“Fram Fra Skjoldets Skygge”
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
View metadata, citation and similar papers at core.ac.uk brought to you by CORE provided by NORA - Norwegian Open Research Archives “Fram fra skjoldets skygge” Norsk arbeid med kulturrelasjonar overfor utlandet 1945-1973 Ragnhild Eitungjerde Høyvik Masteroppgåve i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap UNIVERSITETET I BERGEN Våren 2014 II © Ragnhild Eitungjerde Høyvik 2014 “Fram fra skjoldets skygge” - Norsk arbeid med kulturrelasjonar overfor utlandet 1945-1973 Ragnhild Eitungjerde Høyvik http://bora.uib.no/ III Samandrag Temaet i denne oppgåva er opprettinga av ein norsk institusjon for å fremje norsk kultur og samfunnsliv i utlandet og forvalte Noreg sine kulturelle relasjonar med omverda. Det kontekstuelle bakteppet var avslutninga på to verdskrigar etterfølgd av ein ”kald krig” mellom to antagonistiske supermakter. Under desse omstenda var det ei oppfatning av at meir kunnskap om kvarandre kunne føre til auka forståing og tillit landa i mellom. Oppgåva viser at motivasjonen for å etablere denne institusjonen mellom anna baserte seg på førestillingar om at Noreg hadde særskilte føresetnader for å skape mellomfolkeleg forståing i det internasjonale samkvemmet. Det blir også undersøkt korleis arbeidet med kulturelle relasjonar med utlandet tok til og korleis ein ønskte å organisere dette. Frå visjonar om eit institutt delvis finansiert av det private næringslivet, enda ein i 1950 opp med eit heilstatleg kontor: Kontoret for kulturelt samkvem med utlandet. Dette kontoret, og den verksemda det dreiv, står sentralt i heile oppgåva. Oppgåva kartlegg såleis kva dette kontoret faktisk hadde som verksemd og kva ein ville oppnå med det. Ein viktig del av verksemda var å forvalte internasjonale og bilaterale kulturavtalar med land både aust og vest for jernteppet. I tillegg dreiv kontoret aktivt opplysingsarbeid i utlandet gjennom ulike publikasjonar om Noreg. Oppgåva går nærare inn på begge deler. Oppgåva syner vidare kva bilete av Noreg ein ønska å formidle til omverda gjennom desse publikasjonane. I analysen av dette er framstillingar av eit naturgjeve demokrati og ei foreining av det tradisjonelle og moderne Noreg sentrale. Til slutt syner oppgåva korleis kontoret vart omorganisert i overgangen til 1970-talet og kva implikasjonar dette hadde. Oppgåva viser at det var ei tidstypisk utvikling i verksemda til dette kontoret. Frå å vektlegge kulturrelasjonar for å bygge tillit mellom statar frå 1950-talet, gjekk ein gradvis over til å prioritere meir strategisk informasjonsarbeid om Noreg ut frå handelspolitiske motiv frå midten av 1960-åra. IV Forord Det har vore svært interessant å jobbe med denne oppgåva. Eg vil gjerne takke rettleiaren min, Svein Ivar Angell for forslag til spennande prosjekt, god oppfølging og konstruktiv rettleiing. Han har vore ei utømmeleg kjelde til informasjon og inspirasjon. Takk også til alle på samtidshistorieseminaret og til medstudentar på lesesal, kollokviegrupper og i Studentersamfunnet i Bergen. Familien min har vore flinke til å motivere meg. Ein spesiell takk går til pappa for korrekturlesing og hjelp til å klarne tankar og tekst. Til slutt takk til Johannes for presise tilbakemeldingar, motivasjon og fyr i peisen. Bergen, mai 2014 Ragnhild Eitungjerde Høyvik V Innhald Samandrag ........................................................................................................................ IV Forord ................................................................................................................................ V Innhald ............................................................................................................................. VI 1. Innleiing ....................................................................................................................... 1 1.1 Tema .................................................................................................................................................................................. 3 1.2 Problemstillingar .......................................................................................................................................................... 4 1.3 Sentrale omgrep ........................................................................................................................................................... 5 1.3.1 Omgrep i litteraturen ............................................................................................................................................. 5 1.3.2 Aktørane sine omgrep ............................................................................................................................................ 8 1.4 Forskingslitteraturen ................................................................................................................................................. 9 1.4.1 Nordisk litteratur ..................................................................................................................................................... 9 1.4.2 Norsk litteratur ....................................................................................................................................................... 10 1.5 Kjelder og metode ..................................................................................................................................................... 11 1.6 Oppbygging og kapittelinndeling ....................................................................................................................... 13 2. Etableringa av Kontoret for kulturelt samkvem med utlandet 1945-1950 ........ 15 2.1 Innleiing ........................................................................................................................................................................ 15 2. 2 Kvifor kom det ein norsk institusjon for kulturelt samkvem med utlandet? ................................. 15 2.2.1 Tidlegare innsats på feltet .................................................................................................................................. 16 2.2.2 Motivasjon ................................................................................................................................................................. 19 2.3 Komité til opprettelse av kulturkontoret, 1946-1950 .............................................................................. 24 2.3.1 Forsøk på delvis privat institutt 1946-1948 ............................................................................................... 28 2.3.3 Mot ei heilstatleg løysing 1949-1950 ............................................................................................................ 32 2.4 Budsjettvedtak og stortingsdebatt 1950: Rasjonalisering og effektivisering? ............................... 33 2.5 Organiseringa: statleg, men frittståande ......................................................................................................... 35 2.6 Konklusjon ................................................................................................................................................................... 37 3. Kontoret for kulturelt samkvem med utlandet 1950-1966 .................................. 39 3.1 Innleiing ........................................................................................................................................................................ 39 3.2 Kontoret og sjølvforståinga .................................................................................................................................. 40 3.2.1 Få tilsette, mange oppgåver og små midlar? ............................................................................................. 40 3.2.2 Utvikling i legitimeringa av Kontoret ........................................................................................................... 41 3.2.3 Det store mangfaldet i oppgåvene .................................................................................................................. 43 3.3 Verksemd som skulle skape tillit og førebygge konflikt .......................................................................... 46 Kulturavtalar ...................................................................................................................................................................... 46 3.4 Verksemd for å skape velstand, demokratisering og utvikling ............................................................. 55 3.4 Å vise fram den norske samfunnsmodellen .................................................................................................. 59 3. 5 Konklusjon .................................................................................................................................................................. 62 4. Noregsbileta – framstillingar av Noreg i utlandet 1950-73 .................................. 63 4.1 Innleiing ........................................................................................................................................................................ 63 4.2 Demokratilandet: fridom, omfordeling og fred ............................................................................................ 66 4.2.1 Naturen som premissleverandør ..................................................................................................................... 66 4.2.2 Kulturnasjonen .......................................................................................................................................................