Den Fagre Og Den Morkne
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Den Fagre og den Morkne Historieframstilling i Morkinskinna og Fagrskinna Stian André Fossøy Masteroppgåve i historie Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap UNIVERSITETET I BERGEN Vår 2019 © Stian André Fossøy [2019] [Den Fagre og den Morkne: Historieframstilling i Fagrskinna og Morkinskinna] [Stian André Fossøy] http://bora.uib.no/ II Abstract This thesis explores the historical writing in the two Norse-Icelandic kings’ sagas Morkinskinna and Fagrskinna. In the period 1035-1157 the sagas cover the same historical events, but the history they put forth differs, both in narrative length and in thematic emphasis. This thesis poses two main questions; 1) How does the saga writers portray themselves as historians in the stories they tell and 2) How does the history they put forth in the sagas differ? This thesis has shown that the bastion of Norse-Icelandic saga writing, Snorri Sturluson, probably have gathered some of his thoughts on source criticism from the authors of Morkinskinna and Fagrskinna, and that they too deserve some of the recognition that has befallen Snorri. Furthermore, there are differences between the authors in the way they have put forth their narrative material and their usage of skaldic stanzas. Fagrskinna has one primary goal, the historical one, but Morkinskinna also include several stories and skaldic stanzas for their aesthetic, entertaining and stylistic value. Therefore, I argue that while the author of Fagrskinna was primarily concerned with writing history, the author of Morkinskinna also had an interest in telling stories. In the second part of this thesis I investigate the history that the saga writers put forth. I divide the society into three social groups, king, magnate and people, and investigate how the different groups are portrayed. I argue that Morkinskinna shows a great interest in the character of the Norwegian kings and the concept of kingship. Morkinskinna also includes a greater narrative concerning the other social categories in the sagas, the aristocracy and the people, thus showing a greater interest in the relationship between king and retainer. Fagrskinna on the other hand, places the king firmly on centre stage, mostly excluding negative incidents surrounding legitimate Norwegian kings. Fagrskinna is also less concerned with the other political groups in the saga, the aristocracy and the people. Thus, the history and role of the aristocracy and people in Fagrskinna are less prominent than in Morkinskinna. However, both sagas include more references to the people compared to contemporary European historiography. The people are given identity trough collective groups belonging to a specific geographic region with a clear function in the political landscape. III IV V Forord Personen som fortener størst takk er utan tvil min rettleiar gjennom dess to åra, Leidulf Melve, som har vore til stor hjelp gjennom heile masterperioden. Eg vil òg rette ein takk til mellomalderseminaret ved Universitetet i Bergen. Ein stor takk går òg til dei nasjonale mellomalderseminara eg har fått delteke på, først i Trondheim, og no seinast i Oslo, der kommentarane frå medstudentar og professorar har vore til stor hjelp. Til slutt vill eg òg takke mine medstudentar som har gjort dagane sosiale og innhaldsrike, samt ein stor takk til Anne og Arild for framifrå korrekturlesing. Stian André Fossøy Bergen, 2019 VI Innhald 1 Innleiing ............................................................................................................................. 1 1.1 Tema og problemstilling .............................................................................................. 1 1.2 Avgrensing................................................................................................................... 3 1.3 Teori og metode ........................................................................................................... 3 1.3.1 Komparasjon ........................................................................................................ 4 1.4 Historiografi................................................................................................................. 4 1.5 Kjelder ......................................................................................................................... 9 1.5.1 Morkinskinna ....................................................................................................... 9 1.5.2 Fagrskinna .......................................................................................................... 13 2 Forfattarbilete ................................................................................................................... 17 2.1 Kritiske tilnærmingar ................................................................................................. 18 2.2 Kjeldehandsaming i Morkinskinna og Fagrskinna .................................................... 21 2.2.1 Skriftlege kjelder ................................................................................................ 22 2.2.2 Munnlege kjelder ................................................................................................ 27 2.2.3 Skaldekvad ......................................................................................................... 29 2.3 Autoritet ..................................................................................................................... 39 2.3.1 Polemikk ............................................................................................................. 42 2.4 Oppsummering - Forfattarbilete ................................................................................ 44 3 Historieframstilling i Morkinskinna og Fagrskinna ......................................................... 47 3.1 Kongen i Morkinskinna og Fagrskinna ..................................................................... 51 3.1.1 Kongeideal i mellomalderen .............................................................................. 52 3.1.2 Karakterisering ................................................................................................... 53 3.1.3 Legitimering og eit sameint rike ........................................................................ 64 3.2 Aristokrati i Fagrskinna og Morkinskinna ................................................................ 69 3.2.1 Morkinskinna ..................................................................................................... 69 3.2.2 Fagrskinna .......................................................................................................... 74 3.3 Folket i Fagrskinna og Morkinskinna ....................................................................... 78 3.4 Den transnasjonale dimensjonen ............................................................................... 84 3.4.1 Utanlandske sentralmakter ................................................................................. 85 3.4.2 Hevding av det norske og flytande grenser ........................................................ 87 3.5 Oppsummering: Historieframstilling i Morkinskinna og Fagrskinna ....................... 88 VII 4 Avslutning ........................................................................................................................ 93 4.1 Konklusjon................................................................................................................. 93 5 Kjelder og litteratur .......................................................................................................... 96 VIII IX 1 Innleiing Når ordet kongesoge vert nemnd, vil nok dei fleste assosiere dette med Snorre Sturlasson og Heimskringla. Heimskringla er det sogeverket som har vorte vigd størst merksemd hjå forskarar, både norske og internasjonale. Kongesoger er så mykje meir enn berre Heimskringla. Omgrepet «kongesoge» er ein vid terminologi og omfattar mang ei soge. Brorparten av kongesogene vart forfatta på 1100- og 1200-talet, og kongesogeskrivinga vert ofte delt inn forskjellige periodar. Dei eldste sogeverka, forfatta av islendingar, vert tidfesta til tidleg 1100-tal. I denne perioden høyrer verk av Sæmund og Are, båe med tilnamnet «froði» som tyder «den lærde», til. Båe verka er tapte og er berre referert til i seinare soger. I den neste perioden finn ein dei kortfatta latinske sogene Historia de Antiquiate Regnum Norwagiensium og Historia Norwegiæ, samt den norrøne soga Ágrip af Nóregs Konunga Sögum, der førstnemnde er forfatta av Theodoricus Monachus, medan dei to andre har anonyme forfattarar. Desse vert tidfesta til slutten av 1100-talet. 1200-talet representerer gullalderen i den islandske kongesogeskrivinga, og her finn ein dei tre kompendia Morkinskinna, Fagrskinna og Heimskringla. I tillegg til desse sogene finn ein og fleire hagiografiske soger som tek for seg livet til Olav Tryggvason og Olav den Heilage som i følgje sogene stod bak kristninga av Noreg. Kongesogene som er nemnde ovanfor fortel alle om hendingar som fann stad før deira eiga samtid, men ein har òg overlevert samtidssoger, som Sverris saga og Hákonar saga Hákonsonar, som fortel om høvesvis Kong Sverre og Kong Håkon Håkonsson. 1.1 Tema og problemstilling Tema for denne oppgåva vil vere dei to kompendia Morkinskinna og Fagrskinna. Desse to kompendia har lenge vore i skuggen av Heimskringla og har ofte vore drege fram som dømer på mindre gode kongesoger. Gustav Indrebø tykte til dømes at Morkinskinna var i ein sørgjeleg tilstand når det kom til litterær struktur og skildringar,