Møteinnkalling
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sogndal kommune Møteinnkalling Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Leikanger - Tinghuset Møtedato: 13.02.2020 Tid: 08:15 - 00:00 Eventuelt forfall kan meldast til telefon 57 62 96 00 Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 15/20 20/925 Formannskapet - Opning og konstituering 16/20 20/1530 Orientering søkmålsvarsel varslingssaker Sogn barnevern 17/20 20/808 Innbyggjarinitiativ - Avvikling av avdelingar ved Kjørnes barnehage Arnstein Menes -ordførar- Sogndal kommune Møteprotokoll Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Leikanger - Tinghuset Møtedato: 13.02.2020 Tid: 08:15 - 10:00 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 15/20 20/925 Formannskapet - Opning og konstituering 16/20 20/1530 Orientering søkmålsvarsel varslingssaker Sogn barnevern 17/20 20/808 Innbyggjarinitiativ - Avvikling av avdelingar ved Kjørnes barnehage Sak 15/20 Formannskapet - Opning og konstituering Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med følgjande til stades: Arnstein Menes (Sp), Karen Marie Hjelmeseter (Sp), Svein Jarle Slinde (Sp), Bjarte Stedje (Sp), Vibeke Johnsen (Sv), Henny-Kristin Asperanden Navarsete (Ap), Gunnhild Bøyum (H), Frode Bøthun (KrF) og Trude Risnes (V) Frå administrasjonen møtte rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu og politisk sekretær Marit Silje Husabø Innkalling og saksliste - godkjenning Møteleiar: Arnstein Menes Ope møte Framlegg: Arnstein Menes, Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Trude Risnes får fullmakt til å signere protokollen Sak 16/20 Orientering søkmålsvarsel varslingssaker Sogn barnevern Vedtak, samrøystes: Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Sogndal kommunestyre tek rådmannen si orientering til vitende. Sak 17/20 Innbyggjarinitiativ - Avvikling av avdelingar ved Kjørnes barnehage Frå rådmannen låg det føre slik tilråding til vedtak: Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: 1. Sogndal kommunestyre imøtekjem ikkje innbyggjarinitiativet om gradvis avvikling av dei mellombelse avdelingane ved Kjørnes barnehage. 2. Dei to mellombelse avdelingane ved Kjørnes barnehage vert avvikla frå barnehageåret 2020/2021. 3. Barn og tilsette vert overflytt Fosshagen utdanningsbarnehage. Habilitet: Formannskapet fann Svein Jarle Slinde (Sp) inhabil til å delta i handsaming av saka, jf. Forvaltningslova § 6 (b). Magne Bruland Selseng (Sp) gjekk inn som varamedlem for Slinde. Endringsframlegg: Arbeidarpartiet sette fram slikt framlegg til vedtak: Sogndal kommunestyre vedtek at dei mellombelse avdelingane på Kjørnes vert rusta opp til å stetta lovkrava og gjort permanente. Det vert lagt til grunn at kommunen brukar eventuell ledig kapasitet i barnehagane til å gi alle som ynskjer barnehageplass moglegheiten å søka om dette. Kommunestyret ber rådmann koma attende med framlegg til finansiering i neste kommunestyre. Senterpartiet sette fram slikt framlegg til vedtak: Kommunestyret opprettheld det mellombelse barnehagetilbodet ved Kjørnes barnehage også for barnehageåret 20/21. Dette under føresetnad om dispensasjon for vidare drift utan krav som medfører ekstra investeringskostnader. Meirkostnader/mindreinntekter vert finansiert ved budsjettrevisjon. Budsjett/ØP-arbeidet hausten 20/21 må definere/fastsetje det framtidige barnehagetilbodet i kommunen. Avrøysting: Henny-Kristin Asperanden Navarsete (Ap) røysta for framlegget frå Arbeidarpartiet. Arnstein Menes (Sp), Magne Bruland Selseng (Sp), Karen Marie Hjelmeseter (Sp), Bjarte Stedje (Sp), Vibeke Johnsen (Sv), Gunnhild Bøyum (H), Frode Bøthun (KrF) og Trude Risnes (V) røysta for framlegget frå Senterpartiet. Tilrådinga frå rådmannen kom ikkje opp til avrøysting. Vedtak: Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Kommunestyret opprettheld det mellombelse barnehagetilbodet ved Kjørnes barnehage også for barnehageåret 20/21. Dette under føresetnad om dispensasjon for vidare drift utan krav som medfører ekstra investeringskostnader. Meirkostnader/mindreinntekter vert finansiert ved budsjettrevisjon. Budsjett/ØP-arbeidet hausten 20/21 må definere/fastsetje det framtidige barnehagetilbodet i kommunen. Sogndal kommune Saksframlegg Sakshandsamar: Marit Silje Husabø Arkiv: Arkivsaksnr.: 20/925-3 Formannskapet - Opning og konstituering Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med følgjande til stades: Arnstein Menes (Sp), Bjarte Stedje (Sp), Karen Marie Hjelmeseter (Sp), Svein Jarle Slinde (Sp), Vibeke Johnsen (Sv), Henny-Kristin Asperanden Navarsete (Ap), Gunnhild Bøyum (H), Frode Bøthun (KrF) og Trude Risnes (V) Frå administrasjon møter rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu og politisk sekretær Marit Silje Husabø Innkalling og saksliste - godkjenning Møteleiar: Arnstein Menes Ope møte Framlegg: Arnstein Menes, Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Trude Risnes får fullmakt til å signere protokollen Saksprotokoll Utvalg: Formannskapet Møtedato: 13.02.2020 Sak: 15/20 Arkivsak: 20/925 Tittel: Saksprotokoll - Formannskapet - Opning og konstituering Handsaming: Vedtak: Konstituering av møte: Møtet lovleg sett med følgjande til stades: Arnstein Menes (Sp), Karen Marie Hjelmeseter (Sp), Svein Jarle Slinde (Sp), Bjarte Stedje (Sp), Vibeke Johnsen (Sv), Henny-Kristin Asperanden Navarsete (Ap), Gunnhild Bøyum (H), Frode Bøthun (KrF) og Trude Risnes (V) Frå administrasjonen møtte rådmann Ellen Marie Njøs Lillesvangstu og politisk sekretær Marit Silje Husabø Innkalling og saksliste - godkjenning Møteleiar: Arnstein Menes Ope møte Framlegg: Arnstein Menes, Henny-Kristin Asperanden Navarsete og Trude Risnes får fullmakt til å signere protokollen Sogndal kommune Saksframlegg Sakshandsamar: Ole Gunnar Krakhellen Arkiv: Arkivsaksnr.: 20/1530-1 Varslingssak - Sogn barnevern Tilråding: Rådmannen rår formannskapet til å gje slik tilråding: Formannskapet rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak: Sogndal kommunestyre tek rådmannen si orientering til vitende. Vedlegg: 1. Tidlegare Sogndal kommunestyre sitt vedtak i sak 2/18 2. Forliksavtale med dei omvarsla 3. Notat frå advokat Winters datert 5.1.20 4. Notat frå Brækhus Advokatfirma DA datert 12.11.19 Uprenta vedlegg: 1. Rapport frå Brækhus Advokatfirma DA 21.10.19 2. Presentasjon av rapporten til tidlegare Sogndal kommunestyre 3. Merknadar til rapport – adv. Birthe Eriksen 4. Merknadar til rapport – varsel 4 5. Merknadar til rapport – varsel 5 6. Merknadar til rapport – barnevernleiar 7. Varslingssekretariatet – kommentar til merknader adv. Eriksen Saksutgreiing: Bakgrunn Det har vore ulike utfordringar i Sogn barnevern over tid etter etableringa av det interkommunale barnevernet i 2008, særleg i perioden frå 2011 til 2016. Det har vore gjennomført tilsyn frå Arbeidstilsynet på arbeidsmiljø og frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på tenestekvalitet. Det vart pålegg om å gjennomføre tiltak frå begge tilsynsorgan. Forbetringstiltak vart gjort frå slutten av 2015 og gjennom 2016. Frå Fylkesmannen låg det føre eit tilsyn frå 2014 som framleis ikkje var lukka då Fylkesmannen gjennomførte nytt tilsyn hausten 2016. Tilsynet tok føre seg tenesta frå januar 2015 til september 2016, og konkluderte med ei rekke lovbrot. Tiltaka som vart sette i verk hadde ikkje hatt ønska effekt, og det var behov for å gjere nye tiltak. Tenesta jobba med eit stort kvalitetsutviklingsprogram frå januar 2017, eit arbeid som Sogndal kommune har gjeve gode resultat. Sist Sogn barnevern hadde systemtilsyn (rapport datert 11.11.19) vart det ikkje funne lovbrot i tenesta sitt arbeid. Med basis i arbeidet som vart gjort i 2015/2016, kom det inn tre varsel om kritikkverdige tilhøve. Handsaminga av arbeidsmiljøkonflikt og varslingssaker vart vedteke i kommunestyret 16.02.17 og gjennomgått med ekstern bistand. Saka enda med ein ekstern gjennomgang av arbeidsmiljøet. Gjennomgangen vart gjennomført av Arbeidsmiljøspesialistene, som overleverte sin rapport til kommunestyret 19. 10.2017. I handsaminga av rapporten fatta kontrollutvalet i tidlegare Sogndal kommune 13.12.2017 vedtak i sak 21/17, med tilråding om at tre tidlegare handsama varslingssaker burde handsamast på nytt. Kontrollutvalet sitt råd i sitt vedtak var at varslingssekretariatet ikkje burde bestå av personar tilsett i kommunen, verken som medlemmar eller sekretær. Vedtaket vart sendt over til kommunestyret i kommunen. I etterkant av handsaminga av rapporten frå Arbeidsmiljøspesialistene (19.10.2017 )og kontrollutvalet si tilråding (13.12.2017), vedtok kommunestyret i gamle Sogndal kommune ein ny gjennomgang av dei tre tidlegare handsama varslingssakene, jf. vedlegg 1. Ansvaret for gjennomgangen av de tre tidlegare handsama varslingssakene og nye varslingssaker med tilknyting til konflikten i Sogn barnevern vart gjeve dåverande rådmann i Flora kommune, Knut Broberg, som setjerådmann «heretter Setterådmann», jf. kommunestyrets vedtak k- sak 8/18: «Rådmann Knut Broberg i Flora kommune vert vald til setjerådmann for varsling-, lovlegkontroll- og innsynssaker knytt til gjennomgangen av rapporten frå Arbeidsmiljøspesialistene om Sogn barnevern.» 15.03.19 mottok setjerådmannen eit søksmålsvarsel frå LO Advokatane. Setjerådmannen inngjekk avtale med advokat Geir Winters, som er tilknytt KS Advokatane om å følgje saka på vegne av Sogndal kommune. Valet fall på KS Advokatane fordi dei har kommunal sektor som spesialistområde, det er kommunane sin medlemsorganisasjon og vi har der ein lægre timepris enn i private advokatfirma. I tillegg er advokatane i KS tilsett på fastløn, slik at dei ikkje har personlege økonomiske interesser i korleis saka vert handtert. Foreldingsfristen på søksmålet er utvida ved fleire høve, seinast til 15.02.20. Tal saksøkarar er gjennom