FORSTUDIE 2010

Sept 2010 Reisemål Vik i 2020

Foto framside:

Thomas Morel, Asbjørn Hønsi, Vik Skisenter, Vik Turlag, Leif Olav , Gunnar Kleven, Talkmølla

4 Forstudie [REISEMÅL VIK I SOGN 2020]

BAKGRUNN ...... 6 ORGANISERING OG ARBEIDSMETODE...... 7 VIK SOM REISEMÅL – EI SITUASJONSANALYSE...... 8 KARTLEGGING AV UTVIKLINGSPOTENSIALE...... 18 AKTUELLE SAKER OG SPESIELLE PROBLEMSTILLINGAR...... 32 UTFORDRINGAR...... 38 FØREBELSE STRATEGIAR FOR REISEMÅLSUTVIKLING I VIK...... 39

5 BAKGRUNN Reiselivsbedriftene i Vik kommune nyorganiserte seg i 2009 i selskapet Reisemål Vik i Sogn, etter oppløysing av Reiseliv BA. I avtale av september 09 mellom Vik Kommune og Reisemål Vik i Sogn tek reisemålselskapet anvar for å starta eit reisemålutviklingsprosjekt etter Innovasjon Norge sitt opplegg.

I eit samarbeid mellom Reisemål Vik i Sogn og Vik Kommune vart det hausten 09 etablert eit interimstyre med deltakarar frå Reisemål Vik i Sogn, Vik kommune, Vik Næringssamskipnad og Innovasjon Norge. Denne gruppa sende søknad til Innovasjon Norge om medfinansiering av forstudien, utforma forstudien, organiserte prosjektet etter prosjektlederprosessen (Innovasjon Norge) og engasjerte prosjektleiar (PL).

Vik er tradisjonelt ein sterk landbrukskommune, med bærproduksjon som ei vekstnæring. Landbruket synest viktigare for kommunen enn talet på sysselsette i næringa skulle tilseie.

Vik er no 3. største industrikommunen i Sogn utan ei tydeleg ”hjørnesteinsverksemd”. Kommunen har såleis eit breitt spekter av næringsliv samanlikna med nabokommunane .

Tenesteyting utgjer likevel hoveddelen av sysselsettinga.

Arbeidsplassar:

Landbruk 11%

Industri 30%

Tenesteyting: 59%

Som reiselivskommune ligg Vik om lag på gjennomsnittet i fylket i høve til folketalet m med ca 35-40000 kommersielle gjestedøger i året.1

Vik byggjer som fleire andre kommunar i Sogn reiselivet på den vakre naturen mellom fjell, brear og fjordar og kulturlandskapet. Vik har også ei spesielt rik kultursoge, mellom anna med to middelalderkyrkjer og mattradisjonar som bli tekne godt vare på. Det er likevel grunn til å gå gjennom kva som kan gjerast betre og kva som kan vere nye strategiar og nye element i ei framtidig satsing. Initiativet til forstudien avspeglar at aktørane opplever stagnasjon over ein lang periode, at potensialet i kommunen er større enn som blir utnytta pr i dag og at det er behov for å tilpasse produktet nye trendar i reiselivet.

1 Oppgåvesvar studium i reisemålsutvikling, 2008/2009, Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun 6 ORGANISERING OG ARBEIDSMETODE Arbeidet bygger på Hvitebok for reisemålsutvikling (Innovasjon Norge/Mimir – rapport 1/2008). Denne legg vekt på brei deltaking i prosessen, faseinndelt prosess og organisering etter prosjektlederprosessen (PLP).

Organisering Forstudien er såleis organisert med styringsgruppe (SG), prosjektansvarleg (PA) og prosjektleiar (PL). Referansegruppe (RG) har vore medlemmar i Reisemål Vik i Sogn, Vik Næringssamskipnad og andre interesserte einskildpersonar. Referansegruppa har vore innbydd til to opne møte.

Styringsgruppe (SG):

Annette Refsdal Carl André Riiber Vararepresentantar (har vore innkalt Dee Cunningham og dei fleste møtt): Gro Liljedahl Kari W. Sunde Eivind Lidal Marta Finden Halseth Gjertrud Samland Olav Vikøren Liv Hatleli Ottar Wiik Odd Rune Turvoll Thomas Bech Olav Turvoll Åslaug Stadheim Ese Veronika Seim Bech

Prosjektansvarleg (PA): Karen Weichert, Reisemål Vik i Sogn Prosjektleiar (PL): Eli-Grete Høyvik, Interplan, Balestrand

Styringsgruppa har hatt 4 møte (pr 27.09.10) og gjennomført ein studietur.

Arbeidsmetode Mobiliserande eller kommunikativ planlegging har vore ei rettesnor for arbeidet. Denne måten å arbeide på går ut på å bringe dei involverte gjennom ein prosess. I denne prosessen får ein fram deltakarane sine idear, visjonar, kunnskapar og røynsler som ein del av søkeprosessen. I neste omgang blir dette kunnskapstilfanget grunnlag for det vidare arbeidet med planen. Eit anna viktig føremål med denne måten å arbeide på, er å styrke eigarskap til prosessen. Dersom aktørane i reiselivet ikkje tek aktivt del i planleggingsfasen, er planen lite verdt når det kjem til tidspunktet for gjennomføring av konkrete tiltak. I dette planarbeidet har kommunen og grendelaga vore like aktive som den tradisjonelle reiselivsnæringa.

7 Figur: Modell for mobiliserande planlegging, prof. Roar Amdam, Høgskulen i Volda.

Det har såleis vore annonsert og halde 2 opne møte for referansegruppa (RG). Desse møta har vore godt besøkte (30 – 40 personar) og har bringa fram mykje informasjon til forstudien. Møta har også vore brukte som informasjonsmøte om aktuelle tiltak i kommunen, samt om den planlagde utviklinga av Voss Fjellandsby i Myrkdalen og samarbeid over kommune- og fylkesgrensa. Sjå vedlegg 1 og 2 for referat.

12-13 august 2010 gjennomførte 10 deltakarar i styringsgruppa ein studietur til Eidfjord og Flåm.

VIK SOM REISEMÅL – EI SITUASJONSANALYSE Vik kommune har eit folketal på 2768 (1.1.2010) og er sett saman av bygdene Arnafjord og strendene, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik (frå vest til aust).

Kommunen strekkjer seg om lag 40 km frå vest til aust. Men på grunn av dei geografiske tilhøva er felles innfallsportar i kommunen for alle bygdene Rv13 over Vikafjellet, ferja til Vangsnes, ekspressbåten Bergen-Sogn som har anløp Vik, samt båten Sylvarnes som går ruta Vik-Ortnevik.

Vik er tradisjonelt ein landbrukskommune, men industriarbeidsplassar har teke mykje over sysselsetjing i seinare tid. Bærproduksjon (tunnellbringbær) er ei ny jordbruksnæring i vekst og Vik er største bærkommunen i landet. Viktige produkt frå denne satsinga er også Tine sin Bringebærjus og Diplomis sin is med bringebær som dermed blir knytt til Vik som reisemål også.

Vik kommune har store naturressursar frå fjell til fjord, samt særmerkt geologi og botanikk. Jakt, fiske og friluftsliv er utbreidd. I kommunen er også intakte kulturlandskap og mange kulturminner. Mykje lokalhistorie er nedskrive og ivareteke. Vik kommune har eit blømande kulturlivet med kor, korps, 4H, ungdomslag/teatergrupper, idrettslag og ymse andre lag og organisasjonar.

8 Reiselivsnæringa Informasjonen i dette kapittelet er henta frå ulike kjelder. Den generelle informasjonen om bygdene kjem frå enten bygdelaga eller er henta frå brosjyrar / vevsider om bygdene. Opplysingane om reiselivsverksemdene er henta frå oppgåvesvara til Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun i samband med eit studium i reisemålsutvikling i 2008/2009, i tillegg til intervju med verksemdene på telefonen og eksisterande statistikk frå Reisemål Vik i Sogn, Bergen Turlag, Fjord1 og Statens Vegvesen.

Det er gjort ein grundig gjennomgang av dataene, og det blei ringt til reiselivsverksemdene for å sjekke om dataene er riktige. At det er hol i statistikken skuldast enten at det ikkje har lukkast å komme i kontakt med verksemdene ennå eller at informasjonen frå verksemdene ikkje var tilgjengeleg. Det er registrert ca 760 gjestesenger I kommunen. Dei fleste er konsentrert i om- rådet Vik -Vangsnes. Det er lite utbygd tilbod i standarden mellom hotell og cam- pinghytte: type vandrarheim/pensjonat. Utleigehytter/campingplassar står for ca 70% av gjestedøgna i Vik. 2

Det er relativt få heilårs arbeidsplassar knytt til reiselivet i Vik. Hovedgrunn er det sterke sesongpreget. Sysselsetting i småskalareiselivet er i hovudsak attåtnæring knytt til landbruk. Begrensa sengetal er eit problem ved større arrangement.

Hopstock Hotell er den dominerande heilårs reiselivsverksemda i Vik, og er viktig som flaggskip for næringa.

Vi definerer i dette tilfellet reiselivsverksemder som verksemder som direkte eller indirekte har betydning for Vik i Sogn som reisemål.

Sjå vedlegg 4 for meir detaljert informasjon om reiselivsverksemdene.

Arnafjord og strendene Arnafjorden ligg i Vik kommune om lag 20 km vestover frå Vik sentrum og er ein av Sognefjorden sine mange sidearmar. Fjella kring fjorden er ein naturleg innfallsport til det kjende og tradisjonsrike fjellområdet Stølsheimen. Busetnaden i Arnafjord er spreidd utover fleire mindre bygder og dei fleste driv med jordbruk. Det er om lag 70 husstandar. I Arnafjorden er det 3 grender: Nese, Indrefjorden (med Halsete og Åse) og Framfjorden (med Dale og Lee). Arnafjord har vegsamband til Vik. Arnafjord er eit populært reisemål for dagsturar eller lengre ferieopphald, med eit stort potentiale for naturopplevingar på sjøen eller i fjellet.

Strendene er samleuttrykket for busetnaden utan vegsamband frå Nese utover mot den vestlege kommunegrensa ved fjorden. Det er i dag fastbuande i Sylvarnes, Vollevik , Finnabotn, Finden, Geithus, Notaberget og Otterskred.

2 Oppgåvesvar studium i reisemålsutvikling, 2008/2009, Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun 9 Attraksjonar . Fjordane, fossane, naturen . Kulturlandskapet langs fjorden . Stølsheimen landskapsvernområdet . Badeplassar på Rundøyri i Framfjorden, i Indrefjorden og ved kaia på Nese . Skredstova, på Nese eit minnesmerke for Storskreda 1811 med piknikplass (under arbeid). . Utsiktspunktet på Lee der ein kan køyre bil nesten heilt fram . Gamle arnafjordmølla i Framfjorden (under utvikling)

Infrastruktur / kommunikasjon . Katamaranen Sylvarnes går i rute mellom Vik og Ortnevik 4 dagar i veka med anløp Otterskred, Geithus, Finden, Finnabotn, Vollevik, Sylvarnes og Vetlesand, kan ta med seg biler (førehandstinging) . I sommarsesongen er det daglege RIB-turar frå Vik til Finden eller Finna- botnen og tilbake (del av Verdiskapingsprosj. for sesongutviding/Fjord 1). . Private skyssbåtar som trafikkerer langs strendene . Merka tursti frå Ortnevik til Sylvarnes. . Fylkesveg 92 mellom Arnafjord og Vik med rutegåande buss 3 dagar i veka i tillegg til skuleruta, ca. 20-26 km til Vik sentrum . Stikkvegar til Dale/Lee og Halsete/Åse . Atløy legg til kai på Nese ein gong i året (utstillingar og sal av mat). . Mange turstiar i Arnafjord. Frå Nese går „Gamlevegen” til Tenne. Frå Tenne går det også tydeleg stiar/traktorveg til Englekoren og Haldorslifossen. Det er fleire stiar opp til fjellet og Stølsheimen landskapsvernområdet. Frå Tenne går ein merka sti opp til Fossesete (også kjent fotomotiv) og DNT-hytta Vatnane. Frå Halsete og Dale går det stølsvegar opp. Frå Framfjorden går det traktorveg opp til Bungane, ein fråflytta høgdegard. . Det er kai på Nese, i Indrefjorden og i Framfjorden ved Talkmølla og den kommunale kaien før ein kjem til Valsvik.

REISELIVSVERKSEMDER . Finden Gard . Fam. Olav E. Nese . Findebotten gjestehus . Café Nese landhandel . Otterskred fjordhytter (sommarope) . Bergen Turlag . Ivar Halset . Arnafjord hytter . Fjordaferie . Fjorden Nærbutikk

I tillegg kan nemnast at Indrefjord hyttegrend og Valsvik Fjordhytter har byggeklare hyttetomter. Skulehuset på Sylvarnes er eigd av kommunen og kan nyttast av Bergen Turlag. Arnafjord ungdomslag og Framfjorden ungdomslag kan vere ressursar for reiselivet og disponerer lokale for arrangement og aktivitetar.

10 Vik Kommunesenteret med omlag 2/3 av busetnaden I kommunen. Trafikk til/frå dei andre bygdene går i stor grad via Vik eller over Vangsnes.

Attraksjonar . Vikja og laksefiske. Tilrettelagt for rørslehemma. . Hopperstad Stavkyrkje . Hove steinkyrkje. . Strandsitjarstaden Vikøyri. . Sognefjorden og Vikafjellet. Natur og kulturlandskap. . Vik Skisenter med komplett vinteranlegg og asfaltert rulleskiløype for sommarbruk. . Storesvingen (Utsiktspunkt med café ved RV 13) . Gamalostfestivalen . Kristianhus Båt- og motormuseum . Moahaugane, gravhaugar frå Romartida . Borgstova . Vikøyri, strandsitjarstad . Idrettspark . Turstiar

Infrastruktur / kommunikasjon . Ekspressbåten Bergen-Sogn har anløp Vik . Rv13 over Vikafjellet og til Vangsnes går gjennom Vik, bussruter mot nord og sør . Sylvarnes Vik-Ortnevik 3 dagar i veka . Daglege RIB-turar til Finnabotn (mai-sept.)

Reiselivsverksemder . Hopstock Hotell & Motell . Tistel Camping & Feriehytter . Dampen Pub . Vik Skisenter . Hos Naboen . Ligtvor gardsferie . Ostebaren / Tine Meieri . Storesvingen Kafe . Vik Camping (sommarope) . JJ Design . Vikja – Trafo Kjøt . Fjordsylv . DNT / Vik Turlag (eks . Vik kommune Målsethytta, Vikafjell) . Fortidsminneforeningen . Reisemål Vik i Sogn

11 Vangsnes Vangsnes er eit blømande lokalsamfunn med omlag 400 innbyggjarar der hagebruket er det mest iaugefallande, og då mest produksjon av bringebær. Fritjovstatua og parken er Vik kommune sin 1000-årsstad. På Vangsnes kan ein gå turar i skogen/fjellet etter skogsvegar eller stiar. Startpunkt for turar er kyrkja eller skulen/Tråna. Frå Tveit camping kan ein gå fjelltur til Kongsvatnet. På Vangsnes finn ein og ferjekai med avgangar til Hella / Dragsvik som utgangspunkt for rundturar.

Attraksjonar . Fridtjovsparken med Fridtjovstatuen . Fridtjovspelet

Infrastruktur / kommunikasjon . Ligg ved Rv 13, ca. 10 km frå Vik sentrum, 8 km frå Feios . Ferjekai med samband til Hella og Dragsvik . Småbåthamn

Reiselivsverksemder . Djuvik camping . Solvang Camping, Hytter & . Tveit Camping Motell . Fjellheim Camping . Sognefjord gjestehotell . Havgula . Vangsnes Småbåthamn

Feios Feios er ei lita bygd ved Sognefjorden med om lag 240 innbyggjarar (god aldersspreiing). Her er oppvekstsenter (grunnskule med bibliotek og barnehage), butikk, kyrkje, ungdomshus, bedehus, ulik gardsdrift (bær, frukt, husdyrhald skogsdrift) og isfabrikk.

Rundt bygdi er det tilrettelagt ei kulturminneløype som går gjennom begge dalføra i Feios. Feios byr på opplevingar frå fjord til fjell heile året. Årlege arrangement er motbakkeløp frå Lunde til Vidasete, samt mange og varierte merka turløyper i skog og på fjellet. Ein kan oppleva symjefestival, torgdag, jonsokfeiring og ein har gode fiskeplassar ved djupvasskai, 2 km frå butikk og ved kai i elveosen. Det er ledige tomter i kommunalt byggefelt og nyleg utlagt hyttefelt ved fjorden. Lysløype i Aafedt om vinteren, og godt terreng for langrennsturar opp mot fjella frå dalsidene.

Attraksjonar . Sognefjord Swim Festival (annankvart år) . Vidasete Opp (årleg) . Kulturløype . Fjellområdet og turterreng 12 Infrastruktur / kommunikasjon . Feios ligg ved Rv 602, 8 km frå Vangsnes, 20 km frå kommunesenteret og 17 km frå Fresvik. . Kai . Turstiar til fjells

Reiselivsverksemder . Alm Gard (Helland Gårdsprodukter) . Feiosbui

Fresvik Fresvik er ei idyllisk bygd med ca 250 innbyggjarar. Det er ei jordbruksbygd med bær- og fruktdyrking. Av industri finst det Fresvik Produkt som produserer kjøle- og fryserom. Fresvik er del av UNESCO-området Nærøyfjorden og er dessutan kjent for Fresvikbreen (1660m.o.h.) og vakre fjellområde. Fresvik er rik på kulturminne, frodig furuskog og fantastisk turterreng sommar og vinter. Modig idrettslag leiger ut hytte i Jordalen og Skar på Fresvikåsen. Det finst ein offentleg badeplass tilrettelagt for store og små og eit idrettsanlegg med sandvolleyballbane, skateboardrampe og flott klubbhus midt i bygda. Ved skulen er det ballbinge. Det finst kajakkar til utleige. Kvar august er det minneløp for løparkongen Mensen Ernst. I juli er det Fresn-rockefestival som er det viktigaste arrangementet i Fresvik. Det er hus/hyttetomter for sal sentralt i bygda.

Attraksjonar . Nærøyfjorden Verdsarvområde. . Fresvikbreen . Område for plukking av blåbær og tyttebær . Skytebane med elektronisk visning; jakt og fiske . Kulturminne, m.a. stølar og stølsvegar, fangstanlegg for villrein i høgfjellet . Badeplass . Otterhjell gardsmuseum. Kulturstova i Breili. . Fresn rock-festival . Mensen Ernst Minneløp

Infrastruktur / kommunikasjon Fresvik ligg ved Rv 602, 37 km frå kommunesenteret og 17 km frå Feios. Det går (blind)veg til Simlenes ved Aurlandsfjorden.

Reiselivsverksemder . Frøys Hus . SjøStigen (Hege Strømme og Dee Cunningham) . Modig IL (aktivitetar) . Fresvik Kafe . Coop Nærkjøp

13 Stølsheimen landskapsvernområde Bergen turlag driv tre overnattingshytter i den delen av Stølsheimen som ligg i Vik kommune: Selhamar, Åsedalen og Vatnane. Dei er ubetjente, men ein kan kjøpe proviant i hyttene (unnateke på Vatnane).

Selhamar ligg berre ein gangavstand på ein halve time frå parkeringsplassen på Bjergane ved Kvilesteinsvatnet. Ditt kjem ein ved å køyre anleggsvegen frå Vikafjellsvegen som byrja ved Skjelingen.

Åsedalen ligg lengre inne i Stølsheimen, om lag 9 km (luftlinje) frå Arnafjorden eller parkeringsplassen på Bjergane. Hytta står ved Halsetvatnet. Åsedalen og Halsetdalen er det tradisjonelle stølsområdet til gardane på Halsete og Åse i Arnafjorden. Tre gardar har framleis kyr på sommarbeite der.

Vatnane ligg ved Vatnavatni, rett ovanfor Arnafjorden. Ein kan komme ditt via stølsvegen frå Tenne etter 1,5 til 3 timers gange.

DNT-hytter i Stølsheimen. Gjennomsnitt/år 07-09 (3 år)

Hytte Overnatting Dagsbesøk/å /år r Selhamar 1150 60 Åsedalen 650 120 Vatnane 120 15 Merknad: 80-90% av besøket er i tida juli-sept.

Det er også noko dagsbesøk i hyttene, dvs. folk som ikkje overnattar men brukar hyttene på dagtid til å opphalde seg der eller lage mat. Også her er det nærleiken til nærmaste veg/parkeringsplass som fører til mest besøk.

I tillegg driv Vik turlag Målsethytta ved Målsetvatnet påVikafjellet. Hytta er lett tilgjengeleg, ubetjent og har 12 sengeplassar.

14 Kartutsnitt frå UT.no over DNT-hytter i Vik kommune.

Private hytter og fritidshus Det er pr. 2010 registrert omlag 280 private fritidsbustader/hytter i kommunen, med eit pårekna sengetal på ca 1500. Det er grunn til å tru at reelt tal ligg på ca 300 bustadeiningar.

Omlag 80% er eigd av folk utanfor Vik kommune.

Hytteturistane representerer ein vesentleg del av reiselivet i Vik kommune, som kundar/brukarar av lokale tenester og tilbod.

Tal fritidsbustader er aukande.

Familietilknytning/røter er ein viktig grunn til å eiga fritidshus i Vik.

Det er godkjende reguleringsplanar/detaljplanar for for ca 160 nye tomter/hytter.

Det er i tillegg sett av store areal til fritidsbustader i godkjent kommunedelplan for 2005-2012. Tabellen viser areal om tomteressursar pr mai 2010.

15 Plan/område for fritidsbustader Godkjent Kommuneplan/delplan. Reguleringsplan/detaljpl Flateregulering. an Areal daa/pårekna tal Tal tomter tomter Solali, Fresvik 12 Skard 160/30-50 Rinde hyttefelt, Feios 19 Strandsona Vangsnes-Vik 50/20-30 Seimsfjellet, Vik 1000/50-100 Nyastøllii/ Vik Fjellandsby 72 1400/200-300 Kålsetlii 25/10-15 Røyrvik 8 300/ 50-60 Arnafjorden. 4 område ved fjorden 40 Fosse/Målsete 2000/50-100 Skjelingen Sør 10 (av 28) Sum 161 Ca 4900/410- 655

Trafikktal

Trafikk over Vikafjellet Statens vegvesen målar trafikken over Vikafjellet ved ein automatisk teljar i Storehaugtunnelen. Statistikken viser at trafikken er lågast i vintermånadene med ei jamn stiging mot sommaren og maksimum i juli. Tidvis stengt veg om vinteren er eit problem. I juli 2009 blei det registrert ein månadsdøgntrafikk på 1192 køyretøy. Januar har månadsdøgntrafikk på 98 køyretøy. Årsdøgntrafikken i 2009 var 485. Om lag 11 % av køyretøya har vore tungtrafikk. Sjå vedlegg 6 for meir detaljert oversikt over trafikktal

Trafikk på ferja Vangsnes – Hella- Dragsvik I følgje Fjord1 sin ferjestatistikk (Håndbok 157) har årsdøgntrafikken på strekninga Hella-Dragsvik/Vangsnes i gjennomsnittet frå 2001 til 2008 vore på 734. Om lag 60% av trafikk med ferja er gjennomgangstrafikk og 40% lokaltrafikk på årsbasis.

Trafikk på ekspressbåten Bergen – Sogn Diagrammet under syner trafikken på rutene Sogn – Bergen i 2009. Totalt tal reisande på ekspressbåtruta gjennom året er vel 70 000.

16 Ruta går dagleg heile året med avgang kl 8:05 frå Vik (utanom søndagar) og ankomst Bergen 11:40. Tilbaketuren startar 16:30 frå Bergen (laurdagar 14:30), kl 20:10 i Vik.

Om vinteren (desember, januar, februar) reiser i gjennomsnitt 4960 personar i månaden med båten. Ruta har spesiell betydning om vinteren, som "sikker" rute til og frå Bergen, som ikkje er avhengig av eit ope Vikafjell.. I 2009 var det 8161 reisande totalt i juli.

Frå mai til og med september går den speilvende ruta Bergen – Sogn (Flåm) – Bergen som er ein av bjelkane i ” in a nutshell” konseptet. På sommarruta Bergen – Flåm –Bergen var passasjertalet i 2009 ca 50 000.

Trafikk på ferja Vik –Ortnevik Ruta til Sylvarnes hadde i 2009 ca 5300 reisande. Desse fordeler seg slik ut over året. Sjå diagram.

Fjord1-ruta har status som riksvegferje og har anløp Ortnevik, Vetlesand, Sylvarnes, Vollevik, Finden Findabotnen (når det er flod), Geithus, Otterskred og Vik 3-4 dagar i veka året rundt. Båten tek også biler (må tingast)). Av desse reiste over 50% i sommarsesongen juni, juli og august. Dette kan tyde på at ruta i dag i grunnen har karakter av ei turistrute, sjølv om ho eigentleg skal sikre eit offentleg rutetilbod for dei fastbuande langs strendene som ikkje har veg.

Rundturar Fjord 1 Vik er inkludert i to av Fjord1 sine rundturprogram:

1. Secret treats along the Sognefjord/Vik, Finden og veglause grender må/ons/fr frå Bergen via Vik, Finnabotn, Ortnevik, Nordeide, Vadeim, Lavik, Bergen

2. Sailing to the glacier, from Vik/ bretur frå Vik dagleg Vik-Balestrand-Fjærland- Balestrand-Vik

17 Reiselivsworkshop i Tyskland mai 2010 Dagleg leiar i Reisemål Vik i Sogn deltok på reiselivsworkshop "Active Holiday i Norway" i mai 2010. Føremålet var å finne ut kva turoperatørar er ute etter.

Svaret er at det er mange som etterspør feriehus/hytter ved fjorden, dvs. partnarar som har hus/hytter som kan leigast ut gjennom katalogane til operatørane. Så er det i tillegg litt etterspurnad etter nisjeprodukt, slik som overnatting utanom det vanlege og ”mountainbiking”.

Les også av materialet ein tendens til at gjestene (tyske og nederlandske) ynskjer rimeleg overnatting og har meir fokus på aktivitetar enn tidlegare. Dette kan til dømes peike mot at det er eit ynskjeleg tilbod med vandrarheim eks kombinert med campingplass i Vik sentrum (grunna individuelle reisande med ryggsekk og utan bil) ref vedlegg 3 ang studietur til Flåm camping og Vandrarheim.

Det er også interesse for at lokale aktørar er aktive med stoff til publikasjonar og på nettsider – eks fiskehistorier, om turar i området og nyhende. Denne typen proaktive handlingar kan ved møysommeleg arbeid – og av og til litt flaks – setje lokalitetar i Vik kommune på kartet. Sjå vedlegg 5 for rapport frå workshop i Hamburg.

KARTLEGGING AV UTVIKLINGSPOTENSIALE Ein viktig del av ein slik forstudie er å finne fram til ressursar og føresetnader for vidare utvikling. Det har også vore eit mål for prosessen å få fram aktuelle målgrupper og mogelege nye produktkonsept. Som ein naturleg del av prosessen, vil det også komme fram ulike utfordringar eller problem som kan legge hindringar i vegen for ønska utvikling.

Følgjande er kjelder for dette kapitlet:

• Oppgåvesvar kurs i reisemålsutvikling 08/09 HSF - Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun. • Kartlegging av ressursar i ope møte 24 mars 2010 • Kartlegging av målgrupper og mogelege produktkonsept i ope møte 7 april • Gjestegransking sommaren 2010 • Innovasjon Norge sin merkevarepolicy, trendanalysar og marknadsundersøkingar. • Reiselivsplan for

Viktige ressursar På det opne møtet 24 mars 10 (vedlegg 1) vart deltakarane bedne om å kartlegge ressursar for reiselivet i Vik i kategoriane natur, kultur, tradisjon/historie, næring, folk og ”nytt” – dvs ein første registrering av kva deltakarane kunne tenkje seg etablert.

Referatet syner at aktørane ser mange ressursar som kan nyttast betre.

18 Natur Naturressursane var rimelegvis godt spreidde i heile kommunen.

Fjell - frå fjellområda i Stølsheimen, Vikafjellet og til verdsarvområdet kring Fresvikbreen. Her var det idear kring betre utnytting av brevandring, skiturar, ekstremturar, trugeturar, turløyper og guida turar/tur med kjentmann. Sommarsnø knytt opp til det nye skianlegget på Kålsete er også svært interessant, eks Fossfjellet rundt om sommaren. Spesielle ressursar er nemnde Vidasete opp, Seimsfjellet,

Frå fjell til fjord - Ressursar i området mellom fjell og fjord kan vere villrein, hjort, laksefiske, fossar og gjettegryter. Dette kan gi utgangspunkt for aktivitetar som hjortesafari, fossevandring, … Spesielle ressursar er nemnde Storesvingen, Haldorslifossen,

Fjord - Ressursane langs fjordlinja i kommunen frå Finnafjorden til Fresvik er eit godt utgangspunkt for aktivitetar på eller ved fjorden eller stille nyting – eks fjordturar, badeplassar, symjefestival, nise-/kvalsafari. Spesielle ressursar er nemnde Finnabotnen, Vikøyri, ….

Kultur og kulturarv Bygningskultur, kunst og landskapselement - middelalderkyrkjene Hove og Hopperstad, gravhaugar, Vikøyri med strandsitjarmiljøet, hus frå ulike tidsepokar, Fridtjovstatuen….. Dette kan vere utgangspunkt for historiske tablå (strandsitjarar, Fridtjovspel), merking med historikk på bygningar, kulturløype/Sylvringen, Bergmuseum (?) ….

Matkultur og gardsliv – gamalost, heimabrygg, stølsdrift, sauesanking. Dette kan vere utgangspunkt for ølbrygging, kåring av beste brygg, Gamalost som handtverk og utvikling av Gamalostfestivalen, lær å slå med langorv/ekte blomstereng…….

Historiske personar – Per Sivle, Mensen Ernst, Gjest Baardsen, Synnøve Finden, Anna Åse, Peter Andreas Blix, …..

Folkeleg kultur – song og dans, flakadans, Fresn, …

Spesielle ressursar er nemnde Borgstova, smia (flyttast?), Fossesete, Talkmølla i Framfjorden, Osen/Feios, fangstanlegg for villrein, båten Arnafjord, lokalhistorisk arkiv, Gryteberget,..

Næring Her er det ikkje poenget å få fram heile næringslivet i Vik, men den delen av næringslivet som er mest interessant for reisemålsutvikling.

Dei eksisterande reiselivsbedriftene utgjer sjølvsagt den største ressursen, sjølv om dei aller fleste held på med reiseliv på deltid eller sesong i tillegg til anna arbeid. Desse er truleg dei første og næraste til å gripe tak i mulegheiter og utvikle nye produkt som styrkar Vik kommune som reisemål. 3 3 Døme på dette frå Nærøyfjorden Verdsarvområde: http://www.heritageadventures.no 19 Ettersom Hopstock hotell er den største reiselivsverksemda i kommunen, er det av interesse å få kunnskap om strategiar for denne verksemda ettersom det truleg vil påverke andre aktørar på reisemålet. Brannen sommaren 2010 var ei stor katastrofe for verksemda. Arbeidet med skjønn i samband med forikringsoppgjeret pågår framleis pr sept 2010 og det blir ikkje drift ved hotellet i 2011. Iflg Carl Andre Riiber er det to mogelege scenario for framtidas Hopstock: enten pusse opp det som er skada eller bygge heilt nytt.

Verksemda har ikkje valt strategi enda, men vil i begge tilfelle satse vidare i same retning som dei par siste åra: Rette seg meir mot marknaden av individuelle reisande som ynskjer å bruke Vik som base og vil nytte seg av mangfaldet i Vik og området rundt og aktivitetar frå sjø til fjell. Rundreise med buss er ein mindre interessant marknad for hotellet grunna sterkt prispress frå turoperatørane. Ein strategi med satsing på individuelle føreset samarbeid med mange aktørar som gjer det interessant å besøke Vik og området rundt.

Det har i løpet av forstudien vore teke kontakt pr e-post for å finne ut av dei andre reiselivsbedriftene i Vik sine eventuelle planar om utviding og evt nye produkt/tiltak. Her er nokre døme:

• Vik Camping har ingen større utbyggingsplanar dei neste åra, men har planar om å oppgradere eksisterande bygg – eks tilbygg ved inngangen der det no er kiosk/resepsjon og uteplass under tak. Det vil då bli eit opphaldsrom/varmestove for gjestene.

• Tveit Camping har planar om opprusting av småhytter, utviding og forbetring av båt- hamn og utviding av sanitærhus.

• Fresvik Bygdalag som også eig Fresvik Kafe, har ein strategi for å tilrettelegga butikk/kai-området til gjestehamn for båttrafikk på fjorden. Dette vil skje i samarbeid med butikken.

Daglegvarebutikkane er viktige for reiselivet, og kanskje spesielt dei minste som er i bygdene utanom Vik sentrum. Det bør jobbast meir ideen ” Turistinformasjon i butikk” - med design for stand i butikkane for å oppnå lik stil og attkjenning (materiell, brosjyrar, plakatar, mv.) Personalet bør kursast i vertskap og kva er attraksjonar i Vik og i neste bygd. 4

I tillegg til reiselivsbedriftene for overnatting, servering og aktivitetar er desse aktuelle å nytte betre i reiselivet:

Vik meieri med gamalostproduksjonen, kjøt frå Vikja, bringebærdyrking for servering, sal og bringebærjus, is frå Alm gard i Feios, kraftproduksjonen (kraftstasjonar, turbinane på Statkraft, Refsdal gamle kraftstasjon.)

Spesielle ressursar er nemnde: Kristianhus, Café Nese Landhandel, gruvevandring (sikringstiltak), …

4 Bygdevertkurset kan vere ei aktuell løysing her

20 Folk, lag og organisasjonar Ressursane som ligg der er lite verdt om ikkje folk tek fatt i desse og på ymse vis legg til rette for at besøkande kan få gode opplevingar. Vik har eit aktivt organisasjonsliv som først og fremst er innretta på å gjere det triveleg å bu i kommunen. Det er likevel ofte slik at det som gjer det kjekt å bu ein stad ofte også er det som gjer det kjekt å vitje ein stad. Døme på lag og organisasjonar som vil kunne få større betydning for reiselivet er til dømes sogelaget, turlaget, idrettslaget, bygde-og grendalaga og bygdekvinnelaget.

Når vi seier folk, tenkjer vi på personar som bur i eller har tilknyting til Vik og som kan vere ressursar for reiselivet på ein eller annan måte. Det gjeld til dømes personar som gjer Vik kjende ute i verda som skiskyttar Ann Kristin Aafedt Flatland, kulturpersonlegdomar og formidlarar som Ragnar Hove, Jens Brekke og Ottar Wiik og Leidulf Finden (”Leidulf i naustet”) og etter kvart ein fotograf som blir lagt merke til - Thomas Morel.

Det syner seg også ofte at innflyttarar – enten frå Noreg eller andre land – kjem med eit friskt blikk og ser mulegheiter som bygdefolket kan vere heimeblinde på. Det er viktig at slike initiativ blir møtte positivt og at tiltaka får ein sjanse til å lukkast. Dei kjenner også ofte til målgruppene dei utviklar tilbod for.

Sjå referat vedlegg 1 for fleire døme.

Aktuelle målgrupper På det opne møtet 7 april 2010 (Vedlegg 2) vart deltakarane bedne om å kartlegge aktuelle målgrupper for reisemålet. Dette vart gjort med visse om at deltakarane hadde konkrete røynsler med kven som faktisk besøker Vik kommune pr i dag og samstundes oversikt over kva som kan vere interessante nye målgrupper å hente til staden.

Dette vart resultatet av ein ideprosess der deltakarane også fekk prioritere kva dei oppfatta som dei viktigaste målgruppene i framtida . (Tala er summerte poeng frå deltakarane):

29 – norske barnefamiliar 3 – verdsarvturistar 20 – småbåteigarar 2 – tyske fisketuristar – par eller ”gutta 19 – idrettsfolk på tur” 18 – aktive menneske/– 2 – studentgrupper i buss friluftsinteresserte 2 – cruiseturistar 11 – syklistar 2 – bubilturistar eks frå 13 – norske baseturistar – gjerne i par – Tyskland/Nederland base 3 dagar 1 - vaksne bussturistar eks frå Israel, 12 – norske campingturistar USA, England 9 – vandreturistar 1 – amerikanske ”heritage-turistar” 4 – turlagsfolk 0 – austeuropeiske / fiskeinteresserte 4 – festivaldeltakarar

21 Gjesteundersøking Vi visste i utgangspunktet for lite om kven som er gjester i Vik. Difor kunne vi ikkje seie noko om denne lista avviker mykje frå det faktiske mønsteret i dag.

Styringsgruppa vedtok difor i mai 2010 å gjere ei avgrensa gjesteundersøking sommaren 2010 for å få meir kunnskap om kven som er gjester og deira synspunkt på Vik som stad å besøke. Eit spørjeskjema låg tilgjengeleg hjå reiselivsbedriftene og turistinfoen. Oppsummering av undersøkinga kan studerast i heilskap i vedlegg 7.

Det er eit svært lite utval av dei besøkande som har teke seg tid til å svare, ca 50. I tillegg har 21 svara på arket om kva som er bra – og kva som kan bli betre i Vik kommune. Så oppsummeringa må vurderast deretter. Likevel ville svara kunne gje ei idé om kven dei reisande som kjem til Vik er og behova dei har.

Vi les følgjande:

Det er godt vaksne reisande i Vik (43% mellom 41 – 60 år og 45% over 60). Dei fleste reiser i par og kjem ikkje tilfeldig til Vik. Tyskland er det mest vanlege opphavslandet i tillegg til Noreg, der dei fleste som svarte kom frå ”Vestlandet elles” – som kan tyde på Hordaland.

70 % er på ferie - og heile 63 % har vore i kommunen før, også dei utanlandske. Dette kan tyde på at mange kjem att år etter år til sin ”yndlings feriestad”. Heile 80 prosent blir 2 dagar eller meir – fordelt på 40 % 2-6 dagar og 40 prosent meir enn 6 dagar. Baseferie i hytte/feriehus er slik organisert med byte pr veke. Få av dei som svara hadde vore i bygdene utanfor Vik sentrum. Her kan vi ha ei feilkjelde – og dette kan såleis kan ha med kor det var jobba mest med å få inn svar på undersøkinga å gjere.

Gjestene hadde fokus på tur og aktivitetar i den vakre naturen. Jakt, fiske og naturopplevingar skora høgst på kva folk ville bruke tida på i Vik. Det var også interesse for kultur blant mange. Campingplassane var framheva med gode fasilitetar og godt vertskap.

Turistinfoen og serveringstilbodet fekk ymse vurdering. No var dette ein spesiell sommar i og med at hotellet ikkje var i drift. Attraksjonane i Vik ser ut til å vere populære – men avhengige av god formidling. Nokre av attraksjonane ser ut til å vere lite kjende. Til dømes har veldig få av dei som svara besøkt Fridtjov-parken eller strandsijarstaden Vikøyri.

Irritasjonsmoment Det vart i tillegg avdekka ein del ”irritasjonsmoment” også. I følgje Kviteboka for reisemålsutvikling er dette eit viktig utkomme som aktørane bør ta alvorleg. Døme. ”Dei markerte turstiane på turkartet er vanskelege å finne”, ” Nokre turstiar frå kartet manglar markering”, ”Manglar leigemoglegheit for båt med motor”. ”Gratis tømmeplass spillvasstank” 5

5 Turistane må betale 20 kr for tømming av spillvasstank. Truleg har vedkomande gjest ikkje visst om dette tilbodet for tømming. 22 Vedlegg 9 syner litt av dei ein tilfeldig turist utstyrt med eingongskamera irriterte seg over sommaren 2010.

Oppsummering målgrupper: Vi kan såleis rekne med at godt vaksne par, gjerne frå Tyskland eller Noreg, på baseferie og med interesse for fiske og aktivitetar i naturen er dei mest typiske turistane i Vik i dag. Desse blir truleg ei særs viktig målgruppe framover også – ref Vik sin styrke på camping og feriehus/hytter. Dette stemmer med nasjonale data frå Innovasjon Norge 2009 – der tyske turister utgjer 40 % av reisande til Fjord- Noreg.6

Aktørane i prosessen ser nye viktige målgrupper i framtida:

• barnefamiliar på dagsbesøk ref Voss Fjellandsby i Myrkdalen

• småbåteigarar – eks eigarar av hytter i Voss og Vik som ynskjer å bruke fritidsbustaden om sommaren

• ”sprekingar” – dvs aktive brukarar av naturen (syklistar, padlarar, ”birkebeinarar”, medlemmar av Turistforeningen, organiserte idrettsfolk i diverse idrettsgreiner, klubbar og bedriftsidrettslag)

Desse målgruppene kan opne for nye produktkonsept.

Bærande produktkonsept på reisemålet Eit produktkonsept skildrar ei ferieform i generelle termar slik at den potensielle kunden finn svar på sitt behov. Det er også eit språk som turoperatørar og transportørar enkelt kan forholde seg til. Døme kan vere baseferie, kystfiske, rundreise med buss, skiferie, ferie ved fjorden, etc.

I kartlegginga gjort av studentane på reismålsstudiet er det analysert kva som er bærande produktkonsept i Vik. Det vart i ope møte 7 april 2010 kartlagt aktuelle målgrupper for Vik (sjå over). Med utgangspunkt i desse, vart det arbeidd vidare med ulike produktkonsept og høvelege nye aktivitetar / pakking av eksisterande tilbod. Dette må sjåast på som særs førebelse ideskisser og døme på korleis ein kan byggje vidare på eksisterande produkt og utvikle nye. Men det kom likevel fram idear til tiltak som kan prøvast ut alt sommaren 2010.

NB! Vi presiserer at i fleire av døma er dei aktuelle aktørane ikkje spurde – men får ta som eit kompliment at deira tilbod/verksemd er oppfatta som interessant i slike potensielle samarbeidsprosjekt.

6 Innovasjon Norge, Reiseliv, Nøkkeltall 2009 23 Baseferie. Utleigehytter/hus/camping. Private hytter. Baseferie står truleg for hovuddelen av verdiskapinga i reiselivet i Vik kommune. Ca 30 – 40 000 gjestedøgn og i tillegg bruk av lokale tilbod og tenester. Baseferieturistar er i hovedsak individuelle reisande med eigen bil.7

Omrepa ”varme” og ”kalde” senger er interessant i denne samanhengen. Omgrepet oppstod ved planlegging av amerikanske skidestinasjonar. Der er det størst interesse for ”varme” senger som fyller skianlegget i ein lengst mogeleg sesong. Dei ”kalde” sengene, dvs private hytter/leilegheiter er det ikkje mogeleg å verken planlegge med eller nytte som gjestefasilitet. Det kan vere ein tommelfingerregel at ein må ha 3 gonger så mange ”kalde” som ”varme” senger for å fylle kapasiteten til dømes for eit skianlegg.8

Framlegg til aktivitet/tiltak for baseferierande:

”Lokal nøtteskaltur”

- Tur i natur - ”sniletur” (ta med snil og gjer stien betre når du først er der!) - Kulturdag med gourmetmåltid - Fjordaktivitetar

(sjå referat frå workshop 7 april 2010 vedlegg 2 for meir detaljar)

Bussturisme/rundreiser.

Ein stor del av gjestene på campingplassane er individuelle reisande på rundreise med eigen bil/motorsykkel/sykkel. Det er ein generell tendens til synkande tal gruppereisande og aukande tal individuelle reisande som planlegg ferien sin og bookar sjølv, eks på internett.

Bussturistar er likevel framleis i viktig gruppe. Ca 500 bussar er innom Hopperstadkyrkja pr år. (Ca 60% av besøket). Bussgrupper har også utgjort ein stor del av Hopstock hotell sine gjestedøgn. Dette er no i endring. Mange reiselivsaktørar opplever til tider utilbørleg pressing av prisar frå turoperatørane.

7 Dette sitatet frå ein fornøgd gjest sin e-post til Tveit camping kan illustrere potesialet for baseferie:

“We have just come back excited from our holiday in Norge. It is an extremely beautiful country! Our longlasting dream came true. Originally, I planned to stay for a few days in Gudvangen and Naroy fjord. Fortunately, everything there was already booked so I accepted your offer. Later I realized that we were very lucky because the Vik region suited our needs better. The Tveit camping became the best base for our activities we could ever imagine. It is right in the center of many variable places of interest. And we even found a wonderful calm bay for seakayaking in Arne fjord.”

8 Lom kan vere eit døme på eit reisemål som ikkje har som mål å bygge vidare ut for baseferie. Der er det rikeleg av aktivitetar som dei reisande gjerne vitjar ein gong. Reiselivet i Lom har såleis interesse av å ”skifte sengetøy” så ofte som råd for å fylle aktivitetane! Kjelde: Bård Jervan, MIMIR, forfattar av Hvitebok for reisemålsutvikling. Tlfsamtale med PL 19.05.10.

24 Det kan likevel vere interessant for ein del aktørar å halde på denne markanden ettersom bussar sørgar for volum. 9

Cruiseturisme. Vik Cruiseport har tilrettelagt kai for tendertrafikk. Vik Kommune er medlem/eigar i Cruise Norway, som marknadsfører havner/destinasjonar. Vik er i hovedsak transitthavn, med liten lokal verdiskaping. Siste 5 år er gjennomsnitt ca 25 skipsanløp/år, med ca 10000 pers/år opplasta på buss. Ca 50% løyser bill. i Hopperstadkyrkja.

Inntekter/lokal verdiskaping er knytt til ilandstigningsavgift (15kr/pers. frå 08), og besøk i stavkyrkja. (Ca 20 - 25% av inntektene frå cruiseturistar)

Både ut frå drøfting i styringsgruppa og tema på studietur til Eidfjord og Flåm, er det viktig å finne fram til berekraftig og verdiskapande tilrettelegging for cruiseturisme. Aktørane kan truleg finne fram til ”lettvinte” opplegg å tilby cruiseoperatørane for å auke attraksjon og ”freistingar” i Vik, eks sørge for at det er stopp ved stad der det er mogeleg å handle reiseminne ol.

Det blir også arbeidd vidare med cruise-spørsmålet i eit samarbeid mellom Vik kommune og Reisemål Vik. Etter eit møte om temaet våren 2010, fekk Reisemål Vik i oppdrag å leggje fram eit forslag til ansvar- og oppgåvefordeling i samband med handtering av cruiseanløp. Det er i dag ikkje fast system for mottaking av cruisegjestar og ingen rutinar for statistikk etc.

Vandreturisme/fotturar. Ein viktig del av baseturistane sine aktivitetar er vandring/fotturar/skiturar i fjellet. Vandreturisme knytt til DNT sine hytter i Stølsheimen, gjev i liten grad lokal verdiskaping i Vik kommune. Nyetablerte DNT hytter på Målsete og i Jordalen ved Fresvikbreen i regi av Vik Turlag kan gje større lokal verdiskaping, ved at Vik/Fresvik vert start/endepunkt på turar.

Turfolk ser ut til å vere ei stor og aukande kundegruppe. Den generelle utviklinga i samfunnet med stillesitjande og mindre fysisk krevjande arbeid, tilseier aukande vekt på helse, trim og ”ut i naturen”-aktivitetar. Vik har alle føresetnader for å ta imot gjester med slike interesser som synt i oversikten over.

9 Odd Vangsnes frå Sognefjord Gjestehotell har eit interessant innspel til dagstur ut frå eigne erfaringar med gjester frå Vossaområdet: Oppheim - Vikafjellet - Vik - Vangsnes (lunsj) - Fresvik (45 min opphald) - båtskyss til Gudvangen – Oppheim. Dette er ein tur som involvere både verksemder i Vik kommune (lunsj m.m.) og Verdsarvområdet og kan såleis vere interessant å utforske.

25 Døme på vandreturar:

a) Lett vandring – Driftevegen Hola – Vik. Dag 1: Hola - Målsethytta - Start Hola (Grungagjelet). - Stopp 1: Vetlegrungen (støl) / servering / historie - Stopp 2: Hestavatnet - Ende dag 1: Målsethytta, med Gourmetmiddag (hyttestil) Dag 2: Målset – Dalbotn – Vik - Middag i Borgstova (Vikjameny) - Lett vandring – Driftevegen Hola – Vik. - b) Krevjande vandring: - Fangstanlegg i Høgfjellet (Tematur – dagstur) - Fresvik /Engi – Hovsfjellet – middag på Frøys Hus – rein – stampbad - med drama.

Sykkelturisme Dette produktkonseptet har ikkje tidlegare vore spesielt aktuelt for Vik. Med utvikling av opplevingstilbod både aust og vest i kommunen, kan det vere meir interessant å prøve ut. Det bør kunne vurderast å henge tilboda i Vik på sykkelturismen ved Rallarvegen – Flåm eks med båttransport/ekspressbåten?

”Ein spennande dag på sykkel langs fjorden i ”heile” Vik”

- Morgon: båt Vik – Nese – frukost Nese Landhandel ispedd lokal historie - På sykkel til Rundøyri – bad (diplom til alle som badar) små stopp undervegs til Vikøyri - Lunsj – Meieriet m/gamalost – på sykkel vidare - Vangsnes – opp og helsa på Fridtjov ispedd litt historie og bringebærjuice - Feios er neste stopp – isbui og Borlaug – (route Sognefjord Swim festival) - Fresvik – alle som hoppar i stampen frå servert øl/vatn etter ønskje. - Middag Frøys Hus

Eit anna døme er sykkelturar i samband med Sylvarnes og Ekspressbåten via Lavik, Ortnevik. 10

Sportsturisme Sportsturisme er relativt nytt i Vik, og i vekst. Sportsturisme knytt til Vik Skisenter omfattar grupper/lag på treningssamlingar og større regionale/nasjonale arrangement som t.d. NM på rulleski 2009. Sportsturisme tilførde Vik 2-3000 gjestedøger i 2009.

Laksefiske i Vikja dreg og ein del gjestar til Vik.

10 Døme på eit slikt opplegg etter ide fråkunde: Ferjetur Lavik-Oppedal, sykle til Ortnevik (overnatting), med Sylvarnes til Vik, sykkeltur til Arnafjord og tilbake, overnatting i Vik, ekspressbåt til Lavik. 26 Utbygging av Vik Idrettspark og utvikling/konsolidering av Vik Aktiv vil styrka grunnlaget for vidare utvikling av sportsturisme i Vik.

Båtturisme Gjester som kjem sjøvegen til Vik har bruk for servicefasilitetar. Hytteeigarar, enten i det nye feltet i Vik eller kanskje enda meir sannsynleg, hytteeigarar i Voss Fjellandsby, kan ha stor interesse i ei tilknyting til fjorden for å kunne nytte fritidsbustaden året rundt.

Det kan såleis vere eit strategisk val å legge til rette for Vik eller Arnafjord som Voss og Myrkdalen si ”småbåthamn” nr 1. Iflg Bård Jervan i konsulentselskapet Mimir og forfattar av Kviteboka for reisemålsutvikling, bør det også vere aktuelt å prøve å få med investorane for desse utbyggingsselskapa til slik infrastruktur for småbåteigarar. Det er ei utvikling i retning av at nordmenn har mindre tid til stell av fritidsbåten, men desto meir pengar til å kunne kjøpe tenester av typen vinteropplag, vårpuss, reparasjonar og generelt vedlikehald. 11

Gjestehamn: - I alle bygder / ei hovudhamn - Båtutleige - Fiske - Dykking - Utstyrsutleige

Båthotell: - Vedlikehald - Oppgradering / båtutstyr - 1 båt pr 10 bueiningar i Myrkdalen?

Gjestehamn Vik – aktuelle fasilitetear12: - Båtmotormuseum - Strandsitjarmiljø - Matservering - Båtverkstad, parkering båteigarar

I dette tilfellet vil tilrettelegging frå Vik kommune gjennom regulering eller områdeplanlegging vere eit viktig bidrag. Det bør også kartleggast aktuelle lokale for t.d båthotell/vinterlagring. Talkmølla i Framfjorden har vore nemnt som aktuell.

Kurs/konferanse/oppleving. Aktiviteten er i hovedsak knytt til Hopstock Hotell, dei to verksemdene i Finnafjorden, og

11Tlf.samtale med PL 19.05.10

12 Vik småbåtlag arbeider med ei ny arealløysing som kan endre kapasiteten for gjestande småbåtar. 27 Hege Strømme og Dee Cunningham i Fresvik (guida turar på fjord og fjell) . Omfang er aukande på aktivitet/oppleving. Sognabær og bringebærsatsinga på Vangsnes kanaliserer ein del besøks- kurs og møteverksemd til kommunen, likeeins andre bedrifter i kommunen. Men samanlikna med nabokommunar eks Voss, Balestrand og Aurland, er det lite kurs/konferanse-aktivitet i Vik.

Dagsturar med opplevingar i Vik Dette kan vere aktuelt for norske eller utanlandske barnefamiliar. Vi ser at det kan bli ein stor marknad i hytteeigarar på vossasida av fjellet. Attraktive aktivitetar for born er dermed eit svært interessant utviklingsområde for Vik.

Aktuelle aktivitetar for barnefamiliar kan vere:

1. Gardsbesøk Vangsnes – aktivitetsgard – med graut = Kos og stell med dyr = Fridtjovparken 2. Alm gard – isproduksjon (lag din eigen is) og bringebær (plukk sjølv) + kaffi i Feios 3. Kajakkpadling + bading + strand & stamp i Fresvik. Grilling mogeleg på badeplassen – middag Frøys Hus 4. Guida tur på Vikøyri = vandring + historie 5. Båttur til Finnabotnen m /lunsj 6. Skiskyttardag – hest/rideturar, fisking, fotturar, sykling

1) Heritage-reiser/finne slektsrøter. Dette produktkonseptet er alt prøvd ut i liten målestokk i Vik, for det meste gjennom private familiearrangement. Amerikanske turistar vil gjerne sjå staden forfedrene kom frå. Marknaden er truleg stor.

Aktuelle aktivitetar innanfor eit slikt konsept kan vere:

- Gardsbesøk for å finne røtene – evt med aktivitet sauesanking, klypping. - Middelalderkyrkjene, Fridtjovparken, - Typisk norsk matoppleving, lutefisk, lefse, rømmegraut, td i Finnabotn - Kulturelle opplevingar, folklore, Fridtjovspelet, mm - Dagstur til Fjærland, Bremuseet + breane - Evt andre dagsturar – td Flåmsbana

Vik og verda

Per Arne Tuftin, Direktør Reiseliv, Innovasjon Norge, 2009. ”Skal Norge greie å hevde seg i en tilspisset internasjonal konkurransesituasjon må reiselivsnæringen fokusere enda mer på hva turistene kan se og gjøre på en Norgesferie. Opplevelsene må leveres med kvalitet, kompetanse og profesjonalitet i alle ledd.

I det følgjande skal vi sjå nærare på Vik sin profil, produkt og marknad sett i høve internasjonale trendar og nasjonale satsingsområde.

28 Det er Innovasjon Norge som overvakar internasjonale trendar og marknader og legg strategiar for nasjonale reiselivssatsingar. Følgjande trendar er registrert av IN i det siste13:

- Kortare turar – og oftare til byane enn til distrikta. Dette er ikkje nokon fordel for stader som Vik.

- Vekst i flytrafikken – særleg med lågprisselskap. Destinasjonar med god tilkomst til flyplass som blirtrafikkert av desse selskapa vinn fram. For Vik sin del kan det til dømes bety å etablere henteteneste frå Flesland flyplass – som det blir gjort til Myrkdalen (eks britiske vinterturistar til ”cross-country-skiing”)

- Polarisering mellom etterspørselen etter masseturisme på den eine sida og meir kvalitet/individuelle feriar på den andre. Det siste vil komme stader som Vik til gode.

- Demografiske endringer blir kalla ein megatrend, og det er ingen tvil om at endringar i befolkningsstrukturen vil ha innverknad på reiselivet i eit lengre perspektiv. Vi veit sikkert at det blir fleire eldre, og at dagens eldre er ”yngre” og har ei heilt anna helse og aktivitetsnivå enn tidlegare generasjonar. Dei har bedre råd og brukar meir pengar på seg sjølv. Desse gruppene er aktuelle både for Vik sine kultur- og friluftslivstilbod

- Helse og sunnheit – Å ha god helse, sjå vakker og ung ut betyr det same som lukke i dagens samfunn. Helseferiar er i skotet og kampen mot aldring blir utkjempa. Helseferiar er ikkje noko nytt fenomen (eks kurbad), men det nye er at friske menneske reiser på helseferiar for å ”lade batteria”, fikse på utsjånaden, trene og å ete sunt. I følgje Innovasjon Norge si reisemotivundersøking14, har Noreg den sterkaste posisjonen i segmentet ”Nye krefter og energi”, og dette er også det segmentet som i størst grad samsvarer med merkevaren Norge. Vik kan tilby allsidige aktivitetar og opplevingar for friske menneske som vil ”lade batteria” i naturlege omgjevnader.

- Det autentiske og ekte. Ettersom opplevingaer er i fokus, er det viktig at opplevinga er autentisk og ekte. Lokale kulturopplevingar, med mat og nær till naturen, er i fokus. Val av feriedestinasjon og det ein gjer av aktivitetar i ferien må vere meiningsfylt og blir tett knytt opp til korleis den reisande vil framstå. Vik har eit stort potensiale i å komme desse behova i møte.

- Klimaendringer og miljøvern er ein av de viktigaste trendane som vil påverke turistnæringa på lengre sikt. Grønnturisme, Økoturisme og Retroturisme er omgrep for desse fenomena. Auka medvit om berekraft vil truleg føre til auka etterspurnad etter produkt som er miljømessig forsvarlege og som Vik alt i dag kan tilby (døme kan ver Fresvik si satsing på økoturisme med SjøStigen (Dee Cunningham og Hege Strømme) og Frøys hus)

13 Kjelde: Innovasjon Norge

14 Kvalitativ markedsundersøkelse gjennomført for Innovasjon Norge av Synovate i London i juni 2009 – link her. 29 OPTIMAUNDERSØKINGANE Optima Norge er ei form for barometer som følgjer med og har som mål å optimalisere marknadsstrategien i dei landa Noreg hentar flest reisande frå – inkl vårt eige land. 15 Her vil det vere mykje informasjon å hente etter at ein får kartlagt dei viktigaste marknadane for reiselivet i Vik og skal ta fatt på konkrete produktkonsept.

MERKEVARA NOREG Sitat Innovasjon Norge sin merkevarestrategi for Noreg:

Friskhet og sterke opplevelser i vakker og ren natur er essensen i Norges merkevare.

Norges visjon er å være det nordiske landet som byr på de sterkeste og mest attraktive opplevelsene i vakker og ren natur.

Norges tilbyr ”Naturbaserte Ferieopplevelser”, det er her Norge har sin konkurransekraft.

Merkevaren Norges verdier er:

Frisk - Det friske, friskhet, sunn, fersk, ny, nyoppdaget, uspolert, ren, forfriskende, kjølig, vital, levende, ”ikke-kunstig”, autentisk, spenstig

Ekte - Det naturlige, ekte, autentiske, genuine, ærlige og ujålete

Vennlig - Imøtekommende, gjestfri, empatisk, hjelpsom, sympatisk

Nyskapende - Kreativ, spennende, overraskende, moderne, fremtidsrettet

En ferie i Norge skal først og fremst tilby opplevelser til gjester som ønsker opplevelser i vakker og ren natur, opplevelse av lokal kultur og levemåte og Aktive naturopplevelser Norge skal fylle gjestens behov for å få ladet batteriene, få ny energi og berikelse.

I kommunikasjonsstrategien for merkevara Noreg står det at det er peika ut fire opplevingsområde som skal være spydspissar i profileringa av Norge.

Fjord- og fjell-landskapet er valt som Norges ”fyrtårn”. Det er dette opplevingsområdet som blir opplevd som mest unikt og har størst attraktivitet. I tillegg er det peika ut tre viktige ”fyrlykter”: Kysten og kystkultur, Fjell og villmark og Det arktiske Norge.

15 Sjå Optimaundersøkingane på Innovasjon Norge sine nettsider . 30 Det er såleis ingen grunn til at ikkje Vik med sin lokalisering skulle lukkast med ei satsing på utvikling, særleg av naturbasert reiseliv.

Reiselivsplan for Sogn og Fjordane Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane er no vedteken.16 :

Sogn og Fjordane fylke sin visjon for utvikling av reiselivet fram mot 2025 er:

Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse

Sogn og Fjordane skal bli ei av verdas fremste regionar for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet i møte med engasjerte menneske og unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar og kyst og hav – som skal styrke grunnlaget for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket.

Me skal levere lokalt særpreg, høg kvalitet, engasjerte menneske, trivsel og berekraftige opplevingar i verdsklasse i unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar og kyst og hav.

Profilen i fylket er:

”Fjordane frå bre til hav.”

Det er utarbeidd 7 strategiar for å utvikle reiselivsfylket Sogn og Fjordane – 1. Samhandling 2. Berekraft 3. Produktutvikling 4. Verkemiddelbruk og private investeringar 5. Infrastruktur 6. Marknadskommunikasjon 7. Kunnskap og kompetanse.

Under strategi 3 – produktutvikling heiter det:

”Ein skal satsa meir på utvikling av naturbaserte opplevingar, som vandring, sykling, jakt og fiske, og meir på sportsturisme, saman med fokus på historie, kultur og lokal mat. Produkta skal stimulera til baseferie som ei framtidsretta ferieform.”

Vik kommune har såleis eit godt utgangspunkt for å vere med på å utvikle nye produkt i fylket.

16 http://www.sfj.no/cmssff/cmsmm.nsf/lupgraphics/reiselivsplanen%202010.pdf/ $file/reiselivsplanen%202010.pdf 31 AKTUELLE SAKER OG SPESIELLE PROBLEMSTILLINGAR Utvikling av eit reisemål blir påverka av den generelle samfunnsutviklinga, utviklinga i reiselivet og ikkje minst av lokale problemstillingar og aktuelle utviklingstiltak. For Vik sin del har vi kartlagd følgjande som dei viktigaste :

Verdsarvområde Nærøyfjorden / Verdsarvparken 14.juli 2005 vart Verdsarvområdet Vestnorske Fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med nemninga ”mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden” skrive inn på UNESCO si Verdsarvliste. Me dette fekk områda våre eit kvalitetsstempel som det beste av det beste i verda og på lik linje med t.d. Gand Canyon i USA, pyramidane i Egypt og den kinesiske mur. Kor stort dette er har me hittil berre ei lita aning om. Kriteriane for at fjordane hamna på lista er at det er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden, med høgdeskildnad frå 500 m under havet til 1400 m.o.h og eit natur- og kulturinnhald som til alle tider har trollbunde tilreisande. Mange tilreisande har kome hit før dette kvalitetsstempelet blei sett og fleire vil utan tvil koma hit i kjølevatnet av utnemninga.

For Vik kommune sin del er kan hende cruisetilkomst og busstransport via Hopperstad stavkyrkje og vidare over Vikafjellet og rundtur til Flåm, det viktigaste per i dag. Desse turistane har eit avgrensa stopp i Vik og legg såleis ikkje att mykje verken tid eller pengar i kommunen. Viktigare og meir ynskjeleg på sikt er kanskje ein meir skånsam turisme, der vitjande nyttar meir tid i og kring tilbod i kommunen vår, både for auka oppleving og auka verdiskaping. Tilrettelegging for t.d. vandrings- og sykkelturisme i den samanheng er viktig. I fjellet er merka løyper og hytter tilgjengeleg for overnatting, t.d. med Jashaugbu like ved vernegrensa i Fresvik Jordalen. Det er utvikla eit godt turkart for området og stier er/blir merka og skilta. Om ein kunne klara å kopla seg på Rallarvegen og sykkelturistane i Flåm, t.d. ved at ekspressbåten frakta syklande til Fresvik – så kunne vitjande sykla vidare til Vik og fjorden, eller bli frakta med båt til Ortnevik for vidare ferd langsetter sørsida av Sognefjorden. Då kan syklande nytta seg av overnatting og tilbod undervegs. Dermed blir det ekstra viktig at også utkantane i kommunen er levande; dvs. har t.d. butikk, tilbod om overnatting og mat og ymse naudsynte tenester. Me er jo i Vik kommune bortskjemde i så måte, med gardshotellet Frøys Hus i Fresvik, nærbutikkar langs heile fjordtraseen, og dei framifrå tilboda i Findebotten og Finden Gard ytterst. Å ta båten vidare langs veglause strender er ein attraksjon i seg sjølv.

Nærøyfjorden verdsarvpark arrangerer vinteren 2010/2011 eit bygdevertkurs for deltakarar i alle dei involverte kommunane. Aktørar i Vik kommune er velkomne. To av kursdagane vil vere i Fresvik. Sjå studieplan i vedlegg 8

32 Voss fjellandsby, Myrkdalen Voss Kommune vedtok februar 2010 Kommunedelplan for Myrkdalen, med utbyggingsareal for 3400 hytter . Voss Fjellandsby skal vera /utviklast til eit heilårs reisemål. Innan 8 år: - 7000 varme senger . 630.000 gjestedøger/år Dvs 1500-2000 gjestar i snitt kvar dag. Innan 18år: -14.000 varme senger om . 1.500.000 gjestedøger/år. Dvs.: 4000 gjestar i snitt/dag.

Vikafjellet er det mest nærliggjande utfartsområdet når det ikkje er snø i alpinbakkane (mai-nov). 10-20 min køyring Vik og Sognefjorden vil vera eit nærliggjande mål for dagsturar med bil/buss. Ca 30min. køyring.

Dette gjev grunnlag for tilbod/verksemder i Vik innafor oppleving, transport, servering, varehandel.

Det er og aktuelt å samarbeida med Voss/Voss Fjellandsby om å tilby pakketurar med halve opphaldet i Myrkdalen og halve i Vik.

Vikafjellstunnellen – del av Fjordvegen Vikafjellsvgen er del av ”Fjordvegen” 17 (og etter kvart også ”Diktarvegen”18) som er ei attraktiv reiserute sør-nord på Vestlandet. RV 13 – regionen består av 16 kommunar bundne saman av RV 13 frå Sandnes i sør til Førde i nord.

Sogningar og Vossingar har alltid hatt mykje med kvarandre å gjera. Spelemannen Sjur Helgeland sin inspirasjon til ”Budeiene på Vikafjellet” skal koma alle fjellfarande til gode. Fjellet skal få attende roen, reinsdyrstamma skal ha sitt rike i fred og me vil ha fjellvegen som nasjonal turistveg når tunnelen er ferdig, og tung-og nyttetransporten går gjennom fjellet. Vikjene har kjempa i over 50 år for stabilt heilårssamband.

Tunnelen vil gjera Bergen sentrum, og ein internasjonal flyplass, Flesland, berre to biltimar unna og jernbanenettet på Voss vil også dekke Sogneregionen. Vegen har no fått stamvegstatus (riksveg etter den nye inndelinga) Det vil sei at det er Stortinget som må løyva midlar.

Alt overordna planarbeid er ferdig og vegvesenet er no i gang med reguleringsplanane, det er viktig at desse omfattar begge sider av tunnelen. Desse må være ferdig 2011, og då kan formell bompengesak framjast for Stortinget. Reguleringsplanane må være ferdige om det ikkje skal bompengefinansierast og.

17 http://www.fjordvegen.no/

18 http://www.diktarvegen.no/ 33 Status og videre framdrift: Målet er å koma inn på Norsk Transportplan i fireårsbolken 2014 -2017.

Tidspunkt: a) Vegstyresmaktene, administrativt, samlar inn data for prosjektet, dette munnar ut i direktoratet si tilråding som går ut på høyring hjå mellom anna Fylkeskommunen før den vert handsama i departementet. Departementet sender så saka med si tilråding til Stortinget til endeleg vedtak. b) 2012 – 2013 Høyringane – innspel både politisk og andre slik at vedtaket i Stortinget vert positivt.

Politisk arbeid videre: Det må heile tida arbeidast med dei politiske partia, men det avgjerande er når Fylkeskommunen og departementet skal handsama saka i 2012 – 2013.

Vik kommune må også være merksame på om vegstyresmaktene sender saka på høyring under deira handsaming i 2010 – 2011.

Verdiskapingsprosjektet - Utvikling rundt kulturminne i Vik Dette er eit 4-årig prosjekt i regi av Vik Kommune. Prosjektet går ut 2010, men fleire delprosjekt vil gå minst to år ut over prosjekt.

Prosjektet er eit pilotprosjekt i KRD sitt program for ”småsamfunnssatsing” , og er støtta av KRD og fylkeskommunen. Frå 2008 er Ottar Wiik tilsett som prosjektleiar og Vik Formannskap er styringsgruppe.

Viktige delprosjekt

• Reguleringsplanar for området Hove-Moahaugane – Hopperstad og for Sjøfronten på Vikøyri. Begge vedtekne 2009.

34 • Turvegen ”Sylvringen”.

5km turveg av god standard i Flatbygdi. Inkludert ”historisk vandring ”mellom Hopperstad og Hove. Strekningen Hopperstad - Hove er farbar sommar 2010, med ny gangbru over Hopra. Strekningen frå sentrum via Hopperstad til Hove er berekna ferdig i hovudsak innan 2011, inkludert skilting og infotavler. Rydding og skjøtsel av kulturlandskapet i området langs turvegen. Gravhaugar og deler av reinene er rydda .

• Serviceanlegg for mellomalderkyrkjene.

Forprosjekt for anlegg ved Hopperstadkyrkja er laga i 2009. Det er førebels uvisst om det kan realiserast , avklaringar med Fortidsminneforeningen pågår.

• Formidling og kompetansebygging: -Sundagsseminaret , ein møteserie om lokalhistoriske høgdepunkt, vil halda fram . - Audioguide for Vikøyri og den historiske vandringa HMH . Forutsett ferdig til sesong 2011.

35 Vikja – Hopra reguleringsplan for sjøfronten

• Vikøyri strandpark med kaipark, strandpromenade og badepark.

Steg 1 Kaiparken under arbeid og blir ferdig i 2010

Steg 2 Strandpromenaden er forutsett utført innan 2011/2012.

Vik skisenter Kålsete og Vik Aktiv Vik Skisenter på Kålsete er eit nytt kompakt anlegg for skisport, med asfaltert rulleskiløype, hoppbakkar, skitrekk, skileikeområde, standplass for skiskyting og skihytte med 30 sengeplassar. Det er investert ca 30 millionar kr i anlegget.

Ei rekkje lag/grupper på elitenivå har lagt samlingar til Vik i 2008, 2009 og 2010, t.d. treningssamlingar, miljøsamlingar og sommarskiskule. Fleire nasjonale meisterskap er lagt til anlegget, t.d. Sommar NM rulleski 2009 og Junior NM vinter 2012. Skihytta hadde kring 500 gjestedøgn i 2008, og dette dobla seg til om lag 1000 gjestedøgn i 2009. Det ser ut til at sportsturisme har stort potensiale i Vik, men skihytta kan også fungere som overnattingsverksemd på lik linje med campingplassane i periodane utan sportsarrangement.

Hittil har Vik Skisenter blitt drifta av ein person først i fulltids- og i 2009 deltidsstilling knytt til prosjektet Vik Aktiv som Vik idrettslag eig. Våren 2010 skal Reisemål Vik i Sogn overta Vik Aktiv og fungere som sekretariat for den personen som tek seg av den sportslege delen av drifta. Tenester knytt til mat, reingjering og vaktmeisteroppgåver skal kjøpast lokalt i Vik kommune. Innan 1.11.2010 skal det utarbeidast kontraktar som regulerer organiseringa av Vik Skisenter i framtida.

36 Vik kommune - ny næringsorganisering Arbeid med næringsutvikling i Vik kommune har hatt lite fokus dei siste åra. Vik kommune og Vik næringssamskipnad har i vinter drøfta saksfeltet i fleire møte, og i regi av næringssamskipnaden og Vik kommune vart det gjennomført eit forprosjekt som drøfta ulike modellar for korleis næringsutviklingsarbeidet kunne organiserast. To modellar har vore vurdert:

1. Etablering av eit eige selskap for næringsutvikling.

2. Næringssjef tilsett i kommunal stilling.

Etter innstilling frå næringssamskipnaden og rådmannen har kommunestyret gjort vedtak om at det skal opprettast stilling for kommunal næringssjef. Ein reknar med å ha ny næringssjef på plass våren 2011.

I stillingsomtalen er næringssjefen tillagt desse oppgåvene:

- Tilrettelegging for, og oppfylgjing av eksisterande og nytt næringsliv.

- Næringsutvikling i samarbeid med lokalt, regionalt og statleg rettleiingsapparat.

- Koordinering og gjennomføring av næringsretta prosjekt.

- Sakshandsaming i næringsretta saker.

- Samhandling med andre kommunale avdelingar, private aktørar og frivillig sektor for tilrettelegging for samfunnsutvikling.

I reisemålsutvikling er det viktig at ”motoren” er på plass – dvs den organsiseringa som er tenleg for å drive arbeidet framover – også etter prosjektperioden. Næringssjefen vil få eit spesielt ansvar for oppfylgjing av Reisemål Vik som fylgje av dei betydeleg tilskotsbeløpa som blir kanalisert til organisasjonen. Reiselivet er ein svært viktig del av næringslivet i Vik. Næringssjefen vil difor få ei svært sentral rolle som støttespelar for næringa i alt utviklingsarbeid.

Kommunen si rolle vil vere vesentleg også på andre felt enn næringsutvikling – eks områdeplanlegging og fordeling av kostnader, sikre samanhengen mellom arealplanvedtak og finansieringsordningar, evt bruk av utbyggingsavtalar, meklar mellom partar, forskottering av felles infrastruktur, mv. 19

Villrein – Plan for Fjellheimen Villreinområde. Ein interkommunal kommunedelplan er under arbeid for ”Fjellheimen Villreinområde”. Planen omfattar fjellområde i kommunane Aurland, Vik, Voss ,Høyanger, Vaksdal og Modalen. Planområdet omfattar store deler av Stølsheimen, Vikafjellet og Fresvikhalvøya over høgdekote 800 moh.

Dersom planen vert vedteken i tilnerma den form han no ligg føre, vil han setja stogg for så og seia all hyttebygging over kote 800 i Vik kommune sine fjellområde. Planen legg og restriksjonar på ferdsel og aktivitetar i planområdet, i den grad det kan skada/forstyrra reinen.

19 Sjå Kvitebok for reisemålsutvikling (Innovasjon Norge), s 97 for detaljar. 37 For rein fotturisme kan planen vera positiv: Ein er til ein viss grad sikra mot tiltak som kan forringa turterreng og opplevingar. Ein villreinstamme i god stand vil vera ein ekstra attraksjon.

Eit revidert planforslag er venta utlagt til offentleg ettersyn innan utgangen av 2010.

UTFORDRINGAR I prosessen har det komme fram ein del utfordringar og problemstillingar som det bør takast fatt i dersom ein vel å gå vidare til forprosjektfasen i arbeidet med reisemålsutvikling.

• Store deler av reiselivet i Vik er eit ”deltids”-reiseliv. Dette kan vere fornuftig for den einskilde i form av tilleggsinntekter og mangesysleri, men det kan også by på utfordringar i å få ”bookbare” produkt. Dvs. produkt som er i drift når den reisande / samarbeidsparten i reiselivet har bruk for dei. I småskalareiselivet er hytter og utleigeeiningar i hovedsak attåtnæring knytt til landbruk. Dette vil truleg oftast vere ein styrke, men det kan også vere ei utfordring når det gjeld kompetansenivå og kvalitet på vertskapsrolle og service.

• Få betre lønsemd i reiselivet generelt. Store deler av reiselivet opererer på marginar. Finne dei rette produktkonsepta er ei utfordring. Det er generelt ein del misnøye med ”hyttebyråa” når det gjeld salgsinnsats og provisjon.

• Begrensa sengetal i kommunen er eit problem ved større arrangement. Dette kan fort syne seg å bli ei utfordring når Vik Skisenter kjem i ordinær drift. Men det kan også bli ei ”velsigning” for å nytte betre ut kapasieteten ved dei eksisterande overnattingsverksemdene med smidig organsiering, planlegging og bookingløysingar.

• Organsiering av reisemålsselskapet og finansiering av fellesgode er ei utfordring ettersom Vik har mange små aktørar.

• Utnytting av storsatsinga i Myrkdalen/Voss Fjellandsby til fordel for Vik

• Mangelfull bruk av UNESCO verdsarvstatus for Vik kommune - eks skilting. Korleis få omsett verdsarvstatusen i noko konkret som kan utvikle Vik / Fresvik som reisemål?

• Skilting – noko utdatert, innfallsportane – korleis bør Vik presentere seg? Bør vere gjennomarbeidd og gjennomtenkt.

• Manglande serveringstilbod på kveldstid (frå gjestegranskinga 2010)

• Manglande bubiltilbod (nemnt Framfjorden/Arnafjorden-området i gjestegranskinga 2010)

• Mangelfull merking av turløyper og informasjon/kart

• Kommersialisering av verdiane for reiselivet i Vik kommune. 38 FØREBELSE STRATEGIAR FOR REISEMÅLSUTVIKLING I VIK Konklusjonen frå forstudiet er vel at det er lett å finne fram til ressursar som kan nyttast betre i utvikling av Vik kommune som reisemål. I neste omgang vil det vere opp til aktørane sitt entreprenørskap og tilrettelegging frå dei styrande om kva som blir realisert.

Førebels skisse over strategiar som føreset interesse, engasjement og ressursar for å gå vidare i prosessen for å utvikle eit profesjonelt reiseliv i Vik med gode overnattings- og aktivitetstilbod, vertskapskompetanse og guide-/formidlingskompetanse.

Viktigaste produktkonsept for Vik:

1. ”Vik- ferieparadiset.”- Baseturisme

2. ”Vik for sprekingar” - Sportsturisme/vandring/sykkel, mv

3. ”Må alltid innom Vik på turen” - Rundreise/dagstur (buss, bil, båt)

Strategiar

1. Reisemål Vik i Sogn er drivkraft

- Organsiering av reisemålsselskap og finansiering av fellesgode etter modell frå Eidfjord. Ikkje medlemsskap, men kjøp av servicepakkar. Vik kommune tung og aktiv aktør i ein fase på 5 år med oppbygging av Vik som reisemål. Reisemål Vik i Sogn har person i heil stilling, i tillegg deler av næringssjef- stilling dedikert til reisemålsutvikling. I det vidare blir dermed REISEMÅL VIK I SOGN oppfatta som Vik kommune sin forlenga arm i arbeidet med reisemålsutvikling.

- Skaffe ressursar til vidare utvikling – den vanskelege øvinga frå ord til handling!

- Samle marknadsinnsatsen i Visit Sognefjord saman med dei andre destinasjonane i Sogn, ikkje utvikle/halde vedlike eigne nettsider for Reisemål Vik i Sogn. Aktørane sine nettsider synlege på Visit Sognefjord. Opplæring i korleis bli synlege på nett og kva er nøkkelinformasjon til Tellus- databasen. Online booking – Reisemål Vik i Sogn er lokal hjelpar for reiselivsverksemdene i Vik.

- Sommaravis, ”Vik i dag”-plakatar på Turistinfoen , ol som ”på staden”- informasjon

- Turistinfo i butikk – utviding og utvikling

39 2. Auke overnattingskapasiteten

- Stimulere til utbygging av overnattingstilbod for sprekingar/individuelle med ryggsekk/sykkel.. eks vandrarheim

- Reservere område i aralplanar til utbygging av ”varme senger” med særskilt fokus på utleigehytter (relativt lite investering og sikker avkastning som tilleggsnæring).

- Utnytte betre eksisterande overnattingskapasitet ved store arrangement gjennom samarbeidsavtalar med fleire aktørar (eks etter modell frå Kalvåg, Bremanger eller Sogndalsstrand, Rogaland.)20

- Medviten satsing på private hytter som aukar talet på gjester som vil nytte aktivitetstilbod og naturen i Vik.

3. Utvikle nye produkt med aktivitetar og opplevingar

- Grunderhjelp og økonomisk stimulans til aktørar som vil utvikle aktivitetsprodukt. Organisere desse i nettverk – eks etter modell av Innovasjon Norge sine mindre grundernettverk.

- Bygdevertkurs for å stimulere til godt vertskap og oppbyging av formidlingskompetanse. (Kan i første omgang hekte seg på Nærøyfjorden Verdsarvpark sitt kurs vinteren 10/11 og deretter vidareføre med eige opplegg, evt lage eige opplegg frå byrjinga eks etter modell frå ”På skattejakt i Bygde-Noreg)

- Styrke formidlingsdelen av attraksjonane i Vik.

- Delta i Visit Sognefjord sitt felles vandreprosjekt for Sogn. Prosjektet skal vare i 3 år.21

- Utvikle aktivitetstilbod som freistar til dagsbesøk frå Voss Fjellandsby – særleg sommarsesong. Etablera ei Samarbeidsgruppe? Reisemål Vik i Sogn+Voss Fjellandsby

- Organisere og legge til rette for sportsturisme i samarbeid mellom Vik Aktiv /Reisemål Vik i Sogn – Kålsete /Vikafjellet

- Turstiprosjekt. Vik Turlag/Vik IL – merking av løypenett, kart, nettbasert planleggingsverktøy for besøkande (Geoatlas)

- Stimulere til restauranttilbod med middagsservering på kveldstid/lokal mat (eks nye Hopstock?) 20 Evt stimulere til auka overnattingskapasitet – men det er vanskeleg å vurdere høna og egget i dette bildet. Lønsemda er generelt dårleg – smarte løysingar for å utnytte eksisterande kapasitet kan vere ein tryggare veg å gå

21 Innhald i vandreprosjektet: 1. deltaking i Innovasjon Norge sitt vandreprosjekt, 2. deltaking på temamesser vandring (minst 2 stk)., 3. vidareutvikle produktpresentasjon for vandring på sognefjord.no/hiking, 4. produsere felles vandreguide for regionen., 5. auka fokus på vandring i tiltak og kampanjar Visit Sognefjord deltek i. 40 - Stimulere lag og organsisajonar til å utvikle aktivitetstilbod som styrkar laget sosialt og økonomisk (Gamalostfestival, konsertverksemd, kulturtilstellingar, idrettsarrangement, turar med innhald, dramatisering av kultursoga a la Fridtjovspelet, mv)

- Lage tilrettelagde tilbod for cruiseturisme som fører til lokal verdiskaping. Bør vere lite arbeidsintensivt og legge til rette for shopping og servering av mat.

4. Styrke infrastrukturen for reiseliv

- Sylvringen ” og ”Vikøyri Strandpark”. (Ansvar - Vik Kommune

- Serviceanlegg ved Fortidsminneforeningen sine anlegg. (Ansvar - Fortidsminneforeningen, Reisemål Vik i Sogn, Vik Kommune.)

- Stimulere private grunneigarar til utnytting av evt behov for vinterlagring og service på fritidsbåtar og småbåthamn for hytteeigarar i Voss og Vik Fjellandsby. Planhjelp og tilrettelegging i kommunale planverk.

- På sikt legge til rette for andre lokale til Turistinformasjon

- Utvikle mulegheiter for ski-og andre idrettsaktivitetar gjennom å vidare utbygging av Vik skisenter, Vik idrettspark og evt ny Fjellstove på Vikafjellet.

- Stimulere til betre tilrettelegging for bubilar ulike stader i kommunen.

5. Legge til rette for nye reiseruter i samarbeid med Fjord 1

- Stjernestopp Fresvik – utløyser sykkelrute Rallarvegen – Fresvik – Arnafjord

6. Utnytte UNESCO verdsarvstatusen:

- Etablera Fresvik som nordportalen til verdsarvområdet: ”Infosenter”eks i butikken (sommarope). - Arbeida for ekstern finansiering av ein stilling med base i Fresvik (Oppsyn/info m.m.) - Jobba for å få etablert større og betjent hytte ved Jashaugbu som nav i turstinettet. - Gje UNESCO-statusen større rom i kommunen sin eigenomtale, og i Reisemål Vik i Sogn sine presentasjonar - Formidlings- og aktivitetskonsept for Vik sin del av verdsarven

41 Vedlegg.

1. Møtereferat ope møte 24 mars 2010

2. Møtereferat ope møte 7 april 2010

3. Rapport frå studietur for styringsgruppa 12-13 august 2010 til Eidfjord og Flåm

4. Oversikt reiselivsverksemder og gjestedøgn mm.

5. Rapport frå reiselivsworkshop i Tyskland mai 2010 (utan vedlegg; om nokon er interessert i vedlegga, ta kontakt med Reisemål Vik i Sogn [email protected])

6. Trafikktal frå Statens vegvesen for Riksveg 13 Vikafjellet

7. Gjestegransking sommar 2010 utført av Reisemål Vik i Sogn

8. Studieplan Bygdevertkurs i Verdsarvområdet 2010/2011

9. Irritasjonsmoment fotografert av turist sommaren 2010.

10. Scenariar Vik 2020

42 Referat frå det fyrste opne møtet i Reisemålutviklingsprosjektet for Vik i Sogn del1 24.3.2010 kl 18­21 på Hopstock Hotell

35 deltakarar (SG = medlem i styringsgruppa):

Anne Randi Farnes Kai Roger Klarholm Geir Otterskred Arne Inge Sæbø Monica Feidje Midlang Marianne Bøthun Eivind Lidal (SG) Odd Vangsnes Gunnvor Grov Eli­Grete Høyvik Karen Weichert Thomas Bech (SG) Frøydis Haga Annette Refsdal (SG) Markus Werner Müller Kurt Arne Åslaug Stadheim Ese (SG) Carl André Riiber (SG) Leidulf Finden Laila Kristin Sætre Liv Hatleli (SG) Norvald Aase Dee Cunningham (SG) Asbjørn Hønsi Oddbjørn Ese Ole Jonny Fedje Darek Hauderowicz Olav Vikøren (SG) Kari Wiiken Sunde Olav Turvoll (SG) Ottar Wiik (SG) Gro Liljedahl (SG) Veronika Seim Bech (SG) Tore Røyrvik Olav Fjærestad

Program:

Kl 18:00 Kaffi/te og juice ved ankomst Kl 18:10 Velkomen. Kort om prosjektet: Carl André Riiber (Reisemål Vik i Sogn) Kl 18:20 Kva er reisemålsutvikling? EliGrete Høyvik (prosjektleiar Reisemålsutvikling i Vik) Kl 18:50 Vik kommune som reisemål. Status, utfordringar og vegar vidare. Ottar Wiik (Vik kommune) Kl 19:20 Kaffipause med rundstykke Kl 19:40 Workshop: Kartlegging av ressursar for reiselivet i Vik. EliGrete Høyvik Kl 20:10 Kva skjer i kommunen? Korte rapportar frå ulike aktørar.

* Opptur v/Åslaug Stadheim Ese * Bygdeutviklingsprosjektet i Fresvik v/Marianne Bøthun * Vik Aktiv og Vik Skisenter v/Asbjørn Hønsi * Vik Turlag v/ Frøydis Haga * Prosjekt MS Arnafjord v/Leidulf Finden * Talcmølla i Framfjorden si framtid v/Thomas Frølund Bech * Fritjovspelet v/Anne Randi Farnes * Gamalostfestivalen v/Olav Vikøren

Kl 20:50 Avrunding og planar vidare. Informasjon om del 2 av oppstartsmøtet i april Kl 21:00 Vel heim! Resultat frå Workshop'en:

Ressursar for reiselivet i Vik (Lista krev ikkje å vere komplett.) Natur Tradisjon / historie Kultur

● Arnafjord ● Bunad ● Båten Arnafjord ● Badeplassar ● Fangstanlegg villrein ● Bergmuseum ● Bre/Verdsarv ● Fiske (Kristianhus, notanaust) ● Borgstova ● Brevandring ● Flytte smia ned på Øyri ● Byggningar frå ulike tidsepokar ● Ekstremtur ● Fokus – strandsitjarmiljøet ● Flakadans ● Faste rundturar ● Fridtjov ● Fossesete ● Finnabotn ● Fridtjovstatua info/guiding, ● Fresn ● Finnafjorden senter ● Fridtjovspelet ● Fiske ● G. Baardsen ● Gamalost som handverk ● Fiske ● Gamaldans ● Gamalostfestival ● Fjord og Fjell ● Gamalost ● Kulturløype ● Fossevandring ● Gruve ● Lokalhistorisk arkiv ● Fossfjellet rundt om sommaren ● Gryteberget ● Mensen Ernst ● Fresvikbreen ● Heimabrygg (kåring?) ● Sauesanking ● Gjettegrytetur ● Historiske tablå (strandsitjarar, ● Song / dans i ungdomshus evt. Fridtjov) ● Guidete turer til fjells, rekrutere hotell ungdom ● Hus frå strandsitjarmiljøet ● Stølsdrift (Osen/Feios) ● Haldorslifossen ● Sylvringen ● Kyrkjene / Gravhaugar ● Hjortesafari organisert guiding ● Jakt ● Leidulf i naustet, historie ● Mangfald ● Lær å slå med langorv – ekte ● Merkte Turløyper blomstereng ● Nise­/kvalsafari ● Mat ● Nummestolane ● Matkultur ● Seimsfjellet ● Mensen Ernst ● Skiturar ● Merking Historikk på hus ● Sommarsnø ● MS Arnafjord ● Stillheit ● Sivle ● Stølsliv ● Talkmølla ● Storesvingen ● Ølbrygging ● Symjefestival ● Trugetur ● Tur m/ kjentmann ● Turar knytt til eks. rutetilbod ● Turløype ● UNESCO ● Vidasete opp ● Vikafjellet ● Vikøyri ● Villrein Næring Folk Nytt

● Alm Gard ● A.K. Flatland ● Båtprosjekt (Sognebåt) ● Bringebær (bær) ● Anna Åse ● Elvepadling ● Café Nese Landhandel ● Arne Inge Sæbø ● Fiske (oppsving, untrytta?) ● Entreprenørskap ● Asbjørn Hønsi ● Lokale skilt, døme: Seim, Hove, ● Framstilling Bringebærjuice ● Bondekvinnelaget Nummedal ● Gardstor...e ● Jens Brekke ● Opplev ein skiskytar sin kvardag ● Glassvegg til ● Lars Finden ● Rapellering Kyrstupet gamalostproduksjon ● Leidulf Finden ● RV 13 utanom sentrum – ● Gruvevandring ● Nils Kvamme opplevingar i sentrum ● Inn på tunet ● Ottar Wiik ● Soleglad på Kyrstrupet m/ ● IS Feios ● Ragnar Hove picknickkorg ● Kompentanseklynger ● Thomas Morel ● Ta Sognefjorden i bruk ● Kraftstasjonar ● Vik Aktiv ● Taubane til Kyrelvstypet ● Kristianhus ● Vik IL ● Refsdal gamle kraftstasjon ● Sjå turbinane på Statkraft ● Vikja

Referat: Karen Weichert, Reisemål Vik i Sogn

Noko av det som det blei snakka om denne kvelden... VELKOMEN TIL OPE MØTE OM REISEMÅLUTVIKLING I VIK KOMMUNE :

Tid og Stad: SAMARBEID OVER VIKAFJELLET? 3400 hytter i Myrkdalen - kva betyr det for Vik? HOPSTOCK Nils Akselberg, dagleg leiar for Voss Fjellandsby. HOTELL ”Turistar ser ikkje kommunegrenser!” ONSDAG 7.4. Anne Grete Bakke frå Destinasjon Voss AS KL. 18:00

Prosjektleiar Eli Grete Høyvik : Eit prosjekt for reisemålutvikling i Vik Nye reiselivsprodukt - og nye måtar å ”pakka ” Kommune er starta opp i år. dei som alt finst. Prosjektet er eit samarbeid mellom:

”Workshop” om gamle og nye *Reisemål Vik i Sogn reiselivsprodukt i Vik Kommune: *Næringssamskipnaden *Vik Kommune *Nisesafari på Sognefjorden? *Innovasjon Norge. *Bergverksmuseum i Talcmølla? Alle i Vik kommune er *Vandreturisme i Verdsarvparken? inviterte til å bidra med *Skyttelbuss Vik-Myrkdalen? meiningar og idear.

*Sommarskisenter i Skjelingen? Me er alle vertar i det moderne reiselivet!

Referat frå ope møte 2 - 7.4.2010 Reisemålutviklingsprosjektet for Vik i Sogn Hopstock Hotell

32 deltakarar (SG = medlem i styringsgruppa):

Åslaug Stadheim Ese (SG) Bjørg B Grønningen Geraldine Behan Neset Hilde Brotangen Helleland Olav Vikøren (SG) Lars Olav Brekke Jon O Nummedal Gjertrud Samland Asbjørn Holstad Monica Feidje Midlang Gunnvor Grov Gro Liljedahl (SG) Jon Nese Randi Hillestad Øystein Bang Olsen Olav Turvoll (SG) Erling Berge Veronika Seim Bech (SG) Morten Neset Thomas Bech (SG) Kari Wiiken Sunde Olav Fjærestad Tveit Kristian Otterskred Ottar Wiik (SG) Annette Refsdal (SG) Dee Cunningham (SG) Laila Kristin Sætre Carl André Riiber (SG) Ole Jonny Fedje Eli-Grete Høyvik (PL) Guus Morel Karen Weichert (PA)

Program:

SAMARBEID OVER VIKAFJELLET? ’3400 hytter i Myrkdalen - kva betyr det for Vik? - Nils Akselberg, dagleg leiar for Voss Fjellandsby.

”Turistar ser ikkje kommunegrenser!” - Anne Grete Bakke frå Destinasjon Voss AS

Nye reiselivsprodukt - og nye måtar å ”pakka ”dei som alt finst - Prosjektleiar Eli Grete Høyvik

”Workshop” om gamle og nye reiselivsprodukt i Vik Kommune: *Nisesafari på Sognefjorden? *Bergverksmuseum i Talcmølla? *Vandreturisme i Verdsarvparken? *Skyttelbuss Vik-Myrkdalen? *Sommarskisenter i Skjelingen?

Referat workshop – pakking og nye produkt i Vik Målgrupper som kom fram: Desse målgruppenen kom opp og deltakarane prioriterte dei viktigaste gjennomå gi poeng:

29 – Norske barnefamiliar 20 – småbåteigarar 19 – idrettsfolk Desse vart slegne saman til ei gruppe: 18 – aktive menneske 20 – 70 – friluftsinteresserte Felles gruppe 11 – syklistar 9 – vandreturistar

Desse vart slegne saman til ei gruppe:

13 – norske baseturistar – reiser gjerne i par – base 3 dagar Felles gruppe 12 – norske campingturistar

Desse vart det ikkje jobba vidare med i denne omgangen: 4 – turlagsfolk 4 – festivaldeltakarar 3 – verdsarvturistar 2 – tyske fisketuriatar - inkl ”gutta på tur” 2 – studentgrupper i buss 2 – cruiseturistar 2 – bubilturistar – Tyskland/Nederland 1 - vaksne bussturistar frå Israel, USA, England 1 – amerikanske ”heritage-turistar 0 – austeuropeiske – fiskeinteresserte

Målgruppe: Sommargjester i Myrkdalen. Vandring (lett) – Driftevegen Hola – Vik Start Hola (Grungagjelet) Stopp 1: Vetlegrungen (støl) / servering / historie Stopp 2: Hestavatnet Ende dag 1: Målsethytta, med Gourmetmiddag (hyttestil) Dag 2: Målset – Dalbotn – Vik Middag i Borgstova (Vikjameny) Krevande: Fangstanlegg i Høgfjellet (Tematur – dagstur) Fresvik /Engi – Hovsfjellet – middag på Frøys Hus – rein – stampbad. M drama.

Målgruppe: Amerikanske turistar som vil sjå staden forfedrene kom frå

Gardsbesøk for å finne røtene – evt med aktivitet sauesanking, klypping. Middelalderkyrkjene, Fridtjovparken, typisk norsk matoppleving, lutefisk, lefse, rømmegraut, td i Finnabotn ei kulturell oppleving, folklore, Fridtjovspelet, mm Dagstur til Fjærland, Bremuseet + breane Evt andre dagsturar – td Flåmsbana (Karen , Hans, Gunnvor, Sunniva) Målgruppe Idrettsfolk Vik skisenter Vik idrettspark Blixhalli / symjehallen Kajakkutleige (Fresvik) Sognefjord swimfestival Fresvikbreen / Vikafjellet - Tilbod til skular, grupper, elitelag, Arrangør: Reisemål Vik Vik idrettslag

Øystein Bang-Olsen, Erling Berge, Kari W Sunde

Målgruppe : sprekingar – syklistar

Ein spennande dag på sykkel langs fjorden i ”heile” Vik Morgon: båt Vik – Nese – frukost Nese Landhandel ispedd lokal historie På sykkel til Rundøyri – bad – diplom til alle som badar – små stopp undervegs til Vikøyri Lunsj – Meieriet m/gamalost – på sykkel vidare - Vangsnes – opp og helsa på Fridtjov ispedd litt historie – bringebærjuice Feios er neste stopp – isbui – (Gjertrud xxx) – Borlaug – (route Sognefjord Swim festival) Fresvik – alle som hoppar i stampen frå servert øl/vatn etter ønskje. Middag Frøys Hus

Kvar skal syklistane gjere av seg når natta kjem? Fleire gode alternativ. Gruppe ”over alle hagar” – Gjertrud, Dee, Ottar, Frøydis, Hilde

Målgruppe småbåteigarar / hytteeigarar i Myrkdalen? Gjestehamn: - I alle bygder / ei hovudhamn - Båtutleige - Fiske - Dykking - Utstyrsutleige Båthotell: - Vedlikehald - Oppgradering / båtutstyr - 1 båt pr 10 bueiningar i Myrkdalen? Gjestehamn Vik: - Båtmotormuseum - Strandsitjarmiljø - Matservering - Båtverkstad, parkering båteigarar Gruppe: Svabergkameratane – Olav Turvoll, Ole Johnny Feidje, Thomas Bech, Gro Liljedahl Målgruppe: Barnefamiliar (Monica, Laila Kristin, Anette, Veronika, Carl Andre) 1. Gardsbesøk Vangsnes – aktivitetsgard – med graut = Kos og stell med dyr = Fridtjovparken (Laila) 2. Alm gard – isproduksjon (lag din eigen is) og bringebær (plukk sjølv) + kaffi i Feios (Anette/Monica) 3. Kajakkpadling + bading + strand & stamp i Fresvik. Grilling mogeleg på badeplassen – middag Frøys Hus (Veronika) 4. Guida tur på Vikøyri = vandring + historie (Carl Andre) 5. Båttur til Finnabotnen m / lunsj (Carl Andre) 6. Skiskyttardagen – hest/rideturar, fisking, fotturar, sykling

Målgruppe: Norske base- og campingturistar

”Nøtteskalltur” – - Tur i natur - Kulturdag med gourmetmåltid - Fjord

Randi, Åslaug, Eivind, Olav, Morten, GEraldine Reisemålutviklinsprosjekt for Vik i Sogn Rapport frå studieturen 12.­13.8.2010

Deltakar: Eli­Grete Høyvik, Ottar Wiik, Olav Turvoll, Annette Refsdal, Marta Finden Halseth, Åslaug Stadheim Ese, Oddbjørn Ese, Thomas Bech, Gro Liljedahl, Karen Weichert

Tema: Destinasjonsutvikling, Vertskapsrolla, Utfordringar cruise

Verksemder / insttusjonar som blei vitja: Destinasjon Eidfjord, Eidfjord kommune, Sima Kraftverk, Hardangervidda Natursenter, Flåm utvikling, sakte.no, Flåm Camping

Program:

Torsdag, 12.8. Fredag, 13.8. Kl 15:00 Avreise frå Vik Kl 08:00 Frukost Kl 17:30 Ferje Bruravik – Brimnes Kl 09:00 Avreise til 3­t program inkl. Sima Kl 18:00 Ankomst Eidfjord Kraftverk og Hardangervidda Kl 18:30 Kort omvisning på turistkontoret Natursenter v/ Marit Stadheim og cruisekaien Boor Kl 19:00 Middag på Vik Pensjonat: Kl 09:30 Inngang og omvisning i Sima Hardanger Fjellfisk Kraftverk Kl 21:00 Presentasjon av Eidfjord Kl 11:00 Inngang Hardangervidda Kommune v/ordførar Anved Natursenter og kort orientering Johan Tveit og Rådmann Aud v/adm. Direktør Oddvar Opheim Lygre og Destinasjon Brakestad Eidfjord AS v/ Marit Stadheim Kl 12:00 Lunsj Hardangerviddahallen Boor i kommunestyresalen Kl 13:30 Ferje Brimnes ­ Bruravik Kl 15:30 Ankomst Flåm – omvising og Overnatting på Quality Hotel & orientering om Flåm oppleving Resort Vøringfoss ved Jorunn Heggdal og om www.Sakte.no (matsatsinga) ved Ivar Bjarne Undredal. Tema: Bygdevertkurs, og aktivitetar i Flåm/Aurland Kaffimat og smaksprøvar. Kl 17:30 Flåm Camping og vandrarheim – omvising. Kl 20:00 Ankomst Vik 1. Omvisning på turistkontoret og cruisekaien i Eidfjord v/ Marit Stadheim Boor

Etter innsjekking på hotellet fekk vi ei kort omvising på cruisekaia med Marit Stadheim Boor (Destinasjon Eidfjord) og Terje Monsen (havnesjef). Cruisekaia blei opna i 2005 og er eit flott og solid anlegg. Det kjem kring 30­50 cruiseskip til Eidfjord kvart år. Utfordringar i samband med cruisehandtering kan til tider vere kapasiteten til turistinformasjonen og bemanning med hamnepersonell. Destiasjon Eidfjord gjev ut ein cruiseport­manual på engelsk, som også kan lastast ned på internett (http://www.visiteidfjord.no/filer/951_EIDFJORD%20CRUISE%20PORT %20MANUAL%202010%20komprimert.pdf). Manualen blir oppdatert fleire gongar i året og inneheld informasjon om hamna (teknisk), hamneprisar, avfallshandtering for cruiseskip og attraksjonane i Eidfjord samt turforslag og praktisk informasjon (også kart). Manualen lagar dei sjølv på fargeskrivar. I 2005 og 2006 fekk Eidfjord prisar som „most improved port facilities” og „most improved destination”.

Turistkontoret er eit modernt, lyst (og varm!) bygg med gode hylleløysingar for brosjyrar. Det blir også seld postkort, bøker og suvenirar.

2. Presentasjon av Eidfjord Kommune v/ordførar Anved Johan Tveit og Rådmann Aud Opheim Lygre

• Eidfjord kommune : ca. 15000 km2, 95% ligg over 600 moh., ca. 950 innbyggjarar, største arbeidsgjevar: offentlege, nr. 2 er reiselivet, omsetnad i reiselivet (1999): 150 Mio kr. • 3 campingplassar Øvre Eidfjord • Dammen og vassmagasin som turistattraksjon • Barnehagetilbod for sesongarbeidar (reiseliv og anna) • Kulturhus i ein fløy av hotellet, kombinert bruk gjennom kommunen og hotellet • Nordisk Naturskule Eidfjord : Nordisk Naturskule Eidfjord er eigd av Statens naturoppsyn, Statkraft og Hardangervidda Natursenter Eidfjord. Naturskulen held til på Hardangervidda Natursenter Eidfjord og tilbyr alderstilpassa og pensumrelevante undervisingsopplegg til alle klassetrinn frå grunnskule til høgskular, knytta opp mot utstillingane på natursenteret og besøkskraftverket Sima Kraftverk. Hovudtema er natur og naturbruk, i første rekkje på og rundt Hardangervidda. • Eidfjord utvikling (oppretta i 2003): Eidfjord Utvikling AS er eit 100 % kommunalt eigd aksjeselskap som har ansvar for det kommunale nærings­ og tiltaksarbeidet i Eidfjord. Eidfjord utvikling har eiga styre og eit årleg budsjett på ca. 5 Mio kroner. Ei viktig oppgåve er å hjelpe verksemder med å etablere seg. • Destinasjon Eidfjord A S er eit kommunalt aksjeselskap med dagleg leiar. Då det blei oppretta erstatta det det gamle reiselivslaget. • Reiselivet: Sesongutviding gjennom korpsaktivitetar og liknade i skuldarsesongen.

Middagen på Vik Pensjonat var svært bra! Dei er med i Hardangermenyen (www.hardangermeny.no). 3. Føredrag Destinasjon Eidfjord AS v/ Marit Stadheim Boor

• I 2005 avslutta Eidfjord ei forstudie for eit Reisemålutvikingsprosjekt, men utan å gå vidare ti neste steg. Forstudia inneheld likevel mange gode idéar som det blei jobba vidare med i ettertid. • Turistinformasjonen/turistkontoret blir drive som „innfriing” av vertskapsrolla. Drifta kostar kring 530000 kr per år og er avhengig av tilskot. • Destinasjon Eidfjord hjelper verksemder på veg med marknadsføring, hjelper til i oppstartfasen av nye arrangement,spesielt i skuldersesongen • Destinasjon Eidfjord har ikkje medlemer, men verksemdene betalar for marknadsføringspakkar, t.d. Basispakke 2700 kr + moms som inkluderer marknadsføring på vevsida, brosjyre, turistkontor, nyheitsbrev, deltaking på 4­5 nettverksmøte, hjelp med marknadsføring, etc.; tilleggspakke 4500 (inkl. basispakke + cruisemanual etc.); tilleggspakke turoperatørar etc. , inntekt frå pakkane: ca. 200000 kr (akkurat nok til å produsere den årlege Eidfjordguiden). • Destinasjon Eidfjord jobbar mykje for verksemdene. Nyheitsbrev om arranement, aktivitetar etc. • Reisemål Hardangerfjord: Marknadsføringsselskap. Finansierer seg ikkje gjennom medlemer, men gjennom kommunale tilskot og sal av annonsar i Hardangerguiden. • Prosjektstillingar for arrangement, tek fleire år før det er oppe og går, t.d. 3 år Vøringfossrace. Det er eit poeng at dei fleste arrangement ligg utanfor hovudsesongen.

Cruise: • Kommunen fakturerer reederiene; Destinasjon Eidfjord fakturerer kommunen for 23000 kr per skip ­­> stor del av inntekta • Bemanning cruisekai ved hjelp av teknisk etat på kommunen • Medlemskapet i Cruise Norway er dyrt, men det går ikkje utan. • Avgiftene vedrørande hamna står i cruisemanualen • I 2008 blei det gjennomført ei undersøking om verdiskaping av cruisetrafikken. I gjennomsnitt legg kvar person igjen 310 kr i Eidfjord (120 kr servering/handel, 100 kr lokale turar, lotseavgift. Flåm har 600 kr per criseturist. • Det finst mange døme på at cruiseturistar kjem att på bilferie. • Det er viktig å ikkje har eit brot i markadsføringa. Elles konsekvensar (merkast 3 år seinare).

4. Sima Kraftverk og Hardangervidda Natursenter v/ Marit Stadheim Boor

• Interessant kombinasjon med kraftverket og Kjeåsen • God film som ikkje berre fortalde om kraft, men også om menneska og bygda. • Ein treng ikkje så veldig mykje tilrettelegging for omvising i kraftverk. Prøve på eit opplegg i Hove kraftverk? 5. Flåm oppleving ved Jorunn Heggdal, sakte.no (matsatsinga) ved Ivar Bjarne Undredal. Tema: Bygdevertkurs, og aktivitetar i Flåm/Aurland

• Flåm utvikling: Leiligheiter, matservering (i 2011: café), kurs, turar med turistar • Smak sakte – vidareføring av ANKA . Alle aktørane har laga presentasjonsmateriell etter same mal. Går saman i Smak sakte­festival i okober kvart år. Fokus på det ekte og handlaga, kontakt med besøkande, lokale produkt. • Vertskapskurset:Kunnskap, vertskapsrolle, formidling (interpretasjon), i Flåm 3 år med kurs = 50 deltakarar frå alle miljø; vertskapskurset kan også fungere som opplæring for sesongarbeidar som er utanlandske, spesielle kurs for ulike målgruppe. Aktuelt med bygdevertkurs i verdsarvområdet – felles for kommunane Aurland, Voss og Vik (repr ved Fresvik bygdelag). (Ref anm. Etter samtale med Marianne Bøthun: Bygdevertkurset på 8 kursdagar vinteren 10/11. Kurset vil vere ope for alle i desse kommunane. 2 av kursdagane blir lagde til Fresvik – truleg med tema stølar og stølsliv og geologi. Bør vere svært aktuelt for aktørar i reiselivet i Vik kommune. Kan vurderast som ”del 1” av eit opplegg som kan vidareførast i Vik kommune år 2 og 3.

6. Flåm Camping og vandrarheim Vertskapet Gjertrud og Erling Håland + Marte og John Håland, er kåra til beste Vanrdarheim i Noreg i 2010 – noko som tydeleg ikkje var ufortent.

John Håland synte oss rundt. Anleggget var imponerande i utforming og servicenivå med gjennomtenkte løysingar som gjorde at området opna seg opp etter kvart – som ein liten landsby. 2 generasjonar – 4 vaksne – hadde ei grei inntekt av verksemda. Det dei såg som største utfordring var fritid og tid til familieliv. Bygg og uteområde var fornya og utbygd i fleire byggesteg.

Kombinasjonen vandreheim og camping verka å vere svært vellukka.Det var stor trafikk og tilstrøyming av gjester då vi var der.

Viktige inntrykk etter studieturen (Brainstorming på parkeringsplassen til Flåm Camping): • Eidfjord har lukkast med å utnytte det å vere kraftkommune • Det tek tid å utvikle konsept/verksemder (Flåm utvikling, Flåm Camping) • Kontrastar i Flåm • Heilårsdrift bør ikkje alltid vere målet (sjå Flåm Camping) • Samarbeid er viktig (sjå Eidfjord) • Det kan også lett bli for mange selskap/organisasjonar • Kommunane Eidfjord og Aurland er komme ganske langt. Vi kan lære mykje frå dei og andre kommunar. • Det som er rett for Eidfjord eller Flåm treng ikkje vere rett for Vik. Vi må finne den rette vegen for Vik! • Samarbeid oppstår enklare ved konkrete prosjekt (t.d. Fridtjovspel) • Det er mange moglegheiter i Vik, men dette må jobbast med systematisk! • Vi må få næringa med på laget. Reiselivet er ikkje berre hotell/camping • Kvalitet er viktig!

Referat: Karen Weichert/Eli­Grete Høyvik Vedlegg 4 Reiselivsnæringa i Vik kommune

Oversikt over kommunikasjonar/infrastruktur, attraksjonar, serveringsstader, overnattingskapasitet og gjestedøgn

Informasjonen er henta frå ulike kjelder. Den generelle informasjonen om bygdene kjem frå enten bygdalaga eller er henta frå brosjyrar / vevsider om bygdene. Opplysingane om reiselivsverksemdene er henta frå oppgåvesvara til Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun i samband med eit kurs i reisemålsutvikling i 2008/2009, i tillegg til intervju med verksemdene på telefonen og eksisterande statistikk frå Reisemål Vik i Sogn, Bergen Turlag, Fjord1 og Statens Vegvesen.

Arnafjord og strendene

Arnafjorden ligg i Vik kommune om lag 20 km vestover frå Vik sentrum og er ein av Sognefjorden sine mange sidearmar. Fjella kring fjorden er ein naturleg innfallsport til det kjende og tradisjonsrike fjellområdet Stølsheimen. Busetnaden i Arnafjord er spreidd utover fleire mindre bygder og dei fleste driv med jordbruk. Det er om lag 70 husstandar. I Arnafjorden er det 3 grender: Nese, Indrefjorden (med Halsete og Åse) og Framfjorden (med Dale og Lee). Arnafjord har vegsamband til Vik. Arnafjord er eit populært reisemål for dagsturar eller lengre ferieopphald, med eit stort potentiale for naturopplevingar på sjøen eller i fjellet.

Strendene er samleuttrykket for busetnaden utan vegsamband frå Nese utover mot den vestlege kommunegrensa ved fjorden. Det er i dag fastbuande i Sylvarnes, Vollevik , Finnabotn, Finden, Geithus, Notaberget og Otterskred.

Kart 1: Strendene Attraksjonar • Fjordane, fossane, naturen • Kulturlandskapet langs fjorden • Stølsheimen landskapsvernområdet • Badeplassar på Rundøyri i Framfjorden, i Indrefjorden og ved kaia på Nese. • Skredstova, på Nese eit minnesmerke for Storskreda 1811 med piknikkplass. • Utsiktspunktet på Lee der ein kan køyre bil nesten heilt fram • Gamle Talkmølla i Framfjorden (under utvikling)

Infrastruktur / kommunikasjon • Katamaranen Sylvarnes går i rute mellom Vik og Ortnevik 4 dagar i veka med anløp Otterskred, Geithus, Finden, Finnabotn, Vollevik, Sylvarnes og Vetlesand, kan ta med seg biler (førehandstinging) • I sommarsesongen er det daglege RIB-turar frå Vik til Finden eller Finnabotnen og tilbake. • Private båtar som trafikkerer langs strendene • Merka tursti frå Ortnevik til Sylvarnes. • Fylkesveg 92 mellom Arnafjord og Vik med rutegåande buss 3 dagar i veka i tillegg til skuleruta, ca. 20-26 km til Vik sentrum • Stikkvegar til Dale/Lee og Halsete/Åse • Atløy legg til kai på Nese ein gong i året (utstillingar og sal av mat). • Mange turstiar i Arnafjord. Frå Nese går „Gamlevegen” til Tenne. Frå Tenne går det også tydeleg stiar/traktorveg til Englekoren og Haldorslifossen. Det er fleire stiar opp til fjellet og Stølsheimen landskapsvernområdet. Frå Tenne går ein merka sti opp til DNT-hytta Vatnane. Frå Halsete og Dale går det stølsvegar opp. Frå Framfjorden går det traktorveg opp til Bungane, ein fråflytta høgdegard. • Det er kai på Nese, i Indrefjorden og i Framfjorden ved Talkmølla og den kommunale kaien før ein kjem til Valsvik.

Reiselivsverksemder

Verksemd Stad Produkt Senger Gjestedøgn 2009 Finden Gard Finnafjorden 14 rom, 4-5 bygningar 32 ingen Servering, Møte- og festlokale informasjon Findebotten gjestehus Finnafjorden Gjestehus med 9 dobbelrom 24 350 Hytte/rom (felles bad) Servering, Møte- og festlokale Otterskred fjordhytter Arnafjorden 2 hytter, 1 hus med 2 leiligh. 20 1276 Skulehuset på Sylvarnes Sylvarnes, 12 sengar 12 ? Sylvarnes Bergen Turlag Sylvarnes / DNT-hytter 77 1843 Stølsheimen Åsedalen,26 senger Selhamar, 45 senger Vatnane, 6 senger Arnafjord hytter Nese 8 hytter/feriehus 54 6000 (ca.) Fam. Nese Nese/Tenne 4 hytter, campingplass 14? ? Verksemd Stad Produkt Senger Gjestedøgn 2009 Café Nese landhandel Nese Retro-café - - (sommarope) Pubkveldar Arnafjord ungdomslag Nese Møte og festlokale i ungdomshuset - - Smalahovefest Overnatting for ungdomsgrupper på flatseng Ivar Halset Indrefjorden 1 hytte 6 56 (ca.) Fjordaferie Framfjorden 2 feriehus, 10 pers + 13 pers 23 ? Fjorden Nærbutikk Framfjorden Daglegvarer, Kaffikrok, Pubkveldar - - totalt 262? 9525++

Vik

Kommunesenteret med omlag 2/3 av busetnaden I kommunen. Trafikk til/frå dei andre bygdene går i stor grad via Vik eller over Vangsnes.

Attraksjonar • Vikafjellet med særmerkt geologi og botanikk. • Vikja og laksefiske. Tilrettelagt for røslehemma. • Hopperstad Stavkyrkje • Hove steinkyrkje. Strandsitjarstaden Vikøyri. • Sognefjorden og Vikafjellet. Natur og kulturlandskap. • Vik Skisenter med komplett vinteranlegg og asfaltert rulleskiløype for sommarbruk. • Storesvingen (Utsiktspunkt ved RV 13) • Gamalostfestivalen • Kristianhus Båt- og motormuseum • Moahaugane, gravhaugar frå Romartida • Borgstova • Vikøyri, strandsitjarstad • Idrettspark

Infrastruktur / kommunikasjon • Ekspressbåten Bergen­Sogn har anløp Vik • Rv13 over Vikafjellet og til Vangsnes går gjennom Vik, bussruter mot nord og sør • Sylvarnes Vik­Ortnevik 3 dagar i veka • Daglege RIB­turar til Finnabotn (mai­sept.)

Reiselivsverksemder

Verksemd Stad / evtlt. Produkt Senger Gjestedøgn avstand frå 2009 sentrum Vikja – Trafo Kjøt Vik sentrum Økologisk slakteri med utsal - - Servering & catering Hopstock Hotell & Vik sentrum 55 hotellrom, 6 motellrom 122 5193 Motell Servering, Catering Verksemd Stad / evtlt. Produkt Senger Gjestedøgn avstand frå 2009 sentrum Vikja – Trafo Kjøt Vik sentrum Økologisk slakteri med utsal - - Servering & catering Møte-/selskapslokale, Pub Fjordcruise / RIB-turar Borgstova Dampen Pub Vik sentrum Servering, Catering - - Møte-/selskapslokale, Pub Hos Naboen Vik sentrum Servering, Catering - - Møte-/selskapslokale Ostebaren / Tine Meieri Vik sentrum Servering, Catering - - Møte-/selskapslokale Vik Camping Vik sentrum Camping 28 1748 8 hytter JJ Design Vik sentrum Julehus, suvenirar, galleri 6 ingen Fiskeutstyr, sal av fiskekort informasjon 1 appartment Fjordsylv Vik sentrum Gullsmed, suvenirar - - Vik kommune Vik sentrum Tenderkai, småbåthamn - - Fortidsminneforeningen Hopperstad Hoperstad stavkyrkje, - - Hove Hove steinkyrke 1,5-2 km (museumsdrift, omvising) Tistel Camping & Tistel 8 hytter 32 447 Feriehytter 5 km camping Vik Skisenter Kolsete Skianlegg, løyper, Skistove med 32 1061 7 km overnatting, Ski-arrangement Aktivitetar (skiskyting, fjellturar, etc.) Møte- og selskapslokale Ligtvor gardsferie Ligtvorane 3 feriehus 20 110 3 km Storesvingen Kafe Storesvingen Servering - - (sommarope) 6 km DNT / Vik Turlag Målsete Målsethytta (ubetjent) 12 Organiserte turar Reisemål Vik i Sogn Vik sentrum Vik Turistinformasjon - - Sal av turar / billettar Guiding, Suvenirar, Bøker, kart Totalt 252 8559++

Vangsnes

Vangsnes er eit blømande lokalsamfunn med omlag 400 innbyggjarar der hagebruket er det mest iaugefallande, og då mest produksjon av bringebær. Fritjovstatua og parken er Vik kommune sin 1000­årsstad. På Vangsnes kan ein gå turar i skogen/fjellet etter skogsvegar eller stiar. Startpunkt for turar er kyrkja eller skulen/Tråna. Frå Tveit camping kan ein gå fjelltur til Kongsvatnet. På Vangsnes finn ein og ferjekai med avgangar til Hella / Dragsvik som utgangspunkt for rundturar. Attraksjonar • Fridtjovsparken med Fridtjovstatuen • Fridtjovspelet

Infrastruktur / kommunikasjon • Ligg ved Rv 13, ca. 10 km frå Vik sentrum, 8 km frå Feios • Ferjekai med samband til Hella og Dragsvik • Småbåthamn

Reiselivsverksemder

Verksemd Stad Produkt Senger Gjestedøgn 2009 Djuvik camping Djuvik 22 hytter, Camping 88 ca. 1433 Tveit Camping Tveit 6 hytter 20 2133 Fjellheim Camping Vangsnes 11 hytter 44 255 Båtutleige Solvang Camping, Vangsnes 2 hytter, 5 motellrom, 55 ingen Hytter & Motell 5 leiligheiter informasjon Badebasseng (også for ikkje- gjestar) Sognefjord Vangsnes 10 rom 20 ingen gjestehotell Restaurant informasjon Butikk Havgula Vangsnes Kiosk, gatekjøkken - - Ferjekai Vangsnes Vangsnes Småbåthamn - - Småbåthamn Totalt 227 3821++

Feios

Feios er ei liti bygd ved Sognefjorden med om lag 240 innbyggjarar (god aldersspreiing). Her er oppvekstsenter (grunnskule med bibliotek og barnehage), butikk, kyrkje, ungdomshus, bedehus, ulik gardsdrift (bær, frukt, husdyrhald skogsdrift) og isfabrikk.

Rundt bygdi er det tilrettelagt ei kulturminneløype som går gjennom begge dalføra i Feios. Feios byr på opplevingar frå fjord til fjell heile året. Årlege arrangement er motbakkeløp frå Lunde til Vidasete, samt mange og varierte merka turløyper i skog og på fjellet. Ein kan oppleva symjefestival, torgdag, jonsokfeiring og ein har gode fiskeplassar ved djupvasskai, 2 km frå butikk og ved kai i elveosen. Det er ledige tomter i kommunalt byggefelt og nyleg utlagt hyttefelt ved fjorden. Lysløype i Aafedt om vinteren, og godt terreng for langrennsturar opp mot fjella frå dalsidene. Attraksjonar • Sognefjord Swim Festival (ann kvart år) • Vidasete Opp (årleg) • Kulturløype • Fjellområdet og turterreng

Infrastruktur / kommunikasjon • Feios ligg ved Rv 602, 8 km frå Vangsnes, 20 km frå kommunesenteret og 17 km frå Fresvik. • Kai • Turstiar til fjells

Reiselivsverksemder

Verksemd Stad Produkt Senger Gjestedøgn 2009 Alm Gard Hedland Produksjon av is og anna lokal mat 12 ca. 500 Omvising Overnatting på skulehuset 6 senger (ca. 80 dagar i kvart hus til Utleige av Kårahuset (småbruk),6 senger familier) Gardsbesøk Feiosbui Osen Nærbutikk - - ? Utleige av feriehus (Interchalet) ? ? Totalt 12++ 500++

Fresvik

Fresvik er ein idyllisk bygd med ca 250 innbyggjarar. Det er ei jordbruksbygd med bær­ og fruktdyrking. Av industri finst det Fresvik Produkt som produserer kjøle­ og fryserom. Fresvik er del av UNESCO­området Nærøyfjorden og er dessutan kjent for Fresvikbreen (1660m.o.h.) og vakre fjellområde. Fresvik er rik på kulturminne, frodig furuskog og fantastisk turterreng sommar og vinter. Modig idrettslag leiger ut hytte i Jordalen og Skar på Fresvikåsen. Det finst ein offentleg badeplass tilrettelagt for store og små og ei idrettsanlegg med sandvolleyballbane, skateboardrampe og flott klubbhus midt i bygda. Ved skulen er det ballbinge. Det finst kajakkar tilutleige. Kvar august er det minneløp for løparkongen Mensen Ernst. I juli er det Fresn­rockefestival som er det viktigaste arrangementet i Fresvik. Det er hus/hyttetomter for sal sentralt i bygda.

Attraksjonar • Nærøyfjorden Verdsarvområde. • Fresvikbreen • Område for plukking av blåbær og tyttebær • kytebane med elektronisk visning; jakt og fiske • Kulturminne, m.a. stølar og stølsvegar, fangstanlegg for villrein i høgfjellet • Badeplass • Otterhjell gardsmuseum. Kulturstova i Breili. • Fresn rock­festival • Mensen Ernst Minneløp Infrastruktur / kommunikasjon Fresvik ligg ved Rv 602, 37 km frå kommunesenteret og 17 km frå Feios. Det går (blind)veg til Simlenes ved Aurlandsfjorden.

Reiselivsverksemder

Verksemd Stad Produkt Senger Gjestedøgn 2009 Frøys Hus Hatleli Økologisk gardshotell, lokal mat, 12 83 oppleving Hege Strømme og Dee Fresvik og Overnatting, Laftehuset 4 sengar, 17 blir levert Cunningham Stigen Lordahuset 13 senger, seinare velvære (badestamp, massasjebad, badstue, massasje) opplevingar, guida turar Mat Modig IL Skard, Hytte på Skard, 6 ? Jordalen hytte Jashaugbu i Jordalen, 6 senger (i lag ? med DNT). Fresvik Kafe ved kaia i mest sommardrift, - - same bygg møtelokale, catering? som nærbutikken Kven? Utleige av feriehus gjennom byråar som ? Interchalet og Novasol Totalt 35+ 83+

Totalt Vik kommune

Senger Gjestedøgn 2009 Arnafjord og strendene+ 262? 9525+ Stølsheimen Vik + Vikafjellet 252 8559+ Vangsnes 227 3821+ Feios 12+ 500+ Fresvik 35+ 83+ Sum 788+ 22488+ Bergen turlag sine hytter i Stølsheimen

Bergen turlag driv tre overnattingshytter i den delen av Stølsheimen som ligg i Vik kommune: Selhamar, Åsedalen og Vatnane. Dei er ubetjente, men ein kan kjøpe proviant i hyttene.

Selhamar ligg berre ein gangavstand på ein halve time frå parkeringsplassen på Bjergane ved Kvilesteinsvatnet. Ditt kjem ein ved å køyre anleggsvegen frå Vikafjellsvegen som byrja ved Skjelingen. Åsedalen ligg lengre inne i Stølsheimen, om lag 9 km (luftlinje) frå Arnafjorden eller parkeringsplassen på Bjergane. Hytta står ved Halsetvatnet. Åsedalen og Halsetdalen er det tradisjonelle stølsområdet til gardane på Halsete og Åse i Arnafjorden. Tre gardar har framleis kyr på sommarbeite der. Vatnane ligg ved Vatnavatni, rett ovanfor Arnafjorden. Ein kan komme ditt via stølsvegen frå Tenne etter 1,5 til 3 timers gange.

Overnattingsbesøket i hyttene varierer ein del frå år til år (sjå tabell). Året 2009 var generelt mindre bra enn 2008, men i Selhamar og Vatnane betre enn 2007. I Åsedalen var besøket i 2009 det lågaste på tre år. Sett over året er det flest overnattingar i juli/august besøket er på det lågaste november til februar. Men totalt sett er det ingen månad utan hytteovernatting i Vik sin del av Stølsheimen. I mars/april går talet overnattingar opp pga. påske for å så gå ned igjen. Dette er mindre utprega på Vatnane. Tal overnatting generelt ser ut til å vere sterk avhengig av kor lett ei hytte er tilgjengeleg. Selhamar, som ligg veldig nær vegnettet, har klart størst besøk.

Tal overnattingar på turlagshyttene Selhamar, Vantane og Åsedalen, Kjelde: Bergen Turlag

Det er også noko dagsbesøk i hyttene, dvs. folk som ikkje overnattar men brukar hyttene på dagtid til å opphalde seg der eller lage mat. Også her er det nærleiken til nærmaste veg/parkeringsplass som fører til mest besøk. Tal dagsbesøk på turlagshyttene Selhamar, Vantane og Åsedalen, Kjelde: Bergen Turlag Rapport frå reiselivsworkshopen i Hamburg/Tyskland 6. mai 2010

Deltakar

Turoperatørar frå Tyskland og Nederland: Destinasjonar / verksemder Norge: Angelreisen Hamburg Angelamfi Hitra Club Aktiv Erlebnisreisen Arctic coast Diamir Erlebnisreisen Besseggen Tourism Din Tur Destinasjon Hardangerfjord Elch Adventure Tours Destinasjon Kristiansund & Nordmøre Elk Trek Farsund resort Fjord Tours Fjordline Interchalet Guide Gunnar Snowmotion Hedmark Reiseliv T+P Touristik Jotunheimen Reiseliv Top­Nord Lom & Sjåk Adventure Sieggi Stühmke R&R Norsk Villakssenter Biketranz Randsfjorden Gjestegiveri Reisemål Sunnfjord Repvåg Fjordhotell og Rorbusenter Savalen Fjellhotell & Spa Skeikampen resort Destination Stryn & Nordfjord Reisemål Vik i Sogn

• Kort presentasjonsrunde med alle deltakarar • Fagege innlegg av Martin Müller (journalist) om pressearbeid og Dominik Greb om bruk av sosiale medier (t.d. Facebook) i marknadsføring • „Speed­dates” mellom operatørane og destinasjonane/verksemdene (15 min med kvar operatør) Notat frå møtet med operatørane:

T+P Touristik • Produktet er bussreiser med hotellovernatting, svært tradisjonelt • Kjenner Hopstock Hotell og har vore der

Interchalet • Leiger ut feriehus via katalog • Har samarbeidspartnarar i Vik (Arnafjord, Liktvor, Vangsnes, Feios og Fresvik) • Alltid interessert i nye objekt

Angelreisen Hamburg • Leiger ut overnatting i samband med fiske • Alt frå enkle hytter il hotellstandard • er interessert i hus/hytter ved Sognefjorden (ikkje fjordarmar), t.d. Feios, Fresvik • må ha skikkelege båtar • partnarar kan alltid også leige ut hyttene sjølve

Fjord Tours • Utleige hytte/feriehus, 3700 kundar • Ynskjer kontakt med huseigarar, hyttene skal ligge ved fjorden • Tilbod for familiar • Ordentleg standard, husverten må vere å stole på, 25% provisjon, ingen bindande kontraktar • partnarar får ein portfolio • Katalog 8000 stk. per år, Austerrike, Sveits, Tyskland

Top­Nord • Produkt: rundreiser med bil, evtl. også offentleg transport (t.d. Norge i eit nøtteskal) med overnatting

Din Tur • Interessert i hytter / feriehus ved fjorden

Club Aktiv Erlebnis Reisen • Leiter etter overnatting litt utanom det vanlege, slik som Findebotten Gjestehus, Vik Skisenter, etc.

Elch Adventure tours • leiter etter feriehus/hytter for 8­15 personar

Biketanz • Produkt: Mountainbiking. Gruppane er prof på mountainbike, meir skånsam for naturen enn å gå, Stølsheimen kan vere interessant

Siegbert Stühmke, sjeffredaktør for tidsskrifta „Fisch & Fliege” • Interessert i fiskehistorier, t.d. i kombinasjon med turi Stølsheimen? Er der nokoni Vik som kan skrive noko slikt for publikasjon i tidsskrifta? Utanom med turoperatørande fekk vi også samtale med nokre kontor til Innovasjon Norge:

Innovasjon Norge – Nederland v/ Sofia Runn (svensk):

• Ynskjer nyheiter frå oss for visitnorway.nl (sjå ark) • Tilbyr oss nyheiter frå Nederland på visitnorway.nl • Nederlendarar betaler heller meir for aktivitetar enn for overnatting (overnatting skal vere rimeleg) • Aktivitetar er viktige, bestiller gjerne online • Sofia trur at online­booking­funksjonen på sognefjord.no er bra. Det gjev referanse, blir oppfatta som trygt fordi det blir „anbefalt” av sognefjord.no • Fjordorway kan anbefale våre campingplassar i campingbrosjyren til visitnorway.nl

Karen Weichert

Vedlegg:

• Market Manual Workshop „Active Holiday in Norway” • Visitkort frå operatørar • Tall & Fakta frå Innovasjon Norge Nederland • Døme Nyheitsbrev Innovasjon Norge Nederland • Protokoll frå fagføredraga Vedlegg 3 2010 Reisemål Vik i Sogn – Reisemålutviklingsprosjekt Spørjeundesøkjing 2010

Side 1 – enkel skjema

Tal analyserte skjema: 21

Det beste tal nemningar vakker bygd 6 flott natur 6 Fiske i fjorden 4 roen 2 Gamalostfestival 2 hyggeleg vertskap på campingplassane 2 gode fasislitetar på campingplassane 2 Julehuset 2 Båtmotormuseet 2 Fjorden 2 flotte sykkelveger 1 storleik tilbygda 1 godvedlikehald av campingplassane 1 ein kan sjå på hamn og båtliv 1 Menneska i Vik 1 Kort veg til butikk 1 Gamle hus som er godt vedlikeheld 1 Badeplassen i Framfjorden 1 Arnafjorden 1

Kan bli betre / kva saknar du? tal nemningar tryggere sykkelveger, eigne stier 2 fleire festivaler (trekkspel, dansegala) 2 Fisk i fjorden 2 Mattilbod / spisetilbod 2 Restaurant kveldstid) med norsk kjøken 2 Parkeringsplass for bubilar 2 For djupe grøfter langs vegane 2 leigemoglegheit for båt med motor 1 dei markerte turstiane på turkartet er vanskelegå finne 1 Nokre turstiar frå kartet manglar markering 1 Forutsetningane for elvefiske (skruing av elv) 1 Service på butikkane 1 Utestedar 1 WLAN på campingpassane 1 For låg vasstand i elva (kraftverk?) 1 Steikeovn i hyttene på camping 1 Gratis tømmeplass spillvasstank 1 Handletilbod, fleire butikkar med alt mogleg 1 For mykje skrot på motormuseet 1 Gokart-bane 1 Betre vegar 1 Billettane for Hopperstad og Hove er for dyre 1 Lengre opningstider på restaurantane 1 Lastebilar med stein 1

Seite 1 2010 Kontorbygg Sognekraft 1 Øydelagt netting mot ras 1

Side 2 – detaljert skjema

Tal analyserte skjema: 49

Alder 0-18 2 4 % 19-30 1 2 % 31-40 3 6 % 41-60 21 43 % Over 60 22 45 % 49 100 % kjøn man 27 55 % kvinne 19 39 % ikkje svart på 3 6 % 49 100 % Bustad Tyskland 17 35 % Vestlandet elles 11 22 % Sogn og Fjordane 5 10 % Noreg elles 5 10 % Nederland 7 14 % Belgia 2 4 % Spania 1 2 % USA 1 2 % Norden elles 0 0 %

49 100 %

Når bestemte du deg for å dra til Vik? i dag 1 2 % i går 6 12 % før dette 39 80 % ikkje svart på 3 6 % 49 100 %

Kva var føremåla med reisa ferie 34 69 % ikkje svart på 11 22 % anna 4 8 % forretningsreise 0 0 % 49 100 %

Har du reisefølgje? Nei 3 6 % Partnar/ektefellet 32 65 % Familie 6 12 % anna 4 8 % ikkje svart på 4 8 % 49 100 %

Seite 2 2010

Har du vore i Vik før? Ja 31 63 % Nei 13 27 % ikkje svart på 5 10 % 49 100 %

Kor mange netter skal du blii Vik? 2-6 netter 20 41 % meir enn 6 netter 19 39 % ingen 3 6 % ikkje svart på 3 6 % ei natt 4 8 % 49 100 %

Kva delar av Vik har du vitja under ditt opphald? Vik 44 90 % Arnafjord 23 47 % Vangsnes 24 49 % Strendene (inkludert Finnafjorden/-botnen) 9 18 % Feios 11 22 % Fresvik 12 24 %

Kva er du interessert i å sj/gjere i Vik? Du kan setje fleire kryss. jakt og/eller fiske 26 53 % Kultur (middelalderky., strandsitjarst., Fridtjovst., gravh., etc.) 25 51 % gå tur (på Vikafj./i Stølsh./UNESCO-omr. Nærøyfj./kort. turar i bygd.) 23 47 % kajakk 13 27 % båtturar på fjorden 14 29 % bruke Vik som utgangspunkt for dagsturar i regionen 19 39 % sykling 7 14 % anna 7 14 % vintersport 0 0 % anna: slappe av og shoping 1 2 % Reise rundt med bumobil 1 2 % Vitja venner i Vik 1 2 %

Seite 3 2010 Kva tykkjer du om...? 1=mindre bra, 6=svært bra, 7=ikkje prøvd/vitja 1 2 3 4 5 6 7

Matservering i Vik 1 8 7 6 11 4 8 Vik turistinformasjon 4 6 4 10 10 10 Overnattingstilbodet i Vik 1 3 10 12 9 9 Turtilhøve i Vik kommune 5 4 9 15 12 Tilhøve for sykling 1 10 5 5 8 17 Tilhøve for jakt/fiske 2 1 5 5 14 16 Kristianhus Båt- og motormuseum 2 3 2 4 14 20 Hopperstad Stavkyrkje 1 1 2 19 11 12 Hove Steinkyrkje 1 1 6 12 10 16 Fridtjovsparken 1 1 4 6 9 25 RIB-tur på fjorden 1 2 9 1 36 Vikøyri – gamle strandsitjarsatd 1 1 6 8 8 22

Seite 1

Studieplan 2010-2011.

Første samling veke 41

Torsdag 14 okt. kjem Inge Aarseth.

Emne: Geologi i Nærøydalen og Jordalen.

Orientering om Nærøyfjorden Verdsarvpark

Dalar på Vestlandet, U-dalar, V-dalar, hengjande dalar og dalendar. Kva for geologiske prosessar går føre seg i Vestlandsdalene.

Møtelokale: Jordalen skule

Møtestad: Stadheim

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Andre samling veke 43

Torsdag 28 okt. kjem Anders Timberlid.

Emne: Husmannsplassar og stølsdrift.

Husmannsskipnaden i indre Sogn.

Stølane si betydning for drifta av garden.

Møtelokale: Fresvik skule

Møtestad: Fresvik

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Tredje samling veke 45

Torsdag 11 nov. kjem Leif Hauge.

Emne: Kulturlandskap og kulturminne i indre Sogn.

Kva er kulturlandskap? Fôrsanking i utmark og fjell. Kulturmarker med spor etter lauvsank.. Kulturminne i landskapet. Vatningsveiter, kolmilebrenning. Kommuneblomsten i Lærdal: Fjøreknapp (Cotula coronopifolia).

Vandring langs Ljøsnaveita og ”Undebakkeveita”.

Møtelokale: Borlo bygdetun

Møtestad: Borgund

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Fjerde samling veke 7

Torsdag 17 feb kjem Nils Georg Brekke.

Emne: Stavbygg og stavkyrkjer.

Garden og fjorden. Naustallmenningar, naust og sjøbuer.

Stavbygget frå forhistorisk tid til vår tid - stav og laft.

Stavkyrkjene og tømmerkyrkjene i det vestnorske landskapet.

Møtestad: Undredal skule

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Femte samling veke 9

Torsdag 3 mars kjem Nils Georg Brekke

Emne: Tun og tettstad.

Sjøvegen og dei gamle ferdselsårene mellom aust og vest.

Postvegane. Marknadsplassar, skysskifte, kremmerleier og gjestgjevarstader.

Frå tun til tettstader og bygdebyar. Dei nye kommunikasjonslinjene.

Møtelokale: Kvammes kafe.

Møtestad: Lærdal

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Sjette samling veke 11.

Torsdag 17. mars kjem Svein Indrelid.

Emne: Religion og historie

Møtestad: Undredal skule

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Sjuende samling veke 13

Torsdag 31 mars kjem Inge Aarseth.

Emne: Geologi i Fresvik.

Sognefjorden og andre fjordar på Vestlandet: Korleis vart dei danna og kva tyding har dei for naturmiljøet i Sogn. Fresvikbreen og andre brear på Vestlandet. Når vart dei danna og kva for geologisk arbeid gjer dei

Møtelokale: Fresvik ungdomshus

Møtestad: Fresvik

Frammøte kl 10.00

Avslutning kl 16.00

Vedlegg 9: Irritasjonsmoment Blilete teke av turistar sommaren 2010 (nokre døme)

langs med tursti bos engelsk skilting bos

bos venteromet fjord1 vangsnes venteromet fjord1 vangsnes Scenarier 2020 Eli-Grete Høyvik, sept 2010 – utan ansvar for at det blir verken slik eller slik!

1 – Vik - Gjennomfartskommunen (eller historia om kommunen som hadde alt og skusla det vekk!)

Vik har endeleg fått på plass tunnellen som har vore framkjempa i alle dei år. Tunnellen vart opna med samferdsleministeren til stades og feira som siste brikke på plass av Fjordvegen. Dette gjer livet lettare for innbyggarane og særleg for næringslivet som får fram varene sine året rundt utan særlege bekymringar.

Det syner seg imidlertid at vegen ikkje har blitt til spesielt stor velsigning for reiselivet. Vik kommune brukte det dei hadde av ressursar frå 2010 – 2020 for å få på plass tunnellen. Dette gjekk ut over anna utviklingsarbeid i kommunen, og særleg mangla det stimulans til utvikling av reiselivet. Kommunen har med andre ord sove i timen, medan andre kommunar langs Fjordvegen har utvikla konsept som høver for dei individuelle reisande i bil som bookar sine overnattingar på førehand. Vik opplever at dei har lagt til rette for å bli ein gjennomfartskommune, der dei reisande i beste fall stoggar for ein kopp kaffi og nyttar toalettfasilitetane i Vik sentrum og på Vangsnes.

Dei fleste av reiselivsbedriftene som eksisterte i 2010 er framleis i marknaden, men nokre av dei vurderer å selje ut hytter og feriehus til private ettersom dei sit att med lite for arbeidet etter at provisjonen til marknadsselskapa er betalt. Det var ein viss optimisme etter arbeidet med forstudien for reisemålsutvikling i 2010. Men arbeidet med oppfølgjing vart ikkje prioritert. Reiselivet i Vik blir oppfatta som fragmentert, der kvar heldt på med si marknadsføring gjennom nettsider og brosjyrar med lita rekkevidde.

Banda til Voss som destinasjon er blitt mykje sterkare – og mest i form av at ulike bedrifter på Voss brukar naturen og fasilitetane i kommunesenteret og krinsane for det det er verd. Det blir såleis lite att av verdiskaping i Vik ettersom gjestene bur på hotella på Voss eller i Voss Fjellandsby. Reiselivsbedriftene frå Voss stiller med eigne folk og utstyr (guidar, turleiarar, instruktørar, syklar, kajakkar, mv. ) Det same gjeld transport. Vik er saman med Aurland blitt ”Voss sommar”. Områda blir marknadsførte som del av Destinasjon Voss og utfyller på ein fin måte deira vinterprodukt. Voss kan såleis ha mange heilårstilsette og halde oppe kvalitet og profesjonalitet i reiselivet. Vik er på mange måtar blitt ein Satellitt Voss.

Ein del av kommunen har fått glede av dette, gjennom at Talkmølla i Framfjorden er bygd om til vinterlager og servicestasjon for småbåtar frå Vosseområdet. Denne bedrifta er eigd og drive av investorane som står bak Voss Fjellandsby – og del av dette konseptet. Det blir likevel litt ekstra handel på nærbutikken når folk hentar og bringar båtane sine.

Verdsarvstatusen står ved lag takka vere hardt arbeid frå aktørane i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Men det er først og fremst miljøet i Flåm og Aurland og einkildverksemder i Fresvik som haustar av denne innsatsen.

Kommuneøkonomien i Vik er dårleg, og i den nye bølgja av kommunesamanslåingar etter regjeringsskiftet i 2015, vurderer Vik kommune å slå seg saman med Voss.

2. Vik – reisemålet for sprekingar I 2020 feirar Vik kommune 5 årsjubileum for produktet ”Kjenn Vik i kroppen”/ ”Fridtjof-programmet”. Dette vart som del av oppfølgjinga av reisemålsutviklingsprosessen, utvikla som eit program for sprekingar av alle typar – og oppfatta som eit ”must” for mange å vere med på. Programmet har eit vinter, vår, haust og sommaropplegg – med fire veker på kvart opplegg kvar årstid. Dette har gitt fleire heilårsarbeidsplassar ettersom kvar av desse 16 vekene medfører 20 veker i planleggings-, utviklings- og etterarbeid.

Programmet inneheld ulike aktivitetar etter årstid – ski, brevandring, fotturar med overnatting og overlevingstrening, fjellklatring, fjordsymjing, kajakkpadling, ribtur, sykkeltur Rallarvegen – Arnafjord med båttransport Flåm – Fresvik og attende frå Arnafjord til Vik. Det er sjølvsagt mogeleg å delta på eitt eller fleire vekesprogram. Men i samarbeid med NRK er det utarbeidd ein spesiell premiering for dei som gjennomfører heile programmet – dvs ei veke i kvar årstid innafor eit kalenderår. Programmet kom i stand som eit samarbeid mellom Vik turlag, Vik Idrettslag, grendelaga, reiselivsbedrifter i Vik kommune, Nærøyfjorden Verdsarvpark og Reisemål Vik i Sogn.

Reisemålsselskapet administrerer påmelding og bookar overnatting for deltakarane alt etter preferanse på pris, standard og stad dei ynskjer å bu. Dette blir oppfatta som ein god måte å utnytte overnattingskapasiteten i skuldersesongane. Det har også styrka Hopstock Hotell som har satsa bevisst på denne målgruppa etter nybygging av hotellet etter brannen i 2010.

Næringslivet elles i Vik har også fått nye kundar. Særleg er det vekst i butikkar som sel sportsartiklar og konfeksjon. Når travle folk er på ein stad i ei veke, har dei tid til å handle til personleg forbruk. Det er vakse fram nye butikkonspet for ”ting og tang” – interiør og dyrare forbruksgjenstandar. Det kjem også kundar frå Voss fjellandsby som er med på dagsopplegg.

Reisemål Vik i Sogn har i samarbeid med Fjord1 (eller Tide!) starta marknadsføring til utanlandske turistar i Bergen. ”Survival in the mountains for puddings!” Dei blir tilbydde reise Bergen – Vik med ekspressbåten, spasertur frå kaien om kyrkjene og til Kålsete, lunsjpakke frå hotell i Vik som blir fortært ute (eller på hytta i Kålsete), prøve rulleski i skianlegget, transport til Vikafjellet med buss, tur i lett terreng med turleiar, vidare busstur til Voss, kaffipause og tog attende til Bergen.

3. Vik - Base for den perfekte ferien Medviten satsing på Vik som utgangspunkt for baseferie har gitt resultat. Vik kommune tok på alvor tendensen til at utanlandske reisande oppfatta Noreg som eit ”dyrt, men verdt å besøke”-ferieland. Reiselivsaktørane vart stimulerte til utviding av kapasiteten for individuelle reisande. Det resulterte mellom anna i oppbygging av tilbod om Vandrarheim/Youth Hostel i kombinasjon med ein campingplass. Hopstock hotell satsa også i retning av individuelle reisande og fjerna seg frå markanden av (billeg)bussreisande.

Aktørane i alle krinsane i Vik slo seg saman og satsa bevisst på marknadsføring av camping, feriehus og hytter og anna sjølvhushald gjennom Visit Sognefjord. Dette marknadsføringsselskapet utvida verksemda si til også å gjelde booking for alle hytter/feriehus langs fjorden. ”Word of mouth” og gjestene sine erfaring med gode vertskap er komme desse aktørane til gode, gjennom større kontroll med booking. Det vart utvikla eit bookingopplegg der Visit Sognefjord fekk provisjon i dei tilfella der dei faktisk skaffa kundar til feriehus-aktørane. Denne provisjonen var ca halvparten av den dei tradisjonelle katalog-byråa kravde.

Vik kommune er blitt spesielt populær som base i sommarsesongen for reisande frå Tyskland, Nederland, Spania og Aust-Europa grunna god tilrettelegging for å vere aktiv i naturen. Det vart i 2011 – 2013 teke ein skikkeleg dugnad med å merke turløyper i alle krinsane, lage gode kart og gjere målet for turen ekstra interessant gjennom ” ei overrasking” når ein er kommen vel fram.

Ettersom dei fleste av desse reisande kjem med eigen bil, er det utvikla ein plan for veka heile sommarsesongen der det er aktivitetar, lunsjtilbod og aktørane har ope og kan rekne med bra besøk – i 2020 ser det slik ut • Måndagar - Fresvik og Feios (kajakkpadling, lunsj på Frøys Hus, tur i Fresvikdalen (formidling om verdsarvområdet), kaffi og iskrem i Feios . mm. • Onsdagar – Arnafjord/strendene (besøk på Nese landhandel, formidling om kulturlandskapet, tur i naturen, evt ribtur til Finden og lunsj her.) • Fredagar - Vangsnes med formidling/dramatisering om Fridtjofsagaen, lunsj på ein av reiselivsbedriftenen eller picnic i Fridtjofparken. • Laurdagar - er det guida tur på Vikafjellet.

Dette har ført til gode inntekter også for nærbutikkane som merkar godt sal desse dagane. Det er utvikla nye produkt for jakt og fiske som er blitt veldig etterspurde og dermed også lønsame for grunneigarar og aktørane som organsierer tilbodet.

Den auka kapasiteten blir utnytta i skuldersesongane gjennom aktiv satsing på større arrangement for idrettsmiljøa - det profesjonelle og semiprofesjonelle (klubbar, bedriftsidrettslag, mv).

Nye Hopstock har også satsa meir på kurs- og konferansemarkanden og samarbeider med sportsmiljøet kring Vik Aktiv om aktivitetar for konferansegjestene. Ulike teambuildingsaktivitear i anlegget på Kålsete er særleg populært.

Grunna større tilstrøyming av gjester er det utvikla større aktivitetstilbod også – eit av dei er Kulturvandring er spesielt populært. Denne startar på Vikøyri, går langs kulturstien til Hopperstad stavkyrkje med omvising. Turen endar opp med minikonsert i Hove gamle steinkyrkje.