Fylkesmannen Si Fråsegn

Fylkesmannen Si Fråsegn

Sakshandsamar: Vår dato Vår referanse Dag Endre Stedje - 57643150, E-post: [email protected] 20.09.2016 2016/2542- /421.3 Oddgeir Aardal - 57643077, E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Anne C. F. Eide - 57643011, E-post: [email protected] 30.06.2016 Arnt Erik Nordheim – 57643168, E-post: [email protected] Selje kommune Kommunehuset 6740 Selje Fråsegn til offentleg ettersyn av arealdelen til kommuneplanen for Selje kommune, med framlegg til konsekvensutgreiing Vi viser til oversending innstempla her 30.06.2016, og til avtale om lenging av høyringsfristen til 20.09.2016. Oppsummering Det generelle inntrykket vårt er at det i all hovudsak er gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Den mest sentrale delen av kommuneplanrevisjonen gjeld bruken av overskotsmassar frå Stad skipstunnel, m.a. til nye store næringsområde på fylling i sjøen. Overskotsmassane er ein ressurs, og vi tolkar det slik at kommunen legg stor vekt på å bruke dei tilgjengelege massane til samfunnsnyttige formål. Vi stiller likevel spørsmål ved omfanget av, og storleiken på, nye fyllingsareal. Konsekvensutgreiinga som gjeld arealbruken basert på overskotsmassane er etter vår vurdering ikkje grundig nok. I planframlegget er det m.a. berre i liten grad gjort alternativvurderingar når det gjeld plasseringa av konkret arealbruk eller disponering av massane. I konsekvensutgreiinga elles synest vi det generelt er gjort mange gode vurderingar og tilrådingar, og vi ser det som positivt at fleire konfliktfylte innspel til endra arealbruk ikkje er tekne med i planframlegget. Fylkesmannen fremjar nokre motsegner mot planframlegget med konsekvensutgreiing. Fleire av motsegnene er knytte til manglande eller mangelfulle konsekvensutgreiingar, spesielt når det gjeld bruken av massane frå Stad skipstunnel. I andre område fører arealbruk eller manglande krav i føresegnene til konfliktar med nasjonale eller viktige regionale interesser. Dette gjeld først og fremst konfliktar med strandsonevernet, jordvernet eller viktige naturverdiar. Motsegner og tilrådingar er utheva med feit skrift i fråsegna. For nokre område tek vi atterhald om bruk av motsegn på reguleringsplannivå . Når kommunen har gjort naudsynte tilleggsutgreiingar og avklaringar som m.a. gjeld bruken av overskotsmassane frå Stad skipstunnel, og det nærmar seg andre gongs offentleg ettersyn av planen, ser vi det som føremålstenleg med eit møte. Fylkesmannen vonar at vi gjennom god dialog med kommunen vil kome til semje om motsegnene slik at kommunen raskare kjem i mål med dette viktige planarbeidet. 1 Innleiande merknader Det generelle inntrykket vårt er at det i all hovudsak er gjort eit omfattande og grundig arbeid med revisjonen av arealdelen til kommuneplanen. Den mest sentrale delen av kommuneplanrevisjonen gjeld bruken av overskotsmassar frå Stad skipstunnel. Denne delen av planen er, slik vi vurderer det, Telefon 57 64 30 00 Besøksadresse Postadresse Organisasjonsnummer N-974 763 907 Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Nettstad fylkesmannen.no/sfj Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde E-post [email protected] FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/20 ikkje grundig nok med tanke på at det i liten grad er gjort alternativvurderingar når det gjeld plasseringa eller bruken av massane. I merknadene våre under pkt. 1 Konsekvensutgreiinga og pkt. 4.1 Arealbruk basert på massar frå Stad skipstunnel, presiserer vi dette nærare. Av planomtalen går det fram at det totalt kom inn 339 innspel/arealforslag til ny kommuneplan. Gjennom ei grovsiling i kommunen vart talet innspel redusert til 274, dvs. at 65 innspel vart avviste. I konsekvensutgreiinga av dei attverande innspela om ny arealbruk er også mange innspel frårådde og ikkje tekne med i planframlegget. Kommunen har altså gjennomført ei prioritering/siling av innspel i planprosessen. Vi ser det som positivt at fleire av dei dei mest konfliktfylte innspela til endra arealbruk er luka ut, men vi meiner at planframlegget framleis har med arealbruk som kjem i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser innafor Fylkesmannen sine ansvarsområde. 2 Konsekvensutgreiinga Planprogrammet for kommuneplanen sin arealdel omhandlar ikkje eit av dei viktigaste fokusområda i planarbeidet, dvs. bruken av overskotsmassane frå Stad skipstunnel. I det vedtekne planprogrammet er det etter høyringa teke inn tekst frå samfunnsdelen som omhandlar overordna strategi for arealbruk. Her står det m.a.: "Fokus på næringslivet sitt behov for areal til ulike føremål" og "Stad skipstunnel - arealbehov og masseplassering for framtidsretta utvikling". Sett i lys av dei omfattande planane for bruk av tunnelmassen er planprogrammet klart mangelfullt på dette området. Planprogrammet burde hatt med strategiar og alternativ for handtering av overskotsmassane frå Stad skipstunnel. Merknadene våre med vurderingar av manglane ved konsekvensutgreiinga som gjeld bruken av overskotsmassane frå Stad skipstunnel, kjem fram under pkt. 4.1 under. Når det gjeld konsekvensutgreiinga elles er den ryddig og oversiktleg, med i all hovudsak klargjerande vurderingar av verknader og utfyllande samla vurdering/konklusjon for kvart delområde som er vurdert. For mange av delområda er fleire utbyggingsområde/enkeltområde vurderte samla. For ein del av desse delområda er ikkje verknadene av alle utbyggingsområda vurderte, og det er vanskeleg å sjå kva som ligg bak fastsetjing av konsekvensgraden for fleire av delområda (t.d. s. 9-10, s. 128). For dei delområda som omfattar ulike utbyggingsføremål, kunne det vore enklare å tolke verknadene for kvart enkelt utbyggingsområde dersom dei hadde vore vurderte kvar for seg. Slik konsekvens- utgreiinga er utforma meiner vi difor at den ikkje fullt ut oppfyller lovkravet om at det skal gjerast vurderingar av nye enkeltområde. Gode og utfyllande vurderingar og tilrådingar i "samla vurdering og konklusjon" kompenserer noko mangelfull vurdering av fleire av dei einskilde byggjeområda. Sjølv om vi ikkje kommenterer fastsettinga av verdi og konsekvens for enkeltområde og -tema, meiner vi at konsekvensen/konfliktgraden for arealbruk i strandsona (tema nærmiljø og friluftsliv, landskap og naturmangfald) i ein del tilfelle er sett for lågt. Dette gjeld spesielt dei byggjeområda der det ikkje er registrert spesielle interesser. Her meiner vi at det ikkje er lagt nok vekt på at 100- metersbeltet langs sjøen generelt har stor verdi for m.a. friluftsliv, naturmiljø og landskap og at det er klare nasjonale og regionale føringar for forvaltning av strandsona (jf. m.a. dei statlege planretningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen). I konsekvensutgreiinga er den samla verknaden av planframlegget vurdert. Naturmangfaldlova (nml.) set sterkare krav til vurderingar av tema som t.d. biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Etter det vi kan sjå er ikkje arealbruken vurdert opp mot naturmangfaldlova og dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12. I arealdelen til kommuneplanen er vurderingar etter naturmangfaldlova aktuelt både for enkeltområde og for planen samla. Vi ser det her som viktig at vurderingar av "samla belastning" (jf. nml. § 10) er med i konsekvensutgreiinga, og at det vert gjort FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/20 konkrete vurderingar av konsekvensar for naturmangfaldet. Den vurderinga som er gjort av planen sin samla verknad for naturmangfald er etter vår vurdering noko mangelfull. Vi føreset at det i konsekvensutgreiinga/avgjerdsgrunnlaget vert innarbeidd vurderingar etter dei miljørettslege prinsippa i §§ 8-12, både for byggjeområde som kan virke inn på registrerte naturverdiar og for planen sin samla verknad (jf. samla belastning, nml. § 10) før planvedtak. Lova set krav om dette. Vi føreset at slike vurderingar etter naturmangfaldlova vert innarbeidde i konsekvensutgreiinga før 2. gongs offentleg ettersyn av planen. For noverande/eksisterande byggjeområde som gir rom for vidare utbygging, er det krav om konsekvensutgreiing. I den grad det er aktuelt må konsekvensutgreiinga oppdaterast på dette området. 3 Planjuridiske merknader Fylkesmannen vil som hovudregel berre påpeike juridiske feil og manglar i eit planframlegg dersom vi vurderer at dette kan hindre at vesentlege regionale eller nasjonale interesser vert ivaretekne. Juridiske merknader ut over dette gir vi som råd og rettleiingar. Kommunen er sjølv ansvarleg for at innhaldet i kommunale planar er lovleg. Fylkesmannen legg til grunn at eventuelle planføresegner som ikkje har heimel i lov, vert rekna som retningslinjer utan rettsverknad, eller som rein informasjon. I pkt. 1.3.1 er det fastsett plankrav for alle byggjeføremål. Plankravet inntreff ved alle tiltak som er omfatta av plan- og bygningslova (pbl.) § 20-1. Vi gjer merksam på at § 20-1 etter lovendringa 01.07.2015 også inkluderer tiltak som er unnateke søknadsplikt. Dersom plankravet i pkt. 1.3.1 berre er meint å omfatte søknadspliktige tiltak etter pbl. § 20-2, og frådeling til slike føremål, bør ordlyden oppdaterast i samsvar med dette. Unntak frå plankrav, jf. pkt. 1.3.2, føreset at det er gjeve føresegner om utbyggingsvolum og uteareal, jf. pbl. § 11-10 nr. 1. For oversikts skuld kan det i pkt. 1.3.2 siste setning visast til dei relevante punkta i kommuneplanen, der slike krav går fram. Vi gjer merksam på at pkt. 2.3 (BFR) oppgjev utnyttingsgrad i %BYA, men manglar fastsetting av tomtestorleik. Føresegner om utnyttingsgrad/-volum

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    20 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us