Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/13
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sakshandsamarar: Vår dato Vår referanse Gunn Tove Nyheim, tlf. 57643149, e-post: [email protected] 29.04.2016 2016/1020- 421.3 Oddgeir Aardal, tlf. 57643077, e-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Eline Orheim, tlf. 57643012, e-post: [email protected] 08.03.2016 16/57-9/K1-143/LIL Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 Stryn Fråsegn til høyring av kommunedelplan for Langeset-Stryn-Storesunde i Stryn kommune Vi viser til oversending dagsett 08.03.2016, til møte og synfaring 26.04.2016 og til avtale om utsett høyringsfrist til 01.05.2016. Fylkesmannen meiner at Stryn kommune har gjort eit omfattande og godt arbeid med kommunedelplan for Langeset-Stryn-Storesunde. Vi har likevel ein del merknadar og tilrådingar som vi håpar vert innarbeidde i planen. Vi vil spesielt peike på ansvaret kommunen har for å ivareta interesser knytt til biologisk mangfald. Utan at vi nyttar motsegn, vil vi sterkt frårå at kommunen legg ut restane av brakkvassdeltaet Vikaleirane til næringsformål. Dette planområdet omfattar ein del av ein svært viktig og sårbar naturtypelokalitet, der det også er registrert funn av raudlisteartar. Vi vurderer at det for nokre tema og konkrete område i framlegget til kommunedelplan er manglar i utgreiingar, føresegner m.v. slik at det er uklårt om det er konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser. Vi har derfor fremma nokre motsegner mot planframlegget. Vi håpar at vi gjennom god dialog med kommunen vil kunne kome til semje når det gjeld motsegnene. Fylkesmannen vil generelt understreke det sjølvstendige ansvaret kommunen har for at innhaldet i planen stettar lovkrava. Motsegner er utheva med feit skrift i teksten, medan faglege tilrådingar står i kursiv. Vi viser elles til faglege vurderingar i fråsegna. 1 Innleiande merknadar Det generelle inntrykket vårt er at kommunen har gjort eit omfattande og grundig arbeid med kommunedelplanen. Planomtalen fokuserer godt på koplinga mellom samfunnsdelen og arealdelen. Planforslaget er oversiktleg og lett å setta seg inn i, og dei mange stadnamna på plankartet gjer det enkelt å få oversikt. Kommunen gjer godt greie for alternativ til arealbruksendringar som er vurderte, og ikkje innarbeidd i kommunedelplanen. Me ser m.a. at kommunen har ei medviten haldning til å skilja område for bustadar og fritidsbustadar, og at det er bustad- og næringsareal som har vore prioriterte felt i planarbeidet. For å avgrensa arbeidsmengda og gjera jobben meir overkommeleg, er det viktig og riktig å vera tydeleg og avgrensande slik kommunen har vore. Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/13 Det er viktig at det vert lagt til rette for aktiv deltaking tidleg i planarbeid. Vi merkar oss som positivt at kommunen i planprosessen har arrangert fleire møte med innbyggjarane både som enkeltaktørar og samla. Planforslaget har vore drøfta to gonger i Planforum. Viktige tema i planarbeidet er areal til nærings- og bustadområde. I tillegg er det sett av areal til utviding av Stryn ungdomsskule og kyrkjegarden ved Nedstryn kyrkje. Planen legg òg til rette for gang- og sykkelveg frå Visnes til Staveneset og Riise bru-Storesunde. Planen har som føremål å legge til rette for vekst i folketal og arbeidsplassar i planperioden. Vi har forstått det slik at kommunen legg opp til ein andre gongs utlegging av planen. 2 Konsekvensutgreiing Vi meiner at konsekvensutgreiinga er oversiktleg, og konstaterer at det er gjort greie for konsekvensane både i enkeltområda og for planen samla. Kunnskapsgrunnlaget er vurdert til å vere svært godt i delar av planområdet, men jamt over dårleg. Det går fram at det er tinga ei undersøking av det biologiske mangfaldet frå Bergsida og vestover sidan området ikkje er kartlagt tidlegare. Resultatet av undersøkinga skal vere klart til juni 2016, og før andre gongs utlegging. Det manglar konsekvensutgreiing for KB102. Dette er ein mangel ved planforslaget. Vi forstår det som at R107 er vurdert saman med N127. 3 Planjuridiske merknadar Det er ikkje Fylkesmannen si oppgåve å kontrollere at innhaldet i kommunale planar er lovleg. Vi strekar derfor under at vi som hovudregel berre vil påpeike juridiske feil og manglar i eit planframlegg, dersom dette kan ha verknad for ivaretakinga av nasjonale eller vesentlege regionale interesser. Juridiske merknadar utover dette vert gjeve som generelle råd og rettleiingar til kommunen. Vi legg elles til grunn at eventuelle planføresegner som ikkje har heimel i lov, vert rekna som retningsliner utan rettsverknad. Generelt peiker vi òg på at planføresegner bør knytast til objektive og konkrete normer og terskelverdiar. Planføresegner som inneheld skjønnsmessige kriterium kan føre til at kommunedelplanen vert svakare og mindre føreseieleg som styringsdokument. Planføresegnene pkt. 4 gjeld skilt og reklameinnretningar. Vi viser til at det er unntak frå søknadsplikt for skilt inntil 3,0 m2 montert på vegg, jf. SAK10 § 4-1 bokstav d. Kommunen kan fastsetje strengare føresegner om storleik med heimel i pbl. § 11-9 nr.5. Dette bør gå klart fram av føresegnene. Vi rår derfor til at setninga «Løyve vert ikkje kravd for skilt, reklame og liknande som er under 1,5 m2 og vert sett opp på byggverk eller innhegning…» vert flytta frå retningslinjene til føresegnene for «Skiltstorleikar». Under pkt. 6A er det fastsett rekkjefølgjekrav om at alle nye bustadområde skal ha tilfredstillande leikeareal etter gjeldande normer, jf. pbl. §§ 11-9 nr. 4 og 5. Det er uklart kva normer som skal ligge til grunn for føresegna. Vi rår til at føresegnene vert supplert for å gjere norma tydelegare, t.d. om minimum areal for uteopphald per bueining (MUA, jf. TEK10 § 5-6), krav om felles leikeplass og avstand til nærleikeplassar i byggjefelt. Vi tilrår òg å fastsette minimum kvalitetskrav til leikeplassar og uteareal, mellom anna med tanke på støy, vind og helling m.m. Vi viser elles til rundskriv T-2/08 og rettleiar T-1513 frå Klima- og miljødepartementet for døme på planføresegner. FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/13 Til pkt. 6C er det fastsett at det skal leggjast til rette for høgare utnytting av areal i Stryn sentrum. Etter vår vurdering kunne føresegnene vore nærare spesifisert med t.d. maks etasjetal og utnyttingsgrad (%-BRA). Kommunen kunne også på dette punktet gitt overordna føringar for planlegging av grøntstruktur og leikeområde, jf. ovanfor om dette. Pkt 8A tredje strekpunkt opnar for mindre tiltak på eksisterande bustadhus i LNF-område. Vi legg til grunn at føresegna gjeld for våningshus, som inngår i LNF-formålet, jf. pbl. § 11-11 nr. 1. Dersom kommunen i tillegg ønskjer å opne generelt for mindre tiltak på bustadhus etter enkeltsøknad i LNF- område, må framgangsmåten i § 11-11 nr. 2 nyttast, med nærare føresegner om kva formål og tiltak som er tillatne. Vi konstaterer elles at det ikkje er gitt føresegner om å tillate nødvendige landbrukstiltak innanfor 100-metersbeltet, jf. pbl. § 11-11 nr. 4. I den grad det er aktuelt, må slike tiltak då handsamast som ordinære dispensasjonar frå kommunen si byggjegrense langs sjø, smln. planføresegnene pkt. 2. 4 Natur- og miljøfaglege merknadar I gjennomgangen av planframlegget har vi lagt vekt på å vurdere ny arealbruk som er med i konsekvensutgreiinga. Vi har ikkje kommentert arealbruk der vi ikkje har avgjerande merknadar. 4.1 Arealdisponeringa langs sjøen 100-meterbeltet ved sjø er definert som eit område av nasjonal interesse, og det lovfesta strandvernet skal innarbeidast i all arealplanlegging og -forvaltning. Dette inneber at strandsona, og i alle høve strandlina, som hovudregel skal haldast fri for bygging og inngrep, og at bygging her bør avgrensast til bygningar og føremål som må ligge ved sjøen. Vi viser til Fylkesdelplan for arealbruk der det under retningsliner knytt til 100- metersbeltet langs sjøen m.a. heiter: ”Unngå utbygging i ubygde/urørte område og på ubygde/urørte øyar og holmar.” Det går fram av punkt 2 i planføresegnene at det er lagt inn byggegrense mot sjø som erstattar den generelle byggegrensa på 100 meter. Det er vanskeleg ut frå plankartet å sjå kor byggegrensa langs sjøen går i dei ulike områda, og kor mange meter den er trekt tilbake frå sjøen. Slik vi oppfattar det er byggegrensa langs sjø endra i store delar av planområdet utan at dette er gjort nærare greie for. Det er ikkje lagt inn nye byggeområde i planframlegget på nedsida av rv 15 og fv 60 med unntak av N127. Planen legg opp til at det skal kunne etablerast nye bygningar i eksisterande naustområde langs sjøen, jf. punkt 6J. i føresegnene: «Nye bygg i naustområda skal tilpasse seg det etablerte naustmiljøet, både i høgde, form, materialval og fargevalør», utan at det er sagt noko om kor mange nye naust/bygg som kan etablerast. Vi rår kommunen til å avgrense talet på nye naust/bygg i naustområda i planføresegnene. Vi kan ikkje sjå at det er gjort greie for korleis fastsettinga av den funksjonelle strandsona (byggegrense langs sjøen) er vurdert. Vi vil generelt rå frå å sette ei byggegrense i LNF-område, som vil oppheve tiltaksforbodet i pbl. § 1-8 der grensa vert sett nærare sjøen enn 100 meter. Utgangspunktet i LNF-område er at det ikkje skal byggast her, men at kommunen kan opne for tiltak som ligg innafor LNF-føremålet (men det er ikkje gjort, jf. punkt 3. Planjuridiske merknadar). Det går ikkje fram av planforslaget kvifor kommunen har valt å vise byggegrensa på denne måten. Dersom byggegrensa er trekt t.d. 30 meter frå strandkanten, vil ein dispensasjonssøknad om frådeling av ei hyttetomt 35-40 meter frå sjøen krevje dispensasjon frå LNF-føremålet, men ikkje frå § 1-8 i pbl. Sjølve vurderingane som er gjort på dei ulike strandstrekningane går ikkje fram av planframlegget, og det er etter det vi kan sjå ikkje laga noko skriftleg om dette.