2. Herrene ( Og Kvinnene ) Til Giske 1264 – 1582 Og 7 Ættlegger
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
2. Herrene ( og kvinnene ) til Giske 1264 – 1582 og 7 ættlegger 09.09.2019 1 Herrene ( og kvinnene ) til Giske 1264 – 1582 og 7 ættlegger Dette kapittel omhandler dei som eigde Giskegodset i perioden frå 1264 til 1582. Del 1: Herrane som eigde Giskegodset 1264 – 1582 1. Bjarne Erlingson av Bjarkøy 2. Erling Vidkunnson til Giske og Bjarkøy 3. Sigurd Havtorson til Sudrheim og Giske 4. Håkon Sigurdson til Giske 5. Magnus Magnusson til Giske 6. Sigurd Jonson til Giske 7. Hans Sigurdson til Giske 8. Alv Knutson til Giske 9. Knut Alvson til Giske 10. Karl Knutson til Giske 11. Vincents Lunge og fru Inger til Austråt 12. Tiurid Gregersen Ulfstand til Torup 13. Lage Brahe til Krogholm Del 2: Kvinnene til Giske Del 3: 7 ættlegger Ættlegg I Giske ætta Ættlegg II Bjarkøy ætta Ættlegg III Sudrheims ætta Ættlegg IV Martein ætta Ættlegg V 3 Roser ætta ( Rosor ) Ættlegg VI Reymer ætta ( Rømer ) Ættlegg VII Losna ætt Vedlegg: 3.2.1 Slektskap mellom junker Hans og arvingane Skiftet etter junker Hans Sigurdson nemner 3 arvinger eller grupper arvinger. Den første er Alv Knutsson ( 3 Rosor ) med sine søsken. Den andre er Otte Matsson med sine sysken, og den tredje er Inger og Sigrid Erlendsdøtre. 3.3.1. Slektstavle Slektstavle som syner slektsskaptilhøva som var bakgrunnen for konflikten mellom Fru Gyrvhild ( Gørvel ) Fadersdatter og hennes svenske slektninger ( 3 Rosor ) og mellom Fru Gyrvhild ( Gørvel ) og fru Inger Ottesdatter ( Fru Inger til Austråt ). 2 Herrene til Giske Frå tidleg 1000-talet til slutten av 1200-talet var det arnmødlingane som var herrar til Giske. Dei vart kalla slik etter stamfaren, Arnmod Arnvidsson. Men dei vart og kalla arnungar etter den først kjende stamfaren Finnvid, som etter sagnet vart funnen i eit ørnereir på Island. Ei oversikt over ætta, Arnungatal kalla, er bevart. Denne byrjar med Finnvid og har Arnmod nemnt som fjerde generasjon. Om det fanns andre greiner av arnungaætta enn arnmødlingane veit vi ikkje i dag, men desse har i så fall ikkje sett spor etter seg i historien slik Giske ætta gjorde det. Heller er det ikkje mogelge å følgja Giske ætta lenger attende i tid enn dette. Arnmødlingane si historie Arnmødlingane budde fast på Giske og eiga deira gjekk heile tida i arv frå far til son, ein gong til bror / brorson. Dei hadde lengste tida eit godt samarbeid med kongsmakta, dei var i slekt med kongehuset og dei var kongens lendmenn, seinare og syslemenn. Som lendmenn hadde dei plikter med ro og orden, forsvar, rettsvesen og som kongens rådgjevarar, dei hadde inntekter av kongsjord, hadde rett å halda væpna menn og hadde ein viss skattefridom. Då syslemannsombodet vaks fram i andre halvdel av 1100 talet, hadde Giske-herrane og ofte dette ombodet med plikter i den lokale administrasjonen: rettsvesen, militærvesen og innsamling av kongens inntekter. Mange av dei finn vi omtala i kongesagaene der dei spela ei viktig rolle i landet si historie. Gjennom gifte var dei i slekt med andre stormannsætter langs kysten og hadde som del av ei slik gruppe også ei rolle som motvekt til kongemakta. På Sunnmøre hadde arnmødlingane ei avgjerande økonomisk og politisk makt, dels i kraft av eigen posisjon og dels som kongens menn. Men i denne perioden vart dei og noko meir. Frå å vera lokale sunnmørshøvdingar utvikla dei seg til å vera sentrale personar rikspolitisk, med makt og påverknad på landet sitt. 3 Arne Arnmodsson ( d.1024 ) synest å vera den første av den sunnmørske Arnunga ætta som åtte hovudgarden Giske. Om han fekk eiga ved gifte eller kanskje som løn for god innsats i slaget ved Hjørungavåg veit ein ikkje. Kva gods som låg til utanom sjølve Giske-øya veit ein heller ikkje, men ein må ha lov å tru at det alt no låg ein del jordeige til Giske-herrene utanom hovudsetet. Arne Arnmodsson og sønene var dei første av ætta som steig fram til politisk makt i landet. Ein posisjon dei syntest vinna fram til i allianse med kongsmakta. Då han døydde i 1024, let han etter seg ein flokk vaksne søner som var mellom dei fremste menn i landet: Torberg vart lendmann på Giske, Kalv på Egge i Inn-Trøndelag, Finn på Austrått og Arne i Romsdalen. Ei grein av Arne si etterslekt var Bjarkøy ætta som halvtanna hundreår seinare kom attende til Giske. Ei dotter av Arne, Ragnhild, var gift med håløygjarlen, Hårek på Tjøtta, som var ein av dei fremste i bondehæren på Stiklestad i 1030. 4 Torberg Arnesson tok som nemnt over eiga etter faren heime på Giske. Han var kong Olav sin lendmann og held seg tru mot han heilt til Olav fall på Stiklestad der Torberg var med på kongen si side. Den eine av brørne, Kalv, hadde skifta side og kjempa saman med Hårek på Tjøtta som leiar for bondehæren. Det vart tilmed sagt at han var med på sjølve kongsdrapet. Sidebytet til Kalv var nok naudsynt om han ville halda på posisjonen sin i Trøndelag etter at Olav tidlegare laut røma landet. Svigerfaren til Torberg, Erling Skjalgsson på Sola og sønene hans, høyrde og til kongen sine fiendar. Denne slektsgruppa var såleis sentral på begge sider i kampen om kongsmakta fram mot 1030. På litt sikt er det Torberg si linje som fører fram, han får då og dottera Tora gift med kong Olav sin bror, Harald Hardråde. Tora var mor til Olav Kyrre ( Bergen bys grunnleggjar ) som dei seinare norske kongane ætta frå. Kongsætta var såleis og ei grein av arnung ætta. Torberg regnes som stamfar til Giske ætta. Øystein Torbergsson Orre ( d. 1066 ) tok over Giske etter faren. Han var praktglad og førte eit stormannsleg hushald, denne eigenskapen gav han oppnamnet «Orre» - orrhane. Han var aktiv i riksstyringa under Harald Hardråde og var ein av kongen sine fremste rådgjevarar. Øystein var med på kong Harald sitt vidgjetne tokt til England i 1066 der kongen ville setja makt bak kravet om kongsmakta i England. Både kongen og Øystein fall i kampen ved Stanford bru. I Snorres kongesagaer får Øystein svært heiderleg omtale for innsatsen i den såkalla «Orre-rida». Skofte Ogmundsson ( d. 1103 ) var son til Øystein Orre sin bror, Ogmund. Ein kan ikkje seia sikkert om arven etter Øystein som døydde barnlaus, gjekk til Ogmund eller Skofte. Om Ogmund var Giske-herre, var han svært anonym, vi høyrer så godt som ingenting om han i kjeldene. Skofte vart gift med dotter til Tord Folesson, og hadde fleire søner. Han var og lendmann, men kom i usemje med kong Magnus Berrføtt, og drog bort frå landet med dei 3 vaksne sønene. Dei drog via Flandern og Frankrike og gjennom Gibraltar. Skofte døydde på ferda, sameleis som alle sønene. Dette vart ei svært vidspurd ferd og vart sidan rekna for den første korsferda frå Noreg, men ferda var kan henda like mykje ei handelsferd. Pål Skoftesson ( d. omlag 1160) heitte yngste sonen til Skofte, han vart og kalla Aura-Pål avdi han var oppfostra på Aure i Sykkylven. Pål var ikkje med faren på ferda, venteleg var han for ung, og han vart difor den som tok over Giske og Giske- godset. Han var lendmann, men sat mest heime i ro og tok lite del i riksstyringa. Han døydde omlag 1160. Ei av systrene hans, Tora, var gift på Rein i Trøndelag og vart oldemor til Inge og Skule Bårdssøner, den eine konge og den andre hertug. Den andre systra, Ragnhild, var mor til Gregorius Dagsson, ein av kong Inge Krokrygg sine næraste menn. Pål hadde tre born: Nikolaus, Ingebjørg og Sigrid. Døtrene vart gift til Grebstad og Stadheim i Sunnylven. Meire om dette i min ættesoge. Nikolas Pålsson ( d. 1217 ) med tilnavnet Kuvung ( Sniglehus ) - var tilsvarande aktiv i politikken som faren var passiv. Han var kong Magnus sin lendmann og var ein tru støttespelar for kongen til siste slutt. Sonen Pål vart kidnappa av kong Sverre, truleg for å få Nikolas til å skifta parti. Nikolas tok del i slaget på Fimreite i Sogn i 1184 saman med kong Magnus. Kongen fall der. Ein må difor tru at han drog seg attende til Giske og levde resten av si tid der. Nikolaus vert rekna som byggherre for den noverande Giske-kyrkja. 5 Pål Flida Nikolasson er først nemdt i 1184 då han var kidnappa av kong Sverre. Har var i slekt med kong Inge og hertug Skule og var ventelge positiv til deira krav om del i riket og kongsmakten i landet. Men i 1217 var Pål med på valet av Håkon Håkonsson til konge. Etter 1223 høyrer vi ikkje meir om Pål, truleg sat han heime på Giske. Peter Pålsson ( d. 1254 ) tok over Giske-eiga etter faren. Han var i byrjinga på hertug Skule sitt parti, men gjekk etter kvart over til kong Håkon. Han var med på kongekroninga i Bergen i 1247. I hans tid får Giske-ætta attenden sin førande posisjon på Sunnmøre. I nokre generasjonar hadde Blindheims ætta då hatt leiinga, men dette tok slutt med Gregorius Jonsson sin død i 1228. Peter var i 1253 med på eit krigstog til Danmark, året etter døyr han. Nikolas Petersson ( d. 1264 ) var kong Håkon sin lendmann, han hadde og syslemannsombod. Han tok del i fleire hærtog, men var ingen krigar. Då Håkon Håkonsson drog til Vester-havsøyane i 1263, sat Nikolas heime i Bergen, truleg for å hjelpa kongssonen, Magnus, med landsstyringa. Nikolas hadde bygd nytt hus på Giske. I november 1264 låg kong Magnus verfast i Steinvågen. Dei såg då eld til havs og hadde mistanke om at det var brann på Giske. Kongen sende mennene sine for å sløkkja, men dei gamle husa let seg ikkje berga.