Årsregnskap 2019 Skånevik Ølen Kraftlag AS
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Årsregnskap 2019 Skånevik Ølen Kraftlag AS Org.nr.: 948 429 209 ÅRSMELDING 2019 GENERELT 2019 er det andre heile driftsåret for Skånevik Ølen Kraftlag AS etter at selskapet i 2017 vart etablert ved omdanning frå samvirkelag til aksjeselskap, og deretter fusjonerte eignelutar og næringsdrifta inn i Haugaland Kraft AS. Styret og eigarmøta i 2016 -17 vurderte desse endringane som naudsynte for å møta nye rammevilkår for kraftbransjen og for å sikra lokale arbeidsplassar og eigarane sine verdiar i SØK. SØK AS har ikkje lenger nokon funksjonar innan drift av straum- og fibernett, og heller ikkje sal av straum eller teletenester. Hovudinntekta er aksjeutbyte frå Haugaland Kraft AS, og disponeringa av desse har følgt «Retningslinjer for ressursbruk og investeringar»*. STYRET Generalforsamlinga i SØK AS i 2019 valde dette styret: Gunnar Dalen Leiar valt for eitt år som leiar og 2 år som styremedlem Trond Rune Tungesvik Nestleiar valt for eitt år som nestleiar og 2 år som styremedlem Tor Magnar Kambe Styremedlem valt i 2018 for to år Torun Hadland Susort Styremedlem valt i 2018 for to år Hjørdis Sævareid Styremedlem valt i 2018 for 2 år Lars E. Lundal 1. varamedlem valt i 2018 for to år Anne Skartland 2. varamedlem valt i 2019 for 2 år Styret i SØK AS har i 2019 gjennomført 8 møte og hatt 43 saker oppe til handsaming. HOVUDSAKER I 2019 Føremålet til SØK er å vera aksjeeigar i Haugaland Kraft AS (HK) for å bidra til sikker og moderne forsyning av energi og breibandstenester i det som var SØK sitt konsesjonsområde pr. 1. januar 2017. Vidare kan SØK AS i tillegg driva, delta i eller samarbeida med andre selskap om bygde- og næringsutvikling og andre aktivitetar med forretningsmessig tilknyting til vårt konsesjonsområde. SØK AS kan i tillegg ta del i eller støtta samfunnsnyttige tiltak og aktivitetar, samt fremja allmennyttige føremål til det beste for innbyggjarane i konsesjonsområdet. Styret si hovudoppgåve er å forvalte aksjane og aksjeutbytet i HK på ein god og langsiktig måte. SØK AS skal vera ein motor i lokalsamfunnet, og bidra til vekst og utvikling i bygdene i konsesjonsområdet. Styret vil gjennomføra drifta av selskapet basert på Styreinstruksen og Retningslinjer for investeringar og ressursbruk i SØK AS. På generalforsamlinga i 2019 kom det synspunkt på desse retningslinjene. Styret følgde opp innspela og gjorde følgjande endringar: Retningslinjer for investeringar og ressursbruk* i SØK AS blir vidareførte med unntak av pkt. 4, som blir endra, og mål for årleg avsetning til skatt og eigenkapital blir tatt ut. Etter endringa lyder innleiinga av pkt. 4 slik: Hovudinntektene til SØK AS vil bli dei årlege utbyta frå Haugaland Kraft AS. Utbyta vil truleg variera frå år og til år, og behova vil også variera. Fordelingsnøkkelen skal derfor vera ein fleksibel modell og rettleiande for dei årlege disponeringane. Styret legg opp til å nytta følgjande retningslinjer og rammer for bruken av HK-utbytet: - Drifta av selskapet skal baserast på vedtatt budsjett med grunnlag i faktisk behov og avlagt rekneskap - Aksjeutbyttet skal dimensjonerast for minimum å dekka opp aksjonærane sine utlegg til formueskatt og utbytteskatt på SØK-aksjane - Inntil 30% til bygde- og næringsutvikling (15 % til Fiber og 15 % til Grendelag o.a.) - Inntil 15% til Allmennyttige formål I 2019 har Styret ved hjelp av skatteadvokat gått grundig gjennom skatte- og avgiftsspørsmål knytt til SØK-støtta, og konkludert med at SØK gir all støtte utan noko krav om motyting. Styret har vidareført arbeidet med å dokumentera SØK SA sin historie i bokform, og ventar at dette arbeidet vert sluttført i 2020. EIGARSKAP I HAUGALAND KRAFT AS SØK AS fekk på fusjonstidspunktet i 2017 ein eigarpost i HK på 4,7%. Sidan den tid har Finnås Kraftlag, Fitjar Kraftlag og Suldal Elverk fusjonert heile eller deler av sine selskap med HK og fått oppgjer i form av HK-aksjar. Alle eksisterande aksjonærpostar har følgjeleg blitt utvatna. Bokn kommune selde i 2019 sin aksjepost på 0,86 % i HK til Karmøy Kommune. SØK gjorde saman med dei fleste andre aksjonærane krav på forkjøpsretten som er nedfelt i aksjelova. Kjøpet av 177 125 aksjar i HK kom på kr 3 245 744. SØK sin eigarpost i HK var på 3,96 % ved utgangen av 2019. Styret legg stor vekt på å vera ein aktiv eigar i HK, og SØK har i tillegg til å delta på eigarmøta i HK hatt eige kontaktmøte med toppleiinga i HK. I møtet vart det vist til integrasjonsavtalen mellom SØK og HK, der SØK sin investeringsplan for straumnettet fram til 2025/30 blei lagt til grunn i verdifastsetjinga av SØK. Gjennomføring av hovudlinjene i investeringsplanen er difor eit viktig premiss for integrasjonen med HK, og Styret legg til grunn at HK vil følgja dette opp i investeringsplanen sine. HK rapporterte gjennomførte og planlagde investeringar i 2019, og omfanget ligg over det nivået som låg til grunn i SØK sin investeringsplan. Styret vil følgja opp integrasjonsavtalen, og då vert dette vert ein viktig del av dialogen med HK i åra framover. STØTTE TIL BREIBAND Breiband er ein grunnleggjande infrastruktur for innbyggjarar og næringsliv i SØK-området. Styret har følgt opp tilrådinga i Retningslinjene for ressursbruk om å nytta inntil 15% av aksjeutbytet frå HK til å støtta utbygging av breiband i SØK-området. For 2018 utgjorde dette 720 000 kr, og styret presiserte i sak 26/19 at beløpet skal nyttast på fiberprosjektet Skånevik Sentrum Nes. I 2019 løyvde Styret 1 000 000 kr i støtte til fiberprosjektet Dommersnes Trovåg i Vikebygd. I integrasjonsavtalen mellom SØK og HK går det vidare fram at HK fram til 2030 vil nytta 5 mill. kr til å byggja ut fiber i SØK-område der utbygging ikkje er tilstrekkeleg kommersielt lønsamt. SØK og HK Fiber har hatt 2 møte i 2019 med gjennomgang av HK Fiber sine utbyggingsplanar. SØK legg til grunn at SØK sine løyvingar går til dei prosjekta Styret har vedtatt, og at HK Fiber gjennomfører utbygginga snarast. HK Fiber ønskjer å bruka avsetjinga på 5 mill. kr til toppfinansiering på mindre fiberprosjekt i område med delvis utbygd fibernett. HK Fiber har etablert ein rapporteringsrutine for bruken av desse midlane, og vil frå og med 2020 rapportera slik bruk kvart år. Både Etne og Vindafjord kommune har ambisjonar for breibandsutbygging, og SØK vil halda kontakt med kommunane for å samordna utbygging i område utan fibernett i dag. STØTTE TIL BYGDE- OG NÆRINGSUTVIKLING Styret har følgt Retningslinjene for ressursbruk og investeringar, som tilrår at inntil 15% av aksjeutbyttet frå HK kan nyttast til bygde- og næringsutvikling. I 2019 fastsette Styret dette 1 000 000 kr, og av dette blei Vindafjord Arbeidsgivarforum tildelt 100 000 kr til næringsutvikling og Grendelaga fekk 900 000 kr til bygdeutvikling. Fordelinga følgde same mal som i 2018: Kr 90 000 : Vikebygd Grendeutval, Bjoa Bygdeutviklingslag, Markhus og Teigland / IL Gro, og Fjæra Bygdeutval / Fjæra Idrettslag Kr 135 000: Ølensvåg Grendeutval og Ølen Grendeutval Kr 270 000: Skånevik Bygdeutviklingslag Det er i 2019 gjennomført 2 kontaktmøte med Grendelaga og eitt møte med næringslivet v/ Fikse Næringsutvikling. STØTTE TIL ALLMENNYTTIGE FØREMÅL I endringsprosessen 2016 17 blei det i eigarmøta i bygdene lagt stor vekt på at SØK måtte halda fram med å støtta allmennyttige føremål, og dette blei difor eit sentralt element i vedtektene for det nye selskapet. Styret har lagt dette til grunn og følgt Retningslinjene for ressursbruk og investeringar, som tilrår at inntil 15% av aksjeutbyttet frå HK kan nyttast til slike føremål. Styret har fastsett «Retningslinjer for støtte»*, med krav til organisering, rapportering og med følgjande ramme for fordeling: 40 % kan nyttast som støtte til anlegg og forsamlingshus, 40 % kan nyttast som støtte til barne- og ungdomsarbeid og 20 % kan nyttast som støtte til kulturarv- og sogelagsarbeid. I 2019 vedtok Styret følgjande løyvingar til Allmennyttige føremål: Til Anlegg- og forsamlingshus kr 290 000: Kr 5 000: Markhus Skulestova, Innbjoa Bedehus, Markhus Bedehus, Bygdelaget Haugsbu, Ebne Gamle Skulehus, Skånevik Indremisjon, Vaka Grendehus og Vikebygd Bedehus. Kr 10 000: Brandøy Misjons- og konferansesenter, Bjoa Bygdehuslag, Helsehuset v/Bjoa Sanitetsforening, Grohallen og Fjæra Idrettshus Kr 20 000: Stiftelsen Kyrkjetunet og Vågen Bygdasenter Kr 40 000: Vikebygd Bygdahus Kr 60 000: Skånevik Kultur- og Idrettshall og Ølen Kulturhus Til Barne- og ungdomsarbeid kr 202 500 (kr 250 per medlem under 16 år): Idrettslaget Gro kr. 1 750,- Bjoa Mini-Credo og Barnekor kr. 2 250,- Bjoa Credo kr. 3 000,- Skånevik Skyttarlag kr. 4 750,- Tripp Trapp Skånevik kr. 5 500,- Ølen Skyttarlag kr. 6 250,- Skånevik Skulekorps kr. 6 500,- Bjoa 4H kr. 8 750,- Vindafjord Soul Kids & Soul Children kr. 10 250,- Bjoa Idrettslag kr. 11 250,- Ølensvåg Søndagsskule kr. 11 250,- Skånevik-speidarane kr. 11 500,- Vikebygd Idrettslag kr. 12 750,- Skånevik Idrettslag kr. 37 250,- Ølen Idrettslag kr. 69 500,- Til Kulturarv og Sogelagsarbeid: 60 000 kr Stiftelsen Gjestgjevargarden kr. 10 000,- Dag Nagel-Alne Løo Akslå kr. 25 000,- Prosjekt Kvernhus Eintveit kr. 25 000,- Det er gjennomført 2 kontaktmøte med mottakarane av støtte til Allmennyttige føremål i 2019. INFORMASJON TIL EIGARAR OG LOKALMILJØ SØK har ei heimeside på internett med adresse: www.sok.no . Me har i tillegg eiga side på Facebook. Desse kanalane vil saman med annonser i lokalavisa vera hovudvegane for informasjon frå SØK. På heimesida vil eigarar og lokalmiljøet finna selskapsinformasjon, informasjon om aksjar og søknadsskjema for støtte. Dokument som i årsmeldinga er merkte med * er også å finna på heimesida vår under fana «Om oss». ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE SØK AS har ikkje hatt nokon tilsette i 2019. Alle funksjonar blir kjøpte inn etter behov. Medvind Næringshage har frå 1. mars 2018 fungert som sekretariat og stått for den daglege drifta av SØK AS. FINANSIELL RISIKO SØK AS har god likviditet og ikkje langsiktig gjeld.