Haugaland Næringspark AS - Restrukturering - Vedtak I Vindafjord Kommunestyre

Haugaland Næringspark AS - Restrukturering - Vedtak I Vindafjord Kommunestyre

Service- og fellestenester. Haugaland Kraft Saksh: Magne Inge Vårvik Tlf: 53 65 65 21 Dato : 25.06.2018 Vår ref: 18/11928 Dykkar ref: Arkiv: Haugaland Næringspark AS - Restrukturering - Vedtak i Vindafjord kommunestyre Vindafjord kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte 19.06.18, sak 050/18, og gjorde slikt vedtak: 1. Vindafjord kommune skal som aksjonær i Haugaland Kraft AS arbeida for den skisserte restrukturering av eigarskapen i Haugaland Næringspark AS, der kommunen kjøper ein andel av selskapet frå Haugaland Kraft AS. 2. Vindafjord kommune gir med dette ordførar Ole Johan Vierdal følgjande fullmakt: a. Foreta nødvendige vurderingar og handlingar for å sikra kommunen sine eigarinteresser, og signera nødvendige dokument for å gjennomføra planlagt aksjekjøp i Haugaland Næringspark AS (inntil maks beløp 14 millionar kroner). b. Til å signera nødvendige dokument for å overføra kreditoransvaret for ansvarlege lån mellom Haugaland Kraft AS og Haugaland Næringspark AS, til kommunen med ein andel som samsvarar med eigarskapen i selskapet (inntil maks beløp 12 millionar kroner). c. Representera Vindafjord kommune på ordinær eller ekstraordinær generalforsamling i Haugaland Kraft AS og avgi stemme på vegne av kommunen i ei kvar sak der generalforsamlinga sitt vedtak er nødvendig eller hensiktsmessig for å gjennomføra restruktureringa og kreditorskifte i Haugaland Næringspark AS. d. Vurdera om det er hensiktsmessig for å sikra kommunen sine eigarinteresser, framforhandla og deretter signera, ein aksjonæravtale mellom dei nye aksjonærane i Haugaland Næringspark AS (jmf. sikra einigheit om nedsal, o.l.). e. Til å signera eit kvart anna dokument som er nødvendig eller hensiktsmessig for å gjennomføra restruktureringa og kreditorskiftet, herunder eventuell delvis eller full konvertering av ansvarlege lån til eigenkapital i Haugaland Næringspark AS. 3. Vindaford kommune vedtar foreslått eigarstrategi for Haugaland Næringspark AS. Eigarstrategien skal vera retningsgivande for kommunen si eigarstyring og kva kommunen sin representant i selskapet sine generalforsamlingar skal stemma for framover. 4. Vindafjord kommunestyre set som ein føresetnad at dei øvrige eigarane gjer likelydande vedtak. Særutskrift av kommunestyret si handsaming ligg ved. Postadr: Sentralbord: Organisasjonsopplysn: Nettadresser: Rådhusplassen 1 53 65 65 65 Org.nr: 988 893 226 www.vindafjord.kommune.no 5580 Ølen Bankgiro: 3240.10.04172 Epost:[email protected] Med helsing Magne Inge Vårvik Seniorrådgjevar politisk sekretariat Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent i samsvar med interne rutinar. Kopi: Bokn kommune Haugesund kommune Karmøy kommune Sveio kommune Tysvær kommune Utsira kommune Finnås kraftlag Skånevik Ølen kraftlag Vedlegg: Haugaland Næringspark AS 316641 25.06.2018 - Restrukturering .

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    2 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us