelsetenesta. Arbeidet i del- prosjektgruppene starta 3. mai, og fylkestannlegen i Hordaland og direktøren for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane fekk resultata frå delprosjekta i desember 2018.

Tannhelsetenesta har saman med Nav og opplæringsavdelinga teke initiativ til å starte utdanning for tannhelsesekretærar ved Firda vidaregåande skule. Alle elevane har praksisplass ved dei offentlege tannklinikkane i fylket. Alle klinikkane har lukkast med å skaffe ein lokal rettleiar for elevane med oppfølging frå skulen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune var i 2018 vertskap for Samfunnsodontologisk forum for første gong på 20 år. Om lag 200 deltakarar frå tannhelsetenesta i heile landet deltok på arrangementet i Loen i juni. Vi har i ettertid fått mykje positive tilbakemeldingar på arrangementet.

I september 2018 kom det nye nasjonale faglege retningslinjer for tannhelsetenest- er til barn og unge mellom 0 og 20 år. Tannhelsetenesta har starta innføringa, og sørgjer for at dei nye retningslinjene blir forankra på klinikkane.

Gjennom tilskot frå Helsedirektoratet tilbyr tannhelsetenesta tilrettelagt tannbe- handlingstilbod for tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi). Tilbodet vert forkorta TOO (tortur, overgrep og odonto- fobi), og det første tverrfaglege behandlarteamet i Sogn og Fjordane vart oppretta i Florø i 2015. I 2018 oppretta vi eit nytt tverrfagleg behandlarteam i Sogndal, og vi fekk med tannpleiarar i begge teama, i tillegg til tannlege, tannhelsesekretær og psykolog. Dette er i tråd med føringane som vert lagde frå regjeringa når det gjeld desse gruppene.

UTFORDRINGAR FRAMOVER

Tannhelsetenesta held fram arbeidet med å samlokalisere og ruste opp tannklinikkar etter strukturvedtaket i fylkestinget i 2016. Nokre klinikkar er ikkje oppgraderte etter planen. Det skuldast at utbyggingar må sjåast i ein større samanheng.

Samfunnsodontologisk forum i Loen 2018. Foto: Elisabet Skrede Resultat og aktivitetar Tannhelsetenesta

94

Tenester Rekneskap 2016 Rekneskap 2017 Rekneskap 2018 Budsjett 2018

Tannhelsetenesta – fellesfunksjonar 19,2 19,5 19,4 16,5

Tannhelsetenesta – pasientbehandling 64 63,7 64 66,9

Sum 83,2 83,2 83,4 83,4

Tabell 36: Tannhelsetenesta sine netto driftsutgifter 2016–2018, i mill. kr. Tala for fellesfunksjonar i tannhelsetenesta inneheld resultat- overføring (disposisjonsfondet), eit overskot i 2016 på 2,6 mill. kr, eit overskot på 1,9 mill. kr i 2017, og eit overskot på 3,0 mill.kr i 2018.

Det er blitt meir utfordrande å rekruttere tannlegar siste året. Det er særleg knytt til mindre klinikkar.

Tannhelsetenesta er kjent med at det er tre kommunar som har søkt om å få vere med i regjeringa sitt forsøksprosjekt med å overføre tannhelsetenesta til kommu- nane. Regjeringa kom ikkje med noko avklaring om dette i 2018. Det har skapt uro i personalgruppa på gjeldande klinikkar.

Ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta er regulert gjennom lov om tannhel- setenesta. Fylkeskommunen har definert tal for måloppnåing i vedteke plan- dokument – Strategisk handlingsplan for den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane 2014–2017. Planen gjeld til samanslåinga med Hordaland i 2020.

Tannhelsetenesta har ansvar for desse gruppene:

• barn og unge 0–18 år (gr. A) • psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon (gr. B) • grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon (gr. C1) og heimesjuke- pleie (gr. C2) • ungdom 19–20 år (gr. D)

27 908 personar, 89 prosent, i dei prioriterte gruppene var under tilsyn i 2018. Det er same prosenttal som vi har lege på dei seinare åra, rundt 90 prosent. Den offent- lege tannhelsetenesta hadde totalt ca. 35 000 pasientar under tilsyn i 2018. Tannhelsetenesta registrerer kvart år tannhelsedata på nøkkelårskull: 5-, 12-, 15- og 18-åringar. (KOSTRA-tal). Vi gjer det for å identifisere når tannhelseproblem kan oppstå.

• 85 prosent av 5-åringane hadde ikkje hol i mjølketennene. Det er ei forbe- tring frå i fjor, då talet var 82 prosent. I 2016 var også talet 82 prosent og 85 prosent i 2015. • 12-åringane har i gjennomsnitt 0,7 tenner med hol – ikkje forandring frå dei siste åra. 15-åringane har i gjennomsnitt 1,7 tenner med hol, og 18-åringane har 3,1 i gjennomsnitt. Desse tala er like med tala for 2017. • Barn og unge i Sogn og Fjordane har god tannhelse, men 10 prosent (8,5 prosent i 2016 og 6,9 prosent i 2017) av 18-åringane har meir enn ni hol i tennene. Vi ser at dette talet svingar, og vi må jobbe med førebyggande tiltak. Pasientane dette gjeld treng større individuell oppfølging. Høg karies- aktivitet kan føre til større tannhelseproblem i vaksen alder.

Rekneskapet for 2018 er gjort opp med avsetjing til disposisjonsfond på 3 mill. kr. Overskotet skuldast i hovudsak vakansar.

Den offentlege tannhelsetenesta utførde til saman 92,06 årsverk i 2018. Av desse var 30,80 tannlegeårsverk og 15,9 tannpleiarårsverk. I 2017 utførte vi totalt 97,6 årsverk. Resultat og aktivitetar Tannhelsetenesta

95

LIKESTILLING, LIKEVERD OG MANGFALD

Tannhelsetenesta er medviten planen for mangfald og likeverd. Det gjer seg gjeld- ande ved tilsettingar og ved tilbodet til

• personar med funksjonshemming • prioritert klientell utan tilstrekkelege norskkunnskapar

FOLKEHELSEARBEID

Faktorar som gjev god helse, er som regel også gunstige for tannhelsa. Mange avgjerder som påverkar tannhelsa, vert ofte tekne utanfor ansvarsområdet til helsesektoren eller tannhelsetenesta.

Tannhelsetenesta må difor samarbeide med kommunar, statlege instansar og andre samarbeidspartnarar for å redusere helserisiko i befolkninga og for å betre helsa for den enkelte. Tannhelsetenesta skal delta i det generelle folkehelsearbeidet. Vi har også i 2018 lagt stor vekt på å førebygge svak tannhelse blant risikogrupper. Som regional utviklingsaktør skal vi bidra til sosial utjamning når det gjeld tannhelse. Tannhelsetenesta har i 2018 vidareført samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde, avd. helsefag, der vi underviser i oral helse alle tre studieåra. Dette meiner vi gjev god kunnskap om oral helse til komande sjukepleiarar, noko som er viktig då stadig fleire eldre har eigne tenner som må takast godt vare på.

MÅLEKART - AVVIK

Tannhelsetenesta har ingen avvik i forhold til målekartet. Resultatet på prioriterte pasientar under tilsyn ligg over ambisjonsnivået. Det same gjeld kariesfrie 5-, 12-, og 18-åringar. Vi held også ambisjonsnivået når det gjeld plandokument og avtalar med kommunar og helseføretak.

KOSTRA - NØKKELTAL

Vest-Norge Landet u/ Indikator - konsern SFJ 2015 SFJ 2016 SFJ 2017 SFJ 2018 2018 Oslo 2018

Netto driftsutgifter per 776 753 756 759 521 505 innbyggjar i kroner

Brutto driftsutgifter per 992 969 946 971 748 732 innbyggjar i kroner

Netto driftsutgifter i prosent av fylkeskommunen sine 3,7 3,6 3,6 3,5 3,9 4,1 samla netto driftsutgifter

18-åringer, andel behandla 10,1 8,4 6,9 9,9 7,4 7,8 med DMFT>9 *

*Viser kor mange 18-åringar som har over ni tenner med karies (behandla eller ubehandla). Tabell 37 Resultat og aktivitetar Bygg og eigedom

96

BYGG OG EIGEDOM

Bygge- og eigedomstenesta leverer tenester knytte til eigarfunksjonen til fylkes- kommunen.

Det inneber ansvaret for å skaffe naudsynte bygg og tenlege lokale til alle delar av den fylkeskommunale verksemda. Arbeidet omfattar alle sider av forvaltning, drift, vedlikehald, utvikling og service.

Vi har eit overordna mål om å oppretthalde verdien på eigedomsmassen. Eigedom- mane og bygningane skal heile tida vere tilpassa behovet til brukarane og ha løysingar som er best mogleg lagt til rette for framtidige endringar.

BYGGE- OG INVESTERINGSPROSJEKT – PLANLEGGING OG BYGGING

Aktiviteten på nye, større bygge- og investeringsprosjekt har i 2018 i hovudsak vore knytt til:

• Prosjekt ved Måløy vidaregåande skule I 2018 sette vi i gang arbeidet med rehabilitering av bygg B og C ved Måløy vidaregåande skule. Det er ei stor ombygging spesielt knytt til klasserom, studieareal og fellesareal. Skulen har flytta undervisning ut i mellombelse lokale, og arbeidet på plassen er komme godt i gang. Ferdigstilling er planlagt i løpet av 2019.

• Prosjekt ved Sogndal vidaregåande skule Byggesteg 2 ved Sogndal vidaregåande skule vart teke i bruk hausten 2017, og Statsbygg overtok det gamle gymnasbygget på Fosshaugane i samsvar med kjøpsavtalen. Den vidaregåande skulen i Sogndal er dermed samla på ein stad, slik målsettinga var. I 2018 har aktiviteten vore knytt til noko etterar- beid i idrettshallen, noko ombygging av eksisterande skule og kontrollar og etterprøvingar av tekniske komponentar i samband med prøvedriftsperioden.

• Prosjekt ved Eid vidaregåande skule Prosjektet ved Eid vidaregåande skule vart sett i gang i 2018, og gjeld eit mindre tilbygg som er aktualisert fordi Eid kommune har behov for under- visningsareal. Kommunen og fylkeskommunen skal samarbeide om det peda- gogiske opplegget for flyktningar og må ha ei god integrering. Prosjektet skal etter planen vere ferdig i løpet av 2019.

• Prosjekt ved Mo- og Øyrane vidaregåande skule Vi har i løpet av året planlagt, henta inn anbod og inngått kontrakt for å byggje ny ridehall på Mo. Prosjektet inneheld ridehall med tilhøyrande funksjonsrom som lager, tribune, garderobar, toalett og eit fleksibelt rom til undervisning, utleige, klubbhus, m.m. Bygget skal vere ferdig i løpet av 2019. Resultat og aktivitetar Bygg og eigedom

97

UTVIKLINGSPROSJEKT/TIDLEGFASE

Bygge- og eigedomstenesta arbeider òg med større og mindre utviklingsoppgåver og vurderingar i den tidlege fasen av ein del prosjekt. I 2018 har vi mellom anna arbeidd med:

• Samanslåing av dei vidaregåande skulane i Førde Vi har jobba vidare med utgreiingsarbeidet kring etablering av ein felles vidaregåande skule i Førde. Vi har på plass ein intensjonsavtale med Førde kommune og har arbeidd med eit nytt rom- og funksjonsprogram for den nye og samla skulen. Arbeid knytt til prosessane omkring områderegulering av Indre Øyrane er òg vidareført.

• Sogndal vidaregåande skule, avdeling Kaupangar og nytt vitensenter Den vidaregåande skulen har saman med programmerarar laga eit nytt rom- og funksjonsprogram for skulen. Samstundes har Vitensenteret arbeidd med eit program knytt til innhald, behov og finansiering av senterdelen av det planlagde anlegget.

• Kjøp av Flora Idrettssenter Fylkestinget vedtok i 2018 at fylkeskommunen skulle kjøpe Flora Idretts- senter. Vi var gjort grundige vurderingar og tingingar omkring framtidige leigeavtalar for å få dette på plass. Like eins har vi gjennomgått nye drifts- strukturar for idrettssenteret, slik at grunnlaget for sjølve gjennomføringa av kjøpet i løpet av 1. kvartal 2019 ligg føre.

OMBYGGING, REHABILITERING OG SIKRING

Bygge- og eigedomstenesta gjennomfører årleg fleire større og mindre prosjekt innan ombygging, rehabilitering og sikring. I 2018 hadde vil mellom anna desse prosjekta:

• nytt sagbruksbygg på Mo • oppgradering av utomhusanlegget ved Sogn jord- og hagebruksskule • ombygging blokk A på Fylkeshuset • nye heisar for universell tilkomst på Dale, Høyanger og Firda vidaregåande skular • oppfylging av ulike tiltak etter tilstandsanalysar på brann- og naudlysanlegg • rehabilitering av fylkeskommunale bustadar i Førde og på Eid og Leikanger

Vi har også jobba vidare med skalsikring av den fylkeskommunale bygningsmassen, og det kontinuerlege arbeidet med oppgradering av fleire naudlys- og brannalarm- anlegg held fram.

ANDRE TILTAK

Tiltak for gåande og syklande Bygge- og eigedomstenesta har i 2018 òg gjennomført tiltak for å betre tilhøva for gåande og syklande. Det gjeld ulike tiltak i tilknyting til dei fylkeskommunale eige- dommane i fylket. Tiltaka omfattar blant anna betre sykkelparkering, betre fortau og tilkomst, betre av- og påstigingsløysingar for skulebussar og betre merking.

Fysisk miljø og inneklima / HMT Tenesta er kontinuerleg oppteken av at alle bygg skal ha eit godt innemiljø. Vi Resultat og aktivitetar Bygg og eigedom

98

kartlegg via enkle parameter som temperatur, relativ fuktigheit og CO2-innhald i lufta ved ulik bruk. Vi utfører aktuelle tiltak som akutte prosjekt eller som del av ved- likehaldsplanen etter behov. Tenesta følgjer òg opp aktuelle saker i samband med helseverngodkjenninga av dei einskilde skulane og ulike tilsyn retta mot HMT-arbeid.

Universell utforming Bygge- og eigedomstenesta har i 2018 oppdatert strategien for oppfylging av uni- versell utforming i dei fylkeskommunale bygga. Vi har tidlegare kartlagt tilstanden til dei fylkeskommunale eigedommane og la då fram resultatet av arbeidet i ein eigen rapport. Vi vurderer, planlegg og prioriterer fortløpande dei aktuelle punkta i tiltaks- lista for oppfølging, anten som eigne prosjekt eller som del av større ombyggingar og rehabiliteringsarbeid.

Driftstenester Alle tekniske driftstenester i fylkeskommunen vert utførte av bygge- og eigedoms- tenesta, og tenesta er etablert med regionale, tekniske driftsavdelingar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vi har brukaravtalar med dei vidaregåande skulane som regulerer ansvarstilhøve og oppgåvefordeling. I tillegg har vi i 2018 arbeidd med å imple- mentere eit nytt system for ei heilskapleg forvaltning, drift og vedlikehald av dei fylkeskommunale bygga.

Andre oppgåver Bygge- og eigedomstenesta utfører òg forvaltningsoppgåver for tannhelsetenes- ta og samferdsleavdelinga. Arbeidet for tannhelsetenesta gjeld bistand ved nye leigeavtalar, endringar i eksisterande avtalar og tekniske driftstenester for tannlege- kontora i fylket. Tannhelsetenesta syter sjølv for dentalteknisk drift av det tekniske utstyret på tannklinikkane. Arbeidsoppgåvene knytte til samferdsle er i hovudsak avklaringar og tingingar omkring eige- eller leigetilhøve for rutebilstasjonar i fylket.

Bygge- og eigedomstenesta arbeider aktivt for å etablere effektive energiløysingar og slik redusere den samla energibruken i fylkeskommunale bygg. Les om dette på side 39i kapittelet klimaarbeid. Organisasjon

99

ORGANISASJON

2017

Vg1 helse- og oppvekstfag har meldt seg på prosjektet «Livsglede for eldre» som handlar om å gjennomføre enkle aktivitetar til glede for eldre nokre gonger i skuleåret. Foto: Måløy vidaregåande skule 1HSA Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

100

FYLKESKOMMUNEN SOM ARBEIDSGJEVAR

Arbeidsgjevarområdet dekkjer strategiske tiltak for

• rekruttering • personal- og organisasjonsutvikling • likestilling • arbeidsmiljø

Einingsleiarane har ansvar for å utøve personalpolitikken til fylkeskommunen. Arbeidsgjevarpolitikken er i hovudsak styrt gjennom lovverk, forskrifter og avtaleverk. Personalstaben til fylkesrådmannen (FRM-personal) gir støtte, råd og rettleiing til einingsleiarane.

Sentrale arbeidsoppgåver for FRM-personal har i 2018 vore

• arbeidet med fylkessamanslåinga • oppfølging av handlingsplan for likestilling, likeverd og mangfald • oppfølging av kompetanseregistreringssystemet • oppfølging og vidareutvikling av rekrutteringssystem og rutinar • oppfølging av resultat frå medarbeidarundersøking • gjennomføring av • lokale lønsforhandlingar • leiarsamlinga til fylkesrådmannen • introduksjonssamling for nye tilsette • fagseminar for reinhaldspersonale • fagdagar innan rekrutteringsarbeid • grunnopplæring i arbeidsmiljøkunnskap (målgruppa er verne- ombod, lokalt arbeidsmiljøutval og leiarar) • operativ leiarstøtte innan personalforvaltning • å tilby og tildele midlar til hospitering • deltaking på rekrutteringsmesser i Trondheim, Oslo, Sogndal og Bergen

PERSONALPOLITISKE TILTAK

Fylkeskommunen løyvde 200 000 kroner til hospitering i 2018. Av desse vart 1/3 (ca. 67 000 kroner) prioritert til søkjarar over 55 år, jamfør seniorpolitisk handlings- plan.

Totalt søkte 13 personar om tilskot i 2018:

• 11 kvinner og 2 menn • 7 kvinner og 0 menn var over 55 år

Alle som søkte, fekk tilskot til hospitering.

Det er refundert 139 011 kroner i tilskot til hospitering i 2018. Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

101

Tilskot til hospitering 2016 Tilskot til hospitering 2017 Tilskot til hospitering 2018

23 kvinner kr 142 188 11 kvinner kr 130 290 11 kvinner kr 142 288 9 menn kr 75 000 12 menn kr 71 858 2 menn kr 34 900 Tildelt totalt kr 217 188 Tildelt totalt kr 202 148 Tildelt totalt kr 177 188

Tabell 38 Fordeling av tilskot til hospitering. Fylkeskommunen har gitt 1474 arbeidsdagar permisjon til utdanning og kompe- tansetiltak i 2018. Kvinner har nytta 62,6 prosent av desse, mot 65,1 prosent i 2017.

ARBEIDSMILJØARBEIDET

Fylkeskommunen har underteikna avtalen for eit inkluderande arbeidsliv (IA- avtalen). Vi arbeider systematisk med dette og har forplikta oss til følgjande tre delmål i IA-avtalen:

• å redusere eller stabilisere sjukefråværet • å leggje til rette for at personar med redusert arbeidsevne får halde fram arbeidet sitt • å auke den gjennomsnittlege avgangsalderen for pensjonering

Det skjer ei vriding frå kollektive tiltak til meir individretta arbeid i korleis vi arbeider med å utvikle arbeidsmiljøet. Vi har ei målsetting om at sjukefråværet over tid ikkje skal vere over fem prosent og arbeider difor aktivt med førebyggande tiltak og oppfølging av sjukmelde medarbeidarar. Vi prioriterer tilrettelegging av arbeidsplas- sen for å halde på tilsette som får helseplager. Årleg gjennomfører vi grunn- opplæring i arbeidsmiljøkunnskap som tilbod for leiarar, verneombod og medlemer av i arbeidsmiljøutvala våre.

Det registrerte sjukefråværet i 2018 var 5,5 prosent. Det er 0,5 prosentpoeng over målsettinga om maksimalt 5 prosent. Gruppa Andre (OKOS, fylkesarkivet og fylkes- biblioteket) vart frå 01.01.2017 slått saman med sentraladministrasjonen.

Fråværsutvikling

8,0 7,1 7,0 6,7 6,1 5,9 5,8 6,0 5,6 5,6 5,3 5,5 5,1 5,0 5,0 4,8 5,0 4,7 4,1 4,0 3,9 3,8 3,8 3,9 4,0 3,6 3,6 2,8 2,8 3,0

2,0

1,0

0,0 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Sum totalt kvinner Sum totalt menn Sum begge kjønn

Diagram 27 Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

102

Sjukefråværsutvikling 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Kvinner Sentraladm. 7,2 5,1 7,2 5,7 5,3 4,8 4,8 5,5

Menn Sentraladm. 2,9 2,2 3,7 1,9 3,6 3,1 2,9 4,3

Sum totalt Sentraladm. 4,8 3,5 5,4 3,7 4,4 3,9 3,8 4,8

Opplærings- Kvinner 5,0 5,6 7,0 4,8 6,1 5,6 6,3 6,7 sektoren

Opplærings- Menn 2,8 4,0 3,7 3,0 3,6 3,7 4,1 3,8 sektoren

Sum totalt Skule 3,9 4,9 5,4 3,9 4,9 4,7 5,3 5,5

Kvinner Tannhelse 5,2 9,0 9,2 5,6 5,1 6,7 6,2 8,4

Menn Tannhelse 1,3 6,7 6,0 2,5 4,5 5,4 2,6 4,2

Sum totalt Tannhelse 4,5 8,6 8,7 5,2 5,0 6,5 5,8 8,0

Kvinner Andre 5,9 2,5 4,2 4,6 5,5 5,8 Utgått Utgått

Menn Andre 4,9 12,6 4,4 4,8 0,8 3,6 Utgått Utgått

Sum totalt Andre 5,6 4,7 4,3 4,6 4,3 5,1

Sum totalt kvinner 5,3 5,9 7,1 5,0 5,8 5,6 6,1 6,7

Sum totalt menn 2,8 3,9 3,8 2,8 3,6 3,6 3,8 3,9

Sum begge kjønn 4,1 5,0 5,6 4,0 4,8 4,7 5,1 5,5

Tabell 39

SENIORPOLITISK ARBEID

Vi legg med seniorsatsinga til rette for å utvikle og nytte kunnskapane, ferdigheitene og arbeidsevna til seniormedarbeidaren på ein måte som tener både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Desse medarbeidarane står for viktige ressursar i organisasjonen. Dei er produktive og har gode føresetnader for å tileigne seg ny kunnskap. Dei er samstundes medarbeidarar med god mellommenneskeleg innsikt, samt plikt- og ansvarskjensle. Fylkeskommunen legg forholda til rette slik at denne arbeidstakar- gruppa skal trivast og få personlege og faglege utviklande arbeidsoppgåver. Senior- politikk er også å leggje til rette for at kvar einskild skal få avslutte yrkeskarrieren sin på ein tenleg og verdig måte.

Litt om ordninga Seniorsatsing er eit tredelt leiarverktøy. Det første tiltaket rettar seg mot med- arbeidaren frå det året han/ho fyller 55 år og får eit fortrinn ved tildeling av hospiteringsmidlar. Ut frå prioritert behov i verksemda og ønske medarbeidarane har om kompetanse, skal tilsette i alderen 55+ prioriterast. Utviklingssamtalen frå 55+ skal ta opp seinkarrieren som tema. Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

103

Tiltak to er eit årleg seinkarrierekurs for medlemane i Kommunal Landspensjons- kasse (KLP) og Statens pensjonskasse (SPK). Innhaldet i kurset er motivasjon med arbeidspsykologisk vinkling og direkte faktakunnskap om pensjon, inkludert tilbod om individuell samtale med seniormedarbeidaren. Her får seniormedarbeidaren rekna ut pensjonen sin, gitt opplysningane som ligg føre.

Det tredje tiltaket er at seniormedarbeidaren frå fylte 62 år, og vidare kvart år fram til han/ho fyller 67 år (seks gonger), kan søkje næraste overordna om utviklingstil- tak/subsidiert avlastningstiltak. Kvar inngåtte avtale med senioren gir einingar eit årleg tilskot på 7000 kroner.

60 seniormedarbeidarar nytta ordninga i 2018. I 2016 var talet 55 og i 2017 var talet 47. 29 seniorar deltok på kursdagen for medlemane i Statens pensjonskasse, medan 30 deltok på kursdagen for seniormedlemane i KLP. Alle fekk tilbod om ein til ein-samtale med personleg utrekning av den framtidige pensjonen sin.

BEDRIFTSHELSETENESTA

Tenesta skal dekkje behova vi har for hmt-oppfølging og bistand etter

• § 3-3 i arbeidsmiljølova • kapittel 13 i forskrift om organisering, leiing og medverknad • § 5 i forskrift om systematisk hmt-arbeid

FRM-personal har den kontinuerlege oppfølginga av bestillingar og mottek løpande rapportar og notat som skildrar bedriftshelsetenesta sine utførte oppdrag. Vidare gjennomfører FRM-personal minimum to årlege status- og bestillarmøte med leverandøren.

Kundeansvarleg i 2018 har vore Wenche Elveseter. Totalt er det levert vel 1170 tenestetimar for ein samla verdi av 1 054 435 kr. Tabellen under syner teneste- leveransen fordelt på overordna tenesteområde.

Leverte tenester Kostnad

Volum 1 054 435

Arbeidshelse 26 783

Ergonomi 113 288

Helsekontroll (HK) 254 865

Kurs 101 744

Livsstil 12 505

Psykososialt og organisatorisk 55 618

Sjukefråvær 19 478

Systematisk HMT-arbeid 432 789

Yrkeshygiene 49 129

Total leveranse inkl. vaksine, utlån av 1 066 205 yrkeshygienisk utstyr og dagpakkar

Tabell 40 Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

104

Diagram 28

ARBEIDSSTYRKEN

Vi har ein arbeidsstyrke på 1311 personar, der 59,0 prosent kvinner. 31,7 prosent av dei tilsette i fylkeskommunen arbeidde deltid i 2018, mot 30,5 prosent i 2017. Det er kvinner i vel sju av ti deltidsstillingar. Skeivfordelinga er i hovudsak eit utrykk for tradisjonelle familiemønster. Menn arbeider heiltid og kvinner deltid. Den fleksible haldninga fylkeskommunen har til arbeidstakarane sine eigne ønske, fører til fleire deltidsstillingar og fleire deltidstilsette kvinner.

Det er to hovudgrunnar til denne deltidsutfordringa i opplæringssektoren:

• Det er mange reinhaldar- og miljøarbeidarstillingar i opplæringssektoren. Mange av desse stillingane er deltidsstillingar. • Krav til undervisningskompetanse i dei ulike faga gjer at undervisningsopp- gåvene må løysast gjennom deltidsstillingar, for å få timeplanane til å gå i hop med den økonomiske ramma.

Gjennomsnittleg stillingsstorleik i fylkeskommunen var 89,1 prosent i 2018, mot 89,4 i 2017.

Stilling Kvinner Prosent Menn Prosent Totalt Prosent

Heiltid 473 36,1 % 420 32,0 % 896 68,3 %

Deltid 300 22,9 % 118 9,0 % 415 31,7 %

Totalt 773 59,0 % 538 41,0 % 1311 100,0 %

Tabell 41: Tal deltidstilsette og heiltidstilsette inklusiv lærlingar og eksklusiv permitterte. Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

105

Stillingsgrupper Kvinner % Menn % Totalt %

Kontorstøtte 98,6 8,5 % 10,3 0,9 % 108,9 9,4 %

Drifts- og støttestillingar 131,2 11,3 % 59,3 5,1 % 190,5 16,4 % til fagstillingar

Sakshandsamarstillingar 57,7 5,0 % 69,9 6,0 % 127,6 11,0 %

Fagstillingar fylkesarkiv, 8,2 0,7 % 1,3 0,1 % 9,46 0,8 % fylkesbibliotek m.m.

Tannlegestillingar 27,2 2,3 % 9,8 0,8 % 37 3,2 %

Pedagogstillingar 308,1 26,5 % 291,3 25,1 % 599,4 51,6 %

Leiarstillingar 45 3,9 % 44 3,8 % 89 7,7 %

Totalt 676,0 58,2 % 485,9 41,8 % 1161,9 100,0 %

Tabell 42: Tal årsverk fordelt på stillingsgrupper, eksklusiv permitterte og lærlingar.

2014 2015 2016 2017 2018 Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner 59 % 41 % 49 % 51 % 49 % 51 % 49 % 51 % 49 % 51 %

Tabell 43: Utviklingstrekk, fordeling av leiarstillingar mellom menn og kvinner.

Sektor Menn % Kvinner %

Sentraladministrasjonen 10 48 % 11 52 %

Tannhelse 0 0 % 1 100 %

Kultur 1 50 % 1 50 %

Opplæring (skulane og PPT) 33 51 % 32 49 %

Totalt alle sektorarar 44 49 % 45 51 %

Tabell 44: Leiarstillingar fordelt på sektor og kjønn, eksklusive permitterte.

Foreldrepermisjon Barns sjukdom Omsorgspermisjon Anna velferd

Kvinne 77,40 % 69,30 % 65,40 % 66,90 %

Mann 23,60 % 30,70 % 34,60 % 33,20 %

Tabell 45: Prosentvis fordeling av permisjonsdagar. Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

106

LØNSSTATISTIKK OG LØNSFORHANDLINGAR

Samla var lønsgjennomsnittet for kvinner i fylkeskommunen 95,4 prosent av løns- gjennomsnittet for menn i 2018, mot 95,1 prosent i 2017. I 2013 var lønsgjennom- snittet for kvinner 91,5 prosent. Skilnaden minkar jamt. Tilsvarande tal for kommune- sektoren samla var 93,8 prosent i 2017 og 94,1 prosent i 20181.

Forklaringa på skilnaden er i hovudsak stillingsstrukturen mellom kvinner og menn. Tradisjonelle kvinneyrke i fylkeskommunen er kontorstøtte-, drifts- og støttestillingar til fagstillingar. Dei utgjer kring 26 prosent av dei tilsette i fylkeskommunen, og det er kvinner i kring tre av fire stillingar. Gjennomsnittsløna til desse gruppene er lågare enn for andre stillingsgrupper.

Stillingsgruppe 2013 2014 2015 2016 2017 2018

Kontorstøttestillingar 92,6 94,6 91,3 95,1 96,4 99,4

Drifts- og støttestillingar 98,4 97,6 99,1 101,5 100,2 100,2 til fagstillingar

Sakshandsamarstillingar 94,4 95,7 97,2 95,3 96,3 95,5

Fagstillingar, fylkesarkiv, 113,9 109,0 108,8 103,7 100,2 106,5 fylkesbibliotek m.m.

Tannlegestillingar 93,4 95,9 95,2 95,5 94,3 90,8

Pedagogiske stillingar 100,0 99,6 100,7 101,5 102,4 102,7

Leiarstillingar 100,3 96,3 101,6 99,3 98,0 99,5

Alle årsverk 91,5 93,1 96,2 95,4 95,1 95,4

Tabell 46: Utvikling av kvinner si løn i prosent av menn si løn, etter årsløn og stillingsgrupper.

Kap. 3.4 og 5.2 får all løn fastsett gjennom lokale forhandlingar. I kapittel 3.4 fekk kvinner ein noko større del av lønstillegga enn lønsdanninga tilsa. I kapittel 5.2 var resultatet omvendt. Det var ikkje lokale forhandlingar i kapittel 4.2.1 i 2018. I 2017 fekk kvinner ein større del av lønstillegga i 4.2.1 enn lønsdanninga tilsa. Slik var det også i 2014.

Del av lønsdanninga Del av lønstillegga Lokale lønsforhandlingar Kvinner Menn Kvinner Menn Kap. 3.4 Leiarar 51,0 % 49,0 % 52,5 % 47,5 % Kap. 5.2 Sakshandsamarar, tannlegar og fagstillingar 55,3 % 44,7 % 52,5 % 47,5 %

Tabell 47: Fordeling av lønstillegga på kjønn i høve lønsdanninga.

1https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/lonnansatt/aar Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

107

LIKESTILLING, LIKEVERD OG MANGFALD

HANDLINGSPLAN FOR LIKESTILLING, LIKEVERD OG MANGFALD

Likestillingsutvalet vedtok justering av handlingsplanen for likestilling, likeverd og mangfald i 2014. Planperioden var frå 2014 til 2017. På grunn av samanslåinga med Hordaland fylkeskommunen frå januar 2020 har vi valt å arbeide vidare etter vedtek- en handlingsplan.

Det berande prinsippet for handlingsplanen er at mangfald er ein ressurs, og at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal vere inkluderande, syne omsorg og ha respekt for alle.

Visjonen er: «Sogn og Fjordane fylkeskommunen skal vere kjent for å arbeide aktivt med likestilling, likeverd og mangfald»

Overordna mål Ambisjonen er at medarbeidarane og brukarane skal oppleve at Sogn og Fjordane fylkeskommune er ei verksemd som prioriterer og verdset likestilling, likeverd og mangfald. Det skal målast i medarbeidar- og brukarundersøkingar. Ambisjonen er at minst 80 prosent opplever dette.

Delmål 1. Mål og tiltak for likestilling, likeverd og mangfald skal innarbeidast i regionale planar der det er naturleg. 2. Innan utgangen av 2014 skal fylkeskommunen tilfredstille aktivitets- og rapporteringsplikta i tråd med diskrimineringslova om seksuell orientering (ny lov frå januar 2014). 3. Innan utgangen av 2015 skal Fylkesspegelen byrje å publisere ein årleg mangfalds- og likestillingsstatus for Sogn og Fjordane. 4. Innan utgangen av planperioden skal fylkeskommunen ha gjort ei ny kartleg- ging av eigedomane til fylkeskommunen når det gjeld krav om universell utforming. 5. Innan utgangen av 2016 skal fylkeskommunen ta initiativ til eit samarbeids- prosjekt mellom dei offentlege aktørane i fylket om korleis offentlege nett- sider kan bidra til betre integrering av innvandrarar. 6. Innan utgangen av 2017 skal tal faste tilsette som ufrivillig arbeider deltid i fylkeskommunen vere redusert frå 39 til 26. Ein reduksjon på 33 prosent. 7. Innan utgangen av 2017 skal informasjonsproduksjonen til fylkeskommunen formidle at fylkeskommunen er ein inkluderande arbeidsgjevar og tenestytar der dette er tenleg.

Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

108

Tiltak For å nå det overordna målet og dei sju delmåla arbeider fylkeskommunen med føljande tiltak:

Tiltak overordna mål Fylkeskommunen skal også i neste planperiode tilfredstille aktivitets- og rapporteringsplikta i gjeldande lovkrav. For å nå det overordna målet må

• kvar eining halde fram med å kartleggje, registrere, rapportere, setje i gang og evaluere likestillings-, likeverds- og mangfaldstiltak • fylkesrådmannen og fylkesdirektørane samle inn og samanfatte dei einings- vise rapportane og formidle dette i årsrapporten til fylkesrådmannen

Når ansvar og rapportering vert lagt til kvar eining og kvar sektor, vil fylkeskommunen samla kunne gi ei konkret og korrekt framstilling av tilhøva og likestillingsarbeidet i heile fylkeskommunen.

Tiltak delmål 1 Fylkesrådmannen skal ta stilling til om mål og tiltak for likestilling, likeverd og mangfald skal innarbeidast i nye regionale planar eller ved revisjon av eksisterande.

Tiltak delmål 2 Innan utgangen av 2014 skal fylkeskommunen tilfredstille aktivitets- og rapporter- ingsplikta i tråd med diskrimineringslova om seksuell orientering (ny lov frå januar 2014).

Tiltak delmål 3 Innan utgangen av 2015 skal Fylkesspegelen byrje å publisere ein årleg mangfalds- og likestillingsstatus for Sogn og Fjordane.

Tiltak delmål 4 Innan utgangen av planperioden skal fylkeskommunen ha gjort ei ny kartlegging av eigedomane til fylkeskommunen når det gjeld krav om universell utforming.

Tiltak delmål 5 Innan utgangen av 2016 skal fylkeskommunen ta initiativ til eit samarbeidsprosjekt mellom dei offentlege aktørane i fylket om korleis offentlege nettsider kan bidra til betre integrering av innvandrarar.

Tiltak delmål 6 Innan utgangen av 2017 skal tal faste tilsette i fylkeskommunen, som ufrivillig arbeider deltid, vere redusert frå 39 til 26 personar, ein reduksjon på 33 prosent. Dette tiltaket må gjennomførast i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk og gjennom bruk av kompetansehevingstiltak.

Organisatoriske tiltak jamfør § 2.3 i hovudtariffavtalen

1. Ved ledige deltidsstillingar skal ein vurdere om dei kan slåast saman, eller om arbeidsoppgåvene kan overførast til tilsette i deltidsstillingar. Dersom det er fleire som er kvalifiserte, skal stillinga lysast ut internt. 2. Tilsvarande prosess skal gjerast ved ledige 100-prosentstillingar. 3. Om det oppstår behov som ikkje kan vente til utviklingssamtalen, skal tilsette som jobbar deltid melde frå til næraste leiar om dei ønskjer utviding av stillinga si. 4. Tilsette som har ytra ønske om utviding av stilling, og som ikkje tek i mot eventuelt tilbod frå arbeidsgjevar, vil ikkje bli prioriterte ved seinare høve som kan vere aktuelle for utviding av stilling. Om det har oppstått spesielle private grunnar som gjer det vanskeleg å utvide stillingsprosenten, skal det takast omsyn til det. Organisasjon Fylkeskommunen som arbeidsgjevar

109

Kompetansehevingstiltak

• Gjennom utviklingssamtalen skal leiar kartleggje kven av dei tilsette med deltid som ønskjer å auke stillingsprosenten sin. • Kompetanseprofilen til den einskilde skal drøftast og avklarast mellom leiar og medarbeidar gjennom kompetanse- og opplæringssystemet vårt. • Den tilsette skal synleggjere kva kompetansehevingstiltak vedkomande ønskjer. • Tilsvarande skal leiar vurdere behovet for endra og/eller ny kompetanse ved eininga i eit perspektiv på minst tre år. • Kompetansebehovet til eininga skal sjåast i samanheng med ønska til dei tilsette. • Dersom det er nødvendig med kompetansehevingstiltak for at tilsette skal kome i ein betre posisjon for utviding av stilling, skal det avtalast tiltak mel- lom leiar og medarbeidar. Dersom kompetansehevinga er innanfor behovet leiar har kartlagt ved eininga, skal det avtalast verkemiddel for at den tilsette skal kunne gjennomføre kompetansehevinga.

Tiltak delmål 7 1. Lage og implementere retningsliner for informasjonsproduksjonen i fylkeskommunen som støttar opp om målformuleringa i delmål 7. 2. Innan utgangen av 2017 skal heimesida til fylkeskommunen stette krava Direktorat for fornying og ikt har til universell utforming.

LIKESTILLINGS-, LIKEVERDS- OG MANGFALDSARBEID I 2018

Handlingsplanen for likestilling, likeverd og mangfald er det overordna rammeverket for arbeidet vårt med likestilling, likeverd og mangfald. Det betyr at kvar eining og kvar sektor skal arbeide systematisk med likestilling, likeverd og mangfald når det gjeld ansvarsområda sine, men også støtte opp om tiltaka i den overordna handlings- planen. Dei skal kartleggje, setje seg mål, setje i verk tiltak og evaluere arbeidet. Det gir lokalt eigarskap og mangfald i det samla arbeidet.

Ambisjonen er at medarbeidarane og brukarane skal oppleve at Sogn og Fjordane fylkeskommune er ei verksemd som prioriterer og verdset likestilling, likeverd og mangfald.

I medarbeidarundersøkinga i 2016 var eitt av spørsmåla om dei tilsette opplever at fylkeskommunen legg vekt på likestilling, likeverd og mangfald for brukarar og til- sette. Dei tilsette er stort sett eller svært samde i påstanden om at fylkeskommunen er ei verksemd som prioriterer og verdset dette. Resultatet er marginalt betre enn i 2014. Vi er på det nivået vi ønskjer å vere.

Når det gjeld delmål 1 om at mål og tiltak for likestilling, likeverd og mangfald skal innarbeidast i regionale planar der det er naturleg, så gjer vi det.

• I Kultur for alle – regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027 er det overordna målet Kultur for alle. Det betyr at alle skal ha reelle høve til å delta i og bidra til kulturaktivitetar og arbeid og utvikling på kulturfeltet. Alle skal ha tilgang til kulturopplevingar av høg kvalitet. I planen er det m.a. definert eit hovudtema som omhandlar deltaking og oppleving. Her er det også definert to innsatsområde: tidleg engasjement og mangfald og felles- skap. Planen blir følgt opp av eit fireåring handlingsprogram 2019–2022 og årlege handlingsplaner. Der vert det definert tiltak for å nå måla. Organisasjon Likestilling, likeverd og mangfald

110

• I verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, revidert i 2018, er samfunns- ansvar ein premiss for alle satsingar. Likeverd og mangfald står sterkt, og aktivitetar baserte på sosial dumping vil ikkje bli prioriterte. Arbeidsinnvan- drarar skal møte eit Sogn og Fjordane som syner godt vertskap. • Regional plan for folkehelse for Sogn og Fjordane 2015–2025 tek utgangs- punkt i seks utfordringar i samfunnet, ei av dei er å styrkje toleranse og inkludering. Det er med som gjennomgåande tema i dei fem satsingsområda i planen. Døme på dette:

1. Satsingsområde 2 om bumiljø og nærmiljø skal fremje: a. bu- og nærmiljø der alle (på tvers av alder, funksjonsnivå og bakgrunn) kan delta 2. Satsingsområdet 3 om oppvekst skal fremje a. god integrering av fleirkulturelle b. gode levevanar og toleranse

I januar 2014 byrja diskrimineringslova om seksuell orientering å gjelde. Fylkeskom- munen har så langt følgt opp delmål to med å ha kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk på programmet til den årlege leiarsamlinga til fylkesrådmannen i 2014. Vi har også innarbeidd aktivitets- og rapporteringsplikta knytt til denne lova, i den overordna handlingsplanen for likestilling, likeverd og mangfald. I tillegg er tenestetilboda våre, til dømes på skulane og tannlegekontora, regulerte av blant anna opplæringslova, helsepersonellova og tannhelselova.

Fylkeskommunen byrja i 2017 å publisere ein årleg mangfalds- og likestillingsstatus i Fylkesspegelen, jamfør delmål tre. Der vert det publisert demografiske mangfalds- data under temaet Mangfald, likestilling og integrering.

Arbeidet med å kartleggje eigedomane til fylkeskommunen når det gjeld krav til uni- versell utforming, tok til i 2014. Våren 2015 blei kartlegginga avslutta, og resultata er samla i ein eigen rapport. Vi har i god tid nådd delmål fire.

Vi har ikkje klart målet om å ta initiativ til eit samarbeidsprosjekt mellom offentlege aktørar i fylket om korleis offentlege nettsider kan bidra til betre integrering av inn- vandrarar. Det låg i februar 2017 føre ein rapport frå eit stort vestlandsprosjekt for arbeidsinnvandring. Denne rapporten gjev mellom anna nyttig kunnskap om infor- masjonsbehovet til arbeidsinnvandrarane, og korleis dei finn informasjon i dag. Vi tok i 2018 initiativ til ei samling der vi ønska å formidle resultata frå forskingsarbeidet, og drøfte kva vi konkret kunne gjere for å betre m.a. informasjonen til innvandrarane. Samlinga vart dessverre avlyst på grunn av manglande påmeldinga. Vi har i ettertid hatt mykje arbeid med fylkessamanslåinga og har valt å legge oppgåva på vent.

Kommunikasjonskanalane våre stettar krava Direktorat for fornying og ikt (Difi) har til universell utforming. Plan for informasjonsarbeid, Brukarhandbok for nettstadar og andre informasjonsrutinar sikar formidlinga av at fylkeskommunen er ein inkluder- ande arbeidsgjevar og tenesteytar, der dette er tenleg. Tiltaka til delmål 7 er gjen- nomført, og vi har nådd delmålet.

Når det gjeld tiltak seks, halvering av tilsette som arbeider ufrivillig deltid, må vi gjennomføre dette arbeidet i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk, nemnt i tiltak for delmål seks. I tillegg har vi også sidan 2010 gitt økonomisk bistand til tilsette som arbeider ufrivillig deltid, og som ønskjer å ta utdanning for å kvalifisere seg til fleire arbeidsoppgåver. Tiltaket blei i 2015 avvikla på grunn av liten etterspurnad. Målset- tinga til fylkeskommunen er ein reduksjon frå 39 til 26 innan 2017. I 2016 var det 39 fast tilsette som arbeidde uønskt deltid (32 kvinner og 7 menn), og vi var i rute med å nå målsettinga. Ved utgangen av 2018 var det 38 fast tilsette som arbeidde uønskt deltid. Det var 31 kvinner og 7 menn, noko som utgjer 2,9 prosent av alle tilsette. Tal uønskt deltidstilsette har svinga mellom 30 og 40 over fleire Organisasjon Likestilling, likeverd og mangfald

111

år. Det ser ut til at det er vanskeleg å kome under 30 tilsette som arbeider uønskt deltid.

I tillegg til arbeidet med å nå dei overordna måla, arbeider dei fylkeskommunale einingane systematisk lokalt. Det lokale arbeidet har i 2018 blant anna lagt vekt på

• å skape eit ope og inkluderande arbeidsmiljø • fysisk tilrettelegging for tilsette, brukarar og elevar med nedsett funksjons- evne • temadagar og arrangement om mobbing, vald, psykisk helse, kulturelt mangfald og rasisme • vaksenopplæring for framandspråklege og internasjonale samarbeids- prosjekt • at elevråd skal ha likestilling, likeverd og mangfald som tema i arbeids- planane sine • at likestilling, likeverd og mangfald blir drøfta i utviklingssamtalar mellom leiar og tilsette • fredskorpsverksemd • samfunnsansvar som tema på leiarsamlinga til fylkesrådmannen i 2018 • utjamning av lønsskilnaden mellom kvinner og menn

Konkrete døme Kulturfestivalen Kulturfestivalen i Sogn og Fjordane feira 30 år i mai 2018. Festivalen har vore ein unik og inkluderande kulturfestival og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk forbund for utviklingshemma. Målet er å skape ein kulturell og sosial arena for dialog, samhald og likeverd gjennom positive opplevingar

Bornas verdsdagar Bornas verdsdagar blei arrangerte i Sogn og Fjordane for niande gong i 2018. Det er eit arrangement i regi av Rikskonsertene, som del av Oslo World Music Festival. Bornas verdsdagar har vore eit fast punkt på programmet sidan oppstarten i 1999.

Tannhelsetenesta Tannhelsetenesta har saman med Nav teke initiativ til og starta utdanning for tann- helsesekretærar ved Firda vidaregåande skule. Av 15 elevar hadde 13 av desse ikkje etnisk norsk bakgrunn. Alle tannklinikkar har informasjonsmateriell på fleire språk for å sikre at alle skal få vite om rettane sine, og kva tilbod vi gjev.

Tannhelsetenesta har laga ein plan for praksisplass til alle elevane på tannhelse- sekretærutdanninga. Språkopplæring har også vore integrert i praksisen. Alle har fått eigen kontaktperson i praksisfeltet. Dette starta hausten 2017 og vil vere ferdig våren 2020. Tannhelsetenesta har med seg dei overordna målsettingane til fylkes- kommunen i all kommunikasjon og samhandling med naturlege samarbeidspartar. Tenesta har til dømes hatt avtale med Nav om utprøving av arbeid for ein person med funksjonsnedsetting. Utprøvinga var på ein tannklinikk. Vidare har tannhelse- tenesta gjennom Sogneprodukt hatt ein person i arbeidstrening på ein tannklinikk.

Hausten 2018 var fylkeskommunen ved tannhelsetenesta ein av tre som var nomin- erte til IA-prisen 2018. Grunngjevinga var systematisk oppfølging av og planar for integrering av fleire grupper.

Opplæringssektoren Opplæringssektoren satsa i 2018 på psykisk helse, blant anna gjennom Draumeskular-prosjektet, som er del av Helsedirektoratet si satsing Psykisk helse i skulen. Satsinga er eit tiltak for ungdoms- og vidaregåande skuler. Det er ein modell

2 Arbeidsmiljølova § 14.3 og hovudtariffavtalen sin § 2.3. Organisasjon Likestilling, likeverd og mangfald

112

for å jobbe systematisk med det psykososiale miljøet utifrå et helsefremmende pers- pektiv. Målet er å skape læringsmiljø der elevane opplever tryggleik og tilhøyrigheit, får brukt ressursane sine, og der den psykiske helsa til enkeltelevane vert fremja.

MÅLEKART - AVVIK

Gjennomsnittleg sjukefråvær i 2018 var på 5,5 prosent. Det er 0,5 prosent over målsettinga.

Målet vårt er at medarbeidarar opplever leiarane sine som støttande, motiverande, utviklande og rettferdige. I medarbeidarundersøkinga frå 2016 var ambisjonsnivået ein score på minst 78 poeng. Resultatet var 75 poeng. Vi er marginalt under vår eigen ambisjon, men ligg i normalområdet for offentleg sektor.

ETISK STANDARD

Verdigrunnlaget til fylkeskommune vart revidert av fylkestinget i desember 2014. Dei grunnleggande verdiane til Sogn og Fjordane fylkeskommune er:

• innsikt – vi skal aktivt skaffe oss innsikt i noko • integritet – vi har vilje/evne til å halde viktige prinsipp og vere sjølvstendige • openheit – vi har respekt for noko(n), viser respekt og tek omsyn • respekt – vi er demokratisk forankra og vernar om demokratiet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer å ha høg tillit i samfunnet, levere gode tenester, bidra til utvikling i fylket, vere demokratisk forankra og å verne om demokratiet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune legg stor vekt på at etisk haldning også må få gjennomslag i praktisk handling m.a. ved å:

• følgje lover, føresegner og ordningar elles som gjeld for fylkeskommunen • ta opp tilhøve som ein meiner er feil • forvalte fylkeskommunen sine ressursar på ei best mogleg måte • å vera lojal mot fylkeskommunen sine overordna mål • å visa andre respekt i omtale og handling

Verdigrunnlag og etisk haldning vert halde «levande» ved m.a. å vera fast innslag på alle samlingar med nytilsette. Organisasjon Forvaltningsrevisjon og internkontroll

113

FORVALTNINGSREVISJON OG INTERNKONTROLL

FORVALTNINGSREVISJON – STATUS

Fylkestinget handsamar forvaltningsrevisjonsrapportane frå kontrollutvalet (KU). Følgjande prosjekt vart handsama i 2018:

• Innkjøp (FT-sak 2/18) • Musea i Sogn og Fjordane (FT-sak 3/18) • Innkjøp – Tilleggsbestilling (FT-sak 12/18) • Reiseliv (FT-sak 34/18) • Utdanning og yrkesrådgjeving (FT-sak 45/18)

Fylkesrådmannen meiner at administrasjonen arbeider godt med desse sakene.

Ved utgangen av året er det slik status for gjennomføring av fylkestings- vedtak på revisjonar der det er restansar (revisjonar som enno ikkje er sende til fylkestinget, er ikkje omfatta av dette oversynet):

OPPFØLGING AV POLITISKE VEDTAK OG AVVIKSRAPPORTERING

Revisjon Vedtak Gjennomført 2018 Restanse

Kulturminneforvalt- FT-sak 10/17 Kontrollutvalet fekk 14.05.18 brev frå Gjennomføringa av kartlegging av kultur- ninga fylkesrådmannen med oppfølging av minne av regional verdi skal vere ferdig forvaltningsrevisjonsrapporten. Mykje gjennomført i perioden april 2018 til av forbetringsarbeidet etter forvalt- november 2019. ningsrevisjonen er gjennomført, og malane som kontrollutvalet bad om er Kontrollutvalet vil be om ny status på mottekne. (Jamfør punkta 2b og 2c i oppfølging av forvaltningsrevisjonen for FT-sak 10/17). det som gjeld kartlegging av kulturminne av regional verdi i løpet av første kvartal 2019.

Musea i Sogn og FT-sak 3/18 Kontrollutvalet har motteke status for Kontrollutvalet ønskjer ei konkretisering Fjordane oppfølging 6. august 2018 og av oppfølginga av dei to første punkta i handsama dette 6. september 2018. vedtaket frå fylkestinget.

Tabell 48 Fylkeskommunen har etablert slike rutinar for rapportering av avvik når det gjeld gjennomføring av politiske vedtak:

• Fylkesrådmannen rapporterer samla i årsrapporten om betydelege avvik i viktige politiske vedtak gjort av fylkesutvalet og fylkestinget. • Fylkesdirektørane rapporterer også i årsrapporten om avvik av betydning i viktige politiske vedtak gjort av hovudutvala.

Fylkesrådmannen har ikkje avvik av betydning i vedtak gjort i fylkesutvalet eller fylkestinget i 2018. Organisasjon Forvaltningsrevisjon og internkontroll

114 114

INTERNKONTROLL

Fylkesrådmannen har i 2018 lagt vekt på at arbeidet med internkontroll ikkje skal kome i konflikt eller konkurranse med arbeidet som blir gjort inn mot den komande fylkessamanslåinga. Dette er balansert slik at vi følgjer opp område som openbart fell inn under fylkesrådmannen sitt ansvar i noverande organisasjon. Prioriterte tiltak for Sogn og Fjordane fylkeskommune må vere gjennomførbare før 31. desember 2019.

Fylkesrådmannen har i 2018 prioritert følgjande område:

1. Gjennomføring av samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Her skal det gjerast eit betydeleg arbeid i alle ledd av organisasjonen vår. Vurdert risiko her er at vi mister oversikt, prioritet og framdrift og dermed ikkje klarar å få opp ein funksjonell organisasjon til 1. januar 2020. Fylkesrådmannen må følgje opp prosjektet samla sett og etablere og vedlikehalde god og nær relasjon til ny prosjektleiar/fylkesrådmann. Fylkesrådmannen må elles syte for at det er tilstrekkeleg med ressursar til arbeidet, og at strategisk retning for prosjektet er klar og blir følgt opp. Tiltaket involverer alle avdelingar

2. Den nye personvernforordninga (GDPR). GDPR vart iverksett i Noreg 20. juli 2018. Vi må oppgradere eksisterande og etablere ny dokumentasjon. Risiko for at vi ikkje skal få på plass eit system for oppfølging og dokumentasjon er middels, men konsekvensane ved manglar er så store at tiltaket er prioritert i 2018. Tiltaket involverer fylkesrådmannen, IKT-tenesta og systemeigarar for alle system som inneheld personopplysningar.

3. Forvaltningsrevisjon Innkjøp. Denne revisjonen (og fylkestinget si hand- saming og vedtak) går inn som eit prioritert oppfølgingstiltak knytt til intern- kontroll. Tiltaket involverer i første rekke fylkesrådmannen v/ innkjøps- tenesta, men også avdelingane som har delegert innkjøpsfullmakt. Oppfølg- ing må samordnast med det arbeidet som blir gjort når det gjeld etablering av innkjøpsorganisasjon og rutinar for Vestland fylkeskommune

Fylkesrådmannen har ikkje fått meldt inn særlege risikoområde for utgreiing innanfor internkontrollsystemet frå avdelingane.

GDPR (GENERAL DATA PROTECTION REGULATION)

GDPR er den nye personvernforordninga til EU. GDPR skal styre og harmonisere personvernet ved handsaming av personopplysningar. GDPR vart iverksett i Noreg 20. juli 2018 og krev betydeleg oppgradering av rutinar for handtering av person- opplysningar. GDPR set krav om oppnemning av personvernombod.

I og med at Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman til eitt fylke frå 1. januar 2020, har fylkesrådmannen vurdert det slik at det er tenleg med eit felles personvernombod for dei to fylka. Personvernombodet i Hordaland fylkeskommune har fått fullmakt til å ivareta denne funksjonen også for Sogn og Fjordane fylkes- kommune. Fylka har tett samarbeid fram mot samanslåinga i oppbygging av felles system, rutinar og avvikssystem, som det er krav om i GDPR. Dette arbeidet involver- er IKT-tenesta, juristane og systemansvarlege ved alle avdelingar.

116

Fylkesrådmannen Fylkeshuset Askedalen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 63 80 00 E-post: [email protected] www.sfj.no

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 18/8010-7 Internt l.nr. 28908/19

Sak: 18/19

Tittel: Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Behandling:

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

Hovudutvala rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

Årsrapport 2018 for Sogn og Fjordane fylkeskommune vert teken til orientering.

Side 1 av 8

Saksframlegg

Saksbehandlar: Lisa Marie Hillestad Ålsberg, Fylkesrådmannen Sak nr.: 19/2134-2

Tertialrapport 1/2019

Fylkesrådmannen rår hovudutvalet til å gje slik tilråding: Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

A. Det vert gjort slike endringar i driftsbudsjettet for 2019

1 Rammetilskotet vert auka med 52,000 mill. kr. Avsetjing til disposisjonsfond vert auka med 29,400 mill. kr 2 Lokale inntekter vert auka med 0,075 mill. kr 3 Bruk av bundne fond vert auka med 24,826 mill. kr. 4 Sektorbudsjettet til politisk styring, plan og forvaltning vert auka med 2,350 mill. kr med slik fordeling: Teneste 4200 Administrasjon vert auka med 3,600 mill. kr Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. FK område vert redusert med 3,000 mill. kr knytt til kostnadar ved samanslåingsprosessen Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. FK område vert auka med 0,250 mill. kr knytt til tilskot til Redningsselskapet. Teneste 4801 Juridisk honorar vert auka med 1,500 mill. kr 5 Sektorbudsjettet til opplæring vert redusert med 2,500 mill. kr med slik fordeling: Teneste 5100 Utgifter til lokale vert redusert med 0,910 mill. kr Teneste 5101 Vedlikehald og drift av skulebygg vert auka med 1,645 mill. kr Teneste 5151 Fellesutgifter vert redusert med 2,500 mill. kr Teneste 5590 Landsliner vert redusert med 0,735 mill. kr

6 Fagskulen i Sogn og Fjordane får ei auka løyving på 0,469 mill. kr. Løyvinga vert dekka innafor tilgjengelege midlar på teneste 5540 Fagskulen.

7 Sektorbudsjettet til samferdsle vert auka med 22,600 mill. kr med slik fordeling:

Teneste 7222 Fylkesvegar – drift og vedlikehald vert auka med 15,000 mill. kr Teneste 7210 Fylkesvegferjer vert auka med 7,600 mill. kr

8 Tilbakeførte midlar frå Innovasjon Norge på 1,638 mill. kr vert inntektsført på sektoren næring og kultur. Midlane vert nytta til breibandsatsing i 2019.

9 Samla vert driftsbudsjettet saldert ved avsetjing til bufferfondet med 25,025 mill. kr

B. Det vert gjort slike endringar i kapitalbudsjettet for 2019

1 Investeringsprogrammet for bygg med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 4. 2 Investeringsprogrammet for fylkesvegar med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 5.

Side 2 av 8

C. Andre områder 1 Rapportering på finansporteføljen i vedlegg 7 vert teken til vitande. 2 Rapportering på konsesjonskraftomsetjing i vedlegg 8 vert teken til vitande.

Vedlegg: 1. Økonomiske endringar i driftsbudsjettet som følgje av T1/19. 2. Søknad frå Redningsselskapet 3. Søknad frå fagskulen 4. Investeringsprogrammet for bygg med tilhøyrande finansieringsplan 5. Investeringsprogrammet for fylkesvegar med tilhøyrande finansieringsplan 6. Notat til fylkesutvalet: Orientering om nokre større, innkomne søknadar (gjeld 2019) – oppdatert per 20.5.19 7. Rapportering på finansporteføljen 8. Rapportering på konsesjonskraftomsetjinga

SAKSFRAMSTILLING

1. ØKONOMISK STATUS

Tertialrapporten syner eit mindreforbruk på 25,025 mill. kr. Dette skuldast i hovudsak frigjorde fondsmidlar. Utover dette er mindreforbruket på 0,225 mill. kr og syner at driftsrammene er på eit rett nivå. Elles er ein del av dei tilrådde endringane berre tekniske endringar og omdisponeringar. Alle tilrådde endringar i driftsbudsjettet er vist i tabell i vedlegg 1.

Investeringsprogrammet for bygg legg opp til ein samla reduksjon på 35 mill. kr. Reduksjonen skuldast forskyvingar i prosjekt på om lag 61 mill. kr og ein auke på om lag 26 mill. kr knytt til overført mindreforbruk for 2018.

Investeringsprogrammet for fylkesvegar og skredsikring legg opp til ein samla auke på 1,6 mill. kr. Auken er knytt til overført mindreforbruk for 2018 på 27,7 mill. kr og reduksjon i denne rapporten på 26 mill. kr.

2. DRIFTSBUDSJETTET

2.1 Fylkesskatt og statlege overføringar

Fylkesskatt Pr. mars 2019 har fylkeskommunane ein vekst i skatteinntektene på 4,1 % i høve 2018. Vårt budsjett bygger på statsbudsjettet der det blei lagt til grunn ein vekst på 1,6 %.

I 2019 er skatteøret sett ned, noko som vil gi utslag for skatteinngangen frå og med mars månad. Skatteinngangen for januar og februar er i stor grad knytt til inntektsåret 2018 og gjev såleis ikkje noko godt bilete på skatteinngangen for 2019. Det er enno tidleg på året og fylkesrådmannen rår difor til at skatteanslaget for 2019 vert uendra no.

Rammetilskot Kommunal– og moderniseringsdepartementet (KMD) gjev oss eit skjønstilskot på 52 mill. kr etter flaumskadar 14. og 15.oktober 2018. Dette er litt over 60 % av dei berekna kostnadane. Fylkesrådmannen legg opp til å nytte 22,6 mill. kr av dette i 2019, jf. pkt. 2.6. Dei unytta skjønsmidlane på 29,4 mill. kr vert tilrådd avsett på disposisjonsfond, for å nyttast i 2020 til oppbygging av Teita bru på fv. 695 ved Byrkjelo. Brua vart skada i flaumen og kostnadane til oppbygginga er ein del av grunnlaget for skjønstilskotet.

Fylkesrådmannen tilrår ut frå dette at rammetilskotet vert auka med 52 mill. kr, der 29,4 mill. kr vert avsett til disposisjonsfond.

2.2 Lokale inntekter

Side 3 av 8

Generalforsamlinga i Firda Billag har vedteke eit utbytte på 1,5 mill. kr i 2019. Dette gjev Sogn og Fjordane fylkeskommune eit utbytte på 0,075 mill. kr (5%). Budsjettert utbytte i 2019 vert difor tilrådd auka med 0,075 mill. kr.

2.3 Unytta fondsmidlar

I samband med samanslåingsprosessen med Hordaland fylkeskommune er det naudsynt med ein gjennomgang av rekneskap og balanse. Fylkesrådmannen har så langt konkludert med at det står 24,8 mill. kr på bundne fond som ikkje lengre er tiltenkt eit konkret føremål. Desse midlane kan difor frigjerast, og fylkesrådmannen tilrår å avsette midlane på bufferfondet.

2.4 Politisk styring, plan og forvaltning

Teneste 4200 Administrasjon Sett i lys av regionreforma og at Sogn og Fjordane fylkeskommune snart er historie er det ønskjeleg å setje i gong eit arbeid med digitalisering av fylkestingsforhandlingane. Det vert lagt opp til at vi kjøper denne tenesta av kommunearkivordninga, som vil koste om lag 0,6 mill. kr. Fylkesrådmannen tilrår difor at tenesta vert auka med 0,6 mill. kr til dette føremålet.

Vidare vil fylkesrådmannen tilrå å auke tenesta med ytterlegare 3 mill. kr, jf. teneste 4600. Det er store meirkostnadar knytt til arbeidet med regionreforma, og det «frigjorte» beløpet vil kome godt med i eigen organisasjon. Løyvinga vert førebels lagt på denne tenesta, men fylkesrådmannen vil i tertialrapport 2 vurdere om dette bør fordelast mellom politisk og administrativt nivå.

Samla vert teneste 4200 auka med 3,6 mill. kr.

Teneste 4600 Oppgåver utanfor ordinært fylkeskommunalt område

Kostnadar ved samanslåingsprosessen Det vert vist til sak 6/19 i fellesnemnda der HFK har redusert sitt bidrag for å dekke meirkostnadar i samanslåingsprosessen med 3 mill. kr. For å oppretthalde fordelinga med 60 % frå HFK og 40 % frå oss vert det no tilrådd å redusere vårt bidrag tilsvarande. Tenesta vert difor tilrådd redusert med 3 mill. kr og omdisponert til teneste 4200 Administrasjon.

Søknad frå Redningsselskapet FU fekk 8.04.19 lagt fram søknad frå Redningsselskapet under «Skriv og meldingar». Ein søkte då om 0,250 mill. kr til delfinansiering av ny redningsskøyte. Søknaden følgjer som vedlegg 2. Signalet frå FU var at fylkesrådmannen skulle vurdere søknaden i tertialrapport 1/19, samt undersøke kva som har vore gjeve til selskapet tidlegare.

Redningsskøyta er kostnadsrekna til 7 mill. kr, og finansieringsplanen syner at ein har fått tilsegn om støtte på totalt 5,650 mill. kr. Dei arbeidar no med å få på plass dei resterande 1,350 mill. kr, der fylkeskommunen er utfordra på 0,250 mill. kr.

Fylkeskommunen har gitt nokre bidrag til Redningsselskapet tidlegare. M.a. fekk selskapets sjøredningskorps Måløy (RMS) 0,1 mill. kr til oppføring av eit bygg i Måløy i 2012. Vidare har fylkeskommunen hatt ein partnarskapsavtale med Redningsselskapet, der vi gav 75 000 kr i årleg tilskot i avtaleperioden.

Fylkesrådmannen meiner redningsskøyta er eit tiltak som vil forbetre beredskapen i regionen, både i høve turisttrafikk og rutegåande båtar som vi har ansvaret for. Fylkesrådmannen vil tilrå å løyve 0,250 mill. kr til føremålet. Løyvinga føreset at redningsskøyta vert fullfinansiert.

Samla vil fylkesrådmannen tilrå at teneste 4600 vert redusert med 2,750 mill. kr.

Teneste 4801 Juridisk honorar I budsjett 2019 er det løyvd 1,5 mill. kr til bistand i samband med SFE-prosessen. Prognosar per 1.tertial syner at dette er for lite. Fylkesrådmannen tilrår difor å auke budsjettet med nye 1,5 mill. kr i 2019.

Side 4 av 8

2.5 Opplæring

Teneste 5100 Utgifter til lokale Fylkesrådmannen tilrår at 0,910 mill. kr vert omdisponert til teneste 5101 Vedlikehald av skulebygg. Omdisponeringa er ei teknisk justering som følgje av kjøp av Flora idrettssenter.

Teneste 5101 Vedlikehald og drift av skulebygg Jf. omtale under teneste 5100 og teneste 5590. Denne tenesta vert auka med 1,645 mill. kr.

Teneste 5151 Fellesutgifter Som følgje av forskyving i arbeidet med nytt skuleadministrativt system (Visma InSchool) vert tenesta redusert med 2,5 mill. kr i 2019. Det er behov for ei tilsvarande auke i løyvinga i 2021.

Teneste 5540 Fagskulen Fagskulen har søkt om å få dekke eit samla meirforbruk på 2,483 mill. kr knytt til både drifts- og investeringsbudsjettet for 2018. Søknaden følgjer som vedlegg 3.

Etter fylkesrådmannen si vurdering kan meirforbruket delast slik:

- Investeringsrekneskapen: Meirforbruket knytt til investeringar på 1,835 mill. kr skuldast ombygging mv (1,358 mill. kr) og eit akkumulert meirforbruk knytt til årlege utstyrsmidlar (0,477 mill. kr). - Driftsrekneskapen: Akkumulert meirforbruk i drifta på 0,648 mill. kr.

Investeringsrekneskapen: Fagskulen starta ombygginga av Concord i 2017 utan ei særskilt investeringsløyving. Dette gav eit meirforbruk i investeringsrekneskapen som skulen søkte om å få dekka inn i tertialrapport 1/18. Fylkeskommunen løyvde då 1 mill. kr til dette og Fagskulen omdisponerte eigne driftsmidlar til å dekke det resterande meirforbruket.

Fylkesrådmannen er uroa over at Fagskulen kjem attende og ber om å få dekka inn eit meirforbruk i investeringsrekneskapen på same vis som året før. Behova for midlar og finansiering skal avklarast før tiltaka vert sett i gang. Fylkesrådmannen vil likevel tilrå å dekke meirforbruket knytt til ombygginga av skulen på 1,358 mill. kr. Viss ikkje dette vert gjort, vil konsekvensen vere eit redusert studietilbod, noko fylkesrådmannen er samd med styret i at vil vere uheldig no ved inngangen til Vestland fylke.

Utstyrsmidlane til skulen er ei årleg løyving som skulane har, og her meiner fylkesrådmannen at meirforbruket på 0,477 mill. kr må dekkast inn ved å redusere utstyrsløyvinga til skulen i 2019. Dette er same praksis som eit ev. meirforbruk på dei vidaregåande skulane.

Auka løyving til fagskulen i investeringsbudsjettet er innarbeidd i vedlegg 4.

Driftsrekneskapen: Fagskulen har ved inngangen av 2019 eit akkumulert meirforbruk på 0,648 mill. kr i driftsrekneskapen. I budsjettet på teneste 5540 Fagskulen er det ein ufordelt sum på 0,469 mill. kr som er knytt til fagskuleutdanning i helse og sosialfag. Desse midlane vil ikkje bli nytta til det føremålet, og fylkesrådmannen vil tilrå at desse midlane vert tildelt Fagskulen. Denne tilleggsløyvinga vil dekke inn mesteparten av det akkumulerte meirforbruket. Utover det må Fagskulen tilpasse drifta si innanfor den ramma dei har. Tildelinga av midlane på 0,469 mill. kr til Fagskulen medfører ingen budsjettendring då dei allereie ligg på tenesta.

Teneste 5590 Landsliner For å tilpasse budsjettet etter Kostra vert budsjetterte midlar til energiutgifter ved Sogn jord- og hagebruksskule på 0,735 mill. kr flytta frå teneste 5590 Landsliner til teneste 5101 Vedlikehald og drift av skulebygg frå 2019.

2.6 Samferdsle

Teneste 7222 Fylkesvegar – drift og vedlikehald Statens Vegvesen melder om ei samla prognose på om lag 30 mill. kr (brutto) i meirforbruk.

Side 5 av 8

Innanfor drift er meirforbruket på omlag 35 mill. kr. Dette er i hovudsak knytt til ekstraordinært oppryddingsarbeid etter flaumen i Luster i oktober 2018.

Innanfor vedlikehald syner prognosen eit samla mindreforbruk på om lag 5 mill. kr. Tunnel- rehabilitering har eit mindreforbruk på om lag 40 mill. kr grunna forseinkingar i framdrift. Innanfor bru og ferjekai er det eit mindreforbruk på om lag 10 mill. kr. Ut frå dette er det sett i gang meir arbeid innanfor dekkelegging med om lag 11 mill. kr og innanfor vegutstyr, miljø og andre tiltak med om lag 34 mill. kr.

Prognosen på mva. refusjon vert oppjustert med om lag 11 mill. kr. I tillegg vil vi få ein refusjon frå Bremanger kommune på 4 mill. kr i høve eit spleiselag på utbetring av strekninga Kalvåg-Klubben. Samla aukar refusjonsinntektene med om lag 15 mill. kr, slik at meirforbruket vert på om lag 15 mill. kr.

I tillegg er det nødvendig å omprioritere 7,6 mill. kr frå drift og vedlikehald til å dekkje meirforbruk på ferjedrifta, jf. omtalen under teneste 7310.

Den samla økonomiske utfordringa på tenesta vert ut frå dette 22,6 mill. kr som vert løyst ved at tenesta får tildelt skjønsmidlar på 22,6 mill. kr, jf. pkt. 2.1.

Oppsummert: Auke i brutto løyving til Statens vegvesen 30,0 mill. kr Auke i mva. refusjon og inntekter -15,0 mill. kr Netto meirforbruk 15,0 mill. kr Redusert løyving - overføring til ferjedrift 7,6 mill. kr Tildelt skjønnstilskot -22,6 mill. kr Sum 0,0 mill. kr

Teneste 7300 Bilruter I FT-sak 9/19 vart det gjort vedtak om at lærlingar skal få reise med studentrabatt. Inntekts- tapet for 2.halvår 2019 som følgje av dette er berekna til å vere inntil 0,350 mill. kr. Det vert lagt til grunn at det er rom for å dekke dette innanfor budsjettrammene på teneste 7300.

Teneste 7310 Fylkesvegferjer Prognosen for tenesta syner eit meirforbruk på 7,6 mill. kr. Dette skuldast i hovudsak at anslaget på kostnadsindeksar som er nytta i budsjettet var for låge. Fylkesrådmannen tilrår at tenesta vert auka med 7,6 mill. kr.

2.7 Næring og kultur

Teneste 7011 Kommunikasjonsteknologi Fylkeskommunen tildeler Innovasjon Norge midlar som m.a. vert nytta som tilskot og lån til næringslivet i fylket. Delar av desse midlane vert avsett på eit sentralt tapsfond for å dekke ev. tap i samband med utlåna. Når det er tilstrekkeleg med midlar på tapsfondet, vert overskytande tilbakeført. I 2019 er det tilbakeført 1 637 710 kr til fylkeskommunen.

I tråd med tidlegare praksis vert denne tilbakeføringa inntektsført på sektoren næring og kultur. Fylkesrådmannen tilrår at inntekta vert nytta til breibandsatsing i 2019. Dette får såleis ingen salderingsmessige konsekvensar.

3. KAPITALBUDSJETTET

3.1 Investeringsprogram for bygg

Fylkesrådmannen tilrår å redusere investeringsbudsjettet med om lag 35 mill. kr. Mindreforbruket skuldast i hovudsak forskyvingar av prosjekt på om lag 61 mill. kr. Dette må løyvast opp igjen i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune. Vidare vert budsjettet auka med om lag 26 mill. kr som følgje av overført mindreforbruk i 2018.

I investeringsbudsjettet for bygg ligg det ei ufordelt løyving på 6 mill. kr til planlegging av nye prosjekt som fylkesrådmannen skulle kome attende med ei fordeling av i løpet av første halvår 2019. Då det er uvisse i framdrifta til prosjekta samstundes som det vert føreslege å forskyve den Side 6 av 8 ufordelte potten i 2020 til 2021, jf. arbeidsdokument 3/19 til fellesnemnda i VLFK, vil fylkesrådmannen kome attende til dette i tertialrapport 2/19.

For omtale av løyving til Fagskulen vert det vist til pkt. 2.5.

Detaljert investerings- og finansieringsprogram for bygg følgjer som vedlegg 4.

3.2 Investeringsprogram for fylkesvegar

Fylkesrådmannen tilrår ein auke i investeringsbudsjettet i 2019 på 1,6 mill. kr frå 518,1 mill. kr til 519,7 mill. kr. Auken er knytt til overført mindreforbruk i 2018 på 27,7 mill. kr og reduksjon i denne tertialrapporten på 26 mill. kr.

Endringar i Tertial 1/19 Beløp i mill. kr Overført mindreforbruk frå 2018 27,675 Samla mindreforbruk i tertialrapport 1/19 -26,062 Sum 1,613

Detaljert investerings- og finansieringsprogram for fylkesvegar følgjer som vedlegg 5.

Overførte midlar frå 2018 Som tidlegare år tilrår fylkesrådmannen å overføre meir-/mindreforbruk frå 2018 til dei aktuelle prosjekta i 2019. Samla er mindreforbruket i 2018 på 27,7 mill. kr, fordelt med eit mindre-forbruk på 35,5 mill. kr på ordinære prosjekt og meirforbruk på 7,8 mill. kr knytt til skredsikring.

Endringar i tertialrapporten Det vert rapportert om endringar som samla gir eit mindreforbruk på om lag 26,1 mill. kr i 2019

Ordinære prosjekt har eit samla mindreforbruk på 47,8 mill. kr, medan skredsikring har eit meirforbruk på 21,7 mill. kr. Mindreforbruket på ordinære prosjekt er i hovudsak knytt til forseinkingar som gjer at løyvingane må skyvast fram i tid.

Endringar som skuldast forskyvingar mellom år må løyvast opp igjen i økonomiplanen til Vestland fylkeskommune. Det vert tilrådd følgjande endringar i prosjektløyvingane:

Store prosjekt:

Fv. 606 Ytre Steinsund bru vert auka med 1,9 mill. kr grunna noko høgare kostnadar knytt til prosjektering.

Fv. 303 Seimsdalstunnelen vert redusert med 4,5 mill. kr grunna noko forseinka framdrift. Vi reknar med å lyse ut prosjektet i november med oppstart våren 2020. Det vert elles vist til eiga sak om kostnadsoverslag for Seimsdalstunnelen som går parallelt med denne saka.

Førdepakken:

Førdepakken vert redusert med 24 mill. kr grunna forseinka framdrift.

Mindre utbetringar:

Fv.55 Utviding Fortun vert redusert med 4,4 mill. kr. Prosjektet skulle utvide vegen for å få plass til rekkverk. I samband med prosjekteringa vil Statens vegvesen gå bort frå ei utviding pga. dårleg mur under vegen. Det vert no gjort ei ny vurdering av prosjektet som så langt syner ein meirkostnad på om lag 5 mill. kr. Det vert også gjort ei vurdering av om noko av dette vil vere eit vedlikehaldstiltak.

Fv. 92 Krokevasselva bru vert løyvd med 1 mill. kr til prosjektering. Brua fekk i september 2018 store skadar etter eit sprengingsuhell knytt til arbeid på kraftverksdammen ved Krokevatnet. Undersøkingar etter dette uhellet synte at armering av brua ikkje er utført som forventa og brua måtte nedklassifiserast. Brua har også ein kurvatur som gjer at køyretøy med lengde over 12 m har vanskar med å passere. Statens vegvesen har vurdert at reparasjon av brua kun er marginalt Side 7 av 8

billigare enn bygging av ny bru (2,4 mill. kr). Reparasjon vil heller ikkje kunne betre situasjonen med dårleg kurvatur. SVV tilrår difor at det vert bygd ny bru. Kostnaden med dette er berekna til om lag 14,4 mill. kr med 15 pst. uvisse. Sidan brua vart påført store skadar i bruspennet etter sprengingsuhellet vart delar av prosjektet ei forsikringssak. Avklaring av dette vil kunne ta lenger tid enn å bygge opp att brua. Løyving til bygging av ny bru vert å komme attende til.

Fv. 243 Bellsvingen Aurland vert auka med samla 1,4 mill. kr grunna meirforbruk.

Fv. 243 Møteplassar Aurland- Bellsvingen vert auka med 3,2 mill. kr. Av dette er 1,7 mill. kr pga. høgre kostnadar enn forventa. I tillegg er det ønskjeleg å gjera noko meir tiltak på strekningane, mellom anna rekkverk på møteplassane og dekklegging til ein kostnad på 1,5 mill. kr.

Fv. 609 Nye møteplassar i Askvoll vert auka med 1,2 mill. kr grunna meirforbruk. Prosjektet er avslutta.

Gang og sykkelvegar:

Fv.548 Brandsøy-Solheim vert redusert med 4,2 mill. kr knytt til framdrift i prosjektet.

Fv. 607 Heggebø – Leirvik vert redusert med 21 mill. kr grunna forseinkingar. Reguleringsplan vil tidlegast vere klar i juni. Tidlegast oppstart av entreprise er november 2019. Dette er føresett godkjent reguleringsplan i juni og utlysing av konkurransegrunnlag i løpet av august.

Trafikktryggingstiltak:

Løyvinga vert auka med 0,9 mill. kr knytt til meirkostnadar på trafikksikkerheitstiltak.

Planlegging og prosjektering:

Planlegging og prosjektering vert auka med 5,6 mill. kr. Meirbehovet er i hovudsak knytt til Atløysambandet, Seimsdalstunnelen og fv. 614 Svelgen – Indrehus.

Grunnkjøp m.v. for avslutta prosjekt:

Løyvinga kan reduserast med 4,3 mill. kr knytt til prognoser for attståande utbetalingar. Midlane vert å sjå i samanheng med saldering av meirbehov på øvrige prosjekt i investeringsprogrammet.

Skredsikring:

Budsjettet til skredsikring vert auka med 21,7 mill. kr. Dei største endringane er knytt til følgjande prosjekt:

Fv. 53 Ljoteli vert auka med 32 mill. kr grunna forventa forskotsutbetaling til entreprenør.

Fv. 691 Åstranda i Gloppen vert redusert med 5,7 mill. kr ut frå prognose på forbruk i 2019.

For mindre salderingar knytt til avslutning av prosjekt vert det vist til vedlegg 5.

4. ANDRE SAKER

I FU-sak 42/19 la fylkesrådmannen fram eit notat der det vart orientert om nokre større, innkomne søknadar.

FU signaliserte at to av søknadane, Lærdal Grønt og Njøs Næringsutvikling, må sjekkast opp mot statsstøtteregelverket. Dette er gjort i eit eige notat (frå NKA til frm) som ligg under vedlegg 6. Her har vi og vurdert eit par andre prosjekt.

Etter møtet i FU er det i tillegg komme ytterlegare 3 søknadar om støtte. Fylkesrådmannen har difor utarbeidd eit oppdatert notat om innkomne søknadar som følgjer som vedlegg 6.

5. RAPPORTERING PÅ FINANSPORTEFØLJEN OG KONSESJONSKRAFT Side 8 av 8

Rapportering på finansporteføljen per 1. tertial vert lagt fram for fylkestinget som ein del av tertialrapport 1/19. Rapporten følgjer som vedlegg 7.

Rapportering på konsesjonskraftomsetjinga per 1. tertial vert lagt fram for fylkestinget som ein del av tertialrapport 1/19. Rapporten følgjer som vedlegg 8. VEDLEGG 1 - Økonomiske endringar i driftsbudsjettet som følgje av T1/19 tal i mill. kr +* ÷** Sum endring Fellesinntekter og -utgifter 47,475 Rammetilskot 52,000 29,400 Utbytte 0,075 Unytta fondsmidlar 24,800 Politisk styring, plan og forvaltning -2,350 Teneste 4200 Administrasjon 3,600 Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. Fk område 3,000 0,250 Teneste 4800 Juridisk honorar 1,500 Opplæring 2,500 Teneste 5100 Utgifter til lokale 0,910 Teneste 5101 Vedlikehald og drift av skulebygg 1,645 Teneste 5151 Fellesutgifter 2,500 Teneste 5590 Landsliner 0,735 Næring og kultur 0,000 Teneste 7011 Kommunikasjonsteknologi 1,638 1,638 Samferdsle -22,600 Teneste 7222 Fylkesvegar - drift og vedlikehald 7,600 22,600 Teneste 7310 Fylkesvegferjer 7,600 Bruk/avsetjing til bufferfond 25,025 Sum 93,258 93,258 25,025 + = auka inntekt/redusert utgift* ÷ = redusert inntekt/auka utgift** Redningsselskapet

Org.nr. 954360709

Drammensveien 288, 0203 Oslo 4/4-2019,

Kontaktperson: Atle Giljarhus

Kontaktperson lokalt: Arne Inge Synnevåg, leder RSRK Leikanger, mobil 9169970 e-postadresse: [email protected]; mobil: 90145000

Emne: Søknad til Sogn og Fjordane Fylkeskommune om støtte til delfinansiering av innkjøp av ny redningsskøyte til Sognefjorden 2019 fra Redningsselskapet

1. Bakgrunn Redningsselskapet

Redningsselskapet (RS) ble etablert i 1891. Siden oppstarten har våre redningsmenn og -kvinner reddet over 6 400 mennesker fra den sikre død. Hele 600 000 barn, kvinner og menn har fått hjelp med små og store problemer på sjøen.

Redningsselskapet er organisert som en frivillig humanitær forening, eid av medlemmene og styrt gjennom lokalforeninger, distriktårsmøter og representantskapsmøte som utpeker et sentralstyre.

I 2017 Norge totalt reddet Redningsselskapet 35 personer fra å omkomme på sjøen, 108 fartøy berget fra totalforlis og over 53.000 barn og unge fikk opplæring om sikkerhet på sjøen.

Redningsselskapets formål er å redde liv, berge verdier og drive ulykkesforebyggende arbeid. I tillegg har vi som mål å lære befolkningen, med særlig vekt på barn og unge, hvordan de skal opptre trygt i forbindelse med båt- og sjøliv.

I 127 år har støtte fra privatpersoner og næringsliv gjort det mulig for RS å trygge kysten rundt vårt langstrakte land. RS drifter nå 51 redningsskøyter hvorav 25 er bemannet med frivillig mannskap, og 26 med fast ansatte redningsmenn og -kvinner.

2. Redningsselskapet i Sogn og Fjordane:

I Sogn og Fjordane har RS 3 redningsskøyter stasjonert. I Måløy er både RS «Halfdan Grieg» stasjonert som er en fast bemannet redningsskøyte og RS «Simrad Buholmen», som er en frivillig bemannet redningsskøyte av medlemmer i RSRK Måløy (Redningsselskapets Sjøredningskorps Måløy). Den 3. skøyta er RS «Utvær» er stasjonert på Mongstad som også er en frivillige bemannet skøyte (RSRK Gulen og Solund). Redningsmennene og -kvinnene på Redningsselskapets 3 redningsskøyter i Sogn og Fjordane har gjennom de siste 10 årene reddet 17 mennesker fra å omkomme på sjøen og berget 35 fartøy. RS har regionskontor i Bergen. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland inngår i region Vest.

Øvrig statistikk for Sogn og Fjordane de siste 10 årene:

• 4351 personer er hjulpet • 1600 fartøy assistert • 23 brannslukninger er gjennomført • 63 syketransporter er gjennomført • 274 SAR oppdrag gjennomført rekvirert av Hovedredningssentralen på Sola (HRS) • 1969 oppdrag gjennomført totalt

3. Den nye redningsskøyta RS 167 TBN/hensikt/beskrivelse

Den nye redningsskøyta til Sognefjorden skal ha base i Leikanger og blir av Staff-klassen. Den skal bemannes av frivillig mannskap som er medlemmer i det nyetablerte RSRK Leikanger. RS har 4 redningsskøyter i denne klassen fra før. Skøyta får en lengde på 12,6 meter, en hastighet på 42 knop, rekkevidde på 200 nautiske mil (se vedlegg). Den får et mannskap på 3 personer og en slepekraft på 2 tonn. Dette vil forbedre beredskapen ytterligere i regionen generelt og Sognefjorden spesielt. HRS vil kunne bruke RS innover fjorden oftere enn tidligere da seilingstiden nå vil forkortes betydelig. Den nye RS 167 TBN vil bli levert i 2019 og planlagt dåp blir 28. eller 29. august 2019 i Leikanger.

4. Beredskap/organisering/RSRK Leikanger

De frivillige medlemmene i RSRK Leikanger skal bemanne redningsskøyta gjennom en vaktordning uten godtgjørelse. RSRK Leikanger skal levere beredskap for SAR oppdrag koordinert av HRS/LRS - 24 timer / 365 dager i året innenfor en maksimal respons tid på 30 min fra en melding mottas til avgang stasjon. De skal også løse assistanse og medlemsoppdrag, men dette forventes kun gjennomført når RSRK har mulighet for dette utenfor normal arbeidstid: Kl.1600 – kl.2400 på hverdager og kl.0800 – kl.2400 i helger og bevegelige helligdager, eller ved tilstedevakt.

5. Fritidsbåter/cruisetrafikk/fergetrafikk (se vedlegg)

Det er en god del passasjertrafikk med hurtigbåter i Sogn og Fjordane og det er stor fergetrafikk. Når det gjelder cruiseanløp opplyser Aurland Hamnevesen at Flåm i 2016 besøk av vel 160 cruisefartøy med rundt 255.000 passasjerer.

6. Kostnadsbudsjett og finansieringsplan (se også vedlegg): 7 mill. kr

Bygging av den nye redningsskøyta til Sognefjorden er kostnadsberegnet til 7 mill. kr. Den bygges hos Hydrolift i Fredrikstad. Se vedlegg. Årlige driftskostnader av RS 167 TBN vil Redningsselskapet dekke.

7. Søknad til Sogn og Fjordane Fylkeskommune:

Redningsselskapet søker herved Sogn og Fjordane Fylkeskommune om støtte på kr 250.000 til delfinansiering av innkjøp av redningsskøyte til Sognefjorden 2019 som skal ha base i Leikanger.

Vi håper positiv behandling av søknaden. Dersom det ønske ytterlige informasjon er det bare å ta kontakt.

Med vennlig hilsen

Atle Giljarhus Seniorrådgiver M: +4790145000 E-post: [email protected] Redningsselskapet Besøk: Drammensveien 288

Post: Pb. 103, 1325 Lysaker

VEDLEGG 5 Disponibelt Budsjett Overført 1. tertial Prosj. nr Prosjekt namn budsjett etter 2019 beløp 2018 2019 1.tertial Forvaltning IT001 IKT-investeringar inkl LØP-invest. 4,000 2,590 6,590 O2M01 "Miljøprosjekt" - ufordelt 5,040 5,040 EK001 Eigenkapitalinnskot KLP 2,600 2,600 O2E07 FH - nytt ventilasjonsanlegg 0,000 0,651 0,651 VA003 Fylkeshuset - utviding av Firdasalen 9,000 9,000 Sum forvaltning 20,640 3,241 0,000 23,881 Opplæring OR100 Tiltak gåande og syklande - ufordelt 10,500 -0,067 10,433 OR200 Sikringstiltak, brannvern mv 21,000 11,853 32,853 IU200 Utstyr 6,500 0,677 7,177 PC002 PC ordninga 6,400 6,400 IT200 Digitale klasserom 5,500 4,832 10,332 NY103 Høyanger vgs - ombyg. 7,700 0,109 7,809 NY103 Stryn vgs 0,000 0,863 0,863 NY121 M/Øyrane vgs - nytt verkstadbygg 9,600 0,270 -5,000 4,870 NY224 Sogndal vgs. byggesteg II 13,350 -6,000 7,350 NY226 Sogn JH- Ekstraord. Vedlikehald 0,000 0,053 0,053 NY227 Måløy vgs - rehab. av blokk B og C 50,650 50,650 NY228 Eid vgs - tilbygg 1,550 1,114 2,664 NY229 Mo og øyrane vgs- ridehall 21,500 0,402 21,902 NY230 SJH - ysteri/garderobe 11,150 0,954 12,104 NY233 Måløy - gangveg 0,000 0,912 0,912 NY234 Førde vgs/campus Førde 15,000 0,711 -10,000 5,711 NY235 Sogndal vgs avd og Vitensenter 40,000 -12,000 28,000 NY237 Flora idrettssenter 60,000 0,886 60,886 NY238 Måløy vgs- blokk A og D 9,500 0,403 -5,000 4,903 NY239 MØY vgs - internat mm. 4,000 -2,000 2,000 OF100 Nytt opplæringsfartøy ved Måløy vgs 37,500 -20,000 17,500 H1000/H1001 Investeringar fagskulen 0,000 -1,359 1,359 0,000 Sum opplæring 331,400 22,613 -58,641 295,372 Tannhelse TA300 Oppgradering av tannklinikkar 7,000 0,145 7,145 Sum tannhelse 7,000 0,145 0,000 7,145 Næring og kultur KU002 Fellesmagasin for musea 0,000 0,000 KU003 Gulatinget 4,000 0,223 -2,500 1,723 KU004 Kulturminne 0,300 0,300 Sum næring og kultur 4,300 0,223 -2,500 2,023

Nye prosjekt - ikkje fordelt pr. år 6,000 6,000

SUM INVESTERINGAR 369,340 26,222 -61,141 334,421

Disponibelt Budsjett Overført 1. tertial budsjett (inkl 2019 beløp 2018 2019 FINANSIERING overført beløp) Andre tilskot 3,900 3,900 kapitalfond 7,200 0,285 7,485 Fondmidlar kultur 0,240 0,240 Kompensasjon for meirverdiavgift ord. Invest 61,900 5,249 -12,228 54,923 Lånemidlar 2019 137,400 -3,998 133,400 Driftsmidlar til investering 2,600 2,600 Ubunde fond 131,100 -34,200 96,900 Unytta lånemidlar frå 2018 25,000 20,973 -11,000 34,973 SUM FINANSIERING 369,340 26,222 -61,141 334,421 Overført Budsjett Tertial Gjeldande Navn beløp 2018 2019 1/19 budsjett Store prosjekt Fv. 060 Ugla-Skarstein -1,693 5,200 3,507 Fv. 606 Ytre Steinsund bru 7,000 1,942 8,942 Fv. 303 Seimsdalstunnelen -0,033 10,200 -4,500 5,667 Fv. 698 Blaksettunnelen 9,579 81,900 91,479 Sum stor prosjekt 7,853 104,300 -2,558 109,595 Mindre utbetringar Fv. 053 Brøytestasjon Holsbru -0,003 0,003 0,000 Fv. 055 Utviding Fortun 8,700 -4,420 4,280 Fv. 057 Dale - Storehaug 5,100 5,100 Fv. 92 Krokvasselva bru 1,000 1,000 Fv. 152 Bom og snuplass, Moldeskreda 0,100 0,100 Fv. 241 Møteplassar Bakka i Aurland 0,400 -0,400 0,000 Fv. 241 Utviding av møteplassar Bakka i Aurland: 0,400 0,400 Fv. 243 Bell - svingen i Aurland: -1,168 1,378 0,210 Fv. 243 Møteplassar Aurland - Bellsvingen 2,528 3,232 5,760 Fv. 333 Mørkridsdalen 0,000 Fv. 422 Nye møteplassar i Gaular: 0,834 -0,330 0,504 Fv. 577 Øverbotn bru I og II 5,982 5,100 11,082 Fv. 609 Nye møteplassar i Askvoll: 0,867 1,195 2,062 Fv. 614/fv. 577 Myklebust -0,116 0,186 0,070 Fv. 615 Hyen-Storebru, mindre punkttiltak 3,100 3,100 Fv. 618 Barmen - Barmsund ferjekai 1,000 1,000 Fv. 619 Barmen - Barmsund 3,913 -0,036 3,877 Fv. 622 Nordfjordeid - Torheim, Hundeidbrua -0,085 0,105 0,020 Fv. 622 Utviding - snuplass Torheim i Eid 1,000 1,000 Fv. 624 Husevågøy ferjekai 3,100 3,100 Fv. 698 Blakset – Blekesvingen, møteplassar i Stryn 1,668 1,668 Fv. 724 Oldedalen, mindre punkttiltak 3,100 3,100 Sum mindre utbetringar 15,820 29,700 1,913 47,433 Førdepakken -0,013 59,000 -24,087 34,900 Sum Førdepakken -0,013 59,000 -24,087 34,900 Gang og sykkelvegar Fv. 548 Brandsøy - Solheim -0,013 10,200 -4,187 6,000 Fv. 607 Heggebø - Leirvik -0,340 28,000 -21,000 6,660 Fv. 614 Breivika - Svelgen 0,406 16,400 16,806 Fv. 546 Brandsøyvegen 1,300 1,300 Sum gang- og sykkelvegar 0,053 55,900 -25,187 30,766 Trafikktryggingstiltak Trafikktryggingstiltak 1,307 13,300 0,873 15,480 Sum trafikktryggingstiltak 1,307 13,300 0,873 15,480 Kollektivtraffiktiltak Kollektivtrafikktiltak 0,979 1,000 1,979 Sum kollektivtrafikk 0,979 1,000 0,000 1,979 Andre kostnader Planlegging 0,489 8,200 5,591 14,280 Sum planlegging 0,489 8,200 5,591 14,280 Til fordeling vegsektoren Grunnerverv m.v. for avslutta prosjekt 8,980 -4,300 4,680 Sum til fordeling vegsektoren 8,980 0,000 -4,300 4,680 Skredsikring Fv. 050 Vassbygdvatnet i Aurland 0,271 -0,271 0,000 Fv. 057 Strand i Fjaler 1,686 -1,686 0,000 Fv. 241 Nautgrovi 0,166 3,100 3,266 Fv. 53 Ljoteli -0,205 41,000 31,965 72,760 Fv. 609 Sikring Eikeneskrysset 1,053 -1,053 0,000 Fv. 630 Galdane i Borgund 1,009 -1,009 0,000 Fv. 633 Kleiva -11,743 31,200 -0,800 18,657 Fv. 691 Åstranda i Gloppen -0,019 30,700 -5,681 25,000 Fv. 722 Flovegen -0,012 136,700 136,688 Prosjektering mindre rassikringstiltak 0,500 0,500 Mindre skredsikringstiltak -0,217 0,228 0,011 Grunnerverv m.v. for avslutta skredsikringsprosjekt 0,218 3,500 3,718 Sum skredsikring -7,793 246,700 21,693 260,600

Sum fylkesvegar - investeringar 27,675 518,100 -26,062 519,713 Overført Budsjett Tertial Gjeldande Finansiering beløp 2018 2019 1/19 budsjett Førdepakken - Bompenger 7,700 7,700 Førdepakken mva. komp 11,000 -4,600 6,400 Førdepakken lånemidlar -0,013 40,300 -19,487 20,800 Føresett mva. kompensasjon 6,741 37,000 -4,328 39,413 Fondsmidlar 164,800 -7,770 157,030 Låneopptak 2019 0,970 10,600 -11,570 0,000 Unytta lånemidlar 2018 27,770 27,770 Statleg tilskott - skredsikring -6,293 201,100 17,187 211,994 For mykje utbetalt 2018 - skredsikring 0,384 0,384 Føresett mva. kompensasjon - skredsikring -1,500 45,600 4,122 48,222 Sum 27,675 518,100 -26,062 519,713 Side 1 av 4

Fylkesrådmannen

Sakshandsamar: Lisa Marie Hillestad Ålsberg E-post: [email protected] Tlf.: Vår ref. Sak nr.: 19/2134-3 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 27244/19 Dykkar ref. Notat

Dato LEIKANGER, 20.05.2019

Frå: Fylkesrådmannen

Til: Fylkesutvalet, 29.mai 2019

Orientering om nokre større, innkomne søknader (gjeld 2019)- oppdatert per 20.5.19

I møtet den 9. mai vart det lagt fram eit notat der det blei orientert om nokre større, innkomne søknadar. I møtet blei fylkesrådmannen bedt om å sjå statsstøtteregelverket opp mot to av søknadane, Lærdal Grønt og Njøs Næringsutvikling. Vurderingar kring statsstøtteregelverket så lang følgjer som vedlegg 1. I etterkant av møtet er det i tillegg komme tre nye søknadar om tilskot. Fylkesrådmannen vil med dette oppdaterte notatet leggje fram alle innkomne søknadar, jf. vedlegg 2- 11.

1. Notat til FU 9.mai: Orientering om nokre større, innkomne søknader (gjeld 2019)

Fylkesrådmannen har nedanfor teke inn notatet som sin heilheit.

«Fylkeskommunen har siste tida fått inn ein del større søknader (2019). Slike søknader har vi oftast vist over til neste års budsjettprosess. Då denne prosessen er i regi av Vestland fylkeskommune, ivaretek eg mi informasjonsplikta overfor eigne politiske organ ved å orientere FU om desse søknadene. Dersom FU ønskjer å forholde seg til ein eller fleire søknader, ber eg om å få signal om det. Eit alternativ kan vere å sende søknadene over til den «nye» budsjettprosessen, og då i forståing med dei aktuelle søkjarane. Dei vil i så fall måtte vurderast med tanke på 2020.

Næring Infrastruktur ved Njøs Eigedom som grunnlag for drift av Norsk frukt- og bærsenter Status: HNK sette 30.04.2019, sak 31/19, av 4 mill. kr. og ynskte at vurdering av restfinansiering blir meldt inn til handsaming i tertialrapport 1/19.

Njøs Næringsutvikling søkte i slutten av mars 2019 om 15 mill. kr. til investeringar i Njøs Eigedom. Bakgrunnen er at det vert opplyst at staten og Graminor vil satse på Njøs ved å samle frukt- og bærforedling der, dette på vilkår av at det blir gjort større investeringar. Desse er igjen avgjerande med tanke på rekruttering og oppgåver i åra som kjem, og for at regionen skal halde på posisjonen sin innan frukt/bær. Totalbudsjettet for prosjektet er 32 mill. kr. Totalt er det planlagt investeringar for 50 mill. kr. på Njøs (Njøs Eigedom, Njøs frukt og bærselskap).

HNK har handsama saka (31/19). Ein sette då av 4 mill. kr. til forskingsinfrastruktur ved Njøs Eigedom. Ei ev. tildeling kan berre gjerast under føresetnad av at også andre partar går inn med midlar, og at finansieringa blir på eit slikt nivå at intensjonen bak prosjektet kan gjennomførast. Det er også vedteke føresetnader om at ei tildeling må vere i tråd med statsstøtteregelverket.

Hovudutvalet vedtok m.a. følgjande:

Besøksadresse: Postadresse: E-post: Telefon: Bankgiro: [email protected] 57638000 4212 02 02000 Fylkeshuset Askedalen 2 Heimeside: Org.nr : 6863 LEIKANGER www.sfj.no NO 941 388 841 MVA Side 2 av 4

«Hovudutvalet er ut frå søknadssummen i denne saka kjende med at utfordringane er større enn utvalet kan komme i møte. Utvalet er også kjende med at det ligg føre søknad frå Lærdal Grønt på vegner av Sognefrukt og Innvik Fruktlager som utvalet får til handsaming i møtet 28. mai. Utvalet ber om at begge desse sakene blir melde inn til handsaming i sak om tertialrekneskap 1 2019.»

Ny infrastruktur og felles organisering av frukt og bærnæringa i SF Status: Har søkt om 25 mill. kr. Ikkje handsama. Blir handsama i HNK 28.05.2019. HNK har meldt inn saka til tertialrapport 1/19.

Lærdal Grønt, Sognefrukt og Innvik fruktlager vil gå saman om eit felles pakkeri for frukt og grønt på Håbakken. Lærdal Grønt søkte 12.04.2019, på vegne av samarbeidspartane om 25 mill. kr. Det vert opplyst at frukt- og bærnæringa i Sogn og Fjordane har hatt suksess dei siste åra. Men m.a. storstilt satsing på frukt, bær og grønt på Austlandet vil føre til endringar i produksjonsområde i Norge, og i balansen mellom regionane. Desse endringane vil føre til at marknaden set krav til fleksible pakkeri med effektive løysingar. Her blir dagens pakkeri i Sogn og Fjordane for små og for lite tilpassa krav i marknaden. Søkjar seier den regionale finansieringa er avgjerande for å få til eit felles fylkesløft.

Hovudutvalet fekk seg førelagt søknaden i møte 30.04.2019. I samband med sak om Njøs Eigedom bad hovudutvalet om at saka blei meldt inn til handsaming i tertialrapport 1/19.

Fjordane Virtuelle Campus Status: Ikkje handsama, vert truleg lagt fram for HNK 28.05.2019

Fjordane Virtuelle Campus er eit prosjekt initiert av bedrifter lokalisert i Nordfjord, som driv med el-kraft, elektroinstallasjon og automasjon. Dei søkjer om 9,7 mill. kr. Fylkeskommunen støtta i 2018 eit forprosjekt (580 000 kr). Initiativet er opplyst å vere eit svar på dei rekrutterings-utfordringane som mange av bedriftene står overfor. Prosjektet er 3-delt; Ein skal først finansiere samlingsbasert fagskuleutdanning innan elkraft og automasjon, så bygge opp labfasilitetar og så gjennomføre bedriftsnettverksaktiviteter og fasilitere utviklingsprosjekt mellom bedriftene.

Bratt Moro AS – Skredsenter Status: Ikkje handsama, vert truleg lagt fram for HNK 28.05.2019

Bratt Moro AS søkjer om 2,25 mill. kr. til bygging av skredsenter i Dalalåven i Hodlekve (Sogndal Skisenter). Senteret skal vere med å stadfeste området sin sterke posisjon knytt til trygg ferdsel i bratt vinterterreng. Dei søkjer no om finansiering av ei utstilling. Her skal både fysiske og digitale installasjonar vere med å formidle kunnskap om skred og trygg ferdsel. Ein argumenterer med at fokus på bratt friluftsliv har verka stimulerande på lokalsamfunna i Sogn og Fjordane.

Breiband Status: Ikkje handsama, vert truleg lagt fram for HNK 28.05.2019

Det er søkt om støtte på 34,3 mill. kr. til breibandprosjekt i Sogn og Fjordane i 2019.

Fylket har fått eit tilskot frå NKOM til breibandutbygging på 8,35 mill. kr. i 2019. I fjor fekk vi 17,24 mill. kr. Med ein landspott på 200 mill. kr. i 2019, og 149,7 mill. kr. i 2018, har Sogn og Fjordane kome dårleg ut etter nye fordelingskriterium frå Samferdsledepartementet. Tildelinga frå NKOM og fylkeskommunale midlar i 2019 utgjer 11,6 mill. kr. I tillegg vil det i samband med tertial 1/19 bli føreslått å nytte 1,637 mill. kr. som kjem frå tapsfond Innovasjon Norge.

Kultur

Fotballhall Jølster Status: Avslag i HNK 30.04.2019 (sak 26/19).

Jølster kommune har søkt om 15 mill. kr til etablering av fotballhall med garderobar, klubbhus møterom, lager, sosialt rom og klatreanlegg. Oppstart av anleggsarbeidet er Side 3 av 4

planlagd før sommaren 2019. Søknad til same anlegget låg føre våren 2018 og vart handsama som del av budsjettarbeidet i fylkeskommunen for 2019; jf. HNK-sak 48/18.

Skianlegg Vik Status: Avslag i HNK 30.04.2019 (sak 26/19).

Vik Skisenter som er eigd og drifta av Vik Idrettslag har søkt om 2 mill. kr til utvikling av anlegget. Anlegget er eit heilårsanlegg med rulleskiløyper i store deler av traseane og rulleskiskyting med standplass for 30 skyteskiver. I tillegg er det anlegg for hopp og alpint.

Astruptunet Jølster Status: Avslag i HNK 30.04.2019 (sak 27/19), men «sendt vidare» til tertialrapport 1/19.

Jølster kommune har søkt om 1,4 mill. kr. til eit forprosjekt for visningssenter ved Astruptunet. Visningssenter er ein del av Jølster kommune sitt arbeid med utviklinga av Astruptunet.

Klima Ev. felles hurtigladeutlysing med Hordaland fylkeskommune Status: Ikkje handsama.

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune gjennomførte felles utlysing om støtte til etablering av hurtigladestasjonar våren 2019, med frist 30.april. Utlysinga var delt i to; Nye stasjonar i Sogn og Fjordane, og utviding av eksisterande. Ramma for «eksisterande» er på 548 000 kr, og det kom inn søknadar på 15 ladeplassar, totalt 32 ladeuttak. Total søknadssum 3 420 000 kr.

Søknadane vil bli gjennomgått i samarbeid med representantar frå Hordaland fylkeskommune, i veke 19 og 20.»

I høve søknadane frå Bratt Moro AS og Lærdal Grønt har fylkesrådmannen gjort ei vurdering av søknadane. Desse følgjer som vedlegg 12 og vedlegg 13.

2. Nye søknadar

Næring

Kapitalbase for investeringar – Fjord Invest Såkorn AS

Fjord Invest Såkorn AS søkjer om kapital til å etablere ein kapitalbase i Sogn og Fjordane. Søknaden inneheld ikkje eit konkret beløp, men Fjord Invest Såkorn AS har estimert eit beløp på 10 mill. kr. Så langt er ingen andre utfordra på å stille med kapital.

Kapitalbasen skal ha som føremål å bidra til nyskaping og vekst i Sogn og Fjordane, gjennom investeringar i oppstartsbedrifter og vekstbedrifter. Ein av modellane til denne kapitalbasen er å etablere ei stifting.

Kultur

Sogn Kunstisbane – Lærdal IL

Lærdal Idrettslag søkjer om 5 mill. kr (50 % av naudsynt eigenkapital) i støtte til realisering av kunstisbane i Lærdal. Lærdal IL arbeidar no med å få fullfinansiert prosjektet og ønskjer å få definert det som eit interkommunalt idrettsanlegg. Målet er å få på plass ei samla finansieringsløysing med spelemiddel, momskompensasjon og eigenfinansiering på 36,5 mill. kr. Eigenfinansieringa skal utgjere 10 mill. kr, der fylkeskommunen er utfordra på 5 mill. kr og kommunar er utfordra på 1,850 mill. kr.

Lærdal Idrettslag vil stå som ansvarleg for drift og vedlikehald av kunstisbana.

Fellesmagasin for Musea i Sogn og Fjordane i Ramstad eksefabrikk

Side 4 av 4

Musea i Sogn og Fjordane søkjer fylkeskommunen om tilskot på 20 mill. kr til fellesmagasin for musea i fylket. Dei har også søkt Kulturdepartementet om tilskot til dette, jf. vedlegg 14.

I søknaden til Kulturdepartementet viser MiSF til at manglande magasinkapasitet og oversikt i dag er et hinder for god framdrift når det gjeld regsitrering, digitalisering og tilgjengeliggjering. Den viktigaste effekten av byggeprosjektet i Angedalen er at forvaltninga av samlingane vert betra, og at ein på lenger sikt oppnår gode oppbevaringstilhøve for samlingane ved alle avdelingane. Av søknaden går det fram at fellesmagasinet skal utformast for å fungere for alle typar gjenstandar og vere den sentrale plassen for profesjonell handtering av objekt i musea sine samlingar. Fellesmagasinet skal tene både som arbeidsplass for tilsette i Musea i Sogn og Fjordane og som formidlingsarena for besøkande til publikumsmagasinet. Magasinarealet har ei effektiv grunnflate på 3000 m2. I tillegg kjem 741 m2 båtmagasin og 273 m2 publikumsmagasin.

Dei totale byggekostander er budsjettert til 65 mill. Finansieringsplanen viser slik kostnadsdeling:

Kulturdepartementet kap. 332 post 70: 40 mill. kr Sogn og Fjordane fylkeskommune: 20 mill. kr Eigarkommunen i Sunnfjord Energi: 1 mill. kr Eigenfinansiering : 4 mill. kr

Søknaden om investeringstilskot oppfyller krava som fylkestinget sette i vedtaket i FT-sak 8/19, pkt. 2.

Når det gjeld driftsbudsjett, har Musea i Sogn og Fjordane skissert dette til i underkant av 3 mill. årleg. Dei planlegg å finansiere dette dels innan eigne rammer, dels ved hjelp av auke i driftstilskotet. Dette vert å ta stilling til i dei årlege budsjettvedtaka.

Side 1 av 2

Nærings- og kulturavdelinga

Sakshandsamar: Kristin Arnestad E-post: [email protected] Tlf.: 90616843 Vår ref. Sak nr.: 19/4374-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 27170/19 Dykkar ref. Notat

Dato LEIKANGER, 20.05.2019

Frå: Nærings- og kulturavdelinga

Til: Fylkesrådmannen

Statsstøttevurderingar - notat om større søknader

Innleiing Vi viser til notat om større søknader lagt fram som skriv og melding for fylkesutvalet 9. mai 2019. Fleire av desse søknadane må vurderast nærmare opp mot statstøtteregelverket, og vi gjer i dette notatet greie for om regelverket vil vere til hinder for å gje tilskot i desse sakene.

Ny infrastruktur og felles organisering av frukt og bærnæringa i Sogn og Fjordane Landbrukssektoren er i utgangspunktet ikkje omfatta av EØS-avtalen. Dette følgjer av EØS-avtalen artikkel 8, som spesifiserer at primærprodukt i landbruket fell utanom. Visse bearbeidde jordbruksprodukt vert likevel omfatta av EØS-avtalen.

PWC har på vegne av Lærdal kommune gjort ei vurdering om Lærdal kommune kan yte støtte til Lærdal Grønt gjennom å selje tomta på Håbakken til vesentleg under marknadspris. Den juridiske vurderinga som Lærdal kommune har fått gjort, konkluderer med at handel med frukt og grønsaker som i Lærdal Grønt si sak vil falle utanom EØS-avtalen.

Ut frå den juridiske vurderinga som er gjort, vurderer vi det slik at mest truleg vil i alle fall store deler av dette prosjektet vere unnateke statsstøtteregelverket grunna «landbruksunnataket». Prosjektet er i ein tidleg fase, og søknaden er ikkje detaljert i kostnadsoppsettet. Det kan difor finnast grensegangar, mellom anna til salsareal for bearbeidde produkt som ein må vere merksame på. Ved eit eventuelt tilskot vil det vere viktig å skilje ut dei kostnadane ein kan støtte, mot det ein eventuelt ikkje kan støtte. Slik vi vurderer saka no kan truleg store deler av prosjektet støttast utan å ta omsyn til EØS-avtalen sine reglar. Før eit eventuelt tilskot til søkjar må vi få meir detaljerte opplysningar og kostnadsoverslag.

Njøs Eigedom Njøs Eigedom skal drive forvaltning og utleige av landbrukseigedomen, og ikkje direkte produksjon av landbruksvarer. Vi vurderer det som mest sannsynleg at selskapet blir omfatta av EØS-avtalen. Det er også mest truleg at ein god del av aktiviteten i selskapet vert rekna som økonomisk aktivitet. Eit eventuelt tilskot bør difor truleg tildelast i tråd med unntaksheimlar i statsstøtteregelverket.

For Njøs Eigedom kan aktuelle heimlar vere det alminnelege gruppeunnataket og artiklane 17 (investeringsstøtte til SMB) og artikkel 26 (forskingsinfrastruktur). Hovudutval for næring og kultur har sett av 4 mill. kr. til Njøs Eigedom. Denne summen skal tildelast som støtte etter det alminnelege gruppeunnataket, artikkel 26 dersom selskapet oppfyller nærare definerte vilkår. Dette går mellom anna på finansiering frå andre, og spesifikke vilkår knytt til artikkel 26.

Det er ulike støtteintensitetar for ulike artiklar i gruppeunnataket. Det er høve til å kombinere ulike støtteformer men ein må vere nøye med kummulasjonsreglane slik at ein ikkje overstig grensene. For artikkel 26 er til dømes maks støtteintensitet 50%, medan det er maks 20% for artikkel 17.

Besøksadresse: Postadresse: E-post: Telefon: Bankgiro: [email protected] 57638000 4212 02 02000 Kultur: Storehagen 1B, Førde Askedalen 2 Heimeside: Org.nr : Næring: Fylkeshuset, Leikanger 6863 LEIKANGER www.sfj.no NO 941 388 841 MVA Side 2 av 2

Når det gjeld Njøs Eigedom har dei fått på plass noko finansiering, og jobbar med meir. Det er noko usikkert kva endeleg budsjett vert. Det er difor litt usikker kva berekningsgrunnlag vi har for eit eventuelt tilskot. Det er heller ikkje avklara i detalj kva forskingsinfrastruktur som vil ligge i selskapet, og kva som vil ligge i Njøs Frukt og bær.

Vår vurdering er at det er rom for å gje ytterlegare tilskot i tråd med statsstøtteregelverket, men vi er usikre på kor mykje. Eit eventuelt tilskot kan ikkje tildelast til mottakar før vi har motteke ytterlegare spesifikasjon av kostnader, og dokumentasjon på oppfylling av vilkår i dei ulike artiklane.

Bratt Moro AS – utvikling av skredsenter i Sogndal Søknaden frå Bratt Moro gjev ikkje tilstrekkeleg informasjon til å greie ut ulike løysingar knytt til statsstøtteregelverket. Det er i søknaden frå Bratt Moro AS ikkje konkludert med kva organisasjonsform og driftsmodell ein tenkjer vil vere mest aktuell for skredsenteret. Bratt Moro AS er eitt aksjeselskap og dersom ei eventuell støtte skal tildelast Bratt Moro AS må den tildelast i samsvar med statsstøtteregelverket.

Fjordane Virtuelle Campus Fjordane Virtuelle Campus er tenkt oppretta ved å nytte selskapet Nordfjordeid Næringshage AS. Ein vil både endre namn og eigarsamansetning for å reflektere det nye innhaldet. Nordfjordeid Næringshage AS får i dag støtte frå SIVA som operatør for næringshageprogrammet. Denne støtta vert tildelt som støtte innanfor det generelle gruppeunntaket (artikkel 27 og artikkel 28). En del av det omsøkte tilskotet er tenkt løyst gjennom ei løyving i hovudutvalet for næring og kultur sitt møte 28. mai. Denne støtta er tenkt løyst med ein kombinasjon av bagatellmessig støtte og støtte innanfor det generelle gruppeunntaket sin artikkel 27 (investeringsstøtte til innovasjonsklynger). Eventuell støtte ut over det som vert tilrådd i hovudutval for næring og kultur sitt møte må vurderast på nytt opp mot statsstøtteregelverket. I samband med dette må det hentast inn ytterligare opplysningar.

Breiband Søknader til breiband er sendt inn gjennom Nkom si ordning. Tilskot til breiband blir tildelt etter det alminnelige gruppeunnataket, reglane for støtte til breibandinfrastruktur. Så lenge prosjekta blir gjennomført i tråd med Nkom sine reglar vil dei vere i tråd med statsstøtteregelverket.

RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Søknad

Søknadsnr. 2019-0101 Søknadsår 2019 Arkivsak

Støtteordning Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019

Prosjektnavn Infrastruktur ved Njøs eigedom som grunnlag for drift av Norsk frukt- og bærsenter

Kort beskrivelse Graminor sitt styre vedtok i desember 2018 å flytta jordbærforedlinga til Njøs under føresetnad av at regionale interessentar og noverande eigarar stiller opp for utvikling av eit nytt selskap der. Det er utarbeidd eit prospekt der ein går inn for å etablera to selskap, eitt nytt eigedomsselskap og eit driftsselskap. Begge er gjensidig avhengige av kvarandre og begge treng finansiering for å kunna utvikla konseptet Norsk frukt- og bærsenter på Njøs.

Prosjektbeskrivelse Utvikling av Njøs eigedom til Norsk frukt- og bærsenter i Leikanger

Bakgrunn

Frukt og bær er eit område i vekst, der alle trendar og planar er samstemte om at forbruket skal auka med bakgrunn i folkehelsa. Norsk frukt- og bærproduksjon gir også tilleggsverdiar i kulturlandskapet og opplevingar knytt til lokalmat og drikke, og har ein viktig distriktspolitisk dimensjon. Sogn og Fjordane og Hordaland er viktige fylke innafor frukt og bær, og næringa betyr svært mykje her.

Forsøksgarden på Njøs har vore ein viktig aktør i utvikling av norsk frukt og bær sidan oppstarten i 1920. Det har vore mange omorganiseringar gjennom snart 100 år, og ein står no framfor ei ny omorganisering. Denne kan gje stasjonen eit stort løft som både vil koma regionen til nytte, og vera viktig for norsk frukt- og bærproduksjon. Det inneber ei stor satsing på frukt og bær basert på norske sortar og plantemateriale, samstundes som det er ei satsing på Vestland sin nasjonale posisjon innan utvikling og innovasjon i frukt og bær.

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde ei sentral rolle ved den siste store omorganiseringa på Njøs i 2007. Då la Bioforsk ned aktiviteten på Njøs, og det vart etablert eit nytt selskap – Njøs næringsutvikling AS, som saman med Graminor sin aktivitet i frukt og bringebær vart berebjelken for vidare drift. Bjørke eigedom AS, som er eigar av Bjørke forsøksgård der Graminor har sitt hovudsete, kjøpte eigedomen på Njøs av Staten v/Landbruksdepartementet same året. I tida etter 2007 har Njøsmiljøet lansert mange nye sortar i frukt og bær, der den mest suksessfulle er pæresorten Celina, som er seld til 11 land utanom Noreg. Njøs næringsutvikling AS har hatt Arenaprosjekt innan frukt og bær, som det fyrste i landet innan frukt og bær, det har vore arbeidd aktivt innan økologisk produksjon, innan kompost og utvikling av nye frukt- og bærslag, m.m. På tross av små ressursar, har miljøet levert gode resultat og vakse seg mykje sterkare dei siste 10 åra.

Nye sortar i frukt og bær er avgjerande både for konkurransekrafta og bærekrafta til norsk frukt- og bærproduksjon, og dei må vera tilpassa utviklinga både i marknaden og klima. Det norske forbruket av både friske og konserverte produkt av frukt og bær er dominert av import, og sameleis går

- 1 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no utviklinga mot stadig meir import av plantemateriale av sortar som er utvikla ved utanlandske bedrifter. Dette er lite berekraftig for Noreg som nasjon, då det gir sårbarheit i forhold til leveranse av viktige innsatsfaktorar, og ein påfører økosystema høg risiko med innførsle av framande arter. For Vestland, der frukt- og bærproduksjonen er så viktig, er ei slik utvikling svært uheldig. Eitt av dei beste tiltaka ein kan setja i verk er å bidra til utvikling av berekraftige verdikjeder frå nye sortar til norske planter i ei fruktbar jord. Staten har gitt samfunnsoppdraget med utvikling av nye sortar (sortsforedling) til Graminor, og midlane vert ytte over Jordbruksavtalen. Sortsforedling og utprøving av sortsmateriale i frukt og bær har alltid vore ei viktig oppgåve på Njøs, og no er det vilje frå både Staten og Graminor til ei større satsing på Njøs innafor dette fagområdet. Denne satsinga inneber å flytta jordbærforedlingsprogrammet til Njøs og yta ekstra støtte til utvikling av foredlingsprogramma i frukt og bær.

Føresetnaden for satsinga er at regionen og næringa stiller opp og deltek i finansiering av infrastruktur, kompetanse-oppbygging og kjøp av oppdrag. Dei fleste bygningane på Njøs vart sette opp på 1930-talet, og er ueigna for dagens drift. Dersom Njøs skal kunna tilby eit godt alternativ for norsk frukt- og bærforedling, må ein kunna tilby like gode fasilitetar som i dag blir levert til jordbærforedlingsprogrammet på Bjørke forsøksgård. I motsett fall vil utvikling av nye jordbærsortar bli sett attende, og dette vil ikkje bli akseptert av korkje næringa, Graminor sitt styre eller Staten som oppdragsgjevar. Då vil noverande organisering halda fram, med to halve foredlar-stillingar og 2 teknikarstillingar innan frukt og bær på Njøs. Dette er ikkje berekraftig korkje for norsk frukt- og bærforedling eller for fagmiljøet på Njøs. Dersom ein ikkje lukkast med å skaffa tilstrekkeleg finansiering til å utvikla stasjonen no, vil den få store utfordringar både med rekruttering og oppgåver i åra som kjem, og både norsk frukt- og bærproduksjon og regionen vil tapa posisjon.

Konseptet

Norsk frukt- og bærsenter AS skal etablerast som ei vidareføring av Njøs næringsutvikling AS, og skal m.a. utføra frukt- og bærforedling på oppdrag frå Graminor innafor eple, plomme, jordbær og bringebær. Norsk frukt- og bærsenter vil med dette få ei tydeleg nasjonal oppgåve gjennom å bidra til at næringa får konkurransedyktige sortar. I tillegg vil senteret ha oppgåver knytt til dette fagområdet som m.a. å fylgja opp pæresortar som er utvikla, og vidareføra oppgåver som i dag ligg i Njøs næringsutvikling, særleg innafor berekraftige produksjonsformer og innovative produkt, men også innan klyngjeutvikling.

Njøs eigedom AS skal kjøpa eigedomen på Njøs av Bjørke eiendom AS, og saman med regionale aktørar utvikla eigedomen slik at den blir tenleg for Norsk frukt- og bærsenter og andre leigetakarar.

Dersom ein skal lukkast med konseptet, er ein avhengig av å få reist tilstrekkeleg kapital til nye bygningar som kan gje driftsselskapet Norsk frukt- og bærsenter og andre leigetakarar gode vilkår for drift. Leigetakarane arbeider med oppgåver som kjem landbruksnæringa og samfunnet til nytte, og har ikkje mål om avkastning for aksjonærane. Difor må leigekostnader haldast på eit nivå som gjer at det ikkje går ut over drifta i desse selskapa. Med den bakgrunnen ynskjer ein å ha hovudvekt av offentlege eigarar med regional tilknyting i eigedomsselskapet.

- 2 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Eigedomen vil med dette få ei sterk regional forankring, medan driftsselskapet Norsk frukt- og bærsenter AS vil få store nasjonale oppgåver i tillegg til ein regional profil.

Investeringsbudsjett

Totalbudsjettet for satsing på Njøs er vist i vedlagde prospekt. Anlegget er tenkt å bli eit fyrtårn både for energioptimalisering og innovasjonar i frukt og bær, som vil bidra til å tiltrekkja seg kompetente medarbeidarar. Berekraft vil stå sentralt både innafor bygg og drifta som føregår ved senteret.

Om eigedomen

Eigedomen på Njøs består av 2 tidlegare bruk, eitt på Njøs (gnr 24 bnr 21) og eitt på Nybø (gnr 16 bnr 12), med eit samla landareal på 339,1 daa. Av dette er 80,5 daa fulldyrka. Til eigedomen høyrer fleire bygningar.

Ein gamal driftsbygning frå 1936 som er ombygd til laboratorier, garderober og lager, med grunnflate 216 kvm. Kjellar er ca 100 kvm, medan 2. etg ikkje har full takhøgd.

Ein kontorbygning som opprinneleg var bygd som internat i 1957 på 206 kvm

Eit veksthus frå 1996 med grunnflate 300 kvm

Eit kjølelagerbygg frå 1937 med grunnflate 144 kmv (kjellar 57 kvm)

Ein gamal låve frå før 1900 på 100 kvm

Ei gamal sjøbu som er utleigd til Leikanger båtlag. Det er også karplanteplass i ei gamal veksthustomt og eit midlertidig plasthus på anlegget.

Jordarealet vert i dag nytta til forsøksfelt i frukt og bær, oppbevaring av genetiske ressursar og noko produksjonsfelt. Bygningane utanom kontoret vert nytta til forsøksverksemd, til Graminor, Njøs næringsutvikling, NLR vest og andre som har behov for å leiga plass til analyser (t.d. NIBIO, HVL, Sognefrukt Lerum). Kontorbygget har kontor, kantine og bibliotek/møterom. Møterommet vert fleire gonger i året nytta i samband med kurs og møte for produsentar som vert haldne av leigetakarar på kontoret eller andre leigetakarar. På Njøs vert også oppbevart dokumentasjon om hjortegjerde og vatningsverk som er tilgjengeleg for andre brukarar i grenda.

Njøs eigedom vil få om lag tilsvarande funksjon som det Bjørke eiendom dekkar idag, men med eit vesentleg forbetra tilbod på forsknings infrastruktur. Denne vil bli utleigd til alle som ynskjer å nytta seg av den.

Både Njøs eigedom og Norsk frukt- og bærsenter vil ha både offentlege og private eigarar.

- 3 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Kontaktopplysninger

Funksjon Navn Adresse/ poststed M obil Søker / Njøs næringsutvikling Njøsavegen 5 95734576 Prosjekteier Org.nr:991738150 6863 LEIKANGER Kontakt- Stein Harald Hjeltnes Njøsavegen 5 95734576 person 6863 LEIKANGER Prosjekt- Stein Harald Hjeltnes Njøsavegen 5 95734576 leder 6863 LEIKANGER

Mottatt offentlig støtte tidligere: Ja Njøs næringsutvikling har fått offentleg støtte frå fleire offentlege instansar, men støtte til eigedomsselskapet, som p.t. ikkje har eige organisasjonsnummer, har ikkje fått offentleg støtte.

Det blir søkt kommunar i Sogn og Fjordane om samla 4 mill kr. i støtte til eigedomsselskapet.

Spesifikasjon Bakgrunn Frukt og bær er eit område i vekst, der alle trendar og planar er samstemte om at forbruket skal auka med bakgrunn i folkehelsa. Norsk frukt- og bærproduksjon gir også tilleggsverdiar i kulturlandskapet og opplevingar knytt til lokalmat og drikke, og har ein viktig distriktspolitisk dimensjon. Sogn og Fjordane og Hordaland er viktige fylke innafor frukt og bær, og næringa betyr svært mykje her.

Forsøksgarden på Njøs har vore ein viktig aktør i utvikling av norsk frukt og bær sidan oppstarten i 1920. Det har vore mange omorganiseringar gjennom snart 100 år, og ein står no framfor ei ny omorganisering. Denne kan gje stasjonen eit stort løft som både vil koma regionen til nytte, og vera viktig for norsk frukt- og bærproduksjon. Det inneber ei stor satsing på frukt og bær basert på norske sortar og plantemateriale, samstundes som det er ei satsing på Vestland sin nasjonale posisjon innan utvikling og innovasjon i frukt og bær.

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde ei sentral rolle ved den siste store omorganiseringa på Njøs i 2007. Då la Bioforsk ned aktiviteten på Njøs, og det vart etablert eit nytt selskap – Njøs næringsutvikling AS, som saman med Graminor sin aktivitet i frukt og bringebær vart berebjelken for vidare drift. Bjørke eigedom AS, som er eigar av Bjørke forsøksgård der Graminor har sitt hovudsete, kjøpte eigedomen på Njøs av Staten v/Landbruksdepartementet same året. I tida etter 2007 har Njøsmiljøet lansert mange nye sortar i frukt og bær, der den mest suksessfulle er pæresorten Celina, som er seld til 11 land utanom Noreg. Njøs næringsutvikling AS har hatt Arenaprosjekt innan frukt og bær, som det fyrste i landet innan frukt og bær, det har vore arbeidd aktivt innan økologisk produksjon, innan kompost og utvikling av nye frukt- og bærslag, m.m. På tross av små ressursar, har miljøet levert gode resultat og vakse seg mykje sterkare dei siste 10 åra.

- 4 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Nye sortar i frukt og bær er avgjerande både for konkurransekrafta og bærekrafta til norsk frukt- og bærproduksjon, og dei må vera tilpassa utviklinga både i marknaden og klima. Det norske forbruket av både friske og konserverte produkt av frukt og bær er dominert av import, og sameleis går utviklinga mot stadig meir import av plantemateriale av sortar som er utvikla ved utanlandske bedrifter. Dette er lite berekraftig for Noreg som nasjon, då det gir sårbarheit i forhold til leveranse av viktige innsatsfaktorar, og ein påfører økosystema høg risiko med innførsle av framande arter. For Vestland, der frukt- og bærproduksjonen er så viktig, er ei slik utvikling svært uheldig. Eitt av dei beste tiltaka ein kan setja i verk er å bidra til utvikling av berekraftige verdikjeder frå nye sortar til norske planter i ei fruktbar jord. Staten har gitt samfunnsoppdraget med utvikling av nye sortar (sortsforedling) til Graminor, og midlane vert ytte over Jordbruksavtalen. Sortsforedling og utprøving av sortsmateriale i frukt og bær har alltid vore ei viktig oppgåve på Njøs, og no er det vilje frå både Staten og Graminor til ei større satsing på Njøs innafor dette fagområdet. Denne satsinga inneber å flytta jordbærforedlingsprogrammet til Njøs og yta ekstra støtte til utvikling av foredlingsprogramma i frukt og bær.

Føresetnaden for satsinga er at regionen og næringa stiller opp og deltek i finansiering av infrastruktur, kompetanse-oppbygging og kjøp av oppdrag. Dei fleste bygningane på Njøs vart sette opp på 1930-talet, og er ueigna for dagens drift. Dersom Njøs skal kunna tilby eit godt alternativ for norsk frukt- og bærforedling, må ein kunna tilby like gode fasilitetar som i dag blir levert til jordbærforedlingsprogrammet på Bjørke forsøksgård. I motsett fall vil utvikling av nye jordbærsortar bli sett attende, og dette vil ikkje bli akseptert av korkje næringa, Graminor sitt styre eller Staten som oppdragsgjevar. Då vil noverande organisering halda fram, med to halve foredlar-stillingar og 2 teknikarstillingar innan frukt og bær på Njøs. Dette er ikkje berekraftig korkje for norsk frukt- og bærforedling eller for fagmiljøet på Njøs. Dersom ein ikkje lukkast med å skaffa tilstrekkeleg finansiering til å utvikla stasjonen no, vil den få store utfordringar både med rekruttering og oppgåver i åra som kjem, og både norsk frukt- og bærproduksjon og regionen vil tapa posisjon.

Som det framgår av prospektet, skal Njøs eigedom ikkje ha tilsette, men adm. oppgåver skal løysast gjennom avtale med Norsk frukt- og bærsenter AS. Det er ein berekna årsomsetnad 1 mill NOK i eigedomsselskapet, og balansen blir om lag 32 mill kr i starten (tilsvarande investeringa). Norsk frukt- og bærsenter, som er største leigetakar, vil få ein årleg omsetnad på rundt 14 mill kr. og ein balanse på rundt 5 mill kr. Talet på tilsette vil bli 12-14 personar. I tillegg til 3 tilsette i NLR Vest, som medfører 15-17 personar totalt som vil ha sin daglege arbeidsplass på eigedomen som vert forvalta av Njøs eigedom AS.

Prosjektmål Målet med prosjektet er å byggja ut eit moderne FoU- og innovasjonsanlegg i frukt og bær på Njøs. Forskings-infrastrukturen skal fyrst og fremst nyttast av Norsk frukt- og bærsenter, men også av andre leigetakarar hjå Njøs eigedom og andre som kan ha interesse av å leiga seg inn i anlegget.

Forankring Frukt og bær og landbruk er eit prioritert område i Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane, som vart stadfesta av fylkestinget i Sogn og Fjordane i juni 2018.

- 5 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Eigedomen på Njøs er definert som LNF, og planlagde utbyggingar vil ikkje gje nemndande reduksjon av landbruksarealet på eigedomen.

Helsedirektoratet sin nasjonale handlingsplan 2017-2021 legg opp til 20% auke i forbruket av frukt og bær, og satsinga på Njøs vil vera eit bidrag til å nå denne målsetjinga

St.pr.nr 1 S (2018-19) og i jordbruksoppgjeret 2018 blei inntektsmogelegheitene i frukt og bær styrka.

Staten og Graminor ynskjer å satsa på sortsforedling og framavl slik at det blir mogeleg å konkurrera med importen innan dei aktuelle artene i frukt og bær

Prospektet er presentert for Leikanger formannskap og ordførarane i kommunane Leikanger, Sogndal og Balestrand.

Prosjektorganisering Njøs eigedom vert organisert som eit Aksjeselskap.

Dei offentlege eigarane må sjølv velja om dei ynskjer å yta tilskot eller om det er ynskjeleg å gå inn med midlane som aksjekapital.

Graminor er registrert under næringskode 72.190 Annen forskning og annet utviklingsarbeid innen naturvitenskap og teknikk

NLR Vest er registrert under næringskode 74.909 Annen faglig, vitenskapelig og teknisk virksomhet ikke nevnt annet sted

Njøs næringsutvikling er registrert under næringskode 70.220 Bedriftsrådgivning og annen administrativ rådgivning. Etter omstruktureringa er det naturleg at Norsk frukt- og bærsenter, som er vidareføring av Njøs næringsutvikling, får endra næringskode til 72.190. Det blir rettare i forhold til verksemda.

Samarbeidspartnere Viktigaste samarbeidspartnarar blir:

Norsk frukt- og bærsenter (Aksjonær, leigetakar og adm)

Graminor (Privat aksjonær)

Norsk landbruksrådgiving vest (Leigetakar)

Nye leigetakarar

Aktiviteter Fylgjande hovudaktivitetar er planlagde

1. Etablera eit fundament for finansiering av satsinga

2. Etablera aksjeselskap med vedtekter

3. Detaljplanlegging av bygg

4. Inngå leigeavtalar

- 6 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

5. Detaljplanlegging av gjennomføring ift. dagleg drift og funksjonar

6. Innhenting og vurdering av anbud

7. Gjennomføra bygging

6. Dokumentasjon og opplæring

Målgrupper 1. Frukt- og bærprodusentar

2. Eliteplantestasjon og planteprodusentar

3. Frukt- og bærmottak og matvareindustri

4. Fruktgrossistar

5. Daglegvarehandel

6. Landbruket sine organisasjonar

7. Turistnæringa

8. Skular

9. Samfunnet elles

Norsk landbruksrådgiving nyttar laboratoriet i samband med haustetidsvurderingar som dei utfører for Sognefrukt. Dette er kjemiske og fysiske analyser av innsamla fruktprøvar

NLR og Nibio nyttar også laboratoriet i samband med identifikasjon av insekt og andre skadegjerarar der dei nyttar stereomikroskop og luper, og organiserer produsentsamlingar.

Ny-oppstarta vinprodusentar i området ynskjer å leiga seg inn i anlegget for pressing, fermentering, lagring og tapping av lokal vin

Høgskulen på Vestlandet har tidlegare nytta vekstrom her i samband med studentoppgåver innan botanikk for å sjå på ugrasbank i ulike typar jord

Elles vert anlegget mest nytta i samband med prosjektoppdrag me løyser saman med FoU-bedrifter, der me har infrastruktur og kompetanse som andre manglar.

Me kjem til å gå meir aktivt ut enn me har gjort når me får ein meir tidsmessig og moderne infrastruktur, og tenkjer at t.d. HVL bør kunna ha nytte av den. Sameleis bedrifter i området. Utleige av forskingsfasilitetar vert gjort til sjølvkost frå eigedomsselskapet.

Resultat Eigedomsselskapet sine resultat vil bli målt gjennom leigetakarane sine aktivitetar.

Under føresetnad av at dei får gode vilkår å driva for, vil det medføra ein årleg omsetning på Njøs på anslagsvis 15 mill kr i 2020. Denne vil, med bakgrunn i investeringane, kunna auka i åra framover.

- 7 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Aktiviteten på Njøs er fyrste steg i ei verdikjede, der produkta som vert utvikla i hovudsak kjem andre aktørar lengre ute i verdikjeda til nytte.

Bringebærsorten Glen Ample vart teken i bruk i nye dyrkingssystem utvikla på Njøs i 2001. Produsentar i Sogn og Fjordane tok denne i bruk og årleg fyrstehandsverdi av bringebær i korger til konsum frå fylket er om lag 35 mill kr. Totalt i Noreg er den årlege verdien til konsum mellom 70 og 100 mill kr. Før dennen sorten kom, var bringebær til konsum ein ubetydeleg produksjon.

Norsk pæreproduksjon var i sterk nedgang gjennom heile 1990-talet, og produksjonen hadde blitt nærast borte dersom ikkje sorten Ingeborg som vart lansert frå Njøs, hadde blitt teken i bruk frå årtusenskiftet. Etter dette vart sorten Celina send ut i 2010, og den gir årlege inntekter i form av royalties til Graminor gjennom sal av tre og import av frukt. Norsk produksjon var 30 tonn i 2018, og vil med noverande planting auka til 200 tonn i løpet av 3 år. For produsentane utgjer det ein meirverdi på om lag 4 mill årleg. Planen er å auka dette til 1000 tonn i løpet av 15 år. Internasjonalt er det planta om lag 4.500 daa av sorten no, og dette gir eit produksjonspotensiale på over 20 mill kg. Ein del av dette vil bli importert til Noreg når det ikkje finst norsk vare.

Desse to døma viser korleis aktiviteten på Njøs kan bidra til å utvikla heilt nye produksjonar, og korleis dei kan bidra til å revitalisera ein produksjon og gje internasjonale effektar. I andre viktige arter det blir drive sortsforedling, må resultat målast som marknadsandel av norske sortar.

Eple og jordbær har kvar om lag 1/3 av arealet i norsk frukt- og bærproduksjon, medan andre arter saman har 1/3. For Vestland er andre arter, som plomme, moreller og bringebær også svært viktige. Aktiviteten som Norsk landbruksrådgiving Vest driv på produsentrådgiving er svært viktig for å styrkja kompetanse og økonomi i produksjonanen, og det at dei har gode fasilitetar til si drift på Njøs er svært viktig for å oppretthalda eit sterkt fagmiljø i det kompetansenavet som Njøs er i Sogn og Fjordane.

Ei vellukka satsing i eigedomen på Njøs vil føra til ei styrking av frukt- og bærproduksjonen både i Sogn og Fjordane, og i Vestland.

Effekter Realisering av nye bygg på Njøs i regi av Njøs eigedom AS er avgjerande for å halda fram aktiviteten i framtida. Det er såleis eit være eller ikkje være for verdiskapinga som skjer i bedriftene som held til der.

Effekten av bygningane vil gje gode utviklingsmogelegheiter for dei bedriftene som er på Njøs i dag, og vil kunna tiltrekkja seg nye. Det gir grunnlag for tilføring av nye, langsiktige oppgåver og høve til rekruttering og vidareutvikling av spesialkompetanse. Indirekte effektar vil bli auka sysselsetjing innan frukt og bær i Vestland og auka verdi nasjonalt av norske sortar og planter.

Dersom bygging ikkje blir realisert vil det ikkje bli tilført langsiktige oppgåver til driftsselskapet Norsk frukt- og bærsenter, som vil bli hovudleigetakar. Graminor si drift vil etter kvart bli avvikla og med det vil grunnlaget for drift i Njøs næringsutvikling bli svært vanskeleg. Effekten for norsk frukt- og bringegbærproduksjon vil bli svært negativ.

Tids- og kostnadsplan

- 8 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Tidsplan Detaljert framdriftsplan vert utarbeidd etter at finansiering av prosjektet er på plass

- 9 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Kostnadsplan Tittel 2019 2020 2021 2022 2023 SUM Bibliotek/arkiv, bøker og historisk materiale 100 000 100 000 Fruktlager m/tilh. laboratorier 2 000 000 4 000 000 6 000 000 Garderobeanlegg m/ sluse for risikoavlastning 1 000 000 1 000 000 IKT/ styringssystem og overvaking forsøksanlegg 500 000 500 000 Karantene/mottak/rensin sanlegg 1 100 000 1 100 000 Kjøp av eigedom 3 000 000 3 000 000 Kryssingsveksthus/ oppbevaring genressurs 1 200 000 1 200 000 Laboratoriebygg m/ lab og vekstrom 2 000 000 4 900 000 6 900 000 Lager for spesialmaskiner og reiskapar 2 500 000 2 500 000 Møterom/konferanserom m/kantine 4 000 000 4 000 000 Ny fossilfri energiløysing 1 000 000 1 000 000 Nye kontor 1 000 000 1 000 000 Prosesseringsrom for småskalaproduksjon 1 000 000 1 000 000 Vegar, murar, ute-anlegg 1 700 000 1 000 000 2 700 000

Sum kostnad 8 800 000 23 200 000 32 000 000 Spesifikasjon av kostnadselement er sett opp i vedlagde prospekt. Summen i 2019 avheng av kor raskt ein får på plass finansiering og kapasitet på planlegging. Det er mogeleg at nokon av bygga og ferdistilling vil bli i 2021

Me har ikkje fullt oversyn over nødvendig forskningsifrastruktur som trengs enno. Den største delen går på spesialtipassa bygg i Njøs eigedom AS, så summane er sette opp med bakgrunn i innhenta tilbod og beste skjønn. Det vil også bli trong for spesialinstrument og spesialreiskap som naturleg vil høyra heime i Norsk frukt- og bærsenter AS. Desse vil også bli tilbode andre å bruka, eller å leiga med kvalifisert personale. Forskningsinfrastruktur til Norsk frukt- og bærsenter er i utgangspunktet ikkje del av denne søknaden.

Finansieringsplan Tittel 2019 2020 2021 2022 2023 SUM Eigne midlar og lån 5 500 000 5 500 000 Enova 500 000 500 000 Graminor 3 000 000 3 000 000 Kommunar i Sogn og Fjordane 4 000 000 4 000 000 Næringsaktørar og private investorar 4 000 000 4 000 000 Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019 15 000 000 15 000 000

- 10 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Sum finansiering 22 000 000 10 000 000 32 000 000 Finansieringsplanen gjeld Njøs eigedom. Som vedlagde prospekt viser, er det også ein stor sum knytta til Norsk frukt- og bærsenter AS. Desse to selskapa heng nær saman, då det eine ikkje kan eksistera utan det andre. Samla investeringar i perioden 2019-2024 er berekna til 50 mill kr.

Geografi 1417-Vik, 1418-Balestrand, 1419-Leikanger, 1420-Sogndal, 1421-Aurland, 1422-Lærdal, 1426-Luster, 1445-Gloppen, 1449-Stryn

Vedleggsliste Dokumentnavn Filstørrelse Dato PROSPEKT Norsk frukt- og bærsenter.pdf 1 923 276 22.03.2019

- 11 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Søknad

Søknadsnr. 2019-0150 Søknadsår 2019 Arkivsak

Støtteordning Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019

Prosjektnavn Fjordane Virtuelle Campus

Kort beskrivelse Sogn og Fjordane Fylkeskommune gav i fjor tilskot til forprosjekt for Fjordane Virtuelle Campus ved Normatic as. Prosjektet var initiert av bedriftsmiljø i Nordfjord relatert til elektro/automasjon, enøk og byggfag. Utgangspunktet var at bedriftene ser eit vidare ekspansjonspotensial, men ser rekruttering/kompetanseutvikling og utviklingskapasitet som avgrensande faktorar. For å kunne vidareutvikle sine sterke posisjonar og ikkje sakke akterut vil ein no etablere FVC.

Prosjektbeskrivelse Bedriftene ser eit stort vekstpotensiale innanfor sine respektive forretningsområde, og vil kunne auke med ca 100 årsverk dei neste 3 åra. Ein er kjend med at fleire andre teknologibedrifter i regionen og har eit stort vekstpotensial.

Utfordringa er likevel at den teknologiske utviklinga no går så fort internasjonalt, at det er krevjande for SMB bedrifter i Distrikts-Norge å halde tritt med utviklinga. Dette fordrar at ein er i stand til å rekruttere rett kompetanse samtidig som ein kontinuerleg klarer å oppdatere eigne tilsette på utviklinga som no skjer i stor fart.

For alle type aktørar er mangelfull tverrfagleg samhandling ei stor utfordring. Dette medfører at det ofte blir dårlege løysingar som blir realisert eller at sjølve gjennomføringa er lite effektiv. Vi meiner at det i tillegg ligg eit stort potensiale i å blande kompetente personar frå ulike fagområde, som t.d. helse og IT, for å tenkje nytt på korleis ein løyser viktige utfordringar for samfunnet. Det er i slike skjeringspunkt vi skal skape nye arbeidsplassar i regionen. Vi byggjer på den kompetansen vi har i bedriftene og gjennom FVC skal vi sørge for at dette blir kryssa med komplementær kompetanse på andre område – uavhengig av lokalisering. FVC skal såleis vere ein kanal for bedrifter lokalisert på ulike stadar. FVC er ein node i eit globalt system, og bedrifter elles kan bli ein del av dette.

For å lukkast betre med rekruttering er attraktive bedriftsmiljø og bumiljø viktige. Det er derfor viktig å utvikle kompetansearbeidsplassar som gjer det attraktivt for ungdommen å etablere seg i regionen. Dette er viktig verkemiddel for å stoppe flukten av ungdom frå distrikta. Gjennom FVC vil ein kunne tilby karrierevegar frå vidaregåande, gjennom innovative bedrifter og til høgskuleutdanning. Gjennom dette løpet vil ein og kunne få høve til å jobbe i FoU prosjekt og vere knytt til ein «student campus» for talentutvikling.

For bedriftene er det viktig å utvikle dei posisjonane kvar har innanfor sine eksisterande forretningsområde. Skal ein klare dette i den raske teknologiske utviklinga, føreset det at dei er på høgde med det beste som finst i verda. I tillegg kan altså denne kompetansen brukast som grunnlag for ny forretningsutvikling i samarbeid med bedrifter innan andre fagområde. Eit døme på dette er at innan helsesektoren er det no fokus på at pasientane skal behandlast mest mogleg heime. Dette

- 1 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no inneber eit tettare samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Ved hjelp av teknologi kan ein fjernbehandle pasientar. E-helse er såleis iferd med å bli eit av dei store nasjonale satsingsområda. Korleis kan bedriftsmiljø i regionen med høg kompetanse på digitalisering av ulike arbeidsprosessar nytte dette og inn på området som helse? Dette kan vere eit område for utviklingsarbeid gjennom FVC, og som vil måtte skje i samarbeid med kommune og Helse Førde.

Sett frå nasjonale og internasjonale FoU aktørar så treng dei relevante bedrifter til å vere med å gjennomføre demo-prosjekt i ulike land. Dei har behov for bedrifter som kan implementere nyutvikla løysingar og som kan å tenke innovativt i utføringa (dyktige handverkarar).

Korleis vil undervisning på vidaregåande skular og høgskular skje i framtida? På kva måte vil den digitale revolusjonen endre sjølve læringsarenaen? Vi ser for oss at det blir meir av «virtuelle» klasserom. Dette inneber at ein kan ta del i dette uavhengig av lokalisering. FVC skal vere ein plass der ein kan skreddarsy kurspakkar og utdanningsløp til den enkelte.

FVC vil omfattar både ein «virtuell og fysisk campus» der bedrifter får tilgang kompetanseutvikling på ulike nivå – frå kurstilbod høgare utdanning. Vidare vil det vere eit nav for utviklingsaktivitetar for enkeltbedrifter og for felles tiltak.

I forprosjektet har både den vidaregåande skulen og Fagskulen i Sogn og Fjordane vore sterkt involvert. Desse ser dette som ein moglegheit til eit enda tettare samarbeid med næringslivet. FVC vil og gje utdanningsinstitusjonane lettare tilgang på teknologi som bedrifter nyttar i si verksemd, og vil såleis gjere undervisninga meir relevant for elevane. Dette vil skje gjennom ein felles lab som både bedrifter og undervisning skal ha tilgang til.

Som del av forprosjektet er det og kome fram behov frå behov for deltidsstudie innan automasjon og elkraft. Dette vil ein og realisere som del av desse planane. Denne konkrete delen kan realiserast allereie frå komande skulehaust.

Kontaktopplysninger

Funksjon Navn Adresse/ poststed M obil Søker / Nordfjordeid Næringshage AS Øyane 11 91702150 Prosjekteier Org.nr:982743397 6770 NORDFJORDEID Kontakt- Trond Haavik Øyane 11 90898370 person 6770 NORDFJORDEID Prosjekt- Trond Haavik - 90898370 leder 6770 NORDFJORDEID

Mottatt offentlig støtte tidligere: Ja Forprosjektet fekk offentleg støtte frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune på kr. 580.000,- og frå Nordfjordrådet på kr. 150.000,-

Spesifikasjon Bakgrunn Søknaden gjeld realiseringa av FVC, dvs som eit hovudprosjekt etter at forprosjektet no er fullført.

- 2 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Korleis kan sterke bedrifter lokalisert lengt frå dei store byane, og som har stort vekstpotensiale klare å halde tritt med den raske teknologiske utviklinga? Trenden med aukande urbanisering medfører at bedriftene har ein lekkasje av medarbeidarar som etter fullført fagbrev flyttar til byar for å ta vidare utdanning. Samtidig opplever bedriftene at det er vanskeleg å rekruttere personar tilbake til fylket. Dette harmonerer og med statistikk frå Telemarksforsking; fire av fem som tek utdanning i fylket blir verande her, mens av dei som reiser ut kjem kun ein av fem tilbake.

Midt i denne utfordringa må bedriftene forholde seg til ei rask utvikling dreve av digitalisering. Sjølv om bedriftene i dag ligg langt framme med innovative løysingar, er det krevjande å halde tritt med utviklinga for å fortsatt ligge i front.

Dette er utgangspunktet for at bedrifter med utgangspunkt i elektro/automasjons-miljøet, enøk og byggfag i Nordfjord starta eit forprosjekt for å sjå korleis ein i fellesskap kunne møte desse utfordringane. Forprosjektet er finansiert av initiativtakarane sjølve saman med Fylkeskommunen og Nordfjordrådet.

Bedriftene ser at det er nødvendig å styrke følgjande område om ein skal ha sjans til å utnytte vekstpotensialet dei ser:

1. Skaffe rett kompetanse:

• rekruttere for å auke kapasitet og for å få tilført ny kompetanse ein manglar

• utvikle eigne tilsette gjennom kurs på ulike nivå og ulike tema

• klare å halde på dei ein har i dag ved å tilby desentrale/virtuelle høgare utdanningstilbod på deltid (mistar i dag til Bergen). Slik utdanning må og vere meir spissa mot behovet til bedriftene og å knyte til oss talent i tidleg fase.

2. Utviklingskapasitet

• tid/organisering til å rigge utviklingsprosjekt – alt frå mindre bedriftsinterne prosjekt til større FoU prosjekt

• utvikle og vedlikehalde nettverk med andre bedrifter

• knyte til seg FoU miljø inkl å få på plass ein «nærings PhD»

• kapital (er i dag for lite flinke til å innhente ekstern finansiering)

3. Sørge for at miljøet framstår som attraktivt for

• noverande og framtidas tilsette ved å m.a. tilbod om studentcamp

• andre bedrifter som kan komplementere miljøet og for nye etableringar gjennom gründer camp

- 3 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Slik situasjonen er i bedriftene i dag klarer ikkje bedriftene å løyse desse utfordringane kvar for seg. Det er derfor naudsynt at fleire bedrifter går saman om å jobbe med dette slik at ein kan hente ut synergiar og dermed oppnå betre resultat enn om ein prøver kvar for seg. I tillegg ønskjer ein å realisere dette i samarbeid med andre bedrifter med tilsvarande utfordringar andre stadar, som kan dra nytte av dei same tilbode som blir drege i gang av FVC. Vidare er det naturleg å samarbeide med kommunar og andre offentlege aktørar i regionen spesielt når det gjeld rekruttering.

Initiativtakarar

Følgjande bedrifter står bak initiativet:

Normatic AS

• Elektro/automasjon/styring

• Nasjonal marknad

• Lokalisering: Nordfjordeid, Førde, Lillehammer

• Omsetnad: 95 mill

• Tilsette: 50

Nordplan AS

• Største ark/ing-selskapet mellom Trondheim og Bergen

• Nasjonal marknad

• Lokalisering: Nordfjordeid, Førde, Ålesund, Våga

• Omsetnad: 54 mill

• Tilsette: 55

Moderne Varme AS

• Heilskapleg og fornybart varmekonsept basert på varmepumpe

• Potensiell nasjonal og internasjonal marknad

• Lokalisering: Nordfjordeid

• Omsetnad: 18 mill

• Tilsette: 8

Fjordvarme AS

• Spisskompetanse på fornybare løysingar

- 4 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

• Potensiell nasjonal og internasjonal marknad

• Lokalisering: Nordfjordeid

• Omsetnad: 5 mill

• Tilsette: 4

Eid Elektro

• Elektroentreprenør

• Teknisk avdeling som har nasjonal marknad

• Lokalisering: Nordfjordeid,, Bergen, Syvde

• Omsetnad: 104 mill

• Tilsette: 74

Caverion

• Elektro/automasjon/styring

• Vestlandet/Nord-Norge som marknad

• Lokalisering: Over heile landet

• Omsetnad: 3426 mill (nasjonalt)

• Tilsette: 2450 nasjonalt herav 40 på Nordfjordeid

Segel AS

• Forretningsutvikling

• Medverka i fleire internasjonale FoU prosjekt relatert til energieffektive bygg

• Lokalisering: Nordfjordeid, Ålesund, Dehli

• Omsetnad: 8 mill

• Tilsette: 4

Henden Elektro

• Elektroentreprenør

- 5 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

• Regionen som marknad

• Lokalisering: Sandane

• Omsetnad: 24 mill

• Tilsette: 15

I forprosjektet har ein i tillegg fått sterk medverknad frå følgjande aktørar:

• Fylkeskommunen

• Helse Førde

• Fagskulen i Sogn og Fjordane

• Høgskulen på Vestlandet

• Eid kommune

Styringsgruppa vore samansatt slik:

• Hans Inge Solhem, Normatic (leiar/prosjektansvarleg)

• Ronny Kjøde, Henden Elektro

• Jarle Melheim, Caverion

• Tore Hjelle, Eid Elektro

• Arne Steinsvik, Nordplan

• Reidar Grønli, Fagskulen i Sogn og Fjordane

• Helge Robert Midtbø, Helse Førde

• Alfred Bjørlo, Eid kommune

Prosjektleiar har vore Trond Haavik i Segel. I tillegg har Olav Hjelle i Stad Vekst, Svein Rotevatn og Ivar Bjarte Nord i Nordplan, Einar Løken i Normatic og Ove Lillestøl og Ove Bjørlo ved Eid vidaregåande skule gjeve viktige bidrag i arbeidet.

Formalia om Fjordane Virtuelle Campus

• Namn : Fjordane Virtuelle Campus AS (eller det som blir bestemt)

• Organisasjonsnummer: 982743397. Dette er i dag Nordfjordeid Næringshage AS. Selskapet endrar namn og gjennomfører ein retta emisjon slik at eigarskapen representerer interessene som står bak FVC. I dag er der og aksjonærar som og er involvert i FVC.

• Adresse: 6770 Nordfjordeid

• Sjå elles pkt 10.1 om organiseringi forretningsplanen

- 6 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Prosjektmål Visjon

FVC er ei drivkraft for utvikling av bedrifter og talent i eit leiande nasjonalt teknisk miljø

- Om 3 år er porteføljen på 20 bedrifter og talet på arbeidsplassar auka med 110

- FVC er blitt ein attraktiv node for nasjonale og internasjonale utviklingsmiljø

Forretningsidé

FVC er ein fasilitator for bedrifter innan elektro, automasjon, IT, enøk, bygg og andre naturleg tilhøyrande teknologiske område til å sikre kompetanse og utviklingskapasitet. Tenesten blir levert både fysisk og virtuelt.

FVC blir lokalisert i nytt bygg på campus-området saman med fleire av bedriftene. På same plass vil det og vere lokalisering av fleire tenestetilbod, som og vil blir gjort tilgjengeleg virtuelt for bedrifter og studentar lokalisert andre stadar.

Kundeløfte

Som ein attraktiv node skal FVC gi bedriftene lett tilgang på kompetanse, FoU kapasitet og nettverk til andre innovative miljø. FVC skal skreddarsy kompetansetilbod og innovasjonsstøtte med finansiering til bedriftene som er tilknytta. Noden skal gje vekstkraft til bedriftene og samtidig vere «ei rugekasse» for forretningsutvikling.

Vi har sett opp desse måla for FVC dei neste 3 år. Måla er konkrete, ambisiøse og målbare:

Utgangen av år 1 Utgangen av år 2 Utgangen av år 3

Tal føretak knytt til FVC 8 15 20

Tal tilsette 260 310 360

Studentar på høgare utd. 15 30 45

Kurs, tal gjennomførte 200 300 400

Igangsette innovasjonsprosj. 2 5 8

Forankring Bedrifter i regionen

Som del av forprosjektet har ein hatt fleire rundar med initiativ-bedriftene for å avklare både det som er felles og motstridande interesser. Løysinga som no blir presentert i forretningsplanen, er det full støtte frå ei samla styringsgruppe. Dette inneber og at Helse Førde, Eid kommune og Fagskulen stiller seg bak dette.

- 7 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Ein har i tillegg vore i kontakt med fleire verksemder andre stadar som og har same utfordringar og er derfor interessert i samarbeid. Fleire av desse vil bli fulgt opp i oppstartsfasen av FVC. Som døme på dette er det bedrifter frå ulike kommunar som har meldt inn konkrete kandidatar til utdanningstilbodet innan automasjon.

Det er og forankra hos styret i Nordfjordeid Næringshage, Kunnskapsparken og SIVA. Satsinga passar godt inn i høve til Partnarskapsavtalen som vart inngått mellom Kunnskapsparken og næringshagane i fylket.

Måløy Vekst og Stad Vekst har gjeve følgjande innspel:

"Stad Vekst har kartlagd utfordringane til næringslivet i regionen, og erfarer at rekruttering og kompetanseutvikling avgrensar vekstmoglegheitene. I tillegg er det eit stort potensiale i bedriftene til å auke innsatsen på innovasjon og FOU. Dette er viktig både for å kunne henge med i en aukande internasjonal konkurranse, men også for å være attraktive i kampen om den beste kompetansen.

Satsinga med etablering av Fjordane Virtuelle Campus vil vere viktig for å auke attraktiviteten for den yngre generasjonen så vel som for komplementære bedrifter andre stadar. Det er framtidsretta at ein har som mål å nytte det virtuelle rommet til å få tilgang til både høgare utdanningstilbod og FoU miljø. Stad Vekst har og engasjert seg i forprosjektet og ønskjer også å bidra i realiseringa av Fjordane Virtuelle Campus.

Både Fjordane Virtuelle Campus og Måløy Marine Ressurssenter er attraktive næringsklynger med ulik bransjefokus. Felles for begge er at disse bidrar til å profesjonalisere innovasjonsarbeidet i bedriftene, og styrker kompetansen gjennom tilgang til FOU og desentral høgare utdanning. Begge ligg i det same bu-og arbeidsområdet, og kan dermed utfylle kvarandre når det gjeld rekruttering og anna samarbeid.

Stad vekst og Måløy Vekst er næringlivet sine vekstselskap i regionen, og vi støttar fullt opp rundt etablering av både FVC og MMR."

I forprosjektet har ein og hatt god dialog med fleire felles møter med andre klynger i fylket. Dagleg leiar Frank Øvstetun i Sitep AS i Årdal uttrykkjer det slik; "Sitep AS er blitt presentert planane for realisering av Fjordane Virtuelle Campus. Slik vi har forstått det, så vil ein utvikle ein attraktiv node for utvikling av elektro/ automasjon og byggfag. Koplinga mellom kompetanse- og innovasjonsutvikling i bedriftene er og svært aktuell for vår eiga klynga. Vi er derfor positive til å samarbeide innan desse områda der det er naturleg. Som døme har vi no eit konkret kartleggingsprosjekt i samarbeid med ei av bedriftene i FVC. Vi ser det som viktig at vi lukkast å få til utvikling på tvers av dei ulike nodane i fylket vårt."

- 8 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Når det gjeld utdanningssida så byggjer etableringa av FVC på eit nært samarbeid med Eid vidaregåande skule, Fagskulen i Sogn og Fjordane, og Høgskulen på Vestlandet. Alle desse ser at FVC vil bringe dei enda tettare på bedriftene. Dette gjev fordeler begge vegar; betre tilgang på den oppdaterte teknologien som bedriftene nyttar i sine prosjekt, vere tettare på og dermed forstå bedriftene sine kompetansebehov betre. Dette vil gje grunnlag for å kunne ta dette inn i fagplanar i dei ulike utdanningane. I tillegg vil ein kunne utvikle kurs som og kan tilbydast tilsette i bedriftene. Det med tilgang på oppdattert utstyr i utdanningsinstitusjonane er etter kvart blitt ei nasjonal utfordring, som vert forsterka om ikkje vi lukkast med tett samhandling mellom private framoverlente verksemder og utdanningsinstitusjonane. Det gjeld og samhandling mellom utdanningsinstitusjonane, at ein kan nytte felles utstyr og kompetanse i desentrale utdanningstilbod på alle nivå for å serve arbeidslivet og utføre det samfunnsoppdraget desse har for å skaffe oppdattert og relevant kompetanse til samfunna vi betjener. Kort sagt er det i alle si interesse å få til meir saumlause integrasjonar mellom utviklingsarbeidet i bedriftene og i utdanningsinstitusjonane.

Fagskulen ser satsinga til FVC som godt komplementært til det ein no gjer på Campus Førde Verftet. Den interessante forskjellen er at FVC har ei tett kopling til bedriftene og utstyret som ein her skal investere er dermed i høve bedriftene sine behov. Konkret inneber dette at laben vil innehalde minianlegg som er likt det som dei ulike bedriftene nyttar. Elevane og studentane (samt driftsoperatørar blant kundane til bedriftene) vil såleis møte eit grensesnitt som samsvarar i arbeidssituasjonen ute i bedriftene. Ein har unngått å investere i same type (m.a. Festo lab) som i Campus Førde Verftet, der det er tilpassa utdanning, men som og vil vere av nytte for næringslivet.

Opplæringsavdelinga i fylket har og stadfesta at dei stiller seg bak planane.

På fagområde der ein må finne den beste kunnskapen andre stadar, så har ein i forprosjektet og hatt kontakt med andre institusjonar også. NTNU ønskjer og å kunne tilby relevante kurs. Vi har og etablert kontakt med Linnea Universitetet i Växjö i Sverige som har erfaring med spesialtilpassa bachelor program.

Det er og etablert direkte kontakt med nokre andre svært relevante miljø andre stadar i landet som ønskjer samarbeid. Dette gjeld Smart Construction Cluster i Alta og Smartbyklyngen Nordic Edge i Stavanger. Sistnemnde er ei kopling via Fylkeskommunen sitt engasjement i P-Iris der "smart villages" og innovasjonsnett i rurale område er tema.

I forprosjektet er det og etablert kontakt med VTT som er Finlands største FoU institusjon. Segel som er ei av bedriftene bak FVC, har hatt fleire større utviklingsprosjekt i samarbeid med VTT. Dei er interesserte i eit samarbeid med FVC og vurderer satsinga på denne måten; "The concept is unique and very good. It benefits many different interest groups – not only locally but more widely too."

Når det gjeld kommunane i Nordfjord, så er drøfta i Nordfjordrådet, og tilbakemeldingane er at alle kommunane ser positivt på dette prosjektet. Nordfjordrådet gjev difor si fulle støtte til at ein går vidare med arbeidet. Nordfjordrådet ser vidare ein samanheng mellom dette, og fleire av satsingsområda i rådet sin vedtekne strategi- og handlingsplan. Nordfjordrådet medverka elles med kr. 150.000 til forprosjektet.

- 9 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Planane om Fjordane Virtuelle Campus er elles presentert til både Kunnskapsdepartementet og til Kommunal og Moderniseringsdepartementet.

Statssekretær for høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet Rebekka Borsch seier: "Passer veldig godt inn i regjeringens strategi om å knytte sammen utdanning, forskning og bedrifter, og gi flere mulighet til etter/videreutdanning – uansett hvor folk bor og jobber.»

I arbeidet med den nye Distriktsmeldinga peikar KMD på at modellen ein her tenkjer representerer nye tankar som dei tek med seg i det vidare arbeidet.

Prosjektorganisering I forprosjektet har ein hatt slik styringsgruppe:

- Hans Inge Solheim, Normatic (prosjektansvarleg)

- Ronny Kjøde, Henden Elektro

- Jarle Melheim, Caverion

- Tore Hjelle, Eid Elektro

- Arne Steinsvik, Nordplan

- Reidar Grønli, Fagskulen i Sogn og Fjordane

- Helge Robert Midtbø, Helse Førde

- Alfred Bjørlo, Eid kommune

Styringsgruppa har vurdert ulike modellar for organisering av FVC. Ein har landa på følgjande modell som og styret i Nordfjordeid Næringshage (NNH) stiller seg bak:

Ein nyttar NNH som selskap i staden for å etablere nytt selskap. NNH har i dag ingen tilsette, men med god økonomi med ein eigenkapital på knappe 0,5 mill.

Selskapet endrar namn til Fjordane Virtuelle Campus (evt det som måtte bli det endelege namnet).

Det blir gjennomført ein retta emisjon mot dei nye interessentane i selskapet: Dette vil både sikre ein eigarstruktur som samsvarar med initiativet bak FVC. Fleire av initiativtakarane er og allereie i dag aksjonærar i NNH.

Meir om eigarsituasjonen er omtalt i forretningsplanen.

FVC skal leige areal i den planlagde fysiske "campusen". Bygget er føresett bygd og eigd av eit eigedomsselskap.

- 10 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Samarbeidspartnere Viktige samarbeidspartnarar er;

Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Opplæringsavdelinga, Eid vidaregåande skule og Fagskulen.

Eid kommune

Helse Førde

VTT

Kunnskapsparken

Klynger andre stad i fylket og andre stadar i landet.

Aktiviteter 2. halvår 2019:

Etablering/ Oppstart - rekruttering dagleg leiar

Oppstart i desentral deltidsutdanning innan automasjon og elkraft

Etablering av faste samarbeidsavtalar med ca. 10 bedrifter i regionen

Profileringsarrangement med tema på rekruttering og kompetanseutvikling i samarbeid med relevante aktørar

Oppstart fleire enkeltkurs

Identifisering av unytta finansieringsmoglegheiter for utviklingsprosjekt i bedriftene.

2020:

Rekruttering og kompetanseutviklingsprosjekt

Auke av samarbeidsavtalar med bedrifter i regionen med ytterlegare 10

Utvide med samarbeidsavtalar med bedrifter lokalisert utanfor regionen

Rekruttering av nye typar bedrifter som tilfører komplementær kompetanse

Formaliserte samarbeidsavtalar med andre klynger i og utanfor eige fylke

Rekruttere den andre personen i selskapet «teknisk utviklar» med mål om oppstart medio 2020.

Målgrupper Elevar i vidaregåande skule

Tilsette i bedriftene

Bedrifter i regionen

I neste fase og bedrifter utanfor regionen

- 11 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Resultat FVC etablert som eit nav mellom utdanningsaktørar, innovasjonsmiljø og bedrifter med vekstambisjonar.

Både utdanning og ulike kurstilbod skal vere etablert som desentrale/virtuelle tilbod som kan gjennomførast på deltid.

Ein skal ha fått i gang fleire innovasjonsprosjekt der ein og har medverknad frå FoU aktørar.

Effekter Auka attraktivitet for tilsette og potensielle nye til å bu og arbeide i knytt til denne klynga.

Klare å utnytte vekstpotensialet som bedriftene ser på sine respektive marknader.

Betre samspel med andre aktørar (komplementære) m.o.t. felles bu- og arbeidsområde (arbeid innan det offentlege eller marine næringar på kysten). Dette vil bidra positivt i rekrutteringsarbeidet for alle partar.

Bedriftene skal bli meir strukturerte og profesjonelle i sine innovasjonsprosessar.

Tids- og kostnadsplan Tidsplan Sjå framdriftsplan i forretningsplanen.

- 12 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Kostnadsplan Tittel 2019 2020 2021 2022 2023 SUM Klassesett 1 000 000 1 000 000 Kontor, adm, teknisk utstyr 600 000 1 000 000 1 600 000 Labutstyr 200 000 2 100 000 4 500 000 6 800 000 Oppstart av utdanning innan automasjon og elkraft 800 000 1 000 000 1 800 000 Oppstartskostnadae 500 000 500 000 1 000 000 2 000 000

Sum kostnad 3 100 000 3 600 000 6 500 000 13 200 000 Meir spesfisert i forretningsplanen

Finansieringsplan Tittel 2019 2020 2021 2022 2023 SUM Privat finansiering 800 000 900 000 1 600 000 3 300 000 Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019 2 300 000 2 700 000 4 900 000 9 900 000

Sum finansiering 3 100 000 3 600 000 6 500 000 13 200 000 Finansieringsandelen vi ønskjer frå Fylkeskommunen er med utgangspunkt i at investeringane i lab og utdanningstilbod vil i stor grad bli nytta som del av utdanningstilboda frå vidaregåande skule og fagskule. Vi har og lagt inn kostnadane ved å få i gang deltidsstudiet frå fagskulen innan automasjon og elkraft.

Geografi 1439-Vågsøy, 1441-Selje, 1443-Eid, 1445-Gloppen, 1449-Stryn

Vedleggsliste Dokumentnavn Filstørrelse Dato fvc-forretningsplan v 1.1. 2019-04-12).pdf 1 440 335 12.04.2019

- 13 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Søknad

Søknadsnr. 2019-0135 Søknadsår 2019 Arkivsak 19/2063

Støtteordning Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019

Prosjektnavn Utvikling og etablering av kunnskapssenter skred

Kort beskrivelse Kunnskapssenter for skred lokalisert i Dalalåven i Sogndalsdalen skal ta posisjonen som den viktigaste møteplassen for folk flest som vil læra meir og snøskred og trygg ferdsel i bratt vinterlandskap, med hovudvekt på oppveksande generasjonar. Kunnskapssenteret er nyskapande og vert såleis eineståande i sitt slag. Innhaldet i skredsenteret skal byggjast kring lokal og regional kunnskap, og såleis løfta fram og vidareutvikla desse kunnskapsmiljøa i fellesskap.

Prosjektbeskrivelse Kunnskapssenteret for skred vil gje miljøa som har vakse fram kring opplevingar og aktivitetar i naturen vår, ofte kalla det nyskapande friluftslivet, eit nytt løft og stadfesta posisjonen til Sogn og Fjordane som den fremste regionen når det kjem til kunnskap om skred, klimapåverknad og ferdsel i bratt landskap. Skredsenteret gjennom digitale presentasjonar gje læring og kunnskap som inspirerer til trygge naturopplevingar.

Låvebana til Dalalåven, om lag 150 kvadratmeter, vil saman med låvebrua ute utgjera den fysiske ramma til skredsenteret. Senteret skal nytta seg av digitale verkemiddel for å verta eit læringssenter om snøskred spesielt og meir generell kunnskap om ferdsel i naturen. Når ein er komen inn på låvebana vil digitale verktøy gje deg ei kjensle av å vera inne i eit dalføre. Her vil ein mellom anna oppleva vinterstormar og vêrendringar som medførar skredfare.

Det skal også byggjast fysiske installasjonar der ein kan simulera ulike typar snødekke og lagdelingar, terrengformasjonar og vêrtforhold for å sjå korleis desse faktorane påverkar skredfaren. Det skal også installerast ulike snøprofilar som illustrerer ulike problemstillingar kring ferdsel i bratt vinterterreng, korleis ein varslar skredfare og korleis ein nyttar skalaen for varsel av skredfare. Sjølve låvebrua skal motoriserast og vil få ein hev- og senkefunsjon med gradvisning av brattleiken, slik at ein kan få kjenna på og læra kor bratt terrenget er når det utgjer skredfare.

I skredsenteret vert det også fokus på den menneskelege faktoren: Kvifor og korleis tek mennesket vala sine, kva på verkar vala våre og kva kan gjerast for å ta dei rette vala? Kvifor bør alle som ferdast i bratt vinterterreng ta skredkurs? Korleis utfører ein god kameratredning?

Innhaldsproduksjonen vert gjort i tett samarbeid med NVE og personane bak skredvarslingstenesta varsom.no, det gjeld både det digitale- og det fysiske innhaldet i skredsenteret. Markus Landrø, leiar for observatørkorpset til NVE (skrevarslingstenesta varsom.no), vil ha det faglege ansvaret for oppbygginga av skredsenteret.

- 1 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Kontaktopplysninger

Funksjon Navn Adresse/ poststed M obil Søker / Bratt moro AS Fosshaugane Campus 90999350 Prosjekteier Org.nr:993466204 6856 SOGNDAL Kontakt- Tor Yttri Kvam 90999350 person 6856 SOGNDAL Prosjekt- Tor Yttri Kvam 90999350 leder 6856 SOGNDAL

Mottatt offentlig støtte tidligere: Ja Støtte til bedriftsnettverket Ecosystem services in Sogn

Infrastrukturmidlar toppturparkering

Spesifikasjon Bakgrunn I 2008 starta vi opp Fjellsportfestivalen, eit årvisst arrangement som no er etablert som Noregs største vinterfestival. Heilt frå starten av har vi freista å kopla kunnskapsformidling til opplevingane og aktivitetane i festivalen, og andre arrangement og aktivitetar vi har etablert. I nært samarbeid med snøskredvarslinga til NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat), Høgskulen på Vestlandet, Røde Kors og ulike aktivitetsverksemder har vi arrangert kurs, workshops og seminar med opp til 350 deltakarar med mål om å spreia meir kunnskap om skred og trygg ferdsel i bratt vinterlandskap.

Draumen vår har heile tida vore å realisera eit senter for fjellsport, ein møteplass for dei som trekkjer mot bratt friluftsliv. Så langt har vi ikkje hatt finansiell styrke til dette, men no er vi i ferd med å realisera denne draumen gjennom bygginga av Dalalåven.

Vi ser at merksemda vi har skapt gjennom etableringa av Fjellsportfestivalen, der ei rekkje ulike miljø og organisasjonar har jobba ilag, har vore med og auka attraktiviteten til Sogndal og regionen, for studentar, for yrkesaktive og nyetablerarar. I dag seier dei unge «vår framtid, dykkar ansvar». Vi er samde i dette og svarar «dykkar framtid, vårt ansvar» gjennom etableringa av kunnskapssenteret for skred.

I september 2018 starta Bratt moro AS bygginga av Dalalåven saman med Sogndal Skisenter AS og Sognefjorden Utvikling AS, i regi av Dalalåven AS. Bygget skal husa sportsbutikk med ski- og sykkelutleige mv, kontor, kafe, undervisnings- og konsertlokale i hovudhøgda. Bygget er kostnadsrekna til om lag 17 millionar kroner og er finansiert gjennom eigenkapital og lån. Eitt av måla våre då me planla bygget, var å byggja så stort at vi kunne husa senteret vi har drøymt om.

Bygginga av Dalalåven er eit i overkant tungt økonomisk løft for ein liten organisasjon som Bratt moro, men skapartrongen og dugnadskrafta bak er så sterk at me har besatemt oss for å ta dette løftet. No treng vi økonomisk støtte til å byggja innhald.

I andre høgda, på låvebana til Dalalåven, vil vi byggja kunnskapssenteret for skred, Sogndal skredsenter, i samarbeid med Sogndal Skisenter, NVE og skredredningsgruppa for Sogn.

- 2 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Prosjektmål Målet med utviklinga og etableringa av kunnskapssenteret for skred er å skapa ein utviklande møteplass for dei stadig aukande gruppene og miljøa som søkjer naturopplevingar i bratt vinterlandskap, då med særleg vekt på oppveksande generasjonar. Målet er også å stadfesta posisjonen til regionen vår som den fremste for bratt friluftsliv og kunnskap om trygg ferdsel i bratt friluftsliv. Av røynsle veit vi at ei slik nyskapande satsing gjev regionen auka attraksjonskraft og bulyst. Her viser vi til utviklinga i Sogndal sidan vi starta opp Fjellsportfestivalen i 2008 og dei påfølgjande tiltaka i ettertid, mellom anna bulystprosjketet «Kunnskapsbase og møteplass for fjellsport og ekstremsport». Dette vert av mange brukt som ein av dei viktigaste forklaringsfaktorane til den positive folketalsutviklinga i Sogndal dei seinare åra, og forklaring på dei gode søkjartala til studiestaden Sogndal. Gjennom bygginga av Dalalåven og etableringa og utviklinga av kunnskapssenteret for skred tek vi eit langt steg vidare.

Det første delmålet er at vi opnar kunnskapsenteret for skred og den første utstillinga her vinteren 2019/2020. Eksakt mål for talet på gjester er vanskeleg å setja, men målet er at alle i målgruppene skal bruka tid på å tileigna seg kunnskap her, at det vert ein naturleg stad å søkja til før og etter toppturen. Eit viktig delmål er det også at kunnskapssenteret vert ein katalysator og supplement til aktivitetsverksemder som tilbyr skredkurs og guida turar. Sameleis er det eit mål at kunnskapssenteret vert nytta i undervisningssamanheng, heilt frå barneskulesteget til universietet og høgskule.

Det viktigste målet er uansett at dei oppveksande generasjonane tileignar seg kunnskapen kunnskapssenteret tilbyr. Difor vil dei unge verta invitert til å vera med i utforminga av senteret, slik at me målrettar attraksjonsverdien mot den aller viktigaste målgruppa.

Greier vi å nå desse måla, vil vi også lukkast med å nå sentrale mål som er nedfelt i Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane 2014-2015 og Regional plan for klimaomstilling 2018-2021.

«Sogn og Fjordane skal bli ein av dei fremste regionane i verda for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet i møte med engasjerte menneske og unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar, kyst og hav – som skal styrkje grunnlaget for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket. Vi skal levere lokalt særpreg, høg kvalitet, engasjerte menneske, trivsel og berekraftige opplevingar i verdsklasse i unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar, kyst og hav». (Frå Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025).

For å måla effektar og måloppnåing på eit meir vitskapleg nivå, er det naturleg at vi knyter kontakt med FOU- og utdanningsinstitusjonar som td Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Her har ikkje vi kunnskapen som skal til, men vil nyttegjera oss av gode samarbeidspartnerar. Gjennom vinterhalvåret har Sogndal Skisenter konkrete tal på kor mange som kjøper heiskort og kor mange som parkerer. Dette er grunnlagstal som lett kan nyttast for å måla måloppnåinga for besøkstal til kunnskapssenteret for skred.

- 3 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Forankring Sjølv om vi er i startfasen for utvikling og etablering av kunnskapssenter for skred i Dalalåven, er prosjektet godt forankra hjå sentrale samarbeidspartnerar som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sogndal kommune, Sogndal Skisenter, skredredningsgruppa for Sogn, Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Wyssen Norge, Idrettssenteret og fleire. Dei fysiske investeringane er i samsvar med reguleringsplanen til Sogndal kommune, og sjølve satsinga er i tråd med kommunen sine ambisjonar om å satsa på kunnskap og nyskapande friluftsliv.

Prosjektet er også forankra på det viset at satsinga er ein del av eit stort spleiselag mellom det offentlege og privat næringsliv, der kunnskapsdelen i form av eit kunnskapssenter for skred spelar ei vesentleg rolle i den pågåande destinasjonsutviklinga.

Vi meiner også ambisjonane og måla samsvarar godt med strategiane Sogn og Fjordane fylkeskommune har sett gjennom verdiskapingsplanen og klimaplanen.

Prosjektorganisering Prosjekteigar Bratt moro AS er eit aksjeselskap, med 31 eigarar, for det meste privatpersonar som har vore med og bygt opp Fjellsportfestivalen og ei rekkje andre aktivitetar og arrangement. Her er aklsjeeigarane i Bratt moro AS: Anja-Therese Fardal, Breogfjell, Åse Bystøl, Louis Anda, Reidar Dvergedal, Yngve Hallén, Efl AS (Erlend Fardal Lunde), Lars Olav Halleråker, Helge Bondevik, Hofslundsengen Invest AS (Magne Hofslundsengen), Jo Marius Bøyum, Nils Arne Hove, Håvard Myrvang, Inga Marie Osestad Skavhaug, Jan Tore Rosenlund, Kjell Kvåle, Kjetil Kvåle, Kåre Træen, Bjørn Ness, Stein Magne Os, Ove Ellingsen, Per Øvreset, Rosa Marie Skovli Berg, Gunnar Solbakken, Tor Yttri, Torgeir Skålid, Vegard Vereide, Per-Odd Grevsnes, Vidsyn Rådgivning (Jan Øhlckers) og Håvard Øyrehagen. Vilkåret for å vera aksjeeigar i Bratt moro AS og Fjellsportfestivalen AS (dei same eigarane) er at ein legg ned stor dugnadsinnsats i arrangementa, og ikkje har forventningar om utbyte i form av noko anna enn opplevingar og dugnadsfellesskap.

Dalalåven AS er også eit aksjeseselskap der Bratt moro AS eig 33% (initiativstakar) og Sogndal Skisenter Drift AS 67%. Sogndal Skisenter Drift AS er majoritetseigd av Sogndal kommune, gjennom Sogndal Skisenter Eigedom AS. Nest største eigar her er utbyggingsselskapet Sognefjorden Utvikling AS.

I oppstartfasen for kunnskapssenter for skred er det styreleiar i Bratt moro AS, Tor Yttri, som er prosjektleiar. Yttri var initiativtakar til Fjellsportfestivalen, som i dag er godt etablert som den største og viktigaste vinterfestivalen i Noreg i sitt segment. Innhaldsproduksjonen vert gjort i tett samarbeid med NVE og personane bak skredvarslingstenesta varsom.no, det gjeld både det digitale- og det fysiske innhaldet i skredsenteret. Markus Landrø, leiar for observatørkorpset til NVE (skrevarslingstenesta varsom.no), vil ha det faglege ansvaret for oppbygginga av skredsenteret. Saman med Yttri og Landrø, utgjer styremedlemene i Bratt moro AS, entreprenør Magne Hofslundsengen og Yngve Hallèn, arbeidsgruppa som jobbar med realiseringa av prosjektet no i startfasen.

Vi vil naturleg spela kvalitetane til dei andre akjseeigarane i Bratt moro AS og samarbeidspartnerane elles. Vi meiner å ha dokumentert god gjennomføringskraft gjennom Fjellsportfestivalen og Bratt moro, og no sist bygginga av Dalalåven. Vi meiner også vera gode på nettverksbygging, noko vi meiner karakteriserer prosjekta vi har gjennomført og ikkje minst dette prosjektet, kunnskapssenter for skred. Ikkje minst meiner vi å sitja inne med ei unik dugnadskraft, noko vi ger gjennom å samla representnatar for ulike miljø i felles prosjekt. Saman får vi ting til.

- 4 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Samarbeidspartnere NVE – fagleg innhald.

Wyssen Norge – fagleg innhald.

Dalalåven AS – eig bygget Dalalåven og garanterer kunnskapsenteret for skred fri husleige første fem åra.

Sogndal Skisenter AS – har felles mål om å auka besøkstal og attraktiviteten. Har også felles mål om å utvikla både vinter- og sommaraktivietar i tilknyting til Dalalåven.

Sogndal kommune – Økonomisk bidragsytar og premissleverandør som reguleringsplanstyresmakt og planstyresmakt. Har felles mål om å auka bulyst og attraksjonskraft.

HVL – fagleg samarbeid. Har felles mål om å gjera kunnskap tilgjengeleg for eigne studentar og andre målgrupper.

Skredredningsgruppa for Sogn (Røde Kors) – fagleg samarbeid. Landets mest kompetente skredredningsgruppe vart etablert etter initiativ frå Bratt moro og har felles mål med Bratt moro om å spreia kunnskap, og å kopla opplevingar med kunnskapsdeling.

Sparebanken Vest – økonomisk bidragsytar som meiner tiltaka Bratt moro står bak er samfunnsgagnlege og viktige i næringsutviklingssamanheng.

Fjellsportfestivalen AS – ein organisasjon med dei same eigarane som Bratt moro med mål om å byggja festivalen sterkare. Tilfører oss enorm dugnadskraft og entusiasme, og er ein smeltedigel for fastbuande og nye friluftsinteresserte personar som flyttar til kommunen.

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten – samarbeidspartner fagleg innhald. Utfyller kvarandre i innhald.

Vi vurderer heile tida ulike finansieringsmoglegheiter. Den viktigaste krafta vi har er uansett alle menneska som dreg ilag mot eit felles mål. Det har vore og vil verta lagt ned eit enormt dugnadsarbeid for å oppfylla ambisjonane våre. Vi går også inn med eigne pengar for å få dette til, ikkje minst gjennom bygginga av Dalalåven.

Aktiviteter Kunnskapssenteret for skred vert det første av sitt slag i verda og vil setja Sogn og Fjordane på kartet når det gjeld kunnskap om ferdsel i bratt vinterterreng. Skredsenteret vil nyttegjera seg av den høge kompetansen som allereie er her i form av tindevegleiarar og fjellførarar, geologi og klimaforsking. Skredsenteret tek sikte på å vera ope heile året, ta ein nasjonal posisjon innan formidling av kunnskap kring ferdsel i bratt terreng. Vi er trygge på at skredsenteret også vil verta ein attraksjon i reiselivssamaheng, der ein koplar opplevingar og aktivitetar til kunnskapsformidling. Skredsenteret vil styrka eksisterande verksemder og institusjonar som driv innan desse fagfelta, og vonleg gje grunnlag for nye etableringar.

Såleis bør etableringa av skredsenteret også vurderast som eit godt og målretta tiltak for å gjera regionen vår attraktiv for unge som vil etablera seg her.

- 5 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Målgrupper Kunnskapssenteret for skred tek sikte på å treffa alle som driv friluftsliv i bratt vinterterreng, det skal vera ein stad der heile familien kan læra om skredproblematikk og utforska kva som medfører skredfare. Vi tek, saman med NVE og skredverksemda Wyssen Norge i Sogndal, sikte på ein innhaldsproduksjon som vil vera nyttig for alle folk som bur og ferdast i skredutsette område, det vil seia store deler av landet vårt. Skredsenteret tek også sikte på å byggja innhald og kompetanse målretta mot grupper som brøytebilsjåførar og personell som jobbar innan ulike naud- og beredskapsorganisasjonar.

Eit vesentleg mål for skredsenteret er også at ein skal læra opp folk flest til å leggja inn observasjonar i regobs (NVE-applikasjonen som samlar inn observasjonar frå både ekspertar og folk flest, for å gjera skredvarslinga meir treffsikker), noko som vil gjera snøskredvarslinga meir presis og auka kunnskapsnivået hjå folk flest.

Skredsenteret har som mål å vera ein møtestad for alle som søkjer kunnskap innan dette feltet, og då særleg unge og oppveksande generasjonar. Målet er å leggja til rette for at kunnskapsverksemder i fylket, utdanningsintitusjonar og aktivitets- og kursverksemder kan nyttegjera seg av senteret, og såleis stadfesta og styrka posisjonen vår i Sogn og Fjordane som ein region med den fremste kunnskapen innan skred og ferdsel i bratt landskap. Det er etter vårt syn avgjerande viktig at vi i vår region tek denne posisjonen, sidan vi har både dei naturgjevne føresetnadene og kunnskapsressursane her. Bratt moro vil ta sitt samfunnsansvar i så måte, men treng fleire med på laget.

Resultat Vi er sikre på at dette er den rette vegen inn i framtida for regionen vår; byggja kunnskap på område der vi er gode og kan ta leiande posisjonar. Sett i lys av desse måla forventar vi at resultata vert styrka bulyst, auka attraksjonsverdi for regionen vår og eit auka fokus på livbergande kunnskapsdeling.

Men først og fremst håpar vi resultatet vert at langt fleire tileignar seg og nyttegjer seg av kunnskapen kunnskapsenteret skal spreia; kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Det er elles naturleg å venta at eksisterande aktivitetsverksemder vil auka aktiviteten i form av kurs og føringsturar som følgjer av denne etableringa. Håpet vårt er også at vi skal greia å gjera kunnskap om snøskred til noko ålment, at oppvekande generasjonar gjennom kunnskapssenteret for skred tileignar seg langt meir kunnskap i ein langt tidlegare fase av livet enn oss som er vaksne i dag har gjort. Det er også naturleg å forventa gründervilje og nye etableringar i tilknyting til eit slikt senter, slik e effektar vi har sett gjennom etableringa av Fjellsportfestivalen og aktivitetar i regi av Bratt moro.

Effekter Vi håpar Sogn og Fjordane fylkeskommune ser positivt på denne søknaden, og at de har tillit til gjennomføringskrafta vår. Vi viser i så måte til tidlegare samarbeid, mellom anna gjennom bulystprosjektet «Kunnskapsbase og møteplass for fjellsport og ekstremsport». Kunnskapssenter for skred byggjer vidare på fundamentet som vart skapt gjennom bulystprosjektet.

Gjennom denne satsinga seier vi «vårt ansvar, dykkar framtid» til dei som er unge i dag og komande generasjonar.

Tids- og kostnadsplan

- 6 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no

Tidsplan Så snart vi har fått finansieringa på plass, set vi i gang innreiinga av låvebana og konstruksjonen av den motoriserte låvebrua. Planleggingsarbeidet er godt i gang, også det som går på fagleg innhald og utstillingsdelen. Fysik byggjestart er planlagt til medio juni, slik at montering av dei digitale verktøya, installasjonane og sjølve utstillinga kan ta til medio august i år.

Kostnadsplan Tittel 2019 2020 2021 2022 2023 SUM Innreiing lokale og låvebru 1 450 000 1 450 000 Konsulenttenester 850 000 850 000 Marknadsføring 500 000 500 000 Næringsretta infrastrukturtiltak 1 500 000 1 500 000 Utvikling av utstillinga 1 800 000 1 800 000

Sum kostnad 6 100 000 6 100 000 Under posten Næringsretta infrastrukturtiltak ligg tilkomst (universell) til sjølve skredsenteret via låvebrua til låvebane, utelaboratorium, sykkel- og vandrestitilkomst mv. Innreiing lokale og låvebru: Byggjekostnader som inkluderer tømrararbeid, elektro og tekniske installasjonar. Konsulenttenester: Arbeid fagløeg innhald (NVE, Wyssen Norge m.fl.) Utvikling av utstillinga: Digitale verktøy og installasjonar, snøprofilmodellar, byggjesett til bygging og testing av snøprofilar, utstilling, produksjon av videoar mv. Marknadsføring: Marknadsføring i fagtidsskrift, lokale/regionale media og sosiale medier mv.

Finansieringsplan Tittel 2019 2020 2021 2022 2023 SUM Bratt moro AS 850 000 850 000 NVE 500 000 500 000 Sogndal kommune 1 500 000 1 500 000 Sparebanken Vest 1 000 000 1 000 000 Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2019 2 250 000 2 250 000

Sum finansiering 6 100 000 6 100 000 Dalalåven AS får sine inntekter frå faste leigeetakarar og aktivitetar i første høgda. Dalalåven AS er innstilt på å gje fri husleige til kunnskapssenteret for skred i andre høgda (låvebana), for såleis å syta for at etableringa ikkje vert vanskeleggjort med høge driftsutgifter. Finanieringa vi søkjer no er til utvikling av kunnskapssenteret for skred og den første utstillinga/installasjonen. Eventuelle inntekter her frå inngangspengar, sponsorar eller andre skal gå til å drifta og vidareutvikla kunnskapssenteret. Det vil, i løpet av første driftsfase, bli vurdert om kunnskapssenteret for skred skal etablerast som eit eige aksjeselskap med ein ideell føremålsparagraf. Alle postar i budsjettet og finansieringsplanen vil det bli rapportert på. NVE sin sum i finaniseringsplnanen er det allereie påstarta arbeidet med innhald og dette er nøkternt vurdert. Når det gjeld Bratt moro sitt eige økonomiske bidrag på 850.000 kroner, må dette også sjåast i lys av investeringa i sjølve Dalalåven. I tillegg kjem eigeninnsats i form av eige arbeid (dugnad), som vi i liten grad reknar inn her. Bratt moro AS sin økonomiske innsats kjem på toppen av investeringane i bygget Dalalåven. NVE sin innsats er forsiktig estimert, truleg vil deira bidrag i form av medverknad og fagansvar til innhaldsutviklinga i skredsenteret verta monaleg større. Sparebanken Vest har allereie bidrege med 1 million kroner til realiseringa av Dalalåven, og ein ny søknad til utviklinga av skredsenteret er sendt inn no. Sogndal kommune

- 7 - RF13.50 – www.regionalforvaltning.no har løyvd 1,5 millionar kroner i budsjettet for 2019 til næringsutvikling og utvikling av heilårstilbodet i Hodlekve. Skredsenteret er ein vesentleg del av denne satsinga.

Geografi 1420-Sogndal

Vedleggsliste Dokumentnavn Filstørrelse Dato

- 8 -

Sogn og Fjordane Fylkeskommune Nærings- og Kulturavdelinga Fylkeshuset 6863 LEIKANGER

Vår ref Dykkar ref Arkiv Dato 1155 18/46 - 36 FE - 614 28.01.2019

Revidert søknad om økonomisk støtte til storhall på Skei

Jølster kommune planlegg å byggje storhall på Skei i samarbeid med Jølster idrettslag.

Med bakgrunn i at ein slik hall vil ha ein viktig regional funksjon, søkjer vi Sogn og Fjordane fylkeskommune om å støtte storhall på Skei med kr 15 000 000,- kroner.

Bakgrunn

Jølster idrettslag søkte hausten 2016 om prosjektmidlar til å greie ut to hallprosjekt i Jølster, fleirbrukshall på Vassenden og storhall på Skei.

Jølster kommunestyre løyvde kr 300 000,- til dette forprosjektet. Jølster idrettslag har arbeidd vidare med hallprosjekta, og la fram forprosjekta for Jølster kommune for vidare handsaming hausten 2017.

Denne søknaden innber storhall på Skei. Kommunestyret i Jølster vedtok i sak 081/17 å støtte utbygging av storhall på Skei. Kommunestyret vedtok og at hallen skal byggast, eigast og driftast av Jølster kommune.

I regional plan for fysisk aktivitet, idrett og 2016 – 2019 står det:  det er rom for tre storhallar til fotball 60 x1000 meter i Sogn og Fjordane. Det kan difor etablerast to nye slike anlegg

 etablering av nye hallar bør skje sentrumsnært der folk bur og gjerne tilknytt ein skule

Storhallen skal byggast over eksisterande kunstgrasbane på Skei, som ligg i nært opp til Skei skule. Skei ligg sentral plassert midt i fylket, og om lag 60 000 innbyggjarar i fylket kan nå Skei innan ei reisetid på 60 minutt.

Storhallen skal bidra till eit fullverdig treningstilbod til heile fylket. Fotballkrinsen har behov for treningsarenaer til krinssamlingar og andre samlingar. Hallen vil og kunne brukast til andre typar arrangement, som messer, turneringar og konsertar.

Lokalt vil hallen gje Jølster fotball gode treningstilhøve heile året og kunne skape aktivitet for born og unge heile året, ikkje berre innan fotball, men og ei rekkje andre idrettar og aktivitetar. Jølster idrettslag har kring 700 medlemmer. Hallen vil verte nytta av Skei Skule i samband med kroppsøving og den kan nyttast av elevane i samband med friminutt.

Framdrift

Jølster kommune har innarbeidd finansiering av hallen i investeringsbudsjett og økonomiplanen for 2018 2021.

– Interkommunalt anlegg

Jølster kommune har inngått ei interkommunal avtale med Førde kommune om fotballhallen på Skei.

Kostnadkalkyle og finansiering

Kostnadskalkyla for storhallen som er no utarbeidt med entrepenør syner ein total kostnad på kr 48 200 000,-. Etter endeleg anbodsrunde har Jølster kommune i samarbeid med arbeidsgruppa forhandla fram fylgjande kostnadskalkyle og finanisieringsplan. Grunna endring i entrepenørkost har det vore nødvendig å skalere ned innhaldet i hallen for å komme ned mot kalkylen.

Den endlege avtalen på storhallen innheld fotballhall, lagerbygg, teknisk rom og toalettfasilitetar med fylgjande kostnadskalkyle og finansieringsplan.

 Garderobeanlegg  Serviceanlegg  Klatreanlegg er ikkje prioritert i denne runde. Men vil bli gjort ei obsjonsavtale med entrepenør der ein kan byggje desse i ettertid dersom finansiering.

Jølster kommune har søkt om idrettsfunksjonell godkjenning og dermed sendt inn tippemiddelsøknad til fylkeskommunen innanfor frist 15 jan 2019. Søknaden er sendt inn som ufullstendig med avventa fullfinansiering innan 28 februar.

Jølster kommune viser til tidlegare søknad og søkjer med dette om kr 15 000 000,- i tilskot frå fylkeskommunen til realisering av storhallen på Skei.

Ved å få tildelt tilskudd av fylkeskommunen vil ein i tillegg kunne byggje eit komplett anlegg med garderobeanlegg, serviceanlegg og klatreanlegg.

Med helsing

Oddmund Klakegg Ordførar 57726105

Vedlegg: Vedlegg til søknad

Fylkesordføraren i Sogn og fjordane

VIK SKISENTER

Vik Idrettslag er med dette så fri å søkja fylkeskommunen om tilskot til Vik skisenter med

Kr. 2.000.000,-

Hovudgrunnlaget for søknaden:

Er eit regionalt superanlegg.

Nærare grunngjeving:

Vik skisenter er eit anlegg for komplett vintersport; langrenn, skiskyting, hopp og alpint. Eitt av dei mest kompakte anlegga i landet.

For konkuranseidrett på nasjonalt (og internasjonalt) nivå, er anlegget best eigna som skiskytingsarena både sommar og vinter. Mellom anna har me hatt to sommar-NM i denne greina. For 2020 er me tildelt NM – vinter. Anlegget har skiskytingsforbundet sin høgste lisens – C – for vinter. Me vil og få C-lisens for sommar med å justera asfaltert løypetrase noko.

Då me har asfalt i det meste av løypetrasen, er me spesielt eigna til å hysa rulleskiutøvarar. Desse får ein god stad å trena i staden for å måtta bruka landevegen.

Såleis er me mykje brukt som treningssamlingsstad både for norske og utanlandske utøvarar/klubbar. Mellom anna har me hatt det italienske landslaget på treningssamling.

Anlegget har potensiale til å utvikla seg vidare. Me tenkjer då på kombinasjon rulleski i anlegget og snø på Vikafjellet om sommaren. Me har og samarbeid med miljøet i Vossaregionen. At anlegget er på kartet både nasjonalt og internasjonalt, provar eit oppslag i avisa Hordaland frå 27.9. i år der Even Hegbom (gryndaren for Myrkdalsutbygginga), nemner Vik som potensiell arena for eventuelt OL på Vestlandet (Vestland) 2030.

At det finst eit slikt anlegg hjå oss, må difor absolutt vera eit pre også for region/fylkeskommune.

Det er Vik idrettslag som eig og driv anlegget.

Kostnad slik anlegget er no: Kr. 26.952.443,- jfr. note 5 i rekneskapet 2017 for Vik idrettslag.

Finansiering har vore:

Spelemidlar, tilskot frå offentlege (fylkeskommune, kommune), dugnad og sponsorar. Restfinansiering er ved lån – idrettslaget har pr. i dag attståande lån om lag kr. 4,6 mill.

Finansiell utfordring framover:

I tillegg til sterkt ynskje om nedbetaling av gjeld, er det trong for om lag kr. 2,5 mill i nye investeringar til garasjebygg og løypemaskin.

Framtida til anlegget:

Me ser føre oss vidare utvikling av anlegget og drifta. For drifta ser me stort potensiale, jfr. ovanfor. Men idrettslaget må ha meir hjelp både på finansierings- og driftssida. Det mest naturlege er då at det offentlege bidreg enno meir. Difor denne søknaden til dykk. Me vil og fremja sak til Vik kommune.

Me set veldig pris på tilskota me tidlegare har fått til oppbygging av anlegget. No gjeld det å utvikla anlegget vidare og vonar inderleg at de ser positivt på søknaden vår.

Vik i Sogn, 25.2.2019

Erling Stadheim Leiar

Vedlegg Rekneskap for Vik idrettslag med notar og revisjonsrapport (2017) Nokre foto

Jølster kommune Ospene 1, 6843 Skei i Jølster tlf. 57726100 [email protected]

Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 Lekanger

Vår ref Dykkar ref Arkiv Dato 1155 15/244 -2 FA -L12 19.03.2019

Astruptunet - søknad om støtte til forprosjekt

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup har alltid vore ein anerkjent og kjær malar i Norge, men fram til 2016 var han ein relativt ukjent kunstnar i internasjonal samanheng. Dette er i ferd med å endrast som følgje av den internasjonale lanseringa gjennom den kurerte utstillinga Painting Norway, Niko/ai Astrup 1880-1928. Utstillinga av kunsten til Nikolai Astrup har vore ein stor suksess både i London, Emden og i Oslo og det er vidare planer om ei stor lansering i USA.

Hageprosjektet — restaurering av bygningane

Det var Sparebankstiftinga DNB som i 2015 tinga eit forskningsarbeid knytt til å beskrive historia, utviklinga og situasjonen på Astruptunet, jamfør Arkadia Landskap, Astruptuneti Jølster. Nikolai Astrups gårdshage, Sonda/strand, -hagehistorisk rapport 2017.

Itillegg til den historiske rapporten har Arkadia landskap utarbeidd ein rapport med restaureringsforslag for hagen og NIKU har utarbeidd ein rapport for å ivareta bygningane i Astruptunet. Tiltaka som er omtalt i desse rapportane er planlagt gjennomført over ein 4 års periode og skal etter planen startast opp våren 2019. Sparebankstiftelsen DNB er ein sentral part i finansieringa av desse tiltaka som samla har ein kostand på om lag kr. 48 mill, jamfør tabellen under.

Astruptu net Kostnader og finansiering fordelt i økonomiplanperioden 2019 - 2022 2019 2020 2021 2022 Sum alle Sum kostnad alle tiltak 15 174 000 13 975 000 8 681 000 9 996 000 47 826 000 Mva kompensasjon -2 079 125 -2 274 538 -1 412 900 —1626 875 —7393 438 Ekstern finansiering/tilskot -10 594 875 -10 700 463 -6 268 100 -7 369 125 -34 932 563 Kommunal finansiering -2 500 000 -1 000 000 —1000 000 —1000 000 -5 500 000 Sum finansiering -15 174 000 -13 975 000 -8 681 000 —9996 000 —47826 000

Skaparkraft -i verdas vakraste ramme. %ä jolster.kommune.no eéeéeäeäääeäääää Vi vil og syne til at filmen « Flammen over Jølster «, om Nikolai Astrup sitt liv, skal ha premiere hausten 2019.

Det har såleis blitt sett meir søkjelys på Astrup som kunstnar og saman med hageprosjektet vil dette føre til auka besøkstal i Astruptunet i åra framover. lein slik samanheng er det eit ønskje å legge forholda betre til rette i og rundt tunet, med betra tilkomstveg, parkering, og eit mindre besøkssenter.

Galleriet i Astru tunet Jølster kommune er allereie i ferd med å gjennomføre tiltak i tunet. Som følgje av lekkasje i taket på galleriet har Jølster kommune eit eige prosjekt på opprusting av denne bygningen. l tillegg til nytt tak blir takvindauga fjerna. Innvendig blir overflatene teke igjen med ny maling og det blir lagt nytt golvbelegg. Det blir og bygd nytt vindfang for å oppnå eit meir stabilt klima i utstillingslokala. Dette arbeidt starta opp i september 2018 og vil vere ferdig i mai 2019. Prosjektet har ein samla kostnad på om lag kr. 2,5 mill.

Visningssenter

Eit visningssenter er viktig av fleire grunnar, men først og fremst er det viktig for å avlaste sjølve tunet. Bygningane i tunet er små og ikkje bygde med tanke på at mange besøkjande skal innom dei. Tunet ligg i ei bratt li og universell utforming er vanskeleg å få til. Andre viktige moment er at ein ynskjer å syne noko av Astrup sin kunst der han budde og der han arbeidde.

Astru nemnd o mandat l2015 nemnde Jølster kommune opp eit utval, ei Astrupnemnd, som fekk mandat til å vurdere ogjobbe med problemstillingane i og rundt tunet. Utvalet består av: Magne Aardal, leiar, Arne Sandnes og Leif Arne Aasen. Iløpet av siste året har nemnda arbeidd med ulike løysingar for kvar ein kan plassere eit visningssenter i tilknyting til Astruptunet og kva tal besøkjande ein skal rekne med framover.

Behovsvurderin -besøkande Som utgangspunkt tenkjer vi eit årsbesøk på mellom åtte og ti tusen, behov for parkeringsplassar på til saman ca. 30 bilar, og parkering også for buss. Noverande parkering ved vatnet har plass til ca. 20 bilar.

Nemnda legg til grunn eit arealbehov for visningssenteret på ca. 300 m2 med kafe/kjøkken, utstillingslokale for Astrup sin kunst, toalett, heis og eit kontor. Nemnda tenkjer at visningssenteret må byggjast og plasserast slik at det får ein neddempa utsjånad. Fokuset er framleis Astruptunet og visningssenteret skal tilpassast eksisterande terrenget og ikkje ha ein framskoten plass.

Skaparkraft— i verdas vakraste ramme. ääääääääääääééäuäääääää jolsterkommuneno % Forprosjekt

Nemnda har med grunnlag i mandatet sett i gang eit forprosjekt, der vi Ønskjer å greie ut fleire alternative løysingar:

a) Tilkomst frå vest, med visningssenter og parkering der b) Vinsningssenter ved vatnet, med tilkomstveg til tunet frå vest. c) Tilkomst/parkering frå aust, med Vinsningssenter der.

Idette arbeidet har vi engasjert Nordplan for å sjå på ulike måtar å løyse parkering og tilkomst til tunet i tillegg til eit visningssenter. Eit overordna mål er å få illustrert terrenginngrepa som grunnlag for vidare vurdering av moglege løysingar. Sjå vedlegg frå Nordplan.

Med grunnlag i det arbeidet som no er gjennomført er det utarbeidd eit kostnadsoverslag for vidareføring av forprosjektfasen, jamfør vedlagt budsjett. Kostnaden er vurdert til 1,4 mill + meirverdiavgift.

For å få gjennomført denne prosessen, søkjer vi med dette Sogn og Fjordane fylkeskommunen om økonomisk støtte på kr 1,4 mill.

Er det ynskje om meir informasjon om arbeidet og vidare framdrift må de gjerne ta kontakt med:

Oddmund Klakegg, ordførar Magne Aardal, leiar Astrupnemnda

Med helsing

.xf / ”Mø % öddmundKlakegg Ordførar 57726105

Vedlegg: Astruptunet notat Nordplan

Forprosjektering Astru ptu net

Skaparkraft —i verdas vakraste ramme. && jolster.kommune.no ®® ®®®®®®®®®®<®®®®®®®

Notat Prosjekt: Astruptunet- infrastruktur/ visningssenter Sak: 19018, Arvid Tveit Dato 08.03.2019 Etter oppdrag frå arbeidsgruppa for utvikling av Astruptunet har Nordplan AS sett på ulike måtar å løyse parkering og tilkomst til tunet. Overordna mål med oppdraget er å få illustrert terrenginngrepa som grunnlag for vidare vurderingar. Det er eit ønskje å få etablert eit visningssenter i tilknyting til tunet som skal bestå av kiosk, toalettanlegg og utstillingslokale. Nordplan har sett på 3 ulike alternativ på korleis tilkomst og parkering kan løysast. Resultatet av mogleg infrastruktur har vore avgjerande for kor visningssenteret kan plasserast. Ved utarbeiding av dei ulike alternativa har det vore viktig å gjere minst mogleg tiltak i sjølve tunet og at mest mogleg av omgjevnadene i og rundt tunet skal vere upåverka. Å få til universell tilkomst til tunet har vore utfordrande då terrenget er svært bratt. Dagens parkering ved Jølstravatnet, med kapasitet på ca. 20 bilar og 2 bussar, ligg på kote 210 og Astruptunet ligg på kote 230-24

Alt. 1 Tiltak aust for Astruptunet. Det er lagt til grunn eit visningssenter på ca. 300m2 og 3 et. Parkeringsplass for 10 bilar (20m2 per bil) og ein buss. Ny tilkomstveg (85m lang) med avkøyring frå fylkesvegen like aust for dagens parkeringsplass. Høgde start/stopp 209moh — 219moh. Stigning på ca 12%. Gangveg til tunet frå 3. et i visningssenter med stigning 10%. Gangvegar frå dagens parkering til visningssenter og frå ny parkering til hytte søraust for parkeringsplassen med trapp langs visningssenter. Området ligg innanfor det som er vurdert som skredområde. Krav til frisiktsone i avkøyring på 6x126m.

Alt. 2 Tiltak vest for Astruptunet. Det er lagt til grunn eit visningssenter på ca. 300m2 og 2 et. Parkeringsplass for 10 bilar (20m2 per bil) og to bussar. Eksisterande tilkomstveg (270m lang) med avkøyring frå fylkesvegen vest for Astruptunet. Høgde start/stopp 209moh — 234moh. Gjennomsnittleg stigning på ca 9%. Gangveg til tunet (100m) frå visningssenter med stigning ca. 2%. Området ligg innanfor det som er vurdert som skredområde. Krav til frisiktsone i avkøyring på 6x126m.

Alt. 3 Tiltak nord for Astruptunet ved Jølstravatnet. Det er lagt til grunn eit visningssenter på ca. 300m2 og 2 et. Utviding av dagens parkering med 10 plassar for personbilar og 2 for buss. Utfylling i vatnet 35m x 17 til kote 209. Eksisterande naust må rivast. Nyttar eksisterande avkøyring frå fylkesvegen. Krav til frisiktsone i avkøyring på 6x126m. Nyttar dagens gangveg opp til tunet. Etablerer ein universelt utforma sti (100m) frå eksisterande køyreveg i vest, med gjennomsnittleg stigning ca. 2%. Prosjekt: Astruptunet, tilkomstveg og besøkssenter Budsjett kostnader forprosjektfase Dok. Nr.: 02.02.04—2 Dato 07.03.2019

Post Tekst Mengde Enhet Enhetspns Sum

Forprosjerktfase Utredning og kvalitetsikring av alternative løysingar for tilkomst og l40t 1100 154 000,00 plassering av besøkssenter ex. geotekniske vurderingar Møterfor informasjon til grunneigarar og andre involverte partar 1rs 35000 35 000,00 Geoteknisk rapport 1rs 210000 210 000,00 Reguleringsplan 1 rs 140000 140 000,00 Prosjekteringsleiing 100t 1100 110 000,00 Forprosjekt prosjekteringsgrunnlag/anbodsgrunnlag (ARK, RIB, LARK, 1rs 750000 750 000,00 RIV, RIE,)

Sum kostnader forprosjekt 1399 000,00

MUSEA I SOGN OG FJORDANE

Sogn og Fjordane fylkeskommune Nærings- og kulturavdelinga Askedalen 2 6863 Leikanger Sakshandsamar: Thomas Michael Walle, mob: 926 22 055 Dato: Sandane, 20.05.2019 Dykkar referanse: Sak nr. 19/1878-4

Søknad om tilskot til Fellesmagasin Angedalen Vi viser til brev dagsett 13.05.19, gjeldande Musea i Sogn og Fjordane sitt prosjekt om ombygging av tidlegare Ramstad eskefabrikk til fellesmagasin for musea i fylket.

Musea i Sogn og Fjordane søkjer med dette om fylkeskommunalt tilskot på kr. 20 000 000 (eks. mva) av ein total prosjektkostnad på kr 65 000 000 (eks. mva). Vi tillèt oss i samband med dette også å søkje om ei auke i driftstilskot til på kr. 500 000, for å dekke delar kostnadane knytt til naudsynte stillingar ved magasinet. Prosjektet inkl. føremål, framdriftsplan, finansieringsplan og organisering er greia ut for i søknad til Kulturdepartementet, sendt fylkeskommunen 5.3.19, samt i prosjektskildring sendt 19.3.19.

Hovudregelen er at det maksimale statlege tilskotet er 1/3 av dei totale prosjektkostnadane, og det er såleis lagt opp til ein finansieringsplan som avviker frå dette. Det fins samstundes dømer på at staten går inn med høgare del i einskilde prosjekt, seinast i statsbudsjettet for 2019 der Dokumentasjonssenteret ved Anno museum er gitt eit tilskot på 90 millionar av ein total prosjektkostnad på 170 millionar. Det skal og nemnast at Musea i Sogn og Fjordane har gått inn i prosjektet med ein stor eigenandel som ikkje kjem fram av finansieringsplanen, knytt til kjøp av Ramstad eskefabrikk i 2017 for kr. 12 100 000. Vi har von om at eit så viktig prosjekt som fellesmagasinet, med fylkeskommunal stønad blir vurdert positivt av Kulturdepartementet. Om staten vel å ikkje gå vekk får hovudregelen, er vi budd på å gå i dialog med fylkeskommunen om ein revidert finansieringsplan.

Fabrikkbygget er eigd av Musea i Sogn og Fjordane, og sjølv om aktivitetane og driftskostnadane vil auke når fellesmagasinet er i drift, er det alt i dag tatt høgde for delar av dei venta driftskostnadane i driftsbudsjettet. For 2019 er driftskostnadane om lag kr. 380 000 (m.a. skatt, avgift, forsikring, energi og avskriving). Nye og energieffektive løysingar vil føre til låge relative driftskostnadar samanlikna med dagens bygg. Ved realisering av fellesmagasinet, vil fleire eksternt leigde lager bli avvikla. Det er ikkje rekna på den totale innsparinga, men det vil frigje midlar som vil gå inn i drifta av fellesmagasinet.

Ei vesentleg kostnad ved drifta av magasinet er knytt til stilling(ar) som magasinforvaltar og teknisk konservator. Det er basert på dagens organisatoriske driftsmodell lagt opp til etablering av ei ny fast stilling som magasinforvaltar/teknisk konservator. Dette er ressursar som Musea i Sogn og Fjordane pr. i dag saknar og det er for budsjettåret 2020 søkt om auke i dei statlege tilskota for stilling som magasinforvaltar/teknisk konservator. Søknad om auke blei ikkje imøtekome for 2019, men musea har valt å allokere ressursar i inneverande år for eit mellombels engasjement knytt til samlingsforvalting. For å kunne oppretthalde dagens aktivitetar ved Musea i Sogn og Fjordane, søkjer vi om auke i det fylkeskommunale tilskotet for å dekke delar av kostnadane til ei stilling som teknisk konservator. I kombinasjon med eigne midlar sett av i budsjettet samt auke i statleg tilskot, har vi von om at det vert økonomi til å tilsette to fagressursar ved fellesmagasinet, som vil samarbeide med og stette øvre tilsette i organisasjonen.

Post- og besøkadresse; Gota 16 - 6823 Sandane | Org. nr. 994 179 136 MVA | Bankkonto nr. 3705 16 96647 | [email protected] | www.misf.museum.no Nordfjord Folkemuseum | Kystmuseet i Sogn og Fjordane | Sunnfjord Museum | DHS–Sogn Folkemuseum | Sogn og Fjordane Kunstmuseum | Norsk Kvernsteinsenter | Norsk Reiselivsmuseum Side 1 av 3

Nærings- og kulturavdelinga

Sakshandsamar: Adrian Husabø Bjørseth E-post: [email protected] Tlf.: 90247175 Vår ref. Sak nr.: 19/2063-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 27185/19 Dykkar ref. Notat

Dato LEIKANGER, 20.05.2019

Frå: Nærings- og kulturavdelinga

Til: Fylkesrådmannen

Vurdering av søknad - utvikling og etablering av kunnskapssenter for skred

1. Bakgrunn for notatet

Bakgrunn: Bratt Moro AS søkjer om eit tilskot frå fylkeskommunen på 2,25 mill. kr. til utvikling av eit nytt kunnskapssenter for skred i Hodlekve skisenter i Sogndal kommune. Kunnskapssenteret skal formidle kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap til både tilreisande og fastbuande. Det er planlagt at den nyoppførte Dalalåven skal huse senteret.

Hodlekve skisenter med tilhøyrande hyttefelt har vorte utvikla mykje dei siste åra, og samtidig har Sogndal etablert seg som eitt av dei viktigaste stadane for bratt friluftsliv. Mykje av dette kan knytast opp mot utviklinga til Fjellsportfestivalen som årleg tiltrekkjer seg mange tilreisande. Vinteren 2019 vart Dalalåven opna, og det er eitt stort fleirbruksbygg i den nyaste delen av skisenteret. Bygget huser i dag sportsbutikk, skiutleige og sal av heiskort. Det er på sikt planlagd kafe og kontorlokale i tillegg til det omsøkte skredsenteret.

Retningsliner for næringsretta satsingar Hovudutval for næring og kultur har vedteke retningsliner for verkemiddelbruk for næringsutvikling. Dei seier mellom anna at: Tiltaka skal vere i tråd med strategiske planar og bidra til måloppnåing innan satsingsområda, og i hovudsak gå til mjuk infrastruktur som til utviklingsarbeid, kompetanseheving og marknadsarbeid. Unnataket er m.a. midlar til destinasjonsselskapa (stiar, skilting m.m.) og breibandutbygging.

2. Nærare omtale av søknaden

Om skredsenteret Sogndal Skisenter Hodlekve ligg sentralt plassert i Sogndal kommune om lag 15 min frå Sogndal Sentrum. Skisenteret har dei siste åra fått stor merksemd for den gode laussnøkjøringa og god tilgang på toppturdestinasjonar.

Sogndal kommune har, som ein av eit fåtal kommunar i Sogn og Fjordane, opplevd folketalsauke dei siste åra. Fleire argumenterer for at kombinasjonen av aukande interessa for bratt friluftsliv i befolkninga, naturen i indre Sogn og dei sterke miljøa som er etablert her, skal ha mykje av æra for det.

Besøksadresse: Postadresse: E-post: Telefon: Bankgiro: [email protected] 57638000 4212 02 02000 Kultur: Storehagen 1B, Førde Askedalen 2 Heimeside: Org.nr : Næring: Fylkeshuset, Leikanger 6863 LEIKANGER www.sfj.no NO 941 388 841 MVA Side 2 av 3

I 2008 vart Fjellsportfestivalen starta og har no etablert seg som ein av dei største festivalane innanfor sitt område. Heilt frå starten har formidling av kunnskap knytt til skred og sikker ferdsel i fjellet vore satt på agendaen, og ein har hatt stor suksess med arrangement knytt til formidling av denne kunnskapen. Dette viser at det både er interesse og behov for formidling av skredkunnskap.

Vinteren 2019 vart Dalalåven ferdigstilt, bygget er lokalisert i den nyaste delen av skisenteret (Rindabotn) og skal innhalde mellom anna sportsbutikk, sal av heiskort, skiutleige, kontor, kafe. I andre etasje av bygget planlegg ein å få på plass eitt skredsenter. Målet med senteret er å formidle kunnskap til alle som er interessert i ferdsel i bratt vinterterreng, med særleg fokus på formidling til unge. Ein vil og at senteret skal fungere som knytepunkt for bedrifter som tilbyr gaiding og opplevingar i området. Dei skriv at dei og vil knytte seg tett opp mot NVE og det arbeidet som er gjort med å utvikle skredtenesten regobs. Å lære bort korleis ein skal leggje inn observasjonar i regobs vil vere eit viktig oppdrag for senteret. Dette vil gjere skredvarslinga sikrare.

I skredsenteret planlegg dei både digitale og fysiske installasjonar. Desse skal kunne simulere skiftande vêrforhold, ulike typar snødekke og terrengformasjonar som påverkar skredfaren. Det er planar om å motorisere låvebrua som leder opp mot senteret for å kunne demonstrere kor bratt terrenget er når skredfaren er størst. Ein vil og fokusere på det menneskelege aspektet om korleis ein vurderer risiko og tek val når ein ferdast i skredterreng.

Resultatet av å etablere eit slikt senter meiner dei er styrka bulyst, auka attraksjonsverdi og auka tryggheit for dei som ferdast i fjellet.

Kostnadar og finansiering Nedanfor presenterast den omsøkte kostnadsplanen samt finansieringa. Arbeidet er tenkt sett i gang i løpet av andre halvår 2019 og ein har som mål om å opne utstillinga vinteren 2020.

3. Vurdering

Søkar argumenterer for at eit kompetansesenter for skred vil kunne ha ein positiv effekt for både reiselivet og bustadattraktiviteten i Sogndal kommune. Vi ser at eit slikt senter kan vere eit positivt tilskot for dei som allereie besøker området.

Vi meiner at det er ein fordel at senteret er planlagd i eit område kor det allereie finst mykje god kompetanse på området som ein vil kunne dra nytte av. Det er også ein fordel at ein har knytt til seg sentrale aktørar innanfor området, for på den måten å sikre eitt fagleg oppdatert tilbod.

Side 3 av 3

Initiativtakarane har tidligare demonstert god gjennomføringsevne og stort engasjement for temaet og vi er ikkje i tvil om at ein ville kunne gjennomført prosjektet på ein god måte. Vi saknar likevel ein god forretningsplan og vurderingar kring organisering og drift av senteret. Det er mellom anna ikkje opplyst om kva ein ser føre seg av besøkstal. Dette bør greiast ut betre frå søkar si side.

Tiltaket kan sjåast opp mot fleire av fylkeskommunen sine satsingar. Søkjer knyter senteret mellom anna opp mot reiselivssatsinga i verdiskapingsplanen, men det vil og kunne sjåast i samanheng med fylkeskommunen si satsing innanfor både klima og friluftsliv. Innanfor desse områda er rammene til hovudutval for næring og kultur for 2019 i stor grad er bunde opp i løypande avtaler og allereie disponert.

For at ein skal kunne løyve midlar til eit prosjekt må det kunne vise til regional effekt innanfor dei vedtekne satsingane til sektoren og det må og vere innanfor dei krav som stillast til bruken av midlane. Vi er i tvil om tiltaket vil ha tilstrekkeleg effekt innanfor dei vedtekne satsingsområda.

Søknaden konkluderer ikkje på val av organisasjonsform for senteret. Om ein vel å organisere senteret som eit aksjeselskap med økonomisk aktivitet som føremål, må ein vurdere om offentlege bidrag kjem innanfor statsstøtteregelverket.

Nasjonale kulturbygg Kap. 322, Post 70 – Søknadsskjema

Under denne posten på statsbudsjettet gis det tilskudd til bygninger og lokaler for institusjoner og tiltak som har en nasjonal oppgave, en landsomfattende funksjon eller en viktig landsdelsfunksjon innenfor kulturfeltet. Byggeprosjektene skal dekke behovet for forsvarlig areal, økt funksjonalitet, og/eller økt sikkerhet gjennom ombygging og/eller nybygg. Bygningene skal ha høy arkitektonisk kvalitet. Se fullstendige retningslinjer på: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/tilskudd-fra- kulturdepartementet-til-kulturbygg-2018/id2538007/ Søkers kontaktinformasjon

Virksomhetens navn: Musea i Sogn og Fjordane Adresse: Gota 16 Postnr.: 6823 Poststed: Sandane Org.nr.: 994179136 Kontonr.: 37051696647 Kontaktperson: Thomas Michael Walle E-post: [email protected] Tlf. nr.: 92622055 Søknadssum 40 000 000 Total 65 000 000 Kulturdepartementet: prosjektkostnad eks. mva.:

Prosjektet / bygget

Prosjektnavn: Fellesmagasin Angedalen Byggherre: Musea i Sogn og Fjordane Byggets eier: Musea i Sogn og Fjordane Byggets forvalter: Hvis den som skal disponere/forvalte bygget er annen enn eier Byggets lokasjon: Ramstad 6800 Førde, Gnr. 25, Bnr. 17 Fylke.: Sogn og Fjordane Kommune: 1432 Førde BTA.: 4544 m2 NTA: Nettoareal i m2

Tiltakets karakter (kryss av for relevante alternativ(er):

☐ Nybygg; ☐ Tilbygg; ☒ Ombygging; ☐ Oppgradering; ☐ Annet: Klikk eller trykk her for å skrive inn tekst.

Prosjektbeskrivelse: Musea i Sogn og Fjordane kjøpte i januar 2017 ein fabrikkbygning i Angedalen, utanfor Førde sentrum, til bruk som museumsmagasin. Bygget, oppført i etappar mellom 1978 og 1989, har to hovudplan og er i relativt god stand. Prosjektet skal gjere nytte av eksisterande bygg i størst mogleg grad, med vekt på økonomi og berekraftperspektiv. Støypte fundament, dekke og berekonstruksjonar bevarast. Omsyn til klimakontroll, lystilhøve og sikring medfører tiltak på eksisterande fasadar og tak. Der gjenstandar skal transporterast og oppbevarast vert eksisterande vindaugsopningar attmura. I første etasje etterisolerast eksisterande elementfasade utvendig, og får ny kledning. Av omsyn til sikring får andre etasje heilt ny yttervegg. Liggande, ubehandla trepanel gir fellesmagasinet ein ny fasade som speler på lokal byggeskikk, krevjar lite vedlikehald og gir eit meir taktilt utrykk enn dagens industrielle elementbyggeri. Innvendig vil magasina vere store, generelle rom som gir fleksibilitet til å velje innreiing/reolsystem tilpassa dei ulike gjenstandane. Korridorane som bind magasina saman er dimensjonert for truck, og veggane vert kledd med robuste treplater. Mottaksavdeling og sluser sørger for kontrollert transport mellom skitne og reine soner. I andre etasje finst kontor og rom for å studere gjenstandane, i tillegg til personalfasilitetar og ein hybel for tilreisande tilsette. I nordaustre hjørne av bygget etablerast eit nytt inngangsparti. Her finn ein og publikumsmagasin.

Formålet: Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) har store utfordringar når det gjeld tilfredsstillande oppbevaringstilhøve for samlingane. Allereie i 2007 synte ein rapport utarbeidd av ABM-utvikling at situasjonen for museumssamlingane i Sogn og Fjordane var kritisk: 75% av gjenstandane var dårleg eller ikkje tilfredsstillande lagra, og 81% hadde dårleg eller ikkje tilfredsstillande klimatiske tilhøve. 10 år seinare er tilhøva framleis langt frå tilfredsstillande, og i si vurdering av musea i det nasjonale museumsnettverket for 2017, skriv Kulturrådet om MiSF: «Museets største utfordring er magasinsituasjonen, som er langt fra tilfredsstillende. Så mye som 43 % av gjenstandssamlingene ble oppbevart under dårlige oppbevaringsforhold. Det samme gjaldt 23 % av fotosamlingen og 48 % av farkostene. Dette er alarmerende tall.» Ei kartlegging frå 2007 har anslått at MiSF treng om lag 2500 m2 magasin for at samlingane som heilskap skal få svært gode eller tilfredsstillande oppbevaringstilhøve, medrekna tilvekst. I tillegg kjem behov for areal til oppbevaring av båtar. Fellesmagasin i Angedalen utformast for å fungere som magasin for alle typar gjenstandar, frå farkostar, landbruksreiskap og store objekt, til kunst, tekstil og små objekt i ulike materiale. Fellesmagasinet skal fungere som den sentrale plassen for profesjonell handtering av objekt i musea sine samlingar, og vert utforma med mottak (ureint/reint), varmekammer for insektssanering, foto- og registreringsrom, studierom for interne og eksterne brukarar, konserveringsverkstad, og publikumsmagasin for framsyning av objekt frå samlingane inkl. aktivitetssone nytta til formidlingsopplegg. Grunna høgda i plan 1 (5 m fri høgde), kan fleire av magasina utformast med mesanin som doblar grunnflata, alternativt at gjenstandane lagrast i høge pallereolar. Det er og mogleg å etablere ein mesaninetasje over mottakssona. Når heile bygget vert teke i bruk som magasin (inkl. det som i oppstartfasa skal tene som mellombels mottakslager), har bygget magasinareal med ei effektiv grunnflate tett på 3000 m2. I tillegg kjem 741 m2 båtmagasin og publikumsmagasin på 273 m2. MiSF har vidare opsjon på eit framtidig kjøp av tilgrensande tomteareal på 1 dekar, for mogleg tilbygg. Den viktigaste effekten av byggeprosjektet er at forvaltinga av samlingane betrast, og på lenger sikt vil samlingane ved alle avdelingane få svært gode oppbevaringstilhøve. For MiSF som heilskap, er manglande magasin og oversikt pr. i dag eit hinder for ei god framdrift når det gjeld registrering, digitalisering og tilgjengeleggjering. Prosjektet er såleis sentralt for at MiSF kan utnytte potensialet i samlingane til forsking og formidling, både gjennom høg grad av attfinning og auke i mengd og kvalitet på registreringane. Til saman dannar prosjektet ei kjerne i den framtidige berekraftige samlingsutviklinga. Vi har vidare tru på at byggeprosjektet vil ha ei viktig funksjon for å styrke dei faglege relasjonane i den konsoliderte stiftinga. Internt i MiSF er Fellesmagasin i Angedalen det prosjektet det er klart størst forventingar til.

Universell Fellesmagasin i Angedalen skal tene både som arbeidsplass for tilsette ved utforming: Musea i Sogn og Fjordane og som formidlingsarena for besøkande til publikumsmagasinet. Prosjektet inkluderer bygging av ny hovudinngang, som sikrar åtkomst for rørslehemma. Faste arbeidssoner, t.d. kontor, registreringsrom, konserveringsverkstad og fotostudio, vert universelt utforma. Ved ombygging av kontoretasjen inkl. leilegheit for tilreisande tilsette, vert det lagt vekt på val av universelt utforma løysingar. Det er prosjektert for ombygging som tek i vare krav til trinnlydnivå, luftlydsisolasjon og etterklangstid. Det vert etablert fleire heisar og løfteplattformar i bygget, som sikrar enkel åtkomst mellom ulike etasjeplan. Bygget er elles utforma for enkel transport av gjenstandar på jekketralle/truck og trillebord, og er såleis og egna til ferdsel i t.d. rullestol. Nokre av magasina vil, grunna i høgde på 5 m, ha løysingar som krev spesialutstyr (t.d. truck), og vil såleis avvike frå mål om universell utforming. Prosjektet inkluderer HC-toalett for tilsette i begge hovudplan, samt HC-toalett for publikum. I publikumsmagasin vil det være mogleg å legge til rette for formidling for synshemma og for besøkande i ulike aldersgrupper, inklusive barn og eldre. Det vert etablert parkering nær hovudinngang, og smelteanlegg framfor begge inngangsareala. Prosjektet vil kunne gjennomførast i samsvar med krav og standardar i TEK 17.

Sikring: Bygget i Angedalen er inkludert i MiSF sin sikringsplan (vedteke 27.4.18), med risiko- og sårbarheitsanalyse og identifiserte tiltak. I samband med ombyggingsprosjektet er det gjennomført ny ROS-analyse for å kartlegge utilsikta og tilsikta uønskte hendingar. Det er uarbeidd skissekonsept for brannsikring, grunna i stadfesting av risikoklasse (RKL2 og RKL4), og heile bygget oppførast i brannklasse 1. Prosjektet inkluderer konsept for ledesystem og rømmings- og fluktvegar. Bygget utførast med brannalarmanlegg kategori 2 med direkte tilkopling til vaktsentral/naudetat, samt med akustiske og optiske alarmorgan. Det vert lagt opp til installering av inergenanlegg for automatisk brannslokking, supplert med brannslange og CO2-apparat for manuell slokking. For å auke bygget sin motstand mot fuktinntrenging gjerast det bygningsmessige grep, m.a. med nytt tak og ny drenering i den delen av bygget som vendar mot terreng. Den bærande strukturen blir bevart, men bygget får ny ytterkledning som i større grad tek opp i seg ytre svingingar i relativ luftfuktigheit og temperatur. I tillegg til grad av passiv klimaregulering gjennom val av materiale og bygningsprinsipp vert det installert befuktar og adsorpsjonsavfuktar kopla til ventilasjonsanlegget, tilpassa krava til dei fire sonene. Det er utarbeidd eigen sikringsrapport som tek føre seg kvalitetar, system, og motstandsevne mot tilsikta hendingar. Sikringsrapporten er skjerma, men legg opp til skalsikring i fleire nivå, med kameraovervaking, innbrotsalarm og fysiske sikringstiltak. I prosjektet blir det og areal med ekstra høg sikringsgrad. Dei fleste eksisterande vindauga i plan 1 samt fleire døropningar blir attmura, og vindauge i arbeidssonar i plan 1 samt i heile plan 2 blir skifta med vindauge i sikringsklasse RC2.

Økonomi og fremdrift Oversikt over økonomien i prosjektet (kronebeløp eks. mva.).

Budsjett bygg: Rigg og drift av byggeplass 3 000 000 Bygning - ARK 16 000 000 VVS-installasjonar 18 100 000 El-installasjonar 8 000 000 Tele- og automatiseringsinstallasjonar 5 000 000 Heis, andre installasjonar 1 600 000 Utandørsarbeid 400 000 Upårekna kostnader Risiko / Uvisse 20 % 10 420 000 Innreiing 2 480 000

Sum 65 000 000

Finansiering: Sogn og Fjordane fylkeskommune, handsamast i Fylkestinget 20 000 000 24.4.19, kontakt Jan Heggheim (fylkesdirektør næring og kultur), tlf: 905 66 623 Eigarkommunene i Sunnfjord Energi (Førde, Fjaler, Jølster, 1 000 000 Gaular, Naustdal, Solund, Hyllestad), kostnadar til flytting av trafo. Prosess ikkje starta. Kulturdepartementet, kap. 322 post 70, Nasjonale kulturbygg 40 000 000 Eigenfinansiering, MiSF (prosjektmidlar og eigeninnsats), 4 000 000 kontakt: Kjartan Aa Berge (adm.dir.), tlf: 414 46 439

Sum 65 000 000

Budsjett drift: Skatt, avgift, forsikring etc 230 000 Drift 340 000 Vedlikehald 360 000 Reperasjonar 45 000 Utviklingskostnadar 450 000 Energi 410 000 Reinhald 400 000 Magasinforvaltar/teknisk konservator 750 000

Sum 2 985 000

Fremdrift: Prosjektet er avhengig av offentlege tilskot for å kunne realiserast i samsvar med skisseprosjektet. MiSF er likevel budd på å realisere prosjektet i etappar, i påvente av full finansiering. Vi startar opp arbeidet med riving av installasjonar og lettveggar i inneverande år med sikte på å ta delar av bygget i bruk før heile prosjektet er ferdig. Konkret er det snakk om mellombels lager (skittent), som allereie har vore i bruk for å avlaste magasinsituasjonen ved avdelingane. Her er det kjøpt inn ein stålmesanin som aukar arealet for lagring og som blir montert opp så raskt riving av installasjonar i rommet er ferdig. Det er og planlagt å sette i gang arbeidet med båtmagasinet i inneverande år, og MiSF har her prosjektmidlar som skal nyttast til naudsynt arbeid. Båtmagasinet blir definert som eiga sone i bygget, og egnar seg difor til å prosjekterast separat. Med bakgrunn i at Sogn og Fjordane fylkeskommune i samråd med MiSF har vedteke å ikkje gå vidare med prosjektet «Kløften», skal finansiering av «Fellesmagasin Angedalen» handsamast i fylkestinget 24. april, med sikte på omdisponering av avsettingar i økonomiplanen for 2019. Eit forventa positivt vedtak i fylkestinget vil gjere MiSF i stand til å starte med detaljprosjektering i 2019 i påvente av statleg tilskot. Ein detaljert milepælsplan blir utarbeidd i samband med detaljprosjekteringa. Etter eventuelt tildeling av tilskot over statsbudsjettet, vil MiSF starte førebuing til anskaffinga i løpet av januar 2020, med sikte på igangsetting april/mai månad. Parallelt vil vi arbeide med naudsynte prosessar/søknadar opp mot forvaltinga i høve byggesaka. Det vil vidare settast i gang arbeid ved avdelingane for å førebu at magasinet kan takast i bruk. Her må prosessane tilpassast dei einskilde avdelingane, som har ulike utfordringar i høve magasinsituasjonen og ulik grad av oversikt over samlingane. Høgast prioritet er vurdering av båtsamlinga, med sikte på vedtak om kva for båtar som skal plasserast i magasin, evt. avhendast. Skisseprosjektet har berekna byggetid til 12 månader, og vi har mål om å kunne starte å ta fellesmagasinet i bruk i løpet av 2021.

Innlevering av søknaden Dette skjemaet fylles ut elektronisk og lagres på egen datamaskin; deretter sendes det som vedlegg i e-post til Kulturdepartementet: [email protected]. Evt. vedlegg av typen prosjektbeskrivelse, arkitekttegninger etc. kan ettersendes i separate eposter til samme adresse. Merk at departementet har en teknisk sperre på hvor store epost-vedlegg kan være, på maksimalt 15 Mb. Du vil motta en automatisk generert epost som kvittering på hver epost som blir mottatt og registrert av departementet.

Vedlegg: Prosjektskildring (ettersendast) Arkitektteikningar, prospekt (ettersendast) Fellesmagasin Førde, rapport ARK, med vedlegg.pdf Fellesmagasin Angedalen – Site.ifc (3D-modell) Fellesmagasin Angedalen.ifc (3D-modell) Rapport skisseprosjekt Fellesmagasin Angedalen, Rambøll med vedlegg.pdf Kalkyle skisseprosjekt Fellesmagasin Musea i Sogn og Fjordane, 15.2.19.pdf Sikringsrisikoanalyse (ettersendast)

Søknadsfrist og svar Søknadsfristen er 1. mars 2019 for søknader til statsbudsjettet for 2020. Svar på søknaden kommer etter at statsbudsjettet er vedtatt av Stortinget, som normalt behandles i desember.

Side 1 av 5

VEDLEGG 7

Rapportering på finans- og gjeldsforvaltninga per 30.april 2019

Finansreglementet seier at fylkesrådmannen 3 gonger i året legg fram for fylkestinget rapport for finans- og gjeldsforvaltninga. Rapporteringa skal skje i samband med tertialrapportering per 30. april, 31.august og ved utgangen av kvart år. Fylkesrådmannen legg no fram rapport om finans- og gjeldsforvaltninga per 30.april 2019.

Reglementet omhandlar tre ulike forvaltningstypar:  Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål  Forvaltning av gjeldsporteføljen og øvrige finansieringsavtalar  Plassering og forvaltning av langsiktige finansielle aktiva.

Når det gjeld langsiktige finansielle aktiva har ikkje finansreglementet plasseringsrammer for dette. Fylkesrådmannen har såleis ingenting å rapportere på denne forvaltningstypen.

Hovudtrekk Pr. 30. april 2019 har Sogn og Fjordane fylkeskommune ei gjeldsportefølje på om lag 2,3 mrd. kr og ledig likviditet på om lag 2,5 mrd. kr. Det høge gjeldsnivået må sjåast i samanheng med fylkeskommunen sine ledige midlar. Fylkeskommunen tek ikkje stor risiko i plasseringa av sine midlar, og dei er tilgjengelege på kort tid. Med ledige midlar på om lag 2,5 mrd. kr vurderer fylkesrådmannen likviditeten til fylkeskommunen som svært god. Av gjeldsporteføljen er det kun 24 % som er eksponert for renterisiko. Renterisikoen må sjåast i samanheng med fylkeskommunen sin likviditet og ein renteoppgang vil få ein positiv innverknad på økonomien i fylkeskommunen på kort sikt jf. risikovurderinga nedanfor. Vidare kjem 23,6 % av gjelda til forfall innanfor dei neste 12 mnd., og medfører at fylkeskommunen er utsett for ein viss refinansieringsrisiko. Denne risikoen vert vurdert fortløpande og må sjåast opp mot likviditeten. Grafen under viser utviklinga i fylkeskommunen si gjeld og likviditet det siste året.

3000 2534,3 2546,9 2500 2281,1 2251,1 2341,5 2000 2353,7 2095,6 1993,1 1500 Likviditet

Mill. Mill. kr 1000 gjeld 500 0 30.04.2018 31.08.2018 31.12.2018 30.04.2019

Det er betalt om lag 12 mill. kr i avdrag på lån i rapporteringsperioden som har redusert lånegjelda. Likviditeten har vore tilnærma uendra. Årets låneopptak er ikkje gjennomført, dette vil gi ein auke i både lånegjelda og likviditeten.

Rentemarknaden: I rapporteringsperioden har pengemarknadsrenta (3M Nibor) gått opp og ligg per 30.04.19 på 1,4 %. Med ein refinansieringsandel på 23,6 % er det 551,8 mill. kr i kortsiktige lån som skal refinansierast dei neste 12 månadane. I tillegg skal låneopptaket for 2019 gjennomførast.

Pengepolitisk rapport 1/19 vart publisert i mars og Noregs Bank sitt hovudstyre vedtok å heve styringsrenta med 0,25 %-poeng til 1 %. Hovudstyret si vurdering var at kapasitetsutnyttinga i norsk økonomi var litt over eit normalt nivå og den underliggande prisveksten var litt høgre enn inflasjonsmålet. Utsiktene og risikobildet i vurderinga til Noregs Bank tilseier også at styringsrenta mest sannsynleg vil bli satt vidare opp i løpet av det neste halvåret. I møtet i mai vart det ingen Side 2 av 5 endring i styringsrenta, men prognosane tilseier at styringsrenta mest sannsynleg vert sett opp i juni.

Per 30.04.2019 er 5 års swaprente indikativt prisa til 1,85 %. Pengemarknadsrentene har auka i rapporteringsperioden og det er venta stigande renter framover. Dette talar for at finansieringskostnaden for fylkeskommunen vil auke. Pr. 1.tertial vil likevel ein renteoppgang gi ein positiv innverknad på fylkeskommunen sin økonomi, då den renteberande likviditeten utgjer ein større del enn den flytande gjelda.

Rapportering i høve finansreglementet sine avgrensingar Rammene i finansreglementet set avgrensingar for finans- og gjeldsforvaltninga. Tabellen nedanfor syner om det er avvik mellom faktisk forvaltning og risikorammene i reglementet. Første og andre kollonne i tabellen syner ulike parameter og deira avgrensingar i finansreglementet. Kollonne 3 syner status på rapporteringstidspunktet der det er aktuelt og i kollonne 4 vert det kommentert om det er avvik i høve reglementet.

Finans- og gjeldsforvaltninga Finansreglementet sine Status Avvik avgrensingar

Likviditetsforvaltninga

Støste enkeltbinding på plassering Maksimalt 100 mill. kr - Nei

Rentefølsemd - fond Plassering av kort likviditet Maksimalt 1 år - Nei Plassering av mellomlang likviditet Maksimalt 2 år - Nei

Andel av forvaltningskapital

Innskot i bank/kredittinstitusjon ≤ 2% - Nei Eigardel i eit rentefond ≤ 5 % - Nei

Risikovekt på papir i pengemarknadsfond Under 20 % BIS-vekt - Nei

Gjeldsforvaltninga

Durasjon - vekta rentebindingstid Mellom 1 - 5 år 1,10 Nei

Refinansieringsandel innan 12 mnd Maksimalt 35 % 23,6 % Nei

Færrast mogeleg, men ikkje Tal lån færre enn at refinansieringsrisikoen vert avgrensa 18 Nei

Største lån Maks 25% av den samla låneporteføljen 9,6 % Nei

Rentebindingsandel Mellom 33,3 % - 66,6 % av netto renteberande gjeld 57,7 % Nei For ordforklaring og utfyllande informasjon om finansreglementet sine avgrensingar sjå finansreglementet med tilhøyrande definisjonsark, jf. FT-sak 34/16.

Pr. 30.04.19 er det ingen avvik mellom den faktiske finans- og gjeldsforvaltninga og finansreglementet sine rammer.

Side 3 av 5

Forvaltning av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål Det vert vist til finansreglementet sitt punkt 6.4. Finansreglementet skil mellom kort likviditet og mellomlang likviditet (midlar som ikkje er forventa nytta innan 2 år). Pr. 30.04.19 har fylkeskommunen 2546,9 mill. kr i ledige midlar, der 500 mill. kr er definert som mellomlang likviditet. Den ledige likviditeten er fordelt på bankinnskot, pengemarknadsfond og obligasjonsfond.

I tabellen nedanfor ser ein utviklinga i avkastninga på likviditeten samla dei siste rapporteringsperiodane, samanlikna med referanserenta (benchmarki):

Avkastning dei siste fire 30.04.2018 31.08.2018 31.12.2018 30.04.2019 rapporteringsperiodane, i mill. kr Avkastning i perioden 13,9 15,2 11,7 15,6 Avkastning benchmark i perioden 6,4 6,8 8,6 10,9

Fylkeskommunen har fått 15,6 mill. kr i samla avkastning i rapporteringsperioden. Dette gjev ei meiravkastning på 4,7 mill. kr i første tertial, samanlikna med referanserenta. Auken i avkastninga i denne rapporteringsperioden, samanlikna førre periode, skuldast at vi har hatt ein høgare likviditet og ein høgare 3M Nibor i denne rapporteringsperioden. Sett i lys av at rentenivået framleis er lågt har fylkeskommunen fått relativt god avkastning og fylkesrådmannen er nøgd med avkastninga.

Tabellen under syner fordelinga av den ledige likviditeten pr. 30.04.19. Vidare samanliknar vi den faktiske avkastninga til fylkeskommunen i perioden mot referanserenta (benchmark). Avkastning i % syner kva avkastning dei ulike plasseringsalternativa har hatt i perioden og kor mykje dette ville utgjort per år (p.a.).

Innskot Plassering Avkastning i % Avkastning i mill.kr pr.30.04.2019 I Bench- mill. kr % -andel P.a SFJ FK Diff. perioden mark

Bankinnskot 2181,7 85,7 % 0,53 % 1,58 % 12,0 9,9 2,1 Pengemarknadsfond 107,2 4,2 % 0,79 % 2,41 % 0,8 0,4 0,4

Obligasjonsfond 258,0 10,1 % 1,60 % 4,86 % 2,8* 0,6 2,2

Samla 2546,9 100 % 0,61 % 1,85 % 15,6 10,9 4,7 *Som følgje av kjøp av nye fondsdelar (sjå tekst nedanfor) i rapporteringsperioden er avkastninga i mill. kr som vi har oppnådd for obligasjonsfonda ikkje samanliknbar med avkastninga i prosent som gjeld heile første tertial.

Størstedelen av bankinnskotet er plassert i vår hovudbank, Sparebank 1 SMN. Grunnlaget for at ein så stor del er plassert i hovudbanken er vurderingar knytt til rentevilkår og risiko på plasseringane. Risikoen knytt til å ha så mykje midlar i ein bank er vurdert som liten og handterbar. Innskota i andre bankar er i hovudsak i Danske Bank der konsesjonskraftinntektene vert innbetaltii. I tillegg har fylkeskommunen om lag 37 mill. kr inneståande på eigen bunden skattetrekkskonto.

I rapporteringsperioden er det overført 500 mill. kr frå driftskonto til plasseringskonto pluss for å få ei betre rente. Plasseringskonto pluss har 31 dagars bindingstid, og alle uttak og overføringar skal difor varslast minimum 31 dagar før uttaket skal skje. Innskota er gjort med 100 mill. kr over tid, og utgjer samla 500 mill. kr.

Pr. 30.04.19 har fylkeskommunen 1,5 mrd. kr på plasseringskonto pluss i Sparebank 1 SMN. I tillegg har fylkeskommunen overført 100 mill. kr til ein tilsvarande konto i Sparebanken Vest. Fylkesrådmannen vurderer innskota som risikofrie då fylkeskommunen har god likviditet og ikkje treng pengane på så kort tid. iFylkesrådmannen har i si samanlikning med marknadsrenter for bankinnskot brukt gjennomsnittleg 3 mnd. Nibor som referanserente, samt nytta eit gjennomsnitt av samla kortsiktig likviditet i perioden som grunnlag for berekningane. For plasseringane i pengemarknadsfond og obligasjonsfond er det nytta 3 mnd. statsobligasjons-indeks (ST1X) som referanserente. ii Konsesjonskraftinntektene vert innbetalt i euro (EUR), og ved sikring av konsesjonskraftinntektene vert det også føreteke valutasikring. Side 4 av 5

Vidare er det plassert 100 mill. kr i obligasjonsfondet Alfred Berg Nordic Investment grade og 50 mill. kr i eit nytt obligasjonsfond, Danske Invest Norsk Kort Obligasjon, i rapporteringsperioden.

Fylkeskommunen har pr. 30.04.19 plassert 107,2 mill. kr av den ledige likviditeten i pengemarknadsfond og 258 mill. kr i obligasjonsfond. Fondsplasseringane er fordelt slik:

Kort likviditet, etter finansreglementet sitt pkt. 6.1: - Pluss likviditet (52,3 mill. kr) - Pluss Likviditet II (54,9 mill. kr)

Mellomlang likviditet, etter finansreglementet sitt pkt. 6.2: - Alfred Berg Nordic Investment Grade (155,8 mill. kr) - Pluss Obligasjon (51,9 mill. kr) - Danske Invest Norsk Kort Obligasjon (50,3 mill. kr)

Forvaltning av gjeldsporteføljen og øvrige finansieringsavtalar Det vert vist til finansreglementet sitt punkt 7.7. Pr. 30.04.19 har fylkeskommunen ei samla lånegjeld på 2341,5 mill. kr. Av dette er 758,2 mill. kr lån som er rentesikra med rentebytteavtalariii, 1470,3 mill. kr er lån med Nibor tilknytt rente, og 113,0 mill. kr er lån med pt. rente.

Låneporteføljen består av serielån i Kommunalbanken og lån i kapitalmarknaden (sertifikat- og obligasjonslån). Andelen serielån (1264,7 mill. kr) utgjer 54 % av den totale gjelda, medan lån i kapitalmarknaden (sertifikat: 356,8 mill. kr og obligasjonar: 720,0 mill. kr) utgjer 46 %. Ein del av låna i kapitalmarknaden har relativt kort løpetid og må refinansierast ved forfall. Innan eitt år har lån på til saman 551,8 mill. kr forfall. Dette utgjer 23,6 % av den samla gjeldsporteføljen.

Av den samla lånegjelda får fylkeskommunen rentekompensasjon på ei investeringsramme på omlag 1 mrd. kr. Ved berekning av rentesikringsandel nyttar vi den delen av gjelda som er utsett for renterisiko (netto renteberande gjeld) – vi trekker difor ut lånegjeld tilsvarande investeringsramma som vert rentekompensert.

Diagramma under syner kor stor del av den samla gjelda som er utsett for renterisiko og sikringsandelen i høve finansreglementet pr. 30.04.19:

Risikoeksponering i samla Risikoeksponering i netto lånegjeld renteberande gjeld

Gjeld utan sikring (555,7 mill. kr) Rentesikra gjeld 44 % 24 % (758,2 mill. kr) Gjeld sikra med 32 % 42 % renteswap (758,2 58 % Gjeld med flytande mill. kr) rente (555,7 mill. kr) Rentekompensert gjeld (1027,6 mill. kr)

iii Rentebytteavtale er ein avtale mellom bank og kunde om bytte av framtidige renteutbetalingar. Som hovudregel vil den eine parten betale fast rente i heile perioden, medan den andre parten betalar flytande Nibor rente. I gjeldande rentebytteavtalar er det fylkeskommunen som betalar fast rente medan banken betalar flytande Nibor rente.

Side 5 av 5

Av den samla lånegjelda vert 1027,6 mill. kr rentekompensert og 758,2 mill. kr er rentesikra. Såleis er det kun 555,7 mill. kr av den totale gjelda som vert rekna til flytande vilkår. Dette medfører at 24 % av den samla gjelda er eksponert for renterisiko.

Diagrammet til høgre syner sikringsandelen av netto renteberande gjeld. Pr. 30.04.19 er netto renteberande gjeld 1313,9 mill. kr, og vi har ein rentesikringsandel på 58 %. Rentesikringsandelen på 58 % viser at vi har ein høg sikringsgrad på den netto rente-eksponerte gjelda, utifrå at maksimumsnivået i finansreglementet er 66 %.

Fylkesrådmannen har hatt som målsetting å ha ein høg del av låneporteføljen på fastrentevilkår når det er forventing om stigande rentenivå. Rentebindingar både på kort og lang sikt vert såleis vurdert fortløpande.

Vekta attståande rentebindingstid på låneporteføljen er berekna til 1,10 år, og gjennomsnittleg løpetid for låneporteføljen 6,69 år. Dette er innafor finansreglementet sine rammer.

Tabellen nedanfor viser ei samanlikning av eigne rentevilkår (snittrente) mot marknadsvilkår i rapporteringsperioden:

30.04.2018 31.08.2018 31.12.2018 30.04.2019

mill. kr % mill. kr % mill. kr % mill. kr % Rentekostnad i perioden/ snittrente 15,0 2,0 % 15,7 2,0 % 16,2 2,1 % 17,0 2,2 % Rentekostnad benchmark i perioden/ gj.sn NIBOR 3M 7,6 1,0 % 8,9 1,2 % 8,9 1,2 % 10,3 1,3 %

Snittrenta i perioden for heile porteføljen er 0,9 %-poeng høgare enn referanserenta. Om lag halvparten av denne meirkostnaden i høve referanserenta (flytande vilkår) er forsikringspremien fylkeskommunen betalar for å redusere risikoen i høve renteendringar på kort og mellomlang sikt. Den andre halvparten skuldast at bankane har ein margin på sine utlån utover referanserenta.

Fylkesrådmannen er forplikta til å ta opp vedteke lån i løpet av året. Låneopptaket for 2019 er ikkje gjennomført i rapporteringsperioden. Fylkeskommunen har god likviditet og har difor ikkje hatt behov for å ta opp årets lån. To sertifikatlån er rullert med eitt nytt sertifikatlån. Det er ikkje inngått nokon nye rentebyteavtalar i perioden.

Risikovurdering I finansreglementet punkt 10.2 står det at det skal gjerast ei risikovurdering i høve renterisikoen ved ei generell endring i renta på 1 % -poeng.

Berekninga viser at med gjeldande portefølje per 30.04.19 vil fylkeskommunen få ein gevinst på 10 mill. kr ved ein renteoppgang på 1 %. Den rentebærande likviditeten utgjer ein større del enn den flytande delen av gjeldsportefølja. I følgje berekninga vil ei endring i renta få ein positiv innverknad på økonomien i fylkeskommunen på kort sikt.

Når ein tek omsyn til storleiken på finansporteføljen vil fylkesrådmannen konkludere med at risikoeksponeringa per 30.04.19 er innafor eit akseptabelt nivå.

Konklusjon/tilråding Fylkesrådmannen har ovanfor lagt fram sin rapport på finansporteføljen per 30.04.19. Fylkesrådmannen tilrår at fylkestinget tek rapporten til orientering. Tertialrapport 1/19 – Konsesjonskraftomsetjing

2019 2020 2021 2022 2023 Budsjett 2019/Øk.plan 20-23 70,0 60,0 60,0 62,0 62,0 Ny prognose T 1/19 70,0 70,0 65,0 65,0 65,0 Endring 0 10,0 5,0 3,0 3,0

Føresetnader Budsjett 2019/økonomiplan 2020-2023:

Budsjettføresetnadane for 2019/ økonomiplan 2020-2023 er basert på marknadsprisar og valutakursar per hausten 2018 og kjend konsesjonskraftmengde i 2018 - 349 gwh. Kostnadane med kjøp av konsesjonskraft inkl. innmatingsavgifter var berekna til 13,5 øre/gwh. (11,42 + 2,08). Kostnader med bistand Markedskraft, kommunekraft, ulike gebyr etc. er berekna til 1 mill. kr.

For året 2019 skal vi - etter vedteken normalsikringsstrategi for kraftsal – ha pris- og valutasikra 80 % av tilgjengeleg volum ved inngangen til budsjettåret. Jf. sikringsstrategien pkt. 5, 4 kulepunkt skal fylkeskommunen:

«ved inngangen til kvart kvartal skal ein være ajour med normalstrategien sitt volum. Ein kan altså ikkje ligge med avik frå normalstrategien gjennom eit kvartal som er i levering»

Pr. 30.04.19 er andel pris- og valutasikra volum 72,85 %. Ved inngangen til 2. kvartal 2019 ligg vi på normalstrategien sitt volum. Det gjenstår noko sikring i 3/4. kvartal 2019.

Ny prognose 2019

Ny prognose for konsesjonskraft byggjer på marknadsprisar og valutaprisar pr. 30.april 2019. Prisbilete for 2019 er om lag slik det var ved budsjetteringstidspunktet, dvs pr. 01.09.18.

Den nye prognosen byggjer vidare på faktisk mengde konsesjonskraft for 2019 - 366 gwh – ein auke på 18 gwh i høve budsjett 2019. Auken skuldast i hovudsak at planlagd auka uttak i Aurland kommune på 30 gwh frå 01.07.2018 (med heilårseffekt i 2019) er reversert. Fylkesrådmannen er i dialog med Aurland kommune om at dette vert finansielt avrekna etter årsskiftet. Det er elles nokre kommunar som for 2019 har auka sitt uttak, jf. utviklinga i alminneleg forbruk i kommunen.

Innkjøpspris (OED-pris) for 2019 er fastsett til 10,99 øre/gwh – ein reduksjon på 0,21 øre/gwh i høve 2018. Kostnadane med innmating etc. er vurdert til 2,5 øre/gwh – omlaq 0,2 øre/gwh høgre enn 2018. Det vil sei at innkjøpskostnadane samla for 2019 er sett til 13,5 øre/gwh – det same som for 2018.

Vår prognosemodell tek utgangspunkt i systemprisen på evalueringstidspunktet. Vår kraft vert imidlertid selt i område 5 (Vest-Norge). Områdeprisen og systemprisen vil ofte avvike frå kvarandre – både positive og negative avvik. I tillegg har konsesjonskrafta ein meirverdi som Markedskraft prøver å maksimera. Basert på erfaringar dei seinare åra samt utviklinga så langt i år vert desse samla vurdert til om lag 1,0 mill. kr. i netto gevinst i 2019.

Samla vert det tilrådd å ikkje endre prognosen for 2019 i 1. tertial.

Ny prognose for 2019 er:

2019 Budsjett 2019 70,0 Ny prognose T1/19 70,0 Endring 0

Prognose 2020 – 2023

Ny prognose for åra 2020–2023 byggjer på oppnådd pris på allereie sikra volum samt marknadsprisar og valutaprisar pr. 30.04.19 for den delen av vår portefølje som ligg i spotmarknaden. Samanlikna med budsjetterte prisar i eksisterande økonomiplan er prisane for 2020 noko betre medan prisane for 2021-2023 er om lag på same nivå.

Ny prognose for åra 2020–2023 baserar seg elles på same grunnlag som ny prognose for 2019. Ved rullering av planperioden er år 2023 i utgangspunktet sett lik 2022.

Markedskraft sin prognosemodell viser fortsatt at marknaden er «underprisa» for produkta fram i tid, frå 5,7 EUR til 6,6 EUR for åra 2020-2023. Slik fylkesrådmannen vurderer det ligg difor ei relativ stor «oppside» i porteføljen – særskilt for åra ut i perioden - med utgangspunkt i Markedskraft sine prognosar.

2020 2021 2022 2023 Økonomiplan 2020-2023 60,0 60,0 62,0 62,0 Ny prognose T1/19 70,0 65,0 65,0 65,0 Endring 10,0 5,0 3,0 3,0

I budsjett 2019/økonomiplan 2019-2022 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er det lagt inn eit «tak» på 50 mill. kr til bruk i driftsbudsjettet. Kva «ordning» som vert etablert i Vestland fylkeskommune frå 2020 med omsyn til bruk av konsesjonskraftinntekter i driftsbudsjettet er enno ikkje bestemt.

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 19/2134-6 Internt l.nr. 28909/19

Sak: 19/19

Tittel: Tertialrapport 1/2019

Behandling:

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

Hovudutvalet rår fylkesutvalet til å gje slik tilråding: Fylkesutvalet rår fylkestinget til å gjere slikt vedtak:

A. Det vert gjort slike endringar i driftsbudsjettet for 2019

1 Rammetilskotet vert auka med 52,000 mill. kr. Avsetjing til disposisjonsfond vert auka med 29,400 mill. kr 2 Lokale inntekter vert auka med 0,075 mill. kr 3 Bruk av bundne fond vert auka med 24,826 mill. kr. 4 Sektorbudsjettet til politisk styring, plan og forvaltning vert auka med 2,350 mill. kr med slik fordeling: Teneste 4200 Administrasjon vert auka med 3,600 mill. kr Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. FK område vert redusert med 3,000 mill. kr knytt til kostnadar ved samanslåingsprosessen Teneste 4600 Oppgåver utanfor ord. FK område vert auka med 0,250 mill. kr knytt til tilskot til Redningsselskapet. Teneste 4801 Juridisk honorar vert auka med 1,500 mill. kr 5 Sektorbudsjettet til opplæring vert redusert med 2,500 mill. kr med slik fordeling:

Teneste 5100 Utgifter til lokale vert redusert med 0,910 mill. kr Teneste 5101 Vedlikehald og drift av skulebygg vert auka med 1,645 mill. kr Teneste 5151 Fellesutgifter vert redusert med 2,500 mill. kr Teneste 5590 Landsliner vert redusert med 0,735 mill. kr

6 Fagskulen i Sogn og Fjordane får ei auka løyving på 0,469 mill. kr. Løyvinga vert dekka innafor tilgjengelege midlar på teneste 5540 Fagskulen.

7 Sektorbudsjettet til samferdsle vert auka med 22,600 mill. kr med slik fordeling: Teneste 7222 Fylkesvegar – drift og vedlikehald vert auka med 15,000 mill. kr Teneste 7210 Fylkesvegferjer vert auka med 7,600 mill. kr

8 Tilbakeførte midlar frå Innovasjon Norge på 1,638 mill. kr vert inntektsført på sektoren næring og kultur. Midlane vert nytta til breibandsatsing i 2019.

9 Samla vert driftsbudsjettet saldert ved avsetjing til bufferfondet med 25,025 mill. kr

B. Det vert gjort slike endringar i kapitalbudsjettet for 2019

1 Investeringsprogrammet for bygg med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 4. 2 Investeringsprogrammet for fylkesvegar med tilhøyrande finansieringsplan vert endra i samsvar med vedlegg 5.

C. Andre områder 1 Rapportering på finansporteføljen i vedlegg 7 vert teken til vitande. 2 Rapportering på konsesjonskraftomsetjing i vedlegg 8 vert teken til vitande.

Side 1 av 1

Saksframlegg

Saksbehandlar: Monica Åsnes, Samferdsleavdelinga Sak nr.: 19/746-7

Skriv og meldingar - hovudutval for samferdsle 28. mai

1a Framlegg til utbetringar på fylkesveg 180 Fresvik -Vangsnes 1b Vegen Fresvik-Vangsnes

2 Endring av vegnummer som følgje av regionreforma

3a Høyringsuttale frå Eid Formannskap til Statens Vegvesen. 3b Vedtak Fylkesutvalet . 3c Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned! . 3d Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast .

4 Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik.

5a Høyring om nye læreplanar i skulen – framlegg til uttale frå FTU 5b Høring om trafikkopplæring til førerkort og unntak fra fraværsgrensen i videregående skole.

6 Studentrabatt for lærlingar og lærekandidatar på reiser med buss og båt

Fra: Bjørg Fritsvold [[email protected]] Til: Postmottak Sentraladm [[email protected][email protected] [firmapost- [email protected][email protected] [[email protected]] Kopi: Siri Wølneberg Bøthun [[email protected]]; Terje Harbakk [[email protected]]; Sverre Høgheim [[email protected]] Sendt: 15.05.2019 10:08:37 Emne: Framlegg til utbetringar på fylkesveg 180 Fresvik -Vangsnes Vedlegg: Vegen Fresvik-Vangsnes.docx

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger (E‐post: [email protected])

Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 Leikanger (E‐post: firmapost‐[email protected])

Vik kommune, formannskapet, Postboks 134, 6891 Vik i Sogn (E‐post: [email protected])

Fylkesveg 180 Fresvik – Vangsnes, framlegg til utbetringar

Fresvik Bygdalag viser til vedlagt skriv og håpar at innhaldet her vert teke omsyn til i budsjettarbeidet framover. På grunn av steinras var vegen til mellom Fresvik og Feios stengd i om lag ei veke frå 22. mars om kvelden til 28. mars om ettermiddagen. Med dei velkjende prognosane om eit våtare klima og med det auka rasfare, bør dette vera ein vekkjar for vegeigaren (fylkeskommunen), den drifts‐ og vedlikehaldsansvarlege (vegvesenet) og for Vik kommune.

Etter kvart som fleire og fleire kommunale tilbod vert tekne bort frå Fresvik og sentraliserte, aukar trafikken på vegen mot Feios og Vangsnes og vidare mot Vik. Borna i barneskulen må snart reisa om lag 35 km kvar dag til Feios får å få si lovpålagde undervisning. Desse borna kjem i tillegg til dei på ungdomsskuletrinnet som har reist den same strekninga i om lag 10 år.

Fresvik Bygdalag er uroa for at liv skal gå tapt på ei utrygg vegstrekning, og det er bakgrunnen for at vi sender dette brevet med sterk oppmoding om snarlege utbetringar for å redusere risikoen med å ferdast på vegen. Me krev at det som kan gjerast på kort sikt (under 1 år) vert gjennomført. Me tenkjer då på fangnett (jf. punkt 1) og rekkverk (jf. punkt 5).

Venleg helsing for Fresvik Bygdalag

Bjørg Fritsvold (leiar)

Kopi: Feios Bygdalag v/ Terje Harbakk, Feiosvegen 445, 6895 Feios (E‐post: [email protected])

FAU Fresvik skule v/ Siri Wølneberg Bøthun, (E‐post: ) Fylkesveg 180 Fresvik - Vangsnes

Vegparti som må utbetrast for at strekninga Fresvik-Feios - Vangsnes skal bli rimeleg trygg å ferdast på

1) Haukaneset – Lyngneset –Vidhammargilet Her trengst det ein kombinasjon av overbygg og tunnel, eller eventuelt ein tunnel på om lag 1,5 km for at strekninga skal bli trygg mot steinras. Fjellrensking og oppsetjing av fangnett må koma i gang så snart dette er praktisk mogeleg. Ifølgje fagfolk er det ynskjeleg med fangnett på ei strekning på 300 meter.

2) Rassikringstunnelen ved Trettetungene bør utvidast med om lag 60 m i kvar ende, slik at tunnelprofilen tilfredsstiller vegnormalen. Då kan tunnelen bli permanent, og dermed erstatta to smale og lite oversiktlege overbygg som no blir nytta i sommarhalvåret.

3) Overbygget i indre Jarva bør sprengjast bort og erstattast med eit nytt som er lengre og breiare (same standard som i ytste Jarva).

4) Ramnabergtunnelen (1490 m) må vass- og frostsikrast. Det må bli mobildekning og radiosamband. Ved ei ulukke i tunnelen i dag er det uråd å få kontakt med omverda. Nytt vegdekke må koma på plass.

5) Rekkverk manglar mellom Løneset og Langaneset. Dette må koma på plass snarast.

6) Smale parti mellom Løneset og Galden (Viki) må utbetrast. Møteplassar må opparbeidast.

7) Feiostunnelen (772 m) må få mobildekning og radiosamband. Ved ei ulukke i tunnelen i dag er det uråd å få kontakt med omverda. Nytt vegdekke må koma på plass. Innkøyringa til tunnelen frå Feios-sida er utsett for steinras. Her må det snarast utgreiast kva slags sikring som er best eigna.

8) Møteplassar må opparbeidast mellom Risjuv og Vangsnes.

Stadnamna ovanfor refererer seg til Vik Turlag sitt turkart som kom ut i 2016, og som byggjer på N50 kartdata frå Kartverket.

Fresvik i april 2019

Sverre Høgheim

Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER

Behandlande eining: Sakshandsamar/telefon: Vår referanse: Dykkar referanse: Vår dato: Region vest Eli Marita Vik Næss / 57655744 17/153285-17 10.05.2019

Endring av vegnummer som følgje av regionreforma

Vi viser til vårt brev av 06.07.2018 med vedlegg.

Vedlagt følgjer notat frå Vegdirektoratet til regionane datert 22.03.2019. Dette notatet omhandlar revidert regelverk for nummerering av vegar, og bruken av vegnummer på skilt.

Arbeidet med nye vegnummer har vore utført av ei arbeidsgruppe der Kåre Forslund frå fylkeskommunen har delte. I styringsgruppemøtet i januar 2017 fekk vi tilbakemelding på at fylkeskommunen ønskte å bli orientert om dei endringane som vart gjort på fylkesvegnettet i Sogn og Fjordane.

Vedlagt følgjer excel-fil som viser forslag til nye fylkesvegnummer.

Nye og gamle vegnummer er lagt inn i kartet som de finn her: https://vegvesen.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=672389cc94804506 a7ab73319097b615

Konsekvensar for vegnettet i Sogn og Fjordane Krav til skilting gjeld vegar i funksjonsklasse B. Dette er i hovudsak riksvegar eller tidlegare riksvegar. Desse er skilta i dag.

Vegar med funksjonsklasse C kan skiltast. Trafikantane sine informasjonsbehov bør vere avgjerande for om vegen skal skiltast eller ikkje.

Postadresse Telefon: 22 07 30 00 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest [email protected] 6863 LEIKANGER Regnskap Postboks 43 Postboks 702 6861 LEIKANGER Org.nr: 971032081 9815 Vadsø

2

Vidare arbeid Dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune har merknader til dette så må vi få tilbakemelding så fort som mogeleg og seinast 31. mai 2019.

NVDB vil verte oppdatert innan 1.august slik at alle omkringliggande system er oppdaterte innan 1. januar 2020 når regionsreforma vert gjort gjeldande.

Vegavdeling Sogn og Fjordane Med helsing

Svenn Egil Finden avdelingsdirektør Eli Marita Vik Næss seniorrådgjevar

Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar.

Notat Til: 4 Postmottak Region midt Saksbehandler/telefon: 5 Postmottak Region nord Espen Sveen / 90076357 2 Postmottak Region sør Vår dato: 22.03.2019 3 Postmottak Region vest Vår referanse: 17/153285-15 1 Postmottak Region øst Fra: NVDB og Geodata Kopi: Randi Harnes

Endring av vegnummer som en konsekvens av regionreformen

Dette notatet inneholder revidert regelverk for nummerering av veger, og bruken av vegnummer på skilt.

Bakgrunn

Som følge av regionreformen legges vegreferansesystemet om. I den forbindelse får vi et nytt system for nummerering av veger. Ca.3300 fylkesveger får nye, unike vegnummer, og riksveger og fylkesveger skal som hovedregel ikke ha overlappende vegnummer. Det tas samtidig i bruk en landsdekkende definisjon for funksjonsklasser. Denne inndelingen vil også benyttes som grunnlag for tildeling av nummer. Videre er det foreslått at det nye systemet og funksjonsklasseinndelingen skal gi føringer for hvilke veger som skal skiltes med vegnummer. Brev om dette ble sendt til regionene i begynnelsen av juni 20181. Da vegavdelinger og fylker startet gjennomgangen av vegnummer og funksjonsklasser så man utfordringer med det utsendte forslaget til regelverk. Dette gjaldt spesielt kravet til hvilke veger som skal skiltes med vegnummer. De økonomiske konsekvensene av å følge forslaget ville bli store2. Den direkte sammenhengen mellom en vegrutes funksjonsklasse og krav om skilting med vegnummer, var heller ikke ansett som et godt prinsipp. Vegruters funksjon kan endres både geografisk, og over tid. Som en følge av disse erfaringene ble det utarbeidet et justert regelverk for nummerering av veger, og forholdet til skilting. Dette ble behandlet i ELM 14. november 2018.3 ELM ba om at fylkeskommunene skulle få uttale seg om hvor mange funksjonsklasser de ønsket seg. Dette ble tatt opp i kontaktutvalget mellom fylkesrådmannskollegiet og Vegdirektøren 17. januar.

1 Forslag til vegnummer ble sendt ut til vegavelingene i starten av juni 2018, saksnr. 17/153285. For Trøndelag ble tilsvarende gjort høsten 2017. Behandlet i ELM Sak 04 12-17. 2 I Oppland er det gjort et overslag som viser at det opprinnelige forslaget innebærer en kostnad på i størrelsesorden mellom 30 og 70 millioner kroner til skilting. 3 ELM Sak Sak 15 10-18 Regelverk for nummerering av veger – forhold til funksjonsklasse og skilting

Postadresse Telefon: 22 07 30 00 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Abels gate 5 Statens vegvesen Vegdirektoratet [email protected] 7030 TRONDHEIM Regnskap Postboks 6706 Etterstad Postboks 702 0609 OSLO Org.nr: 971032081 9815 Vadsø

2

Der var det ingen kommentarer til inndelingen av funksjonsklasser. Vegdirektøren påpekte at også fremtidig vegnummerering av fylkesveg må avklares med Statens vegvesen fordi vi må ha unike vegnummer for både riksveg og fylkesveg på landsbasis.

Inndeling i Funksjonsklasser

Funksjonsklasser legges til grunn for tildeling av vegnummer. Funksjonsklasser defineres slik: Klasse Navn Beskrivelse

A Nasjonale hovedveger Nasjonale hovedveger

B Regionale hovedveger Veger med regional funksjon, overordnet/ regional betydning. Sammen med funksjonsklasse A utgjør disse et overordnet transportnett.

C Lokale hovedveger Veier med viktig lokal, men også en viss regional, funksjon hvor hovedfunksjonen er viktige forbindelsesveger mellom funksjonsklasse A og B og forbindelse til kommunesentra.

D Lokale samleveger Veger som binder sammen bygder og grender eller gir hovedadkomst til bygd eller grend. Disse vegene har også en samlefunksjon for trafikk til eller fra veger i funksjonsklasse B og C.

E Lokale adkomstveger Veger som kan være samleveier, men som mest domineres av adkomst til boliger og virksomheter langs disse veiene.

Klasse A, Nasjonale hovedveger er i utgangspunktet riksveger. Klasse B-D benyttes i utgangspunktet for fylkesveger, men kan også benyttes for kommunale veger. Grunnlaget for dagens funksjonsinndeling i de enkelte fylker varierer en del, og ikke alle fylker har vedtatt en slik inndeling. Etter regionaliseringen vil det også være behov for harmonisering innad i de nye fylkene. I fylker der det ikke er tatt i bruk funksjonsklasser vil i første omgang dagens «Primære fylkesveger» defineres som klasse B, Regionale hovedveger. Dette er de vegen som var riksvegveger før 2010. Resten av fylkesvegnettet vil defineres som klasse D, «Lokale samleveger». Vegavdelinger og fylkeskommuner bør så gjøre en vurdering av denne fordelingen.

Tildeling av vegnummer

Vegkategorier er definert på følgende måte: Kortnavn Vegkategori Beskrivelse

E Europaveg SVV er vegmyndighet. Unik nummerering iht. internasjonale avtaler (AGR)

R Riksveg SVV er vegmyndighet. Unik nummerering på nasjonalt nivå.

F Fylkesveg Fylkeskommunen er vegmyndighet. Unik nummerering på nasjonalt nivå.

3

Sammen med vegens vegkategori forteller vegnummeret hvilken rute den aktuelle strekningen hører til. Nåværende system for riksvegnummer ble tatt i bruk i 1965. Vegnummerne ble fastlagt etter en inndeling av riksvegene i 3 grupper: • 1-19 «Stamveger» etter vurderingen på den tid. • 20-99 Viktige gjennomgående ruter som vanligvis krysser fylkesgrenser. • 100-899 Riksveger i det enkelte fylke.

Vegnummerne er i prinsippet geografisk fordelt. Dette vegnummersystemet ble, med praktiske tilpasninger, videreført ved en større vegnummerendring i 1992, og er fortsatt gjeldene. I 2010 ble en rekke riksveger overført til fylkene, men disse vegrutene beholdt sine vegnummer. Regelverket fra 1992 er dermed grunnlaget for dagens nummerering av disse fylkesvegene. De fleste av disse fylkesvegene vil i dag defineres i klasse B eller C i funksjonsklasseinndelingen. For at alle fylkesveger i forbindelse med regionreformen skal få unike vegnummer på nasjonalt nivå, er det innført firesifret vegnummer. Vi får dermed dette prinsippet for bruk av vegnummer:  Hovedvegene i skal ha vegnummer med 1-3 siffer.  Øvrige veger skal ha vegnummer med 4 siffer.

Ved etablering av nye hovedveger vil vegens funksjon bestemme hvilken nummerserie vegen skal få nummer fra. I prinsippet tildeles vegnummer dermed uavhengig av vegkategori.  1-99 Nasjonale og viktige regionale gjennomgående ruter som vanligvis krysser fylkesgrenser.  100-998 Hovedveger som ikke er gjennomgående.  1000-9998 Øvrige veger.

I dag har riksvegene vegnummer innenfor de to første nummerseriene, og det samme gjelder for fylkesvegene. Ved tildeling av nye vegnummer gjøres det også en geografisk vurdering i forhold til hvilke nummer som er i bruk for tilsvarende veger i det aktuelle området.

Vegnummer og forholdet til funksjonsklasser

Funksjonsklassene beskriver vegens funksjon, og vil dermed også ha innvirkning på valg av vegnummer. For noen fylker er dagens primære fylkesveger definert bare i funksjonsklasse B, og hos andre i både funksjonsklasse B og C. For noen fylker kan vi også finne andre veger i disse klassene, f.eks. omkjøringsveger. Deler av primære fylkesveger kan også være definert som klasse D eller E. Det kan derfor ikke være en låst avhengighet mellom vegens funksjonsklasse, og vegens vegnummer. Disse tilpasningene gjøres: 1. I tilfeller der riksveg og fylkesveg i utgangspunktet har samme vegnummer, og naturlig henger sammen som en vegrute, så kan det vurderes om riksveg og fylkesveg kan ha samme vegnummer. I så fall må det være gode grunner til at

4

vegnummer skal være likt for riksveg og fylkesveg, f.eks. fordi det er viktig å vite hvem som er vegeier ved igangsetting av driftstiltak. Slike tilfeller skal diskuteres spesielt med Vegdirektoratet. 2. Vegruter som går over fra å være definert som en hovedveg til å defineres i lavere funksjonsklasser, skal ikke bytte vegnummer. 3. For vegruter som krysser fylkesgrensen, og er definert i forskjellige funksjonsklasser på hver side av grensen, så må det gjøres en vurdering av hvilket vegnummer vegen skal ha i det enkelte tilfellet. Dette gjelder i de tilfellene klassene indikerer 1-3 siffer i det ene fylket, og 4-sifret vegnummer i det andre. 4. I noen tilfeller vil det være aktuelt å se på en lengre vegrute som en helhet. I slike tilfeller kan det skje at den aktuelle vegruta får et brudd av en høyere prioritert veg. Innføring av slike brudd skal diskuteres spesielt med Vegdirektoratet.

Frist for endring av vegnummer

Pga. endringer i vegnettsmodellen i NVDB som følge av regionreformen, må alle veger få unike vegnummer innen 1. august 2019. De fleste vegene som skal få fire-sifrede vegnummer vil bli endret vha. script i NVDB. Det er viktig at vegenes nummer samsvarer med skilting av vegnummer ute på vegen. Dersom endringer i vegnummer også gjør at visningsskilt og vegnummerskilt må endres, så skal i utgangspunktet vegnummeret i NVDB endres samtidig med at skilt endres ute på vegen. Av både praktiske og økonomiske årsaker er det nødvendig med en overgangsperiode der regelverket fravikes, men dette bør i størst mulig grad unngås ved at endringene på skilt begrenses (jf. neste avsnitt). Endring av vegnummer bør samkjøres med frister for når nye veglister legges ut. Forskrift om veglister legges ut 1. april og 1. oktober hvert år. For transportørene vil det være uheldig om mange veger endrer vegnummer rett etter at de nye forskriftene er gjeldende. Tidspunkt for endring av vegnummer v.h.a. script bør også diskuteres med veglisteansvarlig.

Skilting av vegnummer

Bruk av vegnummer på skilt kan i noen tilfeller være nyttig for ukjente trafikanter. Før 2010 var det kun europa- og riksveger som ble skiltet med vegnummer. I forbindelse med regionreformen i 2010 ble en del av riksvegnettet overført til fylkeskommunene. Disse vegene beholdt som hovedregel sitt vegnummer og vegnummerskilting, men fikk kategoribetegnelsen fv foran. Europa- og riksveger ble skiltet med grønne vegnummerskilt, mens de nye fylkesvegene beholdt de hvite nummerskiltene. Øvrige veger blir skiltet kun med geografiske mål. Bakgrunnen for at det ble slik i 2010, var blant annet for å unngå unødvendig omskilting og kostnader. Det ble også sett på som et godt system i forhold til trafikantenes informasjonsbehov og systemets lesbarhet.

5

I det videre arbeidet med fastsetting av nye vegnummer på fylkesvegene, bør dette gjøres på en måte som begrenser behovet for omskilting. Bruken av vegnummer på skilt må primært styres ut fra trafikale hensyn og trafikantenes informasjonsbehov. Med funksjonsinndelingen som grunnlag for tildeling av vegnummer, vil skilting av vegnummer tilpasses slik:

1. Riksveger skiltes med vegnummer. 2. Fylkesveger definert i funksjonsklasse B (Regionale hovedveger) skiltes med vegnummer. 3. Fylkesveger definert i funksjonsklasse C (Lokale hovedveger) kan skiltes med vegnummer. 4. Øvrige fylkesveger som er definert i funksjonsklasse D og E, og veger som har 4- siffret vegnummer, skiltes normalt ikke med vegnummer.

Som følge av endringer i trafikksystemet, kan det framover være aktuelt å gi veger som i dag ikke har vegnummer på skilt, slik skilting. Det må da gjøres en helhetlig vurdering i hvert enkelt tilfelle, der trafikantenes informasjonsbehov og vegens nasjonale og regionale betydning blir tillagt vekt, og der dette godkjennes av Vegdirektoratet. Dersom for mange veger i et område får vegnummer på skilt, kan dette bli uoversiktlig. Det vises for øvrig til vegnormalenes håndbok N300 som gir retningslinjer for skilting av veger.

Frister for skilting av vegnummer

For vegruter der endring av vegnummer også gjør at visningsskilt og vegnummerskilt må endres, så skal vegnummeret i NVDB endres samtidig med at skilt endres ute på vegen. Dette gjelder også i de tilfellene vegnummer må endres fordi nummeret er overlappende mellom riksveg og fylkesveg. Av både praktiske og økonomiske årsaker er det nødvendig med en overgangsperiode der regelverket fravikes. I slike tilfeller skal vegnummer være endret både i NVDB og på skilt innen 1. januar 2021.

FYLKE KAT NUMMER HP Nytt nummer Funk.klasse 14 F 1 Alle 602 C 14 F 2 Alle 5436 D 14 F 3 Alle 5584 D 14 F 4 Alle 5582 D/E 14 F 5 Alle 571 D 14 F 7 1 605 C 14 f 7 3 5583 E 14 f 7 51 5583 E 14 F 8 Alle 5586 D/E 14 F 13 Alle 613 C 14 F 31 Alle 5591 D 14 F 32 Alle 5592 E 14 F 50 Alle 50 C 14 F 53 Alle 53 B 14 F 55 Alle 55 B/C 14 F 57 Alle 57 B 14 F 60 Alle 60 B 14 F 61 Alle 61 B 14 F 62 1 5650 E 14 F 62 2 5651 E 14 F 63 Alle 5653 D 14 F 64 Alle 5654 D 14 F 65 Alle 5655 D 14 F 91 Alle 5596 E 14 F 92 1 5442 D 14 F 92 7 5600 D 14 F 93 Alle 5597 D/E 14 F 121 Alle 5601 D/E 14 F 122 Alle 5601 E 14 F 152 1 5617 D/E 152 4 5606 D/E 14 F 180 Alle 5602 D/E 14 F 181 Alle 5602 E 14 F 183 Alle 5602 E 14 F 184 Alle 5602 E 14 F 185 1 5609 D/E 14 F 185 3 5610 D/E FYLKE KAT NUMMER HP Nytt nummer Funk.klasse 14 F 185 5 5611 D/E 14 F 211 Alle 5613 D 14 F 212 Alle 5614 E 14 F 213 Alle 424 C 14 F 214 Alle 5616 E 14 F 241 Alle 5622 E 14 F 242 Alle 5624 D/E 14 F 243 Alle 5626 D 14 F 244 Alle 50 E 14 F 245 Alle 5623 D 14 F 258 Alle 258 D 14 F 271 Alle 271 C/D/E 14 F 272 Alle 5630 D 14 F 273 Alle 5629 E 14 F 301 Alle 5631 D 14 F 302 Alle 5632 D 14 F 303 Alle 5633 D 14 F 331 Alle 5637 D/E 14 F 332 Alle 5638 E 14 F 333 Alle 5639 E 14 F 334 Alle 604 C/E 14 F 335 Alle 604 E 14 F 336 Alle 603 E 14 F 337 Alle 5641 D 14 F 338 Alle 5642 D 14 F 339 Alle 5640 E 14 F 361 Alle 5658 D 14 F 362 Alle 5659 E 14 F 363 Alle 5661 E 14 F 364 Alle 5660 D/E 14 F 365 Alle 5662 D/E 14 F 365 Alle 5663 D/E 14 F 365 Alle 5664 D/E 14 F 366 Alle 609 E 14 F 367 Alle 5665 E 14 F 391 Alle 5678 E 14 F 392 Alle 5672 E FYLKE KAT NUMMER HP Nytt nummer Funk.klasse 14 F 393 Alle 5671 D 14 F 394 Alle 5670 E 14 F 421 1 5673 E 14 F 421 3 5674 E 14 F 421 4 5675 E 14 F 422 Alle 5676 D 14 F 423 Alle 423 C 14 F 451 Alle 5690 D 14 F 453 Alle 5689 D 14 F 454 Alle 5688 E 14 F 481 1 601 C 14 F 481 2 601 D 14 F 482 Alle 5682 D/E 14 F 483 Alle 5683 D/E 14 F 484 1 600 C 14 F 484 50 5684 D 14 F 485 Alle 5685 E 14 F 511 1 5692 D/E 14 F 511 50 5693 D/E 14 F 512 Alle 5691 D 14 F 513 Alle 5694 D/E 14 F 541 Alle 5696 E 14 F 542 Alle 611 D 14 F 543 Alle 5697 E 14 F 544 Alle 5698 E 14 F 545 Alle 445 C 14 F 547 Alle 5699 E 14 F 548 Alle 5704 D 14 F 551 Alle 5701 E 14 F 552 Alle 5702 E 14 F 553 Alle 5703 E 14 F 570 Alle 570 C 14 F 571 Alle 5706 D/E 14 F 572 Alle 5710 D 14 F 573 Alle 14 F 575 Alle 5712 E 14 F 577 Alle 5711 D FYLKE KAT NUMMER HP Nytt nummer Funk.klasse 14 F 600 Alle 5716 D/E 14 F 601 Alle 5627 D 14 F 603 Alle 603 D 14 F 604 Alle 604 C 14 F 606 Alle 606 C 14 F 607 Alle 607 C 14 F 608 Alle 608 C 14 F 609 Alle 609 B 14 F 610 Alle 610 C 14 F 611 Alle 611 C 14 F 614 Alle 614 B/C 14 F 615 Alle 615 B 14 F 616 Alle 616 B/C/D 14 F 617 Alle 617 C 14 F 618 Alle 618 C 14 F 620 Alle 620 C 14 F 621 Alle 5715 D/E 14 F 622 Alle 5717 D 14 F 623 Alle 5718 D/E 14 F 624 Alle 5714 E 14 F 630 Alle 630 D 14 F 631 Alle 619 C 14 F 632 1 5753 D/E 14 F 632 2 5752 D/E 14 F 633 1 5750 D 14 F 633 5 5751 D 14 F 661 Alle 5747 D 14 F 662 Alle 5746 D 14 F 663 Alle 5745 D 14 F 664 1 5744 D/E 14 F 664 4 5829 D/E 14 F 665 Alle 5743 E 14 F 691 Alle 5730 D/E 14 F 692 Alle 5736 D 14 F 693 Alle 5738 E 14 F 694 Alle 5734 D/E 14 F 695 Alle 5735 E FYLKE KAT NUMMER HP Nytt nummer Funk.klasse 14 F 696 Alle 5733 D/E 14 F 697 Alle 5732 E 14 F 698 Alle 5742 D/E 14 F 699 Alle 425 C 14 F 700 Alle 5731 D 14 F 720 Alle 5720 E 14 F 721 Alle 5721 E 14 F 722 Alle 5722 D 14 F 723 Alle 5723 D/E 14 F 724 Alle 5724 D 14 F 725 Alle 5725 D/E 14 F 726 Alle 5830 D Eid kommune Ordførar

Vegdirektoratet Region Vest

Vår ref: Dykkar ref. Dato: Sak: 19/1211 JpID: 19/6955 Sbh: ABJ 02.05.2019

Høyringsuttale frå Eid Formannskap til Statens Vegvesen

Nordfjordeid, 2. mai 2019

Til Statens Vegvesen, Vegdirektoratet

Høyringssvar til rapporten "Ny tjenesteleveransemodell og tjenestestruktur på TK-området"

Samandrag/konklusjon 1. Tilbodet ved Nordfjordeid Trafikkstasjon blir vidareført minst på dagens nivå. Det må leggjast særleg vekt på tenester knytt til næringslivet i Nordfjord sine behov: Kontrollhall og køyretøyregistrering skal framleis vere mulig å gjere ved stasjonen.

2. Statens Vegvesen nyttar den heilskaplege, store omorganiseringa som no skal gjerast av heile SVV sin forvaltingsorganisasjon til å styrke Nordfjordeid Trafikkstasjon som kontorstad - og tydeleggjere dette i nytt organisasjonskart. Nye oppgåver og funksjonar i Statens Vegvesen sin nye divisjonsstruktur må lokaliserast til Nordfjordeid (jmf Granavolden-erklæringa og Nordfjord som ein region med få og svake statlege kompetansemiljø pr i dag).

3. Utprøving av ein ny modell for "Statens Hus" på Nordfjordeid, der Statens Vegvesen sitt forvaltingsmiljø blir samlokalisert med Skatteetaten, Politiet, NAV og/eller jordskifterett for å skape eit samla, robust statleg fagmiljø - gjerne også saman med nye Vestland fylkeskommune.

--- Innleiing Eid kommune syner til rapporten "Ny tjenesteleveransemodell og tjenestestruktur på TK-området", som er sendt på såkalla "begrenset høring" i perioden 14. april-4. mai 2019.

Eid kommune vil med dette gje høyringssvar på rapporten, sjølv om vi formelt ikkje står på høyringslista. Dette fordi tilrådinga i rapporten har alvorlege negative følgjer for vår kommune og regionen rundt.

Rapporten er etter vårt syn også i strid med statlege føringar om desentralisering av statlege kompetansemiljø. Rapporten inneheld ikkje relevante vurderingar av distriktspolitiske konsekvensar, vurderer ikkje klima-effekten av det auka transport-behovet framlegget utløyser (særleg for

Post- og besøksadresse Telefon Org.nr E-post Internett Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid 57 88 58 938521816 [email protected] www.eid.kommune.no 00

tungtransport) - ser ikkje TK-området i samanheng med SVV sine øvrige kompetansemiljø og set heller ikkje framlegget inn i ei heilskapleg vurdering av staten si rolle i distrikts-Noreg, jmf Granavolden-erklæringa.

Desse manglane ved rapporten er så alvorlege at vårt høyringssvar også blir sendt direkte til Samferdsledepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Klima- og miljødepartementet, Statsministerens Kontor og KS.

1. Om Nordfjordeid Trafikkstasjon Nordfjordeid, kommunesenteret i Eid kommune og frå 1.1.2020 i nye Stad kommune, er i dag vertskap for Nordfjordeid Trafikkstasjon - som er både trafikkstasjon og kontorstad for Statens Vegvesen. Det er pr i dag 28 personar knytt til trafikkstasjonen, fordelt mellom kontorstaden (17 personar) og sjølve trafikkstasjonen (11 personar). Heile sju ulike avdelingar i SVV er representert blant dei 28 tilsette på Nordfjordeid Trafikkstasjon. Dei tilsette arbeider både med nasjonale oppgåver tilknytt Vegdirektoratet, regionale oppgåver i region Vest og i vegavdeling Sogn og Fjordane.

Statens Vegvesen framstår pr i dag som ein statleg etat som er langt framme i å nytte ny teknologi til å arbeide sømlaust på tvers av geografi. Det er i dag fullt mulig å sitje på Nordfjordeid Trafikkstasjon og arbeide med både nasjonale og regionale oppgåver i etaten. Samlokaliseringa av trafikkstasjon og kontorstad sikrar eit sterkt og attraktivt fagmiljø - men er samtidig ein sårbar struktur dersom ein byrjar å plukke fagmiljøet frå kvarandre "stykkevis og delt" utan å bry seg om heilskapen - noko vi meiner delrapporten om TK-området av Statens Vegvesen ber sterkt preg av.

Vi vil også peike på at Nordfjordeid og Nordfjord i dag har høvesvis få og små statlege kompetansemiljø samanlikna med dei fleste andre bu- og arbeidsmarknadsregionar i Noreg - sjå til dømes figur under som samanliknar med andre regionar i Sogn og Fjordane.

Side 2 av 5

Nordfjordeid Trafikkstasjon med sine ca 30 tilsette er det største gjenverande statlege kompetansemiljøet i Nordfjord utanom helsesektoren. Dersom også dette fagmiljøet no blir bygd ned og flytta vekk frå ein bu- og arbeidsmarknadsregion som systematisk over tid allereie har blitt tappa sterkt for statlege kompetansemiljø - så er det alvorleg for den heilskaplege utviklinga av Nordfjord som bu- og arbeidsmarknadsregion.

Dette blir også understreka av uttale i saka frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som peiker særskilt på kor viktige Statens Vegvesen sitt fagmiljø er i Nordfjord. I Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sin høyringsuttale om saka dagsett 6. mars 2019, heiter det som følgjer:

"Den framtidige organiseringa av Statens vegvesen må spegle at regjeringa meiner alvor med statleg lokaliseringspolitikk. Den må følgje opp måla i kommune- og regionreforma, med nye oppgåver til sterkare kommunar og regionar. Regionvegkontoret i Leikanger og tenestestadene Sogndal, Nordfjordeid og Førde, er alle lokaliserte i nye, større kommunar. Nordfjord er i tillegg ein bu- og arbeidsmarknadsregion med høvesmessig få og små statleg forvaltningsmiljø slik at Statens Vegvesen sitt fagmiljø er av særskilt betydning "

Eid kommune meiner også rapporten som no ligg på bordet er eit klart brot på Granavolden- erklæringa, der det står følgjande i kapitlet om distriktspolitikk: "Sikre helhetlig oversikt og koordinering av flytting, nedleggelse og opprettelse av statlige arbeidsplasser. Ved strukturendringer vil regjeringen sikre en fortsatt god regional fordeling av statlige kompetansearbeidsplasser."

I denne rapporten foreslår Statens Vegvesen nøyaktig det motsette for Nordfjord sin del: Å bygge ned fagmiljøet i ein region der det er få statlege kompetansearbeidsplassar frå før, og flytte det til stader der det allereie er høvesvis mange (Også kjent som Matteus-effekten: «For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal bli fråteken jamvel det han har» (Matteusevangeliet 25,29).

2. Om framlegget i rapporten For Nordfjordeid Trafikkstasjon er det foreslått å avvikle all aktivitet ved dagens trafikkstasjon med unnatak av ambulerande Teoriprøve og ambulerande Førarprøve lette køyretøy.

Alle andre tenester - herunder Førarkort, Køyretøyregistrering, Førarprøve MC og kontrollhall for både lette og tunge køyretøy - skal etter forslagast leggast ned i Nordfjord og flyttast til Førde, som ligg ca to timars reise unna. Her skal det etter planen også investerast i nye hallfasilitetar heilt frå grunnen av.

Det er ingen tvil om at dette - trass i at fleire tenester enn før kan gjerast digitalt - betyr dårlegare tilbod for innbyggjarar og næringsliv i Nordfjord. Det som kanskje isolert sett er ei innsparing for etaten SVV, fører i staden til auka utgifter for bedrifter og befolking i Nordfjord forøvrig - utan at vi kan sjå det er gjort noko samla samfunnsøkonomisk analyse utover den reint "interne innsparinga".

For Nordfjord sin del er dette kanskje særleg alvorleg for næringslivet, jmf tidlegare skriv som er signert av alle næringsorganisasjonane i Nordfjord (sjå vedlegg).

I rapporten er dei distriktspolitiske konsekvensane av saka svært dårleg gjort greie for, og klimaeffekten av framlegget er ikkje kommentert i det heile tatt. Alt som står om distriktspolitiske følgjer er desse to setningane heilt til slutt i rapporten:

Side 3 av 5

"Lokalsamfunn er interessert i lokale arbeidsplasser og gode offentlige tjenestetilbud. Når det foreslås å flytte tjenester fra et sted, vil det innebære reduksjon av lokale arbeidsplasser og lengre reisevei for innbyggerne som har behov for å møte opp på ett av våre tjenestesteder."

Vi merkar oss at Statens Vegvesen med dette erkjenner at framlegget i rapporten betyr færre arbeidsplassar i Nordfjord og lenger reiseveg for innbyggjarane - men utan at dette er sett i samanheng med dei distriktspolitiske måla i Granavolden-erklæringa, som peiker i stikk motsett retning. Det meiner vi er sterkt kritikkverdig.

Vi meiner også det er kritikkverdig at rapporten overhovud ikkje omtaler følgjene framlegget i rapporten vil ha for dagens samlokalisering av trafikkstasjon og kontorstad på Nordfjordeid og andre stader i distrikts-Noreg. Dette utgjer som nemnt ovanfor i dag eit heilskapleg fagmiljø, som no blir demontert bit for bit utan ei heilskapleg vurdering.

Vi finn det også overraskande at ein i ein sektor som elles har sterkt fokus på klimamål, ikkje er gjort nokon berekningar av kva det betyr auka utslepp frå transportsektoren å sende tungtransport frå Sogn/Nordfjord heilt til Førde i staden for å utføre kontrollar etc i nærområde. Dette er - etter det vi kan forstå - stikk i strid med dei nasjonale målsetjingane for nullutslepp frå transportsektoren. 3. Våre krav Vi kan ikkje godta framlegget til nedlegging av Nordfjordeid Trafikkstasjon som no ligg på bordet - utan vurdering av distriktspolitiske konsekvensar og utan å gjere greie for følgjene dette vil ha for det heilskaplege kompetansemiljøet på ca 30 personar som i dag har sitt arbeid på Nordfjordeid trafikkstasjon.

Vi krev at Vegdirektoratet, Samferdsledepartementet og Regjeringa gjer ei samla vurdering av saka om omorganisering av Statens Vegvesen som rettar seg etter Granavolden-erklæringa sine mål om å:

 Lokalisere nye offentlige kompetansearbeidsplasser over hele landet, også utenfor de største byene  Følge opp planen om utflytting av statlige arbeidsplasser fra 2016, og arbeide for ytterligere utflyttinger i perioden  Sikre helhetlig oversikt og koordinering av flytting, nedleggelse og opprettelse av statlige arbeidsplasser. Ved strukturendringer vil regjeringen sikre en fortsatt god regional fordeling av statlige kompetansearbeidsplasser.

Konkret for Nordfjordeid Trafikkstasjon sin del krev vi følgande:

1. Tilbodet ved Nordfjordeid Trafikkstasjon blir vidareført minst på dagens nivå. Det må leggjast særleg vekt på tenester knytt til næringslivet i Nordfjord sine behov: Kontrollhall og køyretøyregistrering skal framleis vere mulig å gjere ved stasjonen.

2. Statens Vegvesen nyttar den heilskaplege, store omorganiseringa som no skal gjerast av heile SVV sin forvaltingsorganisasjon til å styrke Nordfjordeid Trafikkstasjon som kontorstad - og tydeleggjere dette i nytt organisasjonskart. Nye oppgåver og funksjonar i Statens Vegvesen sin nye divisjonsstruktur må lokaliserast til Nordfjordeid (jmf Granavolden-erklæringa og Nordfjord som ein region med få og svake statlege kompetansemiljø pr i dag).

3. Utprøving av ein ny modell for "Statens Hus" på Nordfjordeid, der Statens Vegvesen sitt forvaltingsmiljø blir samlokalisert med Skatteetaten, Politiet, NAV og/eller jordskifterett for å skape eit samla, robust statleg fagmiljø - gjerne også saman med nye Vestland fylkeskommune.

Side 4 av 5

Vi er kjende med at Statens Vegvesen har positive røynsler med slik samlokalisering andre stader i landet - for å sikre god rekruttering, innsparte husleigeutgifter og kompetanseutveksling på tvers. Nordfjordeid - med små avdelingar/kontor for fleire ulike statlege etatar, bør vere perfekt eigna for ein slik modell, gjerne også saman med nye Vestland fylkeskommune, jmf planlagt overføring av personell og oppgåver innanfor forvalting av fylkesvegnettet frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane. Ein slik ny modell for "Statens Hus" kan også forankrast i Regjeringa si varsla Distriktsmelding. --- Vi vonar våre innspel blir tekne omsyn til i den vidare prosessen. Etter at Statens Vegvesen har levert si endelege innstilling til Samferdsledepartementet 10. mai vil vi be om møte om saka på politisk nivå med berørte departement - inkludert Kommunal- og regionaldepartementet.

Venleg helsing Eid formannskap:

Alfred Bjørlo (V) Tore Hjelle (H) Siri Sandvik (Ap) Sissel Ommedal (Krf) Arild Krogh Nøstdal (V) Kirsti Ohrvik Olsen (V) Ståle Sandal (Sp) Ida Elisabeth Ohrvik (Sp) Sigurd Reksnes (Sp)

Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen signatur Ver venleg å oppgje referansenummer 19/1211 dersom du tek kontakt med oss.

Kopi til: Klima- og miljødepartementet v/klima- og miljøminister (V) Kommunal- og moderniseringsdepartementet v/Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland KS v/Styreleder Gunn Marit Helgesen Samferdselsdepartementet v/Samferdeslsminister Sogn og Fjordane Fylkeskommune Postmottak Statens Vegvesen Region Vest Statsminister

Vedlegg: Vedtak Fylkesutvalet 1423654 02.05.2019 Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned! 1423655 02.05.2019 Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast 1423656 02.05.2019

Side 5 av 5

Eid kommune Ordførar

Mottakere ifølge liste

Samferdsledepartementet v/ Statsråd Jon Georg Dale Kommunal- og regionaldepartementet v/ Statsråd Monica Mæland Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Fylkesordførar Jenny Følling Fellesnemnda for Vestland fylke v/ leiar Anne Gine Hestetun

Vår ref: Dykkar ref. Dato: Sak: 18/3296 JpID: 18/16423 Sbh: ABJ 31.10.2018

Selje/Måløy/Stryn/Hornindal/Sandane/Svelgen/Nordfjordeid, 31.10.2018

Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned!

Vi syner til pågåande og planlagde omstillingsprosessar i Statens Vegvesen, omtalt i Statsbudsjettet 2019 (omlegging av trafikant- og køyretøytenester, effektivisering av statlege forvaltingsoppgåver, overføring av vegadministrasjon for fylkesvegnettet til fylkeskommunane).

Statens Vegvesen har i dag eit samla fagmiljø på 31 personar knytt til Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Staben er delt inn i ulike tenesteområde, med ulike leiarar som er plassert andre stader i Region Vest eller i Vegdirektoratet. Om lag halvparten arbeider med trafikant- og køyretøytenester, medan den andre halvparten arbeider med forvaltingsoppgåver.

Kommunane og næringslivet i Nordfjord er uroa over at omstillingsprosessane som pågår i statleg regi på vegområdet ser ut til å skje utan nødvendig samordning og heilskap - og i sum vil føre til nedbygging av dagens fagmiljø og tenester i Statens Vegvesen i vår region.

Det reagerer vi sterkt på. Nordfjord har frå før få og små statlege forvaltingsmiljø samanlikna med dei fleste andre bu- og arbeidsmarknadsregionar i landet. Nordfjord har heller ikkje fått tilført nye oppgåver og funksjonar gjennom Regjeringa sin plan for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Vi synst det er påfallande at det no ser ut til at Nordfjord enno ein gong skal råkast negativt av ei statleg omorganisering - i staden for at ein nyttar høvet til å tilføre eit eksisterande, velfungerande statleg fagmiljø i Nordfjord nye funksjonar og oppgåver.

Ei sentralisering av trafikant- og køyretøyretta oppgåver vil også vere negativt for næringslivet. Transportnæringa er stor i Nordfjord, og treng nærleik til dei tenestene dei i dag får på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Vi ser det som meiningslaust at i ei tid då teknologi gjer desentralisering av tenester enklare enn før, skal næringslivet i Nordfjord bli påført lenger reisetid, auka kostnader og auka miljøbelasting for å få utført tenester som i dag blir gitt lokalt.

Vi reagerer også på at Statens Vegvesen allereie har byrja ei "bit-for-bit" nedbygging av tenestene ved trafikkstasjonen på Nordfjordeid - gjennom fjerning av einskildfunksjonar (oppkøyring for tungbil) og reduserte opningstider på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Post- og besøksadresse Telefon Org.nr E-post Internett Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid 57 88 58 938521816 [email protected] www.eid.kommune.no 00

Kommunane og næringslivet i Nordfjord krev difor at Regjeringa no tek eit samla grep om omorganiseringa av Statens Vegvesen der ein held oppe og styrkar fagmiljøet i Nordfjord - og ser dette i samanheng med mål om:

- Balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar i ulike bu- og arbeidsmarknads-regionar - med mål om å styrke vekstkraftige regionar som har få statlege forvaltingsmiljø pr i dag - Å nytte Statens Vegvesen sin pr i dag desentraliserte struktur og utstrekte bruk av ny teknologi til å lokalisere forvaltingsoppgåver som skal rasjonaliserast ute i distrikts-Noreg, framfor å sentralisere dei til dei største byane - Å tilby næringslivsretta og publikumsretta tenester nært brukarane - Å sikre at ikkje overføringa av vegadministrasjon frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane fører til ein meir sentralisert struktur på fagmiljøa enn i dag - stikk i strid med målet med regionreformen

Vi vil også be nye Vestland fylke medverke til at Statens Vegvesen sitt eksisterande fagmiljø på Nordfjordeid ikkje blir svekka som følgje av overføring av administrasjonen av fylkesvegnettet.

Nye Vestland fylke må både her og på andre område sjå verdien av å sikre og styrke forvaltingsmiljø i fylkeskommunal regi også i den nordlegaste bu- og arbeidsmarknadsregionen i det nye fylket.

Beste helsing

Sven Flo (sign) Kristin Maurstad (sign) Leidulf Gloppestad (sign) Stryn kommune (ordførar) Vågsøy kommune (ordførar) Gloppen kommune (ordførar)

Stein Robert Osdal (sign) Stig Olav Lødemel (sign) Audun Åge Røys (sign) Selje kommune (ordførar) Hornindal kommune (ordf.) Bremanger komune (ordførar)

Alfred Bjørlo Eid kommune (ordførar)

Anita Vinsrygg (sign) Ingvill Hestenes (sign) Stryn Næringssamskipnad Gloppen Næringsorganisasjon (Næringslivet i Stryn) (Næringslivet i Gloppen)

Olav Steimler (sign) Randi Paulsen Humborstad (sign) Stad Vekst Måløy Vekst (Næringslivet i Eid og Selje) (Næringslivet i Vågsøy)

Ver venleg å oppgje referansenummer 18/3296 dersom du tek kontakt med oss.

Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen signatur

Kopi til: Bremanger kommune Rådhuset, Postboks 104 6721 SVELGEN Finansminister og partileiar

Side 2 av 3

Gloppen kommune Hornindal kommune Kulturminister og partileiar Selje kommune Statens Vegvesen, Region Vest Askedalen 4 6863 LEIKANGER Statsminister og partileiar Erna Solberg Stortingsbenken i Sogn og Fjordane v/ Stortingsbenken i Sogn og Fjordane v/Frida Melvær Stortingsbenken i Sogn og Fjordane v/Ingrid Heggø Stortingsbenken i Sogn og Fjordane v/ Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN Transport- og kommunikasjonskomiteen c/Dagfinn Henrik Olsen Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Arne Nævra Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Bengt Fasteraune Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Kirsti Leirtro Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Nils-Åge Jegstad Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Solveig Sundbø Abrahamsen Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Tor-Andre Johnsen Transport- og kommunikasjonskomiteen v/Øystein Hansen Vegdirektoratet Vågsøy kommune Postboks 294 6701 MÅLØY

Side 3 av 3

Nordfjordrådet

Mottakarar i følge liste

Vår ref. Dato 19/3440 06.03.2019

Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast

Nordfjordrådet har i møte 4. mars 2019 diskutert denne saka, og Nordfjordrådet gjorde eit samrøystes vedtak om følgjande uttale:

Nordfjordrådet krev at Regjeringa tar eit samla grep om omorganiseringa av Statens Vegvesen som sikrar framtida til trafikkstasjonane og gir ei samla styrking av fagmiljøet i Nordfjord - og ser dette i samanheng med:

- Balansert lokalisering av statlege arbeidsplassar i ulike bu- og arbeidsmarknadsregionar - jmf punkt i den nye regjeringserklæringa om å "sikre helhetlig oversikt og koordinering av flytting, nedleggelse og opprettelse av statlige arbeidsplasser. Ved strukturendringer vil regjeringen sikre en fortsatt god regional fordeling - av statlige kompetansearbeidsplasser." - Å nytte Statens Vegvesen sin pr i dag desentraliserte struktur og utstrekte bruk av ny teknologi til å lokalisere forvaltingsoppgåvene ute i distrikts-Noreg, framfor å sentralisere dei til dei største byane - Å tilby næringslivsretta og publikumsretta tenester på trafikkstasjonane nær brukarane - Å sikre at ikkje overføringa av vegadministrasjon frå Statens Vegvesen til fylkeskommunane fører til ein samla sett meir sentralisert struktur på fagmiljøa enn i dag

Statens Vegvesen har i dag eit samla fagmiljø på 31 personar knytt til Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Staben er delt inn i ulike tenesteområde, med ulike leiarar som er plassert andre stader i Region Vest eller i Vegdirektoratet. Om lag halvparten arbeider med trafikant- og køyretøytenester, medan den andre halvparten arbeider med forvaltingsoppgåver.

I ein konsulentrapport som er bestilt av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet frå eit fransk konsulentselskap, blir det foreslått å legge ned 26 av 72 trafikkstasjonar i Noreg. Herunder trafikkstasjonen på Nordfjordeid, som blir føreslått omgjort til ein såkalla "oppmøtestad" som berre skal ha tilreisande bemanning. Dette ser Nordfjordrådet som heilt uakseptabelt

Nordfjord har frå før få og små statlege forvaltingsmiljø samanlikna med dei fleste andre bu- og arbeidsmarknadsregionar i landet. Nordfjord har heller ikkje fått tilført nye oppgåver og funksjonar gjennom Regjeringa sin plan for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Nordfjordrådet reagerer sterkt på at Nordfjord no tilsynelatande enno ein gong skal råkast negativt av ei statleg omorganisering - i staden for at ein nyttar høvet til å tilføre eit eksisterande, velfungerande statleg fagmiljø i Nordfjord nye funksjonar og oppgåver.

Adresse Telefon Org.nr E-post Internett Grandavegen 9, 6823 Sandane 57 88 38 00 964 969 124 [email protected] www.gloppen.kommune.no

Sentralisering av trafikant- og køyretøyretta oppgåver vil vere svært negativt for næringslivet. Transportnæringa er stor i Nordfjord, og treng nærleik til tenestene dei i dag får på Trafikkstasjonen på Nordfjordeid. Vi ser det som meiningslaust at i ei tid då teknologi gjer desentralisering av tenester enklare enn nokon gong, skal næringslivet i Nordfjord bli påført lenger reisetid, auka kostnader og auka miljøbelasting for å få utført tenester som i dag blir gitt lokalt.

Vi vil også be nye Vestland fylke medverke til at Statens Vegvesen sitt eksisterande fagmiljø på Nordfjordeid ikkje blir svekka som følgje av overføring av administrasjonen av fylkesvegnettet. Nye Vestland fylke må både her og på andre område sjå verdien av å sikre og styrke forvaltingsmiljø i fylkeskommunal regi også i den nordlegaste delen av det nye fylket.

Med vennleg helsing

Kristin Maurstad Leiar Nordfjordrådet

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur

Mottakarar Fylkesordførar i Hordaland - Anne Gine Hestetun Fylkesordførar i Sogn og Fjordane - Jenny Følling Kommunal- og moderniseringsdepartementet v/ statsråd Monica Mæland Samferdselsdepartementet v/ statsråd Jon Georg Dale Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/ Fylkesutvalet Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane v/ Liv Signe Navarsete Transport- og kommunikasjonskomiteen v/ Helge Orten Vestland fylkeskommune v/ prosjektleiar Rune Haugsdal

Kopi til Bergens Tidende Eid kommune Firda Firda Tidend Fjordabladet Fjordenes Tidende Fjordingen Gloppen kommune Hornindal kommune NRK Sogn og Fjordane Selje kommune Stryn kommune Sunnmørsposten Vågsøy kommune

Side 2 av 2 VS: 19/1025-1 Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik

Fra: Ole Ingar Hagen Hæreid

Sendt: onsdag 15. mai 2019 12:30

Til: 'Espeset Anders'

Kopi: Dina Lefdal

Emne: SV: 19/1025-1 Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik

Prioriteringane i RTP er vedtekne av fylkestinget under fylkestinget si handsaming av RTP i desember 2017. Det er kunn fylkestinget som kan endre på sine prioriteringar. Etter vår vurdering vil det ikkje vere aktuelt å fremje sak for fylkestinget for å endre på prioriteringane no. Vi tek med oss Dykkar innspel i arbeidet med ein Regional transportplan for Vestland fylkeskommune. Dette arbeidet vil starte opp i løpet av 2020/21.

Fra: Espeset Anders

Sendt: onsdag 15. mai 2019 10:39

Kopi: Ole Ingar Hagen Hæreid

Emne: 19/1025-1 Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Askedalen 2

6863 LEIKANGER

Vår ref. Dykkar ref. Dato:

19/1025-1//ANES

15.05.2019

Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik

Flora kommune ønsker at fv 542 Eikefjord sentrum-Hovland skal bytte plass med Michael Sarsgate på RTP si marginalliste over gang/sykkelvegar.

Bakgrunn:

Etter eit møte med Svenn Egil Finden i Statens vegvesen og Dina Lefdal i S&F fylkeskommune med fleire i Eikefjord 8.mai, der vi diskuterte fv 542, vart vi gjort kjent med at Fylkeskommunen har oppfatta det som at av gang- og sykkelveganlegg så har vi har prioritert Michael Sarsgate framfor fv542 Eikefjord sentrum-Hovland.

Når vi leitar fram vårt tidlegare innsendte innspel (sendt 04.10.17), så ser vi at innspelet kan framstå forvirrande. Vi har delt innspelet og prioriteringane inn i fleire kategoriar. Det er særleg det at vi har klassifisert gang/sykkelvegprosjekt innanfor nedslagsfeltet for sykkelbyavtalen i ein kategori og gang/sykkelvegprosjekt utanfor sykkelbyavtalen i ein kategori.

Etter faglege råd vart våre politikarar då fortalt at prioriteringar innanfor og utanfor sykkelbyavtalen skulle skje uavhengig av kvarandre og prioritering av desse i RTP vart gjort tilsvarande uavhengig av kvarandre, altså at dei to prioriteringane var likeverdige. Nedslagsfeltet for sykkelbyavtalen er Florø by med Brandsøysundet som indre grense i aust.

Vårt innspel til prioritering såg den gong slik ut:

Gang/sykkelveganlegg innanfor nedslagsfeltet for sykkelbyen:

-Prioritet 1 fv 548 Brandsøy-Solheim. Denne har fylkeskommunen bevilga 25 mill til og regulering og prosjektering er igangsett av Statens vegvesen.

-Prioritet 2 Michael Sarsgate. Denne ligg no som nr. 4 på RTP si prioriterte marginalliste over gang/sykkelvegar.

Gang/sykkelveganlegg som ligg utanfor sykkelbyavtalen: Prioritet 1 Fv 542 Eikefjord sentrum-Hovland. Denne var ikkje kome inn på lista i utgangspunktet. Men etter mykje jobbing opp mot fylkesadministrasjon og –politikk kom den inn på 6. plass på marginallista.

Fylkeskommunen seier no ganske klart at prioritering til RTP for prosjekt innanfor og utanfor sykkelbyavtalen ikkje skjer uavhengig av kvarandre. Resultatet er i alle fall at dei to øverste prioriteringane innnanfor sykkelbyavtalen-området kom med på lista, medan fv542 ikkje gjorde det.

No er det viktig å presiserer at Flora kommune er svært godt fornøgd med at våre innspel er blitt høyrde og at fv 548 Brandsøy-Solheim har fått midlar og at arbeid er starta her.

Men det var absolutt ikkje intensjonen at Michael Sarsgate skulle prioriterast framfor fv 542 i Eikefjord. Denne vegstrekninga har ei vond forhistorie med fleire alvorlege ulukker og med tidlegare reguleringsplan der oreigningsfristen på 10 år gjekk ut utan oppstart. Kommunen prioriterte å sette av ressursar til ny regulering. Denne starta i 2016 og vart vedtatt i 2018. Slik sett har intensjonen politisk i Flora vore å prioritere denne før fv 548 og i alle fall før Michael Sarsgate.

Prosjektet er overmodent. Her er fleire infrastrukturtiltak som kan løysast samtidig og bidra til eit spleiselag, med både ny planlagt låg- og høgspentlinje (SFE) og nye kommunale VA-anlegg. Det er stor vilje i alle leirar til å få dette prosjektet til.

Oppsummert:

Flora kommune ønsker at fv 542 Eikefjord sentrum-Hovland skal bytte plass med Michael Sarsgate på RTP si marginalliste.

Med helsing

Anders Espeset plansjef

Dette dokumentet er elektronisk godkjent og treng derfor ingen signatur

Til FTU i Sogn og Fjordane

Frå Trygg Trafikk v/ Knut Olav Nestås og Audun Heggestad Dato: 13. mai 2019

Høyring om nye læreplanar i skulen – framlegg til uttale frå FTU

Viser til høyring om nye læreplanar med frist 18. juni 2019: https://www.udir.no/laring-og- trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/horing-nye-lareplaner/.

Høyringa er relevant for framtidig trafikkopplæring i skulen. Trygg Trafikk tilrår at FTU gjev eit høyringssvar avgrensa til læreplan for kroppsøving.

Revisjonen av læreplanane utgjer siste trinn i kunnskapsmyndigheitene sitt arbeid med fagfornyinga. Ny overordna del om verdiar og prinsipp for grunnopplæringa vart fastsett i 2017 og nye kjerneelement for faga vart fastsett i 2018.

1. Bakgrunn

Dagens læreplanar

Dagens læreplanar inneheld fleire kompetansemål relevante for trafikk. Til dømes skal elevane gjennom kroppsøvingsfaget læra å følgja trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar (innan 4. trinn) og praktisera trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel (innan 7. trinn). Vidare skal elevane gjennom naturfaget gjera greie for korleis trafikktryggleiksutstyr hindrar og minkar skadar ved uhell og ulykker (innan 10. trinn).

Den fyrste skissa og endeleg høyringsutkast I den fyrste skissa til nye læreplanar som vart lagt ut for innspel i 2018, var alt som kunne minna om trafikk- og sykkelopplæring fjerna. Det reagerte fleire FTU og Trygg Trafikk kraftig på. Vi argumenterte med at slik opplæring er heilt nødvendig i lys av det nasjonale målet om at fleire skal sykla og gå, samt regional sykkelsatsing. Vidare minna vi om Stortinget sitt eige vedtak om

1

å styrka kompetansen om trafikk i barnehage og skule (innst. S 193 frå 2016-2017) og omtale av dette i Nasjonal transportplan gjennom Barnas transportplan, for perioden 2018-2029.

Det kan sjå ut som om argumenta våre har blitt lytta til, for trafikkopplæring er heldigvis tilbake i det endelege høyringsframlegget til nytt kroppsøvingsfag. Her er forslaga til nye kompetansemål:

▪ Etter 2. trinn: «eleven skal kunne øve på trygg ferdsel i trafikken». ▪ Etter 4. trinn: «eleven skal kunne forstå og følge regler i trafikken». ▪ Etter 10. trinn: «eleven skal vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktivitetar, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel».

2. Trygg Trafikk si vurdering

Trygg Trafikk vurderer dei føreslåtte kompetansemåla som gode og meiningsfulle. Vi har likevel to tilleggsforslag som vi vurderar som viktige:

Under «verdier og prinsipper»: Her manglar omgrepet «sykling» i omtale av dei ulike aktivitetsformane som faget skal fokusera på. Det er eit uheldig signal til kroppsøvingslærarane når dei skal prioritera tidsbruk i opplæringa. Sykkel er eit viktig framkomstmiddel for barn i trafikken over heile landet, ikkje minst til og frå skulen. Skuleeigaren har dessutan eit lovfesta ansvar for barna sin tryggleik langs skulevegen, jf. opplæringslova. Talet elevar som skadar seg på skulevegen er omfattande, ifølgje lokale legevaktsundersøkingar. Sykling bør derfor verta omtala eksplisitt på linje med andre sentrale aktivitetar i kroppsøvingsfaget.

Trygg Trafikk føreslår difor i sin høyringsuttale følgjande tillegg i teksten: «Bevegelseskultur i form av leik, friluftsliv, dans, symjing, sykling, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar er ein del av den felles danninga og identitetsskapinga i samfunnet».

Under «Kompetansemål 7. trinn»: Framlegget legg ikkje opp til kompetansemål relevant for trafikkopplæring etter 7. trinn. Det er uheldig fordi elevar vert stadig meir aktive og sjølvstendige trafikantar i denne alderen. Samtidig er dei svært sårbare i trafikken og treng å forstå og handtera risiko. Dette er viktig kunnskap i eit trafikkbilete som vert stadig meir komplisert, m.a. med nye variantar av små elektriske køyretøy.

Trygg Trafikk føreslår difor i sin høyringsuttale eit nytt kompetansemål etter 7. trinn: «Eleven skal kunne ferdes trygt i trafikken til fots og på sykkel, forstå risiko knyttet til uoppmerksomhet og manglende bruk av sikkerhetsutstyr».

2

3. Framlegg til høyringsuttale frå FTU

Trygg Trafikk tilrår at FTU kjem med ein høyringsuttale i samband med høyringa om nye læreplanar i skulen. Høyringssvaret kan leggjast direkte inn på høyringsportalen https://hoering.udir.no/Hoering/v2/342 Under spørsmål 1. Uttrykker læreplanen tydeleg det viktigaste som alle elevane skal lære? Kan ein velja «Delvis enig» og legg til teksten under «Legg til kommentar». Alternativt kan teksten sendast til [email protected] (hugs i så fall å merka brevet med høyring læreplan kroppsøving). Me tilrår FTU å nytta høyringsløysinga på Udir. sine nettsider, sidan uttalen då ligg ope ute på nett. Jo fleire som ope meiner noko om dette, dess betre står saka og vanskelegare vert det å sjå vekk frå innspela.

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) i Sogn og Fjordane fylkeskommune syner til høyringa om nye læreplanar i skulen. Vi har følgjande innspel avgrensa til kroppsøvingsfaget:

FTU er nøgd med at trafikkopplæringa er tilbake i kroppsøvingsplanen, etter å ha vore fjerna i den fyrste skissa som vart lagt ut for innspel. Slik opplæring er heilt nødvendig sett i lys av det nasjonale målet om at åtte av ti barn skal sykle og gå til skulen. Trafikkopplæring er vidare eit viktig bidrag til nullvisjonen som det er brei politisk semje om. Fleire nasjonale aktørar, m.a. Utdanningsdirektoratet, har plikta seg til dette arbeidet gjennom Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på veg 2018-2021.

I Sogn og Fjordane fylkeskommune vert det kontinuerleg arbeidd med å få på plass betre og meir trafikksikker infrastruktur for mjuke trafikantar. Samtidig må vi bidra til ein god trafikkultur gjennom innbyggjarane med kunnskap om trafikkreglar, risikoforståing og bruk av tryggleiksutstyr. Grunnlaget for god trafikantåtferd gjennom livet vert lagt i barneåra og skulen er ein arena der me kan nå alle.

FTU i Sogn og Fjordane har tradisjonar for å støtta opp under trafikk- og sykkelopplæringstiltak i skulen, t.d. opplæringsressursar som Trygg Trafikk sin sykkelprøve, samt støtta kurs for tilsette, lærarar og studentar. Tiltaka er forankra gjennom fylkeskommunale tilskotsordningar og inngår i FTU sine tiltak. Opplæring og kurs er òg sentrale aktivitetar som ein del av godkjenningsordninga «Trafikksikker kommune», som Sogn og Fjordane fylkeskommune og Trygg Trafikk samarbeider om. Slik sett ser vi på det som svært viktig at kompetansemål bidreg til god forankring av trafikktryggleik i oppvekstsektoren.

FTU er difor positive til dei føreslåtte kompetansemåla relevante for trafikkopplæring:

3

▪ Etter 2. trinn: «øve på trygg ferdsel i trafikken» ▪ Etter 4. trinn: «forstå og følge regler i trafikken» ▪ Etter 10. trinn: «vurdere risiko og tryggleik ved ulike uteaktiviteter, forstå og gjennomføre sporlaus og trygg ferdsel». Vi stør også at det vert lagt opp til kompetansemål relatert til tryggleik, førstehjelp, skadebehandling, samt varierte rørsleaktivitetar på vg. 1,2 og 3. FTU har to tilleggsforslag: Under «verdier og prinsipper»: Her manglar omgrepet «sykling» i omtale av dei ulike aktivitetsformene som faget skal fokusere på. Det er eit uheldig signal til kroppsøvingslærarane når dei skal prioritera tidsbruk i opplæringa. Sykkel er eit viktig framkomstmiddel for barn i trafikken over heile landet, ikkje minst til og frå skulen. Skuleeigaren har dessutan eit lovfesta ansvar for barna sin tryggleik langs skulevegen, jf. opplæringslova. Talet elevar som skadar seg på skulevegen er omfattande, ifølgje lokale legevaktsundersøkingar. Sykling bør derfor verta omtala eksplisitt på linje med andre sentrale aktivitetar i kroppsøvingsfaget.

FTU i Sogn og Fjordane føreslår difor i sin høyringsuttale følgjande tillegg i teksten: «Bevegelseskultur i form av leik, friluftsliv, dans, symjing, sykling, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar er ein del av den felles danninga og identitetsskapinga i samfunnet».

Under «Kompetansemål 7. trinn»: Framlegget legg ikkje opp til kompetansemål relevant for trafikkopplæring etter 7. trinn. Det er uheldig fordi elevar vert stadig meir aktive og sjølvstendige trafikantar i denne alderen. Samtidig er dei svært sårbare i trafikken og treng å forstå og handtera risiko. Dette er viktig kunnskap i eit trafikkbilete som vert stadig meir komplisert, m.a. med nye variantar av små elektriske køyretøy, som me no ser det truleg vert meir av i Bergen og truleg fleire tettstader i Hordaland, framover.

FTU i Sogn og Fjordane føreslår difor i sin høyringsuttale eit nytt kompetansemål etter 7. trinn: «Eleven skal kunne ferdes trygt i trafikken til fots og på sykkel, forstå risiko knyttet til uoppmerksomhet og manglende bruk av sikkerhetsutstyr».

Vi ynskjer lykke til med ferdigstilling av læreplan i kroppsøvingsfaget.

Med helsing, Fylkestrafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane

4

Til FTU i Sogn og Fjordane

Frå Trygg Trafikk v/ Miriam Kvanvik og Audun Heggestad Dato: 13. mai 2019

Høring om trafikkopplæring til førerkort og unntak fra fraværsgrensen i videregående skole

Vi viser til ovennevnte høring med frist 7. juni 2019: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-forslag-til-forskriftsendringer-fravarsgrensen-og- trafikkopplaring/id2640157/

Trafikkopplæringen til førerkort er et viktig trafikksikkerhetstiltak rettet mot unge. Mange unge får førerkort mens de er elever i videregående skole. For elever som ønsker å søke læreplass vil påbegynt trafikkopplæring være en fordel før de skal ut i læreplass. FTU bør derfor vurdere å avgi en høringsuttalelse i saken.

1. Om forslaget

Det følger av ny regjeringsplattform at «fravær grunnet obligatoriske timer for trafikkopplæring skal unntas fra fraværsgrensen». Kunnskapsdepartementet foreslår nå at det gjøres endringer i reglene om fraværsgrensen, slik at gjennomføring av deler av trafikkopplæringen kan utgjøre dokumentert fravær som kan unntas fraværsgrensen.

Trafikkopplæringen til førerkort klasse B er nærmere definert i trafikkopplæringsforskriften. Den obligatoriske opplæringen består av fire trinn, i tillegg til teoretisk og praktisk førerprøve:

- Trinn 1: Obligatorisk trafikalt grunnkurs på 17 timer - Trinn 2: 1 Obligatorisk veiledningstime som avslutning på trinn 2 - Trinn 3: 4 timers obligatorisk sikkerhetskurs på bane. Obligatorisk veiledningstime som avslutning på trinn tre - Trinn 4: 13 timer obligatorisk sikkerhetskurs på veg, som inkluderer: a) 2 timer undervisning i klasserom om bilkjøringens risiko b) 5 timer praktisk øving i landeveiskjøring

1

c) 4 timers undervisning i planlegging og kjøring i variert trafikkmiljø, hvorav minst 3 timer skal være selvstendig kjøring i variert trafikkmiljø, resterende tid skal benyttes til planlegging og oppsummering d) 2 timer refleksjon og oppsummering i klasserom - Teoretisk og praktisk førerprøve

Forslaget om unntak fra fraværsgrensen avgrenses til følgende deler: - Trinn 3: Sikkerhetskurs på bane (4 timer) - Trinn 4: Sikkerhetskurs på veg, del c og b (9 timer)

2. Trygg Trafikks vurdering

Norge har valgt en modell for føreropplæring hvor undervisningen foregår ved private opplæringsinstitusjoner. Trafikklærerne utdannes ved universiteter som tilbyr profesjonsstudiet på høgskolekandidatnivå. Den norske trafikkopplæringen til førerkort er ansett for å være blant verdens beste, og har stort sett vært uendret siden 2005 da vi fikk nye læreplaner i alle førerkortklasser.

Opplæringen kan beskrives i den såkalte GDE-matrisen (Goals for driver education). Modellen ligger til grunn for opplæringsmålene, med fokus på individuelle, sosiale og kulturelle forutsetninger og begrensninger hos føreren og hvordan dette påvirker førerens motivasjon til å gjøre sikre valg.

For førerkort klasse B (bil) legges det vekt på at opplæringen skal være et av de viktigste tiltakene mot trafikkulykker blant unge. Trafikkopplæring, og i dette tilfellet føreropplæring, er også et vesentlig element i visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken (nullvisjonen).

Trafikkopplæringen til førerkort er krevende fordi klasserommet er «på hjul» i et risikofylt miljø som krever full konsentrasjon både hos lærer og elev. Det er derfor viktig at undervisningen foregår på tider hvor både elev og lærer er uthvilt. Videre bør opplæringen skje i et realistisk og variert trafikkmiljø.

På denne bakgrunn er Trygg Trafikk enig i at deler av den obligatoriske trafikkopplæringen til førerkort bør unntas fra fraværsgrensen i videregående skole. I tillegg til de foreslåtte 13 timene av sikkerhetskursene på bane og veg, bør også den praktiske førerprøven unntas fraværsregelen.

Førerprøven er en nødvendig offentlig eksamen som alle må gjennom hvis de skal få førerrett. Førerprøvesensorene i Statens vegvesen har som mange andre offentlige ansatte en fastsatt arbeidstid som begrenser rommet for gjennomføring av førerprøven til ordinær åpningstid. Å

2

ikke innlemme førerprøven som unntak signaliserer at det faktisk må tas ut et ugyldig fravær for å få gjennomført en offentlig eksamen, noe vi mener er uheldig.

Ein evt. høyringsuttale frå FTU i saka kan leggjast inn her: https://svar.regjeringen.no/nb/registrer_horingsuttalelse/H2640157/

3. Forslag til høyringsuttale frå FTU

▪ Fylkestrafikktryggingsutvalet i Sogn og Fjordane (FTU Hordaland) viser til høyring om fråværsgrensa i vidaregåande skule og trafikkopplæring til førarkort klasse B. ▪ Den norske trafikkopplæringa til førarkortet er eit vesentleg element i visjonen om null drepne og hardt skadde i trafikken (nullvisjonen), og eit viktig trafikksikringstiltak retta mot unge. Trafikkopplæringa er krevjande fordi klasserommet er «på hjul» i eit risikofylt miljø som krev full konsentrasjon både hjå lærar og elev. Det er derfor viktig at undervisninga skjer når både elev og lærar er utkvilt, og at opplæringa skjer i eit realistisk og variert trafikkmiljø. ▪ Mange unge får førarkort medan dei er elevar i vidaregåande skule. For elevar som ynskjer å søkje læreplass vil påbegynt trafikkopplæring vere ein føremon før dei skal ut i læreplass. Det er derfor viktig med gode rammer rundt opplæringa. ▪ Med bakgrunn i desse argumenta er FTU Sogn og Fjordane einig i at delar av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort bør unntakast frå fraværsgrensa i vidaregåande skule. I tillegg til framlegget om 13 timar av tryggleikskurs på bane og veg, bør også den praktiske førarprøven unntakast fråværsregelen. ▪ Førarprøven er ein nødvendig offentleg eksamen som alle må gjennom om dei skal få førarrett. Førarprøvesensorane i Statens vegvesen har som mange andre offentlege tilsette ei fastsett arbeidstid som avgrensar rommet for gjennomføring av førarprøven til ordinær opningstid. Å ikkje innlemme førarprøven som unntak signaliserer at det faktisk må takast ut eit ugyldig fråvær for å få gjennomført ein offentleg eksamen, noko me meiner er uheldig.

3

Side 1 av 2

Samferdsleavdelinga

Sakshandsamar: Anna Kristine Gytri E-post: [email protected] Tlf.: 95948066 Vår ref. Sak nr.: 19/690-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 27252/19 Dykkar ref. Notat

Dato LEIKANGER, 20.05.2019

Frå: Fylkesdirektør for samferdsle

Til: Hovudutval for samferdsle

Studentrabatt for lærlingar og lærekandidatar på reiser med buss og båt

Fylkestinget gjorde i sak 9/19 vedtak om at lærlingar vert inkludert i studentrabatten i Sogn og Fjordane i 2019. I saksutgreiinga er ikkje lærekandidatar nemnt, men samferdsleavdelinga finn det naturleg at også lærekandidatar vert inkludert i rabatten.

Lærekandidatar teiknar opplæringskontrakt slik lærlingar teiknar lærekontrakt. Lærekandidatane tek sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag/sveineprøve. Dei avsluttar med ein kompetanseprøve og får utstedt kompetansebrev. Elles har lærlingar og lærekandidatar like rettar og plikter.

Det er per mai 2019 1319 løpande lærekontraktar og 92 løpande opplæringskontraktar i Sogn og Fjordane.

Studentrabatt på reiser med buss og båt i Sogn og Fjordane gir 25% rabatt på einskildbillettar og 40% rabatt på periodekort.

Samferdsleavdelinga har bestemt at gyldig reisebevis for lærling og lærekandidat skal vere:

 Visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

Lærlingar og lærekandidatar på heiltid vert inkludert i rabatten frå 1. juli. Inntektstapet for andre halvår 2019 er berekna å vere inntil 0,35 mill. kr. I tertialrapport for 1. tertial 2019 vert det lagt til grunn at det er rom for å dekkje dette innanfor budsjettrammene.

Frå 1. juli 2019 vil dermed følgjande grupper få elev- og studentrabatt på reiser med buss og båt i Sogn og Fjordane:

 Elevar i grunn- og vidaregåande skule,  heiltidsstudent ved høgskule eller universitet frå fylte 19 år til og med månaden ein fyller 30 år.  lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4,  vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som er i introduksjonsprogrammet.

Gyldig reisebevis for desse gruppene er:

 Gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto,  studentbevis med gyldig semestermerke og foto,  visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass,

Besøksadresse: Postadresse: E-post: Telefon: Bankgiro: [email protected] 57638000 4212 02 02000 Fylkeshuset Askedalen 2 Heimeside: Org.nr : 6863 LEIKANGER www.sfj.no NO 941 388 841 MVA Side 2 av 2

 elevbevis som viser personidentitet med foto, namn og fødselsdato, namn på kursarrangør, kursstad og stadfesting på tidspunkt for opplæringa. Fra: Holten Roar [[email protected]] Til: [email protected] [[email protected]]; Stryn kommune [[email protected][email protected] [[email protected][email protected] [[email protected]]; Postmottak Sentraladm [[email protected]] Kopi: Oppland fylkeskommune [[email protected]]; Aasen Susanne Stølheim [[email protected]]; Haugen Gunnar [[email protected]] Sendt: 13.05.2019 10:51:22 Emne: Forespørsel om høringsuttalelse Vedlegg: Høringsutkast Fv 258.pdf

Oppland fylkeskommune ønsker å begrense adgangen til Gamle Strynefjellsveg for de største bussene og bobilene. Det vil blir satt opp skilt 316 med lengdegrense 8 meter, og skilt 320 med aksellastgrense 8 tonn. Forbudet vil bli forhåndsvarslet ved kryss mot riksveg 15. Vegavdeling Oppland har laget følgende forslag til skilting på den aktuelle vegen. Det er viktig å få på plass riktig skilting før vegen åpner for sommeren. Derfor ønsker vi snarlig tilbakemelding, innen 25.mai. Hvis vi ikke hører noe innen fristen, vil det bli fattet vedtak som foreslått.

Med hilsen Roar Holten

Statens vegvesen, Vegavdeling Oppland, Plan og trafikk Oppland Besøksadresse: Industrigata 1, LILLEHAMMER Mobil: +47 91729868 epost: [email protected] www.vegvesen.no epost: [email protected]

Høringsutkast

Oppland fylkeskommune ønsker å begrense adgangen til Gamle Strynefjellsveg for de største bussene og bobilene. Det vil blir satt opp skilt 316 med lengdebegrensning 8 meter, og skilt 320 med aksellastgrense 8 tonn. Forbudet vil bli forhåndsvarslet ved kryss mot riksveg 15. Vegavdeling Oppland har laget følgende forslag til skilting på den aktuelle vegen. Det er viktig å få på plass riktig skilting før vegen åpner for sommeren. Derfor ønsker vi snarlig tilbakemelding, innen 25.mai.

Oversiktskart over aktuell strekning

Forhåndsvarsel i vest ved kryss rv 15. Fy14 Fv 258 hp 01 m 10010. På baksiden av vikepliktsskiltet. Skilt 316 med lengdegrense 8 meter, samt skilt 320 med aksellastgrense 8 tonn, og underskilt 802 med tekst 8 km.

Skilt 316 med lengdegrense 8 meter, og skilt 320 med aksellastgrense 8 tonn settes opp ved Stryn sommerskisenter. Fy 14 Fv 258 hp 01 m 1760

Forhåndsvarsling ved kryss rv 15 i Oppland. Eksisterende skilt erstattes med skilt 316 med lengdegrense 8 meter, og skilt 320 med aksellastgrense 8 tonn Underskilt 802 med tekst 2,8 km. Fy 05 Fv 258 hp 01 m 55

Skilt 316 med lengdegrense 8 meter, og skilt 320 med aksellastgrense 8 tonn settes opp ved bommen for vinterstengning. Fy 05 Fv 258 hp 01 m 2815.

Side 1 av 1

Samferdsleavdelinga

Sakshandsamar: Ole Ingar Hagen Hæreid E-post: [email protected] Tlf.: 41530954 Vår ref. Sak nr.: 19/4468-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Statens vegvesen Dykkar ref. Vegavdeling Oppland, Plan og trafikk Oppland Dato LEIKANGER, 24.05.2019

Gamle Strynefjellsveg - Avgrensing av tilgang for dei største bussane og bubilane

Etter vår vurdering kan innføring av restriksjonar skape utfordringar spesielt for turistnæringa. Vi forstår likevel at det kan vere naudsynt med restriksjon på tilgang på vegen med den tilstanden som er i Oppland.

Vi viser til Vegavdeling Sogn og Fjordane, som tidlegare har uttalt at det er viktig med forvarsling på Ospeli og ved sommarskisenteret, slik at bilar kan snu ved behov. Sogn og Fjordane fylkeskommune er samd i denne vurderinga, då det ikkje er høve til å snu ved grensa mellom Sogn og Fjordane og Oppland. Avgrensinga vil i praksis gjelde frå sommarskisenteret og austover.

I innspel frå Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane , syner dei til at vikepliktskilt skal stå aleine. Ved rv. 15 Ospeli er det forslag om at det skal hengast opp eit skilt som varslar restriksjonen på eksisterande skiltstolpe med vikepliktskilt. Vegavdeling Sogn og Fjordane tilrår at skiltet vert plassert på eiga mast.

Vi viser også til Stryn kommune, som beklagar at vegen vert nedklassifisert. Dette vil medføre ei innskrenking for reiselivsnæringa og turistkommunen Stryn. Når det gjeld sjølve skiltplanen peiker Stryn kommune på at det er viktig at varslingsskilt ved rv 15 ikkje kan mistydast og avvise trafikk til Videseter hotell og Stryn sommarskisenter. All skilting må som eit minimum vere på norsk og engelsk.

Konklusjon Restriksjonar på gamle Strynefjellsveg vil, etter vår vurdering, skape utfordringar for reiselivsnæringa og turistkommunen Stryn. Vi ser likevel at det kan vere nødvendig med restriksjonar på vegen med tilstanden som er i Oppland. Det er viktig med forvarsling både på norsk og engelsk på Ospeli og ved sommarskisenteret. Varslingsskilta må vere eintydige slik at det ikkje oppstår mistydingar som medfører avvist trafikk til Videseter hotell og Stryn sommarskisenter.

Med helsing

Dina Lefdal Ole Ingar Hagen Hæreid Fylkesdirektør Plan- og beredskapsleiar

Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift

Mottakar (ar) Statens vegvesen Vegavdeling Oppland, Plan og trafikk Oppland

Besøksadresse: Postadresse: E-post: Telefon: Bankgiro: [email protected] 57638000 4212 02 02000 Fylkeshuset Askedalen 2 Heimeside: Org.nr : 6863 LEIKANGER www.sfj.no NO 941 388 841 MVA

Saksprotokoll

Organ: Hovudutval for samferdsle Møtedato: 28.05.2019

Sak nr.: 19/746-8 Internt l.nr. 28910/19

Sak: 20/19

Tittel: Skriv og meldingar - hovudutval for samferdsle 28. mai

Behandling:

Dette gir følgjande endeleg vedtak:

1a Framlegg til utbetringar på fylkesveg 180 Fresvik -Vangsnes 1b Vegen Fresvik-Vangsnes

2 Endring av vegnummer som følgje av regionreforma

3a Høyringsuttale frå Eid Formannskap til Statens Vegvesen. 3b Vedtak Fylkesutvalet . 3c Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast, ikkje byggast ned! . 3d Statens Vegvesen sitt fagmiljø i Nordfjord må styrkast . VEDTAK: Hovudutval for samferdsle legg til grunn at fylkesutvalet gjev fråsegn i saka.

4 Innspel til RTP - ønske om endring for fv 542 Eikefjord sentrum - rv5/Kvalvik.

5a Høyring om nye læreplanar i skulen – framlegg til uttale frå FTU 5b Høring om trafikkopplæring til førerkort og unntak fra fraværsgrensen i videregående skole.

6 Studentrabatt for lærlingar og lærekandidatar på reiser med buss og båt

7a Forespørsel om høringsuttalelse 7b Høringsutkast 7c Forslag gamle Strynefjellsvegen

8 Forslag til plassering av Statens vegvesen