Haugaland Næringspark AS - Restrukturering - Vedtak I Vindafjord Kommunestyre
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Service- og fellestenester. Haugaland Kraft Saksh: Magne Inge Vårvik Tlf: 53 65 65 21 Dato : 25.06.2018 Vår ref: 18/11928 Dykkar ref: Arkiv: Haugaland Næringspark AS - Restrukturering - Vedtak i Vindafjord kommunestyre Vindafjord kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte 19.06.18, sak 050/18, og gjorde slikt vedtak: 1. Vindafjord kommune skal som aksjonær i Haugaland Kraft AS arbeida for den skisserte restrukturering av eigarskapen i Haugaland Næringspark AS, der kommunen kjøper ein andel av selskapet frå Haugaland Kraft AS. 2. Vindafjord kommune gir med dette ordførar Ole Johan Vierdal følgjande fullmakt: a. Foreta nødvendige vurderingar og handlingar for å sikra kommunen sine eigarinteresser, og signera nødvendige dokument for å gjennomføra planlagt aksjekjøp i Haugaland Næringspark AS (inntil maks beløp 14 millionar kroner). b. Til å signera nødvendige dokument for å overføra kreditoransvaret for ansvarlege lån mellom Haugaland Kraft AS og Haugaland Næringspark AS, til kommunen med ein andel som samsvarar med eigarskapen i selskapet (inntil maks beløp 12 millionar kroner). c. Representera Vindafjord kommune på ordinær eller ekstraordinær generalforsamling i Haugaland Kraft AS og avgi stemme på vegne av kommunen i ei kvar sak der generalforsamlinga sitt vedtak er nødvendig eller hensiktsmessig for å gjennomføra restruktureringa og kreditorskifte i Haugaland Næringspark AS. d. Vurdera om det er hensiktsmessig for å sikra kommunen sine eigarinteresser, framforhandla og deretter signera, ein aksjonæravtale mellom dei nye aksjonærane i Haugaland Næringspark AS (jmf. sikra einigheit om nedsal, o.l.). e. Til å signera eit kvart anna dokument som er nødvendig eller hensiktsmessig for å gjennomføra restruktureringa og kreditorskiftet, herunder eventuell delvis eller full konvertering av ansvarlege lån til eigenkapital i Haugaland Næringspark AS. 3. Vindaford kommune vedtar foreslått eigarstrategi for Haugaland Næringspark AS. Eigarstrategien skal vera retningsgivande for kommunen si eigarstyring og kva kommunen sin representant i selskapet sine generalforsamlingar skal stemma for framover. 4. Vindafjord kommunestyre set som ein føresetnad at dei øvrige eigarane gjer likelydande vedtak. Særutskrift av kommunestyret si handsaming ligg ved. Postadr: Sentralbord: Organisasjonsopplysn: Nettadresser: Rådhusplassen 1 53 65 65 65 Org.nr: 988 893 226 www.vindafjord.kommune.no 5580 Ølen Bankgiro: 3240.10.04172 Epost:[email protected] Med helsing Magne Inge Vårvik Seniorrådgjevar politisk sekretariat Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent i samsvar med interne rutinar. Kopi: Bokn kommune Haugesund kommune Karmøy kommune Sveio kommune Tysvær kommune Utsira kommune Finnås kraftlag Skånevik Ølen kraftlag Vedlegg: Haugaland Næringspark AS 316641 25.06.2018 - Restrukturering .