Språkfakta 2015
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Språkfakta 2015 OTTAR GREPSTAD Ressurser og økopolitikk. Vekstøkonomi eller likevektsøkonomi? (medforfattar). Populist 2/1975 Vær utålmodig, menneske. Ei visebok som er noe mer (redaktør). Populist 1978 Populist 1979–81 (redaksjonsmedlem) Essayet i Norge. Fjorten riss av ein tradisjon (medforfattar). 1982 Høvesdikting i EF-striden 1970–72. Hovudoppgåve. 1983 Syn og Segn 1984–1988 (redaktør) Venstres hundre år (redaksjon saman med Jostein Nerbøvik). 1984 Balladen om Europa. 1985 Retorikk på norsk. 1988 Lesebok 1994 (medredaktør). 1994 Stem i! Songbok for røysteføre (medredaktør). 1994. Supprimert Rhetorica Scandinavica 1997– (medlem redaksjonsråd) Hamsun i Æventyrland. Nordlandsliv og diktning (saman med Kirsti M. Thorheim). 1995, 2. opplaget 2002 Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk. 1997 Berge Furre: Sant og visst. Artiklar, foredrag, preiker (redaktør, etterord). 1997 Nynorsk faktabok 1998. 1998 Norske tekster. Sakprosa (redaktør, innleiing, merknader). 1999 Den store nynorske sitatboka. Norsk kulturhistorie gjennom 800 sitat. 2000 2000: Det makelause året (redaktør). 2001 Det nynorske blikket. 2002 Fotefar mot nord. En kulturhistorisk reise i Nord-Norge og Namdalen (saman med Kirsti M. Thor- heim). 2003, 2. utgåva 2004, 3. utgåva 2005 Nynorsk faktabok 2005. 2005 Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. 1.–2. opplaget. 2006 Vestlandets historie. Band 1–3 (medredaktør). 2006, 1.–2. opplaget, 3. opplaget 2007 Allkunne (hovudredaktør). 2007–2014 Ivar Aasen-tunet gjennom 200 år. 2008 Språkfakta 2010. 2010. E-bok Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. 2010, 1.–2. opplaget Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012. 2012. E-bok Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg. 2012 Bibliografi over Ivar Aasens trykte skrifter. 2013. E-bok. 2. utgåva 2014, 3. utgåva 2015 På parti med språket? Språkpolitikk i norske partiprogram 1906–2017. 2013. E-bok Historia om Ivar Aasen. 2013. 1. utgåva, 1.–3. opplaget 2013 Historia om Ivar Aasen. 2013. 2. utgåva, e-bok Språksansen. Kalender om all verdas språk. 2013 Bibliografi over skrifter om Ivar Aasen. 2014. E-bok Historia om Ivar Aasen. 2014. 3. utgåva A world of languages and written culture. 2015. E-bok Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt 1843–2014. 2015. E-bok Språkfakta 2015. Ei historie om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar. 2015. E-bok Ottar Grepstad Språkfakta 2015 Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 850 tabellar ________________________________________________________________ Nynorsk kultursentrum Ørsta 2015 © Ottar Grepstad og Nynorsk kultursentrum 2015 Printed in Norway Papir: 100 g Arctic Matt Sats: Nynorsk kultursentrum Trykk og innbinding: AitOslo Konsulent: Aarflots Prenteverk AS, Volda Publisert på Aasentunet.no 26. september–15. oktober 2015 med seinare oppdateringar Sist oppdatert 22. september 2015 Framside Utgivingsmønster for vekeavisa Dølen 1858–1870, redigert av Aasmund Olavsson Vinje ofl. Gjenbruk Enkeltopplysningane, tabellane og figurane kan brukast fritt når kjelde blir oppgitt. Kom- mersiell bruk av opplysningane i produktutvikling eller på anna vis berre etter avtale. Alle merknader, eventuelle rettingar og opplysningar er velkomne til Nynorsk kultursentrum, Indrehovdevegen 176, N-6160 Hovdebygda, [email protected] ISBN 978-82-92602-21-8 Dette er nr. _____ av 75 nummererte eksemplar. Innhald Før tala 7 Forklaringar og forkortingar 15 Språkplakat for Noreg og Norge 17 Tre forteljingar om språk 19 Då verda endra meining Bokmål under press Dialektane tek over Noreg 1 Verda 27 Tema: språk i fare Perspektiv: den språkpolitiske vendinga 2 Europa og Norden 52 Tema: mellom det eine språket og dei mange Perspektiv: den norske røynsla 3 Noreg 70 Tema: tenkjemåten mangfald Perspektiv: matrise for tale og skrift 4 Demografi og geografi 97 Tema: språkportrett av eit fylke Perspektiv: den regionale krafta 5 Haldningar og meiningar 120 Tema: tenåringar i Stavanger anno 1996 Perspektiv: gamle rettar og nye språk 6 Folkerøystingar og val 160 Tema: på parti med språket Perspektiv: folkerøystingar som strategi 7 Individuell språkbruk 177 Tema: tre generasjonar nynorskbrukarar Perspektiv: frå nasjonalromantikk til modernisering 8 Barnehage og grunnskule 202 Tema: eit fleirtal med opplæring i nynorsk Perspektiv: språk i barnehøgd 9 Vidaregåande skule 218 5 Tema: den destabiliserande faktoren Perspektiv: utdanning bort frå eige språk 10 Høgare utdanning og forsking 231 Tema: akademisk press mot bokmål Perspektiv: språksamlingar og ordbøker 11 Offentleg forvaltning 248 Tema: språkportrett av nynorskkommunane Perspektiv: mållov, språklov og kommunar 12 Næringsliv 268 Tema: reklame på nynorsk Perspektiv: den språklege botnlinja 13 Digitale medium 288 Tema: døgnskrift Perspektiv: mellom dialekt og engelsk 14 Radio og fjernsyn 302 Tema: å føre språkstatistikk Perspektiv: talemål eller skriftspråk 15 Presse 318 Tema: den nynorske riksavisa Perspektiv: språkblind pressestøtte 16 Bøker 343 Tema: skriftkulturens status Perspektiv: nynorsk litteraturhistorie 17 Kyrkje og religion 367 Tema: myten om hjartespråket Perspektiv: religiøse kulturmøte 18 Kunst og brukskunst 377 Tema: scener for språk Perspektiv: norsk på norsk 19 Språk- og kulturinstitusjonar 388 Tema: skriftkulturens fellesskap Perspektiv: mange og små institusjonar Teljing og forteljing. Eit essay om språk, tal og kart 399 Kjeldekritikk og vidare forsking 437 Kjelder 457 Register tabellar og figurar 481 6 Før tala Dette er den fjerde samlinga av statistisk informasjon om språk på 20 år og erstattar dei førre utgåvene. Målet er å samle all relevant statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg mot ein internasjonal bakgrunn, med vekt på dei to norske språka. Språkfakta 2015 inneheld 867 tabellar, 34 figurar og kart, ein språk- plakat for Noreg og Norge 38 kommentarar under vignettane tema og perspektiv, tre samanfattande forteljingar om noko av det som kjem fram i denne dokumentasjonen, og eit avsluttande essay om å dokumentere utbreiing og bruk av språk. 408 tabellar og 26 figurar blir publiserte for første gong, anten ved at data ikkje har vore publiserte før i det heile eller ikkje er blitt redigerte slik dei er her. I utskrift utgjer tabellane om lag 1350 sider i A4-format. Det gir ikkje meining å publisere alt dette på papir. Alt saman er difor å finne på Aasentunet.no. Dokumentasjon som tradisjon Arbeidet med å kartleggje utbreiing og bruk av nynorsk tok til i 1905, og utviklinga er no breitt dokumentert med få brot like frå Ivar Aasens tid. Han var ein av dei første språkforskarane som brukte statistisk dokumen- tasjon av språkbrukarar i arbeidet sitt. I seinare tid er perspektivet utvida slik at også utbreiing og bruk av det andre norske skriftspråket, bokmål er kartlagt. Det same gjeld dialek- tar på dei områda der det er mest aktuelt. I 2010 tok dokumentasjons- arbeidet inn heile verda, med særleg vekt på Norden og Europa. Dette arbeidet er vesentleg utvida med denne nye utgåva som inneheld fleire originalbidrag om internasjonale emne. Arbeidet med å kartleggje nynorsk skriftkultur tok altså til året før Noregs Mållag blei stifta. Det ser ut til at lektor og mållagsaktivist Peder 7 Hovdan tok dette initiativet på eiga hand, og han arbeidde samanhen- gande med stoffet til tidleg 1950-tal. I tillegg til tallause artiklar og årsoversyn samla han den viktigaste dokumentasjonen i boka Frå folkemål til riksmål i 1928, med ny utgåve i 1947 under tittelen Eit norsk Noreg. Hovdan interesserte seg mest for framgang og positive tal. Tapte lokale folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen eller liturgispråk i kyrkja oversåg han gjerne. Då han gradvis avslutta arbeidet sitt kring 1950, gjekk det om lag 25 år før nokon tok opp att arbeidet. Difor er den store tilbakegangen i 1950- og 1960-åra enno svakt dokumentert. Eit utval under leiing av Berge Furre stod for utgreiinga og pamfletten Målreising 1967 i 1967, der dokumentasjonen var noko fragmentert. Det blei meir orden i talrekkjene att då Olaf Almenningen og Åsmund Lien i 1978 gav ut Striden for nynorsk bruksmål. Frå då av hadde Noregs Mållag god kont- roll over opplæringsspråket i grunnskulen, både dei lokale folkerøystin- gane og språkfordelinga mellom elevane. Statistisk sentralbyrå hadde frå 1910 publisert tal for språkfor- delinga i folkeskulen, seinare grunnskulen, og frå 1930-åra meir sporadisk oppdaterte oversyn over tenestemål i kommunane og liturgispråk i kyrkjene. Etter 1950-åra publiserte derimot byrået ingen nye tak for kyrkjespråk. Forståinga av den norske språksituasjonen blei avgrensa til årlege tabellar i Statistisk årbok for opplæringsspråk i skulen og tenestemål i kommunane. I 1980 vedtok Stortinget ei ny lov om målbruk i offentleg teneste. Den nye lova utløyste regelmessige stortingsmeldingar om situasjon og utvikling i offentleg forvaltning, der ein for første gong også fekk vite korleis det stod til med fordelinga mellom nynorsk og bokmål i stats- forvaltninga. Norsk språkråd tok til med eit systematisk tilsyn av dette i 1994; det er ikkje lenger sidan. Denne verda av statistikk stoppa ved skule, kyrkje og forvaltning. Kringkastingsringen følgde med på bruken av nynorsk og bokmål i NRK, og enkeltpersonar gjorde studiar i pressa. Det breie, samla perspek- tivet frå Hovdans pionerarbeid blei likevel først henta fram att med Nynorsk faktabok 1998. Ein viktig del av innhaldet var å fylle ut flest mogleg av tomromma i dei tabellane som strekte seg over lang tid. Utan Hovdans nitide dokumentasjon hadde dette vore umogleg. Nynorsk faktabok 1998 inneheldt 133 tabellar og