Sakshandsamar: Vår dato Vår referanse Dag Endre Stedje - 57643150, E-post:
[email protected] 20.09.2016 2016/2542- /421.3 Oddgeir Aardal - 57643077, E-post:
[email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Anne C. F. Eide - 57643011, E-post:
[email protected] 30.06.2016 Arnt Erik Nordheim – 57643168, E-post:
[email protected] Selje kommune Kommunehuset 6740 Selje Fråsegn til offentleg ettersyn av arealdelen til kommuneplanen for Selje kommune, med framlegg til konsekvensutgreiing Vi viser til oversending innstempla her 30.06.2016, og til avtale om lenging av høyringsfristen til 20.09.2016. Oppsummering Det generelle inntrykket vårt er at det i all hovudsak er gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Den mest sentrale delen av kommuneplanrevisjonen gjeld bruken av overskotsmassar frå Stad skipstunnel, m.a. til nye store næringsområde på fylling i sjøen. Overskotsmassane er ein ressurs, og vi tolkar det slik at kommunen legg stor vekt på å bruke dei tilgjengelege massane til samfunnsnyttige formål. Vi stiller likevel spørsmål ved omfanget av, og storleiken på, nye fyllingsareal. Konsekvensutgreiinga som gjeld arealbruken basert på overskotsmassane er etter vår vurdering ikkje grundig nok. I planframlegget er det m.a. berre i liten grad gjort alternativvurderingar når det gjeld plasseringa av konkret arealbruk eller disponering av massane. I konsekvensutgreiinga elles synest vi det generelt er gjort mange gode vurderingar og tilrådingar, og vi ser det som positivt at fleire konfliktfylte innspel til endra arealbruk ikkje er tekne med i planframlegget. Fylkesmannen fremjar nokre motsegner mot planframlegget med konsekvensutgreiing. Fleire av motsegnene er knytte til manglande eller mangelfulle konsekvensutgreiingar, spesielt når det gjeld bruken av massane frå Stad skipstunnel.