Utbyggingspakke Jæren

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Utbyggingspakke Jæren SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: 205 Arkivsaksnr.: 18/1855 - 47 Planlagt behandling: Formannskapet Kommunestyret UTBYGGINGSPAKKE JÆREN Bakgrunn for saka Kommunestyret gjorde i sak 65/18 eit prinsippvedtak om det vidare arbeidet med utbyggingspakke Jæren. Følgjande prinsipp vart vedteke: 1. Det skal arbeidast vidare med å etablera ei bompengefinansiert utbyggingspakke for kommunane Hå, Klepp og Time. 2. Prosjektet Fv. 505 Tverrforbindelsen Foss-Eikeland til E39 Bråstein blir overført frå Bymiljøpakken til Utbyggingspakke Jæren. Fram til neste høyringsrunde i kommunane skal overføring og finansiering vera avklart. 3. Inntektene for felles timesregel mellom Utbyggingspakke Jæren og Bymiljøpakken går til den bompengepakka der første passering skjer. 4. Premissar for Utbyggingspakken: a. Takstane blir identiske med takstane utanom rushperiodane i Bymiljøpakken b. Nullutsleppskøyretøy betaler 50 % av takstgruppe 1 c. Det blir eit passeringstak på 75 passeringar per månad d. Innkrevjingsperiode blir 15 år e. Det blir rabatt på 20 % ved bruk av bompengebrikke 5. Utbyggingspakke Jæren skal gje ”bedre framkommelighet for alle”. Midlane skal gå til etablering av nye vegar, utbetring av eksisterande vegar, gjennomføring av trafikksikringstiltak, etablering av gjennomgåande gang- og sykkelvegar, tiltak som betrar kollektivtilbodet og som legg til rette for «park and ride» mot Jærbanen. 6. Alternative traséval for Fv. 505 Tverrforbindelsen Foss-Eikeland til E39 Bråstein må hensynta rekreasjonsområdet tilknytta fossen/Figgjoelva slik at dette blir bevart i eit viktig utbyggingsområde. 7. Innkrevjingskost må vera betydeleg lågare enn det som er skissert, gjennom å vurdera forskjellige tekniske løysingar. 8. Totalfinansieringa bør vera kjent. 9. Moglegheit for etterskotsvis innkrevjing av bompengar, når vegen er ferdig bygd, vert vurdert/utgreia. 10. Klepp kommune bør vurdera ei ordning for å skåna dei småbarnsfamiliane som blir ramma urimeleg hardt av bompengane. 11. Klepp kommune tar initiativ til å sjå på taket på talet på bompasseringar og at dette vert sett ned, til dømes til 60 stk. per månad. Det er ein føresetnad at dette blir gjort for både Bymiljøpakken og Utbyggingspakke Jæren. 12. Innkrevjingstida bør setjast slik at Utbyggingspakke Jæren blir planlagt avslutta før eller samstundes med at Bymiljøpakken blir planlagt avslutta. 13. Fritak for traktorar gjeld òg dei som har leigejord på to sider av ein bom. Dei vedtekne prinsippa er utgreiia og det blir under gitt ei orientering om korleis desse er vurdert i arbeidet med grunnlaget for utbyggingspakke Jæren som no vert lagt fram til politisk behandling. 1. Hå kommune valgte å ikkje bli med i det vidare arbeidet. Utbyggingspakken vil difor gjelda Klepp og Time. 2. Det har vore forhandlingar med Bymiljøpakken om overføring av prosjektet fv. 505 Tverrforbindelsen Foss-Eikeland til E39 Bråstein. Det er no enighet om tidspunkt for overføring og sum som skal overførast. 3. Det har vore forhandlingar med Bymiljøpakken om fordeling av inntektene frå felles timesregel. Resultatet er at inntektene frå dei kjøretøya som passerer ein bomstasjon i begge pakkene blir delt 50/50 mellom pakkene. Avtalen trer i kraft når Utbyggingspakke Jæren kjem i drift. Fordelinga er basert på modellberekningar av kor mange kjøretøy som passerer bomstasjonar i begge pakkene. Det blir gjort ein justering av avtalen basert på oppdaterte modellberekningar kvart fjerde år. 4. Premissane for utbyggingspakken blir i samsvar med vedtak i prinsippavklaringa. Den einaste endringa er at det er lagt til grunn ein kortare innkrevjingsperiode. Det er no lagt til grunn at utbyggingspakke Jæren skal avsluttast samtidig som Bymiljøpakken. 5. Samansetning av prosjektporteføljen går fram av saksgrunnlaget som følgjer vedlagt denne saka. Alle trafikantgrupper vil nyta godt av tiltaka som er planlagt finansiert med midlar frå utbygingspakke Jæren. Det er ei fordeling av midlane på 70 % til vegtiltak og 30 % til gang og sykkelvegar, miljøtiltak, «park and ride» og trafikksikkerhetstiltak. 6. Dei ulike trasèvala for Fv. 505 Tverrforbindelsen blir konsekvensutgreia i fht. natur og miljø. Funn på desse områda blir sett opp i mot andre forhold i prosjektet, som funksjon og kostnader. Planprogrammet er revidert i samsvar med innspel frå Klepp og Time om at ein ønskjer mulighet for påkobling av omkjøringsvegen direkte på Tverrforbindelsen. Planprogrammet vert sendt på høyring rundt påske. Deretter blir det utarbeida ein kommundelplan der kommunane er planmyndighet. Dei trasèvala ein vurderer berører ikkje badeplassen «Fossen» direkte. 7. Driftsutgiftene inkluderer også finansieringskostnader. Det er eit ønskje om å realisera prosjekta tidleg i perioden, for å få størst mulig effekt av dei og fordi behovet er stort. Legg ein til grunn ein lengre investeringshorisont vil finansieringskostnadane gå ned. Det er også lagt inn ein buffer for at rentenivået kan stiga i løpet av perioden. Sjølve bomstasjonane er lagt inn med 3 mill. kroner årleg i drift. I dette er alle kostnader knytt til drift og forvaltning av bompengeinnkrevinga tatt med. Statens vegvesen venter på erfaringstal etter omlegging til nye system for å sjå om nivået vil bli lågare. Det er ikkje klart enno at ein kan leggja til grunn eit lågare tal, men det blir arbeidd målretta for å få ned desse kostnadane. 8. Det er utarbeidd ei prosjektportefølje som viser kva prosjekt som er planlagt finansiert med bompengane frå utbyggingspakke Jæren. Der er prosjekta lista opp i prioritert rekkefølge. Det kan komma justeringar i rekkefølgen på grunn av framdrifta på planarbeid for dei konkrete prosjekta. I tillegg til dei konkrete prosjekta er det sett av mindre summar til såkalla sekkeposttiltak. Det er trafikksikkerhetstiltak og miljøtiltak. Miljøtiltaka vil i hovudsak bli gjennomført i område der det blir utfordringar som følgje av omkjøring på bomfrie vegar. Sekkepostane kan aukast eller reduserast avhengig av kor mykje midlar det er tilgjengeleg. Det vert gjennomført reguleringsplanarbeid for dei ulike prosjekta. Prosjektet på fv. 44 er vesentleg redusert i omfang etter innspel frå Klepp og Time kommune. Revidert planprogram for prosjektet er venta oversendt kommunane i 2019. For omkjøringsvegen på Kverneland er det vedtatt kommunedelplan, så der blir neste fase detaljregulering. For Tverrforbindelsen vil planprogrammet bli justert, og det blir lagt til grunn for kommuneplan for prosjektet. Reguleringsarbeid og detaljprosjektering kan gjennomførast parallelt for dei store prosjekta for å spara tid. Fylkeskommunen vil leggja opp til ein slik framgangsmåte for å få realisert prosjekta raskast mogeleg. 9. Mogelegheit for etterskotsvis innkrevjing av bompengar når vegen er ferdig bygd er vurdert. Dette er ei løysing som ikkje er aktuell. Planlegging og bygging av dei største prosjekta som er omkjøringsveg Kverneland og Tverrforbindelsen vil ta fleire år. Verken kommunane eller fylkeskommunen har mulighet for å lånefinansiera desse investeringane. Etterskotsvis innkrevjing vil medføra at dei samla finansieringskostnadane for prosjekta aukar fordi ein ikkje får inntekter undervegs i byggeperioden. Det vil også medføra at ein ikkje kan avslutta innkrevjinga samstundes som innkrevjinga i Bymiljøpakken blir avslutta. 10. Klepp kommune vil innføra ei eiga ordning for småbarnsfamiliar som må passere ein bomstasjon mellom bustad og barnehage. Dette vil vera ei ordning som kommunen sjølv administrerer og det blir difor ikkje omtala i vedtaka i denne saka. Det vil bli utarbeidd kriterier for korleis ordninga skal praktiserast. Mellom anna vil kriteria vera knytt til at fritaket berre gjeld dei som får tildelt barnehageplass som medfører bomstasjonsplassering. Dei som eventuelt sjølv ønskjer ein barnehageplass på andre sida av ein bomstasjon, vil fritaket ikkje gjelda for. I praksis kan dette løysast gjennom redusert betaling av barnehageplass for dei det gjeld. Det er innført lignande ordning i Sola kommune. 11. Passeringstaket for Bymiljøpakken har vore drøfta i samband med reforhandlingane av byvekstavtalen. Sidan det ikkje er einigheit om noko ny avtale enno, er det ikkje nokon endring i passeringstak i bymiljøpakken. Det vert lagt til grunn at utbyggingspakke Jæren skal ha same passeringstak som Bymiljøpakken, og ei eventuell endring i bymiljøpakken før utbyggingspakke Jæren er endeleg vedteken vil bli innarbeida. 12. Innkrevjingstida er no sett lik som for Bymiljøpakken, jmf. kommentar til punkt 5. 13. Det er lagt inn i grunnlaget for pakken at fritak for traktorar for dei som eig jord på to sider av ein bomstasjon også skal gjelda dei som har leigejord. Det vil bli praktiset slik at når bonden søkjer fritak om å betale i ein gitt bomstasjon, så må han ha ein bekreftelse frå landbruksavdelingen på leigeforholdet. Utgreiingar På oppdrag for Rogaland fylkeskommune utarbeida kommunane Klepp, Time og Hå saman med Dimensjon Rådgivning eit strategidokument for hovudvegnettet på Jæren. Dokumentet var ferdigstilt i mai 2015 og er vedlagt saka. Hovudkonklusjonane i strategidokumentet var ei deling av trafikken aust og vest for Frøylandsvatnet for å unngå ei massiv utbygging av fv. 44. Vidare at omkøyringsveg om Kvernaland/Orstad og tverrsambandet frå Foss-Eikeland til Bråstein, burde sjåast i samanheng og prioriterast først i byggefasen. Saman med ei styrka satsing på kollektivtrafikk, miljøtiltak og fleire gang- og sykkelvegar er dette langt på veg innhaldet til Utbyggingspakke Jæren som er oversendt frå Rogaland fylkeskommune. Figurane under viser avstander og berekna køyretid
Recommended publications
  • KONSEKVENSUTREDNING Ny 420 Kv Seldalsheia – Stokkelandområdet, Ny Transformatorstasjon Og Omlegging Av 300 Kv Transmisjonsnett
    KONSEKVENSUTREDNING Ny 420 kV Seldalsheia – Stokkelandområdet, ny transformatorstasjon og omlegging av 300 kV transmisjonsnett OPPDRAGSGIVER Statnett SF EMNE Friluftsliv og nærmiljø DATO: 3. NOVEMBER 2016 DOKUMENTKODE: 128588-TVF-RAP-001 DEL 6 Med mindre annet er skriftlig avtalt, tilhører alle rettigheter til dette dokument Multiconsult. Innholdet – eller deler av det – må ikke benyttes til andre formål eller av andre enn det som fremgår av avtalen. Multiconsult har intet ansvar hvis dokumentet benyttes i strid med forutsetningene. Med mindre det er avtalt at dokumentet kan kopieres, kan dokumentet ikke kopieres uten tillatelse fra Multiconsult. Forsida: Eksisterende 300 kV kraftledning forbi Fagrafjell. Foto: P. Bernitz, Multiconsult. 128588-TVF-RAP-001 DEL 6 3. november 2016 Side 2 RAPPORT OPPDRAG Konsekvensutredning 420 kV Seldalsheia - DOKUMENTKODE 128588-TVF-RAP-001 Stokkelandområdet DEL 6 EMNE Friluftsliv og nærmiljø TILGJENGELIGHET Åpen OPPDRAGSGIVER Statnett SF OPPDRAGSLEDER Ragnhild Heimstad KONTAKTPERSON Maria Kløverød Lyngstad SAKSBEHANDLERE Randi Osen (ansvarlig utreder) og Ingrid Norén Bjørklund (KS) ANSVARLIG ENHET 1085 Multiconsult AS GENERELT Denne konsekvensutredningen består av flere deldokumenter. Dette dokumentet utgjør del 6 med konsekvensutredning for fagtema friluftsliv og nærmiljø. Se hoveddel (del 0) for beskrivelse av tiltaket, utbyggingsplanene, forholdet til offentlige planer, verneområder, overordna metodikk samt en oppsummering fra alle fagutredningene. Del 0: Hoveddel bakgrunn, utbyggingsplaner, forholdet til offentlige planer, verneområder og oppsummering alle fagtema Del 1: Landskap og INON Del 2: Kulturminner og kulturmiljø Del 3: Naturmangfold Del 4: Naturressurser Del 5: Forurensning vann og støy Del 6: Friluftsliv og nærmiljø Del 7: Reiseliv, verdiskaping og luftfart SAMMENDRAG For friluftslivet er det Fagrafjell transformatorstasjon som er vurdert å være det minst konfliktfylte alternativet blant selve stasjonene, med liten negativ konsekvens.
    [Show full text]
  • Bore Klepp Orre
    Menighetsbladet Nr.6 • Julen • 2010 • 43.årgang BORE KLEPP ORRE Eit år av ei anna verd En ny tid for pakkhuset på Klepp St. Omsorg for hverandre KLEPP KYRKJELEGE FELLESRÅD KLEPP KYRKJEKONTOR Besøksadresse: Kleppvarden 2, 4352 Kleppe Postadresse: Postboks 101, 4358 Kleppe Telefon: 51 78 95 55 Telefaks: 51 78 95 50 e-post: [email protected] e-post Menighetsbladet: [email protected] Heimeside: www.klepp.kyrkja.no KONTORTIDER Måndag - torsdag: 08.30 - 14.30 Fredag: 08.30 - 12.30 Elles etter avtale Organ for Klepp Prestegjeld. Kjem ut 6 gonger i året. Frøyland og Orstad kyrkjekontor: Besøksadresse: Orstadbakken 33, 4355 Kvernaland Redaksjonskomité: Postadresse: Postboks 43, 4356 Kvernaland Telefon: 52 97 31 50 Einar Egeland Heimeside: www.minkirke.no/fok Anne Håkonsholm Arvid Hareland Kontortider: Ingunn D. Aandal - kontaktperson Tysdag og torsdag: 09.00-12.00 Bore kyrkje 51 42 22 52 Layout: Linda Aanestad Soknerådet, Nikolai Homme 51 42 00 77 900 53 744 Forsidefoto: Einar Egeland Frøyland og Orstad kyrkjelyd Trykk: Olsson as Soknerådet, Sigve Klakegg 51 48 75 83 900 21 677 Postadresse: Klepp kyrkje 51 42 16 39 Soknerådet, Svein Olav Nesse 51 42 34 86 920 22 874 Menighetsbladet - Postboks 101 Orre kyrkje 51 42 23 46 - 4358 Kleppe Soknerådet, Bjørn Borgen 51 42 86 94 900 19 534 TELEFONLISTE ANSATTE: - Telefon: 51 78 95 55 - e-post: Namn Direktenummer Privat Kyrkjeverge, Johannes Byberg Sr. 51 78 95 60 915 89 325 [email protected] Sekretær, Ingunn D. Aandal 51 78 95 59 924 19 934 Sekretær, Kari Haavardsholm 51 78 95 55 992 66 752 Bankgiro: 3290.07.02239 Sokneprest, Andreas Haarr 51 78 95 51 977 16 339 Neste nummer kjem ut 3.
    [Show full text]
  • Forvaltningsplan for Lonavatnet Naturreservat
    Forvaltningsplan for Lonavatnet naturreservat Klepp og Sandnes kommunar, Rogaland Miljørapport nr. 5 - 2013 Desember 2013 Fylkesmannen i Rogaland Fylkesmannen i Rogaland Miljøvernavdelinga Miljørapport nr. 5 - 2013 Forvaltningsplan for Lonavatnet naturreservat, Klepp og Sandnes kommuner, Rogaland Forfattar(e): Fylkesmannen i Rogaland, miljø Rapportnr.: 5 - 2013 Dato: 14.12.2013 Prosjektansvarleg: Per Kristian Austbø Faggruppe: Områdevern Geografisk område: Rogaland Finansieringskjelde(r): Arkivnummer: 2010/4800 Miljøverndepartementet/Miljødirektoratet Tal sider: 50 Emneord: Lonavatnet naturreservat, vern, skjøtsel, ISSN: 0802-8427 bevaringsmål, forvaltningsplan, Ramsar, våtmark Samandrag: Lonavatnet naturreservat blei oppretta i 1996 som del av våtmarksvernet i Rogaland, med endra vedtak i 2008 (grensejusteringar). Vatnet er blant dei viktigaste våtmarksområda på Jæren, og har internasjonal status som Ramsar-område, som del-lokalitet innanfor Jæren våtmarkssystem. Det er eit viktig hekke-, trekk- og overvintringsområde for store mengder våtmarksfugl. Vegetasjon og anna dyreliv er dårleg kartlagt, men potensiale er stort. For å sikra vatnet og naturverdiane der, finst det vernereglar som styrar kva som er lov eller ikkje inne i naturreservatet. Forvaltningsplanen klargjer korleis vernereglane skal tolkast, vidare kva for bevaringsmål som forvaltninga skal legge til grunn i praktisk forvaltning, aktuelle skjøtselstiltak, formidling og informasjon. --------------- ---------------- ------------------------ Postadresse: Besøksadresse: Tlf :
    [Show full text]
  • Veidekke Industri AS, Avd Tullin Ree Planprogram Utvidelse Masseuttak
    Veidekke Industri AS, avd Tullin Ree Planprogram utvidelse masseuttak Søra Kalberg Utgave: 1 Dato: 10.06.2018 1 DOKUMENTINFORMASJON Oppdragsgiver: Veidekke Industri AS, Tullin Ree Rapporttittel: Planprogram masseuttak Søra Kalberg Utgave/dato: 1/ 10.06.2018 Filnavn: Planprogram Søra Kalberg.dox Arkiv ID Click here to enter text. Oppdrag: 612069-01–Tullin Ree - Planarbeid Oppdragsleder: Arild Byrkjedal/Ingrid Høymer Fossan Avdeling: Plan og urbanisme Fag Arealplanlegging Skrevet av: Ingrid Høymer Fossan/Patrick Langeland Kvalitetskontroll: Arild Byrkjedal Asplan Viak AS www.asplanviak.no Veidekke Industri AS, Tullin Ree Asplan Viak AS 2 FORORD Asplan Viak AS har blitt engasjert av Veidekke Industri AS for å utarbeide detaljregulering og konsekvensutredning for masseuttak på Søra Kalberg, helt nord i Time kommune, mellom Oshei og Figgjo i Sandnes kommune. Bent Ree har vært kontaktperson for oppdraget fra oppdragsgiver. Arild Byrkjedal, Ingrid Høymer Fossan og Patrick Langeland har deltatt i arbeidet med planprogrammet. Stavanger, 31.08.2018 Ingrid Høymer Fossan Arild Byrkjedal Oppdragsleder Kvalitetssikrer Veidekke Industri AS, Tullin Ree Asplan Viak AS 3 Innhold 1 Innledning ...................................................................................................................... 5 2 Formål med planarbeidet ................................................................................................ 5 2.1 Avklaring av plannivå .............................................................................................
    [Show full text]
  • 2 Store Eneboliger Med Fantastisk Utsikt Om Å Se Lyset
    BK 18 2 STORE ENEBOLIGER MED FANTASTISK UTSIKT OM Å SE LYSET Velkommen til Gjennom alle tider har kunstnere latt seg inspirere Klepp sin aller beste av lyset på Jæren. Og lyset over Orrevatnet og havet sørvestkant! Med er helt spesielt. panoramautsikt til Fra Kleppevarden vest kan du oppleve kontrastene. Orrevatnet, Nordsjøen Du kan nyte solglitter på Orrevatnet samtidig som og Kleppeloen har vi du ser dramatiske skyer vest i havet. Se hvordan to store prosjekterte skyene sprekker og sender kaskader av sol ned eneboliger for salg. mot vannet. Se hvordan de mørke skyene trekker En sjelden mulighet. bort og overlater arenaen til sol og blå himmel. Eller omvendt. Å oppleve elementene fra egen stue er reality-TV, slow-TV, rekreasjon og terapi - alt på en gang. Store vinduer i leilighetene åpner for lysende opplevelser. TO STORE ENEBOLIGER MED FANTASTISK UTSIKT På toppen av De attraktive eneboligene har en beliggenhet de fleste Kleppevarden vest, huskunder bare kan drømme om. Rett og slett fordi med fri utsikt og det ikke finnes mange flunkende nye eneboliger med sentral beliggenhet, utsikt til havet, tilknytning til et sol til sent på kveld, godt fungerende nabolag og et unikt turområde som kommer to moderne forlengelse av egen hage. eneboliger. Spennende arkitektur sammen med romslig innvendig løsning vil appellere til mange. Heldige er de to familiene som skal bo her. (Illustrasjon) 6 KLEPPEVARDEN | BK 18 KLEPPEVARDEN | BK 18 7 Kleppevarden er i ferd med å utvikle FLOTTESTE seg til en trivelig landsby. Boligene ligger tett, og det skaper nærhet og hyggelig nabokommunikasjon. Det OMRÅDET rause antallet møteplasser både for store og små ligger fordelt over hele Kleppevarden er i ferd området.
    [Show full text]
  • Menighetsbladet 1 - 2016
    MB menighetsbladet 1 - 2016 Det er fullført Johannes 19.30 KLEPP FRØYLAND OG ORSTAD ORRE BORE KLEPP KYRKJELEGE FELLESRÅD KLEPP KYRKJEKONTOR Besøksadresse: Kleppvarden 2, 4352 Kleppe Postadresse: Postboks 101, 4358 Kleppe Telefon: 51 78 95 55 Organ for Klepp Prestegjeld. Telefaks: 51 78 95 50 Kjem ut 4 gonger i året. e-post: [email protected] e-post Menighetsbladet: [email protected] Redaksjonskomité: Heimeside: www.klepp.kyrkja.no Anne Håkonsholm Hans Theis KONTORTIDER Elin Anita Garpestad Ingunn D. Aandal - kontaktperson Måndag - torsdag: 08.30 - 14.30 Fredag: 08.30 - 12.30 Layout: Linda Aanestad Elles etter avtale Trykk: Olsson as Frøyland og Orstad kyrkjekontor: Forsidebilde: Freeimages.com Dagleg leiar, Ingunn Matre 52 97 31 50 928 05 942 Driftsleiar, Geir Ådne Vestvik 52 97 31 54 928 56 689 Postadresse: Besøksadresse: Orstadbakken 33, 4355 Kvernaland Menighetsbladet Postadresse: Postboks 43, 4356 Kvernaland Telefon: 52 97 31 50 Postboks 101 Heimeside: www.fok.no 4358 Kleppe Bore kyrkjekontor Kontor Mobil Telefon: 51 78 95 55 Dagleg leiar, Olaug Slettbakk 905 38 480 936 59 296 Sokneprest, Ivan Fjeld 905 38 481 948 69 841 e-post: [email protected] Trusopplærar, Solfrid V. Skalvik 905 38 482 934 95 349 Organist, Beth Elin Byberg 905 38 483 990 21 968 Besøksadresse: Bjørkestubben 4 Bankgiro: 3290.07.02239 ___________________________________ TELEFONLISTE ANSATTE: Utgivelser 2016 Namn Direktenummer Mobil Kyrkjeverje, Dagbjørg Straume 51 78 95 60 959 65 273 med stoff-frist Sekretær, Ingunn D. Aandal 51 78
    [Show full text]
  • Official Naming in Hå, Klepp and Time
    B. Helleland, C.-E. Ore & S. Wikstrøm (eds.) Names and Identities, Oslo Studies in Language 4(2), 2012. 235–242. (ISSN 1890-9639) http://www.journals.uio.no/osla official naming in hå, klepp and time INGESÆRHEIM University of Stavanger abstract Toponyms localize, reflect and give information about historical traditions and various phenomena in an area. They form part of the local heritage and culture. The relationship between place names, heritage and identity is often underlined in guidelines regarding official naming of streets and roads. In what way is heritage and local identity reflected in the road names of the three municipalities Hå, Klepp and Time (Southwest-Norway), and how is the special character of this area expressed in the names? More than half of the official road names in the three municipalities are either identical with a local toponym, or they consist of a word for ‘road’ and a local toponym (or an appellative describing the location). This shows that there is a strong commitment to base the official naming on local tradi- tion and thus contribute to identity. Quite a few elements from the dialect, e.g. special pronunciation, grammatical forms or local words, appear in the names, especially in the road names from Hå, reflecting that the names are part of the local culture, and due to the fact that the dialect is unique. Consis- tency is a challenge, however; the same word is sometimes spelled in differ- ent ways in different names. It appears that, with some exceptions, cultural heritage and local tradition have been preferred principles and guidelines with regard to naming of roads in the three municipalities, due to a con- sciousness that heritage and tradition create identity.
    [Show full text]
  • Figgjoelva 1994
    Figgjoelva, Gjesdal-, Sandnes-, og Klepp kommune Figgjoelva byrjar i fjellområda i Gjesdal, medan den nedre delen av elva drenerer jordbruksområde på Jæren. Vasskvaliteten i elva er prega av jordebruksaktivitet, men er god med omsyn til pH og forsuring. Fangsten i elva plar ligge mellom 5 til 10 tonn i året, og det vert som regel registrert høge tettleikar av lakseungar i elva. 1994 STASJON DATO L 0+ L>0+ Ltot A 0+ A>0+ Atot 0+* Statoil* 24.05.94 (30) 13,4 53,1 0 0 0 10,8 Skjeveland 25.05.94 (3,2) 5,2 6,4 0 0 0 - Foss-Eikeland 25.05.94 5,7 32,0 37,6 (1,3) 2,6 (4,0) - Bråstein 26.05.94 0 17,4 17,4 0 6,3 6,3 - Sentrum* 27.05.94 0 17,8 17,8 0 4,6 4,6 0,8 TOTALT(*) mai. -94 (36) 14,9 20,2 (2,3) 2,0 2,5 1,4 *0+ ikkje artsbestemt KOMMENTAR Det var middels høge tettleikar av eldre laks i Figgjoelva, medan tettleikane av aure var heller låge. Det re generelt lite årsyngel, noko som truleg kjem av at elfisket fann stad tidleg på året (mai). Det vart berre fanga årsyngel på dei to nedre stasjonane. Fig. Figgjoelva, Figgjo sentrum (v.steintøyforretn.) 27.05.94 Lengdefordeling laks N 25 20 15 10 5 0 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 130 140 mm Fig. Figgjoelva, Figgjo sentrum (v. steintøyforretn.) 27.05.94 Lengdefordeling aure N 25 20 15 10 5 0 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 130 140 mm Fig.
    [Show full text]
  • Hilleknuten 1209 Startliste 20.08.2011
    Hilleknuten 1209 Startliste 20.08.2011 K 12 og yngre-mosjon Start nr. Navn Klubb Tid Brikkenr 735 Hilde Haugland Figgjo il 13:00:00 737 Eirin Onarheim NOTEAM 13:00:00 740 Vilde Handeland NOTEAM 13:00:00 Fullførte:0 Påmeldte:3 Startende: 3 K 12 og yngre Start nr. Navn Klubb Tid Brikkenr 669 Aina Angell-Olsen Fang 15:00:00 401 736 Idland Ingrid Figgjo 15:00:00 402 738 Marie Eide Roalkvam Skjalg 15:00:00 403 739 Helene Dreyer NOTEAM 15:00:00 404 741 Augusta Idland Figgjo il 15:00:00 405 742 Amalie Lutro Hafrsfjord sykkelklubb 15:00:00 406 743 Martine Lutro Hafrsfjord sykkelklubb 15:00:00 407 744 Linn Ravndal Gjesdal I.L 15:00:00 408 745 Eline Wiig Gjesdal il 15:00:00 409 746 Herborg Idland Figgjo il 15:00:00 410 747 Elisa Vestvik Edland Gjesdal il 15:00:00 411 Fullførte:0 Påmeldte:11 Startende: 11 M 12 og yngre-mosjon Start nr. Navn Klubb Tid Brikkenr 514 Gunnar Handeland NOTEAM 13:00:00 690 Ådne Jonsbråten NOTEAM 13:00:00 693 Simen Stølsnes Bryne fotballklubb 13:00:00 698 Jarl Christian Helgøy NOTEAM 13:00:00 703 Emil Anderson NOTEAM 13:00:00 704 Jostein Olai Helgøy NOTEAM 13:00:00 706 Martin Jonsbråten NOTEAM 13:00:00 Fullførte:0 Påmeldte:7 Startende: 7 M 12 og yngre Start nr. Navn Klubb Tid Brikkenr 688 Erik Dreyer NOTEAM 15:00:00 480 689 Torjus Idland Figgjo il 15:00:00 481 691 Thomas Ognedal NOTEAM 15:00:00 482 692 Ola Rønningen Kverneland ski 15:00:00 483 694 Daniel Kaale Svela BIL 15:00:00 484 695 Vegard Wiig Ganddal il 15:00:00 485 696 Andreas Granhøy-Lieng NOTEAM 15:00:00 486 eTiming Utskrevet:18.08.2011 17:05:11 Side:1 Sandnes IL Hilleknuten 1209 Startliste 20.08.2011 697 Tobias Kvalvik Hagen Norwegian 15:00:00 487 699 Lars Magnus Nybru Hommersåk IBK 15:00:00 488 700 Kevin Ramsfjell Gjesdal il 15:00:00 489 701 Per R.
    [Show full text]
  • Uttale - Høring Kommunedelplan E 39 Ålgård - Hove Og Deler Av Tverrforbindelsen Foss Eikeland
    Deres ref.: 12/2458 Vår dato: 02.05.2012 Vår ref.: 2012/4452 Arkivnr.: 421.3 Postadresse: Postboks 59 Sentrum, Gjesdal kommune 4001 Stavanger Rettedalen 1 Besøksadresse: 4330 Ålgård Lagårdsveien 44, Stavanger T: 51 56 87 00 F: 51 56 88 11 E: [email protected] www.fylkesmannen.no/rogaland Uttale - høring kommunedelplan E 39 Ålgård - Hove og deler av tverrforbindelsen Foss Eikeland Vi viser til forslag til kommunedelplan med konsekvensutredning (KU) mottatt av oss 23.02.12. Høringsfrist i saken er 20.04.12. Sandnes og Gjesdal kommune har gitt oss utsatt høringsfrist til 02.05.12. Vi gir likelydende uttalelser til begge de to kommunene Sandnes og Gjesdal. Vi viser til felles uttale fra oss og Rogaland fylkeskommune 22.03.10 til planprogrammet for kommunedelplaner for E39 Ålgård – Hove. Fylkesmannen, ved flere fagavdelinger, har 21.03.12 gjennomført befaring av enkeltområder og strekninger. Oppsummering: Fylkesmannen ser at det er sterke samfunnsinteresser i å sikre god framkommelighet og økt trafikksikkerhet for den aktuelle strekningen av E 39. Det er positivt alle alternativ for ny E 39 har som forutsetning at det etableres et sammenhengende gang- og sykkelvegnett mellom Ålgård og Sandnes. Ny E39 vil svekke kollektivtrafikkens konkurranse mot privatbilbruk. Måloppnåelsen i forhold til de oppsatte prosjektmål er uklar og til dels negativ, og i vesentlige grad i strid med nasjonale mål om redusert vekst i biltrafikken, reduserte klimautslipp, minimering av naturinngrep og omdisponering av matjord. Fylkesmannen stiller spørsmål ved deler av valgt vegstandard. Dette gjelder særlig de mest konfliktfulle delstrekningene med kryssløsninger ved Håland og Kongeparken samt strekningene som berører arealbruksinteresser av nasjonalverdi.
    [Show full text]
  • Klepp Bore Orre Frøyland Og Orstad
    MMBENIGHETS menighetsbladet 04 - 2017 bladet 4 - 2016 Sjå, Gud er mi frelse, Eg er trygg og fryktar ikkje. Jesaja 12.2 KLEPP KLEPP Det sanne lyset, FRØYLAND OG ORSTAD som lyser FRØYLAND OG ORSTAD for kvart menneske, ORRE kom no til verda. ORRE Johannes 1.9 BOREBORE KLEPP KYRKJELEGE FELLESRÅD KLEPP KYRKJEKONTOR Besøksadresse: Kleppevarden 2, 4352 Kleppe Postadresse: Postboks 101, 4358 Kleppe Telefon: 51 78 95 55 Organ for Klepp Prestegjeld. Telefaks: 51 78 95 50 Kjem ut 4 gonger i året. e-post: [email protected] e-post Menighetsbladet: [email protected] Redaksjonskomité: Heimeside: www.klepp.kyrkja.no Hans Theis Elin Anita Garpestad KONTORTIDER Ingunn D. Aandal - kontaktperson Astrid Voll Måndag - torsdag: 08.30 - 14.30 Fredag: 08.30 - 12.30 Layout: Linda Aanestad Elles etter avtale Trykk: Olsson as Frøyland og Orstad kyrkjekontor: Forsidebilde: Freepik.com Dagleg leiar, Ingunn Matre 928 05 942 Driftsleiar, Geir Ådne Vestvik 928 56 689 Postadresse: Menighetsbladet Besøksadresse: Orstadbakken 33, 4355 Kvernaland Postadresse: Postboks 43, 4356 Kvernaland Postboks 101 Heimeside: www.fok.no 4358 Kleppe Bore kyrkjekontor Kontor Mobil Telefon: 51 78 95 55 Dagleg leiar, Elin Anita Garpestad 905 38 480 951 44 099 Sokneprest, Ivan Fjeld 905 38 481 948 69 841 e-post: [email protected] Menighetspedagog, Solfrid V. Skalvik 905 38 482 934 95 349 Kantor, Bjørn Stornes 905 38 483 900 65 541 Trusopplærar, Johannes Voll 905 38 484 478 88 788 Ungdomsarbeider Marie Pallesen 975 22 992 Bankgiro: 3290.07.02239 ___________________________________ Besøksadresse: Bjørkestubben 4 TELEFONLISTE ANSATTE: Utgivelser i 2018 Namn Direktenummer Mobil Kyrkjeverje, Dagbjørg Straume 51 78 95 60 959 65 273 Nr Stoff-frist Utgivelse Sekretær, Ingunn D.
    [Show full text]
  • Figgjovassdraget
    SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Svein Oftedal Arkiv: K54 Arkivsaksnr.: 18/1498 - 26 Planlagt behandling: Hovudutval for samfunn og kultur PLAN FOR MILJØTILTAK - FIGGJOVASSDRAGET Vedlegg: Tiltaksplan for Figgjovassdraget Bakgrunn for saka I Forskrift for rammer for vannforvaltningen (Vassforskrifta) heiter det at tilstanden i overflatevatn skal beskyttast mot forringing, forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassforekomstane skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand. Miljømåla «god økologisk og god kjemisk tilstand er definert i vedlegg til vassforskrifta. For å følgje opp vassforskrifta er det gjort ei omfattande kartlegging av tilstanden i vassdraga dei siste åra. I Rogaland skjer dette i regi av Rogaland vannregion, og for Klepp sitt vedkomande Jæren vannområde. Der målsettinga om til «god økologisk og kjemisk tilstand» ikkje er oppfylt, er det nødvendig med ei kartlegging av kjeldene til at vassdraget ikkje oppfyller måla og ikkje minst kva tiltak som må til om måla skal nåast. For slike vassdrag er ein tiltaksplan eit godt arbeidsreiskap. Kommunane som ligg i nedbørsfeltet til Figgjoelva, Gjesdal, Sandnes, Time, Klepp og Sola, har difor ved hjelp av statleg finansiering fått utarbeidd ein tiltaksplan for vassdraget. Som eit forarbeid til planarbeidet blei det utført ei miljøregistrering på alle gardsbruk langs hovudstrengen i vassdraget. Her blei grunneigar besøkt på kvart bruk slik at informasjon om drift og ev påverknad på vassdraget kunne formidlast direkte. Tiltaksplanen er eit miljøfagleg grunnlag/innspel av kva som må til for å nå miljømåla for vassdraget. Difor har ikkje planen vore på nokon form for offentleg ettersyn. Prioritering opp mot andre samfunnsinteresser som landbruk, flomsikring osb ligg ikkje inne i planen, og må gjerast i annan samanheng.
    [Show full text]