Saksframlegg Detaljregulering For
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Nina Bjørke Arkiv: L13 Arkivsaksnr.: 17/1733 - 22 Planlagt behandling: Hovudutval for lokal utvikling DETALJREGULERING FOR HOVEDVANNLEDNING VEST GJENNOM KLEPP KOMMUNE, PLANID 8220 Saka gjeld IVAR IKS skal leggje ein ny 32,5 km lang hovudvassleidning frå Langavatnet i Gjesdal kommune til Tjensvoll i Stavanger. Den nye leidninga vil sikre vassforsyning også dersom eksisterande leidning må takast ut av drift. Røyrleidninga vil gå gjennom seks kommunar. Delstrekninga som skal gå gjennom Klepp kommune blir 4,3 km lang. 20 eigedommar vert berørte. Tiltaket har bakgrunn i vedteken Hovedplan drikkevann 2050 (2011) og Hovedplan Vann – Transportanlegg (2013). Figur 1: Oversiktskart som viser at planen er delt opp i tre plankart. Krav sett i overordna planar - Kommuneplanen sin arealdel for perioden 2014-2025 Planområde Figur 2 - Utsnitt frå kommuneplanen. Planområdet er vist med brunt frå kommunegrensa i Frøylandsvatnet til Figgjoelva og grensa mot Sandnes kommune. Traseen gjennom Klepp strekk seg frå kommunegrensa i Frøylandsvatnet til Figgjoelva og kommunegrensa mot Sandnes. Varslingsområdet er stort sett i areal avsett til landbruk,- natur,- friluftsformål, (LNFR). Ved Engelsvåg går traseen gjennom utbyggingsområde 28 i kommuneplanen, avsett til bustader. Gjeldande regulering Følgjande planar gjeld i planområdet i dag: Plan ID 3100 Øksnevad industriområde, vedteken 10.09.1984 Plan ID 3310 Industriområde N-8 Øksnevad, vedteken 03.04.2006 Plan ID 3440 Turveg ved Frøylandsvatnet, langs 8/20 og 14/10, vedteken 14.03.2014 Plan ID 3240 Øksnevadvegen gang- og sykkelveg, vedteken 23.04.1999 Avklaring i høve til forskrift om konsekvensutgreiing Planarbeidet kjem inn under Forskrift om konsekvensutredninger. Det er utarbeidd forslag til planprogram for konsekvensutgreiing. Planprogrammet blei godkjent av kommunestyret i møte den 23.10.2018, sak 72/18. 1. PLANPROSESS OG MEDVERKNAD Varsel om oppstart av planarbeid Oppstart av planen vart varsla i Jærbladet, på kommunen si heimeside og med brev til grunneigarar og høyringsinstansar 2. juli 2018. Planprogram vart lagt ut til offentleg ettersyn samtidig. Høyringsfristen var 14. september 2018. Det kom inn 9 merknader til varsel om oppstart og planprogram. Merknadane er med eit unntak frå offentlege instansar og kjem med generelle råd til planprogram. Østerhus-gruppen peiker på i uttalen til planprogram at traséen for hovudvassleidning kan påverke utbyggingsressursene i regionen. Ingen av merknadene har konkrete innspel til strekninga i Klepp kommune som må takast omsyn til i 1. gongs behandlinga. Rådmannen har difor valt å ikkje leggje ved uttalene til dette saksframlegget. Informasjonsmøter IVAR IKS arrangerte eit informasjonsmøte på Kvernaland samfunnshus 29. august 2018. I tidsrom 10.- 13- desember 2018 gjennomførte IVAR IKS grunneigarmøter for å informere om gjennomføring av avtaler om leidningen med dei enkelte grunneigarane. 2. OMTALE AV PLANFORSLAGET Plan- og bygningslova slår fast at eit forslag til reguleringsplan består av tre element: Plankart, bestemmelsar og planomtale. Ein planomtale med konsekvensutgreiing for slike store infrastrukturprosjekt må omhandle ulike utgreiingstema som på førehand er bestemt i planprogram fastsett av kommunestyret. Planomtalen er på 67 sider. Rådmannen forventar ikkje at dei folkevalte set seg inn i alle detaljar i saka og gjengir difor utdrag av samandraget frå planbeskrivelsen slik den er sendt inn av IVAR IKS. Samandraget er illustrert med bilete og skisser frå IVAR sin planbeskrivelse. Figur 3: Tverrprofil av grøftetraséen. Anleggsbeltet er opp mot 40 m, 20 m på kvar side av leidningen for å midlertidig kunne lagre morenemasser og matjord for tilbakelegging i grøfta. Figur 4: Frå planbeskrivelsen, side 25. Bilete frå bygging av den austre hovudvassleidninga. Sjølve vassleidningen har bare 1,4 m diameter. Likevel blir det store dimensjonar for anleggsbeltet langs traséen. Figur 5: Kryssingspunkt over Figgjoelva ved Lonaheia. Skogen sør for Figgjo vil ikkje kunne reetablerast på ein sone på 5 m på kvar sida av leidninga. Figur 6: Oversikt over mengder overskottsmasser som må flyttast langs traséen og plassering av aktuelle mottak. 3. VURDERING AV PLANFORSLAGET Konsekvensar for landbruket Hovudvassleidninga ligg minst 1,2 m under bakken. Når den først er etablert har den minimale konsekvensar der den ligg i LNF område. Leidninga ligg langt under pløyedybde og vil ikkje påverke normalt landbruksaktivitet i større grad. Det er restriksjonar for å ha vegetasjon over 4 m høgde 5 meter på kvar side av leidningen. Dette for at røter frå tre ikkje (på sikt) kan gjere skade på leidningen. Med unntak av ein kortare strekning kor leidningen går gjennom etablert skog sør for Figgjoelva vil dette heller ikkje få verknad for drift av jorda. At det blir etablert ei 10 m byggegrense på begge sider av leidningen vil heller ikkje setje særleg restriksjonar for utviding av driftsbygningar. Leidningen er planlagt med god avstand til eksisterande tun. Konsekvensar for framtidig utbyggingsområde 28 i Engelsvåg Kommunen har allereie tidleg i planfasen medverka til at hovudvassleidning blir lagt så tett inntil eksisterande busetnad i Engelsvåg som mogleg. Sjølv om leidningen ligg godt under bakken vil den bandlegge ei sone på 10 m på kvar side av leidningen. Det ligg ei byggegrense langs begge sider av bandleggingssonen. Bandleggingssonen ligg nå i kant med eksisterande eigedomsgrense for eigedomane langs gata Engelsvåg. Dette vil difor ikkje få konsekvensar for høve til å byggje, t.d. setje opp ein ny garasje på eigedomane dette gjeld. Planen viser eksisterande gate regulert «på nytt» med 5,5 m breidde samt langsgåande gang – og sykkelveg på 3,5 m. Dette for å lette tilkomst til friluftsområdet langs Frøylandsvatnet. Resten at den 20 m breie sonen er regulert til føremål vassforsyningsnett. Alternativet hadde vore regulering til ein eller annen form for bustadområde, i samsvar med kommuneplanen. Rådmannen har kome fram til at det er rett at det bandlagte område blir vist som vassforsyningsnett. Dette vil effektivt hindre etablering av ulike tiltak, som t.d. garasjar og uthus som mange trur kan førast opp utan søknad. Det avgjerande er å sikre uttilsikta skade på hovudvassleidningen. Planbestemmelsane er utforma slik at leidningseigar IVAR IKS kan gje løyve til at deler område regulert til vassforsyningsnett likevel kan inngå i den framtidige utforming av det nye bustadområdet på område 28 i kommuneplanen. Opparbeiding av parkeringsplass for turgåarar langs Frøylandsvatnet Klepp kommune har i møter med IVAR IKS stilt krav om at IVAR skal regulere ein parkeringsplass for turgåarar langs Frøylandsvatnet på arealet mellom ventilkammeret i Engelsvåg og jernbanelinja. Arealet mellom ventilkammeret og jernbanesporet kan uansett ikkje brukast til framtidig bustadføremål. IVAR treng ein snuhammar og køyreveg til ventilkammeret. Rådmannen meiner at dette er ein god løysing. Klima- og miljøpåverknad, energibruk Utslepp av klimagassar frå bygg og anleggsarbeid er betydelege. Forbruk av anleggsdiesel er direkte knytt til mengde masse og transportlengda. Mengde masse som må gravast opp og fyllast tilbake er det lite ein kan gjere med når ein slik hovudvassleidning skal liggje minst 1,2 m under overflata for å hindre skader. Det viktigaste tiltak for redusere den direkte energiforbruket er at IVAR i den vidare planlegginga forsøker å redusere transportlengda. Kan masse ikkje gjenbrukas bør deponering av masseroverskot skje nærast mogleg uttaket. Der er regulert eit område nord for Øksnevadvegen for deponering av overskotsmasse IVAR IKS skal ha ros for at dei har levert ein planomtale som i eiget kapittel 6.3.7 (side 41) omtaler utslepp av klimagasser. Ei eigen tabell har konsulenten rekna ut klimagassutslepp i tonn CO2 for transport til godkjent mottak. Figur 7: Utdrag av tabell som viser klimagassutslepp for transport til mottak i tonn CO2. Anleggsarbeidet krev store mengder tilkøyrt singel for omfylling av vassleidninga i grøfta. Det optimale er å kombinere bortkøyring av masseoverskot med returlass av singel slik at ein unngår køyring utan last den eine vegen. Regionalplan for massedisponering på Jæren legg opp til mest mogleg resirkulering av gravemasser for å spare både på steinressursar og klimagassutslepp knytt til produksjon av singel frå (nytt) fast fjell. IVAR bør vurdere bruk av gjenbruksmasse frå godkjent gjenvinningsbedrift, t.d. Velde A/S. Ein føresetnad for resirkulering av gravemasser er då å stille krav om at eigna masse frå grøftetraséen blir levert til gjenvinning. Rådmannen rår til at IVAR IKS under vidare detaljprosjektering jobbar vidare med å få oversikt over klimagassutslepp for heile anleggsprosjektet. Utslepp til produksjon og køyring av tilkøyrt singel må inn i oversikten. Først då kan ein treffe kloke val med tanke på å kombinere kortast mogleg køyrelengde med bruk av resirkulert masse. IVAR IKS er ein føregangsbedrift når det gjeld handtering av miljøproblem. IVAR ligg langt framme på resirkulering av plast og produserer biogass som eit CO2 nøytralt alternativ til fossilt naturgass. Klarer IVAR å organisere bygging av hovudvassleidninga som eit føregangsprosjekt med fokus på å redusere klimagassutslepp frå anleggsverksemd vil dette ha ein signaleffekt for heile regionen. Klepp kommune har sekretariatet for Klimanettverk Jæren. Klimanettverket består av alle Jærkommunar frå Nye Stavanger i nord til Hå i sør. Nettverket har teke kontakt med MEF (Maskinentreprenørenes forbund) i Rogaland som organiserer dei fleste entreprenørene