Årsmelding for 2018
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Årsmelding for Aurland fjellstyre 2018 Aurland fjellstyre Februar 2019 1 FØREORD I denne årsmeldinga har me prøvt å ta med det viktigaste av det som fjellstyret har arbeidd med i året som har gått, i tillegg til oversiktar over fiskefangst, felte reinsdyr, hjort og ryper o.a. Årsmeldinga ligg på fjellstyret si nettside www.aurland-fjellstyre.no. Der finn ein og meir informasjon om tilboda i statsallmenningane i Aurland. Aurland, den 13.2.2018 Erling Nesbø May- Britt Martinsen Bjørn Ebne fjellstyreleiar Reidun Bøe Bjørgum John Håland Harald Skjerdal (dagleg leiar) INNHALDSOVERSIKT 1. FJELLSTYREARBEID OG -SAKER I 2018 side 3 2. OPPSYNS- OG SEKRETÆRORDNING ” 4 3. FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE ” 6 4. FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR ” 7 5. REIN OG REINSJAKT ” 8 6. ELG- OG HJORTEJAKT ” 9 7. SMÅVILT ” 10 8. FISKE ” 11 9. ANLEGGSARBEID I ALLMENNINGEN ” 13 10. ØKONOMI ” 13 Framsidebilete: - Fjelloppsynet med restar av reinsbukk ved Sandnosi (foto H. Skjerdal) - Sauesank på Flågrunnane seinhaustes (foto K. F. Øi) Vedlegg: - Fangststatistikk fiske, Aurland statsallmenning 2018 - Fiskeutsetjinga i Aurland statsallmenning i 2018 2 FJELLSTYREMØTE OG SAKER I 2018 Det vart halde 6 møte og handsama 31 saker dette året. Fjellstyremøte den 6. februar: Sak 1/18. Referat og meldingar Sak 2/18. Fjellstyrerekneskapen for 2017 Sak 3/18. Fjellstyret si årsmelding for 2017 Fjellstyremøte den 20. mars: Sak 4/18. Referat og meldingar Sak 5/18. Utlysing av hjortejakta i det nedre jaktfeltet i Nordheimsdalen for 2018-19 Sak 6/18. Ordninga med sal av dagskort for hjortejakt i Nordheimsdalen Sak 7/18. Firmabil – finna løysing for bilspørsmålet etter havari av VW Caddy Sak 8/18. Opplegg for småviltjakta 2018 Sak 9/18. Opplegg for reinsjakta Sak 10/18. Søknad om fellingsløyve for rein til jaktkarusellen Fjellstyremøte den 24. april: Sak 11/18. Referat og meldingar Sak 12/18. Uttale til Statskog SF om plassering av ny bru ved Kongshellerhytta Sak 13/18. Prisar på fellingsløyve for rein Sak 14/18. Prisar på jaktkort på småvilt Sak 15/18. Samjaktavtale for reinsjakta 2018 Fjellstyremøte den 12. juni: Sak 16/18. Referat og meldingar Sak 17/18. Trekking av fellingsløyva for rein Sak 18/18. Fornying av partnarskapsavtale mellom fjellstyret og Aurland barne- og ungdoms- skule Sak 19/18. Prisar på garnfiskekort for utanbygdsbuande, opplegg for utlån av garn og båt Sak 20/18. Plan for fiskeutsetjinga i statsallmenningen 2018 Sak 21/18. Disponering av fellingskvoten for hjort i Aurland nordre statsallmenning Sak 22/18. Trong for utvida kontorplass – avtale om leige av nabokontor Sak 23/18. Kjøp av batteridriven borhammar Sak 24/18. (Adm. handsama 6/9): Opning for å fella villrein med fellingsløyve frå Nordfjella i vald HA 28A Broksfjellet Fjellstyremøte den 12. november: Sak 25/18. Referat og meldingar Sak 26/18. Oppsynsbudsjett for 2019 Sak 27/18. Høyring NOU 2018:11 Ny fjellov Sak 28/18. Valdorganiseringa i Aurland sin del av Hardangervidda villreinområde 3 Fjellstyremøte den 14. desember: Sak 29/18. Referat og meldingar Sak 30/19. Fjellstyrebudsjettet for 2019 Sak 31/18. Fjellstyret si revisjonsordning, val av revisor Andre møte I august, rett før reinsjakta, vart det halde jegermøte i Aurland. Fjellstyret samarbeidde med grunneigarlaget for villreinvald og villreinutvalet for Nordfjella om dette. Elles vart det også dette året halde fleire infomøte innan Nordfjella-området i regi av mattilsynet og Miljødirektoratet i samband med skrantesjuka på rein og handteringa av denne. Fjellstyret har dette året elles vore representert i, eller medlem av, følgjande organ: Norges fjellstyresamband Villreinutvalet for Nordfjella, styret (Erling Nesbø) Aurland Setjefisk SA, styret (John Håland, leiar) Aurland Fiskeadministrasjon, styret (Håkon Øydvin) Fjellstyra på Hardangervidda – FH (observatørstatus, Erling Nesbø) Rådgjevande utval for verdsarvområdet Nærøyfjorden (Harald Skjerdal) Hjorteutvalet for Aurland (Håkon Øydvin, sekretær) 2. OPPSYNS- OG SEKRETÆRORDNING Desse tre har i 2018 vore fast tilsette i fjellstyret: Håkon Øydvin 100 % stilling (fjelloppsyn, driftsleiar setjefiskanlegg) Knut Fredrik Øi 100 % stilling (fjelloppsyn, kommunal viltforvaltar) Harald Skjerdal 50 % stilling (fjelloppsyn, dagleg leiar) I tillegg har Aron Freyr Gudmundsson vore tilsett i engasjement, m.a. med prosjekt for NINA og som sauegjetar i Stemmerdalen. Stor oppdragsmengd frå NINA og andre, kombinert med sjukefråver og permisjon for andre tilsette, gjorde at han arbeidde på fulltid gjennom heile året. Arbeidstida til fjelloppsynet i 2018 fordelte seg slik: 1961 timar refusjonsgjevande arbeid for fjellstyret utgjer 35,5 % av arbeidstida. I tillegg kjem 27 timar ikkje-tilskotsgjevande arbeid (kortsal o.a.) for fjellstyret. 3533 timar arbeid for andre oppdragsgjevarar utgjer 64,5 % av arbeidstida. 5521 timar totalt (5022 i 2017). 4 Timeverka som vart utførde for andre oppdragsgjevarar enn fjellstyret fordelte seg slik (2017- tala i parentes): Oppdragsgjevar Arbeidsoppgåver Timar Aurland Setjefisk SA Driftsansvar setjefiskanlegg, 566 (555) stamfiske, fiskeutsetjing Villreinutvalet for Nordfjella Sekretærarbeid, teljingar, 320 (971) Jaktoppsyn/oppsynsleiar Statens Naturoppsyn Rovviltkontakt, oppsyn, 647 (347) skjøtselsoppdrag Aurland/Lærdal Kommune Viltforvalting 860 (983) NINA CWD/Merkeprosjektet villrein 906 (343) Grunneig.lag Aurland/Lærdal Fiskeoppsyn o.a. 77 (6) Andre (Mattilsynet m.fl) 158 (170) Totalt: 3533(3375) Fordeling arbeidstid 2018 Andre 4 % NINA 16 % Fjellstyret 36 % Kommunal viltforvalting 16 % SNO 12 % Villreinutvalet Aurland Nordfjella Setjefisk SA 6 % 10 % 5 Sjukefråver Ei langtidssjukemelding, saman med nokre kortare eigenmeldingar, gjorde at sjukefråveret enda på 9,4 % av total arbeidstid i 2018. Oppsynskontrollar og reaksjonar Tal kontrollerte: Småviltjakt 6,0 Storviltjakt 12,0 Fiske 35,0 Motorferdsel 2,0 Vernereglar Anna (bandtvang) 7,0 62,0 Informerte 47,0 OPS (oppgjort på staden): Småviltjakt Storviltjakt Fiske 3,0 Motorferdsel Vernereglar Anna (bandtvang) 2,0 5,0 Melde saker: Småviltjakt Storviltjakt Fiske 1,0 Motorferdsel Vernereglar Anna 1,0 3. FRILUFTSTILTAK FOR BORN OG UNGE I samsvar med partnarskapsavtalen som er inngått mellom fjellstyret og Aurland barne- og ungdomsskule – denne vart nya opp att i 2018 for 6 år - vart det gjennomført fiskedagar for fleire skuleklassar sist haust. Fjellstyret dekte busstransporten for klassane som var med, og fekk noko tilskot frå Grunneigarfondet, etter søknad til Norges fjellstyresamband. På desse turane vert det trekt garn, fisken vert teken ut av garna og sløgd av elevane, og steikt på steinhelle over bål. Flåm skule får tilbod om det same. 6 Desse klassane var med: 28. august: 3.-4- klasse ABU. 27 elevar og 4 vaksne fiska i Stemmerdalen. 29. august: 1.-2. klasse ABU. 15 elevar og 4 vaksne fiska i Stemmerdalen. 30. august: Flåm skule. 15 elevar og 4 vaksne fiska i Stemmerdalen. 31. august: 7. klasse ABU. 15 elevar og 3 vaksne prøvefiska i Vestredalsvatnet. Til saman 72 elevar og 15 vaksne var med på desse turane. 4. FJELLSTYREHYTTER, NAUST OG BÅTAR Fjellstyret disponerer 5 opne hytter som turgåarar, jegerar og fiskarar kan nytta mot å betala ein overnattingspris på kr. 100. Det er gratis bruk av hyttene for born og ungdom under 20 år. Opne hytter: Storebotnhytta (bygd av fjellstyret i 1982, 7 sengeplassar) Melahytta (bygd av fjellstyret i 1983, 14 sengeplassar) Hellenuthytta (bygd av Oslo Lysverker i 1965, 6 sengeplassar) Mellomvasshytta (bygd av fjellstyret i 1985, 6 sengeplassar) Berdalsbu (bygd av Oslo Lysverker på 1960-talet, overteken av fjellstyret i 2008, 4 sengeplassar. Andre hytter: Gjetarhytta i Brubotn: Bygd av Oslo Lysverker i 1966, overteken av fjellstyret i 1992. Vert brukt som base av sesongoppsyn/gjetar. Fjellstyret har bestemt at denne hytta skal rustast opp litt i 2019, med sikte på utleige gjennom iNatur deler av året, t.d. om våren, før beitesesongen for sau. Utleigehytte i Håbergsholene: Opphaveleg bygd av Oslo Lysverker, overteken av fjellstyret frå Statnett i 2006. Hytta, som har 10 sengeplassar, innlagt vatn og straum, vert utleigd gjennom iNatur. To hytter i Nordheimsdalen, Aurland nordre statsallmenning, står opne og kan nyttast av alle som vil, på same vilkår som fjellstyrehyttene elles . Allmenningsstyret er eigar av desse hyttene, men det er inngått ein avtale mellom fjellstyret og allmenningsstyret, som m.a. omfattar bruken av hyttene i dalen. Bruken av dei opne fjellstyrehyttene og utleigehytta i Holene var omlag den same som i 2017, ut frå summen av innbetalingar for overnattingar. 7 Arbeid på fjellstyrehytter og -naust i 2018 I tillegg til vanlege driftsoppgåver som transport av ved og gass, henting av bos, reinhald, vask av sengeklede o.a. vart følgjande arbeid utført dette året: - Hytta i Håbergsholene: grov ny vassleidning og drenerte på oppsida av hytta. Måla sprosser på 4 vindauge. Beisa treverket på sokkelen. - Gjetarhytta i Brubotn: måla vindaugesprosser. - Storebotnhytta: reiv og sette opp ny uteplatting på nordvestenden. - Brendelihytta: bar opp ein liten vedovn (har ikkje montert den), hogg ved. Naust og båtar Fjellstyret hadde dette året 12 båtar liggjande ved vatn i allmenningen, til fri bruk i samband med fiske. Alle båtane er utstyrde med årar og redningsvestar. Nedste Storebotnvatnet (naust og båt) Fremste Melavatnet Hellenutvatnet (naust og båt) Holmavatnet (naust og båt, båten tilhøyrer Aurland jakt- og fiskelag) Langavatnet ved Kongshelleren Svartavatnet Nedste Mellomvatnet Alvsvatnet Katlamagasinet (båt i fiskesesongen) Nedre Berdalsvatnet Nosavatnet