2010 Reisemål Vik I Sogn 2020

2010 Reisemål Vik I Sogn 2020

FORSTUDIE 2010 Sept 2010 Reisemål Vik i Sogn 2020 Foto framside: Thomas Morel, Asbjørn Hønsi, Vik Skisenter, Vik Turlag, Leif Olav Bjordal, Gunnar Kleven, Talkmølla 4 Forstudie [REISEMÅL VIK I SOGN 2020] BAKGRUNN ..........................................................................................6 ORGANISERING OG ARBEIDSMETODE.....................................................7 VIK SOM REISEMÅL – EI SITUASJONSANALYSE.........................................8 KARTLEGGING AV UTVIKLINGSPOTENSIALE...........................................18 AKTUELLE SAKER OG SPESIELLE PROBLEMSTILLINGAR..........................32 UTFORDRINGAR..................................................................................38 FØREBELSE STRATEGIAR FOR REISEMÅLSUTVIKLING I VIK.....................39 5 BAKGRUNN Reiselivsbedriftene i Vik kommune nyorganiserte seg i 2009 i selskapet Reisemål Vik i Sogn, etter oppløysing av Sognefjord Reiseliv BA. I avtale av september 09 mellom Vik Kommune og Reisemål Vik i Sogn tek reisemålselskapet anvar for å starta eit reisemålutviklingsprosjekt etter Innovasjon Norge sitt opplegg. I eit samarbeid mellom Reisemål Vik i Sogn og Vik Kommune vart det hausten 09 etablert eit interimstyre med deltakarar frå Reisemål Vik i Sogn, Vik kommune, Vik Næringssamskipnad og Innovasjon Norge. Denne gruppa sende søknad til Innovasjon Norge om medfinansiering av forstudien, utforma forstudien, organiserte prosjektet etter prosjektlederprosessen (Innovasjon Norge) og engasjerte prosjektleiar (PL). Vik er tradisjonelt ein sterk landbrukskommune, med bærproduksjon som ei vekstnæring. Landbruket synest viktigare for kommunen enn talet på sysselsette i næringa skulle tilseie. Vik er no 3. største industrikommunen i Sogn utan ei tydeleg ”hjørnesteinsverksemd”. Kommunen har såleis eit breitt spekter av næringsliv samanlikna med nabokommunane . Tenesteyting utgjer likevel hoveddelen av sysselsettinga. Arbeidsplassar: Landbruk 11% Industri 30% Tenesteyting: 59% Som reiselivskommune ligg Vik om lag på gjennomsnittet i fylket i høve til folketalet m med ca 35-40000 kommersielle gjestedøger i året.1 Vik byggjer som fleire andre kommunar i Sogn reiselivet på den vakre naturen mellom fjell, brear og fjordar og kulturlandskapet. Vik har også ei spesielt rik kultursoge, mellom anna med to middelalderkyrkjer og mattradisjonar som bli tekne godt vare på. Det er likevel grunn til å gå gjennom kva som kan gjerast betre og kva som kan vere nye strategiar og nye element i ei framtidig satsing. Initiativet til forstudien avspeglar at aktørane opplever stagnasjon over ein lang periode, at potensialet i kommunen er større enn som blir utnytta pr i dag og at det er behov for å tilpasse produktet nye trendar i reiselivet. 1 Oppgåvesvar studium i reisemålsutvikling, 2008/2009, Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun 6 ORGANISERING OG ARBEIDSMETODE Arbeidet bygger på Hvitebok for reisemålsutvikling (Innovasjon Norge/Mimir – rapport 1/2008). Denne legg vekt på brei deltaking i prosessen, faseinndelt prosess og organisering etter prosjektlederprosessen (PLP). Organisering Forstudien er såleis organisert med styringsgruppe (SG), prosjektansvarleg (PA) og prosjektleiar (PL). Referansegruppe (RG) har vore medlemmar i Reisemål Vik i Sogn, Vik Næringssamskipnad og andre interesserte einskildpersonar. Referansegruppa har vore innbydd til to opne møte. Styringsgruppe (SG): Annette Refsdal Carl André Riiber Vararepresentantar (har vore innkalt Dee Cunningham og dei fleste møtt): Gro Liljedahl Kari W. Sunde Eivind Lidal Marta Finden Halseth Gjertrud Samland Olav Vikøren Liv Hatleli Ottar Wiik Odd Rune Turvoll Thomas Bech Olav Turvoll Åslaug Stadheim Ese Veronika Seim Bech Prosjektansvarleg (PA): Karen Weichert, Reisemål Vik i Sogn Prosjektleiar (PL): Eli-Grete Høyvik, Interplan, Balestrand Styringsgruppa har hatt 4 møte (pr 27.09.10) og gjennomført ein studietur. Arbeidsmetode Mobiliserande eller kommunikativ planlegging har vore ei rettesnor for arbeidet. Denne måten å arbeide på går ut på å bringe dei involverte gjennom ein prosess. I denne prosessen får ein fram deltakarane sine idear, visjonar, kunnskapar og røynsler som ein del av søkeprosessen. I neste omgang blir dette kunnskapstilfanget grunnlag for det vidare arbeidet med planen. Eit anna viktig føremål med denne måten å arbeide på, er å styrke eigarskap til prosessen. Dersom aktørane i reiselivet ikkje tek aktivt del i planleggingsfasen, er planen lite verdt når det kjem til tidspunktet for gjennomføring av konkrete tiltak. I dette planarbeidet har kommunen og grendelaga vore like aktive som den tradisjonelle reiselivsnæringa. 7 Figur: Modell for mobiliserande planlegging, prof. Roar Amdam, Høgskulen i Volda. Det har såleis vore annonsert og halde 2 opne møte for referansegruppa (RG). Desse møta har vore godt besøkte (30 – 40 personar) og har bringa fram mykje informasjon til forstudien. Møta har også vore brukte som informasjonsmøte om aktuelle tiltak i kommunen, samt om den planlagde utviklinga av Voss Fjellandsby i Myrkdalen og samarbeid over kommune- og fylkesgrensa. Sjå vedlegg 1 og 2 for referat. 12-13 august 2010 gjennomførte 10 deltakarar i styringsgruppa ein studietur til Eidfjord og Flåm. VIK SOM REISEMÅL – EI SITUASJONSANALYSE Vik kommune har eit folketal på 2768 (1.1.2010) og er sett saman av bygdene Arnafjord og strendene, Vik, Vangsnes, Feios og Fresvik (frå vest til aust). Kommunen strekkjer seg om lag 40 km frå vest til aust. Men på grunn av dei geografiske tilhøva er felles innfallsportar i kommunen for alle bygdene Rv13 over Vikafjellet, ferja til Vangsnes, ekspressbåten Bergen-Sogn som har anløp Vik, samt båten Sylvarnes som går ruta Vik-Ortnevik. Vik er tradisjonelt ein landbrukskommune, men industriarbeidsplassar har teke mykje over sysselsetjing i seinare tid. Bærproduksjon (tunnellbringbær) er ei ny jordbruksnæring i vekst og Vik er største bærkommunen i landet. Viktige produkt frå denne satsinga er også Tine sin Bringebærjus og Diplomis sin is med bringebær som dermed blir knytt til Vik som reisemål også. Vik kommune har store naturressursar frå fjell til fjord, samt særmerkt geologi og botanikk. Jakt, fiske og friluftsliv er utbreidd. I kommunen er også intakte kulturlandskap og mange kulturminner. Mykje lokalhistorie er nedskrive og ivareteke. Vik kommune har eit blømande kulturlivet med kor, korps, 4H, ungdomslag/teatergrupper, idrettslag og ymse andre lag og organisasjonar. 8 Reiselivsnæringa Informasjonen i dette kapittelet er henta frå ulike kjelder. Den generelle informasjonen om bygdene kjem frå enten bygdelaga eller er henta frå brosjyrar / vevsider om bygdene. Opplysingane om reiselivsverksemdene er henta frå oppgåvesvara til Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun i samband med eit studium i reisemålsutvikling i 2008/2009, i tillegg til intervju med verksemdene på telefonen og eksisterande statistikk frå Reisemål Vik i Sogn, Bergen Turlag, Fjord1 og Statens Vegvesen. Det er gjort ein grundig gjennomgang av dataene, og det blei ringt til reiselivsverksemdene for å sjekke om dataene er riktige. At det er hol i statistikken skuldast enten at det ikkje har lukkast å komme i kontakt med verksemdene ennå eller at informasjonen frå verksemdene ikkje var tilgjengeleg. Det er registrert ca 760 gjestesenger I kommunen. Dei fleste er konsentrert i om- rådet Vik -Vangsnes. Det er lite utbygd tilbod i standarden mellom hotell og cam- pinghytte: type vandrarheim/pensjonat. Utleigehytter/campingplassar står for ca 70% av gjestedøgna i Vik. 2 Det er relativt få heilårs arbeidsplassar knytt til reiselivet i Vik. Hovedgrunn er det sterke sesongpreget. Sysselsetting i småskalareiselivet er i hovudsak attåtnæring knytt til landbruk. Begrensa sengetal er eit problem ved større arrangement. Hopstock Hotell er den dominerande heilårs reiselivsverksemda i Vik, og er viktig som flaggskip for næringa. Vi definerer i dette tilfellet reiselivsverksemder som verksemder som direkte eller indirekte har betydning for Vik i Sogn som reisemål. Sjå vedlegg 4 for meir detaljert informasjon om reiselivsverksemdene. Arnafjord og strendene Arnafjorden ligg i Vik kommune om lag 20 km vestover frå Vik sentrum og er ein av Sognefjorden sine mange sidearmar. Fjella kring fjorden er ein naturleg innfallsport til det kjende og tradisjonsrike fjellområdet Stølsheimen. Busetnaden i Arnafjord er spreidd utover fleire mindre bygder og dei fleste driv med jordbruk. Det er om lag 70 husstandar. I Arnafjorden er det 3 grender: Nese, Indrefjorden (med Halsete og Åse) og Framfjorden (med Dale og Lee). Arnafjord har vegsamband til Vik. Arnafjord er eit populært reisemål for dagsturar eller lengre ferieopphald, med eit stort potentiale for naturopplevingar på sjøen eller i fjellet. Strendene er samleuttrykket for busetnaden utan vegsamband frå Nese utover mot den vestlege kommunegrensa ved fjorden. Det er i dag fastbuande i Sylvarnes, Vollevik , Finnabotn, Finden, Geithus, Notaberget og Otterskred. 2 Oppgåvesvar studium i reisemålsutvikling, 2008/2009, Asbjørn Hønsi, Liv Hatleli, Ottar Wiik og Marianne Bøthun 9 Attraksjonar . Fjordane, fossane, naturen . Kulturlandskapet langs fjorden . Stølsheimen landskapsvernområdet . Badeplassar på Rundøyri i Framfjorden, i Indrefjorden og ved kaia på Nese . Skredstova, på Nese eit minnesmerke for Storskreda 1811 med piknikplass (under arbeid). Utsiktspunktet på Lee der ein kan køyre bil nesten heilt fram . Gamle arnafjordmølla i Framfjorden (under utvikling) Infrastruktur / kommunikasjon . Katamaranen Sylvarnes går i rute mellom Vik og Ortnevik

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    78 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us