Fylkesmannen Si Fråsegn

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Fylkesmannen Si Fråsegn Sakshandsamar: Vår dato Vår referanse Dag Endre Stedje - 57643150, E-post: [email protected] 20.09.2016 2016/2542- /421.3 Oddgeir Aardal - 57643077, E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Anne C. F. Eide - 57643011, E-post: [email protected] 30.06.2016 Arnt Erik Nordheim – 57643168, E-post: [email protected] Selje kommune Kommunehuset 6740 Selje Fråsegn til offentleg ettersyn av arealdelen til kommuneplanen for Selje kommune, med framlegg til konsekvensutgreiing Vi viser til oversending innstempla her 30.06.2016, og til avtale om lenging av høyringsfristen til 20.09.2016. Oppsummering Det generelle inntrykket vårt er at det i all hovudsak er gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Den mest sentrale delen av kommuneplanrevisjonen gjeld bruken av overskotsmassar frå Stad skipstunnel, m.a. til nye store næringsområde på fylling i sjøen. Overskotsmassane er ein ressurs, og vi tolkar det slik at kommunen legg stor vekt på å bruke dei tilgjengelege massane til samfunnsnyttige formål. Vi stiller likevel spørsmål ved omfanget av, og storleiken på, nye fyllingsareal. Konsekvensutgreiinga som gjeld arealbruken basert på overskotsmassane er etter vår vurdering ikkje grundig nok. I planframlegget er det m.a. berre i liten grad gjort alternativvurderingar når det gjeld plasseringa av konkret arealbruk eller disponering av massane. I konsekvensutgreiinga elles synest vi det generelt er gjort mange gode vurderingar og tilrådingar, og vi ser det som positivt at fleire konfliktfylte innspel til endra arealbruk ikkje er tekne med i planframlegget. Fylkesmannen fremjar nokre motsegner mot planframlegget med konsekvensutgreiing. Fleire av motsegnene er knytte til manglande eller mangelfulle konsekvensutgreiingar, spesielt når det gjeld bruken av massane frå Stad skipstunnel. I andre område fører arealbruk eller manglande krav i føresegnene til konfliktar med nasjonale eller viktige regionale interesser. Dette gjeld først og fremst konfliktar med strandsonevernet, jordvernet eller viktige naturverdiar. Motsegner og tilrådingar er utheva med feit skrift i fråsegna. For nokre område tek vi atterhald om bruk av motsegn på reguleringsplannivå . Når kommunen har gjort naudsynte tilleggsutgreiingar og avklaringar som m.a. gjeld bruken av overskotsmassane frå Stad skipstunnel, og det nærmar seg andre gongs offentleg ettersyn av planen, ser vi det som føremålstenleg med eit møte. Fylkesmannen vonar at vi gjennom god dialog med kommunen vil kome til semje om motsegnene slik at kommunen raskare kjem i mål med dette viktige planarbeidet. 1 Innleiande merknader Det generelle inntrykket vårt er at det i all hovudsak er gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Den mest sentrale delen av kommuneplanrevisjonen gjeld bruken av overskotsmassar frå Stad skipstunnel. Denne delen av planen er, slik vi vurderer det, Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/20 ikkje grundig nok med tanke på at det i liten grad er gjort alternativvurderingar når det gjeld plasseringa eller bruken av massane. I merknadene våre under pkt. 1 Konsekvensutgreiinga og pkt. 4.1 Arealbruk basert på massar frå Stad skipstunnel, presiserer vi dette nærare. Av planomtalen går det fram at det totalt kom inn 339 innspel/arealforslag til ny kommuneplan. Gjennom ei grovsiling i kommunen vart talet innspel redusert til 274, dvs. at 65 innspel vart avviste. I konsekvensutgreiinga av dei attverande innspela om ny arealbruk er også mange innspel frårådde og ikkje tekne med i planframlegget. Kommunen har altså gjennomført ei prioritering/siling av innspel i planprosessen. Vi ser det som positivt at fleire av dei dei mest konfliktfylte innspela til endra arealbruk er luka ut, men vi meiner at planframlegget framleis har med arealbruk som kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser innafor Fylkesmannen sine ansvarsområde. 2 Konsekvensutgreiinga Planprogrammet for kommuneplanen sin arealdel omhandlar ikkje eit av dei viktigaste fokusområda i planarbeidet, dvs. bruken av overskotsmassane frå Stad skipstunnel. I det vedtekne planprogrammet er det etter høyringa teke inn tekst frå samfunnsdelen som omhandlar overordna strategi for arealbruk. Her står det m.a.: "Fokus på næringslivet sitt behov for areal til ulike føremål" og "Stad skipstunnel - arealbehov og masseplassering for framtidsretta utvikling". Sett i lys av dei omfattande planane for bruk av tunnelmassen er planprogrammet klart mangelfullt på dette området. Planprogrammet burde hatt med strategiar og alternativ for handtering av overskotsmassane frå Stad skipstunnel. Merknadene våre med vurderingar av manglane ved konsekvensutgreiinga som gjeld bruken av overskotsmassane frå Stad skipstunnel, kjem fram under pkt. 4.1 under. Når det gjeld konsekvensutgreiinga elles er den ryddig og oversiktleg, med i all hovudsak klargjerande vurderingar av verknader og utfyllande samla vurdering/konklusjon for kvart delområde som er vurdert. For mange av delområda er fleire utbyggingsområde/enkeltområde vurderte samla. For ein del av desse delområda er ikkje verknadene av alle utbyggingsområda vurderte, og det er vanskeleg å sjå kva som ligg bak fastsetjing av konsekvensgraden for fleire av delområda (t.d. s. 9-10, s. 128). For dei delområda som omfattar ulike utbyggingsføremål, kunne det vore enklare å tolke verknadene for kvart enkelt utbyggingsområde dersom dei hadde vore vurderte kvar for seg. Slik konsekvens- utgreiinga er utforma meiner vi difor at den ikkje fullt ut oppfyller lovkravet om at det skal gjerast vurderingar av nye enkeltområde. Gode og utfyllande vurderingar og tilrådingar i "samla vurdering og konklusjon" kompenserer noko mangelfull vurdering av fleire av dei einskilde byggjeområda. Sjølv om vi ikkje kommenterer fastsettinga av verdi og konsekvens for enkeltområde og -tema, meiner vi at konsekvensen/konfliktgraden for arealbruk i strandsona (tema nærmiljø og friluftsliv, landskap og naturmangfald) i ein del tilfelle er sett for lågt. Dette gjeld spesielt dei byggjeområda der det ikkje er registrert spesielle interesser. Her meiner vi at det ikkje er lagt nok vekt på at 100- metersbeltet langs sjøen generelt har stor verdi for m.a. friluftsliv, naturmiljø og landskap og at det er klare nasjonale og regionale føringar for forvaltning av strandsona (jf. m.a. dei statlege planretningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen). I konsekvensutgreiinga er den samla verknaden av planframlegget vurdert. Naturmangfaldlova (nml.) set sterkare krav til vurderingar av tema som t.d. biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Etter det vi kan sjå er ikkje arealbruken vurdert opp mot naturmangfaldlova og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12. I arealdelen til kommuneplanen er vurderingar etter naturmangfaldlova aktuelt både for enkeltområde og for planen samla. Vi ser det her som viktig at vurderingar av "samla belastning" (jf. nml. § 10) er med i konsekvensutgreiinga, og at det vert gjort FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/20 konkrete vurderingar av konsekvensar for naturmangfaldet. Den vurderinga som er gjort av planen sin samla verknad for naturmangfald er etter vår vurdering noko mangelfull. Vi føreset at det i konsekvensutgreiinga/avgjerdsgrunnlaget vert innarbeidd vurderingar etter dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12, både for byggjeområde som kan virke inn på registrerte naturverdiar og for planen sin samla verknad (jf. samla belastning, nml. § 10) før planvedtak. Lova set krav om dette. Vi føreset at slike vurderingar etter naturmangfaldlova vert innarbeidde i konsekvensutgreiinga før 2. gongs offentleg ettersyn av planen. For noverande/eksisterande byggjeområde som gir rom for vidare utbygging, er det krav om konsekvensutgreiing. I den grad det er aktuelt må konsekvensutgreiinga oppdaterast på dette området. 3 Planjuridiske merknader Fylkesmannen vil som hovudregel berre påpeike juridiske feil og manglar i eit planframlegg dersom vi vurderer at dette kan hindre at vesentlege regionale eller nasjonale interesser vert ivaretekne. Juridiske merknader ut over dette gir vi som råd og rettleiingar. Kommunen er sjølv ansvarleg for at innhaldet i kommunale planar er lovleg. Fylkesmannen legg til grunn at eventuelle planføresegner som ikkje har heimel i lov, vert rekna som retningslinjer utan rettsverknad, eller som rein informasjon. I pkt. 1.3.1 er det fastsett plankrav for alle byggjeføremål. Plankravet inntreff ved alle tiltak som er omfatta av plan- og bygningslova (pbl.) § 20-1. Vi gjer merksam på at § 20-1 etter lovendringa 01.07.2015 også inkluderer tiltak som er unnateke søknadsplikt. Dersom plankravet i pkt. 1.3.1 berre er meint å omfatte søknadspliktige tiltak etter pbl. § 20-2, og frådeling til slike føremål, bør ordlyden oppdaterast i samsvar med dette. Unntak frå plankrav, jf. pkt. 1.3.2, føreset at det er gjeve føresegner om utbyggingsvolum og uteareal, jf. pbl. § 11-10 nr. 1. For oversikts skuld kan det i pkt. 1.3.2 siste setning visast til dei relevante punkta i kommuneplanen, der slike krav går fram. Vi gjer merksam på at pkt. 2.3 (BFR) oppgjev utnyttingsgrad i %BYA, men manglar fastsetting av tomtestorleik. Føresegner om utnyttingsgrad/-volum
Recommended publications
  • Nordfjordtravelguide 2013
    Nordfjord TRAVELGUIDE 2013 Stryn-Hornindal-Gloppen-Eid-Vågsøy-Selje nordfjord.no Breng © O.J. Tveitk WELCOME TO NORDFJORD Short distances – big experiences Contents Lots of exciting activities Tourist information .....................................................2 Nordfjord is the destination for you if The tourist information staff can provide Transport ...............................................................................3 you are looking for an active holiday. In a information about activities, attractions, Scenic highlights ..........................................................5 magnificent, varied landscape between gla- events and accommodation. Hiking ......................................................................................6 ciers, fjords and the ocean, you can enjoy We also sell postcards, books and walking Outdoor Adventures ..............................................10 mountain walks, coastal walks, boat trips, maps. Bikes can also be hired in Stryn. kayaking, fishing, horse riding in fjord horse Culture ..................................................................................14 country, and lots more. Waymarked trails Shopping .............................................................................17 guide you to impressive mountain summits, Events ..................................................................................19 idyllic summer pasture farms, lush valleys Ski & Winter ...................................................................20 and a distinctive coastal
    [Show full text]
  • Norsk Geologisk Tidsskrift by M.A. Lappin
    NORSK GEOLOGISK TIDSSKRIFT THE FIELD RELATIONSHIPS OF BASIC AND ULTRABASIC MASSES IN THE BASAL GNEISS COMPLEX OF STADLANDET AND ALMKLOVDALEN, NORDFJORD, SOUTHWESTERN NORWAY BY M.A. LAPPIN {Department of Geology, The University, Newcastle upon Tyne, England1) Abstract. The field occurrence of hornblende gneisses and garnet amphibo­ lites, eclogites, anorthosites, and dunit�s with garnetiferous and eclogitic layers is described. The hornblende gneisses and garnet amphibolites are thought to be the normal basic members of the gneiss complex and reflect its grade of me­ tamorphism. The other basic and ultrabasic rocks are foreign to the gneiss com­ plex and are probably solid introductions. These masses form lenses of varying size within the gneisses. The gneisses belong to the alm_andine amphibolite facies and have a complex tectonic history, having been folded three or four times in the Caledonian orogeny. Metamorphic or metasomatic events are corre­ lated, in so far as is possible, with various structm:al events. The relationships in time of the basic and ultra basic rocks are deciphered from their relationships to these structural and metamorphic events and from mutual contacts between various rock types. It is suggested that the eclogites in the gneiss were intro­ duced at a relatively early stage in the tectonic history and have since been boudined. The dunites with eclogitic layers on the other hand are late and lie in a cross-cutting shear zone. The anorthosites are tentatively placed in an inter­ mediate position. The eclogites, dunites, and anorthosites are thought to be derived from deep crust or from mantle materials. TABLE OF CONTENTS Page Abstract ..
    [Show full text]
  • Sogn Og Fjordane (738.9Kb)
    SOGN OG FJORDANE SF-A ASKVOLL ................................................................................................................... FARKOSTENS LENGDE BRED BR.TONN k& MOTOR EIER (DEN KORRESPONDERENDE REDER) NUMMER OG NAVN M. M. I 11 ÅR HK. NAVN OG POSTADRESSE SOGN OG FJORDANE SF-A ASKVOLL 0002 PALANDER XALS0Y HÅVARD, 6987 BULANDET 0003 KANNA THISTEL REIDAR, 6987 BULANDET 0004 TOR NORHEIM ARVE DAN, 6987 BULANDET 0005 NYBLOM BLOM ARNE, 6986 VÆRLANDET 0006 SJIZNÆR PARTREDERIET SJWÆR ANS P/R, 6987 BULANDET 0007 SETTE MARI HEGGØY AS, 6982 HOLMEDAL 0008 UREDD GRIMELID JONNY STIG, 6980 ASKVOLL 0012 HILDUR HILLERS0Y FINN OVE, 6987 BULANDET 0013 PRINS KJEMPENES ARVE MODOLF, 6986 V-ET 0014 FIX HALSBY HÅVARD, 6987 BULANDET 0015 BULENDING PARTREDERIET SJØVÆt? ANS P/R, 6987 BULANDET 0016 EKKO TISTEL LEIF, 6987 BULANDET 0019 ROALD AMUNDSEN SUND NILS, 6983 KVAMMEN 0021 JAREN NORHEIM ARVE DAN, 6987 BULANDET 0023 STOP5Y PR ATL0YBUEN P/R, 6985 ATLØY 0025 KATO HUG0Y TOROLF, 6985 ATL0Y 0026 ALLS0Y ALIS0Y DAGFINN, 6987 BULANDET 0027 ELISE MJASET STIG ROALD, 6985 ATL0Y 0028 GLIMTEN HILLERS0Y ATLE, 6987 BULANDET 0031 SMARTEN HILLERSW ODDBJØRN, 6987 BULANDET 0036 REBEKKA THISTEL ØWIND BERNT, 6987 BULANDET 0037 FRODE HEGG0Y ERLING, 6985 ATLW 0038 HAVRO LAND0Y MAGNAR A, 6986 VÆRLANDET 0039 NADIA LAND0Y KNUT MAGNUS, 6985 ATL0Y 0040 FISK TISTEL LEIF, 6987 BULANDET 0041 SIGLAR KJWENES STEINAR, 6987 BULANDET 0042 SUNDABUEN SUND ERLING P/R, 6985 ATL0Y 0045 VEN1 THISTEL RUNE, 6987 BULANDET 0046 ODD KALV0Y JOHANNES, 6 986 VEULANDET 0048 SJARKEN NAUSTDAL EINAR,
    [Show full text]
  • Kommunedelplan for Kulturarven I Selje Kommune 2019-2029
    Kommunedelplan for kulturarven i Selje kommune 2019-2029 Foto: Thomas Bichardt Kommunestyret 9. oktober 2019 Saks nr. 19/5114 Dato: 9. oktober 2019 Versjon 1:01 FORORD Selje kommune har ei rik kulturhistorie. Her Selje kommune har i planarbeidet hatt møte i er kulturlandskap som er så verdifulle at dei er bygdene for å få informasjon om viktige nasjonalt utvalde. Vi har klosterruinane på kulturminne i den enkelte bygda, og i planen Selja og legenda om St. Sunniva. Her finn vi har bygdene fått sine eigne kapittel der dei første offentlege vegane i Sogn og utvalde kulturminne i bygda er omtala. Fjordane, og vi har ei rikhaldig krigshistorie. Kommunedelplanen for kulturarven er den For ikkje å gløyme historier knytte til livet her første som er laga i Selje kommune. Mykje er på den vêrharde Stadhalvøya. omtala, men den grundige omtalen av det Kommunedelplanen for kulturarven har som enkelte kulturminnet vil du ikkje finne her. mål å synleggjere dei kulturminna vi har i Planen inneheld også ein handlingsdel som kommunen og gje dei merksemd. Slik kan alle viser korleis ein skal arbeide vidare med å innbyggjarane i Selje få litt meir kunnskap om kartlegge, synleggjere og sikre kulturminna. historia kulturarven fortel oss. Til fleire som ser verdien kulturminna har som vår felles arv Kommunedelplanen skal reviderast jamleg, og og identitet, til fleire vil bidra med å ta vare på planen sin handlingsdel skal rullerast årleg. I kulturminna og sikre dei for framtidige arbeidet med oppfølging av planen vil generasjonar. kommunen samarbeide vidare med lag og organisasjonar. Kulturarven er ikkje berre dei fysiske monumenta og stadane vi ser.
    [Show full text]
  • Vestland 01.04.20
    Frakttabell Vestland 01.04.20 Lager Fabrikk / Hovedkontor Rolf Knarvik Transport AS Skarpnes AS Kolskogheiane 12 Industriveien 11 5200 OS N-4879 GRIMSTAD Åpningstid 08,00-16,00 Åpningstid: 07-16 TLF: 37 25 88 00 +47 37 25 88 00 Direkte tlf 982 59340/ Rolf [email protected] MAIL: [email protected] FRAKTTABELL FOR VESTLAND GYLDIG FRA 01.04.20 (KUN VED HENTING) Ved henting i Os 1,40 Ved henting på Måløy 1, 55 FRAKTER OG OPPLØFT (BOMPENGER ER INKLUDERT) SONE 140 Se kart og postnr tabell 2,60 SONE 141 Se kart og postnr tabell 2,80 SONE 142 Se kart og postnr tabell 3,05 SONE 143 Se kart og postnr tabell 3,95 OPPLØFT 1,05 DIVERSE TILLEGG Til lager Minstefrakt 450,- Til byggeplass Minstefrakt 1400,- Ferje Ved kjøring med ferje beregnes et ventetillegg. 915,- NB ! Billett kommer i tillegg Venting/timepris Ved mye venting/tidsforbruk på byggeplass beregnes et timetillegg 915,- på Ekstra stor kran Timepris etter type kranbil som rekvireres Palleretur Ved retur av paller, kontakt ordre kontor: 37 25 88 00 eller [email protected]. Bomavgift tunnel / broer over kr. 200,- kommer tillegg. ✓ Frakt og oppløft beregnes pr. enhet i betong og tegl. ✓ Vanlig variasjon i leveringstidspunkt er +/- 2 timer, og vi fraskriver oss erstatningsplikt ✓ Ved oppløft regner vi med minst to mann på innenfor disse rammer. tak, og at de tar imot minst 1 100 stein i timen, ellers beregnes timepris ✓ Utsettelse av levering senere enn 3 dager før levering må avtales i hvert enkelt tilfelle. ✓ Paller anføres ikke – tilhører Skarpnes.
    [Show full text]
  • Residential Excursion to Norway
    Residential Excursion to Norway Day 1 Saturday 22nd June – Subducting Baltica & Eclogite Extravaganza! Reporter K. Braun The day began with an introduction to the local geology at Selje Church Car Park. Bergen to Trondheim is essentially one big lump of gneiss that is referred to in geological literature as the Western Gneiss Complex, WGC (also referred to as the Western Gneiss Region, WGR). The Western Gneiss Complex exposes the roots of the Scandinavian Caledonian mountain belt. Rock types include large ultramafic to mafic and acid intrusive bodies that have been modified to orthogneisses with bands and lenses of paragneisses including high- pressure (HP) and ultra-high-pressure (UHP) rocks such as eclogites, garnet pyroxenites and garnet peridotites. Locality 1 – Shoreline @ Selje Church The Norwegian gneiss is exposed at this locality, which consists of about 50% plagioclase feldspar, 10 to 30% quartz plus biotite and muscovite micas. The Norwegian gneiss is foliated with mica poor and mica rich layering. Most of these gneissose rocks were once igneous granites that have later been subject to flattening and/or shearing. The effect of buoyancy, vertical flattening, shearing and thrusting has caused the rocks to flatten and thin and the alignment of minerals that are platy or rod shaped. In some instances, these rocks have partially melted, indicating temperatures of 700 Celsius or more. The combination of melting and shearing, led to the formation of anisotropic layering into mica rich layers and mica poor layers. Pink pods are present, which are evidence of an augen gneiss. The presence of augen gneiss about the strain pattern in the rocks.
    [Show full text]
  • MÅL OG STRATEGIAR HANDLINGSPROGRAM MÅL OGBUDSJETT STRATEGIAR 2010 INVESTERINGSPROGRAM 1 BUDSJETT 2010 Innhald 1
    HANDLINGSPROGRAM FOR FYLKESVEGNETTET 2010 – 2013 (19) Handlingsprogram fylkesvegnettet 2010 – 2013 (19) MÅL OG STRATEGIAR HANDLINGSPROGRAM MÅL OGBUDSJETT STRATEGIAR 2010 INVESTERINGSPROGRAM 1 BUDSJETT 2010 Innhald 1. Innleiing ............................................................................................................................4 2. Nasjonale mål....................................................................................................................4 2.1 Mål og hovudprioriteringar ................................................................................................ 4 2.2 Økonomiske rammer......................................................................................................... 6 2.2.1 Fylkesfordeling av drift og vedlikehald ........................................................................ 6 2.2.2 Fylkesfordeling av investeringsmidlar.......................................................................... 7 2.2.3 Nasjonale turistvegar................................................................................................... 7 3 Regionale mål/føringar .....................................................................................................7 3.1 Fylkesplanen ...................................................................................................................... 7 3.2 Fylkesdelplan for klima og miljø ........................................................................................ 7 3.3 Universell utforming.........................................................................................................
    [Show full text]
  • Føresegner, Rev. D.Pdf
    2017-2029 Føresegner til kommuneplanen sin arealdel Selje kommune Plan og utvikling 2017-2029 Innhald 1. Generelle føresegner ........................................................................................................... 4 1.1 Rettsverknad (pbl § 11-6) ........................................................................................................ 4 1.2 Forhold til gjeldande reguleringsplanar ................................................................................ 4 1.2.1 Planar som blir vidareført ................................................................................................. 4 1.2.2 Planar som blir oppheva eller endra .............................................................................. 6 1.3 Plankrav (pbl § 11-9) ................................................................................................................. 8 1.3.1 Detaljregulering og/ områdeplan ................................................................................... 8 1.3.2 Utbygging utan krav om regulering ............................................................................... 9 1.4 Krav til utbyggingsrekkefølgje, infrastruktur, og undersøkingar ...................................... 9 1.4.1 Krav til infrastruktur (pbl §11-9, nr 3) ............................................................................. 9 1.4.2 Utbyggingsrekkefølgje (pbl §11-9, nr 4) ...................................................................... 10 1.4.3 Krav om nærare undersøkingar og søknadsplikt (pbl §11-9,
    [Show full text]
  • Flatraket, Presentasjon Av Kystbygda
    Flatraket, presentasjon av kystbygda www.flatraket.no – logo 1 – Bilde av bygda Flatraket tatt fra utkanten av Gangeskaregga / Nakkjen. Min kone (Sølvi M. Rasmussen) er fra bygda Flatraket. Etter å ha vært med henne på ferie til Flatraket flere ganger ble jeg, Bjørn Roger Rasmussen, fasinert av plassen og ikke minst naturen som omkranser bygda. Fra og med 1. mai 2014 har vi valgt å flytte til bygda, dvs. vi er nå altså innbyggere / fastboende på Flatraket. Underveis under min “oppdagelse” av Flatraket fikk jeg lyst til å legge ut en aldri så liten presentasjon av Flatraket på nettet. Sommeren 2007 ble første versjon lagt ut, og i etterkant har jeg mange ganger “flikket”, endret og forbedret presentasjonen. Min presentasjon er skrevet på bokmål selv om skriftspråket i Stad kommune (Selje) er nynorsk. Da et bilde som kjent sier mer enn 1000 ord er det naturlig med en del bilder i presentasjonen. Kollasj 2017 FlatraketI Bygda Flatraket ligger i Stad kommune i nordre del av Vestland fylke, Norge (tidligere Selje kommune, Sogn og Fjordane). Flatraket og Ytre Stad / Selje ligger ytterst nordvest i Nordfjordregionen (ytre Nordfjord). Bygdas nærmeste tettsteder er Selje (30 km) og Måløy (16 km) i Kinn kommune (tidligere Vågsøy kommune). Som jeg senere kommer inn på har bygda noe over 300 innbyggere. I forbindelse med kommunereformen ble tidligere Selje kommune og Eid kommune slått samme til Stad kommune fra og med 1. januar 2020. Bygda Flatraket ble en del av den nye kommunen Stad. Den “tidligere” nabokommunen Vågsøy ble fra samme dato slått sammen med Flora kommune til Kinn kommune.
    [Show full text]
  • Vedlegg 2 Selje-Bremangerlandet, Fagtema-Kart
    Vedlegg 2: Selje-Bremangerlandet, fagtema-kart - Biologisk mangfald - Fisk og fiske - Fossar og fjordlandskap - Friluftsliv - INON - Kulturlandskap - Kulturminne og –miljø - Kvartærgeologiske førekomstar - Reiseliv - Sårbare område - Vasskraftpotensial Selje-Bremangerlandet - biologisk mangfald N X Raudliste- og ansvarsartar Naturtypar V A Nasjonal verdi 2 Regional verdi S Bekkekløfter, aktuelle for kartlegging !; undersøkingar i 2009 !; ikkje prioritert per i dag Dalsbøen Hoddevika Stadlandet Indre Fure Selje Kråkenesvatnet Refvika Vågsøy Maurstadelva Allmenningen Bortnedalen Bremanger 0 5 10 20 30 km Ålfotbreen Selje-Bremangerlandet - fisk og fiske Storaurevatn N Laksevassdrag V A Bestandsstatus laks (2007): k" Tapt 2 k" Truga S k" Sårbar Ervikelva k" Redusert k" Moderat/lite påverka k" Ikkje sjølvreprod. Sjøaurevassdrag X m/ registrerte vandringshinder Bortneelva Riseelva Indrehuselva 0 5 10 20 30 km Selje-Bremanger - fossar og fjordlandskap 2 Fjordlandskap (inkl. innsjøar > 7 km ) Vanylvsgapet Nasjonal verdi Vanylvsgapet Regional verdi Stålet Landskapselement: Fossar Indre Honningsvågen Stad Kjerringa Vassføring Eltvika Råke !k Naturleg Ervika Tungevågen Borgund k Dalsbøen ! Redusert Hoddevika Langedalen !k Tørrlagd Leikanger Sande Ytre Fure Indre FureDrage Vanylvsfjorden Sildegapet Selje Sandvika Liset Årsheim Selja Tunål Skongenes Selje Kråkeneset SaltMoldefjorden Vedvika Mehuken Barmøya Eide Silda Hals Berstad Store Kjøde Vågsøy Kvalheimsvika Flatraket Nordpollen Raudeberg Flister Færestranda Nave Klovningen Rimstad Vågsvåg Måløy
    [Show full text]
  • Discrete Ultrahigh-Pressure Domains in the Western Gneiss Region, Norway: Implications for Formation and Exhumation
    J. metamorphic Geol., 2005, 23, 45–61 doi:10.1111/j.1525-1314.2005.00561.x Discrete ultrahigh-pressure domains in the Western Gneiss Region, Norway: implications for formation and exhumation D. B. ROOT1 ,B.R.HACKER1 ,P.B.GANS1 ,M.N.DUCEA2 ,E.A.EIDE3 AND J. L. MOSENFELDER4 1Department of Geological Sciences, UC Santa Barbara, Santa Barbara, CA 93106, USA ([email protected]) 2Department of Geosciences, University of Arizona, Tucson, AZ 85721, USA 3Geological Survey of Norway, Leiv Erikssons vei 39, 7491 Trondheim, Norway 4Division of Geological and Planetary Sciences, California Institute of Technology, Pasadena, CA 91125, USA ABSTRACT New eclogite localities and new 40Ar/39Ar ages within the Western Gneiss Region of Norway define three discrete ultrahigh-pressure (UHP) domains that are separated by distinctly lower pressure, eclogite facies rocks. The sizes of the UHP domains range from c. 2500 to 100 km2; if the UHP culminations are part of a continuous sheet at depth, the Western Gneiss Region UHP terrane has minimum dimensions of c. 165 · 50 · 5 km. 40Ar/39Ar mica and K-feldspar ages show that this outcrop pattern is the result of gentle regional-scale folding younger than 380 Ma, and possibly 335 Ma.The UHP and intervening high-pressure (HP) domains are composed of eclogite-bearing orthogneiss basement overlain by eclogite-bearing allochthons. The allochthons are dominated by garnet amphibolite and pelitic schist with minor quartzite, carbonate, calc-silicate, peridotite, and eclogite. Sm/Nd core and rim ages of 992 and 894 Ma from a 15-cm garnet indicate local preservation of Precambrian metamorphism within the allochthons.
    [Show full text]
  • Eclogites in Quartzo-Feldspathic Gneisses of Nordfjord, West Norway
    ECLOGITES IN QUARTZO-FELDSPATHIC GNEISSES OF NORDFJORD, WEST NORWAY INGE BRYHNI, HALDIS J. BOLUNGBERG AND PER-REIDAR GRAFF Mineralogisk-Geologisk Museum, Oslo, Norway.- Mineralogisk Museum, Copenhagen, Denmark.- Norges Geologiske Undersökelse, Trondheim, Norway BRYHNI, J., BOLLINGBERG, H. J., & GRAFF, P.-R. 1968: Edogites in quartzo-feldspathic gneisses of Nordfjord, West Norway. Norsk Geologisk Tidsskri/t, Vol. 49, pp. 193-225. Oslo 1969. Edogites in quartzo-feldspathic gneisses of Nordfjord are similar to the oceanic tholeiitesin their low content of titanium, ferric iron, potassium, and phosphorus. The chemical composition of the eclogites varies, how­ ever, within wide limits, and it is probable that alterations of bulk chemical compositions have taken place if the eclogites were indeed formed by transformations from other basic rocks. The garnets contain 36-50% Alm, 0.4-1.9% Spess, 23-43% Py, 0.3-2.1% And, and 13-25% Gross. Clinopyroxenes contain 3-9% Ac, 23-42% Jd, 8-13% Tsch, 3-7% Hd, and 38-56% Di. Titanium, nickel, chromium, and strontium are concentrated in dino­ pyroxene relative to garnet, while cobalt, manganese, scandium, and zirconium are relatively concentrated in garnet. Eclogites from gneiss of Nordfjord differ from the eclogites endosed in ultrabasites of Sunnmöre both in bulk chemistry, composition of garnet and clinopyroxene, and in the partition of elements between garnet and dinopyroxene. The ultrabashes occur in leetonised zones and might represent rocks which are tectonically emplaced, but the eclogites enclo3ed in gneiss are Iikely to be original crustal rocks. They occur as disrupted layers or boudins in paragneiss in harmony with a formation from dry basic igneous and sedimentary rocks endosed in a thick geosynclinal pile of supracrustals which were rapidly buckled down to great depths and metamorphosed there.
    [Show full text]